6 minute read

I stormen (roman, utdrag

Spørsmål til teksten 1 Hvilket inntrykk får du av miljøet handlingen utspiller seg i? 2 Hvordan tolker du disse setningene fra utdraget: «De trykket den [kronen] ned om brudens hode. Ragnfrid var blek, og hendene hennes skalv da hun gjorde det. Kristin reiste seg langsomt.

Jesus, så tungt det var å bære alt dette gull og sølv –.» 3 Hva skjer når Kristin speiler seg? 5 «Kristin ble så rar og svimmel ved all denne prakt – faren så fremmed ut i den høytidelige fotside, grønne fløyelsdrakt.

Men moren var gråblek under linet med den røde silkekjolen sin.» Hvilket inntrykk får du av foreldrene til Kristin? Hvordan er forholdet mellom foreldrene og Kristin, og hva tenker de om dette bryllupet, tror du? 6 Hvordan kommer det fram at Kristin sliter med samvittigheten sin? 7 Hvilke råd gir fru Åshild Kristin? 8 Fru Åshild sier til Kristin: «har du da rent mistet motet nu. Tidsnok blir det krevd av dere at dere skal betale for alt dere har tatt – vær ikke redd for annet.» Hvordan tolker du dette utsagnet? 9 Hvilke trekk fra den etiske realismen finner du i dette romanutdraget?

Olav Duun

Olav Duun (1876–1939) er kjend for to store romanverk: Juvikfolket i seks band og Medmenneske-trilogien. Begge har handling og språk knytt til heimstaden Namdal i Trøndelag. Bøkene tar opp sterkt allmenngyldige tema: etiske val, brot mellom gammalt og nytt og forhold mellom menneske.

I stormen (roman, utdrag)

I stormen er den siste boka i seksbindsverket Juvikfolket. Odin har blitt ein leiar i bygda og har fått i stand gamleheim, bank, ny veg og sildeoljefabrikk. Men han blir motarbeidd av den sleipe Lauris, som òg spreier stygge rykte om han. Odin ønsker etter kvart livet av Lauris. Da kona til Lauris blir alvorleg sjuk, drar dei over fjorden etter dokteren. På vegen hamnar dei i ein forrykande storm. Ei båre veltar båten, og dei fell i vatnet:

barlasten: lause ting i båten kolvet: den velta båten

storskjøtet: tauet til storseglet

vantet: tau som held masta oppe vaka: vere over vatn

bårefrøsen: bølgjespruten

med seg: medviten, bevisst

løye: svakare vind

sli’: slått Da dei kom opp att og fekk pust for seg, hadde båten rengt seg og gjort seg rein for barlasten, og båe karane hang fast i kolvet, Lauris i storskjøtet og Odin i vantet på andre sida. Båra gjekk lystig over dem, i eitt vekk. Odin samla med seg ei år som kom under båten, og heldt henne millom knea; han gjorde eit hogg med venstrehanda og fekk kara åt seg den andre med. Så bonna han og plagdes til han fekk dei båe to under kolvet att. Med’ han heldt på med det, hadde Lauris komme seg opp på kjølen. Odin tek seg på tak og kjem opp frå sin kant. Men kolvet låg tungt nok i sjøen før, ville snaut vaka med ein mann, og no sette sjøen inn over dem på ny frisk.

Det var ikkje berging for to mann, fanns ikkje von eingong. Dei såg det i same stunda båe to, og stirde einannen i auga. – Dreggen, sa Odin, – han er fast under båten – nyttar ikkje! – Vi får rope, sa han, da han fekk andletet ovan vatnet ei blink att. Han sette i med alt sitt mål. Vinden tok ropet og hivde det bort i bårefrøsen, og ein brottsjø gjekk over han og tok pusten ifrå han.

«Æ trur æ sleppi mæ,» spytta han. Det fall så rart over han, at det var det einaste der var meining i, heile livet var ikkje verdt eit tak til. Småfolk og misnøye og kjekl alt i hop, vart aldri ansles heller, han sa tvi! ein gong til, og det var ikkje sjøen han meinte på. Det fór og fór framom han: Livet. Eit renn etter ingen ting! Enda var han så vidt med seg at han undrast over at det skulle syne seg slik no.

Da kjente han eit tak i nevane sine. Det var Lauris. Der var han, ja; han ville ha laus nevane hans frå kjølen og ha han vekk frå kolvet. Odin fekk opp auga att og såg på han. Lauris var grå i andletet, og munnen flekte av tennene på eine sida. – Slik er det ja, tann imot tann all vegen, rann det gjennom Odin, det var sviande vondt så han gav eit stønn ifrå seg.

«Men nei!» murra han. «Nei, Lauris!» ropa han og sputta ifrå seg saltvatnet for ålvor. Han kjente sjøl at han òg synte tennene. «Det blir du som må slepp!»

Lauris prøvde å slå han over nevane, og det tykte Odin var velkomme: no var det inga sak å sende han i veg dit han skulde. Da prøvde Lauris å bite. Odin losna taket hans med ein rasande rykk og gav han ein støyt for bringa:

«Veit du ikkj – – at æ e den sterkast, da?»

Lauris hang og klønte seg fast i ripa, famla seg tak med høgrehanda oppå kjølen att. Det var ei løye med sjøen no, vinden måtte ha spakna lite grand. Lauris ser opp i auga på Odin. Han hadde ikkje set hund be tynnare for seg når dei skulde skyte han.

«Ja ha, du må døy no. Æ ha dømt dæ før. Men æ skull ha sli’ ihjel dæ, meint æ, midt framfor all bygda – – du veit sjøl ka du ha gjort.» Han må

han spaktes: vinden blei svakare

rokk-garen: sjøfokket, sjøsprøyten

aktar: passar

lauga: vaska, skylde bruke mest all si makt for å halde han ned. «Midt framfor heile landet ja! Din hund!»

Dei ligg slik ei stund. Odin ropar på hjelp ein tre–fire gonger; han tek alt til å dra von: det var da visst så at han spaktes? Han ser austover. – Å nei san, det var ikkje slik meint, mumla han, for no kjem rokk-garen jagande så kvit som snøkaven, og på Ommundstrand-sida er det knapt ein vaksen mann på føtene, sjuke alle saman, og frå andre sida kan ingen sjå hit. Nei vel, det som skal skje det kjem til å skje no.

Han vart liggande og sjå på Lauris, med’ han heldt han i sjøen. Kolvet flaut tålig bra på den måten. Det var visst lenge han hadde sett på han. Eit menneske! kjem det for han. Eit menneske han òg.

«Drepa dæ kunn æ gjera,» ropar han håst. «Den børa kunn æ bera all min dag.»

Så er det eit tak han lite sansar seg, for sjøen og rokket er over dem verre enn før. Han har vorte åleine på kolvet, synes han, han går opp frå sjøen, han kjem heim og tek til med livet att – – det er ein forunderlig ting, langt borti ei anna verd. Og i øyra på han syng eit stort og grovt og gammalt mål, det kjem utant øde marka:

«Menneskets hjerte, Odin!»

«Ja,» ropar han. «Det er ondt fra hans ungdom av!»

Det svimra for han, no da han såg det.

«Men det e ikkj alt!» ropa han. «Det e ikkj alt, høyri du!»

Verda hadde gått rundt ein sving, ein sving på hundre år eller meir, han vart langt langt atti tida. Mørkret og villmannskapen. Godt å vera til. Herre og hund.

«Men nei, sei æ, æ e ikkj den at æ kjøpi mæ livet. Han e som eit menniskj, han ò. – – Lauris!» skreik han.

«Ja, Odin!» kom det utor djupaste nøda.

«Enn om du får livet da?»

«Ja! Ja!»

Odin famla under båten og fann fram ei år, famla og fekk fram ei til. – Årane! ropa han, og Lauris var innunder på si side og fekk dei fram, dei var der båe to. – Eg vil ikkje kaste meg beint i sjøen, eg vil ha ein chance, som dei seier. Han aktar på løya, samlar til seg alle fire årane, to under kvar arm.

«Hels heim da! Du forstår mæ?»

«Ja.» Men Lauris såg redd på han, kravla seg på kjølen, men vart reddare etter kvart, han vart småguten og fekk tunga ut i munnvika.

«Bit dæ fast, kar! Og ver folk!»

«Vi kjem ikkje heim nokon tå oss,» murra Lauris, det lauga ein sjø over han.

«Be te Vårherre, du – – e ikkj anna rå’ for dæ! Og rop på hjelp!»

This article is from: