Voksnes rett til opplæring 2024 (9788245050837)

Page 1


Øystein Stette (red.)

Opplæringslova

Forord

Voksnes rett til opplæring er i hovedsak regulert i Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) og Lov om integrering gjennom opplæring, utdanning og arbeid (integreringsloven).

Ny opplæringslov og ny opplæringsforskrift gjelder fra 1. august 2024.

I denne boka er det redaksjonelt gjort et utdrag av de mest relevante paragrafene for voksne i opplæringslova og i opplæringsforskrifta.

Under hver lovparagraf i opplæringslova er det tatt med et utdrag for voksne fra merknadene til paragrafen i lovproposisjonen.

Integreringsloven ble iverksatt 1. januar 2021 og sist endret 1. juli 2024. Integreringsforskriften ble iverksatt 1. januar 2021 og sist endret 1. juli 2024. Både loven og forskriften er tatt med her i full tekst. Til hver paragraf i loven er det tatt med merknader til paragrafen fra lovproposisjonen.

Opplæringslova inneholder mange skjønnsmessige regler. Skjønnsmessige vurderinger kan deles inn i lovbundne skjønn og forvaltningsskjønn. Som hjelp i bruken av skjønnsmessige regler er det i vedlegg 1 tatt med kap. 5 «Bruk av skjønnsmessige reglar» fra lovproposisjonen Prop. 57 L (2022–2023).

Boka er oppdatert per 1. juli 2024.

Oslo, juli 2024

Øystein Stette redaktør

Innhold

Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) 8

Utdrag for opplæring av voksne 8

Første del – innleiande reglar 9

Kapittel 1 Formålet med og krava til opplæringa 9

§ 1-1 Formålet med lova 9

§ 1-2 Verkeområde 9

§ 1-3 Formålet med opplæringa 10

§ 1-4 Mål og prinsipp for opplæringa 11

Andre del – grunnskoleopplæring 12

Kapittel 2 Rett og plikt til grunnskoleopplæring 12

§ 2-1 Rett til grunnskoleopplæring 12

§ 2-5 Gratis grunnskoleopplæring 12

Kapittel 3 Val av skriftspråk og særskilde språkrettar i grunnskoleopplæringa 13

§ 3-2 Opplæring i og på samisk i grunnskolen 13

§ 3-5 Opplæring i punktskrift i grunnskolen 14

§ 3-6 Særskild språkopplæring i grunnskolen 14

Kapittel 4 Skyss, leksehjelp, skolefritidsordninga, skoletur og overgang frå barnehage til skole 17

§ 4-1 Rett til skyss til og frå skolen for elevar i grunnskolen 17

Tredje del – vidaregåande opplæring 18

Kapittel 5 Rett til vidaregåande opplæring 18

§ 5-1 Rett til vidaregåande opplæring 18

§ 5-3 Planlegginga og utbygginga av det vidaregåande opplæringstilbodet 21

§ 5-8 Gratis vidaregåande opplæring 22

Kapittel 6 Val av skriftspråk og særskilde språkrettar i den vidaregåande opplæringa 23

§ 6-4 Opplæring i punktskrift i den vidaregåande opplæringa 23

§ 6-5 Særskild språkopplæring i den vidaregåande opplæringa 24

Kapittel 7 Opplæring i bedrift 25

§ 7-1 Verkeområdet for kapittelet, og kven som er lærling, praksisbrevkandidat, lærekandidat og kandidat for fagbrev på jobb 25

§ 7-2 Inngåing og endring av kontrakt om opplæring 26

§ 7-3 Heving og oppseiing av kontrakt om opplæring 28

§ 7-4 Kva rettar og plikter dei med læretid i bedrift har som arbeidstakarar. Tilhøvet til arbeidsmiljøloven 29

§ 7-5 Godkjenning av lærebedrifter 30

§ 7-6 Krav til lærebedrifter 31

§ 7-7 Rekruttering av lærebedrifter og formidling til læreplass 31

§ 7-8 Tilskot til lærebedrifter 32

§ 7-9 Oppfølging av lærebedrifter og tap av godkjenning

§ 7-10 Lærebedriftene sitt ansvar for opplæringa

32

33

§ 7-11 Krav til internkontroll i lærebedrifter 34

§ 7-12 Samarbeidsorgan for lærebedrifter (opplæringskontor)

Kapittel 8 Organ knytte til fag- og yrkesopplæringa

34

36

Kapittel 9 Skyss, bustad, oppfølgingsteneste og overgang frå grunnskole til vidaregåande opplæring 36

Fjerde del – fellesreglar for grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa for barn og unge

38

Kapittel 10 Det beste for eleven, medverknad, skoledemokrati, foreldresamarbeid, skolereglar og plikt til å delta

Kapittel 11 Tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging

38

38

§ 11-1 Tilpassa opplæring 38

§ 11-4 Personleg assistanse 39

§ 11-5 Fysisk tilrettelegging og tekniske hjelpemiddel

40

§ 11-6 Individuelt tilrettelagd opplæring 41

§ 11-7 Vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring og krav om sakkunnig vurdering

§ 11-8 Kva den sakkunnige vurderinga skal innehalde

§ 11-9 Kompetansekrav for den som skal gi individuelt tilrettelagd opplæring

§ 11-10 Individuell opplæringsplan

§ 11-11 Årleg evaluering av utbyttet av den individuelt tilrettelagde opplæringa

§ 11-12 Alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)

§ 11-13 Pedagogisk-psykologisk teneste

Kapittel 12 Skolemiljøet til elevane

Kapittel 13 Ordenstiltak

Kapittel 14 Organiseringa av opplæringa og reglar for livssynsopplæringa

Kapittel 15 Opplæringsspråk, læremiddel og skolebibliotek

Kapittel 16 Rådgiving

42

44

45

46

46

47

48

51

51

51

51

51

Kapittel 17 Personalet i skolen, skolefagleg kompetanse og kvalitetsutvikling 51

§ 17-3 Krav om kompetanse for å bli tilsett i lærarstilling 51

§ 17-4 Krav om relevant kompetanse i undervisningsfag 52

§ 17-5 Kvalifikasjonsprinsippet 54

§ 17-11 Politiattest og forbod mot tilsetjing 54

Femte del – førebuande opplæring og vidaregåande opplæring for vaksne 58

Kapittel 18 Rett til førebuande opplæring og vidaregåande opplæring for vaksne 58

§ 18-1 Formålet med opplæringa for vaksne 58

§ 18-2 Rett til førebuande opplæring for vaksne 58

§ 18-3 Rett til vidaregåande opplæring for vaksne 60

§ 18-4 Rett til yrkesfagleg rekvalifisering 63

§ 18-5 Vidaregåande opplæring for vaksne utan rett 63

§ 18-6 Rett til læreplass eller anna tilbod i den vidaregåande opplæringa for vaksne 64

§ 18-7 Påbygging og opplæring fram til generell studiekompetanse 64

§ 18-8 Realkompetansevurdering 65

§ 18-9 Gratis opplæring for vaksne 66

§ 18-10 Rett til opplæring for vaksne som ikkje har opphaldsløyve 67

§ 18-11 Plikt til oppmøte og aktiv deltaking i opplæringa for vaksne 68

Kapittel 19 Innhaldet i og organiseringa av den førebuande og den vidaregåande opplæringa for vaksne 68

§ 19-1 Innhald, vurdering og dokumentasjon i opplæringa for vaksne 68

§ 19-2 Organisering av opplæringa for vaksne 70

§ 19-3 Bokmål og nynorsk i opplæringa for vaksne 70

§ 19-4 Rett til opplæring i og på samisk for vaksne deltakarar 71

§ 19-5 Tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging for vaksne deltakarar 72

§ 19-6 Opplæring for å utvikle eller halde ved like grunnleggjande ferdigheiter i den førebuande opplæringa for vaksne 72

§ 19-7 Alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) i opplæringa for vaksne 73

§ 19-8 Særskild språkopplæring for vaksne deltakarar 73

§ 19-9 Opplæring i og på norsk teiknspråk for vaksne deltakarar 74

§ 19-10 Opplæring i punktskrift for vaksne deltakarar 74

§ 19-11 Planlegginga og utbygginga av det vidaregåande opplæringstilbodet for vaksne 75

§ 19-12 Rådgiving om utdannings- og yrkesval i opplæringa for vaksne 75

§ 19-13 Kompetansekrav i opplæringa for vaksne 76

§ 19-14 Politiattest og forbod mot tilsetjing i den førebuande opplæringa for vaksne 76

Kapittel 20 Medverknad, læringsmiljø, lokale ordensreglar og bortvising i opplæringa for vaksne 77

§ 20-1 Rett til medverknad for vaksne deltakarar 77

§ 20-2 Krav til læringsmiljøet i opplæringa for vaksne 77

§ 20-3 Ordensreglar for opplæringa for vaksne 78

§ 20-4 Bortvising av vaksne deltakarar 79

Kapittel 21 Skyss, reisefølgje og losji for deltakarar i opplæringa for vaksne 80

§ 21-1 Skyss til og frå opplæringsstaden for deltakarar i opplæringa for vaksne 80

§ 21-2 Reisefølgje for og tilsyn med deltakarar i den førebuande opplæringa for vaksne 81

§ 21-3 Avgrensing av rett til skyss og rett til losji i den førebuande opplæringa for vaksne 82

Sjette del – privat opplæring, godkjenningsordningar og privatistordningar

83

Kapittel 22 Privat opplæring 83

Kapittel 23 Privatistordningar og godkjenning av utanlandsk opplæring 83

§ 23-1 Privatistar 83

§ 23-2 Praksiskandidatar 83

§ 23-3 Godkjenning av utanlandsk fag- og yrkesopplæring 84

§ 23-4 Behandling av søknad om godkjenning av utanlandsk fag- og yrkesopplæring 85 Sjuande del – forskjellige reglar

Kapittel 24 Samarbeid, samordning, opplysningsplikt, sjølvråderett og avgjerder på vegne av eleven

§ 24-1 Samarbeid og samordning

87

87

87

§ 24-2 Opplysningar til den kommunale helseog omsorgstenesta og sosialtenesta 90

§ 24-3 Plikt til å melde frå til barnevernet 90

§ 24-5 Sjølvråderett for dei som har fylt 15 år 92

Kapittel 25 Behandling av personopplysningar og plikt til å delta i evalueringar 93

§ 25-1 Behandling av personopplysningar og unntak frå teieplikt 93

§ 25-2 Den nasjonale databasen for vitnemål og annan dokumentasjon av oppnådd kompetanse frå vidaregåande opplæring 96

§ 25-3 Innhenting av opplysningar frå folkeregisteret

98

§ 25-4 Plikt til å delta i evalueringar og gi opplysningar 98

Kapittel 26 Kulturskole 100

Kapittel 27 Reklameforbud og forbod mot ansiktsdekkjande plagg 100

§ 27-2 Forbod mot bruk av plagg som dekkjer ansiktet 100

Kapittel 28 Ansvaret til kommunen og fylkeskommunen 101

§ 28-1 Kommunen sitt juridiske og økonomiske ansvar 101

§ 28-2 Fylkeskommunen sitt juridiske og økonomiske ansvar 102

§ 28-3 Ansvar for opplæringa til dei som bur i barnevernsinstitusjonar 104

§ 28-4 Ansvar for opplæringa til innlagde og for barn og søsken til innlagde i helseinstitusjonar 105

§ 28-5 Ansvar for opplæringa til innsette i fengsel 107

§ 28-6 Unntak frå hovudreglane om kva opplæring kommunen og fylkeskommunen har ansvar for 107

§ 28-7 Ansvar for skyss, reisefølgje, tilsyn og losji 108

§ 28-8 Ulykkesforsikring 110

§ 28-9 Karriererettleiing 111

Kapittel 29 Klageinstans, tilsyn og forsøk 112

§ 29-1 Klageinstans for enkeltvedtak 112

§ 29-2 Statleg tilsyn 113

§ 29-3 Forsøksverksemd 114

§ 29-4 Oppfylling av enkeltvedtak som er kjent ugyldig 115

Åttande del – sluttreglar 116

Kapittel 30 Iverksetjing og overgangsreglar 116

§ 30-1 Iverksetjing og oppheving 116

§ 30-2 Overgangsreglar 116

§ 30-3 Endringar i andre lover 117

Forskrift om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringsforskrifta) 118

Utdrag for voksne 118

Første delen – grunnskoleopplæring 119

Andre delen – vidaregåande opplæring 119

Tredje delen – fellesreglar for grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa for barn og unge 119

Fjerde delen – førebuande opplæring og vidaregåande opplæring for vaksne 119

Kapittel 13 Inntak og formidling til vidaregåande opplæring for vaksne 119

Kapittel 14 Innhaldet i opplæringa for vaksne 120

Kapittel 15 Individuell vurdering for vaksne 122

Kapittel 16 Klage på sluttvurderingar for vaksne 130

Kapittel 17 Personalet i førebuande og vidaregåande opplæring for vaksne 131

Femte delen – forskjellige reglar

Kapittel 18 Ulykkesforsikring

Kapittel 19 Rapportering og evaluering av opplæringsverksemda

Kapittel 20 Behandling av personopplysningar

Kapittel 21 Kommunen sitt økonomiske ansvar for grunnskoleopplæringa

Kapittel 22 Fylkeskommunen sin rett til refusjon og fylkeskommunen sitt økonomiske ansvar

delen – sluttreglar

Kapittel 23 Innføringstakt og overgangsordningar

Kapittel 24 Iverksetjing og oppheving

1 Alminnelige bestemmelser

Lovens formål

2 Kommunens og fylkeskommunens ansvar etter loven

Kommunens ansvar

Fylkeskommunens ansvar

3 Tidlig kvalifisering

§ 5 Plikt til å delta i opplæring i mottak

§ 6 Kompetansekartlegging før bosetting i en kommune

§ 7 Andre integreringsfremmende tiltak før bosetting i en kommune

Kapittel 4 Introduksjonsprogrammet

§ 8 Målgruppe for introduksjonsprogrammet

§ 9 Oppholdstillatelser som gir rett og plikt til deltagelse i introduksjonsprogrammet

§ 10 Kompetansekartlegging etter bosetting i en kommune

§ 11 Karriereveiledning

§ 12 Ansvar for introduksjonsprogrammet

§ 13 Sluttmål og varighet av introduksjonsprogrammet

§ 14 Innholdet i og omfanget av introduksjonsprogrammet

§ 15 Integreringsplan

§ 16 Integreringskontrakt

§ 17 Fravær og permisjoner

§ 18 Stans av introduksjonsprogrammet

Kapittel 5 Introduksjonsstønad 159

§ 19 Rett til introduksjonsstønad 159

§ 20 Beregning av introduksjonsstønad 160

§ 21 Reduksjon i stønad på grunn av fravær 161

§ 22 Samordning med andre offentlige ytelser 161

§ 23 Egne midler 162

§ 24 Utbetaling 162

§ 25 Trekk i og tilbakebetaling av stønad 163

Kapittel 6 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap 164

§ 26 Målgruppe for opplæring i norsk og samfunnskunnskap 164

§ 27 Oppholdstillatelser som gir rett og plikt til deltagelse i opplæring i norsk og samfunnskunnskap 165

§ 28 Oppholdstillatelser som gir plikt til deltagelse i opplæring i norsk og samfunnskunnskap 166

§ 29 Fritak fra plikt til deltagelse i opplæring i norsk og samfunnskunnskap 167

§ 30 Ansvar for opplæring i norsk og samfunnskunnskap 168

§ 31 Krav til opplæring i norsk 170

§ 32 Varighet og omfang av opplæring i norsk 171

§ 33 Krav til opplæring i samfunnskunnskap 172

§ 34 Norskplan 174

§ 35 Fravær og permisjoner 174

§ 36 Stans av opplæringen 175

§ 37 Prøver 175

Kapittel 6A Midlertidige regler for personer som har fått oppholdstillatelse etter utlendingsloven § 34 177

§ 1 Overgangsregler om integreringsloven kapittel 6A 177

§ 37 a Unntak fra plikt til å delta i opplæring i mottak 177

§ 37 b Kompetansekartlegging og karriereveiledning 177

§ 37 c Introduksjonsprogram 179

§ 37 d Opplæring i norsk 183

§ 37 e Forskriftshjemmel 185

§ 37 f Behandling av kompetanseopplysninger 187

Kapittel 7 Forskjellige bestemmelser 188

§ 38 Forsøk 188

§ 39 Kompetansekrav for lærere 188

§ 40 Forbud mot bruk av klesplagg som helt eller delvis dekker ansiktet 189

§ 41 Behandling av personopplysninger 190

§ 42 Innhenting og utveksling av personopplysninger 192

§ 43 Personregister og plikt til å registrere opplysninger 194

§ 44 Pålegg om å utlevere personopplysninger 195

§ 45 Nasjonalt tolkeregister 195

Kapittel 8 Saksbehandlingsregler 196

§ 46 Forholdet til forvaltningsloven 196

§ 47 Klage 197

§ 48 Tilsyn 198

§ 49 Opplysningsplikt til barnevernet 199

§ 50 Samarbeid og samordning 200

Kapittel 9 Sluttbestemmelser 202

§ 51 Ikrafttredelse 202

§ 52 Overgangsregler 202

§ 53 Endringer i andre lover 202

Forskrift til integreringsloven (integreringsforskriften) 203

Kapittel 1 Opplæring for asylsøkere i mottak 204

Kapittel 2 Obligatoriske elementer i introduksjonsprogrammet 204

Kapittel 3 Fravær fra introduksjonsprogrammet 206

Kapittel 4 Fri og permisjoner fra introduksjonsprogrammet 208

Kapittel 5 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap 210

Kapittel 6 Veiledende minimumsnivåer i norsk 212

Kapittel 7 Fravær og permisjoner fra opplæring i norsk og samfunnskunnskap 214

Kapittel 8 Prøver i norsk og samfunnskunnskap 216

Kapittel 8A Midlertidige regler for personer som har fått oppholdstillatelse etter utlendingsloven § 34 221

§ 43a Utdanning på videregående nivå 221

§ 43b Introduksjonsstønad når forhold på kommunens side medfører deltidsprogram 221

§ 43c Unntak fra kompetansekrav for lærere 222

§ 43d Varighet av introduksjonsprogram for deltagere med fullført videregående opplæring som ikke har ett års høyere utdanning i tillegg 222

§ 43e Høyere yrkesfaglig utdanning og høyere utdanning som innhold introduksjonsprogrammet 222

§ 43f Språktilbud i introduksjonsprogrammet 222

§ 43g Utvidet norskopplæring 222

§ 43h Omfang av arbeidsrettede elementer i introduksjonsprogram etter integreringsloven

§ 37c 223

§ 43i Introduksjonsprogram på deltid 223

Kapittel 9 Behandling av personopplysninger

224

Kapittel 10 Forskjellige bestemmelser 231

Kapittel 11 Saksbehandlingsregler 233

Kapittel 12 Sluttbestemmelser 233

Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Utdrag for opplæring av voksne

Vedtatt: Lov 09.06.2023 nr. 30, Prop. 57 L (2022–2023), Innst.442 L (2022–2023) og Lovvedtak 89 (2022–2023)

I kraft: 01.08.2024

Endret: Lov 14.06.2024 nr. 36, Prop. 62 L (2023–2024), Innst.389 L (2023–2024) og Lovvedtak 78 (2023–2024)

I kraft: 01.08.2024

Første del – innleiande reglar

Kapittel 1 Formålet med og krava til opplæringa

§ 1-1 Formålet med lova

Lova skal leggje til rette for at barn, ungdom og vaksne får god opplæring i eit godt miljø

Vedtaket i Stortinget var identisk med forslaget i Prop. 57 L (2022–2023).

Merknader fra Prop. 57 L (2022–2023) til § 1-1

Paragrafen er ny og er omtalt i punkt 7.2 i proposisjonen.

Paragrafen slår fast det primære formålet med lova, som er å bidra til god opplæring i eit godt miljø. Nemninga «miljø» omfattar både det psykososiale og det fysiske miljøet.

§ 1-2 Verkeområde

Lova gjeld for grunnskoleopplæring, vidaregåande opplæring og verksemd knytt til opplæringa. Lova gjeld ikkje for skolar som er godkjende etter privatskolelova.

Kongen kan gi forskrift om at lova eller delar av ho skal gjelde på Svalbard og om særlege reglar av omsyn til tilhøva på staden.

Vedtaket i Stortinget var identisk med forslaget i Prop. 57 L (2022–2023).

Merknader fra Prop. 57 L (2022–2023) til § 1-2 (Utdrag for voksne)

Paragrafen er ein kombinasjon av ny og vidareført lovtekst og er omtalt i punkt 7.3 i proposisjonen.

Første ledd erstattar dagens lov § 1-2 og fastset det generelle verkeområdet til lova.

Det er også fastsett reglar om særskilt verkeområde for kapittel 7 og 12 i lova.

Første ledd må sjåast i samanheng med § 1-1, der personkrinsen er «barn, ungdom og vaksne». Dette omfattar også dei som søkjer om godkjenning av ei opplæring, sjå kapittel 9 og 23 i lova.

Det geografiske verkeområdet til lova går ikkje direkte fram av lova. Det følgjer då av

alminnelege prinsipp at lova gjeld i Noreg dersom anna ikkje er fastsett i særskilde reglar i lova eller i andre lover. Det betyr til dømes at norske borgarar som buset seg i utlandet, ikkje er omfatta av lova.

Andre ledd er nytt og gir departementet heimel til å gi forskrift om korleis lova kjem

§ 1-3 Formålet med opplæringa

Opplæringa skal, i samarbeid og forståing med heimen, opne dører mot verda og framtida og gi elevane og dei som har læretid i bedrift, historisk og kulturell innsikt og forankring.

Opplæringa skal byggje på grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, åndsfridom, nestekjærleik, tilgiving, likeverd og solidaritet, verdiar som også kjem til uttrykk i ulike religionar og livssyn, og som er forankra i menneskerettane.

Opplæringa skal utvide kjennskapen til og forståinga av den nasjonale kulturarven og den felles internasjonale kulturtradisjonen.

Opplæringa skal gi innsikt i kulturelt mangfald og vise respekt for den enkelte si overtyding. Ho skal fremje

til bruk på Svalbard. Ved å ta inn ein heimel for å gi forskrift om korleis lova kjem til bruk på Svalbard i § 1-2 andre ledd, kan forskrifta heimlast i ny opplæringslov i staden for Svalbardlova.

demokrati, likestilling og vitskapleg tenkjemåte.

Elevane og dei som har læretid i bedrift, skal utvikle kunnskap, dugleik og haldningar som gjer at dei kan meistre livet sitt og delta i arbeid og fellesskap i samfunnet. Dei skal få utfalde skaparglede, engasjement og utforskartrong.

Elevane og dei som har læretid i bedrift, skal lære å tenkje kritisk og handle etisk og miljøbevisst. Dei skal ha medansvar og rett til medverknad.

Elevane og dei som har læretid i bedrift, skal møtast med tillit, respekt og krav og få utfordringar som fremjar danning og lærelyst. Alle former for diskriminering skal motarbeidast.

(Denne paragrafen er vist til i opplæringslova § 18-1)

Vedtaket i Stortinget var identisk med forslaget i Prop. 57 L (2022–2023).

Merknader fra Prop. 57 L (2022–2023) til § 1-3

Paragrafen vidarefører dagens lov § 1-1 og er omtalt i punkt 8 i proposisjonen.

Paragrafen er utdjupa i overordna del av læreplanverket. Sjå elles NOU 2007: 6,

§ 1-4 Mål og prinsipp for opplæringa

Kongen gir forskrift om overordna mål og prinsipp for opplæringa.

Departementet gir forskrift om læreplanar i fag.A

Ot.prp. nr. 46 (2007–2008) og Innst. O. nr. 22 (2008–2009).

A Opplæringsforskrifta kap. 23

(Denne paragrafen er vist til i opplæringslova §§ 18-1 og 19-1)

Vedtaket i Stortinget var identisk med forslaget i Prop. 57 L (2022–2023).

Merknader fra Prop. 57 L (2022–2023) til § 1-4 (Utdrag for voksne)

Paragrafen vidarefører dagens lov §§ 1-6, 2-3 tredje ledd og 3-4 første ledd med enkelte språklege endringar og er omtalt i punkt 11 i proposisjonen, sjå særleg punkt 11.5.2.

Første ledd er avgrensa til overordna mål og prinsipp for opplæringa og gir derfor ikkje heimel til å gi reglar om organisering eller ressursbruk.

Læreplanane i fag definerer strukturen, innhaldet og omfanget av faga og dannar

fundamentet for planlegginga og gjennomføringa skolane og bedriftene gjer av opplæringa.

Departementet avgjer innhaldet i læreplanane i fag innanfor rammene i lover og Noregs internasjonale forpliktingar. Noreg har mellom anna ratifisert ILO-konvensjon nr. 142.

Andre del – grunnskoleopplæring

Kapittel 2 Rett og plikt til grunnskoleopplæring

§ 2-1 Rett til grunnskoleopplæring

Barn har rett til offentleg grunnskoleopplæring frå det året dei fyller seks år, til dei har avslutta det 10. trinnet. Retten til grunnskoleopplæring gjeld dersom barnet truleg skal vere i Noreg i meir enn tre månader i samanheng. Retten skal oppfyllast så raskt som mogleg og seinast innan éin månad etter at barnet er komme til

§ 2-5 Gratis grunnskoleopplæring

Grunnskoleopplæring skal vere gratis. Kommunen skal ikkje krevje at elevane eller foreldra dekkjer utgifter knytte til grunnskoleopplæringa, til dømes utgifter til undervisningsmateriell,

Noreg. Barn som kjem til Noreg, skal plasserast på det trinnet som passar med alderen. Kommunen kan gjere unntak der ei konkret vurdering viser at barnet bør plasserast på eit lågare trinn.

(Denne paragrafen er vist til i opplæringslova § 18-2)

transport i skoletida, leirskoleopphald eller andre skoleturar.

(Denne paragrafen er vist til i opplæringslova § 18-9)

Vedtaket i Stortinget var identisk med forslaget i Prop. 57 L (2022–2023).

Merknader fra Prop. 57 L (2022–2023) til § 2-5 (Utdrag for voksne)

Paragrafen vidarefører dagens lov § 2-15 og er omtalt i punkt 9 i proposisjonen.

Første punktum inneber at kommunen må sørgje for at grunnskoleopplæringa er gratis – det såkalla gratisprinsippet. Paragrafen gjeld offentleg grunnskoleopplæring.

Andre punktum presiserer at kommunane ikkje kan krevje at verken elevane eller foreldra dekkjer utgifter i samband med denne opplæringa. Det er ikkje fastsett

nokon avgrensingar, noko som betyr at alle delar av grunnskoleopplæringa skal vere gratis, til dømes aktivitetar som finn stad etter vanleg skoletid, når desse aktivitetane er ein del av opplæringa.

Døma som blir ramsa opp i andre punktum, er ikkje uttømmande. Med «undervisningsmateriell» meiner ein mellom anna lærebøker og andre læremiddel, til dømes ordlister, skrive- og teiknesaker, linjal, passar,

kalkulator, nettbrett og PC. Med «transport i skoletida» blir det til dømes sikta til transport mellom skolen og symjehallen eller mellom skolen og biblioteket. Vidare blir det nemnt leirskoleopphald, der kommunane må dekkje alle utgifter, til dømes til transport og opphald. Tilsvarande gjeld ved andre turar med overnatting, også der skolen tek elevane med til utlandet. Til slutt blir ekskursjonar og andre turar nemnde som døme. Også her må kommunane dekkje alle utgifter, til dømes til togtransport, billettar til ei teaterframsyning eller heiskort i samband med ein skitur.

Kapittel 3

Paragrafen er ikkje til hinder for at kommunen, inkludert skolen, tek imot gåver. Det er ein føresetnad at eventuelle gåver er reelt frivillige og anonymiserte, og elevane skal kunne delta på aktiviteten uavhengig av om dei eller foreldra har gitt ei gåve eller ikkje. Sjå elles kapittel 2.4.2 i Ot.prp. nr. 94 (2001–2002) og kapittel 2.3 i Innst. O. nr. 43 (2002–2003).

Paragrafen er ikkje til hinder for at elevar og foreldre kan bli erstatningsansvarlege etter skadeserstatningslova §§ 1-1 og 1-2.

Val av skriftspråk og særskilde språkrettar i grunnskoleopplæringa

§ 3-2 Opplæring i og på samisk i grunnskolen

Samiske elevar har rett til opplæring i anten nordsamisk, sørsamisk eller lulesamisk.

Alle elevar som bur i forvaltningsområdet for samisk språk etter sameloven § 3-1, har rett til opplæring i og på samisk. Kommunar i forvaltningsområdet for samisk språk kan gi forskrift om at elevane skal ha grunnleggjande opplæring i samisk språk og samisk kultur.

Dersom minst ti elevar i ein kommune utanfor forvaltningsområdet for samisk språk krev opplæring i og på samisk, har dei rett til det. Retten står ved lag så lenge det er minst seks elevar att som vil ha slik opplæring.

Foreldra til elevane vel om dei skal ha opplæring i samisk og om dei skal ha opplæring i og på samisk. Elevar på 8. til 10. trinn vel sjølve om dei skal ha slik opplæring.

Opplæringa på samisk kan leggjast til ein eller fleire skolar i kommunen.

Kommunen skal tilby ein del av opplæringa i samisk i eit samiskspråkleg miljø dersom det er nødvendig for at opplæringa skal vere pedagogisk forsvarleg.

Endret 14.06.2024

(Denne paragrafen er vist til i merknadene til opplæringslova § 19-4)

§ 3-5 Opplæring i punktskrift i grunnskolen

Elevar som er blinde eller sterkt svaksynte, har rett til nødvendig opplæring i punktskrift.

(Denne paragrafen er vist til i opplæringslova § 19-10)

Vedtaket i Stortinget var identisk med forslaget i Prop. 57 L (2022–2023).

Merknader fra Prop. 57 L (2022–2023) til § 3-5

Paragrafen vidarefører delar av dagens lov § 2-14 og er omtalt i punkt 32 i proposisjonen.

Vilkåret for å få rett til opplæring i punktskrift er at eleven er blind eller sterkt svaksynt. Om eleven er blind eller sterkt svaksynt, er ei medisinfagleg vurdering. Det er likevel normalt sett ikkje nødvendig å innhente dokumentasjon. Om eleven har behov for opplæring i punktskrift, må vurderast ut frå både medisinfagleg og skolefagleg kunnskap og erfaring. Moment kan vere synsgrad, prognose for endring i synsgrad, kva som vil vere mest funksjonelt for lesinga og skrivinga til eleven, og totalbelastninga i situasjonen til eleven. Dessutan har det betydning kva eleven og foreldra meiner, og det beste for

eleven skal vere eit grunnleggjande omsyn, jf. § 10-1 og § 10-2.

Opplæringa skal vere «nødvendig». I dette ligg at elevar skal få tilstrekkeleg opplæring til at elevar kan nyttiggjere seg punktskrift og kommunisere godt. Vurderinga av kva som er nødvendig opplæring, er eit lovbunde skjønn som tilsynsmakta og domstolen kan prøve fullt ut. Samtidig må det konkrete innhaldet i kravet utleiast på bakgrunn av pedagogiske og faglege vurderingar.

Elevar med vedtak etter § 3-5 kan samtidig ha rett til opplæring i bruk av tekniske hjelpemiddel og opplæring i mobilitet etter § 11-5 eller ADL-trening (aktivitetar i dagleglivet) etter vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring etter § 11-6.

§ 3-6 Særskild språkopplæring i grunnskolen

Elevar med anna morsmål enn norsk og samisk har rett til særskild språkopplæring til dei kan norsk godt nok til å følgje den vanlege opplæringa.

Særskild språkopplæring skal omfatte forsterka opplæring i norsk og, om det trengst, morsmålsopplæring, tospråkleg opplæring i fag eller begge delar.

Kommunen skal jamleg vurdere om ein elev som har vedtak om særskild

språkopplæring kan norsk godt nok til å følgje den vanlege opplæringa.

Kommunen kan gjere vedtak om at eleven skal få opplæringa i morsmål på ein annan skole enn den eleven går på.

(Denne paragrafen er vist til i opplæringslova § 19-8)

Vedtaket i Stortinget var identisk med forslaget i Prop. 57 L (2022–2023).

Merknader fra Prop. 57 L (2022–2023) til § 3-6

Paragrafen vidarefører delar av dagens lov § 2-8 og er omtalt i punkt 28 i proposisjonen.

Første ledd første punktum slår fast at elevar som har eit anna morsmål enn norsk og samisk, og som ikkje meistrar norsk godt nok til å følgje opplæringa i skolen, har rett til særskild språkopplæring. Særskild språkopplæring for minoritetsspråklege elevar i grunnskolen skal alltid omfatte forsterka opplæring i norsk, jf. første ledd andre punktum. Forsterka opplæring i norsk inneber ei tilrettelagd norskopplæring med eit andrespråksperspektiv. Den forsterka opplæringa i norsk kan gå føre seg i eiga gruppe eller som tilpassing innanfor det ordinære norskfaget. Forsterka opplæring i norsk kan givast anten etter læreplanen i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar eller i form av tilpassing innanfor den ordinære læreplanen i norsk.

Målet med regelen om særskild språkopplæring er å lære eleven så raskt som mogleg å bruke norsk som reiskapsspråk. Når eleven kan norsk godt nok til å følgje den vanlege opplæringa, opphøyrar rettane etter regelen.

Dersom det trengst, vil elevar i tillegg ha rett til morsmålsopplæring, tospråkleg opplæring i fag eller begge delar i ein overgangsperiode, jf. første ledd andre punktum. Endringa av vilkåret til «om det trengst», fra «om nødvendig» i dagens lov, er berre språkleg. Morsmålsopplæringa og den tospråklege opplæringa i fag kjem i tillegg til forsterka opplæring i norsk.

Morsmålsopplæring er opplæring i morsmålet til eleven, medan tospråkleg opplæring i fag er opplæring i fag på norsk og morsmålet til eleven eller eit anna språk eleven kan. Kva som er å kunne norsk «godt nok», og om det «trengst» morsmålsopplæring og tospråkleg opplæring i fag, vil vere skjønnsmessige vurderingar som i stor grad må basere seg på eit fagleg-pedagogisk kunnskapsgrunnlag. Særleg vil elevar med kort butid i Noreg og andre minoritetselevar med så svake ferdigheiter i norsk at dei ikkje kan følgje den ordinære opplæringa, ofte ha behov for morsmålsopplæring, tospråkleg opplæring i fag eller begge delar i ein overgangsperiode. Vurderingane er eit lovbunde skjønn som tilsynsmakta og domstolen kan prøve fullt ut.

Det følgjer av forvaltningslova § 17 første ledd at kommunen må greie ut saka og gjere dei nødvendige vurderingane før det blir gjort vedtak om særskild språkopplæring. I lys av dette er den særskilde plikta til å kartleggje ferdigheitene til elevane i norsk før det blir gjort vedtak om særskild språkopplæring, ikkje foreslått vidareført.

Retten til morsmålsopplæring og tospråkleg opplæring i fag varer fram til kommunen, på bakgrunn av ei fagleg-pedagogisk vurdering, reknar eleven for å ikkje lenger trenge slik opplæring. Eventuell vidare opplæring i morsmålet, etter at elevane er i stand til å følgje opplæringa på skolen, er det foreldra som har ansvaret for.

For høyrselshemma elevar som har eit utanlandsk teiknspråk som morsmål,

til dømes engelsk teiknspråk, vil retten til særskild språkopplæring innebere at dei har rett til opplæring i norsk teiknspråk til dei kan norsk teiknspråk godt nok. Dette føreset at dei nyttar seg av retten til opplæring i og på norsk teiknspråk.

Dersom det ikkje finst eigna undervisningspersonale som kan undervise i morsmålsopplæring eller tospråkleg opplæring i fag, kan opplæringa givast på annan måte innanfor dei rammene som er gitt i lova. Morsmålsopplæring og tospråkleg opplæring i fag kan gjennomførast som fjernundervisning på visse vilkår, jf. § 14-4. Opplæringa kan også givast som intensiv opplæring, jf. § 11-3. Elevane kan organiserast i grupper innanfor rammene av § 14-2. Elevane kan også ha rett til individuelt tilrettelagd opplæring, jf. § 11-6. Elles skal opplæringa tilpassast evnene og føresetnadene til elevane, jf § 11-1.

Andre ledd fastset at kommunen jamleg skal vurdere om elevar som får særskild språkopplæring, har opparbeidd seg tilstrekkelege ferdigheiter i norsk til å følgje den vanlege opplæringa. Vurderinga skal sikre at dei elevane som får særskild språkopplæring, får realisert overgangen til den vanlege opplæringa når ferdigheitene tilseier det. Kor lang tid det skal gå mellom kvar vurdering, må avgjerast konkret i kvart enkelt tilfelle.

Tredje ledd fastset at morsmålsopplæring kan leggjast til ein annan skole enn den skolen eleven går på. Forsterka opplæring i norsk og tospråkleg opplæring i fag skal givast på den skolen eleven går på.

Det er kommunen som har ansvaret for å oppfylle retten til særskilt språkopplæring etter paragrafen. Retten reknast som ein del av retten til grunnskoleopplæring, og ansvaret til kommunen følgjer av § 28-1.

I denne boka finner du det mest sentrale regelverket som angår voksnes rett til opplæring.

Fra den nye opplæringsloven er det tatt med femte del som omhandler rettigheter til forberedende opplæring og videregående opplæring for voksne.

Lov om integrering gjennom opplæring, utdanning og arbeid (integreringsloven) har som formål at innvandrere tidlig integreres i det norske samfunnet og blir økonomisk selvstendige.

Aktuelle paragrafer i opplæringsforskriften og hele integreringsforskriften er tatt med.

ISBN 978-82-450-5083-7

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.