5 minute read

Aasmund Olavsson Vinje Frå Folldalen

bragla: glitre

jamningar: likeverdige Lat no andre om storleiken kivast, lat deim bragla med rikdom og høgd! Mellom kaksar eg lite kan trivast, mellom jamningar helst er eg nøgd.

Frå Symra, 1875

Spørsmål til teksten 1 Kva inntrykk får du av nordmannen når du les dette diktet? 2 Finn motivet ved å teikne kvar strofe. Skriv eitt stikkord for kvar strofe. 3 Kva samanheng er det i diktet mellom naturen og karaktertrekka til ein typisk nordmann? 4 Finn kontrastar i diktet som får fram at nordmannen er annleis enn andre lands folk. Kva trur du Aasen ville seie med dette? 5 La deg inspirere av dette diktet og skriv eit dikt med tittelen

«Nye Noreg». I diktet skildrar du Noreg slik det er i dag og den moderne nordmannen, slik du tenker han er.

Aasmund Olavsson Vinje

Aasmund Olavsson Vinje (1818–1870) var journalist og forfattar og ein av dei første som skreiv på landsmål. I 1861 utgav han Ferdaminne frå sumaren 1860, som fortel om ei reise han gjorde frå Kristiania til Trondheim for å sjå på kongekroninga der. I boka skildrar Vinje folk han møter, den nye jernbanen og landskapet han vandrar igjennom.

Frå Folldalen

I dette utdraget er Vinje på veg over Dovre, der han slår følgje med den gamle bondekona Malene.

Då eg kom opp i den bratte bakken, så nådde eg Malene att. Mine ord om at det var best å fara endå ei god mil til Kongsvoll for å vera sikker på å sjå kongen, hadde dratt etter, så Malene sa: «Eg har labba så mang ei mil i mine dagar at eg gjerne kan taka denne med.»

Fühlst du was: Føler du noko? Du sollst aber fühlen: Men du må føle. hugen: sinnet, tankane audt: øde

mål: språk

vent: vakkert

amtet: fylket

ilt: ille, stygt

var det likt seg: det skulle tatt seg ut! Her gjekk altså vi to ugifte folk, ein herre og ei «dame», opp igjennom Hjerkinnshøen, og sette oss imellom til å kvila på ein mosete stein og såg ryper og telegrafstolpar og Rondane og Snøhetta eit par mil i vest. Eg tenkte på dei to tyske, ein herre og ei dame, som gjekk saman, venteleg under slike tankevekkjande utsyn, og dama var varm om hjarta og spør med blid og syngjande røyst:

«Fühlst du was, Heinrich?»

«Nein,» svara han.

«Du sollst aber fühlen,» sa ho.

Ja, vi mannfolk er hardare i hugen, vi, enn den mjuke kvinna, endå eg trur at Malene var likså hard for alle desse fagre syn som Heinrich, for ho sa då vi såg utover: «Hu, her er fælt stygt og audt.»

Det kom jagande og køyrande etter oss engelskmenn, franske, tyske, danske og Christiania-folk, som alle utropa kvar i sitt mål at her var stort og fagert.

Då eg hadde tyda for Malene kva desse framande hadde sagt, at her var så makelaust vent, så såg ho stivt på meg, og spurde om alle desse folka var galne, som kunne lika godt slik styggedom.

«Nei,» sa eg, «det er no elles som ein tek det til; der kan vel vera slike menn som ikkje har det rett i hovudet.» […]

Det tok så å lida mot kvelden at dei høge embetsmenn i amtet måtte laga seg til å møta kongen på Hjerkinn. Då må du tru at Malene glodde, når ho fekk sjå desse trekanta hattane tekne ut av sine esker og sette på hovudet, og då ho såg desse høge halsane stikka opp av dei stive kragane med gullborder ikring.

«Du angrar vel ikkje no, Malene, for at du gjorde denne lange vegen, og det beste er enno att,» sa eg.

«Nei, å nei,» svara ho, «eg skulle ha reist hundre mil for å sjå all denne stormannskapen. Det er utruleg alt det vene som finst i denne verda.»

«Ja, likar du ikkje betre desse hattane enn Rondane og Snøhetta,» la eg til.

«Kan du som ein vitug mann samanlikna desse hattane med slik styggedom?»

«Å nei, eg vil berre prøva deg, så du må ikkje tenkja ilt om meg for dette.»

«Var det likt seg det!»

«Ja, men det er då noko likt i det, for dei ser mest like eins ut, berre Rondane er noko større, og til snøstripene og kveldsola på Ronden svarar sylvtråd og gull på hatten,» meinte eg.

«Vi har altfor mykje av snø og kveldsol, men gull og sylv er meir sjeldan,» sa Malene, «og den som har sett Ronden og snø og kveldsol så lenge som eg, kan vel vera lei alt slikt.»

«Du har rett, Malene,» sa eg, «for det var likeins med meg så lenge eg levde på min fødestad, som var slik ei fjellbygd som di; men det er så rart med det: når ein les og tenkjer og ikkje slit i slike fjell, men lever på låglendte, tettbygde og ufriske stader nedmed sjøen som i byane, då er det liksom Ronden vekkjer større tankar enn denne hatten.

Og med desse engelskmenn som du tykte var så galne med all sin kjærleik til ville fjellet, så må du vita det, at dei lever så godt at dei er liksom kua om hausten når ho kjem heim atter frå dei feite beita: ho er matlei og spring etter sopp og tygg småstein og gamle skor. For på slike folk frå slettelandet riv store fjell liksom snus, og fordi mange av desse rikaste ikkje veit kva livet kostar og kva det er til, så vågar dei det til unyttes med å kliva opp igjennom slike svaberg som der borte.»

«Hu!» sa Malene, «men eg høyrer det på deg, at du må ha rett. Det er underleg med den som har lesi og vori ute blant folk: han kan seia det som vi andre har liksom drøymt om. Det var synd at ikkje eg skulle læra noko då eg var ung. Men eg er no eit kvinnfolk eg, så det kunne aldri vorti noko av.»

Frå Ferdaminne frå 1860, 1861

Spørsmål til teksten 1 Kva kan forklaringa vere på at Malene og turistane opplever den same naturen så ulikt? 2 Kva set Malene høgast, embetsmennene med fine hattar eller fjelltoppane? Kva seier det om verdiane hennar? 3 Finn du eksempel på humor i teksten? Forklar kva den gjer med korleis du forstår teksten. 4 «Vi har alt for mykje av snø og kveldsol, men gull og sylv er meir sjeldan», seier Malene. Bruk denne setninga som utgangspunkt for ei utforskande samtale om natur og samfunn. Kva for forhold har vi til naturen i våre dagar? På kva måtar kan det vere konflikt mellom natur og rikdom? 5 Samanlikn denne teksten med dikt av Aasen og Welhaven (sjå side 385 og 377). Kva for syn på naturen blir formidla i desse tekstane?

This article is from: