Naturbasert næringsaktivitet NYN (9788211030559)

Page 1

Naturbasert næringsaktivitet

Naturbasert næringsaktivitet Boka tek føre seg korleis vi kan bruke naturen både til næring og fritid. Ho har to delar: trivsel og tryggleik i naturen og naturforvaltning. Det er lagt vekt på berekraftig utvikling og korleis vi best kan både trivast i og ta vare på naturen. Boka er rikt illustrert, og teksten er lett å lese. Læreverket i Vg1 naturbruk frå Fagbokforlaget omfattar seks bøker:

| Naturbruk

· · · · · ·

Naturbasert næringsaktivitet

Fiske og akvakultur Landbruk Skogbruk Husdyr Dyrefag og hestefag Naturbasert næringsaktivitet

Læreverket har ein nettressurs med innhald for både elevar og lærarar med omgrepsdatabase, undervisningsfilmar og aktivitetsforslag.

Maria Lien Kårjord

Naturbruk

Bendik Løkken Nøstum Christina Marie Stølhaug

ISBN 978-82-11-03055-9

NYNORSK

Vg1 NYN

Vg1

Anne Charlotte Westerås



Maria Lien Kårjord, Bendik Løkken Nøstum, Christina Marie Stølhaug og Anne Charlotte Westerås

Naturbasert næringsaktivitet Vg1 naturbruk Nynorsk



Føreord Noreg er eit land med mykje natur. Flyg du over Noreg ein godvêrsdag, ser du mykje skog og fjell. Mykje villmark, tenkjer du kanskje. Sanninga er at Noreg har lite villmark. Det aller meste av norsk natur er prega av menneskeleg næringsaktivitet. Frå langt tilbake i tid finn vi spor av menneskeleg aktivitet i naturen for å skaffe mat, tak over hovudet eller forteneste på eit eller anna vis. Samar, bønder, fiskarar og skogsarbeidarar har alltid drive næring i og av naturen. Jakt, sanking og guiding i friluftsliv har i lang tid også vore viktig næringsaktivitet. Samtidig ser vi at naturen ikkje toler å bli utnytta uavgrensa, og konfliktar mellom grupper som har ulike interesser i naturen, oppstår stadig oftare. Utbygging for å hauste størst mogleg forteneste av naturen står ofte i motsetnad til eigenverdien i naturen. Bruk og misbruk av natur endrar klimaet og utryddar dyr og planter i eit stadig raskare tempo. Dette er aktuelle problemstillingar i faget naturbasert næringsaktivitet. Næringsaktivitet er å tene pengar på sal av varer eller tenester. Vi som på ein eller annan måte jobbar eller driv bedrifta vår av og med naturen, driv naturbasert næringsaktivitet. Naturbasert kan mellom anna tyde at vi haustar eller sankar frå naturen. Då handlar det ofte om mat som kjøt, mjølk og korn. Det skjer også mykje naturbasert næringsaktivitet som er knytt til opplevingar med dyr og natur – til dømes gjennom turisme og rehabilitering. Denne typen aktivitet vil truleg auke i omfang framover. Skal du jobbe med sal av tenester innanfor naturbruk, er det viktig å kunne planleggje, lage eller gjennomføre, og selje eit godt produkt til rett pris. Når vi driv naturbasert næringsaktivitet, er vi særleg avhengige av å bruke naturen på ein berekraftig måte. Då er det viktig å ha kunnskap om biologien til dyr og planter og tolegrensene til naturen. Samtidig må vi ha teft og kunnskap om korleis vi som næringsaktørar kan tene pengar på dette på ein berekraftig måte. God HMS (helse, miljø og sikkerheit) er ein viktig reiskap på vegen. I denne boka brukar vi friluftsliv som omgrep for å skildre aktivitetar naturbrukarar utfører i naturen. Det kan til dømes vere ein ridetur, tilsyn og sanking av dyr i utmark, skogsarbeid, reindrift eller fiske.


Innhald Del 1 Trivsel og tryggleik i naturen Kapittel 5

Kapittel 1

Inn i naturen ............................................................. Allemannsretten........................................................... Trivsel og tryggleik ....................................................... Vêr og varsel ................................................................ Kan du dette? .............................................................. Tenk etter .....................................................................

9 11 15 15 17 17

Tørr på tur og i arbeid .................................................. Ull er gull...................................................................... Kunstfibermateriale ..................................................... Kle deg som ein lauk – fleirlagsprinsippet ................... Hue, vottar og hals ...................................................... Tronge sko er kalde sko .............................................. Gamasjar og fotposar.................................................. Kva treng du? .............................................................. Kan du dette? .............................................................. Tenk etter .....................................................................

19 20 20 21 22 23 24 24 25 25 25

Ryggsekk ..................................................................... Korleis pakkar du sekken? .......................................... Sovepose og liggjeunderlag ........................................ Kokeapparat ................................................................ Telt og lavvo ................................................................ Anna utstyr .................................................................. Kan du dette? .............................................................. Tenk etter .....................................................................

27 27 28 28 30 31 31 31 31

Kapittel 4

Kart og orientering................................................. Målestokk .................................................................... Høgdekurver og ekvidistanse ...................................... Kartteikn ...................................................................... Orientering ................................................................... Kompasskurs og krysspeiling ..................................... Kan du dette? .............................................................. Tenk etter .....................................................................

4

Overnatte ute .......................................................... Open himmel ............................................................... Med naturen som tak .................................................. Gapahuk ...................................................................... Telt ............................................................................... Hengjekøye.................................................................. Hald varmen ................................................................ Hytter ........................................................................... Kan du dette? .............................................................. Tenk etter .....................................................................

39 39 42 43 43 43

33 34 34 34 34 36 37 37

45 45 45 48 48 48 48 49 49 49

Kapittel 7

Bål ..............................................................................

Kapittel 3

Å pakke sekken ......................................................

Komfort i leiren ............................................................ Tryggleik på leirplassen ............................................... Turkultur....................................................................... Kan du dette? .............................................................. Tenk etter ..................................................................... Kapittel 6

Kapittel 2

Klede til naturbruk .................................................

Leirplassen...............................................................

Samle tørr ved ............................................................. Førebu bålet godt ........................................................ Båltypar ....................................................................... Kan du dette? .............................................................. Tenk etter .....................................................................

51 51 52 54 55 55

Kapittel 8

Mat i naturen ........................................................... Mat frå naturen ............................................................ Kan du dette? .............................................................. Tenk sjølv .....................................................................

57 60 61 61

Kapittel 9

Ute om vinteren ...................................................... Kulde ........................................................................... Snøskred ..................................................................... Skileik .......................................................................... Å overnatte ute om vinteren ........................................ Kan du dette? .............................................................. Tenk etter .....................................................................

63 64 65 69 70 73 73


Naturbruk

Innhald

Naturbasert næringsaktivitet

Kapittel 14

Kapittel 10

Kano og kajakk ....................................................... Tryggleik i kano og kajakk ........................................... Kan du dette? .............................................................. Tenk etter .....................................................................

75 75 77 77

Kapittel 11

Førstehjelp ............................................................... Hjarte- og lungeredning (HLR)..................................... Sår og blødingar .......................................................... Forstuing og brot ......................................................... Nedkjøling ................................................................... Forfrysingar ................................................................. Brannskadar ................................................................ Forgifting ..................................................................... Få tak i hjelp ................................................................ Kan du dette? .............................................................. Tenk etter .....................................................................

79 80 81 82 83 84 85 86 86 87 87

Kapittel 12

Planlegging .............................................................. Tur etter evne............................................................... Turplanlegging etter 3 × 3-prinsippet .......................... Tal om tur ..................................................................... Samarbeid, respekt og toleranse ................................ Evaluering av turen ...................................................... Heime etter tur............................................................. Kan du dette? .............................................................. Tenk etter .....................................................................

89 89 90 92 93 93 94 95 95

Oppgåver om trivsel og tryggleik i naturen Refleksjonsoppgåver ................................................... Praktiske øvingar .........................................................

96 97

Del 2 Naturforvaltning Kapittel 13

Ansvaret til mennesket ......................................... Natur har verdi ............................................................. Vi må ikkje miste artane våre....................................... Berekraftig utvikling ..................................................... Raudlista...................................................................... Framandartslista .......................................................... Du må ta ansvar .......................................................... Kan du dette? .............................................................. Tenk etter .....................................................................

101 103 105 106 108 108 110 111 111

Kva er naturforvaltning?....................................... Bruk av den norske naturen før og no ......................... Berekraftig naturforvaltning ......................................... Naturmangfaldlova ...................................................... Føre-var-prinsippet ...................................................... Interessekonfliktar ....................................................... Registrering av dyr og planter ..................................... Jakt og fiske ................................................................ Jaktbare artar .............................................................. Før du dreg på jakt ...................................................... Storviltprøva ................................................................ Jaktkort ....................................................................... Korleis jaktar vi? .......................................................... Generell bandtvang ..................................................... Før du dreg på fisketur ................................................ Verneområde ............................................................... Arealkonfliktar – vern eller bruk? ................................. Plan- og bygningslova ................................................. Kan du dette? .............................................................. Tenk etter .....................................................................

113 114 114 114 115 116 116 117 118 118 121 121 121 122 122 122 124 126 127 127

Kapittel 15

Livet i ferskvatn ...................................................... Forvaltning av ferskvatn .............................................. Virvellause dyr ............................................................. Vassplanter og planteplankton .................................... Fisk .............................................................................. Kan du dette? .............................................................. Tenk etter .....................................................................

129 130 132 133 137 139 139

Kapittel 16

Livet på land ............................................................ Planter ......................................................................... Planteetarar ................................................................. Rovdyr ......................................................................... Insekt ........................................................................... Fuglar .......................................................................... Kan du dette? .............................................................. Tenk etter .....................................................................

141 142 143 149 155 157 159 159

Oppgåver om naturforvaltning Refleksjonsoppgåver ................................................... 160 Praktiske øvingar ......................................................... 161 Stikkord ...................................................................... 163 Kjelder ........................................................................ 165 Biletliste ...................................................................... 166

5


I lang tid har turistar kome til Noreg for å oppleve naturen. I dag kjem det kanskje fleire enn nokon gong tidlegare. Mange driv næring der naturbaserte aktivitetar er heile eller delar av produktet dei sel. For den norske turistnæringa er det viktig at produkta har høg kvalitet, og at dei tek vare på naturen dei lever av. Foto: Nordfjord folkehøgskule


Trivsel og tryggleik i naturen Del 1



Kapittel 1

Inn i naturen I naturbruk er det mange aktivitetar og arbeidsoppgåver som går føre seg utandørs. Det gjev oss mange gode opplevingar, men kan også føre med seg risiko. Det er derfor viktig å planleggje og utføre risikoanalyse, til dømes ved å lese vêrvarsel eller skredvarsel. Allemannsretten gjev alle rett til å ferdast i utmark i Noreg, men ikkje med motorkøyretøy. Du må overnatte minst 150 meter frå hus og hytter, og ferdselen skal vere sporlaus. I den øde sæterstue all min rige fangst jeg sanker; der er krak og der er grue, friluftsliv for mine tanker.

Kjelde: Henrik Ibsen, «Samlede verker I–XXI, Hundreårsutgaven» (bind XIV), Gyldendal Norsk Forlag AS, 1999.

Nu er jeg stålsat, jeg følger det bud, der byder i højden at vandre! Mitt lavlandsliv har jeg levet ud; heroppe på vidden er frihed og Gud, der nede famler de andre. Diktet er eit utdrag av diktet «På Vidderne» av Henrik Ibsen frå 1859. Dette er første gongen vi kjenner til at ordet friluftsliv er brukt. Innanfor naturbruk har vi likevel alltid drive med friluftsliv, særleg i forvaltning av utmarksressursar som i fiske, jakt, tilsyn på beite og sanking av bær og urter. I dag driv dei fleste nordmenn ei eller anna form for friluftsliv. I denne boka brukar vi friluftsliv som eit omgrep for å skildre aktivitetar som naturbrukarar utfører i naturen. Det kan til dømes vere ein ridetur, tilsyn og sanking av dyr i utmark, skogsarbeid, reindrift eller fiske. 9


Naturbruk

Kapittel 1 Inn i naturen

Naturglede

Friluftsliv er trivsel

Rørsleglede

Sosial glede

Friluftslivet gjev tre ulike typar glede. I møte med storslått natur kan naturgleda vere viktigast. Rundt leirbålet ein mørk haustkveld er kanskje det sosiale viktigast. På ski ned ei urørt fjellside er rørslegleda ofte størst.

Naturbasert næringsaktivitet

Friluftsliv er ein trivselsaktivitet som vi driv med fordi det gjev oss positive opplevingar. Det kan gje oss glede over naturen eller det å vere i rørsle. For dei fleste er også det å vere saman med vener viktig når dei driv friluftsliv. Å drive med friluftsliv og å lære om det gjev deg ferdigheiter slik at du får større trivsel og blir tryggare i friluftslivet ditt. Friluftsliv er noko du gjer fordi du har lyst, ikkje fordi du må. Det er derfor vanskeleg å forsvare eit friluftsliv som skader oss sjølve, naturen eller andre menneske. Friluftslivet ditt må derfor ta omsyn til både din eigen og andre sin tryggleik, rettane til grunneigaren og miljøet. Forhåpentleg gjev friluftsliv deg også lyst til å ta vare på den vakre, men sårbare naturen vår. Friluftsliv er ein viktig del av norsk kultur og tradisjon. Tenk på ord som fjell, ski, påske, sommar, båt, bading, bær, jakt og fiske. Gjev dei deg bilete som er knytte til friluftsliv? Friluftsliv kan også vere knytt til næringsaktivitet. Lokalkjende bønder dreiv guideverksemd mot betaling alt på 1800-talet og gjer det framleis den dag i dag. Turisme med utgangspunkt i friluftslivsopplevingar har vakse til å bli ei viktig næring. Friluftsliv gjev både sosial glede, glede over vakker natur og glede av fysisk aktivitet, og på den måten betre fysisk og psykisk helse for dei som driv med det. Det er ein viktig grunn til at den norske staten kvart år brukar millionar av kroner på tiltak for å sikre og auke tilgangen til friluftsliv for det norske folket. Deltakelse på ulike friluftsaktiviteter siste 12 md., prosent

Friluftsliv har sterke tradisjonar og er ein viktig del av norsk kultur. Tabellen viser ei oversikt over nokre av friluftsaktivitetane og kor mange prosent som har delteke på dei ulike aktivitetane i løpet av det siste året. I levekårsundersøkinga for idrett og friluftsliv på ssb.no finn du ei fullstendig oversikt. Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Gått på skøyter Spela golf Slalåm, telemark eller snowboard Sykling/sykkeltur Symjing Langrenn/skitur Joggetur Bada i salt- eller ferskvatn Ridetur i naturomgjevnader Tur i motor- eller seglbåt Tur i kano/kajakk/robåt Fisketur Jakttur Bær- eller sopptur Kortare fottur i skogen eller på fjellet Lengre fottur i skogen eller på fjellet 0

10

10 20 30 40 50 60 70 80 90


Naturbruk

Kapittel 1 Inn i naturen

Naturbasert næringsaktivitet

Allemannsretten Skog, myr, vatn og fjell er døme på utmark. All natur som ikkje er innmark, blir rekna som utmark i Noreg. Allemannsretten gjev alle rett til å ferdast i utmark i Noreg. Samtidig følgjer det med ei plikt til å bruke naturen på ein berekraftig måte og ta omsyn til rettane til grunneigaren og andre menneske som oppheld seg i naturen. Det er friluftslova som gjev oss denne retten til å opphalde oss og hauste i naturen, uavhengig av kven som eig området. Du kan gå, ri, sykle og padle fritt i utmarka. Motorisert ferdsel er ikkje ein del av allemannsretten.

Allemannsretten gjev alle rett til å ferdast i utmark i Noreg. Utmark er all udyrka mark som ikkje blir rekna som innmark. Døme på utmark er skog, myr, fjell, strender og vatn.

11


Naturbruk

Kapittel 1 Inn i naturen

Naturbasert næringsaktivitet

Allemannsretten gjeld ikkje innmark. Innmark er gardsplassar, dyrka mark og beite. Det er berre når bakken er frosen eller dekt av snø, at du kan gå, sykle eller ri over innmarka. Det er berre grunneigarar som har rett til å jakte og fiske i eit område. Dersom du vil jakte eller drive ferskvassfiske, må du avtale med grunneigaren eller kjøpe jaktkort eller fiskekort. I sjøen har alle rett til å fiske. Du kan lese meir om jakt og fiske i den delen av boka som handlar om naturforvaltning. I utmarka kan du overnatte der du vil, så lenge du held deg 150 meter unna hus og hytter. Du kan ha den same teltplassen to netter på rad. Dersom du er langt unna folk, kan du telte så lenge du vil. Du må alltid hugse å ta vare på naturen og ikkje lage unødvendige spor etter deg. Driv du organisert verksemd i naturen, til dømes guiding, må du vise ekstra omsyn. Ta gjerne kontakt med grunneigaren for å unngå konfliktar. I nokre område, til dømes i nasjonalparkar, kan det vere krav om eige løyve for å drive organisert verksemd. Grunnleggjaren av speidarrørsla, Robert Baden-Powell, sa at det berre er to ting du skal leggje att i naturen. Det eine er ei takk til grunneigaren. Det andre er ingenting. Dette er ein god regel som sikrar prinsippet om sporlaus ferdsel. Sporlaus ferdsel handlar om å ferdast i naturen utan å etterlate seg spor. Dei som kjem etter deg, skal kunne oppleve ein like fin og urørt natur som det du møtte då du kom. Samtidig skal du ta omsyn til plante- og dyrelivet når du driv friluftsliv. Sporlaus ferdsel er når du → ikkje øydelegg leveplassar for planter og dyr → ikkje lèt boss liggje att etter deg → brukar ein bålplass som nokon har brukt før deg → ikkje lagar ein ny sti, men brukar den som allereie finst i området → brenner dopapiret → tek ned gapahuk eller andre byggverk før du forlèt leirplassen

Sporlaus ferdsel handlar om å ferdast i naturen utan å etterlate seg spor. «Ta ikkje anna enn bilete, la det ikkje vere att anna enn fotspor» er ein tommelfingerregel. Kva utfordringar med sporlaus ferdsel viser dette biletet?

12


Naturbruk

Kapittel 1 Inn i naturen

Naturbasert næringsaktivitet

I utmarka kan du overnatte der du vil, så lenge du held deg 150 meter unna hus og hytter. Du kan ha den same teltplassen to netter på rad. Dersom du er langt unna folk, kan du telte så lenge du vil. Hugs sporlaus ferdsel!

13


Naturbruk

Kapittel 1 Inn i naturen

Naturbasert næringsaktivitet

Friluftsliv fører med seg risiko for ulykker. Dersom du vurderer konsekvensane av handlingane dine, seier vi du gjer ein risikoanalyse. Det gjer deg tryggare. Denne personen skal krysse over til den andre sida av elva. Kva bør han gjere?

14


Naturbruk

Kapittel 1 Inn i naturen

Naturbasert næringsaktivitet

Trivsel og tryggleik Vi driv med friluftsliv fordi det gjev oss positive opplevingar. Tenk på ein koseleg kveld rundt bålet, kajakktur i skjergarden, parkog strandliv ein varm sommardag eller turar med gode vener på snøkledde fjell i vintersol. Friluftsliv er absolutt trivsel. Men det er ikkje det same som at friluftslivet er morosamt og komfortabelt heile tida. Du vil oppleve at trivsel i friluftsliv både kan vere slitsamt og skummelt. Når vi er på tur ein haustdag i dårleg vêr, kan vi kanskje spørje oss sjølve om kvifor vi gjer dette. Det er vått og kaldt. Vi er slitne og kanskje litt redde og usikre på vegen heim. Er det trivsel? Kanskje er det nettopp i slike møte med naturen at vi erfarer ei ny form for trivsel, ulik den vi blir presenterte for i reklame og på sosiale medium. Når vi snakkar om trivsel i friluftsliv, er det altså ikkje det same som at vi får oppfylt alle ønska og behova våre for eit enkelt og behageleg liv. I staden blir vi utfordra til å takle det uføresette og overvinne motgang. Dette gjev trivsel, glede og livsmeistring. Friluftsliv blir drive på naturen sine premissar. Naturen er ein streng lærar. Du må ta naturen på alvor og ha respekt for han dersom du skal oppleve god trivsel og tryggleik. Vêret tilpassar seg ikkje til deg. Blæs vottane vekk i vinterfjellet, får du ingen ny sjanse. Men du lærer heilt sikkert å halde betre på vottane neste gong. Verre er det om vinden veltar kanoen midt ute på eit stort vatn. Då er det kanskje for seint å lære at med kano bør ein halde seg nær land for å unngå å drukne. For å nyte gleda av friluftslivet er det derfor viktig å lære om og vurdere risikoen i friluftslivet. Så må du planleggje slik at du får ein trygg og triveleg tur. Det får du lære meir om i kapittel 12.

Vêr og varsel Vêret spelar ei sentral rolle i planlegging og gjennomføring av friluftslivsaktivitetar. Både trivsel og tryggleik blir påverka av vêret. Dersom ein ikkje har opplevd det, kan det vere vanskeleg å tenkje seg kor fort vêret kan endre seg. Ein stille solrik dag på fjellet kan i løpet av få minutt endre seg til tett tåke, snødrev og kraftig vind. Då er det viktig med rett utstyr, gode ferdigheiter og kunnskapar til å takle utfordringane vêret gjev.

15


Naturbruk

Vindavkjølingsindeksen avheng av temperatur og vindstyrke. Han fortel oss kor kaldt det kjennest for kroppen ved ein bestemt temperatur og vindstyrke. Fargane viser kor stor fare det er for å få forfrysingar (lilla farge tilseier størst fare). Luftfukt påverkar også den følte temperaturen. I fuktig luft opplever vi temperaturen som meir ekstrem både når det er varmt og kaldt. Kjelde: Yr.no

Kapittel 1 Inn i naturen

Lufttemperatur Vindstyrke (m/s)

0° –5° –10° –15° –20° –25° –30° –35° –40° –45° –50° Indeks

1,5

4

–2

–7

–13 –19

–24

–30

–36

–41

–47

–53

–58

3

3

–3

–9

–15 –21

–27

–33

–39

–45

–51

–57

–63

Lett bris

4,5

2

–4

–11 –17 –23

–29

–35

–41

–48

–54

–60

–66

6

1

–5

–12 –18 –24

–31

–37

–43

–49

–56

–62

–68

7,5

1

–6

–12 –19 –25

–32

–38

–45

–51

–57

–64

–70

9

0

–7

–13 –20 –26

–33

–39

–46

–52

–59

–65

–72

10,5

0

–7

–14 –20 –27

–33

–40

–47

–53

–60

–66

–73

12

–1 –7

–14 –21 –27

–34

–41

–48

–54

–61

–68

–74

13,5

–1 –8

–15 –21 –28

–35

–42

–48

–55

–62

–69

–75

15

–1 –8

–15 –22 –29

–35

–42

–49

–56

–63

–70

–76

16,5

–2 –9

–15 –22 –29

–36

–43

–50

–57

–63

–70

–77

18

–2 –9

–16 –23 –30

–37

–43

–50

–57

–64

–71

–78

19,5

–2 –9

–16 –23 –30

–37

–44

–51

–58

–65

–72

–79

21

–2 –9

–16 –23 –30

–37

–44

–51

–59

–66

–73

–80

22,5

–3 –10 –17 –24 –31

–38

–45

–52

–59

–66

–73

–80

24

–3 –10 –17 –24 –31

–38

–45

–52

–60

–67

–74

–81

Laber bris Frisk bris Liten kuling Stiv kuling

Liten storm

16

Svak vind

Sterk kuling

Vêret kan skifte fort, særleg i fjellet. Desse to bileta er tekne med berre nokre timars mellomrom. Det er derfor viktig for tryggleiken at du sjekkar vêrvarselet både før turen og undervegs.

Naturbasert næringsaktivitet

Vi skildrar vêret med temperatur, vind, nedbør og luftfukt. Kombinasjonen av dette vil avgjere korleis du opplever vêret. Det er derfor viktig å lese vêrmeldinga godt og ikkje stole blindt på henne. Du må alltid vere førebudd på dårleg vêr. Dersom det er meldt for dårleg vêr, bør du endre planane for turen, avlyse han eller flytte han til eit område med betre vêrforhold. Når det er mykje vind, kjennest det ut som det er kaldare enn det det står på gradestokken. Det er dette vi kallar effektive kuldegradar eller følt temperatur. I tillegg til vêrvarselet bør du også sjekke andre aktuelle varsel, til dømes snøskredvarsel, flaum- og jordskredvarsel, isvarsling, skogbrannfare og varsel for flo og fjøre. Vêret er som regel ein viktig faktor i desse varsla. Med god kunnskap og erfaring vil derfor vêrvarselet vere eit viktig verktøy for å forstå ulike farar på tur.


Naturbruk

Kapittel 1 Inn i naturen

Naturbasert næringsaktivitet

Kan du dette? 1 2 3 4 5 6 7 8

Kvifor er friluftsliv ein trivselsaktivitet? Kva er trivselstrekanten? Kvifor må ikkje friluftsliv alltid vere morosamt og komfortabelt når det er ein trivselsaktivitet? Kva for rettar gjev allemannsretten deg? Kva for plikter har du overfor grunneigaren og naturen når du nyttar deg av allemannsretten? Kva er sporlaus ferdsel? Kva for varsel bør du sjekke før du dreg på tur? Kva er effektive kuldegradar eller følt temperatur?

Tenk etter → → → →

Kan friluftslivet vi driv, bidra til å øydeleggje naturen vår? Kva for tiltak er det brukt friluftslivsmidlar på i ditt nærområde? Kva skjer med naturen når vi utnyttar han maksimalt? Kva kan du gjere for å bremse ei negativ utvikling? Drøft bruken av motoriserte framkomstmiddel som ATV, snøskuter, motorbåt og elsykkel i lys av prinsippet om sporlaus ferdsel og dei ønska og behova menneske og dyr har for stille og ro i naturen. Kva er risiko, og korleis kan du gjere ein risikoanalyse?

17



Kapittel 2

Klede til naturbruk Når du skal vere ute, må du kle deg etter vêret og kor aktiv du skal vere. Det er viktig at du held deg tørr og varm. Du bør kle deg etter fleirlagsprinsippet, med innerlag, mellomlag og ytterlag. Klede i ull er mest brukte som innerlag og mellomlag, medan ytterlag ofte er laga i kunstfibermateriale. Hue, vottar og gode sko er også viktig for ein trygg og triveleg tur eller ei god arbeidsøkt.

Foto: Nordfjord folkehøgskule

«Det finst ikkje dårleg vêr, berre dårlege klede», seier eit ordtak. Ordtaket er nok meint som ei oppmuntring til å gå ut sjølv om vêret ikkje er det beste. Med rette klede held du deg stort sett varm og tørr. Det aukar både trivselen og tryggleiken. Hugs at friluftslivsutstyr og arbeidsklede ikkje treng å vere så dyrt. Det finst svært mykje godt og gammalt utstyr. Lån gjerne av onklar og bestemødrer, eller kjøp brukt. Vêret og aktivitetsnivået avgjer korleis du bør kle deg. Kor lett ein frys og sveittar, varierer frå person til person. Det påverkar også korleis vi kler oss. Medan nokre er gode og varme i T-skjorte, treng andre jakke for å halde varmen.

19


Naturbruk

Kapittel 2 Klede til naturbruk

Naturbasert næringsaktivitet

På enkle dagsopplegg tek du med deg akkurat nok klede. Det held ofte med ein ekstra genser – då vil du verken fryse eller ha mange ekstra kilo i sekken. På dagsopplegg der det er behov for det, og på overnattingstur bør du alltid ha eit tørt skift i sekken som du kan skifte til ved behov. Det ekstra skiftet er viktig for trivselen og tryggleiken på tur. Pass på å halde det tørt! Med eit tørt skift i sekken er du godt førebudd dersom du møter dårleg vêr, dersom nokon skader seg, eller dersom du må søkje ly i ein naudbivuakk.

Tørr på tur og i arbeid På tur og i fysisk arbeid er det lett å bli sveitt og våt. Blir du våt, blir du mykje lettare kald. Det er derfor viktig å halde seg tørr på tur og i arbeid. Når du set deg ned for å ete lunsj eller slår leir for kvelden, er det viktig å skifte til tørre, varme klede. På overkroppen bør du skifte heilt inn til huda. Då blir det varmt og triveleg. Etter pausen, eller neste morgon, skiftar du tilbake til dei fuktige kleda. Det kan kjennast kaldt og ubehageleg med det same, men det går snart over når du er i aktivitet. Det er også nødvendig for å halde skiftekleda tørre.

Ull er gull

Skal du på lengre tur, må du ha med ekstra sett skifteklede. Pakk det vasstett i pakkposar eller plastposar. Skiftekleda bør alltid vere tørre. Byt derfor tilbake til dei våte kleda når du skal vere aktiv. Då vil også dei våte kleda tørke medan du har dei på.

20

Ull er eit genialt materiale. Det held deg varm sjølv om det er vått. Ulla har også sjølvreinsande eigenskapar og luktar ikkje vondt. Klede av ull treng ikkje vaskast så ofte, det held å lufte dei. I tillegg til at ull har mange gode eigenskapar, er det eit naturleg og berekraftig materiale som kan attvinnast, i motsetnad til syntetiske stoff og blandingsprodukt. Du bør unngå å bruke bomullsplagg til fysisk arbeid. Fuktig bomull isolerer dårleg og gjer deg kald. Både bomull og ull tørkar sakte. Det er ein negativ eigenskap i denne samanhengen. Dei fleste i Noreg tenkjer nok på sauer når dei høyrer ordet ull, men ull kan kome frå fleire dyr. Lange hår frå dyr som geiter, kaninar, alpakka og kamelar kallar vi ull. Måten ullfibrane er bygde opp på, gjer at ulla inneheld mykje luft. Det er denne eigenskapen som gjer at ullplagg isolerer godt og kan ta opp mykje fukt utan at dei kjennest våte. Ull brenn svært dårleg og gjev god tryggleik ved bruk av open flamme.


Naturbruk

Når det er kaldt, mistar du mest varme der store blodårer ligg nær inntil huda. Hovud, hals, handledd og anklar treng derfor ekstra god isolasjon. Blir du for varm, kan du også sleppe ut varme gjennom desse kroppsdelane. Foto: Nordfjord folkehøgskule

Kapittel 2 Klede til naturbruk

Naturbasert næringsaktivitet

Kunstfibermateriale Mykje av kleda i dag er laga av kunstfibermateriale. Både sekken, soveposen, vernebuksa og teltet inneheld kunstfiber. Kunstfibermateriale er ofte slitesterke, tørkar fort, isolerer godt og veg lite. Nokre stoff har også spesialeigenskapar som gjer dei vassavvisande og pustande på same tid. Ulempa med slike materiale er at dei isolerer dårleg når dei er våte, og dei smeltar på huda i kontakt med varme. Det kan gje stygge brannskadar. Du bør derfor vere forsiktig når du har slikt utstyr i nærleiken av open flamme. Kunstfibermateriale er laga av olje og kan samanliknast med plast. Det er ein ikkje-fornybar ressurs som bidreg til lokal forureining, klimautslepp og global oppvarming. 21


Naturbruk

Kapittel 2 Klede til naturbruk

Naturbasert næringsaktivitet

Kle deg som ein lauk – fleirlagsprinsippet Ein lauk har mange lag. Det er lurt å kle seg som ein lauk. Fleirlagsprinsippet går ut på å ha på seg fleire lag med klede utanpå kvarandre. Denne måten å kle seg på har mange fordelar. Det gjer det lett å regulere klesmengda slik at du alltid er passeleg varm. Når du er i aktivitet, kan du ta av eitt eller fleire lag med klede. Du kan ta dei på att når du er i ro, til dømes i pausar. Når du kler deg mot kulde, er det viktig å hugse på at det er stilleståande luft som isolerer, ikkje klesplagget i seg sjølv. Fleire tynne klesplagg med luft imellom gjev betre isolasjon enn eitt tjukt lag. Kle på deg før du begynner å fryse. Stopp og ta av ein genser dersom du blir varm; då unngår du å bli sveitt. Innerlag Heilt inst mot kroppen bør du ha eit lag med tettsitjande ull, langerma trøye og stillongs. Superundertøy i kunstfiber fungerer også, men det isolerer dårleg når det blir vått. Nettingundertøy gjev mykje stilleståande luft nær kroppen og isolerer derfor godt. Både til fjells og på sjøen er det kaldt om sommaren. Eit sett med langt undertøy bør derfor alltid vere med. Mellomlag Mellomplagget skal vere romsleg og isolerande. Det kan vere ein genser av ull eller fleece. Ullgenseren held deg varm sjølv om

Påkleding etter fleirlagsprinsippet – Innerlaget kan vere i ull eller superundertøy. Unngå bomull dersom det ikkje er varmt ute. – Hovudet er den delen av kroppen der vi mistar mest varme. Derfor er hue viktig. Om du ikkje har vindtett hette, bør hua vere vindtett. – Hetta er god å ha i dårleg vêr. Ho bør vere vindtett og verne godt også i ansiktet.

22

– Ytterlaget skal verne mot regn og vind. Samtidig skal det sleppe ut sveitte frå kroppen. – Mellomlaget skal isolere godt. – Ha isolerande vottar nærast fingrane og vindvottar som ytterlag utanpå. – Gamasjar hindrar vatn og snø i å kome ned i skoa dine. Då er det lettare å halde seg varm. – Skoa bør ha plass til to lag sokkar og ein god innersole for å isolere godt.


Naturbruk

Kapittel 2 Klede til naturbruk

Naturbasert næringsaktivitet

han blir våt. Fordelen med fleece er at det tørkar raskt og veg lite. Fleeceklede gjev frå seg mikroplast når det blir vaska. Mikroplast er eit aukande miljøproblem. Dei ørsmå plastbitane forsvinn aldri – dei hopar seg opp i havet og skader dyr som lever der. Buksa bør tilpassast til aktiviteten og vêrforholda. Ho kan vere ei lett bukse i kunstfiber eller ull. Det går også an å bruke ein ekstra stillongs. Ytterlag Ytterplagget skal verne mot nedbør og vind. Det skal halde nedbøren ute og sleppe sveitten ut; vi seier at kleda «pustar». Dette er to eigenskapar det er vanskeleg å kombinere. Kunstfibermateriale som Gore-Tex kombinerer dette til ein viss grad, men kostar mykje. Ved hard fysisk aktivitet blir dei fleste våte av sveitte. Då er fordelen med kunstfibermateriala at dei tørkar raskt. Heilt tett regntøy, oljehyre, er det einaste som held oss heilt tørre i mykje regn og vass-sprut. Ulempa er at det fort blir klamt på innsida. Då er det viktig at oljehyret er vidt, slik at varm og fuktig luft slepp ut. Klede som berre skal halde vinden ute, pustar som regel godt. Jakka må ha ei god hette og vere stor nok til at du får ein stor genser under. Når du tovar ullvottar, blir dei tettare og varmare enn vanlege strikkevottar. Du kan sjølv tove vottar ved hjelp av vatn og såpe. Vindvottane er lange og ufôra. Ein trekkjer dei utanpå ullvottane og stengjer vind og snø ute.

Hue, vottar og hals Hue, vottar og hals skal alltid vere med på overnattingstur i høgfjellet – også om sommaren. Det er enkelt å ta av og på og hjelper oss med å regulere temperaturen. Hua skal halde oss varme på hovudet og øyra. Dersom hua ikkje er vindtett, er det viktig at du har vindtett hette på jakka. Ein hals held halsen og nakken varm på turen. Halsen kan brukast både som hals, hue, finlandshette og panneband. For å halde varmen på hendene må du ha hanskar eller vottar. Med hanskar kan du bruke fingrane. Det er praktisk når du til dømes skal pakke leiren, lage mat eller mekke på noko. Vottar er varmare enn hanskar fordi fingrane ligg inntil kvarandre. Heimestrikka vottar fungerer bra. Du kan også tove ullvottane. Vindvottar er lange ufôra vottar som blir trekte utanpå ullvottane og 23


Naturbruk

Kapittel 2 Klede til naturbruk

Naturbasert næringsaktivitet

jakkeermet. Dei stengjer vind og snø ute. Slike vottar finst i ulike materiale, eller du kan sy dei sjølve.

Tronge sko er kalde sko

Fjellsko finst i ulike variantar avhengig av kva du skal bruke dei til. Gode fjellsko er viktig for tryggleik og trivsel på tur. Det viktigaste er at dei passar foten din slik at du ikkje får gnagsår. Solen skal gje godt feste på underlaget, og skoa skal halde deg tørr og varm på beina. God støtte til anklane førebyggjer overtrakk.

Det er viktig at du har sko som passar på føtene, og som er behagelege å gå i. I sko med litt god plass blir det mykje isolerande luft. Ullsokkar bidreg til å halde deg tørr og varm på beina. Bruk to par med ullsokkar for å unngå gnagsår. Inst skal du ha eit tettsitjande tynt sokkepar av ull. Utanpå dette trekkjer du eit tjukkare par med ullsokkar. Du har kanskje ei bestemor som kan strikke? Ønsk deg eit par raggsokkar av henne. Ein ekstra sole av ull eller avispapir i skoa held deg varm og tørr på beina, også på kalde dagar. På nokre dagsturar kan du bruke tursko. Tursko gjev betre støtte for anklane og greip mot underlaget enn vanlege joggesko. Mange tursko har vassavstøytande overflate. Arbeidssko og fjellsko har sole med godt grep og gjev god støtte til anklane. Dei er ikkje heilt vasstette, men held det meste av fukt ute. Vernesko gjev i tillegg vern av tærne og eventuelt mot spikrar og anna skarpt du trakkar på. Er dette vernet laga av metall, gjer det også skoen kaldare. Fjellsko finst i ulike materiale og høgder. Kva du skal bruke fjellskoen til, avgjer kva du bør velje. Dersom skoa er nye, bør du gå dei inn før du legg ut på ein lang tur. Du bør halde skoa ved like – då varer dei lenger.

Gamasjar og fotposar Når snøen kjem ned i skoen din, vil han smelte og gjere deg våt og kald. Gamasjar kan brukast både om vinteren og sommaren, for å hindre snø eller kvist og kvast i å kome oppi skoen og for å halde deg tørr og varm på beina.

24

Gamasjar trær vi på utsida av buksa og skoen, og festar dei på tre punkt på støvelen. Gamasjar brukar vi ofte om vinteren for å hindre snøen i å kome ned i skoa, men kan også brukast om sommaren. Med gamasjar på beina slepp du å få kvist og kvast ned i fjellstøvlane. Gamasjen held deg tørrare på beina når du går i vått terreng eller ved korte kryssingar av elv. Nokre bukser har innebygde gamasjar. Fotposar er tøyposar du trekkjer utanpå skoa og buksebeina om vinteren. Dei held snø ute og bidreg til å halde oss varme og tørre på beina. Fotposar er ekstrautstyr du kan sy eller skaffe deg dersom du skal vere mykje ute om vinteren.


Naturbruk

Kapittel 2 Klede til naturbruk

Naturbasert næringsaktivitet

Kva treng du? Klede og utstyr for turbruk treng ikkje vere dyrt. Det er dumt å kjøpe dyrt turutstyr eller arbeidsklede som ikkje blir brukte. I bruktbutikkar eller på nettsider som sel brukte ting, kan du få utstyr for ein billeg penge. Mykje av utstyret som blir selt, er nesten ubrukt. Du kan også spørje slekt og vener om dei har utstyr du kan få eller låne. Då sparar du miljøet og får erfaring med ulikt utstyr. Dersom du seinare finn ut at dette er aktivitetar du kjem til å halde mykje på med, kan du heller investere i nytt utstyr når det trengst. Då veit du meir om kva du treng. Klede treng vedlikehald for å fungere optimalt og vare lenge. Lær deg korleis kleda bør vaskast. Dersom det går hòl i kleda, er det fint å kunne stoppe eller lappe dei sjølv. Kunnskap om korleis du skal kle deg på tur, er godt å ha også dersom du skal jobbe med sal av turklede, som lærar eller instruktør.

Kan du dette? 1 2 3 4 5 6 7

Kvifor er det viktig å halde seg tørr på tur og i arbeid? Kva fordelar og ulemper har ull? Kva fordelar og ulemper har kunstfibermateriale? Forklar korleis ein kler seg etter fleirlagsprinsippet. I svaret skal du bruke orda innerlag, mellomlag og ytterlag. Kvifor er det viktig å bruke hue når det er kaldt? Kva er viktige eigenskapar ved ein tursko/arbeidssko? Kvar kan du få tak i billeg og godt friluftslivsutstyr?

Tenk etter →

Er det etisk rett å bruke friluftslivsutstyr som er framstilt av ikkje-fornybare ressursar, eller som på andre måtar ikkje er miljøvenlege?

25


Naturbasert næringsaktivitet

Naturbasert næringsaktivitet Boka tek føre seg korleis vi kan bruke naturen både til næring og fritid. Ho har to delar: trivsel og tryggleik i naturen og naturforvaltning. Det er lagt vekt på berekraftig utvikling og korleis vi best kan både trivast i og ta vare på naturen. Boka er rikt illustrert, og teksten er lett å lese. Læreverket i Vg1 naturbruk frå Fagbokforlaget omfattar seks bøker:

| Naturbruk

· · · · · ·

Naturbasert næringsaktivitet

Fiske og akvakultur Landbruk Skogbruk Husdyr Dyrefag og hestefag Naturbasert næringsaktivitet

Læreverket har ein nettressurs med innhald for både elevar og lærarar med omgrepsdatabase, undervisningsfilmar og aktivitetsforslag.

Maria Lien Kårjord

Naturbruk

Bendik Løkken Nøstum Christina Marie Stølhaug

ISBN 978-82-11-03055-9

NYNORSK

Vg1 NYN

Vg1

Anne Charlotte Westerås


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.