Puls
Kommunikasjon og samhandling
Eirik IllguthOlav Østebø, Jane Therese Jensen, Silje Hemnes Halvorsen, Ole-Jonny Kloster, Kjetil Torgeirsen og Eirik Illguth
Olav Østebø, Jane Therese Jensen, Silje Hemnes Halvorsen, Ole-Jonny Kloster, Kjetil Torgeirsen og Eirik Illguth
vg2–vg3 ambulansefag nynorsk
Gratulerer med yrkesvalet, ambulansearbeidar! Du går no inn i eit av dei mest spennande, meiningsfylte og nødvendige yrka i samfunnet vårt. Å hjelpe menneske som er ramma av sjukdom eller skade, er eit viktig samfunnsoppdrag. Du blir vist stor tillit når du får vere med og utføre dette samfunnsoppdraget.
Med kompetansen du tileignar deg, vil du kunne observere og kartlegge teikn og symptom på sjukdom og skade, og du kan avdekke og behandle svikt eller truande svikt i vitale funksjonar. Du vil møte pasientar og pårørande som er sårbare og står midt i ein krisesituasjon. God kommunikasjon og aktiv lytting er viktige verktøy for å nå fram til menneske i krise, ta del i perspektiva deira og gi dei trøyst og omsorg.
Ambulansefaget i vidaregåande opplæring bidrar til at ambulansetenesta i heile Noreg har autorisert personell. Dette læreverket vil gi deg som ambulansearbeidar eit godt grunnlag for å vareta kjerneoppgåvene til tenesta:
à å frakte akuttmedisinsk personell og utstyr raskt fram til sjuke eller skada pasientar
à å undersøke, prioritere, behandle og overvake pasientar, ofte i samhandling med andre yrkesgrupper à å frakte sjuke eller skada pasientar til eller mellom behandlingsstader
à å følge gravide og fødande til ein fødeinstitusjon à å ha beredskap for større ulykker og kriser à å delta i søk og redningsoperasjonar
Yrkesutøvinga inneber å samhandle i team og med anna helsepersonell, politi og brannvesen. Læreverket gir derfor kompetanse i samhandling og leiing i team, tverrfagleg samarbeid og samvirke med andre aktørar i redningstenesta. Du vil også få ei solid innføring i ambulanseoperative emne, slik at du kan utføre operative oppgåver under varierande og krevjande forhold.
Forsking, innovasjon og utvikling av ny teknologi gjer at ambulansefaget utviklar seg raskt. Nye behandlingstilbod og ei befolkning som lever lenger enn før, gjer at ein må endre på korleis oppgåver blir fordelte og tenesta blir organisert. Metodar for undersøking, behandling og overvaking av pasientar som før blei utførte på spesialiserte avdelingar i sjukehus, blir no i stadig større grad utførte prehospitalt. Desse utfordringane stiller store krav til psykisk og fysisk styrke, endringsvilje og endringskompetanse hos både ambulansearbeidarar og paramedisinarar.
Læreverket legg vekt på emne som gir deg ein framtidsretta kompetanse, blant anna det å undersøke og behandle eldre pasientar, meistre stress og vareta di eiga og andre si sikkerheit under ambulanseoppdrag. Målet vårt er å utruste morgondagens ambulansearbeidarar med ein heilskapleg kompetanse i form av kunnskapar, yrkesferdigheiter og personlege eigenskapar. Dette er ein føresetnad for profesjonalitet og livslang læring i ambulansefaget.
Vi vil gjerne takke fagkonsulentane, spesielt Nina Vatland, Marit Anda, Johan Mansåker, Hanne Vagle, Bente Dahl, Helge Hansen og Svein Eggen, for faglege innspel og god støtte.
Mai 2023
Helsing forfattarane
Kapittel 6
Kapittel
Kapittel 8 Døyande
I Puls vg2–vg3 ambulansefag møter elevane eit lettlese og aktuelt læreverk som dekker den nye læreplanen etter fagfornyinga. Verket er praksisnært og gjer aktiv bruk av casebasert storylinepedagogikk – ein tverrfagleg, problemorientert metode som fremmar refleksjon, motivasjon og djupnelæring.
Lærebøkene følger dei tre programfaga i utdanningsprogrammet:
à ambulansemedisin, delt i bind 1 og 2 à kommunikasjon og samhandling à yrkesliv i ambulansefag
Til verket høyrer det ein innhaldsrik nettressurs som er organisert i fem modular:
à Omgrep: ein søkbar database med alle dei sentrale fagomgrepa
à Yrkesoppgåver vg2: yrkesretta caseoppgåver til vg2-eleven à Yrkesoppgåver vg3: yrkesretta caseoppgåver til vg3-eleven à Multimedium: utforskande læring med film, lyd og VR à Dokumentasjonsverktøy: eit skriveverktøy som lærer elevane å dokumentere eige arbeid
I tillegg får læraren si eiga verktøykasse med nyttige planar, opplegg og støtte til undervisninga. Nettressursen som heilskap er godt eigna til yrkesfagleg fordjuping (YFF).
Kvart kapittel startar med ei tydeleg oversikt over kva kjerneelement, tverrfaglege tema, kompetansemål og læringsmål kapittelet skal dekke.
Latent betyr å ligge i skjul eller i kviletilstand.
Alle kapitla følger eit ryddig oppsett:
à Illustrerte case med situasjonar frå yrkeslivet eksemplifiserer og levandegjer teorien. Vi følger faste karakterar gjennom ulike situasjonar i arbeidskvardagen og får oppleve ambulanseyrket på nært hald. Fagstoffet blir meir handgripeleg og relevant og dermed enklare å sette seg inn i, forstå og hugse.
Ein slakteriarbeidar har skore seg djupt i handa med ein skarp kniv, og Adam ambulansearbeidar og makkeren Arne blir kalla ut. Dei kjem fram til den skada etter ti minutt. Den skada mannen sit på bakken med ein kollega som held hardt omkring den venstre armen hans med begge hendene. Det er mykje blod rundt armen hans, på kollegaen og på golvet. Adam spør kva som har skjedd, mens han undersøker …
à Spørsmål til lesaren ryddar plass til refleksjon og undring.
Kva teikn tyder på at Arne er dehydrert? Kva kan vi gjere for å unngå å bli utmatta og dehydrerte på jobb?
à Forklaring av nye omgrep kjem i margen rett ved sida av staden der ordet står i teksten. Dei same omgrepa kan søkast opp i omgrepsdatabasen i nettressursen.
Kvart kapittel blir avrunda på same måten:
à Oppsummering: eit samandrag i punkt samanfattar hovudlinjene i fagstoffet à Læringsaktivitetar: eit breitt utval av oppgåver til arbeid både individuelt og i gruppe og gode spørsmål til samtale og drøfting i fellesskap
Denne oversikta viser korleis kompetansemåla i læreplanane for programfaget ambulansemedisin blir dekte i denne læreboka.
Kompetansemål:Målet for opplæringa er at elevane skal kunneKapittel i boka:
vg2 KS 1gjere greie for plassen til ambulansefaget i helsevesenet og gi eksempel på samhandling med andre yrkesgrupper i ulike pasientforløp
vg3-4samhandle med andre for å oppnå heilskaplege pasientforløp som varetar omsorga for pasienten
vg2 KS 2gjere greie for kommunikasjonssystem i ambulansetenesta og bruke samband og sambandsuttrykk
vg2 KS 3reflektere over og demonstrere kommunikasjon og samhandling med pasientar, pårørande, kollegaer og personell som dei samarbeider med, som kjem frå ulike kulturar, på ein tydeleg og tillitsfull måte
vg3-5kommunisere og samhandle med pasientar, pårørande, kollegaer og personell frå ulike kulturar på ein tydeleg og tillitsfull måte
vg3-29bruke sambandsutstyr og kommunisere over samband i samsvar med gjeldande reglement og prosedyrar
vg2 KS 7reflektere over korleis stressreaksjonar kan påverke ambulansearbeidaren, og beskrive ulike meistringsstrategiar
vg3-21gjere greie for korleis stress kan påverke ambulansearbeidarar, og nytte strategiar for å meistre stress
Kapittel 1
Kapittel 2
Kapittel 3
vg2 KS 4møte alle menneske med respekt og likeverdKapittel 4
vg2 KS 3reflektere over og demonstrere kommunikasjon og samhandling med pasientar, pårørande, kollegaer og personell som dei samarbeider med, som kjem frå ulike kulturar, på ein tydeleg og tillitsfull måte
Kapittel 5
vg2 KS 8gjere greie for og demonstrere ulike strategiar for konflikthandteringKapittel 6
vg3-23identifisere truslar mot si eiga og andre si sikkerheit og sette i verk tiltak for å vareta sikkerheita under ambulanseoppdrag
vg2 KS 5gjere greie for kva yrkesetikk er, og reflektere over etiske problemstillingarKapittel 7
vg3-3reflektere over etiske problemstillingar og gi eksempel på etiske dilemma i ambulansefaget
vg2 KS 6reflektere over korleis ein handterer hendingar og situasjonar med døyande og døde pasientar
vg3-19handtere situasjonar knytte til døyande og døde pasientar, ved naturlege og unaturlege dødsfall, på ein etisk forsvarleg måte
Kapittel 8
vg3-13gi munnlege og skriftlege rapportar om tilstanden til pasientenKapittel 9
vg3-2få og gi rettleiing og reflektere over eigen kompetanseKapittel 10
vg3-36nytte fag- og forskingslitteratur vurdere kjelder kritisk og vise digital dømmekraft
Lykke til med læring og undervisning!
Kapittel 11
Tverrfaglege tema
→ folkehelse og livsmeistring
→ demokrati og medborgarskap
→ berekraftig utvikling
Kjerneelement
→ dialog, relasjonar og rettleiing
→ ambulanseoppdrag og ambulanseoperative emne
Kompetansemål
Eleven skal kunne
→ «gjøre rede for ambulansefagets plass i helsevesenet og gi eksempler på samhandling med andre yrkesgrupper i ulike pasientforløp»
→ «samhandle med andre for å oppnå helhetlige pasientforløp som ivaretar omsorgen for pasienten»
I dette kapittelet skal du lære om
→ kva plass ambulansefaget har i helsetenesta
→ kvifor samhandling er viktig for tenestetilbodet til pasientane
→ faktorar som påverkar utviklinga av ambulansetenesta
→ oppgåvene til kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta
→ kva omgrepa samhandling og pasientforløp betyr
→ kva «den akuttmedisinske kjeda» betyr
→ ulike illustrasjonar for oppbygging av den akuttmedisinske kjeda
→ ulike pasientforløp i den akuttmedisinske kjeda
→ betydninga av god samhandling i ulike pasientforløp
→ korleis prehospitale akuttmedisinske tenester kan bidra til gode heilskaplege pasientforløp og rett bruk av ressursane i helsetenestene
→ helsefellesskap og samarbeidsavtalar om akuttmedisin og beredskap
→ kvalitetsindikatorar for akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus
→ faktorar som kan bidra til å utvikle god samhandling i den akuttmedisinske kjeda
→ korleis ambulansearbeidarar kan bidra til god samhandling
Tidlegare transporterte ambulansetenesta i hovudsak pasientar til undersøkingar og behandling på sjukehus. I dag er tenesta ein integrert del av den akuttmedisinske beredskapen i helsetenesta. Undersøkingar og behandling som tidlegare blei utført på sjukehus, er i dag ein naturleg del av tilbodet i ambulansetenesta.
Ambulansefaget er i rask utvikling. Det kjem blant anna av à at strukturelle endringar i helsetenesta har ført til at legevaktdistrikt har blitt større, at dei ulike sjukehusa har fått ansvar for bestemte oppgåver (funksjonsdeling), og at pasientar i større grad skal varetakast av kommunehelsetenesta à at den befolkningsmessige (demografiske) utviklinga og sjukdommar og skadebildet har endra seg
Ambulansetenesta er bil-, båtog luftambulansetenester (ambulansehelikopter og ambulansefly) der det under transport er behov for akuttmedisinsk behandling og/eller overvaking.
Akuttmedisinsk beredskap er planar, utstyr og personell som skal sikre befolkninga nødvendige akuttmedisinske tenester.
Samhandling er når to eller fleire personar utfører noko i fellesskap og i samspel med kvarandre.
Kommunehelsetenesta er helsetenestene som kommunane har ansvar for.
Primærhelsetenesta er det same som den kommunale helse- og omsorgstenesta – ei førstelinjeteneste for alle som oppheld seg i kommunen. Her finn du blant anna fastlegane, som kan vise vidare til spesialisthelsetenesta ved behov.
Spesialisthelsetenesta (for eksempel sjukehus) behandlar sjukdommar/ tilstandar som krev meir spesialisert helsehjelp enn det den kommunale helseog omsorgstenesta kan tilby. Fastlegen viser pasientar til spesialisthelsetenesta.
Medisinsk nødmeldeteneste er eit landsdekkande system for kommunikasjonsberedskap i helsetenesta. (Kjelde: Store norske leksikon)
à at utviklinga innanfor teknologi og fagleg kunnskap har gjort ambulansetenesta i stand til å utføre meir avansert behandling
à at ambulansefaget er etablert som fagutdanning, og at personell med erfaring og bedriftsintern utdanning i stor grad har gjort realkompetansen sin om til formalkompetanse ved å gå opp til fagprøve i ambulansefaget à at det er etablert bachelorutdanning i paramedisin og tverrfagleg masterutdanning i prehospital akuttmedisin, og at desse utdanningane gir grunnlag for autorisasjon som ambulansearbeidar og paramedisinar à at krava og forventningane til at ambulansetenesta skal kunne takle større ulykker og kompliserte hendingar, har auka
à at nasjonale helsestyresmakter stiller stadig større grad krav til ambulansetenesta i lover, forskrifter, rundskriv og rettleiarar, for eksempel gjennom krav til kompetanse, materiell, kapasitet, responsevne, oppgåveløysing og evne til samhandling i tenesta
à at meir avansert medisinsk behandling blir utført i heimen og på helseinstitusjonar
à at krava til medisinsk nivå og prestasjonar i prehospitale akuttmedisinske tenester har auka
Helsetenesta er delt inn i kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta
Helsetenesta er delt inn i primærhelsetenesta, det vil seie kommunehelsetenesta, og spesialisthelsetenesta Ambulansetenesta og den medisinske nødmeldetenesta (dei akuttmedisinske kommandosentralane, AMK-sentralane, og akuttmottaka) er ein del av spesialisthelsetenesta. For at dei akuttmedisinske ressursane frå spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta skal kunne gi pasientane eit godt koordinert og heilskapleg helsetilbod, må dei samhandle.
Kommunehelsetenesta
Ansvaret kommunane har for å gi helsetenester til befolkninga, følger av helse- og omsorgstenestelova.
Kommunane skal sørge for at personar som oppheld seg i kommunen, blir tilbydt nødvendige helse- og omsorgstenester. Dette ansvaret omfattar alle pasient- og brukargrupper. Dei kommunale tenestene omfattar alle dei offentlege helseog omsorgstenestene som ikkje høyrer under stat eller fylkeskommune, det vil seie som staten eller fylkeskommunane ikkje har ansvar for.
Kommunane har ansvar for å tilby blant anna à skolehelseteneste og helsestasjonsteneste à svangerskapsteneste og barselomsorgsteneste à hjelp ved ulykker og andre akutte hendingar à fastlegeordning à sosial, psykososial og medisinsk habilitering og rehabilitering à helsetenester i heimen, personleg assistanse og plass i institusjon, blant anna sjukeheim à dagaktivitetstilbod til heimebuande personar med demens
Legevaktsentral er ein sentral som formidlar legevakttenester og andre kommunale helsetenester. Legevaktsentralen er ein del av den medisinske nødmeldetenesta.
Ifølge helse- og omsorgstenestelova har kommunane plikt til å gi ein person akutthjelp når denne hjelpa er nødvendig. Denne hjelpa kan omfatte undersøkingar, behandling eller anna hjelp. Plikta til å gi akutthjelp gjeld ikkje dersom kommunen veit at den nødvendige hjelpa vil bli gitt av andre. Vakthavande legevaktlege kan for eksempel velje å avvente dersom ressursar frå spesialisthelsetenesta rykker ut på ei hending.
Kommunane skal òg sørge for at pasientar og brukarar med behov for akutthjelp får tilbod om døgnopphald. Denne plikta gjeld berre for pasientar og brukarar som kommunen har moglegheit til å greie ut, behandle eller yte omsorg til. Alvorleg skada og sjuke pasientar som treng behandling på sjukehus, fell utanfor denne plikta.
Ifølge helseberedskapslova har kommunane òg plikt til å utarbeide ein beredskapsplan for helse- og omsorgstenestene i kommunen. Planen skal samordnast med dei andre beredskapsplanane i kommunen.
Dersom det er nødvendig for at kommunen skal oppfylle ansvaret som følger av helse- og omsorgstenestelova, skal kommunen sørge for transport av behandlingspersonell til pasientar som på grunn av helsetilstanden ikkje kan møte fram på behandlingsstaden. Heimebesøk av lege som køyrer i legevaktbil, er eit eksempel på dette.
Ifølge helse- og omsorgstenestelova skal kommunane ha legevakt, medisinsk nødmeldeteneste eller legevaktsentral (også kalla LV-sentral) og psykososial beredskap og oppfølging. Det er ikkje uvanleg at eit legevaktdistrikt dekker fleire kommunar fordi kommunane har inngått eit formelt samarbeid om legevaktsentral og legevakt.
Helseføretak er ei samlenemning på regionale helseføretak og helseføretak, som blei oppretta då staten overtok ansvaret for spesialisthelsetenesta frå fylkeskommunane 1. januar 2002.
I helse- og omsorgstenestelova står det at kommunane skal sørge for at dei ulike tenesteytarane internt i kommunen kan samhandle med kvarandre. Dei skal òg kunne samhandle med andre tenesteytarar når dette er nødvendig for å tilby lovpålagde tenester. Det vil seie at dei skal samarbeide med fylkeskommunen, regionale helseføretak og staten, slik at helseog omsorgstenesta på best mogleg måte kan fungere som ei eining.
Staten har det overordna ansvaret for at befolkninga får nødvendige helsetenester. Dei regionale helseføretaka sørger for at personar med fast bustad eller opphaldsstad i helseregionen blir tilbydt spesialisthelseteneste i og utanfor institusjon.
Ifølge spesialisthelsetenestelova har dei regionale helseføretaka ansvar for
à sjukehustenester à medisinske laboratorietenester og radiologiske tenester à akuttmedisinsk beredskap à medisinsk nødmeldeteneste, luftambulanseteneste og ambulanseteneste med bil eller båt à tverrfagleg spesialisert behandling for rusmiddelavhengnad, inklusive institusjonsplassar à transport til undersøking eller behandling i helse- og omsorgstenesta à transport av behandlingspersonell
Staten er den høgaste myndigheita som bestemmer over eit geografisk område/ territorium.
Regionale helseføretak er statseigde helseføretak som omfattar alle offentlege verksemder innanfor spesialisthelsetenesta i eit geografisk definert område. Dei fire regionale helseføretaka i Noreg har ansvar for spesialisthelsetenesta i kvar sine regionar.
Dei regionale helseføretaka har eit sørge-for-ansvar for dei tenestene som spesialisthelsetenestelova pålegg dei å yte.
Dei regionale helseføretaka legg til rette for at ulike helseføretak kan samarbeide om å tilby lovpålagde tenester. Helse- og omsorgsdepartementet kan i forskrift gi nærmare føresegner om krava til tenestene som blir omfatta av spesialisthelsetenestelova.
Den medisinske nødmeldetenesta og ambulansetenesta er ein del av spesialisthelsetenesta. Pasienttransport er òg ei oppgåve for spesialisthelsetenesta. Det regionale helseføretaket pliktar å yte hjelp ved ulykker og andre akutte situasjonar i helseregionen.
Spesialisthelsetenestelova pålegg dei regionale helseføretaka å utarbeide beredskapsplanar for institusjonar og tenester som det regionale helseføretaket skal sørge for. Beredskapsplanane skal samordnast med beredskapsplanane til kommunane, fylkeskommunane og dei andre regionale helseføretaka.
Dei regionale helseføretaka pliktar å legge til rette for nødvendig samarbeid mellom ulike helseføretak internt i det regionale helseføretaket og med andre regionale helseføretak. Dersom forholda tilseier det, skal det regionale helseføretaket yte bistand til andre regionale helseføretak ved ulykker og andre akutte situasjonar. Det er det regionale helseføretaket som har behov for hjelp, som skal be om bistand.
Akuttmedisinforskrifta
Akuttmedisinforskrifta regulerer dei akuttmedisinske helsetenestene utanfor sjukehus, det vil seie den kommunale legevaktordninga, ambulansetenesta, den medisinske nødmeldetenesta og tenester som blir ytt av andre etter avtale med kommunen eller det regionale helseføretaket.
Den kommunale legevaktordninga sikrar behovet til befolkninga for akutthjelp. Det skal vere minst éin legevaktlege tilgjengeleg heile døgnet. Den kommunale legevaktordninga har ansvar for å
à vurdere, gi råd og rettleie ved førespurnader om akutt hjelp à diagnostisere og behandle akutte medisinske tilstandar ved legekonsultasjonar og sjukebesøk og ved behov vise til andre tenester i kommunen à yte hjelp ved ulykker og andre akutte situasjonar
Akuttmedisinsk helsehjelp
Akuttmedisinforskrifta pålegg kommunar og regionale helseføretak å samarbeide om å gi befolkninga akuttmedisinske helsetenester. Innhaldet i tenestene skal vere samordna med andre nødetatar, hovudredningssentralane og andre myndigheiter.
Nasjonalt nummer for akutt helsehjelp
Nasjonalt legevaktnummer
AMK-sentral
Medisinsk nødmeldeteneste
Kommunane har ansvar for å
LV-sentral
Fastlegar
à etablere eit døgnbemanna telefonnummer med nødvendig linjekapasitet for kopling til eit nasjonalt legevaktnummer (116 117)
à etablere eit fast og offentleg kjent direktenummer til legevaktsentralen
à etablere og drifte ein døgnbemanna legevaktsentral à legge til rette for sikker drift av eit nasjonalt legevaktnummer
à ha eit system for sporing av samtalar à ha kommunikasjonsberedskap og kommunikasjonsutstyr knytt til eit felles, lukka, einskapleg og landsdekkande kommunikasjonsnett for helsepersonell i akuttmedisinsk beredskap i kommunen
à samarbeide med regionale helseføretak for å samordne kommunikasjonen mellom legevaktsentral, kommunal legevaktordning, AMK-sentralar og andre akuttmedisinske tenester
KapittelDei regionale helseføretaka har ansvar for å à etablere og drifte telefonnummeret for medisinsk nødhjelp, 113 à etablere og drifte AMK-sentralar à ha kommunikasjonsberedskap og nødvendig kommunikasjonsutstyr for AMK-sentralar, sjukehus med akuttfunksjon, ambulansetenesta og andre delar av spesialisthelsetenesta som inngår i den akuttmedisinske beredskapen til det regionale helseføretaket à samarbeide med relevante partar for å sikre nødvendig samordning med den kommunale legevaktordninga, legevaktsentralane, brannvesen, politi, hovudredningssentralane og andre samarbeidspartnarar à fastsette kva AMK-sentral som skal ha overordna koordineringsansvar i regionen
Legevaktsentralane har ansvar for å
à ta imot og handtere førespurnader om akutthjelp à kommunisere direkte og vidareformidle førespurnader om akuttmedisinsk hjelp til AMK-sentralen eller om akutthjelp til annan legevaktsentral à gi medisinskfaglege råd og medisinskfagleg rettleiing og prioritere, registrere, sette i verk og følge opp førespurnader om behov for akutthjelp à svare på 80 % av alle førespurnader innan to minutt à ha utstyr for lydopptak av viktig trafikk, som dei blant anna kan bruke til å dokumentere og kvalitetssikre si eiga verksemd
à ha tilsette som har relevant helsefagleg utdanning på bachelornivå og nødvendig klinisk praksis, og som har gjennomført tilleggsopplæring for operatørar
AMK-sentralane har ansvar for å
à handtere førespurnader om akuttmedisinsk bistand à svare på 90 % av førespurnadene frå publikum innan ti sekund
à gi råd og rettleiing, prioritere, registrere, sette i verk, koordinere og følge opp akuttmedisinske oppdrag
à utan opphald varsle ved behov for samtidig innsats frå fleire nødetatar
à ved behov varsle hovudredningssentralar og andre AMKsentralar
à varsle den kommunale legevaktsentralen om behov for akutthjelp i kommunen
à sette samtalen over til legevaktsentralen dersom det ikkje er behov for utrykking frå spesialisthelsetenesta à ha utstyr for å koordinere og følge opp ambulanseoppdrag à halde oversikt over den akuttmedisinske beredskapen i og utanfor eige ansvarsområde
à ha utstyr for lydopptak av viktig trafikk, som dei blant anna kan bruke til å dokumentere og kvalitetssikre si eiga verksemd
à spore samtalar
Utstyr for lydopptak er eit system for å ta opp, spele av og lagre munnleg kommunikasjon mellom innringar og AMK- og legevaktsentralen.
Konferansekople betyr å kople saman fleire instansar ved hjelp av for eksempel nødnettet og/eller telefon, slik at dei kan kommunisere med kvarandre.
à vere bemanna med sjukepleiar eller ambulansearbeidar som har gjennomført tilleggsopplæring for operatørar à ha tilgjengeleg lege med akuttmedisinsk kompetanse à kommunisere med innringar på både norsk og engelsk og ha beredskap med tolketeneste for samiske språk og aktuelle framandspråk à ha beredskap for å dekke kapasitetsbehovet ved større ulykker og kriser à ha reserveløysingar for funksjonane til AMK-sentralane ved svikt
Sjukehus med akuttfunksjonar er ein del av den medisinske nødmeldetenesta og har ansvar for å à handtere og koordinere førespurnader om akuttinnleggingar ved sjukehus à handtere, vidareformidle og konferansekople førespurnader om akuttmedisinsk hjelp til AMK-sentralar og legevaktsentralar à sette personell i akuttmedisinsk beredskap utanfor sjukehuset i kontakt med personell i sjukehuset
Ambulansetenesta
Ambulansetenesta har ansvar for å à bringe kompetent personell og akuttmedisinsk utstyr raskt fram til alvorleg sjuke eller skada pasientar à utføre nødvendige undersøkingar, prioriteringar, behandling og overvaking à transportere sjuke eller skada pasientar med behov for overvaking og/eller behandling til behandlingsstad og mellom behandlingsstader à dekke behovet for ambulansetenester ved større ulykker eller kriser innanfor sin eigen helseregion og på tvers av region- og landegrenser à ha beredskap til å utføre nødvendig følgeteneste for gravide til fødestaden à delta i søk og redningsoperasjonar
Dei regionale helseføretaka har ansvar for at bil-, båt- og luftambulansetenesta er samordna nasjonalt. Akuttmedisinforskrifta stiller òg krav til bemanning og helsefagleg kompetanse i ambulansetenesta. Desse krava er spesifisert for ambulansebilar, ambulansebåtar og luftambulanse.
Når ambulansetenesta skal transportere pasientar som har behov for behandling eller overvaking, mellom ulike behandlingsstader, skal ho vurdere om det er behov for ytterlegare personell ut frå arten av oppdraget. Denne vurderinga blir gjort i samråd med den som rekvirerer transporten. Ambulansebilar som utfører oppgåver etter akuttmedisinforskrifta, skal vere bemanna med tilstadevakt. Det kan gjerast unntak når talet på akuttoppdrag per år er lågt, og når tida det tar frå ambulansetenesta blir varsla, til ambulansen er bemanna, er forsvarleg.
Den akuttmedisinske kjeda er alle tenestene som er etablert for at samfunnet skal kunne gi befolkninga akutt helsehjelp.
Pasientforløp er den kronologiske kjeda av hendingar som utgjer pasienten sitt møte med ulike delar av helse- og omsorgstenestene.
Den akuttmedisinske kjeda skal vareta både pasientar med livstruande tilstandar som krev akutt innlegging på sjukehus, og pasientar som kan bli varetekne i kommunehelsetenesta. Avgjerder som blir tatt i den prehospitale fasen av eit pasientforløp, verkar inn på den vidare faglege handteringa av kvar enkelt pasient og bruken av ressursar i helsetenesta.
For at pasientane skal få eit heilskapleg akuttmedisinsk helsetilbod i den akuttmedisinske kjeda, må spesialist- og kommunehelsetenesta samhandle på ein rasjonell og godt koordinert måte på fleire nivå:
à På overordna nivå samhandlar den øvste leiinga i kommunar og helseføretak. Dei har eit felles ansvar for å utarbeide tenesteavtalar som regulerer samarbeidet om akuttmedisin og beredskap. Dei akuttmedisinske tenestene skal vere godt koordinert og utgjere eit heilskapleg tilbod til befolkninga.
à På tenestenivå samhandlar blant anna leiinga av AMKsentralar, legevaktsentralar, legevakter, ambulansetenesta og sjukehusavdelingar. Det kan handle om å samordne prosedyrar og utstyr, felles utdanning og kurs og den løpande oppfølginga av kvaliteten på tenestene og pasientsikkerheita. Samhandlinga på dette nivået må bygge på retningslinjer frå leiinga i kommunar og helseføretak.
à I pasientsituasjonar samhandlar helsepersonell frå kommunar og helseføretak for å gi pasientane nødvendig akuttmedisinsk helsehjelp av god kvalitet.
Samhandlinga på dei tre nivåa heng nøye saman, og dei tre nivåa er gjensidig avhengige av kvarandre. Det overordna nivået og tenestenivået skal legge til rette for at vi lykkast med samhandlinga i pasientsituasjonar.
Den akuttmedisinske kjeda inneheld fleire ulike pasientforløp som vi kan beskrive på ulike måtar. Den akuttmedisinske kjeda blir ofte framstilt slik:
Hjarte
Hjerne
Traume
Akuttmottak
Eit pasientforløp er den utgreiinga, behandlinga og oppfølginga ein pasient får, både på sjukehuset og i heimkommunen sin. I denne boka deler vi pasientforløpa i den akuttmedisinske kjeda inn i det vi har valt å kalle for akuttforløp og samhandlingsforløp. Det gjer det lettare å sjå forskjell på pasientforløpet til pasientar som har livstruande tilstandar (akuttforløp), og pasientforløpet til pasientar som har tilstandar som ikkje er akutte (samhandlingsforløp). I eit samhandlingsforløp er det fagleg forsvarleg å samhandle for å finne alternativ til akutt innlegging i sjukehus.
KapittelPuls Kommunikasjon og samhandling tek sikte på å utvikle ferdigheitene til elevane i å kommunisere og samhandle i ulike pasientforløp og etter yrkesetiske retningslinjer. Elevane lærer kor viktig det er med tydeleg, tillitsvekkjande og empatisk dialog med pasientar, og dei får strategiar for stressmeistring og konflikthandtering. Boka gir også kompetanse i samarbeid, rettleiing og bruk av kommunikasjonssystem og samband.
Denne læreboka er ein del av eit komplett læreverk som dekkjer den nye læreplanen for vg2 og vg3 ambulansefag. Serien består av ein tverrfagleg nettressurs og til saman fire lærebøker som følgjer programfaga:
→ Ambulansemedisin 1
→ Ambulansemedisin 2
→ Yrkesliv i ambulansefag
→ Kommunikasjon og samhandling
I lærebøkene møter elevane lettlesne og oversiktlege verk der innlæring av omgrep står sentralt. Bøkene har ordforklaringar i margen, oppsummeringar og eit breitt utval av oppgåver som stimulerer til djupnelæring. Illustrerte casar med faste karakterar følgjer elevane gjennom verket og gjer fagstoffet både aktuelt og praksisnært.