Naturfag for 5. trinn All kunnskap vi har i dag, kjem av at nokon har stilt spørsmål og undra seg over verda rundt seg. I Undrelaboratoriet snur vi kompetansemåla i læreplanen til forskarspørsmål. Her får du bruke nysgjerrigheita di som ei drivkraft til å finne ny kunnskap, med utgangspunkt i forskingsspørsmål som angår deg.
I Undrelaboratoriet oppmuntrar vi deg til å ta vare på nysgjerrigheita di og halde fram med å stille spørsmål om verda rundt deg.
UNDRELABORATORIET
Har du nokon gong lurt på kva som eigentleg skjer i kroppen din når du blir sint? Eller kva papirfly som flyg lengst? Kanskje du har undra deg over korleis det ville vere å bu på Mars? I denne boka skal du mellom anna få lære kva forsking er, og korleis det er å jobbe som ein forskar. Og ikkje minst: Du får undre deg og undersøkje problemstillingar saman med andre.
Boka er utarbeidd i samarbeid med Nysgjerrigper, Noregs Forskingsråd sitt tiltak for barn og unge.
Nynorsk
ISBN: 978-82-11-04527-0
Nynorsk
UNDRELABORATORIET
Birthe Hodnekvam • Knut Herland • Ingvild Christine Lysen
eoar, id v t n e im r e p s k e k Utfors imasjonar n a g o r a lm fi r a k s for toriet a r o b la e r d n U i a til emn no. på nysgjerrigper.
5
Undrelaboratoriet
Naturfag for mellomtrinnet Elevbok | Nynorsk
Birthe Hodnekvam | Knut Herland | Ingvild Christine Lysen
Velkomen til Undrelaboratoriet Den som er nysgjerrig, lærer meir! Når du lagar ein hypotese, har du lyst til å finne ut om han stemmer eller ikkje. Du får eit eigarforhold til emnet, og nysgjerrigheita driv arbeidet vidare. Derfor ønskjer vi at nysgjerrigheit skal vere utgangspunkt og drivkraft i læringa.
Fasane i undervisningsmetoden Forskingsspørsmål Lage hypotesar Undersøking Bruke kunnskapen
Kort om metoden I Undrelaboratoriet skal du øve på å jobbe som ein forskar. Du skal undre deg over forskingsspørsmål og lage hypotesar. Hypotesane skal du teste med forsøk eller undersøkingar. Etter undersøkingane les du ei fagleg forklaring og bruker det du har lært i ulike aktivitetar. Denne rytmen (forskingsspørsmål, hypotesedanning, undersøking, fagleg forklaring og bruk av kunnskapen) blir repetert i boka. Rytmen gir støtte i læringsprosessen, samtidig som han gir øving i å jobbe på ein måte som liknar på naturvitskapleg arbeidsmetode.
Oppdrag i Undrelaboratoriet Når du får eit oppdrag i Undrelaboratoriet, skal du jobbe som ingeniør, arkitekt eller oppfinnar. Denne måten å jobbe på krev både algoritmisk og kreativ tankegang. Ingen veit korleis framtida blir, men det vil alltid vere behov for menneske som er nysgjerrige og kreative, og som er gode til å finne løysingar på utfordringar som dukkar opp. Lykke til med å stille spørsmål, undre deg, lage hypotesar, finne kreative løysingar og forske deg fram til ny kunnskap! Helsing forfattarane
2
Innhald Emne 1
Korleis jobbe som ein forskar? Side 4–23 Naturvitskaplege tenkjemåtar og praksisar Du lærer å lage hypotesar og bruke vitskapleg tenkjemåte når du forskar på papirfly.
Emne 2
Kva skjer i kroppen når du blir sint? Side 24–45 Kropp og helse Du lærer om korleis organsystema i kroppen verkar saman når du blir sint, og forskar på ditt eige sinne.
Emne 3
Kvifor forskar vi på Mars? Side 46–71 Teknologi Du lærer om føresetnadene for liv på jorda og på Mars. Du skal òg jobbe som ingeniør og verdsromarkitekt på oppdrag som krev både teknologisk og kreativ tankegang.
Emne 4
Korleis påverkar årstidene livet på jorda? Side 72–97 Jorda og livet på jorda Du lærer om korleis rørslene til sola, jorda og månen påverkar årstidene på jorda. Du skal òg utforske korleis årstidene og livet på jorda forandrar seg med klimaendringane.
Emne 5
Korleis blir skyene laga? Side 98–119 Energi og materie Du lærer om fasar og faseovergangar, prøver deg som meteorolog og lagar ei vêrmelding.
Biletliste Side 120
3
Korleis som ein 4
jobbe forskar? Del 1 Lage hypotesar Del 2 Planleggje og samle data Del 3 Skrive rapport Del 4 Forsking rundt oss
5
u d r t u r s i e l r o K ? r a b b r o j a k s r o f n ei
Les påstandane under, og set kryss ved det du trur er rett.
Berre vaksne kan forske.
Det er viktigare å finne ut at ein hypotese stemmer, enn at han ikkje stemmer.
Ein forskar samlar data.
Forskarar skriv rapportar.
Legar forskar når dei stiller diagnosar.
Alle forskarar jobbar på laboratorium.
6
Korleis jobbe som ein forskar?
stemmer heilt
stemmer litt
stemmer ikkje
Forskarane har utvikla metodar som blir brukte til å finne ny kunnskap. Forsking startar med nysgjerrigheit og eit forskingsspørsmål, ei problemstilling. Ein forskar må vere kreativ i jakta på ny kunnskap. Forskaren kan ta stilling til påstandane til andre, men òg prøve å finne hypotesar ingen har tenkt på før. Ein hypotese er det forskaren trur kan forklare forskingsspørsmålet.
No skal du skrive din eigen hypotese om forskarar. Skriv korleis du trur forskarar jobbar, og forklar kvifor du trur det.
Hypotesen min: Eg trur
DEL 1 Lage hypotesar
7
Brennande ballong Utstyr: • • • • •
ein ballong som er blåsen opp og sett knute på ein ballong fylt med litt vatn, blåsen opp til storleiken av ein fotball med knute på lighter eller tennar lærar til å halde flammen og ballongen frivillig elev
Framgangsmåte: 1
Kva trur du kjem til å skje når du set flammen inntil ballongen med luft i?
2
Set flammen inntil ballongen. Kva skjer?
3
Ein frivillig elev set seg på ein stol, og læraren held ballongen med vatn over eleven. Tel til tre, og set flammen under ballongen. Kva skjer?
Kva trur du er forklaringa på det som skjer i eksperimentet?
8
Korleis jobbe som ein forskar?
Hypotese som stemmer eller ikkje Du hadde kanskje ein hypotese om at ballongen med vatn kom til å sprekke? For den som sat under ballongen, var det verdifullt å finne ut at hypotesen ikkje stemde! Det å finne ut om ein hypotese ikkje stemmer, er like viktig som å finne ut at ein hypotese stemmer. Ballong som sprekk Det skal svært lite energi til for å varme opp lufta i ballongen. Når vi tek flammen inntil ballongen med luft, får gummien og lufta i ballongen raskt høg temperatur. Gummien smeltar, og ballongen sprekk. Tek vi vatn i ballongen, blir det annleis. Det skal mykje energi til for å varme opp vatn. Vatnet i ballongen tek til seg varmen frå flammen og sørgjer for at gummien held omtrent same temperatur som vatnet. Dermed kan ballongen bli svart av sot utan at han sprekk.
DEL 1 Lage hypotesar
9
Eg trur … Forsking er å undersøkje noko nøyaktig og systematisk for å finne ny kunnskap. Hypotesar er sentrale i forsking, fordi dei hjelper oss med å halde fokus på det vi prøver å finne ut av. Når vi lagar hypotesar, skriv vi ned alt vi trur kan forklare forskingsspørsmålet ut frå det vi veit frå før. Etterpå jobbar forskaren vidare med nokre av hypotesane for å finne ut om dei stemmer eller ikkje. Det er heilt naturleg å håpe at hypotesen du lagar, stemmer, men ein forskar kan ikkje tenkje slik. Ein forskar må jobbe systematisk og grundig med å samle inn opplysningar for å teste kva for nokre av hypotesane som stemmer eller ikkje. Dette skal du øve mykje på i Undrelaboratoriet.
10
Korleis jobbe som ein forskar?
Oppgåve
1
Forklar kva ein hypotese er.
2
Forklar kvifor ballongen med vatn ikkje sprakk.
DEL 1 Lage hypotesar
11
y p i r f a p a Kv t ? s g n e l g y f
Det er mykje som påverkar kor langt eit papirfly flyg, til dømes vind og korleis flyet blir kasta. Om den som kastar, håpar at akkurat det flyet vil «vinne», kan det òg påverke flygelengda.
12
Korleis jobbe som ein forskar?
Eit papirfly som flyg langt!
Tips! For å få fine kantar er det lurt å trykkje på brettane med undersida av ei skei. Kva kan påverke kor langt eit papirfly flyg?
DEL 2 Planleggje og samle data
13
Lag din eigen hypotese Kva storleik er best for eit papirfly? De skal teste kva storleiken på flyet har å seie for flygelengda.
A1
Den vanlegaste storleiken på eit ark er A4. A3 er dobbelt så stort som A4. A5 er halvparten så stort som A4.
A2
A3
A4
A5
Brett eitt stort og eitt lite fly, og test i 5 minutt. Dette skal gi deg eit grunnlag for å lage ein hypotese.
Hypotesen min Skriv kva papirstorleik du trur gir best flygelengd, og kvifor.
Eg trur
14
Korleis jobbe som ein forskar?
A6
Planlegg eit eksperiment De skal jobbe i grupper og teste to nye papirfly i ulike storleikar. For å oppnå full score som forskar må du 1
ikkje «heie» på eit av flya
2
ha kontroll på kva som påverkar flyet De skal berre forandre papirstorleiken. Alt anna, som papirtype, brettemåte og så vidare, må vere så likt som mogleg på begge flya. Dei må òg bli kasta på same måte, frå same stad og med same styrke. Det er ikkje lett å få til! Planlegg undersøkinga godt slik at du har mest mogleg kontroll på kva du testar.
Kva to papirstorleikar vil de teste?
Skriv planen for å undersøkje dei to flya:
Kva slags utstyr treng de?
DEL 2 Planleggje og samle data
15
Ein gjennomtenkt plan «Det gode med Emil var at han ville undersøkje alt. Korleis fekk han elles vite noko her i verda?» frå Emil i Lønneberget
Du er godt i gang med å jobbe som ein forskar! Du har laga hypotesar og har ein plan for undersøkinga. Det neste blir å gjennomføre det du har planlagt. Samle data Å teste er det same som å samle data. Data i denne samanhengen betyr informasjon eller opplysningar om papirflya. Det er viktig at du noterer undervegs, elles må du gjere undersøkinga ein gong til. Ein fin måte å notere data på er bruke ein tabell. Døme på tabell for papirflyforsking: Storleik: A4
Storleik: A3
1. kast
3,4 m
5,1 m
2. kast
4,5 m
3,5 m
3. kast
4,1 m
3,4 m
Gjennomsnitt:
12 : 3 = 4 m
12 : 3 = 4 m
Forskarar skriv rapport I bøkene om Emil i Lønneberget er det mora som skriv ned alt han gjer. Det å skrive om forskinga er viktig. Forskarane skriv veldig nøyaktig og detaljert om forskinga si. Det er noko heilt anna enn dei morosame bøkene om Emil. Forskarar skriv rapportar, og det er ein eigen skrivesjanger. Barn kan òg forske og skrive ordentlege forskingsrapportar. På nysgjerrigper.no kan du sjå forskingsrapportar som barn har skrive.
16
Korleis jobbe som ein forskar?
1
2 3
Gjer alt klart! Lag ein tabell til datainnsamlinga.
Les gjennom planen på side 15 ein gong til. Er det noko de har gløymt? Korleis skal de måle kor langt flya flyg? Gå gjennom utstyret. Har de alt?
Oppdrag: Ut og forsk! No skal de kaste papirfly og samle inn data. Noter i tabellen du har laga over, her. De må jobbe systematisk og nøyaktig. Følg planen dykkar. Lykke til! Når de har samla opplysningane om flya, skal de lese om rapportskriving og lage dykkar eigen rapport.
DEL 2 Planleggje og samle data
17
Naturfag for 5. trinn All kunnskap vi har i dag, kjem av at nokon har stilt spørsmål og undra seg over verda rundt seg. I Undrelaboratoriet snur vi kompetansemåla i læreplanen til forskarspørsmål. Her får du bruke nysgjerrigheita di som ei drivkraft til å finne ny kunnskap, med utgangspunkt i forskingsspørsmål som angår deg.
I Undrelaboratoriet oppmuntrar vi deg til å ta vare på nysgjerrigheita di og halde fram med å stille spørsmål om verda rundt deg.
UNDRELABORATORIET
Har du nokon gong lurt på kva som eigentleg skjer i kroppen din når du blir sint? Eller kva papirfly som flyg lengst? Kanskje du har undra deg over korleis det ville vere å bu på Mars? I denne boka skal du mellom anna få lære kva forsking er, og korleis det er å jobbe som ein forskar. Og ikkje minst: Du får undre deg og undersøkje problemstillingar saman med andre.
Boka er utarbeidd i samarbeid med Nysgjerrigper, Noregs Forskingsråd sitt tiltak for barn og unge.
Nynorsk
ISBN: 978-82-11-04527-0
Nynorsk
UNDRELABORATORIET
Birthe Hodnekvam • Knut Herland • Ingvild Christine Lysen
eoar, id v t n e im r e p s k e k Utfors imasjonar n a g o r a lm fi r a k s for toriet a r o b la e r d n U i a til emn no. på nysgjerrigper.