1 minute read

Under bergfallet

Olav H. Hauge

Olav H. Hauge (1908–1994) var lyrikar og omsetjar frå Ulvik i Hardanger. Han debuterte i 1946 og gav ut si siste diktsamling i 1980. Han skreiv både tradisjonelle og moderne dikt, men er mest kjend som modernist.

Under bergfallet

Du bur under bergefall. Og du veit det. Men du sår din åker og trør trygt ditt tun og lèt dine born leika og legg deg som inkje var.

Det hender, når du stør deg til ljåen ein sumarkveld, at augo sviv som snarast yver bergsida der dei segjer sprekken skal vera, og det hender du vert liggjande vaken og lyda etter steinsprang ei natt. Og kjem raset, kjem det ikkje uventa. Men du tek til å rydja den grøne boti under berget – um du då har livet.

Frå Under bergfallet, 1951

Spørsmål til teksten 1 Kva er eit bergfall? Sjå på konteksten og prøv å beskrive med dine eigne ord kva det vil seie å bu under eit bergfall. 2 Korleis forheld «du» i diktet seg til det å bu under bergfallet? 3 Dersom vi ser på bergfallet som ein metafor, kva kan det i så fall vere? 4 Kva vil du-personen gjere dersom raset kjem? Korleis tolkar du denne slutten? 5 Finn ut meir om Olav H. Hauge sitt eige liv. Finn du noko her som kan kaste lys over diktet?

This article is from: