Øystein Stette (red.)
Opplæringslova og opplæringsforskrifta 2024
Utdrag for videregående opplæring
Forord
Opplæringsloven regulerer skolehverdagen til over 820 000 barn og unge og over 95 000 lærere, og er en av landets viktigste lover. Nå er ny opplæringslov og opplæringsforskrift vedtatt i Stortinget.
I denne boka er det redaksjonelt gjort et utdrag av de mest relevante paragrafene i lov og forskrift for videregående opplæring.
Under hver lovparagraf er det tatt med et utdrag for videregående opplæring fra merknadene til paragrafen i lovproposisjonen.
Som ekstra hjelp i skolens forvaltning er det i tilknytning til noen paragrafer vist til andre relevante rettskilder fra blant annet rettspraksis, Sivilombudet og Diskrimineringsnemda (se vedlegg 1).
Opplæringsloven inneholder mange skjønnsmessige regler. Skjønnsmessige vurderinger kan deles inn i lovbundne skjønn og forvaltningsskjønn. Som hjelp i bruken av skjønnsmessige regler er det i vedlegg 2 tatt med kapittel 5 «Bruk av skjønnsmessige reglar» fra lovproposisjonen Prop. 57 L (2022–2023).
Vedlegg 3 gir en oversikt over hva som er nytt i den nye opplæringsforskriften.
Innholdet er oppdatert per 10.07.24.
Oslo, juli 2024
Øystein Stette redaktør
Innhold
Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) 8
Utdrag for videregående opplæring (Skole og bedrift) 8
Første del – innleiande reglar 9
Kapittel 1 Formålet med og krava til opplæringa 9
§ 1-1 Formålet med lova 9
§ 1-2 Verkeområde 9
§ 1-3 Formålet med opplæringa 10
§ 1-4 Mål og prinsipp for opplæringa 11
§ 1-5 Samisk innhald i opplæringa og samiske læreplanar 12
§ 1-6 Fag- og timefordeling og tilbodsstruktur 13
§ 1-7 Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk 14
Andre del – grunnskoleopplæring 15
Tredje del – vidaregåande opplæring 16
Kapittel 5 Rett til vidaregåande opplæring 16
§ 5-1 Rett til vidaregåande opplæring 16
§ 5-2 Studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram 19
§ 5-3 Planlegginga og utbygginga av det vidaregåande opplæringstilbodet 20
§ 5-4 Innhald, vurdering og dokumentasjon i den vidaregåande opplæringa 20
§ 5-5 Rett til omval 22
§ 5-6 Rett til læreplass eller anna tilbod på vidaregåande trinn 3 22
§ 5-7 Påbygging til generell studiekompetanse 23
§ 5-8 Gratis vidaregåande opplæring 24
§ 5-9 Rett til vidaregåande opplæring for dei som ikkje har opphaldsløyve 25
Kapittel 6 Val av skriftspråk og særskilde språkrettar i den vidaregåande opplæringa 26
§ 6-1 Bokmål og nynorsk for elevane i den vidaregåande opplæringa 26
§ 6-2 Opplæring i samisk i den vidaregåande opplæringa 26
§ 6-3 Opplæring i og på norsk teiknspråk i den vidaregåande opplæringa 28
§ 6-4 Opplæring i punktskrift i den vidaregåande opplæringa 29
§ 6-5 Særskild språkopplæring i den vidaregåande opplæringa
30
§ 6-6 Innføringsopplæring for elevar i den vidaregåande opplæringa som har budd kort tid i Noreg 31
Kapittel 7 Opplæring i bedrift 33
§ 7-1 Verkeområdet for kapittelet, og kven som er lærling, praksisbrevkandidat, lærekandidat og kandidat for fagbrev på jobb
33
§ 7-2 Inngåing og endring av kontrakt om opplæring 34
§ 7-3 Heving og oppseiing av kontrakt om opplæring 35
§ 7-4 Kva rettar og plikter dei med læretid i bedrift har som arbeidstakarar. Tilhøvet til arbeidsmiljøloven 36
§ 7-5 Godkjenning av lærebedrifter 37
§ 7-6 Krav til lærebedrifter 38
§ 7-7 Rekruttering av lærebedrifter og formidling til læreplass 39
§ 7-8 Tilskot til lærebedrifter 39
§ 7-9 Oppfølging av lærebedrifter og tap av godkjenning
§ 7-10 Lærebedriftene sitt ansvar for opplæringa
40
40
§ 7-11 Krav til internkontroll i lærebedrifter 41
§ 7-12 Samarbeidsorgan for lærebedrifter (opplæringskontor)
Kapittel 8 Organ knytte til fag- og yrkesopplæringa
§ 8-1 Rådgivande organ for fag- og yrkesopplæringa
§ 8-2 Yrkesopplæringnemnder
§ 8-3 Klagenemnd for fag- og sveineprøver
Kapittel 9 Skyss, bustad, oppfølgingsteneste og overgang frå grunnskole til vidaregåande opplæring
§ 9-1 Rett til skyss til og frå skolen for elevar i den vidaregåande opplæringa
§ 9-2 Reisefølgje for og tilsyn med elevar i den vidaregåande opplæringa
42
43
43
44
45
45
45
47
§ 9-3 Hjelp med å skaffe bustad til elevar i den vidaregåande opplæringa 47
§ 9-4 Oppfølgingsteneste for dei som ikkje er i vidaregåande opplæring eller arbeid 48
§ 9-5 Overgangen frå grunnskolen til den vidaregåande opplæringa 49
§ 9-6 Opplæringstilbod i overgangen frå grunnskolen til den vidaregåande opplæringa 50
§ 9-7 Tilbod om meir grunnskoleopplæring 51
Fjerde del – fellesreglar for grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa for barn og unge 52
Kapittel 10 Det beste for eleven, medverknad, skoledemokrati, foreldresamarbeid, skolereglar og plikt til å delta 52
§ 10-1 Det beste for eleven 52
§ 10-2 Elevane sin rett til medverknad 53
§ 10-3 Samarbeid med foreldra 54
§ 10-4 Skoledemokratiet 56
§ 10-5 Organiseringa av skoledemokratiet 57
§ 10-6 Elevane si plikt til å delta og kommunen og fylkeskommunen si oppfølgingsplikt 58
§ 10-7 Skolereglar 60
§ 10-8 Informasjon til elevane og foreldra 62
§ 10-9 Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG) 63
Kapittel 11 Tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging 64
§ 11-1 Tilpassa opplæring 64
§ 11-2 Tilfredsstillande utbytte av opplæringa 65
§ 11-4 Personleg assistanse 66
§ 11-5 Fysisk tilrettelegging og tekniske hjelpemiddel 67
§ 11-6 Individuelt tilrettelagd opplæring 68
§ 11-7 Vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring og krav om sakkunnig vurdering 69
§ 11-8 Kva den sakkunnige vurderinga skal innehalde 70
§ 11-9 Kompetansekrav for den som skal gi individuelt tilrettelagd opplæring 71
§ 11-10 Individuell opplæringsplan 72
§ 11-11 Årleg evaluering av utbyttet av den individuelt tilrettelagde opplæringa 73
§ 11-12 Alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) 73
§ 11-13 Pedagogisk-psykologisk teneste 74
§ 11-14 Læremiddel for individuelt tilrettelagd opplæring 77
Kapittel 12 Skolemiljøet til elevane 77
§ 12-1 Verkeområde for kapittelet 77
§ 12-2 Retten til eit trygt og godt skolemiljø 78
§ 12-3 Nulltoleranse og førebyggjande arbeid 78
§ 12-4 Plikt til å sikre eit trygt og godt psykososialt skolemiljø (aktivitetsplikt og dokumentasjonsplikt) 81
§ 12-5 Skjerpa plikt til å melde frå dersom ein som arbeider på skolen, krenkjer ein elev 87
§ 12-6 Statsforvaltaren si handheving av plikta til å sikre eit trygt og godt psykososialt skolemiljø i enkeltsaker 89
§ 12-7 Det fysiske miljøet 93
§ 12-8 Tvangsmulkt 94
§ 12-9 Straffansvar for brot på reglane om skolemiljø 96
§ 12-10 Bevisbyrde i erstatningssaker om psykososialt skolemiljø 97
Kapittel 13 Ordenstiltak og skadeførebygging m.m. 98
§ 13-1 Bortvising 98
§ 13-2 Pålagt skolebyte 100
§ 13-3 Førebygging 103
§ 13-4 Fysiske inngrep for å avverje skade m.m. 104
§ 13-5 Meldeplikt og dokumentasjon 108
Kapittel 14 Organiseringa av opplæringa og reglar for livssynsopplæringa 109
§ 14-1 Skolerute og lengda på skoleåret 19
§ 14-2 Inndeling av elevar i klassar og grupper 110
§ 14-4 Fjernundervisning 113
§ 14-5 Forbod mot forkynning 116
§ 14-6 Fritak frå aktivitetar i opplæringa på grunn av livssyn 117
§ 14-7 Opplæring om kristendom, religion, livssyn og etikk 118
Kapittel 15 Opplæringsspråk, læremiddel og skolebibliotek 119
§ 15-1 Opplæringsspråk og talemål 119
§ 15-2 Hovudmål på kvar skole 119
§ 15-3 Krav til rettskriving og krav til skriftspråk i læremiddel 120
§ 15-4 Ordlister, ordbøker og skriveprogram 121
§ 15-5 Skolebibliotek 121
§ 15-6 Utstyr 122
Kapittel 16 Rådgiving 122
§ 16-1 Rådgiving om utdannings- og yrkesval 122
§ 16-2 Rådgiving om sosiale og personlege forhold 123
Kapittel 17 Personalet i skolen, skolefagleg kompetanse og kvalitetsutvikling 125
§ 17-1 Krav om kompetanse i skolen 125
§ 17-2 Leiing 125
§ 17-3 Krav for å bli tilsett i lærarstilling 127
§ 17-4 Krav om relevant kompetanse i undervisningsfag 129
§ 17-5 Kvalifikasjonsprinsippet 130
§ 17-6 Fagleg ansvar for opplæringa og bruk av anna personale i opplæringa enn dei som er tilsett i lærarstilling 130
§ 17-7 Krav om at skolane har tilgang på vikarar 132
§ 17-8 Fagleg og pedagogisk utvikling 132
§ 17-9 Praksisplassar i skolen 132
§ 17-11 Politiattest og forbod mot tilsetjing 133
§ 17-12 Skolefagleg kompetanse og kvalitetsutvikling 136
Femte del – førebuande opplæring og vidaregåande opplæring for vaksne 138
Kapittel 18 Rett til førebuande opplæring og vidaregåande opplæring for vaksne 138
Kapittel 19 Innhaldet i og organiseringa av den førebuande og den vidaregåande opplæringa for vaksne 138
Kapittel 20 Medverknad, læringsmiljø, lokale ordensreglar og bortvising i opplæringa for vaksne 138
Kapittel 21 Skyss, reisefølgje og losji for deltakarar i opplæringa for vaksne 138
Sjette del – privat opplæring, godkjenningsordningar og privatistordningar 139
Kapittel 22 Privat opplæring 139
§ 22-1 Kven som kan drive private skolar etter lova 139
§ 22-4 Teieplikt i private skolar 140
§ 22-6 Statleg tilsyn med private skolar 140
Kapittel 23 Privatistordningar og godkjenning av utanlandsk opplæring 140
§ 23-1 Privatistar 140
§ 23-2 Praksiskandidatar 141
§ 23-3 Godkjenning av utanlandsk fag- og yrkesopplæring 141
§ 23-4 Behandling av søknad om godkjenning av utanlandsk fag- og yrkesopplæring 142
Sjuande del – forskjellige reglar 144
Kapittel 24 Samarbeid, samordning, opplysningsplikt, sjølvråderett og avgjerder på vegne av eleven 144
§ 24-1 Samarbeid og samordning 144
§ 24-2 Opplysningar til den kommunale helseog omsorgstenesta og sosialtenesta 146
§ 24-3 Plikt til å melde frå til barnevernet 147
§ 24-4 Rett til å ta avgjerder for eleven når barnevernstenesta har overtatt omsorga 149
§ 24-5 Sjølvråderett for dei som har fylt 15 år 149
Kapittel 25 Behandling av personopplysningar og plikt til å delta i evalueringar 150
§ 25-1 Behandling av personopplysningar og unntak frå teieplikt 150
§ 25-2 Den nasjonale databasen for vitnemål og annan dokumentasjon av oppnådd kompetanse frå vidaregåande opplæring 153
§ 25-3 Innhenting av opplysningar frå folkeregisteret 155
§ 25-4 Plikt til å delta i evalueringar og gi opplysningar 155
Kapittel 26 Kulturskole
157
Kapittel 27 Reklameforbud og forbod mot ansiktsdekkjande plagg 157
§ 27-1 Forbod mot reklame i skolen 157
§ 27-2 Forbod mot bruk av plagg som dekkjer ansiktet 158
Kapittel 28 Ansvaret til kommunen og fylkeskommunen 159
§ 28-2 Fylkeskommunen sitt juridiske og økonomiske ansvar 159
§ 28-3 Ansvar for opplæringa til dei som bur i barnevernsinstitusjonar 161
§ 28-4 Ansvar for opplæringa til innlagde og for barn og søsken til innlagde i helseinstitusjonar
162
§ 28-5 Ansvar for opplæringa til innsette i fengsel 163
§ 28-6 Unntak frå hovudreglane om kva opplæring kommunen og fylkeskommunen har ansvar for 164
§ 28-7 Ansvar for skyss, reisefølgje, tilsyn og losji 165
§ 28-8 Ulykkesforsikring 166
§ 28-9 Karriererettleiing
167
Kapittel 29 Klageinstans, tilsyn og forsøk 168
§ 29-1 Klageinstans for enkeltvedtak 168
§ 29-2 Statleg tilsyn 168
§ 29-3 Forsøksverksemd 170
§ 29-4 Oppfylling av enkeltvedtak som er kjent ugyldig 171
Åttande del – sluttreglar 172
Kapittel 30 Iverksetjing og overgangsreglar 172
§ 30-1 Iverksetjing og oppheving 172
§ 30-2 Overgangsreglar 172
§ 30-3 Endringar i andre lover 173
Forskrift om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringsforskrifta) 174
Utdrag for videregående opplæring (Skole og bedrift) 174
Første delen – grunnskoleopplæring 175
Kapittel 1 Innhaldet i grunnskoleopplæringa 175
Kapittel 2 Leksehjelp og skolefritidsordning 175
Kapittel 3 Rådgivande røysting om skifte av hovudmål i grunnskolen og saksbehandling ved godkjenning av privat grunnskole 175
Andre delen – vidaregåande opplæring 176
Kapittel 4 Inntak til vidaregåande opplæring 176
Kapittel 5 Innhaldet i den vidaregåande opplæringa 186
Kapittel 6 Fag- og yrkesopplæringa 189
Kapittel 7 Formidling til læreplass 197
Kapittel 8 Skyss og oppfølgingstenesta 198
Tredje delen – fellesreglar for grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa for barn og unge 200
Kapittel 9 Individuell vurdering 200
Kapittel 10 Klage på sluttvurderingar 222
Kapittel 11 Samarbeid med foreldra, skolebibliotek og saksbehandling som gjeld det fysiske skolemiljøet 225
Kapittel 12 Personalet i skolen 226
Fjerde delen – førebuande opplæring og vidaregåande opplæring for vaksne 230
Kapittel 13 Inntak og formidling til vidaregåande opplæring for vaksne 230
Kapittel 14 Innhaldet i opplæringa for vaksne 230
Kapittel 15 Individuell vurdering for vaksne 230
Kapittel 16 Klage på sluttvurderingar for vaksne 230
Kapittel 17 Personalet i førebuande og vidaregåande opplæring for vaksne 230
Femte delen – forskjellige reglar 231
Kapittel 18 Ulykkesforsikring 231
Kapittel 19 Rapportering og evaluering av opplæringsverksemda 232
Kapittel 20 Behandling av personopplysningar 236
Kapittel 21 Kommunen sitt økonomiske ansvar for grunnskoleopplæringa 237
Kapittel 22 Fylkeskommunen sin rett til refusjon og fylkeskommunen sitt økonomiske ansvar 238
Sjette delen – sluttreglar 240
Kapittel 23 Innføringstakt og overgangsordningar
240
Kapittel 24 Iverksetjing og oppheving 241
Forskrift om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringsforskrifta) vedlegg 1 –utrekningsnøkkel for refusjon etter § 22-2 tredje ledd 242
Forskrift om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringsforskrifta) vedlegg 2 –utrekningsnøkkel for å rekne ut satsane etter § 22-3 første ledd 243
Lov
om grunnskoleopplæringa
og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)
Utdrag for videregående opplæring (Skole og bedrift)
Vedtatt: Lov 09.06.2023 nr. 30, Prop. 57 L (2022–2023), Innst.442 L (2022–2023), lovvedtak 89 (2022–2023)
Endret: Lov 14.06.2024 nr. 36, Prop. 62 L (2023-2024), Innst. 389 L (2023-2024), Lovvedtak 78 (2023-2024)
Første del – innleiande reglar
Kapittel 1 Formålet med og krava til opplæringa
§ 1-1 Formålet med lova
Lova skal leggje til rette for at barn, ungdom og vaksne får god opplæring i eit godt miljø.
Vedtaket i Stortinget var identisk med forslaget i Prop. 57 L (2022–2023).
Merknader fra Prop. 57 L (2022–2023) til § 1-1
Paragrafen er ny og er omtalt i punkt 7.2 i proposisjonen.
Paragrafen slår fast det primære formålet med lova, som er å bidra til god
§ 1-2 Verkeområde
Lova gjeld for grunnskoleopplæring, vidaregåande opplæring og verksemd knytt til opplæringa. Lova gjeld ikkje for skolar som er godkjende etter privatskolelova.
opplæring i eit godt miljø. Nemninga «miljø» omfattar både det psykososiale og det fysiske miljøet.
Kongen kan gi forskrift om at lova eller delar av ho skal gjelde på Svalbard og om særlege reglar av omsyn til tilhøva på staden.
Vedtaket i Stortinget var identisk med forslaget i Prop. 57 L (2022–2023).
Merknader fra Prop. 57 L (2022–2023) til § 1-2 (Utdrag for vgo)
Paragrafen er ein kombinasjon av ny og vidareført lovtekst og er omtalt i punkt 7.3 i proposisjonen.
Første ledd erstattar dagens lov § 1-2 og fastset det generelle verkeområdet til lova.
Det er også fastsett reglar om særskilt verkeområde for kapittel 7 og 12 i lova.
Uttrykket «vidaregåande opplæring» omfattar både opplæring i skole og læretid i bedrift og både offentleg og privat vidaregåande opplæring.
Lova gjeld også for «verksemd knytt til opplæringa», til dømes pedagogisk-psykologisk teneste og oppfølgingstenesta.
Første ledd må sjåast i samanheng med § 1-1, der personkrinsen er «barn, ungdom og vaksne». Dette omfattar også dei som berre tek eksamen eller fag- og sveineprøve, og dei som søkjer om godkjenning av ei opplæring, sjå kapittel 9 og 23 i lova.
Det geografiske verkeområdet til lova går ikkje direkte fram av lova. Det følgjer då av alminnelege prinsipp at lova gjeld i Noreg dersom anna ikkje er fastsett i særskilde reglar i lova eller i andre lover. Det betyr til dømes at norske borgarar som buset seg i
§ 1-3 Formålet med opplæringa
Opplæringa skal, i samarbeid og forståing med heimen, opne dører mot verda og framtida og gi elevane og dei som har læretid i bedrift, historisk og kulturell innsikt og forankring.
Opplæringa skal byggje på grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, åndsfridom, nestekjærleik, tilgiving, likeverd og solidaritet, verdiar som også kjem til uttrykk i ulike religionar og livssyn, og som er forankra i menneskerettane.
Opplæringa skal utvide kjennskapen til og forståinga av den nasjonale kulturarven og den felles internasjonale kulturtradisjonen.
Opplæringa skal gi innsikt i kulturelt mangfald og vise respekt for den
utlandet, ikkje er omfatta av lova. Vidare er det fastsett i § 28-6 andre ledd at departementet kan godkjenne at fylkeskommunar driv vidaregåande opplæring i utlandet.
Andre ledd er nytt og gir departementet heimel til å gi forskrift om korleis lova kjem til bruk på Svalbard.
Ved å ta inn ein heimel for å gi forskrift om korleis lova kjem til bruk på Svalbard i § 1-2 andre ledd, kan forskrifta heimlast i ny opplæringslov i staden for Svalbardlova.
enkelte si overtyding. Ho skal fremje demokrati, likestilling og vitskapleg tenkjemåte.
Elevane og dei som har læretid i bedrift, skal utvikle kunnskap, dugleik og haldningar som gjer at dei kan meistre livet sitt og delta i arbeid og fellesskap i samfunnet. Dei skal få utfalde skaparglede, engasjement og utforskartrong.
Elevane og dei som har læretid i bedrift, skal lære å tenkje kritisk og handle etisk og miljøbevisst. Dei skal ha medansvar og rett til medverknad.
Elevane og dei som har læretid i bedrift, skal møtast med tillit, respekt og krav og få utfordringar som fremjar danning og lærelyst. Alle former for diskriminering skal motarbeidast.
Vedtaket i Stortinget var identisk med forslaget i Prop. 57 L (2022–2023).
Merknader fra Prop. 57 L (2022–2023) til § 1-3
Paragrafen vidarefører dagens lov § 1-1 og er omtalt i punkt 8 i proposisjonen.
Paragrafen er utdjupa i overordna del av læreplanverket. Sjå elles NOU 2007: 6,
§ 1-4 Mål og prinsipp for opplæringa
Kongen gir forskrift om overordna mål og prinsipp for opplæringa.
Ot.prp. nr. 46 (2007–2008) og Innst. O. nr. 22 (2008–2009).
Departementet gir forskrift om læreplanar i fag.A A Opplæringsforskrifta kap. 23
Vedtaket i Stortinget var identisk med forslaget i Prop. 57 L (2022–2023).
Merknader fra Prop. 57 L (2022–2023) til § 1-4 (Utdrag for vgo)
Paragrafen vidarefører dagens lov §§ 1-6, 2-3 tredje ledd og 3-4 første ledd med enkelte språklege endringar og er omtalt i punkt 11 i proposisjonen, sjå særleg punkt 11.5.2.
Første ledd er avgrensa til overordna mål og prinsipp for opplæringa og gir derfor ikkje heimel til å gi reglar om organisering eller ressursbruk.
Etter andre ledd avgjer departementet kva læreplanar som skal fastsetjast, inkludert om dei skal vere gjennomgåande for grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa eller ikkje, og om læreplanane skal gjelde for alle eller berre for særskilde grupper, til dømes for elevar med kvensk eller norskfinsk bakgrunn.
Forskriftsheimelen opnar også for at departementet kan fastsetje i forskrift at enkelte elevar kan få fritak for delar av opplæringa, til dømes kroppsøving.
Læreplanane i fag definerer strukturen, innhaldet og omfanget av faga og dannar fundamentet for planlegginga og gjennomføringa skolane og bedriftene gjer av opplæringa. Læreplanane skal sikre at skolane og bedriftene gir opplæring som fører til at elevane og dei som har læretid i bedrift, utviklar ein likeverdig sluttkompetanse. Dette skal støtte opp om fellesskolen og gi tillit til kompetansen og dokumentasjonen frå opplæringa.
Departementet avgjer innhaldet i læreplanane i fag, inkludert om opplæringa skal gjennomførast i skole eller i bedrift, innanfor rammene i lover og Noregs internasjonale forpliktingar. Noreg har mellom anna ratifisert ILO-konvensjon nr. 142, og det følgjer til dømes av § 6-1 at elevane skal ha opplæring i begge skriftspråka, bokmål og nynorsk.
§ 1-5 Samisk innhald i opplæringa og samiske læreplanarA Forskrift om læreplanar etter § 1-4 andre ledd skal gi pålegg om opplæring om den samiske folkegruppa og om språket, kulturen og samfunnslivet til denne folkegruppa i tilknyting til dei ulike fagområda.
Sametinget gir forskrift om det samiske innhaldet i dei nasjonale læreplanane i fag og om læreplanar for opplæring i samiske språk. Sametinget gir også forskrift om læreplanar i særskilde samiske fag i den vidaregåande opplæringa. Forskrifta skal haldast innanfor dei rammene som departementet har fastsett.
Departementet gir forskrift om andre særskilde læreplanar for grunnskoleopplæringa i språkutviklingskommunar og språkvitaliseringskommunar etter sameloven § 3-1 og for andre elevar som får samisk opplæring i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa. Sametinget skal i samråd med departementet lage utkast til forskrift.
A Opplæringsforskrifta kap. 23
Endret 14.06.2024
Vedtaket i Stortinget var identisk med forslaget i Prop. 62 L (2023–2024).
Merknader fra Prop. 62 L (2023–2024) til § 1-5 tredje ledd første punktum
I paragrafens tredje ledd første punktum er begrepet «forvaltningsområdet for samisk språk» erstattet med «språkutviklingskommunar og språkvitaliseringskommunar». Endringen medfører ingen realitetsendring.
Forslaget er nærmere omtalt i punkt 5 i proposisjonen.
Vedtaket i Stortinget var identisk med forslaget i Prop. 57 L (2022–2023).
Merknader fra Prop. 57 L (2022–2023) til § 1-5
Paragrafen vidarefører dagens lov § 6-4 med enkelte språklege endringar og er omtalt i punkt 11 i proposisjonen, sjå særleg punkt 11.5.2.
Etter første ledd skal forskrifter om læreplanar i fag gi pålegg om opplæring om den samiske folkegruppa og om språket, kulturen og samfunnslivet til denne folkegruppa i tilknyting til dei ulike fagområda.
Andre ledd første og andre punktum pålegg Sametinget å gi forskrift om det samiske innhaldet i dei nasjonale
læreplanane og læreplanane for opplæring i samiske språk i den vidaregåande opplæringa. Heimelen til å gi forskrift om læreplanar i «særskilde samiske fag» gjeld berre for den vidaregåande opplæringa, og heimelen omfattar ikkje parallelle planar som er tilpassa dei ordinære, nasjonale planane.
Med «rammene» i andre ledd tredje punktum er det meint både omfangs- og ressursrammer. Avgrensinga inneber derfor at departementet bestemmer kva og kor store delar av læreplanane i fag som skal ha
samisk innhald, og kor omfangsrik opplæringa i samiske språk og særskilde samiske fag i vidaregåande opplæring skal vere. Rammene kan vidare fastsetjast gjennom den overordna delen av læreplanverket, retningslinjer for utforming av nasjonale og samiske læreplanar, dei fastsette kjerneelementa i faga og gjennom resten av styringsdialogen mellom Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet. Innanfor desse
rammene fastset Sametinget forskrifter om innhaldet.
Tredje ledd første punktum pålegg departementet å gi forskrift om andre særskilde læreplanar i den vidaregåande opplæringa.
Kravet om at Sametinget skal lage «utkast til forskrift» i tredje ledd andre punktum skal sikre at Sametinget får innverknad på utforminga av dei særskilde læreplanane.
§ 1-6 Fag- og timefordeling og tilbodsstrukturA
Departementet gir forskrift om kor mange timar med opplæring elevar i grunnskolen skal ha, kor mange timar som skal brukast til kvart fag, og korleis timane skal delast mellom trinna.
Kommunen kan gi forskrift om at opp til ti prosent av timane i kvart fag i grunnskolen skal flyttast til andre fag eller brukast til særskilde tverrfaglege aktivitetar.
Departementet gir forskrift om kva for utdanningstilbod som fører fram til studiekompetanse eller yrkeskompetanse i den vidaregåande opplæringa.
Departementet kan gi forskrift om kor mange timar med opplæring elevar i den vidaregåande opplæringa
skal ha, kor mange timar som skal brukast til kvart fag, og korleis timane skal delast mellom trinna i den vidaregåande opplæringa.
Departementet kan gi forskrift om kor lang læretida skal vere for dei som har læretid i bedrift.
Kommunen og fylkeskommunen kan gi forskrift om opplæring utover det samla minstetimetalet som departementet har fastsett etter første og fjerde ledd.
Departementet kan gi forskrift om plikt til å delta i aktivitetar i grunnskolen som ikkje er opplæring i fag.
A Opplæringsforskrifta kap. 5
Vedtaket i Stortinget var ikke identisk med forslaget i Prop. 57 L (2022–2023). (Endring i andre ledd: Stortinget hevet grensen til 10 prosent.)
Merknader fra Prop. 57 L (2022–2023) til § 1-6 (Utdrag for vgo)
Paragrafen vidarefører ei rekkje heimlar i dagens lov til å gi forskrift og er omtalte i punkt 11 i proposisjonen, sjå særleg punkt 11.4.5.
Tredje ledd omfattar den vidaregåande opplæringa og pålegg departementet å
fastsetje kva utdanningstilbod som fører fram til studiekompetanse eller yrkeskompetanse, for både opplæring i skole og læretid i bedrift (tilbodsstrukturen for den vidaregåande opplæringa).
Fjerde ledd omfattar fag- og timefordelinga i den vidaregåande opplæringa og skal ikkje forståast slik at departementet må fastsetje eit minstetimetal eller korleis timane skal fordelast mellom fag og trinn. I tida som eventuelt er sett av til kvart enkelt fag i fag- og timefordelinga, skal opplæringa vere i samsvar med læreplanen i det aktuelle faget. Heimelen omfattar også særlege timerammer for elevar som får opplæring i og på samisk, i teiknspråk, i punktskrift osv. Forskriftsheimelen opnar vidare for at departementet kan fastsetje reglar om når det kan gjerast unntak frå fag- og timefordelinga for enkeltelevar. Elevane skal uansett få opplæring i tråd med måla og prinsippa som er fastsett med heimel i §§ 1-4 og 1-5, men mindre det er gjort unntak i vedtak om
§ 1-7 Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk
Departementet kan gi forskrift om nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk.
individuelt tilrettelagd opplæring, jf. § 11-7 andre ledd andre punktum.
Femte ledd omfattar dei som har læretid i bedrift.
Sjette ledd inneber at fylkeskommunar kan påleggje elevane fleire undervisningstimar enn det departementet har fastsett etter første og fjerde ledd. Timane skal brukast til opplæring i tråd med læreplanen. Fylkeskommunen må ta omsyn til retten elevane har til kvile og fritid når dei vurderer kor mange undervisningstimar dei eventuelt skal fastsetje, jf. barnekonvensjonen § 31. Ei avgjerd om å påleggje fleire undervisningstimar enn det departementet har fastsett vil vere ei forskrift som skal kunngjerast i Norsk Lovtidend, jf. forvaltningslova § 38 første ledd bokstav c.
Vedtaket i Stortinget var identisk med forslaget i Prop. 57 L (2022–2023).
Merknader fra Prop. 57 L (2022–2023) til § 1-7
Paragrafen vidarefører delar av innhaldet i dagens § 2-3 tredje ledd og § 3-4 første ledd og er omtalt i punkt 11 i proposisjonen, sjå særleg punkt 11.5.2.
Paragrafen vidarefører ein heimel til å gi forskrift om nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk. Formålet med ei slik forskrift vil vere å fastsetje eit nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring med tilvising til nivåa
i Det europeiske kvalifikasjonsrammeverket for livslang læring (EQF) slik dette framstår i rekommandasjonen frå Europaparlamentet og Det europeiske råd av 23. april 2008, som er tatt inn i EØS-avtalens protokoll 31. Forskrift om dette var tidlegare heimla i reglane om at departementet kunne gi forskrift om mål for opplæringa.
I denne boka er det redaksjonelt gjort et utdrag av de mest relevante paragrafene i lov og forskrift for videregående opplæring.
Under hver lovparagraf er det tatt med et utdrag for videregående opplæring fra merknadene til paragrafen i lovproposisjonen.
Som ekstra hjelp i forvaltningen er det i tilknytning til noen paragrafer vist til andre relevante rettskilder fra blant annet rettspraksis, Sivilombudet og Diskrimineringsnemda.
ISBN 978-82-450-5082-0