7 minute read

Fall

Tarjei Vesaas

Tarjei Vesaas (1897–1970) tar for seg dei store eksistensielle spørsmåla, som angst, einsemd og vanskane med å kommunisere. Viktige romanar er Huset i mørkret (1945), Fuglane (1957) og Is-slottet (1963).

Fall

Nattoget stilnar etter kvart. Ikkje farten, den er like hissig heile tida – små blå lyn sprett frå luftledningen i den våte, svarte seinkvelden, og det syng i hjula og dirrar i heile toget – nattoget går som ein veldig foss.

Men inne i dei lange vognene stilnar det. Nattkonduktøren har dregi ned gardinene i gangen, til teikn på at det er sovetid. Gangen var nyleg full av folk. Tollarar og passembetsmenn hadde silt dei reisande og funni alt i orden, men sidan stod dei reisande i gangen endå eit tak, kvar utfor sin kupé. Las aviser, stirte. Røykte, stirte. Tala med villframande kupékameratar, eller tagde og granska dei. Så vart den eine etter den andre borte bak klikkande glidedører – og no er der tomt i gangen, den siste reisande har gått inn.

Han går inn og er sist, men endå ein gong må han sjå mot døra for enden av gangen. Døra ut. Der er ingenting særs å sjå. Dei svære messinghaspene og handtaka står i dei vinklane dei skal. Utanfor er natta. Døra slår ut når ho blir opna, han får ikkje auga frå henne. Denne døra som stuper rett ut i døden.

Det er det nervøse hjartet mitt, tenker han. Hald no fred.

Han høyrer korleis det dunkar. Det held ikkje fred. Kva i verda skulle eg inn på dette nattoget etter! Korleis var det eg kom her?

Han tenker etter. Eg hadde slett ikkje vilja reist. Men i siste liten kjøpte eg billett og sprang innpå. Og billett fekk eg med ein gong, endå det er stortrafikk. Det var ikkje rett.

Så så, det er nervene, detta.

Du tenkte på å reise, det er ingen ting å ta i veg for. Skal du ikkje inn til køya di? Dei andre der ventar sikkert på deg, for å få ro og fred til å sova.

Han tvikar. Står med handa på dørgrepet. Den øyde vogngangen slingrar. Lampene lyser forlatne. Det skvalpar i ein vasskaraffel. Under ein slamrar og høgg det mot skjenene. Toget går med høgste fart. No er det den visse død å falle av.

Still no –

Det må falle ein av toget i natt.

tvikar: nøler

– – – – kom i hug at det er nervene.

Men det kan ikkje forklarast. Du kjenner at ein må falle av.

Du kan då vel rope opp, om nokon vil ta deg!

Det er ikkje visst.

Kva har dei gjort dei andre? Ingen har høyrt eit rop.

Det har vorti reint for stridt i det siste, tenker han. Det har teki meg inn til beinet. Du får bremse. Gå inn og legg deg som eit anna menneske.

Men det kan ikkje forklarast. Trur du ikkje dei tenkte på det dei andre her òg i kveld? Høyrde du ikkje kor dei haspa og stengde seg inn. Og høyr toget. Det er underleg med toget og med natta. Ja, gå inn og legg deg.

Sjå det!

Valnande ser han at der er ingen der inne. Han blir åleine i kupéen. Han har ein tredjeklasses kupé med tre køyer. Dei er tomme alle saman.

Vilt slår han haspa over.

Så, roleg, ikkje ta på veg. – Du har alltid vori slik. Trudd det verste, og alltid blitt narra på det og komi helskinna frå det.

Ja, men eg er mo åleine i ein sovekupé når toget elles er stappfullt.

Eg er i dødskupéen.

Så så så –

La meg pusse tennene!

I denne tilstand gjer han noko: han henger ut den ferdige plakaten med ønske om å treffe nattkonduktøren. Og det hjelper. Så vil om ei stund det velsigna tenestemannsfjeset stå i dørglytten som ein utsending frå Staten sjølv. Han opnar haspa, så han kan få ligge i ro når mannen kjem. Slår på alle lys her inne. Ordnar kleda sine på hengaren og går tilkøys. Dei to tomme køyene ligg med fine brettar i lakenet. Toget fossar og dundrar ute i mørkret.

Kva var det? Det fór ein skygge over spegelen. Så så, måte på – Men han fer opp og låser døra. Dette skal du tenke som ein lyd, seier det til han. Inntil vidare, seier det.

Måte på –

Slik har det aldri vori før, om det har vori ille.

Han held pusten og lyder etter steg i korridoren. Om ikkje den nattkonduktøren eingong kjem på runden sin. Han må koma. Må slå mot døra med klippetanga og seia: ja, versågod? Kva kan eg hjelpe med?

Ver her hos meg, for eg er så redd. Det er noko ved toget.

Men slik kan ein vel ikkje seia til ein nattkonduktør. Han har hundrevis av menneske å passe på. Eg kan seia:

Kvifor er eg åleine om ein heil kupé på eit stappfullt tog?

Eit tilfelle, vil han svara.

eit tilfelle: tilfeldig

Men eg kjenner det ikkje slik. Ja, De kan sova trygt. Men dei andre? Kven andre? – som har komi bort om nettene! Reine tilfelle. Ulykker. Godnatt. Gjev han vil seia det utan å flakke i synet. Seia tilfelle, tilfelle.

Toget dundrar og går. Sat ein oppe i ein ås, ville toget likne ein orm som vrid seg fram og har ei glo å sjå eit fattig stykke framfor seg med. Og med nokre fattige lys bakover langs kroppen. I ei veldig natt. Ein elendig liten orm.

Det fer nokon forbi spegelen.

Nei! Eg skal sløkke alle lys, for den skuld. For eg er ikkje utpeikt. Det er berre nervene. At eg ikkje kunne ta med litt brom.

Det dundrar og går. Det brølar ute. Dei mange lampene gjer det skjerande lyst. Han passar seg vel for å sløkke ei einaste. Kvar er vi no? Vi fossar av stad, med 90 kilometer. Natta er stor. Og min angest no.

No skjønar eg at han aldri kjem. –

Kven er i kupéen?

Det var noko i den gneistrande spegelen. Spegelen og alle blanke nikkelgreier kastar med lys i skinet frå dei mange lampene. Lyner og blinkar for å skape hugnad og trivsel til barn av tjuande hundreåret.

Kven er i kupéen?

Har han dorma eller har han ikkje dorma? Det er det same kva han har gjort, her er nokon i kupéen. Han sit på ende. Den opplyste kupéen er som blåsen for noko levande. Over hengaren heng jakka. På spegelhylla står tannglaset. Toget dundrar og går.

Her seier til han: – Like etter neste gong vil du høre stega. –

Han er verre faren no, han må til å spørje: – Er du her? spør han, som ein pust.

Han prøver stenge munnen sin, men står ikkje imot det som vil kalle og tala, han kallar ut i rommet som ein dåre: – Er du her?

Det er inga vanleg kalling, det er tilståing at han er utlevert. Slik det måtte gå. Då må leppene kalle: er du her?

Det svarar ikkje.

Han bed seg sjølv: tei deg! Men står ikkje imot anna må kalle på ny. Må gå i møte med detta. Han spør: er du her? Og så lyder han, som om det kunne svara.

Han kjenner korleis han no snart må lystre kvart minste vink som vil koma. Han ønsker vilt at det kunne koma eit klart svar, eit ja! – eg er her – og ikkje berre detta som fór som noko unemneleg forbi spegelen.

Toget fossar i natta. Stasjonar finst ikkje. La meg tenke, la meg tenke – men det får han ikkje, han som har hengt ut ein plakat med kom kom! til det som vil gløype han.

Der –

Det er stega ute i gangen!

Det støyter gjennom han. Endeleg eit menneske. Med snorer og knappar. Stega kjem fort nærare. Han fer or køya og slår haspa over på fri. Legg seg nedpå att. Lyder andelaust. Det er då vel han –

Der stansa stega.

Ja, ja, tenker han imot det. Så smell to stutte slag mot messingplata utanfor. Det er som ei siste lita utsetting om han vil. Men det vil han ikkje. – Kom!

Døra glid opp. Ingen tek i henne. Der er tomt derute.

Han får ei risling gjennom seg som han ikkje har namn på. Fingrar, armar og føter kjennest framande. Men han lystrar, stig stivt opp av køya, det syg han mot den opne glidedøra, over dørstokken, ut i gangen. Der er heilt tomt. Han lystrar.

Tom, duvande, klirrande korridor. Messingnummer inn til kvar sjel. Han har inga utsetting no, han har kurs mot utdøra. I det han er på vegen, kjenner han at tunga losnar frå festet sitt og fell i golvet. Men han stansar ikkje for det, han blir sogen mot den døra som slår ut. Der opnar ho seg! Svart. Fylt av fart og brøl. Kva har han kalla på ved å henge ut den plakaten?

Han kan ikkje tenke ein tanke. Klikk, seier det. Klikk, klikk. Og det er ikkje å tenke.

Frå Vindane, 1952

Spørsmål til teksten 1 Korleis vil du karakterisere hovudpersonen? 2 Pronomena skiftar mellom «han», «eg» og «du». Kva for effekt har det? 3 Kvifor håper hovudpersonen at konduktøren skal dukke opp?

Korleis forsøker han å få kontakt med konduktøren? 4 Korleis forstår du slutten på novella? Hoppar han eller ikkje?

Grunngi svaret ditt.

This article is from: