2 minute read

Balder døyr (moderne norsk Dorothe Engelbretsdatter

skýtr þú ekki at Baldri?» Hann svarar: «Því at ek sé eigi hvar Baldr er, og þat annat, at ek em vápnlauss.» Þá mælti Loki: «Gerðu þó í líking annarra manna, ok veit Baldri sœmð sem aðrir menn; ek mun vísa þér til hvar hann stendr; skjót at honum vendi þessum.» Hǫðr tók mistiltein og skaut at Baldri at tilvísun Loka; flaug skotit í gegnum hann, ok fell hann dauðr til jarðar, ok hefir þat mest óhapp verit unnit með goðum ok mǫnnum.

Balder døyr (moderne norsk)

æsene: gudane

eiteret: her: lufta

gaman: moro

saka: skadde

harma det han: ergra det han

Frigg: kona til Odin og mor til Balder

renning: spire Denne soga byrjar med det, at Balder den gode drøymde store draumar som spådde om fare for livet hans.

Då han hadde fortalt æsene draumane sine, la dei opp råd; og dei vart samde om å be om vern for Balder mot alle farar.

Frigg kravde eid av eld og vatn, jarn og alle slag malm, steinane, jorda, trea, sjukdommane, dyra, fuglane, eiteret og ormane, at dei ikkje skulle skada Balder.

Då dette var fullført og kunngjort, hadde Balder og æsene det til gaman at han skulle stelle seg opp på tingmøta deira; og somme skulle skyte på han, andre hogge til han, andre kaste stein. Og kva som så vart gjort, så saka det ikkje. Og dette tykte æsene særs gildt i.

Men då Loke Lauvøysson såg dette, harma det han at ingen ting skadde Balder. Han tok på seg kvinneskapnad og gjekk til Frigg i Fensal.

Frigg spurde kona om ho visste kva æsene tok seg til på tinget.

Kona svara at alle skaut på Balder, og at det ikkje gjorde han noko.

Då sa Frigg: «Korkje våpen eller tre vil skada Balder; eg har fått alle ting til å sverja på det.»

«Har verkeleg alle ting svori på at dei ikkje skal skada Balder?» spør kona.

Frigg svarar: «Det veks ein renning vestafor Valhall; han er kalla misteltein. Den tykte eg var for ung til å krevja eid av.»

Då gjekk kona bort.

Loke tok mistelteinen og sleit han opp og gjekk til tings.

Hod stod i utkanten av mannringen, av di han var blind.

Loke spurde han: «Kvifor skyt ikkje du på Balder?»

«Av di eg er blind,» svara han. «Dessutan er eg våpenlaus.»

Då sa Loke: «Du får då gjera som dei andre, og syne Balder ære som dei gjer. Eg skal rettleie deg om kvar han står. Skyt på han med denne kvisten!»

This article is from: