Menneskesinnet 2 NYN (9788211045645)

Page 1

MENNESKESINNET 2 nynorskErlend Haugland • Ståle Pallesen Psykologi vg3 studieførebuande
MENNESKESINNET 2nynorsk Erlend Haugland • Ståle Pallesen Psykologi vg3 studieførebuande

Innhald

Kva kjelder kan du bruke? 7

Kva kjenneteikner eit vitskapleg tidsskrift? 11

Kva type vitskaplege artiklar finst det? 13

Korleis søkjer du etter vitskapleg litteratur? 14

Konformitet 55

Lydnad 58

Grupperelaterte faktorar 61 Inn-/ut-grupper 62

Gruppepolarisering 63

Gruppetenking 64

Haldningar 65

Bakgrunn for hypotese/forskingsspørsmål 21

Hypotese/forskingsspørsmål 22

Metode 23

Val av måleinstrument og utval 29

Innsamling av data 33

Analyse av data 33

Konklusjon 35

Formidling 35

Forskingsetikk 35

Gjennomføring av eige forskingsprosjekt 37

Haldningsstruktur 67 Kvifor formar vi haldningar? 68 Teoriar om identitetsutvikling i samhandling med andre 71

Ein enkel kommunikasjonsmodell 41

Konversasjonsmønster 42 Løgn 44

Sjølvoppfyllande profetiar 45

Overtalingsmodellar 46

Ikkje-verbal kommunikasjon 47 Berøring 48 Interpersonleg distanse 49 Ansiktsuttrykk 50 Hand- og armrørsler 51 Blikk 51

Imitering 51

Ikkje-verbal sensitivitet 52 Impression management theory 52

Sosiale dilemma 75 Fremje samarbeid 77 Årsaker til konflikt 78

Muzafer Sherifs Robbers Cave-eksperiment 80 Innbilt urettferd og relativ deprivasjon 80 Attribusjonsfeil og stereotypiar 82

Handtere interpersonlege konfliktar 84 Strategiar for å forbetre forhold mellom grupper 84 Puslespelklasserom 85 Gjensidig føying 86

Arbeidsløyse 89 Etniske minoritetar og innvandrarar 92 Årsaker til diskriminering 96 Konsekvensar av diskriminering 97 Akkulturasjonsstrategiar 98

Mobbing 99

Fattigdom 101

Funksjonshemming 103

LHBT-personar 104 Incels 105

Utanforskap studert i laboratoriet 106

KAPITTEL 1 – PSYKOLOGISK LITTERATUR OG KJELDER 7 KAPITTEL 2 – FORSKINGSMETODE OG PROSJEKT KAPITTEL 3 – KOMMUNIKASJON 41 KAPITTEL 4 – GRUPPEPROSESSAR 55 KAPITTEL 5 – KONFLIKTAR 75 KAPITTEL 6 – UTANFORSKAP 89
4
19

Måling av sosial kompetanse 109 Sosiale ferdigheiter 114

Utvikling av sosial kompetanse i ulike sosiale settingar eller kontekstar 119

Utvikling av sosial kompetanse 120 Sosial kompetansetrening 121

Kva kapittel behandlar dei enkelte kompetansemåla? 188 Kva kompetansemål blir behandla i dei enkelte kapitla? 189

Finn namn og ord i boka 190

Statistisk normalitet 125

Normalitet på tvers av kultur og tid 126

Juridisk normalitet 126 Klinisk normalitet 129

Psykiske lidingar i historisk kontekst 130 Psykiatrien si historie i Noreg 135

Psykiske lidingar 143 Kartlegging av psykiske lidingar 149

Affektive lidingar 157

Angstlidingar 162

Obsessiv-kompulsiv-relaterte og traumerelaterte lidingar 166 Traume- og stressrelaterte lidingar 168 Eteforstyrringar 169

Søvnlidingar 173

Personlegdomsforstyrringar 176 Avhengigheitstilstandar 180 Førebygging av psykiske lidingar 183

KAPITTEL 8 – NORMALITET OG AVVIK 125 KAPITTEL 9 – PSYKISK HELSE 139 KAPITTEL 10 – PSYKISKE LIDINGAR 155 KAPITTEL 7 – SOSIAL KOMPETANSE 109 Schizofreni og andre psykotiske lidingar 156
5

Psykologisk litteratur og kjelder

Når du sjølv skal gjennomføre ei undersøking, må du først lese meir om emnet du har valt for undersøkinga Før du les, må du kontrollere om tekstane er truverdige Du kan mellom anna kontrollere om tekstane er skrivne av spesialistar, om dei refererer til kjelder, om dei er publiserte av anerkjende forlag, og kor gamle dei er Tekstar du finn på nett, er ikkje alltid til å stole på Artiklar i vitskaplege tidsskrift er tryggast som informasjonskjelde Då veit du at artiklane er fagfellevurderte og godkjende av ein redaksjon Såkalla oversiktsartiklar er nyttige når du skal setje deg inn i eit fagområde Du kan søkje etter vitskapleg litteratur innan psykologifaget i gratis databasar som PubMed

Når du skal setje deg inn i eit fagleg tema, skal få oversikt over forskinga på feltet eller skal byrje med eiga forsking, må du starte med å lese. Første steg er å søkje etter og samle inn relevant litteratur. Når du har lese deg gjennom litteraturen du har funne, vil du kjenne til dei sentrale teoriane og forskingsresultata på feltet.

Gjennom lesinga blir du også kjend med dei metodane som er vanlege på feltet, som spørjeundersøkingar og eksperiment. Du vil dessutan få innsikt i dei typiske måleinstrumenta som blir brukte. Eit måleinstrument kan til dømes vere spesielle spørjeskjema eller fysiologiske målingar som forskarane bruker. Skal du sjølv gjere forsking på området, kan det ofte vere ein fordel å bruke same måleinstrument som forskarane har brukt, fordi resultata dine då lettare kan samanliknast med forskarane sine.

Kva kjelder kan du bruke?

Eit viktig spørsmål å ta stilling til når du skal setje deg inn i eit felt, er kva som er dei beste og mest relevante kjeldene. Tekstar som enkeltpersonar sjølve har lagt ut på nett, har ofte låg kvalitet. Dette er fordi denne typen tekstar kan vere sterkt prega av personlege meiningar og oppfatningar og gjerne i liten grad vere baserte på ei balansert vurdering av forskingsresultat. Det same gjeld videoar eller anna materiale som enkeltpersonar sjølve har gjort tilgjengeleg.

Ulike typar diskusjonsforum på nett er som regel også sterkt prega av personlege oppfatningar, og du bør derfor heller ikkje tilleggje dei stor fagleg verdi. Det same vil også gjelde ulike meiningar som blir formidla via sosiale medium.

Kapittel 1 Psykologisk litteratur og kjelder
7 KAPITTEL 6

TRUVERD. Før du byrjar å lese psykologisk litteratur, bør du undersøkje om tekstane du les, er truverdige. Eit punkt er å sjekke om teksten er skriven av ein anerkjend fagperson på området. Men det er ikkje alltid nok. I 2011 blei Diederik Stapel suspendert frå stillinga si som professor i sosialpsykologi ved Universitetet i Tilburg i Nederland. Han er i dag rekna som den største vitskaplege svindlaren nokosinne. Stapel innrømde å ha fabrikkert forskingsresultat som ofte var for gode til å vere sanne. Det siste funnet hans blei mykje omtalt i nederlandsk presse og handla om at kjøttetarar var meir egoistiske enn vegetarianarar.

Kapittel 1 Psykologisk litteratur og kjelder
8

Men kva om ein ekspert, som ein professor eller liknande, uttaler seg om noko på nettet? Bør du stole på ho eller han? Det kan faktisk vere gode grunnar til ikkje å gjere det. Dersom ein ekspert på eit spesielt område uttaler seg om noko på eit heilt anna område, er det gjerne naturleg ikkje å leggje meir vekt på den meiningsytringa enn på meiningane til folk flest.

Eit anna døme der det er grunnlag for skepsis, er når ein forskar med god kompetanse på eit felt uttaler seg om eit produkt han eller ho har vore med på å lage eller utvikle. Sidan det då ofte er kommersielle interesser involvert, kan du ikkje rekne med eller stole på at dei som står bak produktet, er nøytrale. Dersom ein forskar som er ekspert på eit felt, uttaler seg om eit produkt, og det ikkje er nokon kommersielle interesser involvert, er det grunnlag for å feste meir lit til påstandane. Likevel kan det vere at andre ekspertar på feltet kan vere usamde. Du bør derfor ta høgd for at det kan vere ulike faglege syn sjølv når ekspertar uttaler seg i media.

Ei anna mykje brukt kjelde er bøker. At fagstoff er publisert i ei bok, betyr likevel ikkje at det som står der, er korrekt eller i tråd med dei fleste ekspertane sine oppfatningar eller vitskaplege funn på feltet. Det er stor variasjon i kor mykje du kan stole på bøker som kjelde.

Ein faktor du kan vurdere, er om forfattaren er forskar eller ekspert på feltet. Dersom han eller ho har gjort fleire vitskaplege og anerkjende undersøkingar på feltet, er det større grunnlag for å ha tillit til at innhaldet av boka er gyldig, samanlikna med når ein forfattar som sjølv aldri har gjort eiga forsking på eit område, publiserer ei bok om emnet.

Ein annan faktor som du kan leggje vekt på, er om boka er gitt ut på eit anerkjent forlag. Normalt vil anerkjende forlag stille visse kvalitetskrav til ein fagleg tekst, medan dette sjeldan eller aldri er tilfelle om ein forfattar til dømes gir ut ei bok på eige forlag.

Ein tredje faktor som du kan vurdere, er bruken av kjelder. Refererer forfattaren til ulike kjelder i boka som han eller ho har skrive? Når forfattaren oppgir kjelder, får du som lesar ei moglegheit til å undersøkje om påstandane til forfattaren stemmer med kjeldene. Når forfattarane ikkje oppgir kjelder, blir det vanskeleg for deg som lesar å kvalitetssikre påstandane sjølv.

Kapittel Psykologisk litteratur og kjelder
9
1

FAGFELLEVURDERING

Artiklar som er publiserte i vitskaplege tidsskrift, er som regel til å stole på. Artiklar i vitskaplege tidsskrift er vurderte av både ein redaktør og minst éin, som regel anonym, fagfelle eller forskingskollega til den som har skrive artikkelen. Fagfellane vurderer mellom anna kvaliteten på forskinga i artikkelen og om forskinga kan bli replikert. Å replikere ei undersøking er å gjenta ho med same resultat. Fleire berømte undersøkingar innan psykologifaget har vist seg vanskelege å replikere, mellom anna ei undersøking som skulle vise at barn er fødde med evna til å imitere.

Ei svakheit ved dei aller fleste bøker, sjølv dei som er gitt ut av anerkjende forlag, er at teksten sjeldan er kvalitetssikra av andre som er ekspertar på feltet – såkalla fagfellar. Når teksten ikkje er lesen og vurdert av ein fagfelle før forlaget gir ut boka, kan forfattaren sine personlege meiningar og tolkingar lett komme til å farge påstandar og fortolking av forskingsresultat i boka.

Ein tredje type kjelde er presentasjonar som er skrivne for å bli lagde fram på ulike konferansar og kongressar. Her presenterer deltakarane som regel resultat frå heilt ny forsking, som gjerne ikkje har blitt formidla på annan måte enno. Ein komite les gjennom og godtek eit skriftleg samandrag av presentasjonen på førehand. Men sjølv om deltakarane normalt må gjennom ein viss silingsprosess for å få presentere på ein konferanse eller kongress, er fagstoffet, metodane og resultata sjeldan grundig kvalitetssikra.

Når resultat presenterte på konferansar eller kongressar seinare blir publiserte i eit vitskapleg tidsskrift, har gjerne teksten blitt kritisk gjennomgått av ein eller fleire fagfellar, altså ekspertar som vurderer artikkelen for tidsskriftet. Framstillinga blir då som regel litt meir nyansert og endra. Vitskaplege tidsskrift er derfor den kjelda som blir rekna for å ha størst truverd. Sidan forskinga ofte utviklar seg og det blir gjort framsteg og nye funn heile tida, kan artiklar som er ein del år gamle, vere noko utdaterte.

kjelder

10 Kapittel 1 Psykologisk litteratur og

Kva kjenneteiknar eit vitskapleg tidsskrift?

Vitskaplege tidsskrift blir normalt gitt ut av ulike og stort sett anerkjende forlag. Slike tidsskrift publiserer normalt artiklar som er sende inn av forskarar. Nesten alle artiklar er organiserte slik at artikkelen blir innleidd med eit kort samandrag (abstract). Deretter følgjer dei fire hovuddelane av artikkelen:

1) innleiing – introduksjon til teoriar på feltet, tidlegare forskingsresultat

2) metode – beskriving av utvalet (dei som er studerte), målemetodar, prosedyrar som er brukte for å samle inn målingar, og statistiske analysar som skal brukast

3) resultat funna frå undersøkinga, ofte med tabellar og figurar

4) diskusjon – om korleis funna stemmer med tidlegare forsking og med forventningar og hypotesar om korleis funna ville bli, om svakheiter og styrkar ved undersøkinga og om kva framtidig forsking bør setje i fokus

Ei referanseliste blir normalt inkludert på slutten av artikkelen. Ein artikkel i eit vitskapleg tidsskrift er normalt 5–30 sider lang.

Vitskaplege tidsskrift har nesten alltid ein redaktør og ein redaksjon. Redaktøren er normalt ein anerkjend forskar. Han eller ho har det overordna ansvaret for tidsskriftet og det som blir publisert der, og er leiar for redaksjonen. Redaksjonen består normalt av fleire forskarar. Desse har gjerne ansvar for enkeltartiklar. Når du som forskar sender inn ein artikkel til tidsskriftet, vil som regel redaktøren gi éin av medlemmene i redaksjonen ansvaret for artikkelen. Den ansvarlege i redaksjonen les normalt gjennom artikkelen og vurderer til dømes språket, måleinstrumenta, om statistiske analysar er utførte på rett måte, eller om konklusjonane går for langt i forhold til resultata.

Om redaksjonsmedlemmen synest artikkelen er dårleg, kan det ende med at artikkelen blir refusert eller avvist i dette leddet (desk rejection). Om den ansvarlege i redaksjonen meiner at artikkelen har nokre gode kvalitetar, vil han eller ho rekruttere nokre uavhengige ekspertar på feltet til å vurdere innhaldet. Ekspertane er typisk tilsette ved universitet eller forskingsinstitusjonar rundt omkring i verda. Seier dei ja til å vurdere artikkelen, blir dette i nesten alle tilfelle gjort gratis og som ei teneste for forskarsamfunnet. Dei fungerer då som såkalla fagfellar.

Fagfellen får tilgang til den innsende artikkelen og lagar ein skriftleg rapport om teksten som blir send tilbake til den ansvarlege i redaksjonen. På bakgrunn av tilbakemeldingane frå fagfellane bestemmer den ansvarlege i redaksjonen kva artikkelen sin vidare skjebne blir. Om kritikken frå fagfellen

11Kapittel 1 Psykologisk litteratur og kjelder

ikkje er for sterk, blir artikkelen send tilbake til deg som forfattar, og du blir beden om å revidere artikkelen i tråd med kritikken. Nokre gonger kan ein artikkel gå mange rundar mellom redaksjon, forfattar og fagfelle før han eventuelt blir akseptert og deretter publisert i tidsskriftet. Nokre gonger er kritikken frå fagfellane så sterk at artikkelen blir avvist.

Som regel får fagfellane ikkje vite namnet på forfattarane, og forfattarane får ikkje vite kven som har vore fagfellar. Anonymitet er viktig for å hindre at personlege motsetningar mellom forskarar skal påverke vurderinga, og for å hindre at det oppstår personlege motsetningar mellom forskarar.

Det er to modellar for tilgang til artiklar som er publiserte i vitskaplege tidsskrift:

1) abonnementsmodellen

2) fri tilgang-modellen (open access, OA)

Abonnementsmodellen inneber at dei som skal ha tilgang til å lese artikkelen, må abonnere på tidsskriftet. Det er ofte dyrt og kostar normalt fleire tusen kroner i året per tidsskrift. Abonnementsmodellen har blitt kritisert fordi forskarar med dårleg råd, gjerne frå fattige land, ikkje har råd til å abonnere og dermed blir avskorne frå å lese og setje seg inn i forskingsresultat.

Fri tilgang-modellen (open access, OA) inneber at tidsskrifta tek betalt frå forskarane i staden for frå lesarane. Forskarane betaler ei avgift per artikkel dei får på trykk. Såkalla OA-tidsskrift er ope tilgjengelege for alle.

Dei fleste tidsskrift, både innanfor abonnementsmodellen og fri tilgangmodellen, kjem ut med eit nummer fire–tolv gonger i året, og i kvart nummer er det gjerne rundt ti artiklar. Tidlegare kom tidsskrifta ut i papirutgåver, men no er det meir vanleg at dei i tillegg eller berre blir publiserte på internett.

Dei fleste vitskaplege tidsskrift har engelsk som språk. Ein fordel med å publisere på engelsk er at artiklane kan lesast av svært mange. I tillegg finst det psykologitidsskrift i dei aller fleste vestlege landa som blir gitt ut på det nasjonale språket. Nasjonal publisering kan vere viktig for at dei som ikkje er fortrulege med å lese engelsk, også skal kunne ha moglegheit til å lese psykologisk faglitteratur. Publisering på eige språk kan også vere viktig for å halde ved like eit nasjonalt fagspråk.

Det finst i dag hundrevis av psykologitidsskrift. Dei fleste psykologitidsskrifta publiserer berre artiklar innan eit avgrensa temaområde innan psykologifaget.

Kapittel 1 Psykologisk litteratur og kjelder

12

Døme på slike tidsskrift er Perception, School Psychology og Behavioral Sleep Medicine. Andre er meir generelle og har få eller ingen avgrensingar når det gjeld kva psykologirelevante tema dei publiserer artiklar om. Døme på slike tidsskrift er Frontiers in Psychology og Scandinavian Journal of Psychology.

Sjølv om vitskaplege tidsskrift normalt har fagfellevurdering, er det likevel store forskjellar mellom tidsskrifta. Nokre tidsskrift har ein veldig høg refusjonsrate, medan andre har veldig låg. I Noreg skil vi mellom tre ulike nivå av tidsskrift. Nivå 0 er tidsskrift der fagfelleprosessen eller andre faglege aspekt ved tidsskriftet, som samansetjinga av redaksjonen, er så dårleg at det ikkje blir gitt såkalla publikasjonspoeng for å publisere der. Nivå 1-tidsskrifta gir 1 publikasjonspoeng per artikkel, og nivå 2-tidsskrifta gir 3 publikasjonspoeng per artikkel. Berre dei aller beste tidsskrifta er på nivå 2. Du kan søkje i det såkalla kanalregisteret for å finne ut kva nivå ulike tidsskrift er på.

Publikasjonspoenga som forskarane oppnår, blir brukte som grunnlag for å berekne kor mykje pengar universitetet eller høgskulen dei tilhøyrer, skal få frå staten. Pengane går altså ikkje direkte til forskarane, men til institusjonane der dei jobbar. Pengane institusjonane får for artiklane forskarane publiserer i vitskaplege tidsskrift, kjem i tillegg til grunnfinansieringa til institusjonane.

I tillegg til den norske inndelinga av tidsskrift i nivå 0, 1 og 2 blir tidsskrift internasjonalt vurderte ut frå såkalla impact factor. Det finst ulike måtar å berekne impact factor på, men den vanlegaste er toårig impact factor. Denne blir uttrykt i form av kor mange gonger artiklar som er publiserte i eit tidsskrift dei to siste åra, blir refererte til i andre artiklar neste år. Om eit tidsskrift publiserte 50 artiklar i 2019 og 50 artiklar i 2020, og desse 100 artiklane til saman blir refererte til 200 gonger i 2021, blir impact factor 200 / (50 + 50) = 2. Jo høgare impact factor, jo betre blir tidsskriftet rekna for å vere. Men det er også som regel vanskelegast å få publisere i slike tidsskrift. Annual Review of Psychology og Psychological Bulletin er blant dei psykologitidsskrifta som har høgast toårig impact factor. Begge har ein impact factor på over 20. På nettstaden til dei ulike tidsskrifta blir det ofte oppgitt impact factor.

Kva type vitskaplege artiklar finst det?

Vi skil normalt mellom tre ulike typar vitskaplege artiklar:

1)

Kapittel 1 Psykologisk litteratur og kjelder

13
empiriske 2) teoretiske 3) oversiktsartiklar

Langt dei fleste artiklane innan psykologifaget er empiriske artiklar. Det inneber at dei presenterer og diskuterer funna frå ei undersøking der forskarane har samla inn data, til dømes at dei har spurt elevar i vidaregåande skular om psykiske vanskar. Størsteparten av empiriske artiklar innan psykologifaget er baserte på ei kvantitativ tilnærming, der psykologiske fenomen og opplevingar på ein eller annan måte blir talfesta. Nokre empiriske artiklar innan faget er baserte på kvalitative metodar, der utsegner eller tekstar blir analyserte.

Den andre typen artikkel er teoretiske artiklar. Her prøver forskarar å teikne opp eller lage ein modell eller teori som kan forklare empiriske funn frå mange undersøkingar.

Den tredje kategorien av artiklar er oversiktsartiklar. Når forskarar skriv desse, gjer dei grundige litteratursøk og framstiller resultata samla for heile feltet. Ei form for oversiktsartikkel er meta-analyse. Her gjer forskarane ei statistisk oppsummering av alle undersøkingar innan eit felt, og bereknar statistiske effektar på tvers av alle enkeltartiklane dei har funne. Skal du setje deg inn i eit felt, kan du raskt få ei ganske god oversikt om du byrjar med å lese nyare oversiktsartiklar. Du kan finne ein del gode oversiktsartiklar på norsk i Tidsskrift for Norsk psykologforeining.

Korleis søkjer du etter vitskapleg litteratur?

Den vanlegaste måten å søkje etter vitskapleg litteratur på er å bruke såkalla søkjedatabasar. Dette er databasar som legg inn informasjon frå ei rekkje ulike tidsskrift, som forfattarnamn, tidsskriftnamn, artikkeltittel og kva årstal, volumnummer, heftenummer og sidetal eller artikkelnummer artikkelen omfattar. Samandraget av artikkelen (abstract) på ca. 150–300 ord blir også lagt inn i databasen. Ulike stikkord om tematikken artikkelen omhandlar, blir også lagde inn i databasane.

Dei fleste databasane må du abonnere på for å kunne bruke. Nokre er likevel ope tilgjengelege, som PubMed. Her kan du søkje på ulike emneord, avhengig av temaet du er interessert i. Om du til dømes er interessert i å søkje på artiklar som omhandlar vidaregåande skule, kan du leggje inn «high school» i søkjefeltet. Legg du inn «high school» (med hermeteikn i begge endar), får du berre treff på artiklar der dei to orda står saman. Ønskjer du å søkje spesifikt på artiklar som handlar om vidaregåande skule, og som har med mobbing å gjere, kan du leggje til «AND bullying».

Orda AND, OR og NOT blir kalla boolske operatorar og blir brukte for å kombinere ulike søkjeord og raffinere søket. Vil du leggje eit synonym til «bullying», som «harassment», kan du skrive ««high school» AND (bullying

Kapittel 1 Psykologisk litteratur og kjelder

14

Tittel

Forfattarar

Namnet på tidsskriftet Årstal (2022) Volumnr. (31)

Heftenr. (2)

Artikkelnummer (e13499)

DOI

LITTERATURSØK Dersom du vil finne vitskaplege artiklar som beskriv eit psykologisk emne du er interessert i, kan du søkje i databasen PubMed. Biletet viser det første treffet du får opp dersom du søkjer på «sleep AND ‘high school' AND covid-19». «Abstract» er eit kort samandrag av artikkelen som du kan lese for å finne ut om han er relevant for prosjektet ditt. Sida viser elles at artikkelen er publisert i det vitskaplege tidsskriftet Journal of Sleep Research, at han blei publisert digitalt (Epub) i oktober 2021, og kva for nokre andre artiklar han seinare er sitert i.

15Kapittel 1 Psykologisk litteratur og kjelder
NøkkelordLenkje til fulltekst Samandrag

OR harassment)» i søkjefeltet. Om du vil avgrense søket slik at undersøkingar der ordet vaksne inngår, ikkje blir tekne med, kan du leggje til «NOT adult».

Ein nyttig funksjon i slike søk er bruk av trunkering. Det betyr at du byrjar å skrive stammen av eit ord, og så set inn trunkeringssymbolet, som i dei fleste databasane er * (stjerne). Då får du med eintals- og fleirtalsendingar og dessutan ulike variantar av ordet.

Når søket er gjort, får du normalt opp ei lang rekkje med treff, det vil seie artiklar som er relevante i samsvar med søkjeorda. I PubMed kan du avgrense søket med såkalla avansert søk, slik at dei ulike søkjeorda må vere ein del av tittelen eller samandraget (abstract). Via den avanserte søkjefunksjonen kan du også søkje på forfattarnamn og avgrense søket til artiklar som er publiserte innanfor gitte årstal.

I dag er så å seie alle artiklar utstyrte med eit eige nummer, som blir kalla digital object identifier (eller DOI) og kjem opp når du går inn på dei ulike artiklane i søket. Når dette nummeret blir lagt inn i adressefeltet i ein nettlesar, skal du få opp lenkje til fulltekstversjonen av artikkelen.

Nokre forskarar set seg inn i eit felt ved å identifisere ein såkalla nøkkelartikkel. Dette er ein artikkel som er sentral på eit felt, er hyppig sitert av andre og gjerne er ein del år gammal. Ved å søkje på og lese deg opp på alle som seinare har referert til den aktuelle nøkkelartikkelen, kan du også skaffe deg god oversikt over eit tema innan psykologien.

Kapittel 1 Psykologisk litteratur og kjelder
16

Bli betre kjend med kapittelet

1) Kvifor kan det vere problematisk å bruke kjelder som er lagde ut av enkeltpersonar på internett?

2) Kvifor bør du ikkje automatisk stole på kjelder som er publiserte av professorar eller forskarar?

3) Kva er ein fagfelle?

4) Kvifor blir vitskaplege tidsskrift rekna som dei mest truverdige kjeldene?

5) Forklar kva rolle ein redaktør har når ein vitskapleg artikkel skal publiserast.

6) Forklar kort korleis du kan søkje etter vitskaplege artiklar i ein database.

7) Forklar kva vi meiner med ein empirisk artikkel, og kva vi meiner med kvantitative data.

8) Forklar kva ein oversiktsartikkel er, og kva som skil han frå dei andre artikkeltypane.

9) Kva er ein boolsk operator, og korleis bruker du boolske operatorar når du skal søkje etter vitskaplege artiklar i ein database?

10) Kva er ein nøkkelartikkel?

Kapittel 1 Psykologisk litteratur og kjelder
17

Forskingsmetode og prosjekt

For å drive med forsking må du kunne stille eit spørsmål som du prøver å få svar på, eller setje fram ein påstand som du prøver å finne støtte til eller avkrefte. Spørsmålet blir kalla eit forskingsspørsmål, og påstanden blir kalla ein hypotese. Metoden din er den måten du prøver å få svar på spørsmålet ditt eller undersøkje hypotesen på. Det vanlegaste i psykologien er å finne eit talmessig mål som svar. Det kan du få gjennom sjølvrapport, observasjon eller fysiske målingar. Med eit tal kan du vise at det er ein samanheng mellom ulike fenomen. Du må gjennomføre eit eksperiment for å vise at det eine fenomenet er årsaka til eit anna.

Før psykologien blei til, var det filosofane som var opptekne av menneskelege eigenskapar og prosessar. Dei kom fram til konklusjonane sine ut frå eigne personlege observasjonar og logisk resonnering. Filosofen Aristoteles meinte til dømes at hukommelsen til menneske meir eller mindre var bleike kopiar av verkelegheita. Då psykologien blei etablert, var ein også oppteken av fenomen som hukommelse. Men måten ein danna oppfatningar på omkring korleis hukommelsen fungerte, var no basert på den vitskaplege metoden.

FORSKINGSSPØRSMÅL.

I 1986 blei ein person stukken med ein brødkniv i Bergen sentrum. Ein 18 år gammal gut blei arrestert og sikta for lekamsskading. Forsvararen hans hevda i retten at kombinasjonen av alkohol og valdsfilm var skuld i knivstikkinga. Kan det å sjå ein valdeleg film føre til valdsbruk? Det er eit forskingsspørsmål. Slike spørsmål har også vore stilte om teikneseriar og dataspel. I 1980-åra meinte mange at svaret på spørsmålet var «ja». Stortinget vedtok straff for å leige ut eller selje videoar med grove valdsskildringar. I Stortinget fekk leiaren av justiskomiteen, Helen Bøsterud, sjå valdsfilmar. «Skremmande, dette er for grufullt», sa ho og måtte flytte blikket mot golvet.

Kapittel 2 Forskingsmetode og prosjekt
19 KAPITTEL 6
KAPITTEL 2

FORSKINGSPROSESSEN. Du kan ikkje svare «ja» på forskingsspørsmålet ditt fordi du personleg tilfeldig har observert at ein eller fleire valdelege personar også har sett valdsfilmar. Forskingsprosessen består av ei rekkje trinn du må gjennom før du kan fortelje andre om kva du har funne ut. Kanskje er konklusjonen din sånn at du bør endre litt på forskingsspørsmålet ditt og bruke ein annan metode eller andre måleinstrument enn dei du først valde?

Tid brukt på valdelege dataspel

·

·

Metode

·

Val

Formidling

·

Innsamling

Med vitskap meiner vi ein eigen og unik måte å skaffe kunnskap om verda på. Enkelt sagt går denne metoden ut på at du stiller eit spørsmål (forskingsspørsmål) eller set fram ein påstand som kan vere sann. Ein slik påstand kallar vi ein hypotese. Utgangspunktet for spørsmålet eller hypotesen kan til dømes vere tilfeldige observasjonar du har gjort av verda, der du vil undersøkje nærmare om observasjonane dine stemmer med korleis verda faktisk er.

Deretter vel du ein metode som er eigna for å svare på spørsmålet og undersøkje om påstanden eller hypotesen er sann. Du samlar så inn informasjon på ein systematisk måte, ved bruk av spesielle måleinstrument. Når du har samla inn informasjonen, analyserer du denne etter bestemde reglar. Resultatet av analysen skal gjere deg i stand til å gi svar på forskingsspørsmålet eller trekkje konklusjonar om påstanden er sann eller usann.

Figuren øvst på denne sida viser framgangsmåten ved den vitskaplege metoden (forskingsprosessen) som vi går gjennom i resten av kapittelet. Eit døme på eit forskingsspørsmål kan vere: «Vil det å spele valdelege dataspel gjere dei som speler, meir aggressive?» Ein hypotese om det same kan du formulere slik: «Speling av valdelege dataspel aukar aggresjon.»

og prosjekt

Hypotese/forskingsspørsmål
20 Kapittel 2 Forskingsmetode
Teoriar
Observasjonar · Samfunnsmessige utfordringar
Kvantitativ · Ikkje-eksperimentell · Eksperimentell · Kvalitativ
Konklusjonar Analyse av data
av data
av måleinstrument og utval
Vitskapleg artikkel · Rapport · Konferansepresentasjon

Bakgrunn for hypotese eller forskingsspørsmål

Forskarar set fram ein hypotese eller eit forskingsspørsmål basert på inntrykk som typisk utløyser nysgjerrigheita deira. Ein bakgrunn for ein hypotese eller eit forskingsspørsmål kan vere ein teori. Teoriar er forenkla modellar av verkelegheita, og innan psykologien fortel desse generelt kva som påverkar menneskeleg åtferd. Ein god teori er enkel og har i mange tidlegare undersøkingar vist seg å stemme. Nokre teoriar er breie. Det betyr at dei gjeld i mange ulike samanhengar, for mange ulike typar åtferd og for alle menneske. Andre teoriar handlar berre om åtferd i spesielle og avgrensa samanhengar.

Eit døme på ein brei teori i psykologien er teorien om modellæring. Ifølgje denne teorien kan du lære åtferd ved å observere ein modell, ein person du ser utfører ei bestemd handling. Eit døme på ein hypotese som har vore reist i samband med valdelege dataspel, er at dei som speler slike spel, lærer aggresjon ved å observere korleis avatarar (figurar i dataspel) opptrer i spelet. Dette er eit døme på at ein generell teori (teorien om modellæring) kan vere utgangspunkt for ein hypotese («Dei som speler valdelege dataspel, blir meir aggressive enn dei som ikkje speler slike spel.»).

Ei anna kjelde til hypotesar kan vere observasjonar av verda. Du kan til dømes ha observert at nokon som speler valdelege dataspel, er ganske aggressive. Denne typen observasjon er ikkje tilstrekkeleg for å trekkje ein vitskapleg konklusjon, fordi du ikkje har vore igjennom heile den vitskaplege prosessen vist i figur 1. Men du kan likevel bruke denne typen subjektive inntrykk til å setje fram hypotesar («Dei som speler valdelege dataspel, blir meir aggressive enn dei som ikkje speler slike spel.») eller reise eit forskingsspørsmål («Vil det å spele valdelege dataspel føre til auka aggresjon?») som du vidare undersøkjer ved hjelp av den vitskaplege metoden.

Vidare kan samfunnsmessige utfordringar vere ei kjelde til hypotesar. Til dømes kan det vere slik at politiet i ein del byar har registrert at andelen ungdom som er valdelege, har auka. Det kan derfor vere av samfunnsmessig nytte å finne ut av kva som er årsaka til ein slik auke, slik at dei kan førebyggje problemet – hindre at det oppstår. Du kan derfor på grunn av eit samfunnsmessig problem komme med påstandar (hypotesar) om moglege årsaker til problemet, til dømes at valdelege dataspel kan forårsake auka aggresjon.

Ei fjerde mogleg kjelde til hypotesar er tidlegare forsking. Det kan til dømes tenkjast at nokre undersøkingar har vist at dei som speler dataspel, er meir aggressive enn dei som ikkje speler dataspel, medan andre undersøkingar

21Kapittel 2 Forskingsmetode og prosjekt

kanskje har vist at det ikkje er nokon forskjell mellom dei som speler dataspel, og dei som ikkje gjer det, når det gjeld aggresjonsnivå. Det kan til og med hende at forsking har vist at dei som speler dataspel, er mindre aggressive enn dei som ikkje speler dataspel. Dersom dette er tilfelle, seier vi gjerne at forskinga har vist motstridande resultat.

Motstridande resultat skaper typisk nysgjerrigheit hos forskarar som gjerne vil finne ut meir om kvifor undersøkingar gir så ulike resultat. Somme kan kanskje komme på at det kan ha noko med typen dataspel å gjere. Nokre forskarar kan derfor setje fram ein hypotese om at det som er avgjerande, er typen dataspel og ikkje om ein generelt speler dataspel eller ikkje. Du kan dermed setje fram følgjande hypotese: «Dei som speler valdelege dataspel, blir meir aggressive enn dei som speler bilspel, og meir aggressive enn dei som ikkje speler dataspel i det heile.»

Som vist her er det mange ulike kjelder til ein hypotese eller eit forskingsspørsmål. Forskinga stiller ikkje nokon spesielle krav til kva som skal vere bakgrunnen for ein hypotese eller eit forskingsspørsmål, men stiller, som du skal sjå, klare krav til korleis du formulerer ein hypotese eller eit forskingsspørsmål, og til korleis du undersøkjer hypotesen og prøver å svare på forskingsspørsmålet.

Hypotese og forskingsspørsmål

Vitskapen stiller eigentleg berre eitt krav til ein hypotese. Det er at det skal vere mogleg, ved hjelp av den vitskaplege metoden, å avgjere om hypotesen er styrkt eller svekt. Tilsvarande gjeld også for eit forskingsspørsmål – det må vere formulert slik at det skal vere mogleg å komme fram til eit svar på spørsmålet.

Vi seier gjerne at hypotesen må vere falsifiserbar. Det betyr at det skal vere mogleg, ved hjelp av den vitskaplege metoden, å kunne gjere vitskaplege funn som tilseier at hypotesen ikkje stemmer.

Dei aller fleire hypotesar vil oppfylle dette kravet. Men det finst døme der dei ikkje gjer det. Om ein astrolog påstår at stjerner og planetar påverkar oss med krefter og stråling vi ikkje er i stand til å måle, så er dette ein hypotese som det ikkje går an å undersøkje om er sann eller usann, nettopp fordi vi ikkje kan måle eller registrere desse kreftene eller strålane. Ein slik hypotese er dermed ikkje falsifiserbar, og han vil derfor ikkje vere i tråd med det vitskaplege kravet til ein hypotese.

Det er som nemnt forskjell på ein hypotese og eit forskingsspørsmål, sjølv om begge kan omhandle same tema. Ein hypotese er ein konkret påstand

og prosjekt

22 Kapittel 2 Forskingsmetode

om korleis verda er. Du kan skilje mellom hypotesar med og utan retning. Hypotesen «valdelege dataspel påverkar aggresjon» seier ikkje noko om kva effekt du forventar at slike spel vil ha, han seier ikkje om du forventar at slike spel vil auke eller redusere aggresjon. Ein hypotese med retning vil vere meir spesifikk, til dømes «valdelege dataspel aukar aggresjon». Det mest vanlege når du set fram hypotesar, er at dei har retning. Alternativt kunne du som utgangspunkt for ei undersøking stilt eit forskingsspørsmål: «Vil valdelege dataspel påverke aggresjon?»

Når bruker du hypotesar, og når bruker du forskingsspørsmål? Det finst ikkje nokon absolutt fasit for dette, men dersom du på førehand (til dømes ut frå tidlegare liknande forsking eller ein teori) har grunn til å tru eller forvente at noko er sant, er det vanlegast med hypotesar. Dersom du veit lite om eit tema, eller det ikkje er nokon klare, teoretisk baserte forventningar på førehand, er det meir vanleg med forskingsspørsmål enn hypotesar.

Innan kvalitativ forsking, der du ikkje samlar inn data i form av tal, men heller til dømes vektlegg tekst, er det ikkje vanleg med hypotesar. Du vil då heller stille eit forskingsspørsmål, men formulert slik at du ikkje treng å samle inn informasjon i form av tal for å svare på det. Ein forskar som opererer innan kvantitativ forsking, og som er oppteken av om valdelege dataspel kan påverke aggresjonsnivået, vil til dømes gjerne kunne setje fram følgjande hypotese: «Hos barn vil valdelege dataspel auke aggresjonsnivået samanlikna med ikkje-valdelege dataspel.» Ein kvalitativt orientert forskar er som regel meir interessert i subjektive opplevingar og vil kanskje i forskinga si på temaet heller stille spørsmål av denne typen: «Korleis opplever barn at valdelege dataspel verkar på dei?» Dette forskingsspørsmålet inviterer meir til å samle inn data til dømes gjennom intervju, for så å analysere samtalane frå intervjua. Du kan til dømes undersøkje om nokre tema går igjen på tvers av intervjua og kan indikere nokre grunnleggjande påverknadsprosessar som valdelege dataspel kan ha.

Metode

Etter at du har stilt forskingsspørsmålet eller sett fram ein hypotese, vel du ein metode som er eigna for å svare på spørsmålet eller undersøkje hypotesen. Størstedelen av psykologisk forsking er kvantitativ. Dette betyr at når du måler eit fenomen, så bruker du metodar som gjer at du kjem fram til eit talmessig (numerisk) uttrykk for fenomenet. Dersom du stiller eit spørsmål om valdelege dataspel påverkar aggresjon, og du skal bruke ein kvantitativ metode, inneber det at du vil prøve å talfeste aggresjonsnivået, slik at eit lågt tal viser at aggresjonsnivået er lågt, medan eit høgt tal viser at aggresjonsnivået er høgt. Til slike formål bruker ein som regel ulike

23Kapittel 2 Forskingsmetode og prosjekt

IKKJE-EKSPERIMENTELL

FORSKING betyr at du ikkje gjennomfører eit eksperiment, men berre samlar inn data. Du kan til dømes be medelevane dine svare på kor mange timar dei bruker på å spele dataspel på ei veke. Og du kan be dei angi kor aggressive dei er. Då samlar du inn data om to ulike fenomen. Kanskje finn du ein samanheng mellom fenomena, til dømes at dei som speler mest, også oppgir mest aggresjon. Men slik ikkjeeksperimentell forsking kan ikkje fortelje deg om det eine fenomenet er årsaka til det andre. Du kan til dømes ikkje konkludere med at aggresjonen kjem av dataspeling.

måleinstrument, som spørjeskjema, observasjon eller fysiologiske/fysiske mål (sjå seinare).

Innan kvantitativ psykologisk forsking skil forskarane typisk mellom ikkjeeksperimentell og eksperimentell forsking. Ikkje-eksperimentell forsking inneber at du måler fenomen og undersøkjer om det er nokon samanheng mellom dei. Dette er illustrert i figuren nedanfor. Forskarane har her målt samanhengen mellom kor mykje valdelege dataspel forsøkspersonane har spelt, og kor fysisk aggressive dei er. At pila her går i begge retningar, viser at forskarane berre har målt at det finst ein samanheng mellom dei to fenomena, utan at dei kan seie noko om kva som er årsak, og kva som er verknad.

Du kan til dømes måle samanhengen mellom bruk av valdelege dataspel og aggresjon dersom du på ein skule deler ut eit spørjeskjema der elevar blir spurde om kor mange timar per veke dei speler valdelege dataspel, og samtidig blir spurde om kor aggressive dei er. Du kan definere valdelege dataspel som spel der du speler ein karakter som påfører andre i spelet skade, smerte, ubehag eller død. Alle som svarer, oppgir altså kor mange timar per veke dei speler slike spel. Dette er eit tal (tid) som er eit talmessig (kvantitativt) uttrykk for kor mykje elevane speler slike spel.

Du må også måle aggresjon. Då kan du til dømes bruke eit spørjeskjema, som vist på neste side. I spørjeskjemaet blir elevane bedne om å krysse av for eitt av svaralternativa for kvar påstand (svært ulikt meg = 0; litt ulikt meg = 1; ikkje likt meg og heller ikkje ulikt meg = 2; litt likt meg = 3; svært likt meg = 4). Kvar påstand gir altså ein skår frå 0 til 4. Du legg saman skåren for kvar av dei fire påstandane og reknar ut ein totalskår. Dersom ein person svarer «svært ulikt meg» på alle dei fire påstandane, blir totalskåren (summen) 0 + 0 + 0 + 0 = 0. Dersom ein person skårar «svært likt meg» på alle dei fire påstandane, blir totalskåren 4 + 4 + 4 + 4 = 16. Alle som svarer, vil altså ha ein totalskår (eller sumskår, som det også blir kalla) mellom 0 og 16.

Du har no fått eit kvantitativt uttrykk for kor mykje (timar per veke) elevane speler valdelege dataspel, og kor fysisk aggressive dei er. Dersom du samlar inn informasjon om dette frå 15 personar, kan du kanskje ende opp med ei oversikt som vist i tabellen nedst på neste side.

Tid brukt på valdelege dataspel Fysisk aggresjon Kapittel Forskingsmetode og prosjekt
24
2

Instruksjon: Svar på kvar påstand nedanfor med tanke på kor ulik eller lik åtferda er deg.

Svært ulikt meg = 0 Litt ulikt meg = 1 Ikkje likt meg og heller ikkje ulikt meg = 2

Litt likt meg = 3 Svært likt meg = 4

Dersom eg blir provosert nok, kan eg kanskje slå til ein annan person.

Det er personar som har «trekt meg» så langt at vi har gått laus på kvarandre.

Eg har trua folk eg kjenner.

Eg har problem med å styre temperamentet mitt.

KVANTITATIV FORSKING. Du kan bruke eit spørje skjema for å samle inn data. Dataa kan hjelpe deg med å talfeste eit fenomen. Å finne talmessige uttrykk for fenomen er avgjerande i kvantitativ forsking. Det meste av psykologisk forsking er kvantitativ. Dette spørjeskjemaet kan gi deg eit talmessig uttrykk for aggresjonsnivået hos personen som svarer på skjemaet. Du kan leggje saman skåren på dei fire spørsmåla og få eit tal mellom 0 og 16 – frå svært lågt aggresjonsnivå til svært høgt.

Tid brukt på valdelege dataspel per veke (i timar)

Elev 1 0 3

Elev 2 1 3

Elev 3 4 0

Elev 4 13 9

Elev 5 0 4

Elev 6 17 8

Elev 7 3 6

Elev 8 2 0

Elev 9 0 5

Elev 10 6 7

Elev 11 3 8

Elev 12 9 7

Elev 13 0 5

Elev 14 2 6

Elev 15 3 6

Skår på fysisk aggresjon (frå 0 til 16)

KORRELASJON. Dersom du samlar inn informasjon frå 15 elevar om kor mykje tid dei bruker på valdelege dataspel per veke, og lèt dei rapportere i spørjeskjemaet om aggresjon, får du kanskje svar som i denne tabellen. Dersom du legg tala inn i eit Excel-ark, kan du berekne om det er nokon samanheng, eller korrelasjon, mellom speling og aggresjon.

Berekninga vil gi deg eit tal mellom 0,00 og 1,00 – frå ingen korrelasjon til stor korrelasjon. Tala i dette dømet gir ein korrelasjon på 0,56.

25Kapittel 2 Forskingsmetode og prosjekt

KAUSALITET. I 2003 blei det publisert to psykologiske undersøkingar som var gjennomførte ved Iowa State University i USA. Begge påviste samanheng mellom valdelege dataspel og aggresjon. Den eine undersøkinga viste også samanheng mellom bruk av valdelege videospel, skuleprestasjonar, destruktive tankar og valdsbruk i det verkelege livet. Ein samanheng mellom to fenomen betyr likevel ikkje at det er ein årsakssamanheng mellom fenomena – at det eine er skuld i det andre.

Spørsmålet du som forskar skal svare på, er om det er ein samanheng mellom kor mykje valdelege dataspel elevane speler, og kor fysisk aggressive dei er. Eit statistisk uttrykk for samanhengar heiter korrelasjon. Dersom det er ingen samanheng, er korrelasjonen lik 0,00. Det høgaste ein korrelasjon kan vere, er 1,00. I vårt konkrete tilfelle viser korrelasjonen seg å vere 0,56. Det er altså ein samanheng mellom kor mykje valdelege dataspel elevane speler, og kor fysisk aggressive dei er. Men betyr dette at valdelege dataspel gjer at elevane blir meir aggressive – at valdelege dataspel er årsaka til aggresjonen?

Ei ikkje-eksperimentell undersøking som den som er gjennomgått, kan ikkje seie noko om årsaks- og verknadssamanhengar, som vi i psykologien kallar kausale samanhengar eller årsakssamanhengar. Det kan sjølvsagt vere slik at valdelege dataspel forårsakar eller fører til auka fysisk aggresjon. Men det kan også vere motsett: at dei som er fysisk aggressive, liker å spele valdelege dataspel. I tillegg kan det vere at det er andre ting som vi ikkje har målt, som kan vere årsaka til både at elevane speler mykje valdelege dataspel, og at dei er fysisk aggressive – til dømes i kva grad foreldra set grenser for handlingar dei meiner barnet ikkje skal gjere.

Nokre foreldre lèt ikkje barna spele valdelege dataspel og legg samtidig stor vekt på å lære barnet ikkje å vere fysisk aggressiv, medan andre foreldre tillèt meir av begge delar. Samanhengen mellom valdelege dataspel og fysisk

og prosjekt
26 Kapittel 2 Forskingsmetode

aggresjon kan dermed komme av ein tredje faktor som du ikkje har målt. Det er viktig å leggje merke til at når du berre gjer ikkje-eksperimentelle undersøkingar, kan du ikkje seie noko om årsak og verknad. Du kan altså ikkje trekkje nokon kausale slutningar ut frå slike undersøkingar.

Men om du ønskjer å seie noko om årsak og verknad – korleis skal du då lage undersøkinga? I slike tilfelle må du lage eit eksperiment. Eit eksperiment er ein undersøkingsmetode som gjer at du faktisk kan seie noko om årsak og verknad. Du må då lage eller konstruere ulike typar påverknader – kvar enkelt påverknad kallar vi eit vilkår. Eit eksperiment må minst ha to ulike vilkår. I eksperimentet vist i figuren ovanfor er det to ulike vilkår – valdeleg dataspel og fredeleg dataspel. Samla kallar vi desse to vilkåra den uavhengige variabelen – det er nemninga som blir brukt om dei vilkåra som forskaren lagar eller utset forsøkspersonane for. I eksperimentet ser vi elles at det er rekruttert 50 barn. Desse må du fordele tilfeldig til dei to vilkåra, til dømes ved hjelp av loddtrekking, slik at det blir 25 som speler det valdelege dataspelet i 1 time, og 25 som speler det ikkje-valdelege dataspelet i 1 time. Den tilfeldige fordelinga blir kalla randomisering

Kvifor må vi randomisere? Dersom barna sjølv kunne valt kva vilkår dei skulle vere med i, kunne du risikert at dei barna som i utgangspunktet var mest aggressive, valde å spele det valdelege dataspelet, medan dei barna som var minst aggressive, valde å spele det fredelege dataspelet. Hadde du gjort

FORSKING. Du må gjennomføre eit eksperiment for å finne ut om eit fenomen kan vere årsaka til eit anna. Dersom du vil vite om det å spele valdelege dataspel gjer den som speler, meir aggressiv, kan du til dømes lage to ulike påverknader eller vilkår: Éi gruppe forsøkspersonar får spele eit valdeleg dataspel, medan ei anna gruppe speler eit fredeleg spel. Deretter kan du la dei leike medan du observerer åtferda deira. Oppfører dei seg forskjellig? Er talet på aggressive responsar, til dømes verbale truslar eller antalet slag som blir gitt til andre barn, ulikt i dei to vilkåra?

prosjekt

Speler fredeleg dataspel i 1 time Speler valdeleg dataspel i 1 time 50 barn Observert aggresjon i frileik Observert aggresjon i frileik
27Kapittel 2 Forskingsmetode og

det slik, hadde ikkje barna i dei to vilkåra vore like i utgangspunktet, og du kunne ikkje konkludert noko sikkert om årsak og verknad. Ved å fordele barna tilfeldig til dei to vilkåra (randomisere) sikrar du at barna i dei to vilkåra er så like som mogleg i gjennomsnitt før dei speler dataspela. Då er det berre dataspelet som utgjer ein forskjell mellom barna i dei to vilkåra.

Effekten av dataspela måler du på det som blir kalla den avhengige variabelen, som i dette tilfellet vil vere aggresjon. Å bruke eit spørjeskjema som måler aggresjon generelt, vil vere lite eigna her, fordi du er interessert i å måle den umiddelbare og akutte effekten av å spele ulike typar dataspel. Du kan heller måle aggresjon ved til dømes å la barna leike i frileik med andre barn etter at dei har spelt, og så observere åtferda til barna. Aggresjon kan du då definere som antalet spark og slag kvart barn gir andre barn. Dermed kan du få eit kvantitativt (talmessig) uttrykk for aggresjon.

Dersom du finn ut at det er meir slag og spark i gruppa som spelte det valdelege dataspelet, enn i gruppa som spelte det ikkje-valdelege dataspelet, kunne du konkludert med at det valdelege dataspelet gir meir (i alle fall umiddelbar) aggresjon enn det ikkje-valdelege dataspelet.

Her kan du altså trekkje konklusjonar om årsak og verknad (kausale slutningar) sidan du har nytta eit eksperimentelt undersøkingsopplegg. På grunnlag av ikkje-eksperimentell forsking kan du på den andre sida seie noko om samanhengar mellom psykologiske fenomen (som innhald i dataspel og aggresjon), men ikkje noko om årsakssamanhengar.

I kvalitativ forsking er vi ikkje opptekne av å komme fram til eit talmessig uttrykk for det vi undersøkjer. Vi er heller interesserte i verbale beskrivingar av opplevingane til forsøkspersonane. I eit slikt undersøkingsopplegg kunne du til dømes spurt elevar: «Kan du beskrive kva du kjenner i kroppen din når du speler ulike typar dataspel?» «Kan du beskrive kva kjensler du har under og etter at du har spelt ulike typar dataspel?» Du vil typisk gjere eit opptak av svara på desse spørsmåla.

Du går så gjennom opptaket og skriv ned alt som blir sagt (det blir kalla transkribering). Deretter analyserer du svara. Er det til dømes nokon typar kroppslege opplevingar som går igjen i svara knytte til valdelege dataspel, og som ikkje blir nemnde når det gjeld dei ikkje-valdelege spela? Kanskje kjem du fram til at ein del opplever sitring i kroppen når dei speler valdelege dataspel, noko dei ikkje opplever når dei speler ikkje-valdelege dataspel?

og prosjekt

28 Kapittel 2 Forskingsmetode

KVALITATIV METODE. I 2001 publiserte Statens filmtilsyn rapporten sin om dataspel og vald. Forskaren brukte ein kvalitativ metode då han intervjua 15 spelarar mellom 11 og 19 år, dei fleste gutar. Dei fleste spelarane rapporterte at dei ikkje visste om dei var påverka av valden i spela. Slik sjølvrapportering er éin av tre måltypar. Ei ulempe med sjølvrapportering er at intervjuobjekta ikkje er klar over alle responsane og tendensane sine. Då kan observasjon eller det å måle fysiologiske reaksjonar vere betre måltypar.

Før du går i gang med det praktiske arbeidet med ei undersøking, skriv du ei prosjektbeskriving eller ein forskingsprotokoll. Det er eit dokument der du beskriv kva som er bakgrunnen for undersøkinga, kva du konkret skal utsetje forsøkspersonane for, korleis du skal analysere dataa du samlar inn, og korleis du skal formidle funna.

Forskingsprotokollar bruker du om du skal søkje om godkjenning av undersøkinga i etiske komitear (som finst i kvar helseregion). Den etiske komiteen må godkjenne nokre prosjekt der menneske er forsøkspersonar, for å sikre at dei ikkje blir utsette for uakseptable og negative påverknader. Forskingsprotokollar bruker du også som grunnlag for å søkje om pengar (til dømes frå Noregs forskingsråd) til å gjennomføre undersøkinga. Pengane treng du dersom du må lønne forskarar og kjøpe forskingsutstyr og materiell.

Val av måleinstrument og utval

Når forskarar skal måle ulike fenomen, må dei velje passande måleinstrument til dette. Eit måleinstrument kan definerast som ein standardisert framgangsmåte for å måle eit fenomen. Ein framgangsmåte er standardisert når det blir målt på same måte kvar gong noko skal målast.

I psykologisk forsking kan vi skilje mellom tre måtar å måle på:

1) ved sjølvrapportering

2) ved observasjon

3) ved å sjå på fysiologiske mål

29Kapittel 2 Forskingsmetode og prosjekt

Den første måten inneber at du ber personen sjølv seie noko om åtferda si, kjenslene sine eller tankane sine (som i spørjeskjemaet som skulle måle aggresjon). Dette er den mest brukte måten å samle inn data på. Ein fordel med denne metoden er at du kan rekne med at personen kjenner seg sjølv best og veit best korleis han eller ho opptrer, kjenner seg eller tenkjer.

Ei svakheit med denne metoden er at alle kan ha eigenskapar som dei ikkje er særleg klar over, men som andre lettare kan observere (til dømes at dei snorkar om natta eller har rykkingar i ansiktet når dei er stressa). Ei anna ulempe med sjølvrapportering er at personar bevisst kan framstille seg feil. Dersom du skal beskrive deg sjølv i eit jobbintervju, kan du lett «pynte» litt på beskrivingane av deg sjølv eller nekte for sider ved deg sjølv som ikkje er så positive (til dømes nekte for at du er rotete).

Den andre måten å måle på er ved observasjon. Her bruker ein gjerne trente observatørar som observerer éi eller nokre få bestemde åtferder. Ofte må du observere åtferda over eit bestemt tidsrom. I dømet om aggresjon kan du tenkje deg at observatøren ser etter kor mange gonger eit barn sparkar og slår andre barn i frileik i løpet av ein time. Talet observatøren kjem fram til, kan dermed fungere som eit talmessig uttrykk for aggresjon.

Den tredje måten er å sjå på fysiologiske mål. Fysiologiske mål inneber at du måler ulike kroppslege prosessar som du antek kan fortelje noko om den psykologiske tilstanden til ein person. Det kan til dømes vere puls, blodtrykk, stresshormon og hjerneaktivitet. I forsking der ein har undersøkt om dataspel påverkar aggresjon, har ein til dømes late personar spele ulike typar spel, og så målt blodtrykk og puls. Dersom blodtrykket og pulsen var høgare ved speling av valdelege enn ved speling av ikkje-valdelege spel, har nokre forskarar meint at slik kroppsleg opphissing er eit uttrykk for aggresjon.

Når forskarar skal velje måleinstrument, er det vanleg å velje måleinstrument som har vist seg å ha gode måleeigenskapar. Ideelt sett bør måleinstrumenta ha høg reliabilitet og høg omgrepsvaliditet.

Med høg reliabilitet meiner vi at måleinstrumentet gir den same (eller nesten den same) verdien når du måler noko som er stabilt over tid. Dersom du veg 56,0 kg og går opp på ei vekt tre gonger, og denne viser verdiane 47 kg, 85 kg og 61 kg, så seier vi at vekta er lite reliabel. Men om vekta viser verdiane 55,8 kg, 56,3 kg og 55,6 kg, er ho ganske reliabel.

Den same tenkinga gjeld også måling av psykologiske eigenskapar. Sjå på spørjeskjemaet som skulle måle aggresjon. Om personar fyller ut denne

og prosjekt

30 Kapittel 2 Forskingsmetode

skalaen med ei vekes mellomrom, er det ikkje forventa at skåren for den enkelte skal vere veldig ulik frå veke til veke. Dei som skårar høgt ei veke, er forventa å skåre høgt også neste veke, fordi aggresjon blir rekna for å vere ein forholdsvis stabil eigenskap. Det same vil gjelde for måling av andre stabile eigenskapar som personlegdom og intelligens.

Det er gjort forsking på mange eksisterande måleinstrument, og du vil dermed kunne finne ut kor høg reliabilitet eit måleinstrument har frå tidlegare forsking.

Eit godt måleinstrument bør også ha høg omgrepsvaliditet. Det betyr at måleinstrumentet faktisk måler det du ønskjer å måle. Dersom vi igjen tek utgangspunkt i spørjeskjemaet som måler aggresjon – er det annan informasjon vi forventar at dette skal henge saman med?

Du kunne til dømes observert åtferd i skulegarden og registrert kor mange gonger elevar slo og sparka andre elevar. Eller du kunne samla inn informasjon om ordens- og åtferdskarakteren til elevar som er med i undersøkinga. Dersom spørjeskjemaet vårt faktisk måler fysisk aggresjon, ville vi forventa at dei som skåra høgt på aggresjon, ville ha sparka og slått andre elevar oftare enn dei som hadde låg skår. Vi ville også forventa at dei som hadde høg skår i spørjeskjemaet, hadde lågare karakter i orden og åtferd enn dei med låg skår.

Dersom samanhengane viser seg å vere slik som beskrive her, kan du seie at måleinstrumentet har høg omgrepsvaliditet, fordi skårane heng saman på forventa måtar med annan informasjon. Dersom det ikkje er slik, så har måleinstrumentet låg omgrepsvaliditet, og det er grunnlag for å tenkje at det er lite eigna som eit måleinstrument for fysisk aggresjon.

Eit anna val som du må ta, er kven som skal vere med i undersøkinga. Den gruppa eller dei personane som er med i undersøkinga, blir gjerne kalla eit utval. Vi skil mellom representative utval og ikkje-representative utval.

Representative utval består av eit utval som liknar på populasjonen, som er dei som du ønskjer å seie noko om gjennom forskinga. Om det til dømes er 1000 elevar ved ein skule (populasjon), og du tilfeldig trekkjer ut 200 av dei (utval), vil desse 200 i gjennomsnitt likne på dei 1000. Du kan då bruke resultata frå dei 200 til å generalisere til populasjonen (alle dei 1000 elevane på skulen). Generalisering betyr at du går ut frå at resultat frå eit utval er gyldige for heile populasjonen.

Forskingsmetode og prosjekt
31Kapittel 2

REPRESENTATIVE UTVAL.

The Gathering er verdas nest største dataspelfestival og har vore arrangert kvar påske i Vikingskipet på Hamar sidan 1992. Over 5000 spelentusiastar samlast her. Dersom du vil gjere ei undersøking blant deltakarane, kan du velje å la alle fylle ut eit spørjeskjema, eller du kan trekkje eit tilfeldig utval, til dømes 500 av deltakarane. Utvalet representerer då populasjonen, i dette tilfellet alle deltakarane på The Gathering.

Utvalet gjer det lettare for deg å gjennomføre undersøkinga, sidan datamengda blir mindre. Dersom du skal gjere eit eksperiment, er du som oftast ikkje så oppteken av representativitet. Biletet er frå 2019.

Om du derimot står utanfor skulen måndag morgon kl. 7.30 og deler ut spørjeskjema til dei 200 første elevane som kjem på skulen, vil du sitje igjen med eit ikkje-representativt utval. Det er til dømes ganske sannsynleg at desse 200 i gjennomsnitt er meir strukturerte og består av fleire A-menneske enn heile populasjonen (alle dei 1000 elevane).

Dersom du skal kartleggje fysisk aggresjon blant elevar i vidaregåande skule i Noreg (då er desse populasjonen), kan du sende eit brev til alle desse elevane og be dei fylle ut spørjeskjemaet om aggresjon. Dette er likevel veldig dyrt og tungvint. Eit betre alternativ er at du trekkjer ut 5000 tilfeldige elevar frå alle dei 186 000 elevane som går på vidaregåande skular i Noreg, og sender brev berre til dei. Då vil dette utvalet på 5000 vere eit representativt utval. Du kan generalisere resultata frå dei 5000 til alle dei 186 000.

Forskingsmetode og prosjekt

32 Kapittel 2

Andre gonger er det mindre viktig å ha representative utval. Forskarar som driv med eksperiment, er ofte lite opptekne av at forsøkspersonane representerer ein gitt populasjon. Dersom du vil undersøkje om valdelege dataspel forårsakar aggresjon, ved hjelp av eksperiment, vel du gjerne ut 50 barn du lett får tak i (det vil seie at dei ikkje er tilfeldig trekte frå ei liste eller oversikt over barn i ein gitt populasjon). Det du derimot vil vere oppteken av, er at fordelinga av barn til for eksempel eit vilkår med valdeleg dataspel og eit vilkår med ikkje-valdeleg dataspel skal vere tilfeldig (randomisert).

Innsamling av data

Når du har bestemt deg for metode og måleinstrument, samlar du inn svara (data) ved hjelp av desse. Etter at personar i eit eksperiment til dømes har spelt anten eit valdeleg eller eit ikkje-valdeleg dataspel (den uavhengige variabelen), blir verdiane målte på den avhengige variabelen (til dømes talet på slag og spark dei gir andre barn i ein times frileik). Dette blir registrert av trente observatørar. Dataa blir typisk samla inn ved at observatørane har eit ark for kvar elev, og kvar gong eleven sparkar eller slår eit anna barn, blir det sett eit kryss. Når timen med frileik er over, tel observatøren opp kor mange gonger det er sett kryss for kvar enkelt elev – dette talet er dermed eit uttrykk for aggresjon, og alle tala blir deretter normalt plotta inn i eit statistikkprogram.

Analyse av data

Når alle dataa er samla inn, vil du i kvantitative undersøkingar bruke dei for å gjere ein statistisk analyse. I tabellen på neste side er det vist eit mogleg utfall for eit eksperiment der 50 elevar (med nummer frå 1 til 50) er med –25 har spelt eit valdeleg spel, og 25 har spelt eit ikkje-valdeleg spel. Nummera til dei ulike elevane (1–50) har blitt tilfeldig fordelte til dei to vilkåra (sjå kolonne 1 og 3 i tabellen). Resultata (talet på slag og spark) i dei to vilkåra er viste i kolonne 2 og 4 i tabellen. Nedst står gjennomsnittet. Som vist er det i gjennomsnitt 6,16 slag/spark per barn hos dei som har spelt det valdelege dataspelet, medan det i gjennomsnitt er 4,28 slag/spark per barn hos dei som har spelt det ikkje-valdelege dataspelet. Statistikkprogrammet vil i tillegg vise at forskjellen i desse to gjennomsnittsskårane er statistisk signifikant, noko som betyr at det er veldig lite truleg at det ikkje er ein reell forskjell i aggresjonsnivået mellom barna i dei to vilkåra.

33Kapittel 2 Forskingsmetode og prosjekt

STATISTISK ANALYSE. Tabellen viser eit mogleg utfall for eit eksperiment der 50 elevar er med. Halvparten har spelt eit valdeleg spel, halvparten har spelt eit ikkjevaldeleg spel. Nummera til elevane har blitt tilfeldig fordelte til dei to vilkåra. Nedst står gjennomsnittet av talet på slag og spark i dei to vilkåra.

Valdeleg dataspel

Ikkje-valdeleg dataspel Person nummer Talet på slag/spark Person nummer Talet på slag/spark

1 7 4 5 2 13 5 4 3 11 6 9 7 5 8 4 13 3 9 5 15 6 10 6 17 4 11 3 18 0 12 5 19 5 14 6 21 8 16 4 24 13 20 2 25 4 22 6 28 5 23 0 30 7 26 3 31 8 27 5 32 4 29 6 33 8 35 1 34 0 38 5 36 12 39 3 37 1 40 5 41 4 42 4 44 6 43 2 45 7 46 3 47 9 48 5 49 4 50 6 Gjennomsnitt 6,16 Gjennomsnitt 4,28

og prosjekt

34 Kapittel 2 Forskingsmetode

Konklusjon

Analysen viser at barna som hadde spelt det valdelege dataspelet i det tenkte eksperimentet vårt, hadde høgare fysisk aggresjon (antal slag og spark i ein times frileik) enn dei barna som hadde spelt eit ikkje-valdeleg dataspel. Dersom hypotesen hadde vore at det å spele eit valdeleg dataspel aukar aggresjonsnivået samanlikna med å spele ikkje-valdelege dataspel, ville vi her konkludert med at hypotesen var støtta.

Formidling

Om du hadde gjort dette eksperimentet og ikkje hadde fortalt om det til nokon, men lagt analyseresultata ned i skuffe, så ville det ikkje ha bidrege til nokon ny kunnskap. Den nye kunnskapen kunne då verken påverke barn, foreldre, produsentar av dataspel, styresmakter eller andre forskarar. Det er derfor ei forventning og eit etisk krav at resultat frå forsking blir formidla.

Det er to vanlege måtar slike resultat blir formidla på. Det eine er at du deltek på forskingskonferansar og presenterer funna. Du presenterer kanskje munnleg med ein PowerPoint-presentasjon, eller du lagar ein plakat (poster) som blir hengd opp, og som viser resultata. Slike konferansar blir arrangerte både i Noreg og utlandet og inneber møte mellom mange forskarar som ofte forskar på liknande tema.

Den andre hovudforma for formidling er at du skriv ein vitskapleg artikkel basert på undersøkinga du har gjort. I kapittel 1 kan du lese om korleis du publiserer i vitskaplege tidsskrift.

Forskingsetikk

Forsking føregår i tråd med visse etiske reglar. Desse omhandlar kva som er akseptabelt og ikkje-akseptabelt å gjere med forsøkspersonar eller andre som deltek i forsking. Eit sett av slike reglar, kalla Nürnberg-reglane, blei laga i samband med rettsoppgjeret etter andre verdskrigen. Grunnen til at reglane blei laga, var at fangar i dei tyske konsentrasjonsleirane hadde blitt brukte som forsøkspersonar i ekstremt umenneskelege forsøk.

Fangar blei til dømes ikledde ulike variantar av overlevingsdrakter som var tiltenkte tyske krigspilotar, og lagde i isvatn for å finne ut kva for nokre av overlevingsdraktene som var dei beste. Nürnberg-reglane var eit sett med reglar som var meinte å hindre at noko liknande kunne skje igjen.

35Kapittel 2 Forskingsmetode og prosjekt

FORSKINGSETIKK. I 1962

deltok Kristian Koren i eit eksperiment saman med sju andre personar. Han og tre andre fekk sprøyter med radioaktivt cesium, medan dei fire siste åt radioaktiv mat. Helsinkideklarasjonen blei vedteken av Verdens legeforeining første gong i 1964. Dokumentet fastset nokre viktige prinsipp for forskingsetikk. Det er viktig å unngå å skade forsøkspersonar. Det er også viktig å behandle forsøkspersonar med respekt og at deltaking skal vere heilt frivillig.

I dag er det Helsinkideklarasjonen, som blei laga av Verdens legeforeining i 1964 og seinare revidert, som er det viktigaste dokumentet, og som fastset nokre viktige prinsipp for forskingsetikk. Eit viktig prinsipp er å unngå å skade forsøkspersonar. Forsøk som kan påføre forsøkspersonar anten fysisk eller psykisk skade, skal normalt derfor ikkje gjennomførast, med mindre dei positive effektane klart overstig dei potensielt negative.

Eit anna viktig prinsipp er sjølvråderett. Det skal vere frivillig å delta i forsking, og ein skal kunne trekkje seg når som helst utan at det skal få negative konsekvensar. Du skal også behandle forskingsdeltakarar med respekt. Det er i tillegg grenser for kor langt du kan nærme deg nokon sin private sfære utan samtykke, før det blir problematisk. Det vil til dømes kunne vere etisk tvilsamt utan samtykke å leite gjennom søppelkassane til privatpersonar for å danne seg eit inntrykk av forbruk og kva type mat som er konsumert.

36 Kapittel 2 Forskingsmetode og prosjekt

Samlar du inn personidentifiserbar informasjon, særleg når han er helse relatert eller omhandlar særskilt sensitive tema, bør du normalt søkje om løyve til dette hos regional etisk komite eller Norsk senter for forskingsdata eller begge. Direkte personidentifiserbar informasjon vil til dømes vere namn, telefonnummer, adresse og så vidare. Andre gonger er personar indirekte identifiserbare, det vil seie at du ved å samanlikne informasjon frå ulike typar svar kan slutte deg til kven dei må vere – til dømes postnummer, alder, kjønn, karakterar dei oppgir å få på skulen, kor ofte dei trener, kor ofte dei speler data, kva som er favorittspelet, osb.

Det er normalt også reglar for korleis personidentifiserbar informasjon skal oppbevarast. Direkte personidentifiserbare opplysningar skal aldri oppbevarast i same fil som forskingsopplysningar. Personsensitive data skal normalt også lagrast med særleg godt vern (til dømes på ein server med tofaktorautentisering). Dersom du forskar på dyr, må du som regel sende søknad til Mattilsynet før dyreforsøket startar.

Gjennomføring av eige forskingsprosjekt

Som ein del av psykologifaget skal du gjennomføre eit eige forskingsprosjekt. Det er naturleg at du samarbeider med to–tre andre elevar om prosjektet, både fordi det bidreg til fordeling av oppgåver og gir grunnlag for å diskutere prosjektet med andre, og fordi dei fleste forskarar jobbar i grupper, slik at prosjektarbeidet blir mest mogleg likt verkeleg forsking. Før de går i gang med det praktiske arbeidet, er det viktig at de les dykk litt opp på temaet.

De må deretter lage eit opplegg for å samle inn data. Det er naturleg å tenkje seg tre ulike undersøkingsdesign. Det eine er basert på spørjeundersøkingsmetoden (survey-metoden), der de samlar inn informasjon frå personar via spørjeskjema utan at personane blir utsette for ein spesiell type påverknad i  forkant (som dei typisk blir ved eksperiment).

Den andre typen design er eksperimentet, som det er beskrive døme på tidlegare i kapittelet. Her må de tilfeldig fordele forsøkspersonane (til dømes ved hjelp av loddtrekking) til to (til dømes valdeleg og ikkje-valdeleg dataspel) eller fleire ulike påverknader som de konstruerer eller lagar. Dette utgjer det som blir kalla den uavhengige variabelen. De må så finne fram til ei måling (i dømet om valdelege dataspel var dette aggresjon) som kan seie noko om effekten av dei ulike påverknadene. Denne målinga representerer så den avhengige variabelen.

prosjekt

37Kapittel 2 Forskingsmetode og

Den tredje typen design som er aktuell, er kvalitativ. Her stiller de gjerne nokre spørsmål om opplevingar og skriv ned nøyaktig det som personane svarer. Svara kan til dømes analyserast ved hjelp av noko som blir kalla tematisk analyse, som er utvikla av Virginia Braun og Victoria Clarke. Analysen skjer i fem steg:

1) Bli kjend med dataa ved å lese godt over alle svara som er gitt.

2) Prøv å setje namn/nemningar/omgrep på ulike typar svar som blir gitt.

3) Sjå om ulike namn/omgrep går igjen på tvers av personar som har blitt intervjua.

4) Grupper dei ulike namna/omgrepa frå punkt 3 slik at dei blir døme på eit overordna tema.

5) Gå kritisk igjennom alle temaa og sjå om du kan forenkle dei, og om du kan slå saman nokon av temaa.

og prosjekt

38 Kapittel 2 Forskingsmetode

Bli betre kjend med kapittelet

1) Forklar kort kva ein hypotese er.

2) Kva for nokre ulike kjelder kan føre fram til ein hypotese? Bruk gjerne dømet med valdelege dataspel i forklaringa.

3) Kva meiner vi med ein brei teori? Gi døme.

4) Kva betyr falsifiserbar? Gi døme.

5) Forklar forskjellen mellom kvantitativ forsking og kvalitativ forsking. Gi døme.

6) Kva meiner vi med korrelasjon innan psykologisk forsking? Gi døme.

7) Kva meiner vi med ein årsakssamanheng?

8) Forklar kvifor dei kvantitative dataa som er viste i det tenkte forskingsdømet om valdelege dataspel, ikkje kan seie noko sikkert om årsakssamanhengar.

9) Bruk dataspel-dømet og forklar korleis du kan påvise ein årsakssamanheng.

10) Kva er randomisering, og kvifor er det viktig i eksperiment?

11) Kva beskriv ein forskingsprotokoll?

12) Kva tre måltypar er vanlege i psykologisk forsking?

13) Kva må du vurdere når du skal velje måleinstrument i forsking?

14) Kva meiner vi med eit representativt utval?

15) Korleis er det vanleg å presentere psykologisk forsking?

16) Kva er Nürnberg-reglane, og kvifor blei dei laga?

17) Kva er Helsinkideklarasjonen?

18) Drøft kvifor sjølvråderett er viktig for deltakarar i vitskaplege eksperiment.

19) Gi døme på ulike design som kan vere aktuelle for ei psykologisk undersøking.

20) Lag eit forslag til eit eige psykologisk forskingsprosjekt.

2 Forskingsmetode og prosjekt

39Kapittel

Kommunikasjon

Kommunikasjon er å formidle og dele idear og informasjon med andre. Du kan kommunisere ved hjelp av språk eller med berøring, ansiktsuttrykk, gestar eller blikk. Kontekst har noko å seie for kommunikasjon. Kontekst kan handle om kultur, sosial situasjon, maktforhold mellom partane eller di oppfatning av den du kommuniserer med. Ein italienar har til dømes ofte ei mindre intimsone enn deg. Og du vil ofte snakke mindre enn legen på legekontoret, fordi legen har autoritet. Du vil også vere meir sjarmerande overfor nokon du liker, enn nokon du ikkje liker utsjånaden til.

Ord betyr noko, dei kan forandre meiningar og haldningar. Dei har ein psykologisk effekt. Dersom du bruker substantiv når du omtaler personar, som til dømes «idiot», så vil det antyde at det er noko som er vanskeleg å forandre, framfor «idiotisk» (adjektiv). Dersom vi liker nokon, har vi ein tendens til å kopiere ordbruken deira, og måten vi omtaler kulturar på, kan seie noko om korleis vi ser på dei. Kommunikasjon handlar ikkje berre om ord, det handlar også om blikk, berøring og gestar vi gjer ubevisst for å formidle ein bodskap. Kommunikasjon påverkar både sosial samhandling og livskvalitet.

Ein enkel kommunikasjonsmodell

Ein av dei enklaste kommunikasjonsmodellane som framleis blir nytta, blei utvikla i 1949 av Claude Shannon og Warren Weaver, to amerikanske matematikarar og vitskapsmenn. Desse fekk i oppdrag av eit amerikansk telefonselskap å lage ein modell som kunne beskrive korleis ein telefonsamtale gjekk for seg. Sjølv om utgangspunktet ikkje var sosialpsykologi, har modellen blitt brukt hyppig både innan psykologi og andre felt sidan for å forklare korleis ein bodskap blir kommunisert.

Modellen har følgjande element:

• ein sendar: Sendaren kan vere ein person.

• kodar: Tale er ei form for koda lyd som kan bere meldinga.

• ein kanal: Lydbølgjer kan fungere som kanal.

• støy: Dei koda lydbølgjene kan forstyrrast av støy.

• ein dekodar: Øyret kan fange opp lydbølgjene.

• ein mottakar: Mottakaren kan også vere ein person.

Denne modellen er svært enkel, men har blitt brukt til å beskrive all kommunikasjon. Han er spesielt eigna for reklamebyrå og

Sendar Kode Kanal Støy Dekodar Mottakar HAR DU HØYRT?
41 KAPITTEL 6 Kapittel 3 Kommunikasjon
KAPITTEL 3

KOMMUNIKASJONSMODELLEN. «Hæ? Ka sier du?» Det er ikkje lett å høyre kva samtalepartnaren din seier når Brann nettopp har vunne seriegull. Kommunikasjonsmodellen som vi bruker for å forklare kva som skjer når du utvekslar informasjon med andre, blei utvikla i 1949 for å beskrive ein telefonsamtale. Telefonsamtalen er ein enkel prosess med to samtalepartnarar, éin avsendar og éin mottakar, ein bodskap og støy. Men sidan modellen gjaldt telefonsamtalar, tok han ikkje omsyn til augekontakt og kroppsspråk.

informasjonsbransjen, fordi jobben deira er å få fram mest mogleg informasjon, forstyrra av minst mogleg støy. Han kan også brukast på sosial interaksjon: Støy kan påverke korleis eit kompliment blir oppfatta, eit vennleg blikk kan misoppfattast eller ikkje blir registrert på grunn av støy, og ein e post kan bli verande ulesen om han kjem samtidig med mange andre e postar.

Konversasjonsmønster

Ein konversasjon eller samtale mellom ein eller fleire personar i kvardagen handlar ikkje berre om det verbale språket. Blikk og kroppshaldning har mykje å seie for korleis bodskapen din blir oppfatta. Dersom ein klassekamerat er heilt stille medan du fortel ei historie, vil du kunne mistenkje at ho ikkje høyrer etter. Studiar foreslår at vi menneske bruker både ikkje verbale hint som nikk og verbale som «akkurat» og «nettopp» når vi høyrer på kva nokon har å seie. Dette gjer vi utan å vilje avbryte; studiar har vist at vi menneske sjeldan avbryt den som snakkar, vi tek tur og ventar på at den andre blir ferdig. Dette blir kalla turtaking.

Kva relasjon du har til den du snakkar med, bestemmer mykje av innhaldet i samtalen. Du vil ikkje fortelje dei same tinga til ein nær venn som til ein

42 Kapittel 3 Kommunikasjon

KONTEKST. Kva slags relasjon du har til samtalepartnaren din, bestemmer mykje av innhaldet i samtalen. På eit legekontor snakkar du gjerne først og fremst om helsespørsmål. Sidan legen er fagleg sterkare enn deg, er du kanskje villig til å la legen føre samtalen og snakke meir enn du sjølv gjer. Fleire studiar har vist at konteksten omkring ein samtale har mykje å seie for korleis han blir ført.

lærar. Mange studiar indikerer at sosialpsykologien ofte undervurderer kontekst når dei studerer konversasjonsmønster. Ofte har maktforholdet mellom samtalepartnarar mykje å seie for både innhald og turtaking. Du er gjerne meir villig til å la ein lege prate på eit legekontor enn om ein venn skal overtyde deg med ei filmanbefaling.

Digital kommunikasjon er eit eige felt innan kommunikasjonsforsking. Kva kjenneteiknar samtalar som ikkje skjer ansikt til ansikt? Eitt av funna er at det blir enklare å lyge når du bruker digital kommunikasjon. Det at du når som helst kan stikke frå ein samtale, aukar sjansane for at det du seier, ikkje er heilt sant. Du slepp å vere der og forhalde deg til dei sosiale sanksjonane som løgn ofte fører til.

Samtidig viser nokre studiar at digital kommunikasjon har eit etablert regelverk der du følgjer ein del normer, ikkje avbryt og bruker fint språk. Dette avheng (som ved ansikt til ansikt konversasjon) av kva relasjon du har til samtalepartnarane dine, og kva forum du kommuniserer i. Nokre forum har eit svakare sett av normer, der fleire kan drive med løgn utan at det får konsekvensar. Anonymiteten som ein del digital kommunikasjon gir

43Kapittel 3 Kommunikasjon

LØGN er ikkje alltid lett å avsløre. Men studiar av debattar under den amerikanske presidentvalkampen i 2016 viste at løgn inneheld meir sensorisk (sjå, lytt, kjenn) og kognitivt (vit, tenk over) språk enn den sanne utsegna gjer. Valvinnaren Donald Trump kunne finne på å lyge om at «regnet aldri kom», berre timar etter at det pøste ned under innsetjingsseremonien. Han slapp unna med slike løgner, for han visste at ingen av kjerneveljarane hans lytta til dei som avslørte løgnene. Etter valet i 2020 laug han om at han hadde vunne valet, men at demokratane hadde «stole» sigeren. Løgna fekk alvorlege følgjer sidan tilhengjarane hans storma kongressen og fleire menneske blei drepne.

deltakarane, har også positive konsekvensar – nokre studiar viser at mange kjenner seg friare og kan vere meir ærlege når dei konverserer digitalt.

Løgn

Å fortelje ei løgn kan beskytte menneske sine kjensler og styrkje relasjonar. Det kan sjåast på som ei form for høflegheit. Tenk sjølv om venninna di bruker timevis på å lage ein middag til deg: Du ville gjerne sagt det var eit godt måltid sjølv om du ikkje eigentleg syntest det smakte så godt? Dette gjer du for ikkje å såre ho. Slik kan løgner sjåast på som noko positivt, men ofte vil løgn gjere skade. Relasjonar og tillit ryk når du finn ut at nokon har loge til deg.

Fleire studiar viser at såkalla vaneløgnarar har betre evne til å tenkje seg alternative utfall av ein situasjon, og dei er betre til å tenkje ut ulike måtar ei historie kan ende på. Ein studie viser at vaneløgnarar har betre evne til å hugse kva som har skjedd i ulike sosiale situasjonar. Dette gjer at vaneløgnarar kjem unna med mykje løgn: Dei er rett og slett flinke til det.

44 Kapittel 3 Kommunikasjon

Ei undersøking gjort ved eit amerikansk universitet der studentar skulle gjette om ein person fortalde sanninga eller ikkje, viste at studentane hadde rett omtrent 54 prosent av gongene. Eit anna eksperiment, der forskarane hadde trent studentar til å lese hint som avslørte løgn (både verbale og non verbale), viste at sjølv då klarte studentane på det meste å gjette rett 70 prosent av gongene.

Ein studie legg vekt på at vi fokuserer på det non verbale når vi skal avsløre løgn. Det at menneske har problem med å møte blikk og har rare rørsler, gjer at det dei fortel, blir stempla som usant. Dette er sjeldan tilfelle. Dersom du vil avsløre ein løgnar, er det lettare å studere det verbale språket. Ei historie som ikkje er sannferdig, vil ofte bli fortalt meir «rett fram» utan rettingar eller tvil. Dersom du fortel ei heilt sann historie, vil du ofte korrigere deg sjølv undervegs, vise tvil og ikkje vere så bombastisk om korleis ting var.

Ein studie av presidentvalet i 2016 viste at løgn innebar meir «sensorisk» språk med ord som «sjå, lytt, høyr» og «kognitive» ord som «vit, tenk over». Påstandar og debattinnlegg som seinare blei sjekka av media sine faktasjekkarar, viste at usanne påstandar inneheldt ei overvekt av denne typen ord. Eit artig eksperiment viste at det å ha trong til å urinere gav deg meir kontroll over ditt eige kroppsspråk. Den britiske statsministeren David Cameron skal visstnok ha halde talane og appellane sine i ein tissetrengd modus fordi han då kjende han hadde meir kontroll over rørsler og tale.

Sjølvoppfyllande profetiar

Du har sikkert lært at det er viktig å gjere eit godt førsteinntrykk. Når du skal opp til munnleg eksamen, minner gjerne læraren din deg på at du må helse på sensor, ha reine klede og vere roleg. Dette er gode råd fordi førsteinntrykk blir danna svært fort og forandrar seg sakte.

Når vi får andre menneske til å oppføre seg på ein måte som bekreftar det vi antek om dei, kallar vi det sjølvoppfyllande profetiar. Du kan til dømes oppfatte at læraren din har låge forventningar til deg i eit fag. Då er sjansen stor for at du vil minske innsatsen din i faget.

Eit eksperiment som viste kor lett falsk informasjon kan påverke åtferda di, blei utført gjennom å velje ei gruppe menn som skulle «bli kjende» gjennom samtale med ei kvinne dei ikkje var i same rom som. Før samtalen blei halvparten av mennene viste eit bilete av samtalepartnaren sin – dette biletet var ikkje av den faktiske samtalepartnaren, men av ei anna kvinne. Den eine gruppa fekk sjå eit bilete av ei svært overvektig kvinne, medan den andre fekk sjå eit bilete av ei normalvektig kvinne.

45Kapittel 3 Kommunikasjon

Eksperimentet viste at mennene som samtalte med ei kvinne dei trudde var normalvektig, gjorde eit godt inntrykk på kvinna då ho skulle vurdere dei i etterkant. Dei blei beskrivne som livlege og veltalande, og dei fekk kvinna til å sjølv delta engasjert i samtalen. Den gruppa menn som trudde dei snakka med ei svært overvektig kvinne, blei beskrivne som kjedelege. Eksperimentet viste altså at mennene fekk samtalepartnaren til å oppføre seg i tråd med det inntrykket dei hadde fått av ho på eit bilete.

Sjølvoppfyllande profetiar kan også verke på grupper. Dersom ein gjeng med ungdommar på gata blir oppfatta som aggressive, er det ein risiko for at dei byrjar å oppføre seg aggressivt.

Overtalingsmodellar

Overtaling er når ein bodskap endrar haldninga til ein person, korleis dei ser på ei sak, eller åtferda deira. Dersom du skal analysere overtaling i reklame og sosial samhandling, er det vanleg å bruke den klassiske modellen sendar–bodskap–mottakar. Dersom du skal overtale ein kamerat til å bli med på ein ferie, er du sendar. At reisa blir festleg, kan vere bodskapen, og kameraten din er mottakar. Korleis klarer du då å overtale kameraten din dersom han i utgangspunktet ikkje er lysten på å reise?

Elaboration likelihood model (ELM) er ein modell for overtaling som beskriv to ulike «ruter» som leier til same utfall. Modellen foreslår to vegar til overtaling: sentralruta og periferruta. Sentralruta fungerer når mottakaren er mottakeleg for mykje informasjon og motivert for å høyre på deg. Elaboration kan omsetjast til «å utdjupe», og sentralruta føreset at kameraten din er villig OVERTALING er når ein bodskap endrar haldninga til ein person eller korleis dei ser på ei sak, eller får dei til å endre åtferd. Valkampar er kampen til dei politiske partia om å overtale veljarar til å endre syn på konkrete saker og til sist endre åtferd: få dei til å stemme på eit anna parti enn før. Det er to vegar til overtaling: anten gi mykje faktainformasjon eller formidle enkle idear om konsekvensane av valet. Under valkampen i 2017 brukte Arbeidarpartiet slagordet «Bedre fremtid sammen». Her held AUFs leiar Mani Hussaini tale under ei skulevalvake.

46 Kapittel 3 Kommunikasjon

til å leggje ned ein viss kognitiv innsats. Dersom du bombarderer kameraten din med fakta om pris, vurderingar frå diverse nettstader, vêranalysar, aktivitetstilbod og annan informasjon som du trur vil gjere reisa meir attraktiv, og det fungerer, er sentralruta nytta i overtalinga.

Forskarar har gjennom måleteknikken fMRI funne eit lite område i hjernen som er aktivert dersom ein person lèt seg overtale gjennom å få presentert fakta. Området blir kalla nucleus caudatus og er involvert i prosessar som tillitsfull åtferd, påskjønning og læring. Meir generelt kan du seie at å «bli overtalt» er forbunde med auka aktivitet i spesifikke regionar i tinninglappen og prefrontal cortex.

Dersom du vurderer at kameraten din er lågt motivert og ikkje villig til å høyre på masse fakta og argument, foreslår modellane at ei anna rute til overtaling er mogleg. Denne blir kalla periferruta. Ho fungerer slik at du til dømes viser bilete eller enkle beskrivingar av feriestaden, noko som får kameraten din til å bli meir positiv til å reise og late seg overtale.

Dersom du ser på nettsidene til eit reisebyrå, så vil du sjå at dei prøver å få deg til å klikke på reiser både gjennom å gi masse informasjon (sentralruta) og gjennom delikate bilete (periferruta).

Ikkje-verbal kommunikasjon

Vi kan definere ikkje-verbal kommunikasjon som all kommunikasjon som ikkje inkluderer bruk av ord. Ansiktsuttrykk, toneleie og armrørsler har tradisjonelt blitt rekna som viktige ikkje verbale kommunikasjonsformer, men sosialpsykologar vil inkludere det meste som kan fortelje noko om kven du er. Ting som klesstil, hårfrisyre og tatoveringar er dermed også ein del av det ikkje verbale språket.

Charles Darwin si bok frå 1872, The Expression of the Emotions in Man and Animals, har historisk vore eit viktig utgangspunkt for å studere det ikkje verbale språket i psykologien. Darwin prøvde å kople dyr sine ansiktsuttrykk med ulike kjensler. Eit døme er at sjimpansar flekte tenner for å vise aggressivitet.

Darwin meinte at vi kunne lese menneske sine kjensler gjennom å kjenne igjen ansiktsuttrykk, og at dette var nyttig informasjon for å overleve. Du smalnar til dømes blikket når du blir sint, og dette er nyttig informasjon for andre.

Evna til å dekode ikkje verbal kommunikasjon startar ved fødselen, og vi utviklar i ulik grad evna til å bli kjernen i den sosiale kompetansen vår. Jo betre du kan lese det ikkje verbale språket, desto betre sjanse har du for å lukkast i den sosiale verda.

47Kapittel 3 Kommunikasjon

Netflix-serien Sexy Beasts er ein realityserie som lèt single møtast på date, men kledd ut slik at deltakarane ikkje kan bedømme kvarandre etter utsjånaden. Deltakarane kan kommunisere verbalt, medan ikkje verbal kommunikasjon er forsøkt kamuflert. Ansiktsmimikk er ei form for ikkje verbal kommunikasjon som maskene skjuler, medan dei ikkje kan hindre blikk, gestar og kroppsspråk.

Berøring

Berøring er ein viktig del av det ikkje verbale språket vårt. Du oppfattar fort om nokon andre tek på deg for å vere vennlege eller om dei meiner det vondt. Richard Heslin og Miles L. Patterson argumenterte for at det var fem ulike måtar å ta på andre på, basert på kva du ønskte å oppnå:

1) profesjonell/funksjonell: til dømes ein lege som tek på pasienten sin

2) sosial/høfleg: til dømes eit handtrykk

3) vennskap/varme: til dømes ein klem til ein god venn

4) kjærleik/intimitet: til dømes eit kyss til barnet ditt

5) seksuell: til dømes elske med partnaren din

Dersom du les situasjonar feil og bruker feil type berøring, kan det skape konflikt. Tenk til dømes dersom legesekretæren helsa deg velkommen med eit varmt kyss, eller om ein totalt framand ville klemme deg medan du venta på bussen.

Forsking har vist at menn og kvinner generelt sett reagerer forskjellig på berøring. Kvinner liker det betre, men det spørst kven som er avsendaren. Ei kvinne vil reagere sterkt på berøring frå ein framand mann, medan ein mann oftare vil akseptere berøring frå ei framand kvinne. Menn bruker berøring meir enn kvinner totalt sett.

48 Kapittel 3 Kommunikasjon

Det finst klare kulturelle forskjellar når det gjeld berøring. Rundt Middelhavet, i Midtausten og i Sør Amerika tek menneske meir på kvarandre enn det som er vanleg i Noreg, i USA og i aust asiatiske land. Det er til dømes ikkje uvanleg for italienske menn å helse på andre menn med kyss og klem, sjølv om det ikkje er ein spesiell tett relasjon mellom dei to. Slik kommunikasjon ville vore uvanleg mellom to norske menn.

Interpersonleg distanse

På same måte som du aksepterer berøring frå menneske du har ein relasjon til, slepper du menneske du har band til, nærmare inn på deg reint fysisk. Såkalla interpersonleg distanse kan delast inn i fire:

1) Intimsone (0–50 centimeter): Denne sona er reservert for menneske du er intim med, som ein kjærast. På denne avstanden kan du lese subtilt ikkje-verbalt språk og kjenne kroppstemperaturen og lukta til den andre.

2) Personleg sone (50 centimeter–1 meter): På denne avstanden tillèt du berøring, men du kjenner ikkje lukta eller kroppstemperaturen til den andre. Denne sona er reservert for nære venner.

3) Sosial distanse (1–4 meter): På denne avstanden er det vanskeleg å ta på deg, men du kan få augekontakt og lese ansiktsuttrykk. Denne avstanden er den du typisk held til framande i sosiale settingar eller til kjende som du sjeldan møter.

4) Offentleg distanse (over 4 meter): Denne avstanden held du til menneske du ikkje vil kommunisere med i utgangspunktet. Distansen kan også brukast i profesjonelle samanhengar, gjerne av ein leiar som vil markere makt eller status i forhold til arbeidarane sine.

Invasjon av desse sonene kjennest som regel ubehageleg. Til dømes auka valdsbruken mellom flypassasjerar på 1990-talet då selskapa byrja å setje seta tettare. I nokre samanhengar, til dømes i ein heis eller på trikken, kan du ikkje unngå at intimsona di blir utfordra. Forsking viser at du i slike situasjonar bruker strategiar kalla masking for å unngå ubehag. I ein full heis skjer vanlegvis dette:

1) Ingen pratar med kvarandre, sjølv ikkje dei som kjenner kvarandre.

2) Alle unngår augekontakt.

3) Du held «pokerfjes», viser minst mogleg kjensler.

4) Dersom du har ein telefon, lèt du som du er veldig interessert i han.

5) Dersom det er ein veldig stor heis, vil få bevege seg i det heile – du held deg «frosen».

6) Alle ser på etasje-displayet når det endrar seg.

49Kapittel 3 Kommunikasjon

Dette er strategiar for å unngå psykisk ubehag. Studiar viser at vi går veldig langt for å verne intimsona vår mot framande. Dette fenomenet utnyttar til dømes avhøyrsekspertar når dei konstant går opp i ansiktet til ein mistenkt under avhøyr. Mange vil seie mykje for å komme seg ut av ein slik situasjon.

Det finst også kulturelle forskjellar når det gjeld interpersonleg distanse. Dersom du er oppvaksen i Japan, der folk bur tett, vil du lære deg å akseptere at sonene dine jamleg blir brotne. Dersom du er oppvaksen i Noreg, er du van med å ha sonene dine i fred og vil gjerne kjenne meir ubehag enn ein japanar når dei blir brotne. Den intime og den personlege sona er også generelt litt mindre i land i Sør Europa enn i Nord Europa. Det er ikkje uvanleg å sjå norske turistar i Italia som ryggar unna italienarar i samtale, for å halde oppe den personlege distansen dei er vane med. Italienaren vil kanskje gå framover, då den personlege sona til italienarar kan vere så kort som 30 centimeter.

Ansiktsuttrykk

Sidan Darwins tid har det vore gjort forsøk på å kople ulike ansiktsuttrykk til ulike emosjonar. Paul Ekman er ein framståande forskar på dette feltet. Han kom fram til at det var seks grunnleggjande ansiktsuttrykk som betydde det same på tvers av kulturar og over tid. Dei er

1) glede

2) tristheit

3) sinne

4) frykt

5) forundring

6) avsky

Generelt viser studiar at kvinner viser meir emosjonar gjennom ansiktsuttrykk enn menn. Undersøkingar viser at nordiske menn helst vil å unngå å gråte i offentlege samanhengar. I Sør-Europa er det meir akseptert.

I eit eksperiment der deltakarane fekk sjå ein skrekkfilm, lét forskarane ei gruppe japanarar og amerikanarar sjå filmen saman i eit rom. Ansikta deira blei filma medan dei såg filmen. Det viste seg at det ikkje var nokon forskjell på dei japanske og amerikanske deltakarane når det gjaldt å vise emosjonar gjennom ansiktsuttrykk. Når deltakarane i etterkant skulle snakke om filmen, så viste amerikanarane mange av dei same ansiktsuttrykka då dei gjenfortalde, medan japanarane omtrent ikkje viste nokon av dei same uttrykka. Dette kan tyde på at japanarar er meir vane med å skjule kjenslene sine i det offentlege enn amerikanarar er.

50 Kapittel 3 Kommunikasjon

Hand- og armrørsler

Du kan kommunisere med hendene dine utan å ta på andre. Generelt vil korslagde armar signalisere ein viss skepsis til den du snakkar med, medan om du blottlegg brystet og magen din, vil det vere eit vennleg signal overfor framande. Dette er vanlegvis ubevisste signal du sender ut. Men ein trent dørseljar veit at han ikkje skal byrje på eit innsal dersom du møter han i døra med korslagde armar. Dersom det er tilfelle, vil ein salsstrategi vere å gi deg ein brosjyre eller noko som tvingar armane vekk frå brystet. Studiar viser at du automatisk er meir villig til å lytte til informasjon dersom du har ein open kroppspositur med armane langs sida.

Mange hand- og armrørsler er universelle. Det å peike ut ei retning med peikefingeren er ei slik rørsle. Eit godt døme på ei handrørsle som ikkje er universell, er då den amerikanske presidenten George W. Bush signaliserte støtte til favorittlaget sitt, Texas Longhorns, ved å halde opp veslefingeren og peikefingeren. Dette skapte overskrifter i Italia, då signalet der er ei fornærming som blir brukt for å antyde at «kona di er utru». I 1985 blei fem amerikanarar arresterte då dei viste teiknet utanfor Vatikanet for å feire at laget deira vann sluttspelet.

Blikk

Når du kommuniserer, ser du to tredelar av tida mot augepartiet til samtalepartnaren din. Omtrent éin tredel av tida er dette gjensidig. Generelt er blikkontakt eit teikn på at du har tillit til den du snakkar med. Dersom du har låg tillit til den du snakkar med, ser du ofte bort. Det kan vere ubehageleg å sjå framande i auga. Dersom du tek trikken, vil du ofte sjå at andre passasjerar har vendt auga ned mot bakken, ser i ei bok eller stirer på ein telefon.

Kvinner bruker generelt meir blikkontakt enn menn. Det finst også her kulturelle forskjellar. I vestlege kulturar generelt bruker menneske meir augekontakt når dei lyttar enn når dei snakkar. I andre kulturar er det motsett. I Japan blir barn lærte opp til å fokusere på halsen i staden for auga, då det å sjå andre i auga blir sett på som uhøfleg.

Imitering

For å halde ein balansert og høfleg verbal samtale byter du tur med den du snakkar med. Når det gjeld ikkje verbal kommunikasjon, oppnår du denne balansen gjennom å imitere kroppsspråket til samtalepartnaren. Jo betre denne balansen er, desto betre er relasjonen mellom dykk. Dette er ein automatisk prosess. Dersom du til dømes lurer på om ein date går bra eller dårleg, kan du vurdere kroppsspråket til deltakarane og sjå i kva grad dei liknar på kvarandre.

51Kapittel 3 Kommunikasjon

Ikkje-verbal sensitivitet

Det finst forskjellar mellom oss når det gjeld å tolke non-verbal kommunikasjon. Vi seier at vi har ulik grad av ikkje-verbal sensitivitet.

Generelt blir sensitiviteten betre med alderen, og kvinner les ikkje verbalt språk betre enn menn. Ikkje verbal sensitivitet er svært nyttig for å meistre sosiale situasjonar, men også i yrkesmessige eller profesjonelle samanhengar. Det vil til dømes vere ein fordel om ein lege kan lese korleis pasienten kjenner seg, eller om ein lærar kan tolke korleis ein elev har det.

Det er gjort mange forsøk på å trene opp ikkje verbal sensitivitet slik at ein kan avsløre løgn. Det viser seg svært vanskeleg, og sjølv ekspertar vil ha problem med å avsløre ein vaneløgnar. Generelt viser det seg lettast å avsløre dei som mest prøver på å skjule den ikkje verbale kommunikasjonen sin.

Impression management theory

Impression management theory handlar om korleis du påverkar inntrykket du gir til dei omkring deg. Dette kan gjerast gjennom både verbalt og ikkje verbalt språk eller ein kombinasjon. Du kan først velje mellom eit defensivt eller påståeleg utgangspunkt. Dersom du vel eit defensivt utgangspunkt, er det fordi du mistenkjer at dei omkring deg er i ferd med å danne seg eit dårleg inntrykk av deg. Dersom du er på eit jobbintervju og fryktar at du gir eit dårleg inntrykk, kan du seie ting for å imponere eller prøve å nikke og smile for å påverke dei som intervjuar deg.

Dersom du har eit påståeleg utgangspunkt, er det fordi du har lyst å plante eit inntrykk av korleis du er. Dersom du vil stå fram som ein flink gamer, kan du oppføre deg med fakter og språk som du har sett gamerar bruke på YouTube.

Vidare kombinerer du utgangspunktet ditt med eit tidsperspektiv. Dette blir kalla anten strategisk eller taktisk perspektiv. Dersom du vel strategisk perspektiv, er det fordi du vil gjere eit langvarig inntrykk. Kanskje du nikkar og smiler til sjefen din fordi ho skal setje pris på deg på lengre sikt. Då har du valt påståeleg/strategisk. Dersom du er på ein fest og føler at dei andre ikkje høyrer på deg, kan du bruke blikk og handrørsler for å få merksemd. Du har då valt ein defensiv/taktisk kombinasjon.

52 Kapittel 3 Kommunikasjon

Bli betre kjend med kapittelet

1) Forklar kommunikasjonsmodellen til Shannon og Weaver ved å bruke eigne døme.

2) Korleis kan relasjonen til den du pratar med, påverke sjølve samtalen? Gi døme.

3) Drøft om det å kommunisere digitalt er betre enn å diskutere ansikt til ansikt.

4) Drøft om det å fortelje løgner alltid er negativt.

5) Gi døme på korleis du kan avsløre løgner.

6) Kva meiner vi med ein sjølvoppfyllande profeti?

7) Tenk deg at du manglar pengar til julegåver og skal prøve å overtale ein venn av deg til å låne deg beløpet du treng. Korleis vil du gå fram? Bruk ELM-modellen.

8) Kva er ikkje-verbal kommunikasjon?

9) Forklar og gi døme på korleis berøring kan uttrykkje ulike bodskapar.

10) Kva meiner vi med interpersonleg distanse?

11) Kva relasjon har du vanlegvis til menneske som du snakkar med på ein avstand på rundt tre meter?

12) I 1990-åra auka valdsbruken mellom passasjerar på fly. Kva er ei av forklaringane på det?

13) Kva er masking?

14) Kva ansiktsuttrykk blir rekna som universelle på tvers av kulturar?

15) Kvifor bør ein lærar vere skeptisk til ein klasse der alle elevane har armane i kors framfor brystet?

16) Kva kan blikk fortelje deg om relasjonen mellom to menneske?

17) Dersom to menneske i samtale har heilt ulikt kroppsspråk, kva kan det fortelje deg?

18) Gi døme på korleis ikkje-verbal sensitivitet kan vere nyttig for deg.

19) Gi døme på kulturelle forskjellar når det gjeld det ikkje-verbale språket.

20) Kva er impression management theory? Gi eigne døme.

53Kapittel 3 Kommunikasjon

Kva kapittel behandlar dei enkelte kompetansemåla?

Kompetansenmål*

finne og vurdere informasjon for å analysere faglige spørsmål og problemstillinger

planlegge, beskrive og gjennomføre en undersøkelse av en psykologisk problemstilling, analysere og drøfte resultater

sammenligne og anvende ulike vitenskapelige tilnærminger, teorier, perspektiver og metoder, og vurdere forskjellige forklaringer på psykologiske problemstillinger

drøfte hvordan sosial påvirkning og interaksjon i grupper kan påvirke holdninger, atferd og identitet

drøfte årsaker til utenforskap og reflektere over konsekvenser for individet

gjøre rede for faktorer som påvirker utviklingen av sosial kompetanse, og reflektere over betydningen av sosial kompetanse

gjøre rede for hvordan mellommenneskelige konflikter kan oppstå og utvikle seg, og drøfte hvordan verbal og ikkeverbal kommunikasjon kan bidra til både å utvikle og å løse konflikter

drøfte hvordan ulike former for kommunikasjon påvirker sosial samhandling og livskvalitet

reflektere over hvordan synet på psykisk helse og behandling av psykiske lidelser har endret seg og er i endring

drøfte begrepene normalitet og psykisk helse og reflektere over hva som skiller psykiske vansker og psykiske lidelser

utforske samspillet mellom biologiske, psykologiske og sosiale faktorer for utvikling av god psykisk helse, og drøfte forebygging og behandling av psykiske vansker og lidelser i lys av dette

Kapittel

KAPITTEL 1 Psykologisk litteratur

KAPITTEL 2 Forskingsmetode og prosjekt

ALLE KAPITTEL

KAPITTEL 4 Gruppeprosessar

KAPITTEL 6 Utanforskap

KAPITTEL 7 Sosial kompetanse

KAPITTEL 5 Konfliktar

KAPITTEL 3 Kommunikasjon

KAPITTEL 8 Normalitet og avvik

KAPITTEL 8 Normalitet og avvik

KAPITTEL 9 Psykisk helse OG KAPITTEL 10 Psykiske lidingar

*Kompetansemåla var berre tilgjengelege på bokmål då denne boka gjekk i trykken.

188

Kva kompetansemål blir

behandla i dei enkelte kapitla?

KAPITTEL 1 Psykologisk litteratur

finne og vurdere informasjon for å analysere faglige spørsmål og problemstillinger

KAPITTEL 2 Forskingsmetode og prosjekt

planlegge, beskrive og gjennomføre en undersøkelse av en psykologisk problemstilling, analysere og drøfte resultater

KAPITTEL 3 Kommunikasjon

drøfte hvordan ulike former for kommunikasjon påvirker sosial samhandling og livskvalitet

KAPITTEL 4 Gruppeprosessar

drøfte hvordan sosial påvirkning og interaksjon i grupper kan påvirke holdninger, atferd og identitet

KAPITTEL 5 Konfliktar

gjøre rede for hvordan mellommenneskelige konflikter kan oppstå og utvikle seg, og drøfte hvordan verbal og ikke­verbal kommunikasjon kan bidra til både å utvikle og å løse konflikter

KAPITTEL 6 Utanforskap

drøfte årsaker til utenforskap og reflektere over konsekvenser for individet

KAPITTEL 7 Sosial kompetanse

gjøre rede for faktorer som påvirker utviklingen av sosial kompetanse, og reflektere over betydningen av sosial kompetanse

KAPITTEL 8 Normalitet og avvik

reflektere over hvordan synet på psykisk helse og behandling av psykiske lidelser har endret seg og er i endring

drøfte begrepene normalitet og psykisk helse og reflektere over hva som skiller psykiske vansker og psykiske lidelser

KAPITTEL 9 Psykisk helse

utforske samspillet mellom biologiske, psykologiske og sosiale faktorer for utvikling av god psykisk helse, og drøfte forebygging og behandling av psykiske vansker og lidelser i lys av dette

KAPITTEL 10 Psykiske lidingar

utforske samspillet mellom biologiske, psykologiske og sosiale faktorer for utvikling av god psykisk helse, og drøfte forebygging og behandling av psykiske vansker og lidelser i lys av dette

189

MENNESKESINNET 2 er eit læreverk for programfaget psykologi 2 på studieførebuande vg3.

MENNESKESINNET 2 er oppdatert på psykologisk forsking. Når du har lese heile boka, er du godt førebudd på å studere psykologifaget vidare ved eit universitet eller ein høgskule. Men boka er også lagd til rette for deg som berre vil ha ei innføring i kva psykologi er.

Byrje med å lese ingressane i starten av kvart kapittel, sjå på bileta og lese bilettekstane. Då får du ei rask innføring i dei enkelte kapitla. Du kan også lese gjennom ingressar og bilettekstar når du seinare vil repetere lærestoffet.

Bakarst i kvart kapittel finn du spørsmål som hjelper deg med å bli betre kjend med kapittelet. Du finn svar på alle spørsmåla i boka. Legg merke til at alle viktige omgrep er utheva i teksten. Dersom du treng hjelp til å finne eit ord eller eit namn, kan du slå opp heilt bakarst i boka. Der står det ei alfabetisk liste over ord og namn og kva sider dei er omtalte på.

Verket er utvikla til fagfornyinga, i tråd med den nye læreplanen frå 2021. Du som er lærar, kan finne ei oversikt etter kapittel 10 som viser kva kapittel som dekkjer kva læreplanmål.

ISBN 978-82-11-04564-5

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.