link 7 Teacher's Guide (Felles) (9788211038869)

Page 1

Teacher’s Guide Engelsk for barnetrinnet

Kitty Mezzetti, Nina Oddvik, Rebecca Anne Charboneau Stuvland og Helene Szikszay
7
Kitty Mezzetti, Nina Oddvik, Rebecca Anne Charboneau Stuvland og Helene Szikszay Teacher’s Guide Engelsk for barnetrinnet 7

Copyright © 2023 by Vigmostad & Bjørke AS

All Rights Reserved

1. utgave 2023 / 1. opplag 2023

ISBN: 978-82-11-03886-9

Grafisk produksjon: John Grieg, Bergen Layout og omslagsdesign: Mari Oshaug Omslagsillustrasjon: Cecilie Ellefsen Sats: Vatori – Jolanta Stachowiak

Heidi Grosch har bidratt med stoff om «Voice of Jonathan» (manus, lærerveiledning, konsept), «Brain Breaks» og «Image as text».

Anders Otterbech Jølbo Myrset har vært med å bidra til lærerveiledningsstoff til følgende sider i link 7 Textbook: 24–25, 35–37, 63–65, 92–95, 103–105, 149–151.

Forfatterne har mottatt støtte fra Det faglitterære fond.

Spørsmål om denne boken kan rettes til: Fagbokforlaget Kanalveien 51

5068 Bergen

Tlf.: 55 38 88 00

e-post: fagbokforlaget@fagbokforlaget.no www.fagbokforlaget.no

Materialet er vernet etter åndsverkloven. Uten uttrykkelig samtykke er eksemplarfremstilling bare tillatt når det er hjemlet i lov eller avtale med Kopinor.

Vigmostad & Bjørke AS er Miljøfyrtårn-sertifisert, og bøkene er produsert i miljøsertifiserte trykkeri.

Innhald 1 Generell del ......................................................................................4 1 Bakgrunn ........................................................................................6 Det interkulturelle perspektivet ..........................................................6 LK20 ....................................................................................................7 Mål .....................................................................................................13 Vurdering ...........................................................................................14 Gjennomgangsfigurane ......................................................................15 Jonathan ............................................................................................16 Thea ...................................................................................................16 James .................................................................................................17 Aryan .................................................................................................17 Mercy .................................................................................................17 2 Tilnærming til språk .................................................................18 Språklege element .............................................................................18 Strategiar ...........................................................................................21 3 Tilnærming til tekstar ..............................................................26 Tilnærming til tekst ...........................................................................26 Nivået på tekstane og differensiering ...............................................29 The Voice of Jonathan .......................................................................30 Lese ....................................................................................................31 4 Praktiske tips ...............................................................................32 Praktiske tips til munnlege aktivitetar..............................................32 Praktiske tips til «warm up-activities» og «brain breaks» ................34 Forslag til heimearbeid ......................................................................35 Praktiske tips til vurdering ................................................................36 Sight Words ........................................................................................41 1,000 Most Frequently Used Words ...................................................41 link 7 learning aims........................................................................47 2 Kapittelgjennomgang...............................................................52 What are your goals? ....................................................................54 1 Who am I? .....................................................................................56 2 linking us .......................................................................................81 3 Ways of living ...........................................................................101 4 Migration .....................................................................................130 5 Under the surface ....................................................................160 6 Language matters ....................................................................183 7 Celebrations of nations .........................................................212 8 Art matters .................................................................................231 Building Language ........................................................................252 3 Kopioriginaler ..............................................................................280

Generell del

1

1 Bakgrunn

Det interkulturelle perspektivet

I link har vi valt å ha eit interkulturelt perspektiv. Vi introduserer jamleg tekstar og dialogar som kan brukast til å kaste lys over det interkulturelle. Tradisjonelt sett har vektlegging av det kulturelle ofte bore preg av eksotisme – eit slags «oss og dei» der ein har understreka stereotypiar og det «rare» ved andre kulturar. I dag, i europeisk samanheng, gjennomfor eksempel Europarådet, har dette fått eit meir nyansert preg i språklæringa. Med kulturomgrepet i dag legg vi meir vekt på individet. Vi har alle vår eigen identitet og kultur som blir forma på ulike nivå, til dømes i grupper, i familien, gjennom lokal tilhøyrsel og gjennom nasjonal tilhøyrsel. Kva er norsk kultur? Svaret på dette vil vere avhengig av kven ein spør.

Dette har vore bakgrunnen for korleis link nærmar seg det interkulturelle: Vi begynner med oss sjølve og det nære, og gjennom å vere nysgjerrige og ha eit ønske om å forstå møter vi andre. Dette er ein viktig del av språkinnlæringa. Frå tidleg oppvekst utviklar vi eit språk og måtar å kommunisere på som er tilpassa den samanhengen vi er i. Mykje av dette skjer intuitivt, men det er gjennom denne forståinga at vi kan tileigne oss kunnskap om andre kulturar og korleis vi kan ordleggje oss, og mekle, i interkulturelle møte (Coste og Cavall, 2015). Dette vil ikkje seie at vi skal lære elevane at vi må seie og gjere noko på ein spesiell måte når vi er i eit bestemt land, men snarare at vi forstår at ting kan gjerast annleis, og at vi utviklar dei språklege ferdigheitene vi treng for å spørje når vi er i tvil, eller for å kunne rette opp dersom vi opplever at vi har sagt eller gjort noko feil. Det handlar først og fremst om å utvikle ei evne til å sjå ting frå andre sitt perspektiv, til dømes å sjå korleis eigne skikkar og normer kan bli oppfatta som rare av andre. Målet er å utvikle empati og forståing for at andre ikkje oppfører seg likt som meg, og at min måte å gjere ting på ikkje nødvendigvis er den einaste rette.

Læring om det interkulturelle kan knytast opp mot eit sosiokulturelt læringssyn. Det vil seie at læringa skjer i ein prosess med andre. Gjennom dialog kan elevane bruke sine eigne erfaringar og saman utvikle ny kunnskap og vere nysgjerrige i møte med andre. Desse samtalane kan nokre gonger bli for vanskelege for elevane å ta på engelsk, fordi dei ikkje har språket til å forklare kva dei tenkjer. McConachy (2018) skriv om at interkulturell forståing blir bygd ut frå våre eigne perspektiv. Interkulturell forståing er evna til å utvikle kunnskap, evner og haldningar til å endre oppførsel og kommunikasjon i møte med andre. Framandspråket blir dermed utvikla gjennom det han kallar stillasbygging. Det vil seie at vi brukar oss sjølve til å forstå andre. Dette er utgangspunktet for korleis vi kan arbeide med og vidareutvikle interkulturell forståing. Og det interkulturelle gjev høve til å knyte saman fag.

Det interkulturelle i språklæringa Språk, og språklæring, skjer ikkje i eit vakuum, men i eit samspel mellom det språklege og det kontekstuelle. Nokre døme på dette er normer for kva det vil seie å vere høfleg, og normer for korleis ein oppfører seg – i grupper og i samfunnet. Dette er ofte normer som vi tek med oss implisitt gjennom oppveksten, og det kan av og til vere vanskeleg å setje fingeren på dei, sjølv for vaksne. Å utvikle ei forståing for slike normer – våre eigne og andre sine – er viktig i kommunikasjon.

Her kjem også andre fag inn som støtte, for å byggje normforståing og fundament som vi kan ta med oss inn i språklæringa. Naturlege fag for å kaste lys over det interkulturelle perspektivet er KRLE og samfunnsfag. Her handlar det mellom anna om eg og du, det historiske perspektivet, korleis folk levde i Noreg før, og korleis eg lever no. I norskfaget møter elevane dialektar og historier frå ulike kantar av landet, og slik blir dei medvitne om ulike levesett innanfor våre eigne landegrenser.

6

Korleis kan de jobbe med det interkulturelle?

Ønskjer du at elevane skal undersøkje produkt, perspektiv eller skikkar? Skal elevane utforske likskapar eller ulikskapar? Er det du ønskjer å gjennomføre, oppnåeleg på norsk eller engelsk? Dersom det blir for vanskeleg for elevane å gjennomføre heile timen på engelsk, kan du bruke teksten eller munnlege aktivitetar i link som eit supplement til ein diskusjon i eit anna fag.

Kontrastere:

Les gjennom tekstar, sjå filmar, eller studer bilete, og diskuter kva ulikskapane er. Bruk bilete, kontekst eller tema til å diskutere ulikskapar. Dersom dette er ein tradisjonell tekst frå eit anna land, eller ein annan tidsepoke, kva er dei kontekstuelle skilnadene? Har dei andre dyr i forteljinga enn vi har? Blir husa bygde av andre materiale enn vi tradisjonelt brukar? Kven bur saman?

Samanlikne:

Les gjennom tekstar, sjå filmar, eller studer bilete, og diskuter kva likskapane er. Kva kjenner elevane att? Dersom det er ein tekst om feiringar og levesett, er det feiringar eller tradisjonar i teksten som liknar på dei som elevane kjenner? Er det språklege likskapar til andre språk dei kan? Kva med kroppsspråk? Kjenner dei att måtar å helse på?

LK20

Fagrelevans

«Engelsk er et sentralt fag for kulturforståelse, kommunikasjon, danning og identitetsutvikling. Faget skal gi elevene et grunnlag for å kommunisere med andre lokalt og globalt, uavhengig av kulturell og språklig bakgrunn. Engelsk skal bidra til å utvikle elevenes interkulturelle forståelse av ulike levemåter, tenkesett og kommunikasjonsmønstre. Faget skal forberede elevene på en utdanning og et samfunns- og arbeidsliv som stiller krav om engelskspråklig kompetanse i lesing, skriving og muntlig kommunikasjon.» (LK20)

Kjerneelement

Kommunikasjon

«Kommunikasjon innebærer å skape mening med språk og å kunne bruke språket i formelle og uformelle sammenhenger. Elevene skal ta i bruk egnede strategier for å kommunisere muntlig og skriftlig i forskjellige situasjoner og ved å bruke ulike medier og kilder. Elevene skal få oppleve, bruke og utforske språket fra første stund. Opplæringen skal legge til rette for at elevene får utfolde seg og samhandle i autentiske og praktiske situasjoner.» (LK20)

Korleis svarar link på dette?

I link har vi valt to hovudelement for å kome nærare relevansen til faget og kjerneelementa: Gjennomgangsfigurane representerer ulike bakgrunnar og introduserer elevane for kommunikasjonsformer og samhandling. Det interkulturelle perspektivet opnar dører til andre samfunn og levemåtar, og får elevane til å reflektere over sitt eige liv.

Når vi kommuniserer med andre, kommuniserer vi ofte med andre som òg er fleirspråklege (som snakkar meir enn to språk). Translanguaging – når ein person som kan meir enn eitt språk, fritt brukar alle språka sine til å stille spørsmål, forstå, lære, forklare og kommunisere i ein sosial (ofte utdanningsrelatert) setting. Translanguaging er ein naturleg måte å bruke språk på for personar som snakkar meir enn eitt språk.

7

Språklæring

«Språklæring innebærer å utvikle språkbevissthet og kunnskap om engelsk som system og å kunne bruke språklæringsstrategier. Kunnskap om hvordan språklyder, ordforråd, og “ord-, setnings- og tekststrukturer“ brukes, gir elevene valg og muligheter i kommunikasjon og samhandling. Språklæring innebærer også å se sammenhenger mellom engelsk og andre språk elevene kan, utvikle bevissthet rundt hvordan de selv lærer språk, og å forstå hvordan engelsk er bygget opp.» (LK20)

Korleis svarar link på dette?

I link har vi valt å bruke formuleringa «språklege element» som eit paraplyomgrep for å dekkje lingvistiske delar. Med grammatikk i små drypp gjennom bøkene – uttale, høgfrekvente ord, og språkmedvit –prøver link å skape eit klasserom der det blir naturleg å kome tilbake til desse temaa fleire gonger, framfor tyngre økter der eit tema blir teke opp for så å bli lagt bort. Frå tredje trinn kan elevane finne ein eigen grammatikkdel – «Building Language» – i boka. I den delen utforskar vi det språklege systemet saman. I lærarrettleiinga finn du tips om kva du kan jobbe med. Vi legg vekt på ulike ordlydar i kapitla. Vi legg mest vekt på lydar som ikkje finst i norsk (sjå meir under avsnittet om uttale). Vi jobbar med høgfrekvente ord. Elevane skal byggje språket med utgangspunkt i orda dei vil møte oftast (sjå meir under høgfrekvente ord). Dette vil også hjelpe for eiga språklæring. Eit stadig aukande ordforråd vil hjelpe eleven til å forstå nye ord ut frå samanhengen. Krashen (1998) seier at tekstane ein les, bør vere eit lite hakk over (+1) det språklege nivået til lesaren.

Møte med engelskspråklege tekstar

«Språklæringen skjer i møte med engelskspråklige tekster. Tekstbegrepet brukes i vid forstand: muntlige og skriftlige, trykte og digitale, grafiske og kunstneriske, formelle og uformelle, skjønnlitterære og sakpregede, fra nåtid og fortid. Tekstene kan inneholde skrift, bilder, lyd, tegninger, grafer, tall og andre uttrykksformer som er satt sammen for å understreke og formidle et budskap. Engelskspråklige tekster gir elevene viktige språklige input, ord i kontekst, språklige strukturer og erfaring med forskjellige tekstsjanger. Dette bidrar til utvikling av ordforråd, lese- og skriveferdigheter, og skriftspråkforståelse. Arbeid med engelskspråklige tekster bidrar også til å gi elevene kunnskap om, og erfaring med, språklig og kulturelt mangfold, og også innsikt i urfolks levemåter, tenkesett og tradisjoner. Gjennom å reflektere over, tolke og kritisk vurdere ulike typer engelskspråklige tekster skal elevene tilegne seg språk og kunnskap om kultur og samfunn. Dette bidra til at elevene utvikler interkulturell kompetanse slik at de kan forholde seg til ulike levemåter, tenkesett og kommunikasjonsmønstre. Elevene skal få et grunnlag for å se sin egen og andres identitet i en flerspråklig og flerkulturell sammenheng.» (LK20)

Korleis svarar link på dette?

I link møter elevane eit variert utval av tekstar: skjønnlitterære og faktabaserte tekstar, dialogar, eventyr, dikt, songar, kart, tabellar og andre former for samansette tekstar. Vi har valt å bruke denne definisjonen av «multimodal texts» (samansette tekstar): «Multimodal texts, or texts containing more than one mode or element, are a part of our world today so it is logical that we include them in our English language teaching. Each mode uses unique semiotic resources to create meaning» (Kress, 2010). Når elevane møter tekstane, skal dei få ei delt fellesoppleving, med ulike former for differensiering og strategiar for korleis elevane kan angripe teksten. Ved å jobbe med tekstane utviklar elevane ordforråd, skriftspråkforståing og lese- og skriveferdigheiter. I tillegg tileignar elevane seg kunnskap og forståing for språkleg og kulturelt mangfald, og dei lærer om ulike levesett, verdiar og tradisjonar. Varierte strategiar, oppgåver og samarbeidsformer sikrar elevane ein naturleg progresjon i språklæringa og viser samanhengar mellom kulturar. Som ei forlenging av tekstutvalet i link finn du eit rikt utval av tekstar i leseserien link Readers

8

Tverrfaglege tema og grunnleggjande ferdigheiter

Tverrfagleg arbeid, slik vi kjenner omgrepet frå tidlegare læreplanar, handla om å knyte tema saman på tvers av fag (i link kallar vi denne forma for arbeid «link til andre fag»). Med fagfornyinga kom dei tre tverrfaglege temaa berekraftig utvikling, folkehelse og livsmeistring og demokrati og medborgarskap. Dei to sistnemnde blir spesielt omtalte i engelskplanen. I tillegg blir fire av dei fem grunnleggjande ferdigheitene knytte til faget. Å kunne lese, kommunisere, skrive og praktisere det digitale står sentralt her. Timetalet i engelsk står som før, medan omfanget av sentrale og tverrfaglege tema, dei framtidige bruksområda til språket og digital bruk (chat, blogg, sosiale medium, falske nyheiter) tek stadig større plass i kvardagen til elevane. Digital dømmekraft, inkludert kritisk tenking, vil også vere viktig i engelskfaget i åra framover.

Tverrfaglege tema

Folkehelse og livsmeistring

«I engelsk handler det tverrfaglige temaet folkehelse og livsmestring om å utvikle elevenes evne til å uttrykke seg skriftlig og muntlig på engelsk. Dette legger grunnlag for å kunne gi uttrykk for egne følelser, tanker, erfaringer og meninger. Opplæringen kan gi nye perspektiver på ulike tenkesett og kommunikasjonsmønstre, og på egen og andres levemåte og livssituasjon. Å håndtere situasjoner som krever språk- og kulturkompetanse kan gi elevene mestringsfølelse og bidra til at de utvikler et positivt selvbilde og en trygg identitet.» (LK20)

Korleis svarar link på dette?

I link legg vi opp til å knyte språklæringa til eleven sitt eige liv, slik at han eller ho kan setje ord på sine eigne kjensler, tankar, erfaringar og meiningar, både skriftleg og munnleg. Faget engelsk er først og fremst eit kommunikasjonsfag. Derfor har link opne og utforskande oppgåver med god støtte. Dei skriftlege og munnlege strategiane i verket støttar dette. I link legg vi også opp til utstrekt bruk av læringspartnar, innhaldet er motiverande og oppdatert, og verket inneheld mange munnlege aktivitetar.

Demokrati og medborgarskap

«Elevene skal få hjelp til å utvikle sin forståelse for at deres oppfatning av verden er kulturavhengig. Ved å lære engelsk kan elevene møte ulike samfunn og kulturer. Å kunne kommunisere med andre, over hele verden, uavhengig av språklig og kulturell bakgrunn, skal støtte elevenes utvikling. Dette kan i neste rekke bidra til å åpne for flere måter å tolke verden på. Ved å skape nysgjerrighet og engasjement, kan dette medvirke til å forebygge fordommer og utvide elevenes perspektiver og utvikle elevenes interkulturelle kompetanse. Poenget er å bli kjent med seg selv, gjennom sammenligning og ved å finne kontraster.» (LK20)

Korleis svarar link på dette?

I link trekkjer vi fram interkulturell kompetanse og det å vere nysgjerrig på verda rundt oss. Vi øver opp evna til å ta ulike perspektiv og det å kunne kommunisere med andre uavhengig av kulturell og språkleg bakgrunn. Det startar med kvar enkelt, med det kjende og nære. I ei verd i endring legg vi vekt på det som er felles. Det som knyter oss saman. Det engelske språket er eit nødvendig verktøy, til utforsking, forståing og samhandling, i fellesskap og medborgarskap.

Grunnleggjande ferdigheiter

Munnlege ferdigheiter

«Muntlige ferdigheter i engelsk er å skape mening gjennom å lytte, tale og samtale. Det handler om å videreformidle og forstå informasjon, tilpasse språket til formål, mottaker og situasjon og å velge egnede strategier. Utviklingen av muntlige ferdigheter i engelsk handler om å bruke det muntlige språket gradvis mer presist og nyansert til å kommunisere om forskjellige emner, i formelle og uformelle situasjoner til ulike mottakere med ulik språklig bakgrunn.» (LK20)

9

Korleis svarar link på dette?

I link skal elevane bruke det munnlege språket i mangfaldige situasjonar, kontekstar, til å skape meining, undre, utforske, formidle, og forstå informasjon. Elevane skal lære om, og ta i bruk, strategiar til førmunnlege aktivitetar, dvs. å førebu seg til å snakke. Gjennom vektlegging av pragmatikk skal elevane lære å tilpasse språket til føremål, mottakar og situasjon. I link finn du eit rikhaldig utval av aktivitetar, tekstar, og teksttypar elevane skal arbeide med. Å høyre på og lese dialogar, og å samtale med ein læringspartnar om tema, situasjonar og tekst ved bruk av frasar og setningsstartarar er med på å utvikle dei munnlege ferdigheitene til elevane i engelsk.

Gjennom lytteaktivitetar får elevane leggje vekt på forståing av munnlege tekstar. Du vil finne aktivitetar som legg vekt på lytting, i heile læreverket. Elevane vil lytte til ein tekst, anten i form av eit opptak eller læraren som les (og ofte med støtte i bilete eller tekst). For å gjere det mogleg å vurdere lytting isolert sett har vi valt ut ei rekkje responstypar som ikkje krev at ein snakkar eller skriv – til dømes at ein skal setje ring rundt eit ord eller bilete, teikne eller fargeleggje noko, eller gjere ei fysisk handling. Kvar aktivitet har éin eller fleire tilrådde responstypar. Mange av dei kan også endrast slik at dei opnar for nye responstypar.

Å kunne skrive

«Å kunne skrive i engelsk er å kunne uttrykke ideer og meninger på en forståelig og hensiktsmessig måte i ulike typer tekster, på papir og digitalt. Å skrive handler om å planlegge, utforme og bearbeide tekster som kommuniserer, og å tilpasse språket til formål, mottaker og situasjon og velge egnede skrivestrategier. Utviklingen av skriveferdigheter i engelsk går fra å lære enkeltord og fraser til å skape ulike typer sammenhengende tekster som formidler synspunkter og kunnskap. Det innebærer også å bruke ulike typer kilder på en kritisk og etterrettelig måte.» (LK20)

Korleis svarar link på dette?

I link byggjer elevane opp omgrepsstrukturar og kognitive mønster frå begynnaropplæringa til mellomtrinnet. Ulike skrivestrategiar blir introduserte gradvis, i tråd med skriveferdigheitene til elevane og den kognitive utviklinga deira. Se også skriveverktøyet på nettsidene til link. Gjennom eit utval skriftlege aktivitetar kan elevane samle kunnskap og øve opp evna til å lytte, forstå og kommunisere med andre. Å utvikle skriveferdigheiter skal sjåast i samanheng med andre språk. Norsk og engelsk skrive- og leseopplæring skal støtte kvarandre.

I link 7 har vi utvikla ein progresjon med aktivitetar der vi jobbar med å skrive essay. Vi skal gradvis byggje opp skriveferdigheiter med ulike skriveaktivitetar, modellering og skrivetrening. Blant anna temasetningar, avsnitt, skrive samanhengande setningar og tekstar (at ideane heng saman, grammatisk, leksikalsk, semantisk, etc.) (cohesion), og skrive samanhengande tekstar som gir meining og inneheld struktur (coherence) (Sjå også ordforklaringar på side 20). (Sjå Workbook 1.6, 2.9, 3.4, 3.5, 5.14 og 6.10). Følg progresjonen til aktivitetane i Workbook, bruk skrivestøtta Textbook Building Language (side 208–209, 210–213, og 217) og skriveverktøyet.

Det er viktig å hugse på at elevane dette året skal i gang med meir strukturert skriving av lengre tekstar, så dei bør få masse støtte når dei skal lære nye ferdigheiter. Vi forventar ikkje at dei gjennom denne eine aktiviteten meistrar desse emna og forstår korleis vi brukar dei til å skrive samanhengande tekstar. Dei skal øve vidare gjennom link 7. Ved utgangen av 7. trinn bør ein forvente at dei kan: «skrive samanhengande tekstar, inkludert samansette, som fortel att fortel, spør og uttrykkjer meiningar og interesser, tilpassa mottakar.»

I engelskfaget, handlar det å skrive om «å planleggje, utforme og bearbeide tekstar som kommuniserer, og å tilpasse språket til føremål, mottakar og situasjon, og velje eigna skrivestrategiar. Utviklinga av skriveferdigheiter i engelsk går frå å lære enkeltord og fraser til å skape ulike typar samanhengande tekstar som formidlar synspunkt og kunnskap. Det inneber også å bruke ulike typar kjelder på ein kritisk og etterretteleg måte» (LK20).

10

Me-project

Gjennom heile link 7 er det lagt opp til eit større skrivearbeid kalla «Me-project». Prosjektet knytter seg til eleven sjølv, til identitet og til det nære. Slik kan eleven bygge sitt eget engelske språk og se nytten av å utvikle sitt eget skriftspråk.

Tanken er at elevane skal skrive tekstar innafor ulike sjangrar gjennom heile året. Dei skal jobbe med førskriving, modelltekstar, og få gode rammer for skriving og støtte til revisjon og omarbeiding av tekst undervegs. Tekstane kan samlast i ein portfolio, slik at elevane ser sin eigen skriveutvikling.

Forslag til oppgåver/tekstar som kan inkluderast i «Me-project»:

Chapter/tasksTitle

Chapter 1: Workbook 1.3 og Voice of Jonathan I am poem

Chapter 2: Workbook 2.12

Voice of Jonathan

Workbook 3.6

Chapter 4

Chapter 5

Personal text

English word detective (video)

My place in the universe

My family story - A relationship which is important to me. Write about a person you consider important to you. Who is this person (presentation)?

What does this person mean to you and why?

Autobiography

Write a text about YOU.

– Do others really know you?

– Which version of you do you show others?

– Do you have skills or traits others do not know about?

Chapter 5Language matters

– Language body map (link til andre fag, TG s. 201)

Me and my languages. Draw a language body map.

– How I use language

Write a short description of how you use your language(s).

Chapter 7

Chapter 8

Workbook 8.12

Voice of Jonathan

Å kunne lese

Celebrations

Make a multimodal text/DST – My independence day celebrations

Explain by using text, visuals and sound.

Make a multimodal text/DST – My thoughts about independence

Explain by using text, visuals and sound.

Voice of Jonathan (reporting on national holidays)

Family Crest

Sharing a classic song - report or interview

«Å kunne lese i engelsk er å forstå og reflektere over innhold i ulike typer tekster, på papir og digitalt, og skal bidra til leseglede og tilegnelse av språk. Det innebærer å lese og finne informasjon i sammensatte tekster med konkurrerende budskap og å bruke lesestrategier til å forstå eksplisitt og implisitt informasjon. Utviklingen av leseferdigheter i engelsk går fra å eksperimentere med språklyder, stavemønstre og stavelser til å lese varierte og komplekse tekster med flyt og forståelse og i stadig større grad kunne reflektere over og vurdere ulike typer tekster kritisk.» (LK20)

11

Korleis svarar link på dette?

I link høyrer, les og snakkar elevane engelsk saman med dei fem gjennomgangsfigurane Jonathan, Mercy, Thea, James og Aryan. I tillegg møter elevane tekstar og utdrag i ulike sjangrar. Å utvikle gode lesestrategiar er viktig for å kunne angripe tekst. Med strategiar både før, under og etter lesing øver elevane på å forstå og reflektere rundt innhaldet i tekstane, ved å undre seg saman. I link er målet å inspirere, motivere og skape leseglede i møte med engelskspråklege tekstar. Les mer om lesing på side 24–25, 26–30 og 31.

Digitale ferdigheiter

«Digitale ferdigheter i engelsk er å kunne bruke digitale medier og ressurser for å styrke språklæringen, for å møte autentiske språkmodeller og samtalepartnere på engelsk og for å tilegne seg relevant kunnskap i engelskfaget. Det innebærer å opptre kritisk og reflektert i engelskspråklige digitale uttrykksformer og i kommunikasjon med andre. Utviklingen av digitale ferdigheter i engelsk går fra å utforske språket til å kunne samhandle med andre, skape tekster og tilegne seg kunnskap ved å innhente, utforske og kritisk vurdere informasjon fra ulike engelskspråklige kilder.» (LK20)

Digitale ferdigheiter er den femte grunnleggjande ferdigheita. Det krevst stadig meir av dei digitale ferdigheitene, kunnskapen og kompetansen til læraren. Lærarane bør ha kjennskap til «Rammeverk for lærerens profesjonsfaglige digitale kompetanse» (PfDK). Udir.no har mykje godt støttemateriell her. Ein profesjonsfagleg digitalt kompetent lærar har forståing for korleis den digitale utviklinga endrar og utvidar innhaldet i faga.

«Læreren har innsikt i hvordan integrering av digitale ressurser i læringsprosesser kan bidra til å nå kompetansemål i fag og ivareta de fem grunnleggende ferdighetene. Som forutsetning for dette trenger læreren å utvikle egne grunnleggende digitale ferdigheter. Samtidig trenger læreren innsikt i hva elevenes digitale ferdigheter innebærer og hvordan de kan utvikles i fagene.» (udir.no)

Ei kort og forenkla forklaring av omgrep:

Digital skills = digitale ferdigheiter og teknologisk innsikt.

Digital tools = digitale verktøy, ressursar, spel og program.

Digital literacy = evna til å identifisere, forstå, tolke, skape, berekne og kommunisere ved hjelp av visuelt, høyrbart og digitalt materiell på tvers av disiplinar og i alle samanhengar.

Digital kompetanse = ferdigheiter, kunnskapar, kreativitet og haldningar som alle treng for å kunne bruke digitale medium for læring og meistring i kunnskapssamfunnet. Det er den kompetansen som byggjer bru mellom ferdigheiter som å lese, skrive og rekne, og den kompetansen som krevst for å ta i bruk nye digitale verktøy og medium på ein kreativ og kritisk måte.

Bruk tid på å teste ut digitale verktøy på trinnet eller ved den enkelte skulen. Slik blir den kollektive kapasiteten bygd, som igjen gjer læraren tryggare innanfor det digitale feltet. Digitale verktøy skal ikkje nyttast ukritisk, men i samanhengar der det er naturleg og støttar læring. Ta dykk tid til å drøfte dette på trinnet og med elevane sjølve. Korleis lærer dei sjølve best? Når fungerer det å bruke digitale hjelpemiddel, når er det betre å notere for hand? Det er altså ikkje eit anten/eller, men at ein brukar digitale og analoge hjelpemiddel side om side, der det er føremålstenleg.

Korleis svarar link på dette?

Dei digitale ferdigheitene til elevane skal øvast opp, og nyttast, også i engelskfaget. Elevane skal møte språket på digitale flater, gjennom å lese, lytte, forstå og skrive. Vidare skal dei kunne samhandle med andre, skrive tekstar og finne og vurdere relevante kjelder. I link har vi eit rikt lærarverktøy og tilhøyrande nettressursar som støttar opp under arbeidet med denne femte ferdigheita.

12

Ved at læraren brukar ulike digitale verktøy pedagogisk, vil elevane få ein god inngang til situasjonar som krev gode engelskspråklege ferdigheiter. Slik vil elevane på sikt vere i stand til å bruke språket i autentiske situasjonar. Å lære elevane å arbeide med språklæring ved bruk av digitale verktøy står sentralt i LK20. La elevane lytte til autentiske språkmodellar, leike med ord, lytte og gjenta for å byggje sitt eige språk. Slik dannar dei ein link til verda omkring seg.

I digitalt arbeid med link legg vi opp til samskriving, arbeid med samansette (/multimodale) tekstar, DST, tankekart, quizar, innspeling (podcast/vlog) og lytting til tekstar, deling og samhandling. Bruk dei digitale verktøya pedagogisk, som ein del av språklæringa. link tar også føre seg nettvit, tidsbruk, kritisk tenking og kjeldekritikk. Vi har ikkje lagt opp til bruk av generative språkmodellar som støtte til språklæring.

link til andre fag / fleirfagleg arbeid /going deeper

I engelsk, som i så mange andre fag, er vi innom ei rekkje tema ein kan jobbe med på tvers av faga. Content and Language Integrated Learning, forkorta CLIL, er ei internasjonal fellesnemning for undervisning i andre fag enn språkfag, gjennomført på eit framandspråk, og omfattar dei fire C-ane: content , communication , cognition og culture (Coyle, 1999). Det å arbeide prosjektbasert, knytt til fag der det er naturleg å bruke engelsk, er eit godt pedagogisk grep. Det støttar også tankane om djupnelæring. Om ein har vikingtida som tema i samfunnsfag eller norsk, kan ein jobbe med temaet på engelsk (fleire av dei pedagogiske og fleirfaglege plattformene har stoff og kjelder på engelsk). Slik lærer ein om temaet, set det inn i ein samanheng og brukar engelsk som fagspråk. Elevane får prøve seg på autentisk bruk av engelsk, som både kan vere utfordrande og motiverande. Arbeid på same vis i fag som mat og helse (måleiningar på engelsk) eller matematikk (tekstoppgåver på engelsk). Fleire tips finn du i lærarrettleiinga. Sjekk også leseseriane link Readers for småskuletrinnet og mellomtrinnet.

Mål

Med nye læreplanar kjem nye mål. Elevmassen og språkferdigheitene deira er samtidig nokolunde stabile, og vi veit kva nivå elevane er på med utgangspunkt i The Common European Framework of Reference for Languages (CEFR). CEFR er eit språknøytralt, europeisk rammeverk som skildrar dei språklege ferdigheitene til elevane i tre hovudgrupper frå lågast til høgast språkferdigheitsnivå: A, B og C. Hasselgreen (2005) brukte CEFR som utgangspunkt for å skildre nivåa til norske elevar i engelsk, og link har brukt dette som referanse ved val av mål. Desse nivåa er pre-A1 ved slutten av andre trinn, A1–A2 ved slutten av fjerde trinn, og A2–B1 i slutten av sjuande trinn (Hasselgreen, 2005).

Kompetansemåla i LK20 dekkjer mål elevane skal oppnå over fleire år, og vil ikkje nødvendigvis kunne relaterast til enkelte økter eller prosjekt. Dei må derfor brytast ned. I link har vi gjort dette på systematisk og oversiktleg vis (sjå måloversikta på side 47–50).

Meir informasjon om CEFR, finn du på nettsidene til Europarådet. Der kan du også laste ned Collated representative samples of descriptors of language competences developed for young learners (aged 7–10 and 11–15 years).

13

Vurdering

Vurdering handlar om å finne ut kor langt elevane har kome i læringsprosessen, og å leggje til rette for vidare læring. Dette er både veldig lett og veldig vanskeleg på ein gong. Vurdering skal hjelpe og betre læringa hos eleven. Vurdering har «stor innvirkning på elevenes og lærlingenes læring. En god vurderingspraksis motiverer og har læring som mål» (www.udir.no/Vurdering-for-laring/). Vurdering spelar også ei viktig rolle for å kunne gje elevane tilbakemeldingar, som også kan delast med foreldra. Læringa må alltid stå i sentrum når vi vurderer. Korleis skal vi måle kva elevane har lært, på ein god måte? Det er viktig å vurdere progresjonen og sjå framover mot vidare læring. Vurderinga må ha ein positiv effekt, og ho må gje lyst til å lære meir. Vurdering er med andre ord ikkje berre at læraren vurderer eleven, men det er også ei moglegheit for elevane å feire, og vise fram, kva dei veit og kan. Ved å samle slik informasjon viser vi fram framgangen til elevane, identifiserer område der dei bør leggje inn meir innsats, og finn evnenivå, slik at vi betre kan planleggje undervisninga. Viktige spørsmål vil vere: Kva ventar eg at elevane skal vite og vere i stand til å gjere som eit resultat av læringa? Og korleis kan eg vite om dei har nådd målet sitt?

Det må vere ein samanheng mellom måla og det vi vurderer. Vurderinga må også samsvare med aktivitetane. Dersom elevane jobbar med språklæring gjennom songar og rim (først og fremst ein munnleg aktivitet), vil ikkje ei skriftleg vurderingsform reflektere basisferdigheitene dei øver på. Elevane kan miste motivasjonen i faget om ikkje vurderingsmetodane samsvarar med arbeidsmetodane i timane, og dersom dei ikkje føler meistring. Derfor er det også viktig å rose elevane mykje undervegs. Ofte er dei veldig klar over kva dei har gjort feil, så det er viktig å leggje vekt på det positive. Det er alltid noko elevane er på veg til å lære eller har fått til (Munden, 2015). For dei yngste kan munnlege tilbakemeldingar vere svært viktig. For eldre barn kan både munnlege og skriftlege tilbakemeldingar bidra til å auke motivasjonen til vidare læring.

I LK20 er det understreka at «underveisvurderingen skal bidra til å fremme læring og til å utvikle kompetanse i faget». Målet for språklæringa er å kunne kommunisere, skriftleg og munnleg. Det inkluderer lingvistisk og kulturell kunnskap. Vi må setje språklæringsmål som kombinerer og integrerer desse to typane ferdigheiter for å nå dei kommunikative måla. Elevane viser og utviklar kompetanse i engelsk på 5., 6. og 7. trinn når dei leikar med og utforskar språket, når dei les med flyt og forståing og uttrykkjer seg i munnlege og skriftlege tekstar om ulike tema, inkludert tekstar om ulike samfunn i den engelskspråklege verda. Elevmedverknad og lærelyst står sentralt på mellomtrinnet. Det skjer gjennom å ta i bruk varierte strategiar og læringsressursar for å utvikle leseferdigheitene til elevane og dei munnlege og skriftlege ferdigheitene deira i varierte situasjonar.

I link brukar vi forskingsbaserte vurderingsmetodar. Det finst fleire måtar å vurdere på. Tilbakemeldingar kan ha ulike former: eigenvurdering, parvurdering og tilbakemeldingar og vurdering frå læraren. I tillegg til variasjon i kven som vurderer, kan vi ha variasjon i når vurderinga skjer: undervegs- (formativ) og sluttvurdering (summativ). Vi legg vekt på oppgåver som krev elevaktivitet: «a product or performance that calls for the student to use the competencies and vocabulary from a unit of instruction in a meaningful context that replicates the challenges of the ‘real world’» (Curtain og Dahlberg, 2016).

I link tilrår vi observasjon som ein av dei viktigaste måtane å vurdere elevane på. Observasjonane blir brukte vidare til dialog med elevane: «Læreren og elevene skal være i dialog om elevenes utvikling i engelsk. Med utgangspunkt i kompetansen elevene viser, skal de få mulighet til å sette ord på hva de opplever at de får til, og hva de får til bedre enn tidligere. Læreren skal gi veiledning om videre læring og tilpasse opplæringen slik at elevene kan bruke veiledningen for å utvikle leseferdigheter, skriveferdigheter og muntlige og digitale ferdigheter i faget.» (LK20)

14

Du finn forslag i side-for-side-gjennomgangen. Vi vurderer eigentleg elevane heile tida. Vi observerer kva dei seier, gjer og skriv, men også kva læringsstrategiar som fungerer best. Ofte er det lett å tenkje at observasjonar ikkje er «godt nok», og at det trengst noko meir handfast. Det stemmer ikkje. Slike observasjonar kan også vere med på å danne eit bilete av kva elevane allereie kan, og kva perspektiv dei har. Dette vil vere til hjelp når ein underviser i tema som tek føre seg det kulturelle, og der eigne erfaringar er eit utgangspunkt for forkunnskap og samtale. Det er viktig å organisere timane slik at flest mogleg får snakke engelsk mest mogleg. Ved at du lyttar til det elevane seier, har framføringar/ presentasjonar, gjer opptak og lèt elevane vurdere seg sjølve, blir det lettare for deg å danne deg eit bilete av dei munnlege ferdigheitene deira. Tydelege kriterium og framovermeldingar frå læraren gir elevane god støtte og hjelp på vegen vidare i språklæringa.

For å lese meir om formativ vurdering (vurdering for læring) og få fleire konkrete tips anbefaler vi å besøkje bloggen til læraren Kjell Evensen: https://vurderingspraksis.wordpress.com/.

I link Workbook avsluttar vi kvart kapittel med «Can you link it», som er ein reiskap for å vurdere om elevane har nådd hovudmåla for kapittelet.

Les meir om praktiske tips til vurdering i del 4.

Referansar

Coste, D. og Cavalli, M. (2015). Education, Mobility, Otherness. The Mediation Functions of Schools. Europarådet. Coyle, D. (1999). Theory and planning for effective classrooms. Supporting students in content and language integrated learning contexts. I J. Masih (red.), Learning Through a Foreign Language: Models, Methods and Outcomes (s. 46–62). London: CILT (Centre for Information on Language Teaching and Research).

Curtain, H. og Dahlberg, C. (2016). Languages and Learning. Making the Match. Boston, MA: Pearson Education. Hasselgreen, A. (2005). The new læreplan proposal for English. Reading between the lines. Språk og språkundervisning, 2, 7–10.

Krashen, S.D. (1998). Second Language Acquisition and Second Language Learning. Hoboken, NJ: Prentice-Hall International.

Kress, G. (2010). Multimodality: A Social Semiotic Approach to Contemporary Communication. London: Routledge. McConachy, T. (2018). Developing Intercultural Perspectives on Language Use: Exploring Pragmatics and Culture in Foreign Language Learning. Bristol: Multilingual Matters.

Gjennomgangsfigurane

Som ein del av det interkulturelle perspektivet i link har vi valt å introdusere fem gjennomgangsfigurar som følgjer elevane frå første klasse og gjennom heile læreverket. Desse figurane har ulik bakgrunn og ulike familiar. Saman med desse figurane vil elevane bli introduserte for ulike situasjonar der kommunikasjon blir naturleg – alt frå relasjonsbygging, som venskap, til situasjonar der gjennomgangsfigurane må kommunisere for å oppnå noko, som å kjøpe varer.

Gjennomgangsfigurane har ulik bakgrunn, men er alle busette i Noreg og går i same klasse. Vi har likevel valt å unngå eksotisering eller vektlegging av religion. Elevane skal kunne kjenne seg att i figurane og situasjonane dei er i.

Jonathan er norsk, Thea er engelsk og har flytta til Noreg, Mercy er kenyansk og flytta til Noreg frå England før ho begynte på skulen, James er norsk-kanadisk og flytta til Noreg saman med mor si, og Aryan er indisk og er fødd i Noreg. Her følgjer ein liten presentasjon av kvar av dei:

15

Jonathan bur annakvar veke hos mora, Inger, og annakvar veke hos faren, Harald. Når han blir stor, har han lyst til å bli brannmann. Han er veldig glad i å reise. Han elskar fotball, videospel og å lese bøker. Han er også glad i å skrive.

Thea bur saman med mora, Elizabeth, og faren, David. Ho har ein veslebror, Victor. Ho er veldig glad i fargar og likar godt å kle seg i fargerike klede. Ho reiser ofte heim til England for å besøkje Uncle Tony og Auntie Susan på garden deira i Yorkshire. Før ho flytta, besøkte ho dei kvar helg for å helse på dyra.

Mercy bur saman med mor og far, Faith og Joseph, og veslebror, Samuel. Mor hennar var gravid med Samuel då dei flytta til Noreg. Samuel er 4 år yngre enn Mercy. Mercy er veldig glad i musikk og har lyst å bli songar når ho blir stor. Eller målar. Eller arkitekt. Eller teikneserieteiknar. Ho er ikkje heilt sikker. Ho likar å vere ute.

James flytta til Noreg saman med mora, Anne, rett før han begynte på skulen. Dei bur hos foreldra til Anne. Han har ofte videosamtalar med faren og har kontakt med bestemor gjennom brev og e-post. Faren, Matthew, bur i Canada. James har ein hund, ein husky som heiter Charlie.

Aryan bur saman med foreldra, Zara og Sandeep, storesøster, Anika, og storebror Samir. Mor til Aryan er fødd i Noreg, så han har ein stor familie i Noreg. Han veit ikkje kva han har lyst til å bli når han blir stor, men han vil iallfall ikkje bli lege eller forskar som foreldra.

Jonathan

My name is Jonathan. I’m Norwegian. I am the tallest in my class. I guess I got that from my father. He’s super tall. His name is Harald. I live in his flat every other week. See, my parents are divorced. They still like each other, they just couldn’t make it work as a couple. That’s what Mum says at least. Her name is Inger. People say I look like her – with my blue eyes and my sharp nose. Mum works as an attorney, and Dad is an engineer. I don’t really know what they do, but it seems really boring. They just sit in their office all day and have meetings. I don’t want to have a job like that. I want to be a fireman, helping people and saving cats. I love travelling, and so does Mum and Dad. That’s the good thing about having divorced parents – I get to go on twice as many trips. I don’t have any siblings, and I don’t think I’ll have any either. I wouldn’t mind having a brother, but it doesn’t look like my parents will get back together or find someone else. They are too busy with work. My favourite hobbies are playing football, video games and reading. I also like writing different types of texts.

Thea

My name is Thea. I’m originally from England. I live in a house with my mum, Elizabeth, my dad, David, and my younger brother, Victor. I have blond hair and I think that is quite boring, so I like to use some colour in my hair. We moved to Norway when I was four. My dad is a musician and he got a job as a violinist in an orchestra in Norway. My mum is an English teacher. I remember when Dad told me that we were moving. I was so sad. I had to leave my family and move to another country, and I wouldn’t get to see my aunt, Auntie Susan, and uncle, Uncle Tony, as often anymore. They have a farm in Yorkshire. I used to go there every weekend to see the animals, but now I only go there for holidays.

16

James

My name is James. I’m from Canada. I moved to Norway with my mum, Anne, when I was six years old. She’s Norwegian, but she’s lived in Canada since before I was born. We moved to Norway after my parents split up. My dad, Matthew, still lives in Canada. I miss him, but we talk a lot on Skype and write emails. My dad works as a teacher and says that I need to practice writing, so that’s why I have to write. Besides, my grandma doesn’t know how to use Skype, so he says it is important that I practice writing, so that I can keep in touch with her. I think she misses me more than he does. I miss her too. I have a dog named Charlie. He’s an Alaskan Husky. He has one blue and one brown eye. My dad told me that Native Americans cherished dogs like that. They called having one blue and one brown eye ‘ghost eyes’ and believed that such dogs could see into the heavens with one eye, and Earth with the other. I don’t know if that’s true, but I think it is really cool anyway.

Aryan

My name is Aryan. I live in a house with my parents, Zara and Sandeep, my older sister, Anika, and my older brother, Samir. We have lived in this house since before I was born. My family is from India, but my mother was born in Norway too, so I have loads of family in Norway: Maternal grandparents, two uncles, and their families, and my aunt, Katrina. I think she’s so cool. She always dresses up neatly, and she travels the world as a journalist to write stories. She’s what they call freelance, which means that she’s her own boss, and sells her stories to whoever pays the most. I want to be just like her when I grow up. I also hope I become really tall. I’m the shortest in my class right now. No one bullies me for it, but I just wish I wasn’t the shortest. It’s embarrassing. Katrina and Anika are really good friends. Katrina always gives her advice on education. Anika wants to become a journalist too, and she already writes stories that Katrina gives her feedback on. My mum is a doctor, which my grandparents think is great, and my dad is a scientist. He works for a university. I don’t think my siblings or I will follow in the same paths… or perhaps Samir will, but not me, and definitely not Anika.

Mercy

My name is Mercy. My parents are from Kenya, but I was born in the UK. I live here with my parents, Faith and Joseph, and my little brother, Samuel. Samuel is the only one of us who’s born in Norway – we moved here when Mum was pregnant. My Mum is a computer engineer and so is my Dad. That’s how they met – they both studied at the same university in the UK. I think my parents look really weird together – my mum is short and skinny, and my dad is big. He’s not fat, but just tall and wide. I love music. I think I want to be a singer when I grow up. Or maybe a painter? Or maybe an architect? Or maybe a cartoon artist? I don’t really know. I love singing and drawing at least. I made a funny drawing of my parents once where Dad was a giant, holding Mum in the palm of his hand. Mum didn’t think it was funny. Dad thought it was hilarious and put it up on our fridge. One day it had disappeared. I don’t know what happened to it, so I guess I’ll have to make a new one. We live in a large house, and we have a really nice garden. I play in it all the time. Dad even put up a swing in one of the trees. It’s so much fun. I like spending time in the garden, even in winter. Sometimes I’ll just lie down and look at the clouds, and all the different colours.

I hate when people say clouds are white, because they’re not. There are hundreds of colours in a cloud –you just have to look for them.

17

Tilnærming til språk

Språklege element

I link brukar vi språklege element som eit paraplyomgrep for lingvistikken i språket.

Det engelske språket er eit nødvendig verktøy, til utforsking, forståing og samhandling, i fellesskap og medborgarskap. Det er sentralt å kunne bruke engelsk i mange samanhengar, både formelt og uformelt. I tillegg er det viktig å kunne forstå ulike variantar av engelsk. Dette legg til rette for at elevane blir førebudde på situasjonar der dei treng å kommunisere, skriftleg og munnleg. I link blir perspektiva på språk utvida ved at verket framhevar språkbakgrunnen til både elevane og gjennomgangsfigurane. Det er viktig at elevane føler at dei kan bruke den varianten av engelsk som er naturleg, og som dei kjenner seg mest komfortabel med. Ein elev med australsk far kan til dømes velje å bruke australsk-engelsk også i engelsktimane på skulen.

I link brukar vi både britisk- og amerikansk-engelske ord. Det har vi indikert ved bruk av flagg. Vi har valt desse to fordi det er desse formene for engelsk elevar i Noreg mest sannsynleg blir eksponerte for. Andre variantar av engelsk kjem etter kvart i verket. link ønskjer å vise at det finst fleire variantar av engelsk, og at stavemåtar og vokabular varierer. Det er viktig at elevane får aksept for å bruke den språkvarianten dei vil. Ved at ord og omgrep er markerte med ulike flagg i link, viser verket fram eit utvida perspektiv på språk, og det utviklar ei vidare språkforståing og eit rikare ordforråd.

Uttale Engelsk har i dag mange fleire brukarar enn «den indre sirkelen», Australia, Storbritannia, USA og New Zealand. Dette har også ført til endringar i kva som er «den gode uttalen» – det er ikkje eit mål å kunne snakke «Queen’s English», men heller å ha evne til å kunne kommunisere. På bakgrunn av dette har link valt å introdusere elevane for ulike engelskaksentar gjennom lydfiler og videoar i eit ønske om å spegle det elevane kjem til å møte ved kvardagsleg bruk av engelsk.

Likevel har vi vore nøydde til å velje eit utgangspunkt for fonetikken og vektlegginga av ordlydar i link. På engelsk brukar ein nokre fonem som vi ikkje har i norsk uttale, og det kan derfor vere vanskeleg å uttale dei. Desse fonema har vore prioriterte når vi har valt ut kva lydar de bør leggje vekt på i klasserommet, og vi har valt å gjere dette gjennom RP (Received Pronunciation) og AE (American English) fordi dei aller fleste elevane vil vere i sjiktet mellom desse to uttalevariantane. Det er ikkje det same som at ein må velje ein av desse to, men at dei er der som støtte.

På dei lågaste trinna vil ein først og fremst leggje vekt på konsonantar, medan elevane på dei høgare trinna også vil leggje vekt på vokalar (monoftongar og diftongar). I tillegg får elevane innføring i kvar ein legg trykk i ord og intonasjon gjennom språkmodellar og aktivitetar.

Høgfrekvente ord og frasar

Nye eller vanskelege ord har ofte blitt nytta som gloser til heimelekse og i gloseprøver. Forsking viser at den klassiske gloseprøva er lite tenleg og gjev liten læringseffekt. Ein meir effektiv måte å jobbe med slike ord på er å gjere elevane nysgjerrige. La elevane gå på jakt etter nye eller vanskelege ord i teksten. Kva trur dei orda tyder? Kan dei forstå ordet ut frå samanhengen i setninga eller avsnittet? Liknar ordet på noko dei kjenner att (ei bøyingsform eller eit anna språk)? Er ordet transparent, dvs. liknar det på eit norsk ord (til dømes bok – book, tomat – tomato)? To og to elevar kan prøve å forklare ordet for kvarandre på engelsk. Høgfrekvente ord er ord som opptrer ofte i språket vårt. Vi har valt å bruke ei liste på «Sight words» – «1000 Most Frequently Used Words» (Fry, Kress og Fountoukidis, 2000). Dei hundre første orda på denne lista

2
18

opptrer så ofte at dei utgjer om lag halvparten av alt skriftleg materiale på engelsk. Dersom de jobbar med automatisering av desse orda, vil det vere enklare å tileigne seg og halde på gode lese- og skrivevanar. Dette er særleg til hjelp i begynnaropplæringa, men også for elevar som strevar med lesetempo. Så fort det blir betre flyt i den tekniske lesinga, blir leseforståinga styrkt, og elevane brukar mindre energi på avkoding og meir energi på innhaldsforståing. For at ein skal lære eit ord, må ein oppdage, lese og sjå det i ulike kontekstar fleire gonger, så mykje som 7–12 gonger. La elevane leite og finne høgfrekvente ord i tekstane. Kva tyder orda? Liknar orda på eit norsk ord? I kva samanheng blir orda brukte? Lag gjerne ein plakat i klasserommet og skriv ned dei høgfrekvente orda etter kvart som de møter dei.

Vi har plukka ut nokre høgfrekvente ord til kvart årstrinn, med noko overlapping mellom årstrinna. Nokre utvalde ord står på kapittelframsida i lærarrettleiinga, og ei fullstendig liste over dei 1000 mest høgfrekvente orda finn du bakarst i den generelle delen. På 7. trinn har vi plukka ut desse orda: may –over – very – after – just – name – great – help – old – tell – show – also – small – put – does – another – well – must – even – such – because – ask – need – us – move.

Enkle frasar er ein måte å kommunisere med andre på, både på morsmålet og på eit framandspråk. Frasar som «Excuse me. Can you help me, please?» og «I think that…because…» gjer det enkelt å kome i kontakt med andre, og kommunikasjonen flyt relativt godt ved hjelp av berre nokre få frasar. Vi har valt ut nokre passande frasar til kvart kapittel.

Grammatikk

Grammatikk er nok for mange knytt til «språkangst» og vegring. Kva rolle grammatikken har spela i språklæring, har variert gjennom ulike stadium, og det er tett knytt til læringsteoriar om språk. Utviklinga har gått frå eit syn der språket blir bygd opp frå grammatikken, til eit funksjonelt syn på språket der kommunikasjon og språket i bruk står i sentrum. Forsking viser at eksplisitt undervisning av grammatikk i korte intensive periodar er mindre nyttig. Ein kan også stille spørsmål ved om denne tilnærminga har nytteverdi for motivasjon. Språklæring skal i første rekkje vere kjekt og gjere elevane nysgjerrige. Dette er utgangspunktet vi har hatt når vi har utvikla grammatikkdelen i link

Grammatikken skal lærast inn i små drypp og i eit samspel med tekstar og munnlege aktivitetar. Det er derfor ikkje lagt opp til grammatikk midt i kapittelet. Til kvar enkelt tekst er det mange grammatiske element, ikkje berre eitt. Vi har derfor samla alle dei grammatiske elementa og skrive dei ned i sidefor-side-gjennomgangen i Teacher’s Guide, med tips til korleis du kan jobbe med grammatikken på dei aktuelle sidene. På denne måten får elevane små drypp av grammatikk heile tida. Det er ein eigen grammatikkdel i slutten av tekstbøkene og arbeidsbøkene. Desse sidene er tenkte som ei støtte for elevane når dei jobbar i tekstboka og arbeidsboka. Dersom de går gjennom ei side som inneheld mykje adjektiv, kan de slå opp på sidene som forklarer funksjonen til adjektiva. I denne lærarrettleiinga vil vi referere til grammatikk når det passar med sider i tekstboka. Du vel sjølv når det passar å jobbe med grammatikken. Vi har likevel tenkt, og vi tilrår, at du repeterer grammatikken og nyttar deg av støttesidene jamleg, slik at elevane får fleire høve til å oppdage og forstå kva funksjon grammatikken har. I tillegg til sidene i link Teacher’s Guide kan du også finne plakatar digitalt. Vi rår til at du skriv dei ut, og at dei anten heng i klasserommet, eller at du hengjer dei opp når de tek opp temaa.

Døme – adjektiv:

Du jobbar med ein tekst med adjektiv. Bruk sidene bakarst i boka for å introdusere eller repetere kva funk sjon adjektiva har i språket – dei skildrar substantiv («these are words that describe people and things, for example, ‘the tall man’»). Gå deretter tilbake til teksten. Finn elevane adjektiv i teksten de har lese? Kva gjer adjektiva med teksten? Blir det lettare å sjå føre seg korleis ein person ser ut ved hjelp av adjektiv?

Bruk plakaten og sidene i tekstboka aktivt i undervisninga. På denne måten blir elevane betre kjende med boka og korleis dei skal nytte seg av kjelder dei har tilgjengeleg som støtte.

19

Syntaks

Syntaks er den delen av språket som tek føre seg frasar og setningar: Korleis ein set ord i rett rekkjefølgje, kva ord som kan kombinerast, og korleis, slik at ein kan kommunisere på ein god måte. Alle språk har underliggjande reglar for syntaks, som, saman med reglar for korleis ord blir konstruerte og står til kvarandre (morfologi), utgjer grammatikken til språket. Vi ser dette i setningane «Dave hit the ball» og «The ball hit Dave.» Som døma viser, er rekkjefølgja på orda viktig for kva meining dei har.

I link, lærer elevane korleis språk er bygd opp for å skape meining, ved bruk av ord-rekkjefølgje og setningsstruktur. Gjennom arbeid med tekstar vil dei bli kjende med kva reglar som gjeld for oppbygging av setningar.

Pragmatikk

Pragmatikk er kort sagt skjeringspunktet mellom språk og kontekst, og handlar om kommunikasjon. Med andre ord er det snakk om kva funksjon språket har i den konteksten det oppstår i – kvar vi er, kven vi snakkar til, og kva vi ønskjer å oppnå. Eit døme som ofte blir trekt fram, er spørsmålet «Do you have a watch?». Dette kan tolkast bokstavleg (ja, eg har ei klokke) eller i overført tyding (personen spør eigentleg om kva klokka er). Pragmatikk omfattar mellom anna idiom, ironi, og speech acts som requests, apologies, refusals og compliments, og dreier seg om kommunikasjon. Det handlar også om det ikkje-verbale språket, dvs. kroppspråket. Ei helsing er like mykje sett saman av kva vi gjer som av kva vi seier. Det er viktig å utvikle ferdigheiter innanfor pragmatikk. Morsmålsbrukarar kan ofte tolke og tilgje grammatiske feil som mangel på ferdigheiter i språket, medan pragmatiske feil ofte – kanskje særleg ved oppmodingar – kan bli tolka meir negativt, som uhøfleg framferd (Thomas, 1983). Eit døme på dette kan vere ein elev som seier til læreren sin: «Give me your lecture notes.» Dette er grammatisk rett, men tek ikkje nødvendigvis omsyn til det kontekstuelle – kven ein snakkar med, og kva ein spør om.

I link har vi valt å introdusere pragmatikk frå første klasse, gjennom tekstar, dialogar, interaksjonar og oppgåver. Elevane blir introduserte for ulike frasar, ord og strategiar som dei kan nytte seg av i bestemte situasjonar og med ulike føremål. Dei skal få vere nysgjerrige og diskutere og oppleve kva kroppspråket har å seie for kommunikasjon. Det finst ikkje alltid eit rett og feil svar på kva ein skal seie i ulike situasjonar, men elevane kan utvikle eit repertoar av strategiar som dei kan nytte seg av.

Ei oversikt over pragmatikk og talehandlingar finn du på denne ressurssida ved University of Minnesota: https://carla.umn.edu

Cohesion is the grammatical and lexical linking within a text or sentence that holds a text together and gives it meaning.

Coherence refers to the unity or togetherness of the text as a whole and is achieved through the effective grouping and arrangement of ideas in a logical order.

Translanguaging is when a person who knows more than one language freely uses all her languages to ask questions, understand, learn, explain, and communicate in a social (often educational) setting. Translanguaging is a natural approach to language use for people who know more than one language.

20

Strategiar

I link introduserer vi strategiar gradvis, gjennom å bruke den kunnskapen og erfaringa elevane har tileigna seg i norskfaget. Til mange av tekstane vil de finne forslag om strategiar som passar til læringsmåla, føremålet med aktiviteten, temaet for kapittelet og den overordna progresjonen i ferdigheiter.

I andre tekstar vil det vere lagt vekt på den overordna forståinga, leseopplevinga eller interkulturell kompetanse. Kva teksten legg vekt på, vil stå i lærarrettleiinga. Det vil ofte vere fleire strategiar som er relevante for ein bestemt tekst. Som lærar kan du tilpasse og endre strategi så lenge den du vel, er eigna for den aktuelle teksten og det målet du har med timen. Vi oppmodar til at de ser progresjonen i strategiar i engelskfaget opp mot progresjonen i norsktimane.

Når du introduserer dei nye strategiane, er det viktig at studentane får bruke tid på éin strategi om gongen. Dette vil hjelpe dei til å forstå

a) kva strategien er, og kva som skil han frå andre strategiar

b) kvifor han er nyttig for det dei ønskjer å oppnå

c) korleis dei kan bruke han

Det er viktig at du modellerer lesestrategiane for elevane. Sjå links lærarsider, der du finn støttevideoar, mellom anna om dette temaet.

Munnlege strategiar

I LK20 står det at språklæring omfattar å kunne bruke språklæringsstrategiar. Elevane skal lære «å bruke enkle strategier i språklæring, tekstskaping og kommunikasjon» (LK20).

Innanfor munnleg kommunikasjon snakkar vi om munnleg mottak (lytting), munnleg produksjon (førebudd tale), munnleg interaksjon (spontan interaksjon) og forhandling (jf. CEFR).

Lytte – oral reception

Å lytte blir brukt når ein lyttar til tale, til dømes når læraren snakkar, og når ein samhandlar med andre. Det er viktig at elevane får praktisere lytteforståing og bruk av munnlege strategiar. Før ein skal lytte, kan ein tenkje på kva ein kan om situasjonen, for å kunne spå kva som kjem til å bli sagt, og når ein lyttar, kan ein be om avklaringar.

Det er viktig å øve opp lytteferdigheitene fordi det styrkjer konsentrasjonen, forståinga og evna til å delta i samtalar med andre. Vi treng både top-down og bottom-up lytteferdigheiter. Top-down lytteferdigheiter brukar vi når vi legg vekt på hovudinnhaldet. Vi brukar dei ofte når vi har litt bakgrunnskunnskap eller er i stand til å gjette kva som blir sagt når vi ikkje kjenner til alle orda eller høyrer alt som blir sagt. Sjølv om vi må gjette litt, forstår vi hovudpoenget. Bottom-up prosessering brukar vi når vi treng å forstå nøyaktig kva som bli sagt, og når vi treng å forstå kvart einskild ord, til dømes for å få med oss alle orda i ei forklaring om kvar ein finn huset til ein ven.

21

Vi anbefaler òg å varme opp med lytteøvingar FØR sjølve aktiviteten. Det er fordi at når vi lyttar i den verkelege verda, er det uvanleg å lytte til noko utan å ha ei viss aning om kva vi kjem til å høyre. Til dømes når vi lyttar til ein podcast, kjenner vi truleg temaet han handlar om, eller når vi lyttar til ein kelner som les opp rettane i ein meny, har vi ei aning om kva slags mat vi kjem til å høyre om. På vårt eige språk er det lettare å tilpasse seg, og vi har sjeldan problem med å forstå kva vi lyttar til. Å lytte til ukjende lydar, ord og strukturar på eit anna språk utan førebuing er utfordrande, og elevane kan miste motivasjonen når dei forstår mindre.

Førebuande lytteaktivitetar kan vere:

• aktivere førkunnskap om eit emne – kva veit du om …?

• fastsetje kontekst – kven snakkar, kvar og kvifor

• skape interesse – motivere elevane – sjå på bilete, tilpasse lytteaktiviteten til deira interesser

• føreseie innhaldet i lytteaktiviteten på førehand ved å bruke informasjon om emnet eller situasjonen, bilete og stikkord

• aktivere vokabular/språk – ha idémyldring om kva språk elevane skal få høyre basert på kontekst

• kontrollere/forstå lytteoppgåva – gi elevane god tid til å lese og forstå oppgåva, spørsmåla, instruksjonane. Dette kan til og med hjelpe dei til å spå kva dei skal lytte til.

Snakke – spontan interaksjon og førebudd tale

Å snakke er ei vesentleg ferdigheit når ein kommuniserer med andre. Elevane må øve på munnlege ferdigheiter for både førebudd kommunikasjon og spontan interaksjon. Dei kan få støtte i dette ved å ta i bruk strategiar, til dømes ved å lære å formulere seg annleis, ved å bruke frasar og større setningsbitar, ved å bruke all språkkunnskapen dei har, og ved å vere villige til å gjere feil. Elevane vil ha mange høve til å praktisere interaksjon med kvarandre gjennom korte dialogar og spontane samtalar om kjende emne.

I LK20 står det: Elevane skal lære: «å utforske og bruke uttalemønstre og ord og uttrykk i lek sang og rollespill» (vi må ikke glemme å leke med språket også på mellomtrinnet), «uttrykke seg forståelig med et variert ordforråd og høflighetsuttrykk tilpasset mottaker og situasjon», «innlede, holde i gang og avslutte samtaler om egne interesser og aktuelle emner», «utforske og samtale om noen språklige likheter mellom engelsk og andre språk eleven kjenner til, og bruke dette i egen språklæring» og «reflektere over og samtale om rollen engelsk har i eget liv».

Når vi diskuterer tema, kan vi bruke støttefrasar for å kommunisere med andre:

Korleis skildrar vi det vi ser, for andre, og korleis deler vi perspektivet vårt? Korleis kan vi vise at vi er einige? Korleis kan vi vise med respekt at vi er ueinige?

Nedanfor har vi valt ut nokre munnlege strategiar i to kategoriar: spontan interaksjon og forberedt tale som elevane vil praktisere gjennom heile link. Det er lagt opp til ein progresjon der ein i tillegg til nye strategiar held fram med dei frå førre trinn. Se også en liste for elevene i Textbook på side 216.

Spontan interaksjon

Før du snakkar

4.–7. trinn

• knyte oppgåva til ein liknande situasjon, assosiere

• føreseie kva for eit ordforråd du vil trenge

• tenkje gjennom korleis du kan snakke deg rundt ordforråd du ikkje har

• tenkje på synonym, antonym, forklaringar eller ikkje-verbal kommunikasjon som kan fungere som erstatning

22

Medan du snakkar

1.–2. trinn

• be om avklaringar («Var det dette eg skulle gjere?») (1–7)

• be om hjelp (spørje nokon om eit ord, la andre få vite at du treng hjelp) (1–7)

• be om stadfesting (spørje om nokon kan rette på uttalen) (1–7)

• senke farten på talen (det er greitt å ta pausar for å tenkje ut eit svar) (1–7)

• ha empati med partnaren (prøve å vere støttande og hjelpsam) (1–7)

3.–7. trinn

• samarbeide om å forhandle fram meining og fullføre oppgåva

• korrigere deg sjølv (gå tilbake og rett opp dersom du høyrer sjølv at du gjer ein feil)

• bruke kroppsrørsler

• gjenta det du sa

• be om at andre gjentek det dei sa

• ikkje gje opp og ikkje la deg stoppe av at du gjer feil

5.–7. trinn

• tilpasse språket til personen eller situasjonen

• bruke nøkkelord

• bruke synonym

• bruke kjende frasar og mønster

• omformulere seg (circumlocution) – skildre ordet du ikkje kjem på eller kan

• ta i bruk nytt ordforråd (prøve å ikkje berre bruke kjende ord) (1–7)

• tilnærme seg – bruke eit ord som liknar eller har liknande tyding som det du prøver å kome på eller ønskjer å bruke

Førebudd tale

Før du snakkar: førebuing og planlegging (4–7)

• aktivere forkunnskap (kva kan du allereie om denne situasjonen/oppgåva?)

• knyte oppgåva til ein liknande situasjon, assosiere

• lage ordkart, gruppere

• førebu eit manus eller keywords

• førebu ein struktur og organisere innhaldet

• strukturere framføringar: innleiing, avslutning (My name is… I’m going to tell you about… Thank you for listening. Do you have any questions?)

• halde seg til temaet

• planleggje det ordforrådet ein treng for å snakke om temaet

• planleggje korleis ein kompenserer for det ein ikkje kan

• øve på tidsplanlegging og talefart

• øve på korleis ein understrekar det som er viktig (intonasjon, gradsadverb)

• tilpass til sjangrar – forteljingar, saktekstar, rapportar osv.

• ha publikum i tankane

• ha oppgåva/føremålet i tankane

Undervegs i framføringa

• korrigere deg sjølv (gå tilbake og rett opp dersom du høyrer sjølv at du gjer ein feil)

• kompensere for manglande ordforråd ved å snakke seg rundt det, bruke synonym, gjette på rett ord, få hjelp, bruke ord som er i slekt, finne på ord eller bruke kroppsrørsler

• ha publikum i tankane

• vere medviten om kor raskt ein snakkar

• snakke tydeleg

23

Lese

Å lese er ei grunnleggjande ferdigheit for læring og kommunikasjon. Lesinga blir støtta opp av strategiar. Nokre av strategiane er spesifikke for lesing, men mange av dei er generelle læringsstrategiar. Dei fleste av lesestrategiane er dei same anten ein les på første- eller andrespråket sitt – til dømes å sjå på bilete, føresjå innhaldet og stille spørsmål om teksten. Nokre få av strategiane er spesifikke for lesing på eit andrespråk – til dømes å bruke ei tospråkleg ordbok, omsetje mentalt og finne ekte og falske vener (ord som er like eller liknar kvarandre på dei to språka). Derfor er det viktig at lærarane støttar elevane i å bruke lesestrategiane dei lærer i norsktimane, i engelsktimane. I tillegg kjem det at dei som kan endå eit språk i tillegg til norsk og engelsk, kan dra nytte av dette språket når dei lærer engelsk.

Progresjon i lesestrategiar i link

1.–7. trinn

• sjå på overskrifter

• sjå på bilete og ikon

• gjette/føresjå innhaldet

• aktivere og ta i bruk bakgrunnskunnskap

• sjå samanhengar mellom første- og andrespråk

3.–7. trinn

• gjette ord ut frå kontekst

• lage og stille spørsmål om teksten

• bruke ordbøker

• samanfatte og sjekke forståing

5–7. trinn

• sjå samanhengar mellom tekstar og trekkje logiske slutningar

• sjekke og følgje med på forståing

• kjenne att vanlege ord og frasar

• bruke visuelle og grafiske organiseringsverktøy

• lage oppsummeringar

• omsetje mentalt

• finne ekte og falske vener

• skrive stikkord

• bruke bilete til å tolke informasjon

Skrive

Nokre skrivestrategiar kan lett observerast, medan andre strategiar er mentale prosessar ein kanskje ikkje er klar over at ein brukar. I link introduserer vi skrivestrategiar gradvis, i tråd med skriveferdigheitene til elevane og den kognitive utviklinga deira.

I førskrivingsfasen handlar det om å gje elevane gode rammer. Det kan vere alt frå å gje elevane ei konkret skriveoppgåve til å la dei lese gode eksempeltekstar, gjerne skrivne av andre elevar. Uansett alderstrinn må elevane få eit føremål med skrivinga og få vite kven som er dei potensielle mottakarane av teksten. Dette er retningsgjevande for innhaldet i teksten og forma på han. På første trinn kan ein mottakar vere eleven sjølv, ein vaksen i ein nær relasjon eller ein ven. I takt med at alderen og modningsnivået til elevane stig, blir mottakarane fleire og meir perifere, til dømes rektor, ein elev i eit anna land og lesarane av eit avisinnlegg.

I førskrivingsfasen er det nyttig å disponere innhaldet. På dei lågaste trinna er tankekart og nøkkelord aktuelt. Dette bør supplerast med venndiagram, kolonnenotat eller VØL-skjema oppover på trinna.

24

Elevane kan lage ein skriveplan der dei gjer greie for kva innhald som skal vere med. Ein slik skriveplan kan elevane skrive saman. I samskriving støttar elevane kvarandre, og det kan gjere skrivinga meir lystprega. Samskriving gjer skriveprosessen meir tydeleg fordi elevane må setje ord på vala dei gjer. På dei lågare trinna er det god hjelp i setningsstartarar.

Å revidere og omarbeide sin eigen tekst er ein av dei viktigaste skrivestrategiane elevane treng. Denne prosessen går føre seg heile tida, frå ein planlegg kva ein skal skrive om, gjennom ulike utkast og fram til sluttføringa av teksten. Revisjon av tekst handlar om meir enn å skrive teksten i fleire utkast og rette opp skrivefeil. Det handlar også om å vurdere ord og formuleringar, vurdere mottakaren av teksten og sjå ein samanheng i innhaldet frå start til slutt. Undervegsvurdering frå éin eller fleire medelevar kan vere ein viktig del av dette arbeidet.

Det er viktig at skriveoppgåvene blir fullførte, for at elevane skal lære seg strategiar for sluttføring av tekstar. Ein effektiv strategi for gjennomlesing av ein eigenprodusert tekst er å lese teksten bakfrå, avsnitt for avsnitt. Dette hjelper eleven til å lese det som faktisk står skrive, og ikkje berre det ein trur står skrive. Ein annan strategi for ei god sluttføring av ein tekst er å få teksten sin lesen opp av andre, gjerne med konstruktiv tilbakemelding.

Progresjon i skrivestrategiar i link

1.–7. trinn

• disponere innhald (tankekart, nøkkelord)

• bruke setningsstartarar

3.–7. trinn

• disponere innhald (tankekart, nøkkelord, venndiagram, kolonnenotat, VØL-skjema)

• vurdere eigen tekst (samanheng frå start til slutt, sjangertrekk)

• få støtte frå ein modelltekst til å skrive eigne tekstar

• bruke ordbok

5.–7. trinn

• samskrive

• vurdere eigen tekst (samanheng frå start til slutt, sjangertrekk, mottakar)

• gje og få respons frå medelev(ar)

• skrive ved å bruke nøkkelord frå ein tekst du har lese

• samanfatte med eigne ord

• samanlikne eigen tekst med ein modelltekst

• metakognitive strategiar – korleis ein redigerer tekst, korleis ein les ein tekst på nytt

• klare å finne hovudbodskapen

• finne støtte til eins eigne argument

Meir om strategiar: https://carla.umn.edu/

Referansar

Alcaya, C., Lybeck, K. og Mougel, P. (1994). Speaking Strategies. Compiled by teachers in the Experimental sections of the Speaking Strategies Experiment, NLRC/CARLA, University of Minnesota. Fry, E.B., Kress, J.E. og Fountoukidis, D.L. (2000). The Reading Teacher’s Book of Lists. San Fransisco: Jossey-Bass.

Goldenberg, C. (2011). Reading Instruction for English Language Learning. I M.L. Kamil, P.D. Pearson, E.B. Moji og

P. Afflerback (red.), Handbook of Reading Research (bind 4, s. 684–710). New York: Routledge.

Grabe, W. (2009). Reading a Second Language Moving from Theory to Practice. New York: Cambridge University Press. Thomas, J. (1983). Cross-cultural pragmatic failure. Applied Linguistics, 4(2), 91–112.

25

link er et læreverk i engelsk for hele barnetrinnet. Verket er et friskt pust i engelskundervisningen og vektlegger felles, flerfaglige aktiviteter og dybdelæring. I link har vi fokus på interkulturell kompetanse, og vi følger fem gjennomgangsfigurer, fra 1. til 7. klasse. link bygger på oppdaterte læreplaner og tar elevene på alvor i en ny hverdag.

• Arbeid med interkulturell kompetanse setter engelskfaget i en global sammenheng.

• Engelskspråklige tekster gir bakteppe for nye perspektiver.

• Lese- og skrivestrategier lar elevene jobbe aktivt med innhold.

• Oppgaver med vekt på utforsking utvikler elevenes evne til refleksjon.

• Elevene jobber med kommunikasjon gjennom samhandling og fellesskap.

• Oversikt og dybdelæring gir sammenheng i lærestoffet.

• Systematisk språklæring gir et godt grunnlag for videre arbeid med faget.

Komponenter på 7. trinn

• link 7 Textbook

• link 7 Workbook

• link 7 Teacher’s Guide

Digitale ressurser for elev og lærer. Alle bøker er tilgjengelige i digital utgave, som d-bok.

Les mer om verket på www.fagbokforlaget.no

ISBN 978-82-11-03886-9

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.