3 minute read

Lese

Next Article
LK20

LK20

Å lese er ei av dei fem grunnleggjande ferdigheitene i den norske læreplanen. Det er også ei av dei grunnleggjande språkferdigheitene i CEFR. I leseopplæringa legg vi vekt på forståing av forholdet mellom språklydar og bokstavar, bokstavgrupper, stavemønster, rim, og likskapar mellom engelsk og andre språk elevane kan. Gjennom leik og aktivitet skal elevane utvikle fonologisk medvit. Det vil seie at dei skal få medvit om at språket er bygd opp av lydar. Til dømes skal elevane kjenne att lydar, kople lyd og bokstav, ta vekk lydar og leggje til andre, og leike med rim. Dette er viktig både i første- og andrespråksleseopplæring. Det er viktig at leseopplæringa i førstespråk støttar leseopplæringa i andrespråk.

Det er ei rekkje faktorar som er viktige når ein les på eit andrespråk eller eit framandspråk. Vi har valt å leggje vekt på fem av dei (Grabe, 2009):

• kontekst (til dømes å kunne skilje mellom fl eire tydingar av ord, som verbet bark og substantivet bark) • bakgrunnskunnskap • kunnskap om teksttypen • språkkunnskap og språkkompetanse • lesestrategiar

I CEFR er leseferdigheiter skildra basert på føremålet med lesinga og strategiar. I dei første åra med link la vi vekt på lesing for å oppnå generell forståing, lesing for å underhalde seg, lesing av instruksjonar, lesing av korrespondanse og lesestrategiar. På mellomtrinnet legg vi større vekt på å lese for å hente inn informasjon og for å orientere seg, og vi har lagt til fl eire strategiar. Når vi les, gjer vi det på ulike måtar ut frå kva som er føremålet med lesinga. Når vi snakkar med elevane om ferdigheitene, vil vi referere til dette som read to learn, read to understand, read and interact, read to do, and read to enjoy. Elevane får også tips til tilnærming til teksten: skim to understand the overall idea, scan the text for information. Dei får også tips til strategiar: «Use the clues in the text to guess the meaning of words you don’t know or understand, og look up words you can’t fi gure out.»

I engelsktimane blir leseferdigheitene utvikla gjennom ein prosess som kan skildrast i fi re steg: høgtlesing/lytting, felleslesing, rettleidd lesing og sjølvstendig lesing. På dei lågare klassetrinna legg vi vekt på leseopplevingar i klassen når læraren les høgt for elevane, og når læraren og elevane deler ei leseoppleving. Ei felles leseoppleving får vi når læraren les ein tekst og elevane blir med og les nokre få ord eller frasar, særleg dei som gjentek seg. Frå 3. trinn og oppover er det hovudsakleg brukt rettleidd lesing, der elevane får støtte til utvikling av lesestrategiar og ferdigheiter i leseforståing.

Timar der de arbeider med tekstar, kan leggjast opp med aktivitetar før, under og etter lesinga. Førlesingsaktivitetane er ei støtte når elevane skal førebu seg til å lese ein tekst, ved at dei hentar fram kunnskap dei har frå før, ser på bilete og overskrifter, gjettar på kva teksten handlar om, og snakkar om sjangeren og føremålet med lesinga. Undervegs i lesinga fi nst det mange aktivitetar som kan brukast til å støtte opp under henne. I link legg vi opp til ei rekkje ulike aktivitetar under lesinga for å bidra til forståing. Ein av dei viktigaste strategiane medan ein les er å kontrollere forståinga etter kvart. Det fi nst også mange ulike typar etterlesingsaktivitetar. I link har vi teke med nokre forslag til mange av tekstene. I tillegg oppmodar vi deg om å tenkje tverrfagleg og sjå på korleis du kan utvide temaa i tekstane.

Leseteater er ein gruppeaktivitet der elevane etter tur les små tekstbitar høgt (dei les tekst dei ikkje har lært utanåt) (Drew, 2018). Teksten skal øvast godt på før han blir framført for eit publikum. Metoden hjelper lesarar med artikulasjon, uttale, intonasjon, lesefl yt og forståing, ordforråd og historieoppbygging (Black & Stave, 2007, i Drew, 2018). Metoden kan òg auke motivasjonen og sjølvtilliten hos lesaren (Myrset, 2014). Du kan fi nne tips til arbeidet med leseteater i lærarressursen på nettstaden til link.

This article is from: