1 minute read

Kjersti Wøien Håland no har eg spydd ned

Kjersti Wøien Håland

Kjersti Wøien Håland (1988–) debuterte med diktsamlinga Kjersti er ein fiktiv person, helsing Kjersti i 2013. Sidan har ho gitt ut tre diktsamlingar og romanen Dommedøgn (2014), som blei nominert til Ungdommens kritikarpris. Ho har også vore serieskapar på ungdomsserien Lovleg på NRK 3 2018–2019.

no har eg spydd ned

dassen vasken golvet ein vegg ein potensiell ny venn ein potensiell ny fiende og ein ubudd dachshund som plutseleg var der eg spydde ned statsbudsjettet og grunnloven eigentleg trur eg eg har spydd ned heile Eidsvoll spydde ned Stortinget også spydde i skoa til kronprinsen og om ikkje det var nok trur eg nokre dropar trefte ein statue av ein eller annan hugsar ikkje kven men ein viktig person eg trur kanskje eg har spydd ned heile EU og da kan ein jo anta at noko av det hamna på heilt uskyldige menneske som berre bur i Brussel noko av det kan ha hamna i Atlanteren

kanskje til og med erstatta Atlanteren spydde over alle økonomiske periodar og idear inkludert, men ikkje avgrensa til føydalismen kapitalismen kommunismen nyliberalismen (sjølv om sistnemnde klarte å dukke unna så alt hamna på arbeidarklassen, sorry) eg spydde på heile det vestlege tankegodset i alle tidsepokar og alle dei tilhøyrande figurane frå Sokrates tll Trump (make vomit great again) på alle kunstrørslene som har reagert på dei i namnet til alle liv som har gått tapt i alle namn frå Gud i alle hans former til dollaren i alle hans og nå på heile verda som forsvinn under føtene på oss medan vi kranglar om oppvasken til heile jordskorpa i alle tider luktar søtleg kvalmt med bitar frå ein burgar som flyt rundt som livvestar og vi fell sakte ned i ei myr av alt eg ikkje kan fordøye så du kan sikkert sjå for deg at eg er litt flau kan du ta med litt tørkerull?

Frå Kom og hent meg, 2017

This article is from: