Ordriket 3B Lesebok NYN (9788211034755)

Page 1

Christian Bjerke, Marit Midbøe Hagen, Anine K. Wold Halland, Lars Mæhle og Gro Ulland Nynorsk • 2. utgåve

Ordriket er eit prisvinnande norskverk for heile barnetrinnet. Verket legg opp til eit systematisk arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene, samtidig som det fremmer leselyst og leseglede.

Lesebok 3B I lesebøkene på 3. trinn følger vi Sam, Ina og Kanon-farfar i jakta på ein magisk skatt. Undervegs i skattejakta støyter dei på ulike menneske, dyr og utfordringar som dannar utgangspunkt for samtale og undring gjennom eit tverrfagleg og variert tekstutval.

Leseboka finst også i digital utgåve. Oppgåver til tekstane finst i Arbeidsbok 3B. Les meir på fagbokforlaget.no

NYNORSK • 2. utgåve

Kvart kapittel opnar med ein introduksjon av temaet og ein lesestrategi som skal trene elevane i kritisk og analytisk lesing. Med kvart tema følger eit mangfald av tekstar i ulike sjangrar og med ulik vanskegrad henta frå den nyaste barnelitteraturen og kjande klassikarar.

Ordriket Lesebok 3B

1–7

Lesebok 3B



Christian Bjerke, Marit Midbøe Hagen, Anine K. Wold Halland, Lars Mæhle og Gro Ulland Nynorsk • 2. utgåve

Lesebok 3B


VELKOMMEN TIL ORDRIKET! Visste du at det å lese kan vere ei skattejakt? I kvar nye tekst du les, skjuler det seg ein skatt av ord, opplevingar og tankar du kan samle på. Vi som har laga denne boka, ønsker at du skal bli glad i å lese, skrive og å bruke språket. Derfor vil vi gjerne at du skal møte Ina, Sam og Kanon-farfar, og bli med dei på skattejakt. Helsing forfattarane

2


Innhald 6 Vitsar og gåter 7 Ord og omgrep 8 Lesestrategi: Vel ut nøkkelord 9 Kva ler du av? 10 Vitsar 11 Svensken, dansken og nordmannen 12 Vanskeleg spørsmål 13 Gåter 14 Kva er latter? 16 Når ler vi? 17 På besøk i storbyen 18 Forklaringen 19 Rare namn på dyr 21 Dyrene i Bfrika 22 Nytt kjæledyr 24 Utrulege fakta 26 Jakta på den magiske skatten 27 Ein tabbe 28 7 Redd og uredd 35 Ord og omgrep 36 Lesestrategi: Les og sei noko 37 Kva gjer deg redd? 38 Kva skjer når du blir redd? 39 Redd 40


Det spøker 41 Mørkredd 42 Om å vere redd 44 Johannes Jensen tar nattoget 45 Eg er litt redd 48 Kven snakkar du med om vanskelege ting? 49 Polly-Esther og ønskemonsteret 50 Superhelten Arild 54 11 personar på eit fotballag 58 Fortel det til nokon når du er redd 59 Stine og skoletannlegen 60 Jakta på den magiske skatten 63 Leir for natta 64

8 Fotball og annan sport 67 Ord og omgrep 68 Lesestrategi: Vel ut nøkkelord 69 Fotballhistoria 70 Stygt spel 71 Fotballsupporterar 72 E-sport 73 Friidrett 74 Min idrett: basketball 75 Langrenn 76 David skatar 80 Svømming 84 Turn 85 Knoterud FK 86 Jakta på den magiske skatten 89 Sjørøvarøya 90


9 Troll og eventyr 95 Ord og omgrep 96 Lesestrategi: Teikn det du ser for deg 97 Eventyr 98 Prinsesser, hekser, troll 100 Gullhår og dei tre bjørnane 102 Skrinet med det rare i 105 Heksa i porten 106 Oskeladden som kappåt med trollet 108 Muleguten 112 Bukkene Bruse var lei av å trippe 117 Bukkane Bruse på Badeland 118 Makwelane og krokodillen 121 Jakta på den magiske skatten 125 Skattkista 126 10 Heltar og skurkar 133 Ord og omgrep 134 Lesestrategi: Overvak eiga lesing 135 Kven er helt, og kven er skurk? 136 Detektivbyrå nr. 2 137 Sjørøvarutstyr 141 Sjørøvarfakta 142 Robin Hood, rettferdsforkjemparen 144 Marie Curie 146 Dette viser at barn blir høyrt 148 Den raude maska 151 Gangster-bestemor 155 Jakta på den magiske skatten 159 Linn-Reidun og Teodor tar hemn 160 Kva skjuler skattkista? 162 Den som ler sist 166 Biblioteket redda av sjørøvarskatt 171


6


6 Vitsar

og gåter

• Ser du noko som er morosamt? • Ser du nokon som ler? • Kva trur du dei ler av?

7


Vitsar og gåter I dette kapittelet skal du lese vitsar, gåter og andre morosame tekstar. For at vi skal le, må det skje noko morosamt eller noko som overraskar. Det kan vere misforståingar, overdrivingar eller ordspel. Kanskje du vil le av noko i dette kapittelet?

ORD OG OMGREP Vits

kort forteljing med uventa slutt

Gåte

eit spørsmål med eit ukjent og overraskande svar

Morosamt Humor

8

noko komisk, artig, gøy evne til å oppfatte noko som morosamt


LESESTRATEGI Vel ut nøkkelord I dette kapittelet skal du øve på å velje ut viktige ord frå tekstane du les. Slike ord kallar vi nøkkelord. Når du vel ut nøkkelord, er det lettare å sjå kva som er viktig i teksten. Dei kan også hjelpe deg viss du skal fortelje teksten med dine eigne ord. Eksempel: Her har nokon streka under det dei meiner er nøkkelorda i teksten. Ein kunstmålar sat på ein stein og såg på landskapet. Då kom ein bonde gåande med hesten sin. – For ein nydeleg hest, sa målaren, – den vil eg gjerne måle. – Ikkje snakk om, sa bonden, – hesten er brun og skal alltid vere brun. Sidan du ikkje kan streke under orda i leseboka di, kan du skrive dei opp slik i arbeidsboka:

run b – e l å m – hest – e d n o b – kunstmålar 9


Kva ler du av?

Når noko er flautt

Grimasar

Å bli kitla Pinleg stille

Når noko rart og uventa skjer Vitsar

Komikarar på film

Komikar: ein som har som jobb å få folk til å le

10

Når andre ler


Vitsar PÅ SKOLEN

Læraren: Du har eit veldig rart par sokkar i dag, Eirik? Ein blå med striper og ein grøn med raude prikkar? Eirik: Ja, og eg har eit heilt likt par heime.

Læraren: Men Hege, korleis klarte du å få eit blått auge? Hege: Ser du det treet ved sandkassen? Læraren: Ja? Hege: Det gjorde ikkje eg.

! i h hi hi

Læraren: Hjelpte storebroren din deg med leksene? Fredrik: Nei, han gjorde dei heilt aleine.

Vesle Nikolai sat med leksene. – Pappa, får lærarane betalt? – Ja, sjølvsagt. – Det er urettferdig. Det er jo vi elevane som gjer alt arbeidet.

Kva gjer du viss det sit ein gorilla ved pulten din? Finn ein annan stad å sitte.

he he he!

– Anne, kva trur du er dei to mest brukte orda på skolen? – Veit ikkje. – Korrekt!

ho h

o! h o

11


Svensken, dansken og nordmannen HØGAST FLAGGSTONG

Svensken, dansken og nordmannen skulle sjå kven som hadde høgast flaggstong. – Mi er så høg at viss ein kastar ned ein blomster frå toppen, visnar han før han når bakken, sa svensken. – Mi er så høg at viss ein kastar ned eit eple, ròtnar det før det når bakken, sa dansken. – Det er ingenting, sa nordmannen. – Mi er så høg at viss ein kastar ein baby frå toppen, blir han ein gammal mann før han når bakken. PÅ SVØM

Svensken, dansken og nordmannen ville sjå kven som kunne svømme lengst. Dei skulle sjå om dei klarte å svømme over Atlanterhavet og komme til Amerika. Svensken klarte å svømme ei mil, så måtte han gi opp. Dansken klarte å svømme to mil, men så måtte han gi opp. Nordmannen svømte kjempelangt, men då han berre hadde hundre meter att til stranda i Amerika, orka han ikkje å svømme meir, så då snudde han og svømte heim att.

12


ha ha h a

Vanskeleg spørsmål

!

Ein fredag kom lærarinna inn i klassen og sa: – Høyr nøye etter no, barn! Kvar fredag fram til sommarferien kjem eg til å stille dykk eit spørsmål. Den første som svarer rett, får fri måndag over helga. Sidan det var sommar og fint vêr, var det mange som ville ha fri ein dag ekstra, så elevane ropa i kor: – Kva er spørsmålet, frøken? Kva er spørsmålet? Frøken hysja på elevane og spurde: – Kor mange sandkorn finst det på stranda? Det er det jo heilt uråd å svare på, så ingen fekk fri. Neste fredag stilte frøken eit nytt spørsmål til klassen: – Kor mange stjerner er det på himmelen? Ingen kunne svare på det heller, så alle måtte komme på skolen måndagen etter. Jonas syntest frøken var dum som stilte så vanskelege spørsmål, så veka etter bestemte han seg for å gjere noko med det. Han tok med seg ein stor papirpose som han gøymde i sekken sin. Da det blei fredag og frøken kom inn i klassen, tok han opp papirposen. Så bles han posen opp og heldt han under pulten. Akkurat idet frøken sa: – Ja vel, så ØV var det spørsmålet denne veka … slo – Kva er spørsmålet, frøken? Jonas til papirposen så han sprakk med – Kor mange sandkorn er det eit digert smell. Frøken skvatt til og på stranda? ropa: – Kven gjorde det!? – Kor mange stjerner er det – Det var eg! svarte Jonas. på himmelen? – Ser deg på tysdag! – Kven gjorde det? Øystein Bache

13


Gåter

?

Kva er likskapen mellom julenissen og ein førsteklassing? Begge har sekk på ryggen.

?

?

?

Kva er det som blir våtare og våtare jo meir vi tørkar?

?

Handkleet.

Begge delar veg like mykje.

?

?

?

Kva veg mest av eitt kilo jern og eitt kilo bomull?

Kva for eit dyr kan hoppe høgare enn Eiffeltårnet?

?

Alle. Eiffeltårnet kan ikkje hoppe. Barnehagen.

?

?

Kva for eit dyr er det høflegaste? Bukken.

14

?

Kva for ein hage treng ikkje vatning?


Kvifor er det farleg å gå med våte joggesko? Fordi den som går med våte joggesko, frys, den som frys, blir forkjølt, den som er forkjølt, får vondt i halsen, den som har vondt i halsen, kviskrar, den som kviskrar, lyg, den som lyg, stel, og den som stel, kjem i fengsel. Derfor er det farleg å gå med våte joggesko.

LES MEIR!

Jørn Roeim

15


Kva er latter? Latter er lyd. Den same lyden kjem igjen og igjen. Han blir til ei lang rekke av he-he eller hi-hi. Når nokon ler, kan vi både høyre og sjå det. Munnvikene deira går oppover, dei opnar munnen og gliser. På same tid tar pustemusklane våre ein pause i pustinga, slik at vi ØV begynner å hive etter pusten. Denne Vi kan sjå at nokon ler. hikstinga kan få magen til å verke Munnvikane går oppover. av latter. Dei opnar munnen. Det er nyttig for oss menneske at Dei gliser. vi kan både sjå og høyre latteren. For Vi kan høyre at nokon ler. latteren sender viktige meldingar. Og Lyden er ei lang rekke det fine med desse meldingane er at med he-he eller hi-hi. vi kan forstå dei, same kva for språk vi snakkar!

16


Når ler vi? Latteren er daglegdags. Dei fleste ler kvar dag, mange gonger om dagen – i alle slags situasjonar. Vi kan til dømes begynne å le berre fordi vi ser at andre ler. Latter ser ut til å smitte! Når vi snakkar om latter no til dags, tenkjer vi helst på den latteren som kjem når vi er glade og i godt humør. Den er det trass alt mest av. Å sprute ut i latter samen med venner når vi ser eller høyrer noko morosamt, er herleg.

LES MEIR!

Erna Osland

17


På besøk i storbyen

Støyte på: møte

Fundere: tenke

Ein mann frå ein liten stad i Noreg var i København for første gong. Han var veldig imponert over den vakre byen og brukte dagane til å gå omkring og sjå på alt det interessante som fanst. Ein dag støytte han på ein lys levande pingvin midt i sentrum. Han syntest at han måtte ta seg av den bortkomne fuglen, og så blei det til at dei rusla rundt i gatene saman. Utpå kvelden begynte mannen å lure på kva han skulle gjere med pingvinen. Etter å ha fundert ei stund gjekk han bort til ein politimann og spurde om han hadde nokon forslag. – Den må du gå til dyrehagen med! sa politimannen. Dagen etter trefte politimannen nordmannen og pingvinen igjen. Politimannen blei litt morsk og spurde mannen om kvifor han ikkje hadde tatt med seg pingvinen til dyrehagen, slik han hadde fått beskjed om. – Jo, vi var i dyrehagen i går, vi, forsikra nordmannen, – og i dag har vi tenkt oss på Tivoli! Jørn Roeim

18


Forklaringen Det kunne kanskje virke som et slag, skjønt det for Siv var en vanlig dag. Først jaget hun fjorten fæle pirater og et kompani med elitesoldater. Så skremte hun ti presidenter, fire moguler og seksten regenter. Straks de så snurten av tynne Siv, fikk de panikk og fryktet sine liv. Det kan virke rart at en enslig kvinne fikk så mange menn til å forsvinne.

Kompani: gruppe i militæret Moguler: fyrstar Regenter: herskarar

19


Forklaringen bestür i, mener mange, at Siv er en dødelig kvelerslange. Niels Chr. Geelmuyden

20


Rare namn på dyr REDDHARE

Dyr på to bein som har skjønt at det er lurt å vere redd av og til. Reddharar kjem sjeldan opp i bråk og må sjeldan på legevakta for å bli lappa saman. Men sidan reddharar er så kloke, skjønnar dei også at det nokre gonger er viktig å gjere ting ein er redd for. HYBELKANIN

Loddent dyr utan bein som likar seg godt under senger og langs vegger, særleg på barnerom. Bevegar seg raskt og lydlaust. Formeirar seg lett. Naturleg fiende: støvsugaren.

Loddent: dekt med hår eller lo Formeire seg: bli fleire

SPØKEFUGL

Dyr på to bein, utan venger, men med humoristisk sans. Er med på ein spøk og likar å spøke sjølv. Må ikkje forvekslast med ekte spøkelse, som ikke har humoristisk sans. LESEHEST

Dyr på to bein som brukar mykje av tida på å lese. Har ofte fast stallplass på nærmaste bibliotek. Til liks med andre hestar er lesehestar veldig sterke og kan bere store bunkar med bøker. Jørn Roeim

21


22

Bj ør n ør vik

ik

a lli ks en

fr Gu

iB

/E ivi nd

ne

Dy r R e


23


Christian Bjerke, Marit Midbøe Hagen, Anine K. Wold Halland, Lars Mæhle og Gro Ulland Nynorsk • 2. utgåve

Ordriket er eit prisvinnande norskverk for heile barnetrinnet. Verket legg opp til eit systematisk arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene, samtidig som det fremmer leselyst og leseglede.

Lesebok 3B I lesebøkene på 3. trinn følger vi Sam, Ina og Kanon-farfar i jakta på ein magisk skatt. Undervegs i skattejakta støyter dei på ulike menneske, dyr og utfordringar som dannar utgangspunkt for samtale og undring gjennom eit tverrfagleg og variert tekstutval.

Leseboka finst også i digital utgåve. Oppgåver til tekstane finst i Arbeidsbok 3B. Les meir på fagbokforlaget.no

NYNORSK • 2. utgåve

Kvart kapittel opnar med ein introduksjon av temaet og ein lesestrategi som skal trene elevane i kritisk og analytisk lesing. Med kvart tema følger eit mangfald av tekstar i ulike sjangrar og med ulik vanskegrad henta frå den nyaste barnelitteraturen og kjande klassikarar.

Ordriket Lesebok 3B

1–7

Lesebok 3B


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.