
2 minute read
Ordbok: Presisjonsjordbruk
from Samvirke 7 22
Ordbok;
[ presisjonsjordbruk ]
Advertisement
Ein slik ISOBUS-kontakt på traktoren er framtidsretta og gjev mange moglegheiter innan presisjonsjordbruk.
ISOBUS:
ISOBUS er namnet på eit ISO-sertifisert og standardisert kommunikasjonssystem for maskiner i landbruk og skogbruk. Det har fastsett standard for kontaktar og kablar, i tillegg til programvare og spesifikasjonar for data som flyt mellom maskinane. Det vil seie at alle ISOBUS-maskinar, -reiskap og -skjermar snakkar same språk! Dette inneber at ein kan styre alle reiskap med ein skjerm, i staden for å ha ein skjerm til kvart reiskap. Formålet er at samankopling av reiskap på traktoren skal vera «plug and play», uavhengig av merker. ISOBUS inneheld fleire modular som mogleggjer forskjellige funksjonar, blant anna seksjonskontroll, variabel tildeling, standardoppsett for skjerm og dokumentering av tilførte mengder innsatsmiddel, til dømes gjødsel og såkorn. Det krevst ikkje GPS-system for basisfunksjonar, men nokre av modulane krev GPS for å fungere.
ISOBUS Universal Terminal (UT):
Universal Terminal er eit standardisert terminaloppsett som gjer at man kan styre alle ISOBUS-reiskap på ein og same skjerm, anten den er ettermontert eller vart montert i traktoren din på fabrikken. Skjermbileta til reiskapen er også like i utsjånad og funksjon uansett om reiskapen koplast til ein John Deere eller ein New Holland eller eit anna merke. I tillegg let Universal Terminal deg kontrollere fleire reiskap samstundes. Ofte forkorta til UT. Tidlegare kjend som Virtual Terminal, eller Virtuell Terminal på norsk, med forkortinga VT.
Task Controller (TC):
ISOBUS Task Controller er ein modul som gjer kommunikasjonen mellom skjerm og reiskap mogleg og let ISOBUS-systemet lage dokumentasjonsfilar. Task Controller er nødvendig for å kunne drive presisjonsjordbruk med GPS, slik som vi kjenner det i dag. Task Controller er ofte forkorta til TC. TC hentar og nyttar mykje informasjon, som posisjon, dimensjonar på traktor og reiskap, arbeidsoperasjon, skiftegrensar og eventuelle tildelingsfilar. Denne informasjonen nyttast til å lage kommandoar som kontrollerer reiskap og traktor slik at ein får korrekte mengder og dekning, med minst mogleg overlapp. Ved hjelp av all informasjonen som går gjennom TC lager den dokumentasjonsfilar som kan innehalde blant anna tilførte mengder, variasjon i tildeling, dekning av arbeidet på eit skifte og tidsbruk. TC er delt inn i tre undermodular som kallast Basic, Section og Geo. Sjå eigne forklaringar for desse i neste utgåve av ordboka.
Er det ord eller uttrykk du lurar på? Send dei gjerne inn for å få dei med i neste utgåve!
Tekst og foto: Jon Ole Botnevik, utviklingsleder presisjonsjordbruk
Det femte innslaget frå Ordbok for presisjonsjordbruk er her og denne gong skal det handle om kommunikasjon mellom traktor og reiskap, i det som kallast for ISOBUS. Det er eit stadig meir omfattande felt, så det er nøydd til å verte tema over fleire utgåver. Fleire av orda som er gjennomgått i tidlegare utgåver er avhengige av ISOBUSkommunikasjonen for å fungere, slik som seksjonskontroll og variabel tildeling. Sjå gjerne i Samvirkeblada frå tidlegare i år for gjenoppfrisking.
Sjå Samvirke frå tidlegare i år: