Undrelaboratoriet 6 Elevbok NYN (9788211045287)

Page 1

All kunnskapen vi har i dag, kjem av at nokon har stilt spørsmål og undra seg over verda rundt seg. I Undrelaboratoriet snur vi kompetansemåla i læreplanen til forskingsspørsmål. Her får du bruke nysgjerrigheita di som ei drivkraft til å finne ny kunnskap, med utgangspunkt i forskingsspørsmål som angår deg.

I denne boka skal du få lære meir om kva som skjer i kroppen når vi blir forelska. Du skal forske på insekt, kjemiske blandingar og lære deg kodespråk. Og ikkje minst: Du får undre deg og undersøkje problemstillingar saman med andre. I Undrelaboratoriet oppmuntrar vi deg til å ta vare på nysgjerrigheita di, og halde fram med å stille spørsmål om verda rundt deg.

UNDRELABORATORIET

Er du nysgjerrig på programmering? Lurer du på kvifor vi treng insekt på jorda? Har du nokon gong kjent at det har kribla litt ekstra i kroppen i nærleiken av ein spesiell person?

Nynorsk

ISBN: 978-82-11-04528-7

k

Naturfag for 6. trinn

s Nynor

UNDRELABORATORIET

Birthe Hodnekvam • Knut Herland • Ingvild Christine Lysen

eoar, id v t n e im r e p s k e k Utfors imasjonar n a g o r a lm fi r a k s for toriet a r o b la e r d n U i a til emn no. på nysgjerrigper.

Naturfag for 6. trinn



6

Undrelaboratoriet

Naturfag for mellomtrinnet Elevbok | Nynorsk

Birthe Hodnekvam | Knut Herland | Ingvild Christine Lysen


Velkomen til Undrelaboratoriet Den som er nysgjerrig, lærer meir! Når du lagar ein hypotese, har du lyst til å finne ut om han stemmer eller ikkje. Du får eit eigarforhold til emnet, og nysgjerrigheita driv arbeidet vidare. Derfor ønskjer vi at nysgjerrigheit skal vere utgangspunkt og drivkraft for læringa.

Fasane i undervisningsmetoden Forskingsspørsmål Lage hypotesar Undersøkingar

Bruke kunnskapen

Kort om metoden I Undrelaboratoriet skal du øve deg på å jobbe som ein forskar. Du skal undre deg over forskingsspørsmål og lage hypotesar. Hypotesane skal du teste med undersøkingar. Undersøkingane er todelte. Først gjer du eit eksperiment eller ein aktivitet. Deretter utforskar du ein faktatekst. Det du finn ut gjennom undersøkingane, bruker du til å løyse oppgåver og finne svar på hypotesane. Denne rytmen (forskingsspørsmål, hypotesedanning, undersøking og bruk av kunnskapen) blir repetert i boka. Rytmen gir støtte i prosessen, samtidig som han gir øving i å jobbe på ein måte som liknar på naturvitskapleg metode.

Oppdrag i Undrelaboratoriet Når du får eit oppdrag i Undrelaboratoriet, skal du jobbe som ingeniør, spelutviklar eller oppfinnar. Oppdraga løyser du i ein kreativ prosess saman med andre. Lykke til med å stille spørsmål, undre deg, lage hypotesar, finne kreative løysingar og forske deg fram til ny kunnskap! Helsing forfattarane

2


Innhald Emne 1

Kva skjer i kroppen når vi blir forelska? Side 4–23 Kropp og helse Du lærer om forelsking og pubertet. Du skal forske på interesser i klassen og bli betre kjend med klassekameratane dine.

Emne 2

Kva skjer når vi blandar kjemiske stoff? Side 24–47 Energi og materie Velkomen på laboratoriet! Du skal eksperimentere og lære om kjemiske reaksjonar og kva som kjenneteiknar dei.

Emne 3

Korleis jobbar ein programmerar? Side 48–67 Teknologi Her lærer du det grunnleggjande om programmering, og du får prøve deg som spelutviklar.

Emne 4

Korleis forske på det indre av jorda? Side 68–89 Naturvitskaplege tenkjemåtar og praksisar Du ser nærare på korleis forskarar forskar på det vi ikkje kan sjå, og lærer om modellar i naturfag.

Emne 5

Kvifor er insekta viktige for menneska? Side 90–115 Jorda og livet på jorda Her får du utforske dei små skapningane vi finn overalt – i skogen, i enga, i bakken og på skulen din.

Biletliste Side 116

3


Kva skjer i kroppen når vi blir forelska? Del 1 Lykkehormon Del 2 Puberteten Del 3 Oppdrag: Interesser i klassen Del 4 Hormon og kjensler

4


5


r e j k s d r u u r t a v K pen når p o r ? k a k s l e r r f o i l i vi b Les påstandane nedanfor, og set kryss ved det du trur er rett. stemmer heilt

stemmer litt

Forelsking er ein del av puberteten.

Fleire jenter enn gutar i klassen din har vore forelska.

Puberteten er ei utvikling vi kan styre sjølv.

Hormona er sentrale både når vi er forelska, og i puberteten.

Min hypotese om forelsking. Skriv kva du trur, og forklar kvifor du trur det. Eg trur

6

Kva skjer i kroppen når vi blir forelska?

stemmer ikkje


Forelskingstest De skal gjennomføre ein forelskingstest. Ta testen først, og vurder etterpå om dette faktisk er ein forelskingstest. Det fungerer best om heile klassen gjennomfører testen samtidig. Utstyr •

eit hjarte klipt ut av eit matpakkepapir

Framgangsmåte 1 2 3 4

Opne handa di. Legg hjartet i handflata. Vent. Kva skjer med hjartet i handa di?

5

Kvifor trur du det skjer?

6

Meiner du at dette kan brukast som ein forelskingstest? Forklar kvifor eller kvifor ikkje. Ja Nei Veit ikkje

Eg har ein annan hypotese:

DEL 1 Lykkehormon

7


Når du er forelska, er det vanskeleg å tenkje på noko anna enn den du er forelska i.

Forelsking og puberteten Papirhjartet krøllar seg i handflata di på grunn av fukt og varme. Eit kjenneteikn på forelsking kan vere at pulsen går opp, og du sveittar litt meir i hendene enn vanleg. Testen gir nok ingen sikre svar på om du er forelska, men papirhjartet krølla seg kanskje ekstra om du faktisk er det! Lykkehormon Kribling i magen og varme kinn. Lykkekjensle som gjer litt vondt òg. Hjartebank. Du klarer ikkje å konsentrere deg. Dette er nokre kjenneteikn på forelsking. Når vi blir forelska, får vi lykkehormon i kroppen. Hormon betyr «å vekkje». Hormona fører til eit kaos av kjensler. Du klarer nesten ikkje å tenkje på noko anna enn den du er forelska i. Det er både fantastisk og slitsamt på ein gong! Mange opplever si første forelsking i løpet av puberteten. Pubertet er utvikling Puberteten er ein periode i livet då jenter og gutar veks og forandrar seg mykje. Utviklinga startar vanlegvis i 9–15-årsalderen. Det skjer store forandringar både i kroppen og i hjernen. Nokre av hormona kroppen lagar i puberteten, verkar slik at du lett kan bli interessert i jenter eller gutar på ein ny måte.

8

Kva skjer i kroppen når vi blir forelska?


Oppgåve Tenk deg at du har vorte forelska i ei jente eller ein gut i klassen din. Skriv ei tekstmelding til ein venn og forklar korleis det kjennest. Du kan bruke nokre av kjenneteikna du las om i teksten.

DEL 1 Lykkehormon

9


r e t n e j e e r i f t e d Er ar i klassen t u g n e r o n v r a e din som h a ? k s l e r o f

10

Kva skjer i kroppen når vi blir forelska?


Forelska De skal gjennomføre ei anonym undersøking felles i klassen, for å finne ut om det er fleire jenter enn gutar som har vore forelska. Kva trur du undersøkinga vil vise? Eg trur

Utstyr • •

små lappar noko å samle lappane i

Framgangsmåte 1 2 3 4

Alle elevane får ein lapp kvar. Gutar skriv GUT på lappen, jenter skriv JENTE. Alle skal svare på spørsmålet «Har du nokon gong vore forelska»? Det er tre svaralternativ: JA, NEI og VEIT IKKJE. Samle inn lappane, og lag ein felles tabell på tavla. Under gjennomgangen noterer du i tabellen din. Du skal bruke tabellen seinare.

Bruk skjemaet til å ordne svara.

Har du vore forelska nokon gong?

Ja (teljestrekar)

Nei (teljestrekar)

Veit ikkje (teljestrekar)

Jenter Gutar

DEL 2 Puberteten

11


Frå tabell til diagram

Klasseresultat Har du vore forelska nokon gong?

Tal

På førre side samla de data i ein tabell. Det kan vere lettare å sjå kva vi har funne ut, om vi viser tala i tabellen som eit diagram. Eit søylediagram blir ofte brukt Tal når vi skal samanlikne noko, fordi skilnadene kjem tydeleg fram.

8 7 6 5 4 3 2 1 0

Ja

Nei Gutar

Veit ikkje Jenter

Døme på eit digitalt søylediagram.

Bruk tabellen på side 11 til å lage eit søylediagram av undersøkinga.

Tal

Tal

Klasseresultat Har du vore forelska nokon gong?

Ja

Nei Gutar

Veit ikkje Jenter

Kva vart resultatet av undersøkinga?

12

Kva skjer i kroppen når vi blir forelska?


Likskapar og skilnader mellom jenter og gutar i puberteten Høgd og skostorleik kan vi undersøkje ved å måle. Meiningar, kjensler eller erfaringar er vanskelegare å undersøkje. Ein måte å gjere det på er med ei spørjeundersøking, slik de har gjort. Var det flest jenter som hadde vore forelska i klassen din? Jenter kjem normalt i puberteten ca. eitt år tidlegare enn gutar. Det kan forklare eit slikt resultat. Pubertet er utvikling I naturfag har vi ei ganske nøyaktig forklaring på pubertet. Pubertet er utviklinga som gjer at gutar og jenter sjølv kan bli foreldre. Før puberteten kan vi ikkje få barn, men etter denne utviklinga kan vi det. Jenter og puberteten Eggstokkane hos jenter lagar østrogen som fører til forandringar i kroppen. Østrogen er eit hormon. Brysta byrjar å vekse, hoftene blir litt breiare, og det veks hår rundt kjønnsorganet og under armane. Jenter får den første menstruasjonen sin i puberteten. Det betyr at dei er i stand til å få barn. Menstruasjon kjem av at eggstokkane til jentene gjer klart eit egg som kan bli til eit menneske. Men då trengst det ei sædcelle òg!

eggstokkane

livmor

in

Eit «reir» til ein baby Etter at jentene har fått den første menstruasjonen sin, vil det modnast eitt egg i månaden i mange år framover. I motsetning til gutar har jenter ei livmor. Det er her eit befrukta egg kan vekse til ein baby. Kvar månad gjer vanlegvis livmora seg klar til å ta imot eit befrukta egg. Livmora lagar på ein o celler s m prøver d måte eit reir for babyen. Som regel kjem det ikkje eit åk Sæ om e befrukta egg til livmora, og då går «reiret» sundt. Restane av reiret er det vi kallar menstruasjon. Det er stor skilnad på kroppen til ei jente før og etter puberteten, og den største skilnaden er kanskje inne i kroppen. ni

eg

gce

lla .

DEL 2 Puberteten

13


I puberteten får gutar hår på overleppa, og strupehovudet veks. Både gutar og jenter kan få kviser.

Gutar i puberteten Gutar kjem òg i puberteten, men i gjennomsnitt litt seinare enn jentene. Testiklane veks og byrjar å lage meir testosteron. Testosteron er det viktigaste kjønnshormonet til gutane. Strupehovudet i halsen veks og gjer stemma mørkare. Denne endringa kallar vi stemmeskiftet. Kjønnsorganet blir større. Det kjem hår rundt kjønnsorganet, under armane og etter kvart i ansiktet. I puberteten veks gutekroppen mykje, og musklane blir sterkare. Testiklane byrjar å lage sædceller, og det gjer at gutar kan bli pappaer. Kroppen til gutane held fram med å vekse og bli sterkare, kanskje heilt til 20-årsalderen. Vaksne menn er i gjennomsnitt større og sterkare enn vaksne kvinner.

Når testiklane byrjar å vekse, er puberteten i gang. testiklane

14

Kva skjer i kroppen når vi blir forelska?


Oppgåve Gutar og jenter i puberteten – likskapar og skilnader. Gutar

Likt

Jenter

DEL 2 Puberteten

15


All kunnskapen vi har i dag, kjem av at nokon har stilt spørsmål og undra seg over verda rundt seg. I Undrelaboratoriet snur vi kompetansemåla i læreplanen til forskingsspørsmål. Her får du bruke nysgjerrigheita di som ei drivkraft til å finne ny kunnskap, med utgangspunkt i forskingsspørsmål som angår deg.

I denne boka skal du få lære meir om kva som skjer i kroppen når vi blir forelska. Du skal forske på insekt, kjemiske blandingar og lære deg kodespråk. Og ikkje minst: Du får undre deg og undersøkje problemstillingar saman med andre. I Undrelaboratoriet oppmuntrar vi deg til å ta vare på nysgjerrigheita di, og halde fram med å stille spørsmål om verda rundt deg.

UNDRELABORATORIET

Er du nysgjerrig på programmering? Lurer du på kvifor vi treng insekt på jorda? Har du nokon gong kjent at det har kribla litt ekstra i kroppen i nærleiken av ein spesiell person?

Nynorsk

ISBN: 978-82-11-04528-7

k

Naturfag for 6. trinn

s Nynor

UNDRELABORATORIET

Birthe Hodnekvam • Knut Herland • Ingvild Christine Lysen

eoar, id v t n e im r e p s k e k Utfors imasjonar n a g o r a lm fi r a k s for toriet a r o b la e r d n U i a til emn no. på nysgjerrigper.

Naturfag for 6. trinn


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.