1 minute read

Nordmannen

Ivar Aasen

Ivar Aasen (1813–1896) var språkforskar og diktar. Han samla inn og systematiserte dialektar og skapte det han kalla landsmålet, som blei grunnlaget for det moderne nynorske skriftspråket. Av dikta hans er fleire gått inn i den nasjonale songskatten vår, blant anna «Nordmannen» og «Gamle Norig».

Nordmannen

tuft: tomt, byggegrunn Mellom bakkar og berg ut med havet heve nordmannen fenge sin heim, der han sjølv heve tuftene grave og sett sjølv sine hus oppå deim.

Han såg ut på dei steinute strender; det var ingen, som der hadde bygt. «Lat oss rydja og byggja oss grender, og så eiga me rudningen trygt.»

Han såg ut på det bårute havet; der var ruskut å leggja utpå; men der leikade fisk nedi kavet, og den leiken, den ville han sjå.

Fram på vinteren stundom han tenkte: Gjev eg var i eit varmare land! Men når vårsol i bakkane blenkte, fekk han hug til si heimlege strand.

Og når liene grønkar som hagar, når det laver av blomar på strå, og når netter er ljose som dagar, kan han ingen stad venare sjå.

Sud um havet han stundom laut skrida. Der var rikdom på benkjer og bord; men kring um såg han trelldomen kvida, og so vende han atter mot nord.

grender: her: gjerde rudning: rydning, gard

bårute: med store bølgjer

kavet: bølgjene

hug: lyst

grønkar: blir grøne, spirer

laut skrida: ville dra trelldom: slaveri, ufrie forhold kvida: plage, tynge

This article is from: