3 minute read

The Voice of Jonathan

Vi ønskjer at alle elevane, uansett nivå, skal ta del i fellesopplevinga av ein lesetekst. Vi meiner at den beste måten å ta del i fellesopplevinga på er at alle elevane les den same teksten. Vi veit at dette kan vere ei utfordring for nokre. Vi har derfor skrive inn førlesingsoppgåver og drøftingsoppgåver til tekstane. Desse oppgåvene skal få alle elevane munnleg aktive, anten ved at dei fortel om kva dei kan om emnet frå før, noko som kan auke forståinga ved gjennomlesing, eller kva dei til dømes synest om handlingane til ein karakter i ein tekst. Vi har valt ut og skrive inn viktige hjelpefrasar til elevane, som er til hjelp for dei som treng det. Som lærar veit du kva du kan forvente av kvar enkelt elev. Ein elev kan til dømes seie «I think the boy said something hurtful and should have chosen to say something else», medan du må vere fornøgd dersom ein annan elev seier: «The boy was not nice.»

I link ønskjer vi at gjennomgangsfi gurane skal kome til live for elevane og gjere dei nysgjerrige. Eit av grepa for å oppnå dette er at Jonathan kommuniserer til klassen og ut til verda.

Voice of Jonathan-tekstane viser ulike former for kommunikasjon, både digital og skriftlig. Dette gjev ei brei tilnærming til korleis ein møter tekstar. Kvart manus og kvar video byggjer på innhaldet og læringsmåla i det aktuelle kapittelet og kan brukast som modelltekst i klasserommet. Fleire av kompetansemåla etter 7. trinn og andre delar av læreplanen i engelsk er dekte. Til kvart kapittel er det utarbeidd forslag om korleis og når ein bør bruke materialet, og det er også teke med tilleggsressursar og ekstra aktivitetsidear.

A word about the formats: Tekstane som er tekne med under Voice of Jonathan, omfattar dialogar i form av informative videoar, det å spørje etter og forklare vegen og eit gameshow. Monologane inkluderer intervju og refl eksjonar om kapittelinnhald eller skuleåret. Éin av tekstane brukar bilete og korte svar, og to av dei leikar med lyrikk. Tanken bak desse tekstane er at du og elevane dine kan utforske språket og dei grunnleggjande ferdigheitene (ENG01-04) på mange ulike måtar.

A word about poetry: Lyrikk kan få enkelte til å ta litt avstand, og mange har inntrykk av at det er noko som må analyserast, og at det derfor er for vanskeleg å bruke det på barneskulen. Men lyrikk er skapt for og av folk fl est. Det er noko vi kan feire og nyte, og vi kan la orda rulle rundt på tunga som ein bit god sjokolade. I det grafi ske samfunnet vårt kan det å måle bilete med ord gje ein eigen tilgang til fantasien vår. To av tekstane leikar med lyrikk. Det eine (kapittel 3) legg vekt på orda ved å bruke lyrisk struktur, og det andre (kapittel 4) legg vekt på aktiv presentasjon av ein lyrisk tekst.

Working with the texts: Vi har teke med instruksjonar til kvar tekst om korleis de kan arbeide med teksten, men det er også nokre generelle detaljar du bør ha i mente. La teksten eller videoen gjere jobben for deg. Du treng ikkje stoppe og omsetje. Alle desse tekstane er samansette, og det vil seie at det er mange forskjellige element som bidreg til å formidle bodskapen. Elevane kan derfor tolke meininga basert på ei rekkje ulike hint og kjelder. Det kan vere lurt å spele av meir enn éin gong, og vi har teke med forslag til samtale før, undervegs og etterpå. Desse videoane/tekstane er laga for å hjelpe elevane til å få større sjølvtillit når dei snakkar engelsk, slik at dei kan «lære, kommunisere og knytte bånd til andre » (ENG0104, «Fagets relevans og sentrale verdier»). Dette støttar opp om dei tre kjerneelementa kommunikasjon, språklæring og møte med engelskspråklege tekstar (ENG01-04).

This article is from: