Nynorsk Naturfag for 7. trinn
Undrelaboratoriet7
Birthe
Hodnekvam | Knut Herland | Ingvild Christine Lysen Elevbok | Nynorsk Naturfag for mellomtrinnet
Kort om metoden I Undrelaboratoriet skal du øve på å jobbe som ein forskar. Du skal undre deg over forskingsspørsmål og lage hypotesar. Hypotesane skal du teste med undersøkingar. Undersøkingane er todelte. Først gjer du eit eksperiment eller ein aktivitet. Deretter utforskar du ein fagtekst. Det du finn ut gjennom undersøkingane, bruker du til å løyse oppgåver og finne svar på hypotesane. Denne rytmen (forskingsspørsmål, hypotesedanning, undersøkingar og bruk av kunnskapen) blir repetert i boka. Rytmen gir støtte i læringsprosessen, samtidig som han gir øving i å jobbe på ein måte som liknar på naturvitskapleg metode.
Velkomen Undrelaboratoriettil
Oppdrag i Undrelaboratoriet
Når du får eit oppdrag i Undrelaboratoriet, må du vere kreativ og løysingsorientert. Oppdraga løyser du i ein kreativ prosess saman med andre. Lykke til med å stille spørsmål, undre deg, lage hypotesar, finne kreative løysingar og forske deg fram til ny kunnskap! Helsing forfattarane Fasane i
ForskingsspørsmålundervisningsmetodenLagehypotesarUndersøkingarBrukekunnskapen
Den som er nysgjerrig, lærer meir! Når du lagar ein hypotese, har du lyst til å finne ut om han stemmer eller ikkje. Du får eit eigarforhold til emnet, og nysgjerrigheita driv arbeidet vidare. Derfor ønskjer vi at nysgjerrigheit skal vere utgangspunkt og drivkraft i læringa.
Korleis har fjella vorte til? Side 94–119 – Jorda og livet på jorda Vi er i geologiens verd med vulkanutbrot, fjellkjeder som kolliderer, og fjell som går sunde. Du prøver å finne ut meir om steinar og fjell rundt skulen din. Biletliste Side 120 Kvifor får vi støyt? Side 68–93 – Energi og materie Du undersøkjer elektriske og magnetiske krefter, og lærer kva som skjer når dei verkar saman.
Innhald5
Korleis kan teknologi forbetre klasserommet? Side 26–45 – Teknologi Du undersøkjer moglegheiter og utfordringar ved bruk av teknologi og kunstig intelligens.
Emne 1 Emne 2 Emne 3 Emne 4 Emne
Kva skjer i kroppen når vi ler? Side 4–25 – Kropp og helse Du utforskar kvifor noko er morosamt, og lærer om korleis organsystema til kroppen verkar saman når vi ler.
Korleis kan du forske sjølv? Side 46–67 – Naturvitskaplege tenkjemåtar og praksisar Her jaktar du problemstillingar, forskar på knekkebrød og lærer om korleis ny kunnskap blir til.
Del 1 Hormon og musklar Del 2 Hjartet Del 3 Forsking på humor Del 4 Oppdrag – planlegg noko morosamt for andre Kva skjer i 4
kroppennårviler? 5
stemmerlitt stemmerikkjestemmerheilt Les påstandane nedanfor, og set kryss ved det du trur er rett. Eg kan tisse meg ut når eg ler. Eg blir glad av å le. Når vi ler, kjenner vi mindre smerte. Latter gjer oss mindre stressa Pulsen går ned når vi ler. Alle musklane i kroppen slappar av når vi ler. ikroppen når vi ler?Kva trur du skjer 6 Kva skjer i kroppen når vi ler?
Hypotesen min: Eg trur Hugsar du ein gong du ikkje klarte å stoppe å le? Å få latterkrampe kan vere kjempegøy! Er det bra for kroppen din å le? Dette er ein av dei mest populære emojiane på sosiale medium. 7DEL 1 Hormon og musklar Skriv din eigen hypotese om latter. Skriv kva du trur, og forklar kvifor.
4 Dei som byrjar å le, må prøve å kjenne etter kva musklar som strammar seg. i kroppen når vi ler?
8 Kva skjer
I dette eksperimentet gjeld det å få andre til å le. Utstyr Grupper på tre–fire personar Framgangsmåte:
Musklane når vi ler
1 Gruppa sit i ein ring slik at alle kan sjå kvarandre.
2 Alle held hendene i sida for å kjenne om magemusklane strammar seg.
3 Prøv å få dei andre på gruppa til å le utan å ta på dei.
Rapport: Musklane når vi ler HensiktaDato med forsøket Å teste kva som skjer med musklane i kroppen når vi ler. SkrivUtstyreller teikn korleis de undersøkinga.gjennomførte (Var det nokon som lo?) Resultat (Strammar nokon av musklane seg når vi ler? I så fall kvar på kroppen?) Kva fortel resultatet om påstanden? «Alle musklane i kroppen slappar av når vi ler»? Feilkjelder (Kan noko ha påverka forskinga dykkar?) 9DEL 1 Hormon og musklar
Lykkehormon Når vi ler, blir det meir av hormonet endorfin i kroppen. Endorfin er eit «lykkehormon». Det får oss til å kjenne oss glade, til å slappe av og til å stresse mindre. I tillegg får endorfina oss til å kjenne mindre smerte. Endorfin er kroppen sin naturlege smertestillar! Musklane jobbar når vi ler Sjølv om vi stressar mindre når vi ler, jobbar fleire muskelgrupper i kroppen. Når vi ler høgt, opnar vi munnen, og det kjem lyd ut. Musklane rundt auga og munnen trekkjer seg saman og gjer at du smiler.
Kva skjer i kroppen når vi ler?
Alle musklane som hjelper deg med å lage ha-ha-lyden, jobbar når du ler. Om du har eit skikkeleg latteranfall, kan du få vondt i magen. Då har du ledd så mykje at magemusklane har fått krampe. Magemusklane kan òg presse så mykje på urinblæra di at du tissar på deg. skjer i kroppen når vi ler?
10 Kva
Magemusklane får krampe, og tårene kan trille når vi får eit skikkeleg latteranfall.
Hjernen kan styre kroppen med hormon Hjernen styrer alt som skjer i kroppen. Ein av måtane hjernen styrer kroppen på, er med hormon som bodbringarar. Ein bodbringar tek med seg beskjedar, og det er akkurat det hormon gjer. Hormona gir beskjed til dei ulike organa og organsystema om kva dei skal gjere. Hjartet er eit organ. Saman med blodårene er dei eit organsystem.
Hormona tek med seg beskjedar frå hjernen til organa og organsystema i kroppen.
Spørsmål til teksten 1 Korleis verkar hormonet endorfin på kroppen? 2 Nemn nokre musklar som trekkjer seg saman når vi ler: 3 Korleis kan humor såre andre, trur du? 11DEL 1 Hormon og musklar
Kva trur du skjer med pulsen din når du ler? Forklar kvifor. Eg trur at … (Set kryss på det du trur.) pulsen går opp pulsen går ned pulsen er den same før og etter latteren Legar bruker stetoskop for å høyre hjarteslaga. i når vi ler?
kroppen
12 Kva skjer
pulsen når vi ler?Kva skjer med
Hjartet slår vanlegvis mellom 60 og 100 gonger kvart minutt når du er i ro. Når du tel talet på hjarteslag per minutt, måler du pulsen. Pulsen din blir påverka av korleis du har det, og kva du held på med.
Pulsen min når eg er i ro: Korleis kan de finne ut kva pulsen er når de ler?
Der finn du hovudpulsåra som går opp til hjernen. Hald to fingrar på blodårene på handleddet ditt.
Kva skal få dykk til å le? Korleis skal de ta pulsen samtidig som de ler?
Hald to fingrar på sida av halsen, omtrent 2 cm nedanfor kjevebeinet.
PS! Det kan vere vanskeleg å måle pulsen når ein ler. Dersom éin på gruppa får eit resultat, kan heile gruppa bruke resultatet til å skrive rapport.
13DEL 2 Hjartet
Hald ei hand på hjartet.
Planen vår for eit eksperiment om puls og latter: Når planen er klar, er det berre å starte eksperimentet.
Puls og latter
Du skal undersøkje kva som skjer med pulsen når vi ler. Det er fleire måtar å måle pulsen på.
Rapport: puls og latter HensiktaDato med forsøket Teste kva som skjer med pulsen når vi ler. Pulsen min før latter Skriv eller teikn korleis de Resultatundersøkinga.gjennomførte (Kva skjedde med pulsen til ein eller fleire på gruppa di? Gjekk pulsen opp eller ned, eller var han lik før og etter latter?) Korleis vil de forklare Feilkjelderresultatet? (Kan noko ha påverka forskinga dykkar?) 14 Kva skjer i kroppen når vi ler?
Hjartet er ein stor muskel, som slår heile tida utan at du treng å tenkje på det. Hjartet og blodårene heng saman, og blir kalla blodsystemet. Då du tok pulsen, undersøkte du blodsystemet ditt. Blodårene blir påverka av korleis du har det.
Forskarar frå University of Maryland Medical Center i USA oppdaga ein mogleg samanheng mellom latter og helse. Dei hadde intervjua menneske med hjarte problem. Når ein har hjarteproblem, fungerer ikkje hjartet heilt som det skal. Det kan vere at klaffane inne i hjartet ikkje lukkar seg heilt, eller at nokre blodårer har vorte tronge. Intervjua tydde på at folk med hjarteproblem lo mindre enn folk flest. Forskarane vart nysgjerrige og ville teste vidare med eit eksperiment. Eksperiment med skrekk og komedie Forskarane fekk 20 menn og 20 kvinner med på eksperimentet. Først fekk testpersonane sjå 15 minutt av ein skrekkfilm. 48 timar seinare fekk dei sjå 15 minutt av ein komedie. For å finne ut kva som skjedde med blodårene, testa dei hovudpulsåra både før og etter begge filmframsyningane.
Hjartet og latter
Kan ein skrekkfilm påverke blodårene våre?
Hjarteproblem og latter
15DEL 2 Hjartet
Visste du at …
hjartet er ein muskel, som vi kan trene som andre musklar? hjernen avgjer kor fort hjartet slår, ut frå behovet kroppen har? Vi ler lettare saman med andre.
Latter blir samanlikna med trening Nokre forskarar meiner at det å le kan samanliknast med trening, fordi pulsen går opp og musklane strammar seg. Det er mykje som tyder på at det er bra for oss å le.
16 Kva skjer i kroppen når vi
Vennskap og latter Menneske lagar lyd når dei ler. Det er kanskje fordi lyden kan høyrast av fleire. Lyden av latter kan gi signal til resten av gruppa om at dei ikkje treng å gjere seg klare til å kjempe eller flykte. Latter kan vise at vi er venner, og at det ikkje er fare på ferde. ler?
Stress og latter har motsett effekt Då testpersonane såg skrekkfilmen, trekte blodårene seg saman, og det strøymde 35 % mindre blod rundt i kroppen. Latteren hadde motsett verknad. Dei morosame filmane fekk blodårene til å utvide seg slik at blodstraumen auka med 22 %.
Oppgåve 1 Skriv ned viktige eller vanskelege ord frå teksten du har lese. Prøv å finne forklaring på kva orda betyr – i teksten eller på internett. Viktig eller vanskeleg ord Forklaring Bruk ordet i ei setning 2 Kor mykje auka blodstraumen hos testpersonane då dei lo i eksperimentet? 3 Er det noko det ikkje er greitt å tulle med? 17DEL 2 Hjartet
NaturfagUNDRELABORATORIETfor7.trinn
Utforsk forskarfilmareksperimentvideoar,oganimasjonar
All kunnskapen vi har i dag, kjem av at nokon har stilt spørsmål og undra seg over verda rundt seg. I Undrelaboratoriet snur vi kompetansemåla i læreplanen til forskarspørsmål. Her får du bruke nysgjerrigheita di som ei drivkraft til å finne ny kunnskap, med utgangspunkt i forskingsspørsmål som angår deg.
ISBN: 978-82-11-04529-4
Boka er utarbeidd i samarbeid med Nysgjerrigper, Noregs Forskingsråd sitt tiltak for barn og unge. til emna i Undrelaboratoriet på nysgjerrigper.no.
Er det aktive vulkanar i Noreg? Kvifor får vi støyt? Kva hadde skjedd om vi bytte ut læraren med ein robot? I denne boka skal du mellom anna få lære meir om kva teknologi er, og sjølv vere med og utvikle idear til korleis teknologi kan forbetre klasserommet.
Du skal gå på undringsjakt og lære meir om korleis du kan forske sjølv. Og ikkje minst: Du får undre deg og undersøkje problemstillingar saman med andre.
I Undrelaboratoriet oppmuntrar vi deg til å ta vare på nysgjerrigheita di, og halde fram med å stille spørsmål om verda rundt deg.