NÆRINGSLIVSMAGASIN FOR SOGN OG FJORDANE
Vil gjere gull av gråstein Med ekspertise på tilkomstteknikk og bergsikring står nyoppstarta «Norsk Bergsikring AS» no parate til å gjere vegar og fjellknausar rundt deg tryggare. Og i dei kuperte Vestlandsfjella trur pionerane i Stongfjorden at det finst pengar å tene.
TEMA NÆRINGSLIV
TYSDAG 19.03. 2013
Satsa på offshore – tredobla omsetninga I 2007 bestemte femmannsverksemda Strukturplast på Sandane seg for å satse mot offshoremarknaden. Fem år seinare tel verksemda 30 tilsette og omsetninga er meir enn tredobla. Svend-Arne Vee svend.arne.vee@firdaposten.no 908 47 465
Stadig fleire verksemder i fylket ser mot den lukrative offshoremarknden. At det kan gi vekst og utvikling, er Strukturplast AS på Sandane eit høgst levande prov på. Etter 25 års drift med marginal vekst og utvikling, gjorde leiinga eit viktig strategival. – Vi visste vi var gode på å støype og produsere ting i polyurethan, og vi byrja å leite etter offshoreaktørar som kunne ha nytte av kompetansen vår. Vi fann dei slutt, innan seismikkbransjen. Seismikkfartøya trong fleksibelt antenneutstyr som kunne tåle trykket av dei undersjøiske sprengingane betre enn kva metall makta å gjere. Her fann vi vår nisje, fortel dagleg leiar Frode Lindvik.
Nye eigarar, ny kapital Satsinga kravde større musklar enn kva den vesle verksemda rådde over. Inn som nye eigarar kom konsernet Bano, spesialistar på plaststøypte produkt innan innreiing. Med privat kapital i ryggen og offentleg drahjelp via Innovasjon Norge gav Strukturplast full gass. Det blei investert i mykje nytt utstyr og kompetanseheving på arbeidsstokken, og sidan har verksemda vakse jamnt og trutt. Omsetninga i femårsperioden har
gått frå fem til 15 millionar på Sandane. – Korleis er det å vekse så raskt med omsyn til å få tak i god nok kompetanse? – Det har ikkje vore noko problem. Vi har hatt einstrategi på å bli meir synlege på jobb- og utdanningsmesser og har hatt stor suksess med å finne dei rette folka på den måten, seier Lindvik. Men ingenting veks inn i himmelen av seg sjølv, åtvarar Strukturplast-sjefen. – Offshorenæringa har høge krav på dei fleste område, og ei satsing inn i denne marknaden er kapitalkrevjande. Vi ser oss framleis som ein ny aktør i ein oppbygingsfase. Likevel har vi klart oss gjennom denne perioden med nullresultat. Utan støtta frå Innovasjon Norge hadde reisa vår vore vanskeleg, innrømmer han.
POLYURETAN Polyuretan (PUR og PU) er ein polymer samansett av ei kjede organiske einingar. Dei fleste polyuretanar er varmherdande polymerar som ikkje smeltar ved oppvarming, Polyuretan har eit svært vidt bruksområde, og materialet blir i dag nytta til å lage sterke og samtidig elastiske komponentar. Materialet blir nytta mykje i interiør, i bilindustrien, til isolasjonsmateriale i alle typar kvitevarer og no også til fleksible seismikkantenner, som blir produsert hos Strukturplast på Sandane.
Frå aluminium til olje Utviklinga til Strukturplast håpar no fleire verksemder i fylket å kopiere. Inne i
«Offshore handlar ikkje lenger berre om Flora eller kystkommunane. Dette er endeleg i ferd med å bli ei næring for heile fylket.» Stein Kvalsund
OVERGÅR FORVENTNINGANE: – Eg hadde aldri trudd Maritim forening i Sogn og Fjordane skulle vekse så raskt, seier dagleg leiar Stein Kvalsund (t.v.). Her saman med representantar frå fleire av vindkraftaktørane i fylket. Foto: Firdaposten
dels kriseråka Årdal ligg verksemda HMR Hydeq, med årelang erfaring som tenesteytar til aluminiumsindustrien. Ved årsskiftet fusjonerte HMR med selskapet Hydeq, som har spesialisert seg på bygging av spesialkøyretøy for primæraluminiumsproduksjon. Begge selskapa er frå før vande med å konkurrere i ein internasjonal marknad der kvalitetskrava er høge. Men aluminums-satsinga i Årdal let vente på seg, og no har verksemda lagt ein ny strategi og ser mot kysten. – Vi er i full gang med å posisjonere oss mot offshore. Vi har meldt oss inn i Maritim forening Sogn og Fjordane og vi har sett ned fleire arbeidsgrupper i verksemda vår som jobbar fram strategiar for korleis vi kan komme inn i denne marknaden, seier dagleg leiar Anders Seim. Han styrer i dag ei verksemd med 78 tilsette, der ti prosent av desse er ingeniørar med solid industrikompetanse. Dei siste månadene har det blitt fleire turar til Florø, der eitt av måla er å finne lokale verksemder å inngå strategiske alliansar med. Seinast 13. mars fekk HMR Hydeq godkjenningsstatus for den såkalla Akilles-databasen, der alle verksemder må vere godkjende for å vere aktuelle for offshore-relaterte oppdrag. – Eg trur vi har noko å bidra med. Og tilbakemeldingane frå besøka våre i Florø stadfestar dette, seier Seim, som håpar å ha på plass dei første offshoreoppdraga i verksemda i løpet 2014. – Om det går, får tida vise. Dette er uansett ein langsiktig strategi frå vår side, og den kjem i tillegg til, ikkje i staden for aktiviteten vår inn mot aluminiumsindustrien, poengterer Seim.
SER MOT KYSTEN: Også i aluminiumsbygda Årdal har industriverksemder byrja å posisjonere seg mot offshoreoppdrag. HMR Hydeq-sjef Anders Seim til høgre, saman med HMR-konsernsjef Knut Prestnes. Foto: Jan Egil Fimreite, Sogn Avis
TEMA NÆRINGSLIV
TYSDAG 19.03. 2013
Rekordrask vekst for Maritim Forening Maritim Forening i Sogn og Fjordane har fått 16 nye medlemsverksemder på under eit år. Svend-Arne Vee svend.arne.vee@firdaposten.no 908 47 465
For eit år sidan blei Maritim Forening Sogn og Fjordane etablert, basert på eit førtitals verksemder som tidlegare hadde lauseleg samarbeid gjennom Maritimt Forum. No opplever dagleg leiar Stein Kvalsund ei stadig aukande interesse for å posisjonere seg for offshore-relaterte oppdrag. – Dette går raskare enn sjølv dei største optimistane hadde spådd. Vi har no 59 registrerte medlemsbedrifter og talet berre aukar. Det fortel meg at offshorenæringa i fylket ikkje lenger berre handlar om Flora eller kystkommunane. Næringa er i ferd med å bli viktig for heile fylket, seier han. I dag har Maritim Forening medlemsverksemder i 14 av fylkets 26 kommunar. Og Kvalsund er imponert over kva nykommarane har å tilby når dei bankar på døra. – Det finst svært sterke kompetansemiljø rundtom i fyl- FAKTA ket. Eg er overtydd over at mykje av Nye medlemmar etter skipinga av Maritim Forening Sogn og Fjordane 17. april 2012 denne kompetansen med litt tilpassingar Verksemd lett kan overførast til Moldøen Supply, Raudeberg Florø Skyssbåt as, Florø maritim sektor. Men endå meir enn Sigurd Solberg as, Florø Fjordpipe as, Eikefjord kompetansen er Kval- Stadpipe as, Stadlandet sund imponert over BIS Production Partner as, avd. Svelgen samarbeidsviljen som Pixelwerk as, Florø HMR Hydeq AS, Øvre Årdal blir vist. – Her handlar det Østerbø Maskin AS, Bjordal Best Fishing Gear AS, Flatraket om samarbeid over Brødrene Aa AS, Hyen heile fjøla. Jamvel Johny Birkeland Transport as, Dalsøyra mellom verksemder Fantastiske Osberget AS, Måløy som er direkte kon- Brødrene Dahl AS, Førde kurrentar til kvaran- Optipro AS, Stryn dre. Det er eit viktig Selstad AS, Måløy suksesskriterium. Vi har ikkje hatt ein einaste interessekonflikt i foreninga som har basis i fogderistrid. Her hadde politikarane våre hatt noko å lære, slår foreningsleiaren fast. Når Maritim Forening byr til årsmøte og nettverkssamling i Måløy i april, er oppslutnaden som vanleg god. – Vi ligg på mellom 100 og 120 deltakarar kvar gong vi møtest. Det fortel meg at vi gjer ting rett og at verksemdene meiner alvor med medlemsskapet og satsingane sine mot offshore.
HAR TILSETT EIGEN KJEMI-INGENIØR: Siste tilskot innan produkt- og kompetanseutvikling hos Strukturplast på Sandane er ein sivilingeniør i kjemi. Her er Synnøve Vik Bergstad i sving, saman med logistikksjef Runar Olsen. Foto: Strukturplas
Jo Dale Pedersen Bransjeansvarleg Offshore/olje
Spisskompetanse i næringslivsbanken Sparebanken Sogn og Fjordane er den leiande næringslivsbanken i Sogn og Fjordane og fylket sin største finansaktør innan mellom anna industri. ssf.no
•
tlf. 57 82 97 00
Tom Staveteig Banksjef bedriftsmarknad Bransjeansvarleg Industri
TEMA NÆRINGSLIV
TYSDAG 19.03. 2013
Fryktar kapitaltørke kan sto Offshorekontraktar kan vere gull verdt, men satsingane er kapitalkrevjande. No fryktar bankane at dei åleine ikkje maktar å finansiere alle gode prosjekt i fylket. Svend-Arne Vee svend.arne.vee@firdaposten.no 90847465
Hjå Sparebanken Vest i Florø ser Kjetil Søvik ei utvikling han både likar og ikkje likar. Kunderådgjevaren i næringsavdelinga ser ei stadig aukande interesse frå verksemder i fylket som har ambisjonar. Og ambisjonane har ei tydeleg retning – mot oljesektoren. – Denne marknaden er heilt klart fristande for mange. Betalingsevna hos kundane er svært god, noko som gir god von om solid inntening, seier Søvik.
Ting tar tid Men medaljen har ei bakside. Det kostar dyrt å posisjonere seg mot offshore. Ekstrem strenge sertifiseringskrav og behov for nyinvesteringar i til dømes produksjonsutstyr kostar bedriftene mykje pengar. – Vår erfaring er at det tek tid for bedriftene å kome til det punktet der dei kan byrje å fakturere for produkt og tenester. Ein må ha solid økonomi og tålmod for å lukkast, seier Søvik. Midt oppi optimismen som no rår, sit bankane og opplever at deira rammevilkår ikkje blir betre, men dårlegare. Og stikkordet er eigenkapitalkrav. Den europeiske finansnæringa skjelver framleis etter krisa som slo inn for fullt i 2008 og råka Norge rundt påsketider i 2009. Det har ført til stadig tøffare krav til bankane om eigenkapital. For ti år sidan kom det første bankdirektivet om eigenkapital, det såkalla Basel 1. Det påla bankane å ha ein kjernekapital på minst åtte prosent. For tre år sidan kom Basel 2, og kravet blei løfta til 12 prosent. No ventar heile banknæringa på Basel 3, og kor høgt eigenkapitalkravet vil hamne. I mellomtida sit bankane på gjerdet.
SIT MEIR PÅ GJERDET: – Når eigenkapitalkrava stadig blir tøffare for bankane, så gjer det sjølvsagt noko med bankane si evne til å bidra til ny næringsutvikling, seier bedriftsrådgjevar i Sparebanken Vest, Kjetil Søvik. Foto: Liv Paula Standal
Låner ut mindre enn før – Bankane låner ut mindre enn før, kuttar avdelingar og eigne kostnader. Og prisen bankane må betale for å låne pengar, aukar. Det kan igjen gi høgare renter ut til kundar, konstaterer Søvik. – Paradoksalt nok kan vekstnæringar med stort potensial som havbruk og olje bli råka, fordi nyinvesteringar mot desse næringane er spesielt kapitalkrevjande, seier rådgjevaren.
«Paradoksalt nok kan vekstnæringar med stort potensial som havbruk og olje bli råka, fordi nyinvesteringar i desse næringane er så kapitalkrevjande.» Kjetil Søvik, kundrerådgjevar i Sparebanken Vest
TEMA NÆRINGSLIV
TYSDAG 19.03. 2013
ogge veksten
UROA: Leiar i Sparebanken Sogn og Fjordane, Arvid Andenæs, fryktar ei utvikling der bankane får mindre spelerom når det gjeld å finansiere ny næringsutvikling.
Andenæs etterlyser dei private pengane Når Arvid Andenæs snakkar til heile den norske banknæringa under finansnæringens dag i dag, har han ein hovudbodskap: Lokal- og regionbankane må forbli sjølvstendige. – Eg må innrømme at uviklinga skremmer meg litt. Viss ikkje politikarane våre ser verdien av eit mangfald i finansnæringa der det også er plass til dei små og mellomstore bankane, så er eg alvorleg bekymra på vegner av næringslivet i distriktsNorge. Eg trur bedriftsleiarane i fylket tenkjer rett når dei ser mot oljenæringa. Men kvar skal pengane kome frå, spør sjefen for Sparebanken Sogn og Fjordane.
Treng privatinvestorane Han etterlyser først og fremst dei private investorane. Pengane bør ikkje gøymast vekk på børs. Dei må i større grad ynglegjennom djerve investeringar i eigen region. – I dag står bankane for ein altfor stor del av totalfinansieringa av nye verksemder og prosjekt. Det betyr at vi må ta auka risiko. Forskjellen på at vi som bank lånefinansierer 80 eller 85 prosent av ei investering er faktisk stor. Den forskjellen gjer at vi må ta for stor risiko. Det forplantar seg. Då må vi låne dyrar pengar, og det blir igjen dyrare for verksemda i form av høgare renter. Dermed sit vi att med for skjøre prosjekt, for sårbare verksemder. Ingen er tente med denne utviklinga, absolutt ingen, fastslår Andenæs.
Basel 1,2 og 3 I 1992 kom den første internasjonale standarden for kapitaldekning i bankane. Meir enn 100 land valde å innføre regelverket Basel 1, inkludert Norge. Eit minimumskrav på åtte prosent eigenkapital i bankane blei innført. Dette var den største regelverksendringa i den internasjonale finansnæringa på mange år. Sjølv om Basel 1 var krevjande for bankane, meiner Norges Bank at den nye standarden har bidrege til å styrke soliditeten i mange land sine finansnæringar.
I 2005 kom Basel 2, som ytterlegare skjerpa eigenkapitalkravet. Basel 2 hadde også som siktemål å få betre samsvar mellom kapitalkravet og den underliggande risikoen som alltid vil ligge hjå ein bank. Samtidig peikte mange på at krava i Basel 2 var særleg krevjande for små og mellomstore bankar, då det følgde med mange kostnadsdrivande krav når det gjaldt organisering, internkontroll og tilsyn. I skrivande stund ventar finansnæringa på Basel 3.Eit krav om ytterlegare styrking av eigenkapitalkravet kan vere noko av innhaldet.
Feil medisin Under dagens tema på finansnæringens dag vil desse problemstillingane truleg få stor merksemd. – Vi får regelverk som tek utgangspunkt i eit kriseråka Europa. Men Norge er ikkje råka på samemåten. Då blir desse direktiva direkte hemmande for oss, fastslår banksjefen, som ber politikarane om å hugse den nære historia: – Vi såg tydeleg kva som dempa finanskrisa i Norge, nemleg at vi hadde ei mangfaldig finansnæring med både små og store aktørar. Slik bør det også vere i framtida, meiner han.
TEMA NÆRINGSLIV
TYSDAG 19.03. 2013
Ein sikra jobb Mellom bakkar og berg utmed havet, har det no starta opp ei heilt ny bedrift. Ei bedrift som skal gjere fjell, berg og knausar på Vestlandet tryggare. Idar Stadheim idar.stadheim@firda.no 90128020
Norsk Bergsikring AS er ei av 66 nyoppstarta bedrifter i Sogn og Fjordane i februar månad. Bak bedrifta, som baserer seg i Stongfjorden i Askvoll, står initiativtakarane Roy Sævik (styreleiar), Kay Ove Johanssen og Jo Eivind Stang. Dei meinte det var på tide at Sogn og Fjordane fekk på plass ein lokal aktør innan bergsikring, og kontakta då Ove Nordbø, som no er dagleg leiar i den nye bedrifta. Nordbø har 12 års erfaring som fjellsikrar og formann, og har blant anna jobba med fjellsikring på Dalsfjordsambandet. Draumen hans har likevel alltid vore å ha ei eiga bedrift, og no har han og bedriftspartnarane sju personar innan fagfeltet bergsikring og anleggsarbeid under seg, klare til innsats.
Veksande marknad – At det er ein marknad for rassikring i Sogn og Fjordane er det liten tvil om, seier Roy Sævik, og brukar vegdebattane i fylket, til dømes rundt nasjonal transportplan, til å understreke poenget. – Vegar skaper mykje engasjement blant folk, så dette er ein marknad i vekst, seier Sævik. Styreleiaren fortel at det heller ikkje var tilfeldig at dei valde å legge basen for verksemda si i Stongfjorden. Sævik er også dagleg leiar i Stongfjorden vekst, og eit av måla til den nyetablerte bedrifta er å skape arbeidsplassar lokalt. Askvoll kommune har difor også vore ein viktig samarbeidspartnar, og har hjelpt bedrifta i oppstartsfasen. – Det er ein veldig goodwill her, og ein får mykje hjelp i lokalsamfunnet. Stongfjorden verkar som ein veldig god stad å starte, seier Ove Nordbø. Selskapet tek sikte på å arbeide innan vestlandsfylka Hordaland, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane, men det primære arbeidsområdet vil vere innan Sogn og Fjordane. I Sogn og Fjordane er dei også det einaste firmaet som satsar heilt og fullt på bergsik-
ring åleine. Det trur Nordbø kan vere med å gi dei eit konkurransefortrinn, særskilt på lokale jobbar.
Jobbar mot kontraktar Og i det kuperte fylket Sogn og Fjordane reknar han med at det vil vere nok sikringsjobbar å gjere for bedrifta framover, men akkurat no jobbar bedrifta med å sikre seg kontraktar. – Klarer vi å prise oss rett, så kan det vere nok å leve av her i fylket, seier Jo Eivind Stang, og tek sikte på at selskapet vil vere oppe i produksjon i april. Men å starte frå botnen innan dette fagfeltet er ikkje berre enkelt. For dersom eit slikt selskap skal vere levedyktig, meiner Roy Sævik at det trengst kompetanse og ikkje minst sertifisering for slike typar jobbar. – Det er veldig kompetanse – og kapitalkrevjande, seier Sævik. Som fortel at det difor var viktig å få med Kay Ove Johanssen i Norwegian Offshore Group som investor, for å få alvor av planane om oppstart. Statens vegvesen, Jernbaneverket, Veidekke, kommunar og store entreprenørar vil vere gruppa selskapet rettar seg mot, men også private. Her tilbyr dei steinsprangnett, isnett, bolting, rasgjerder, erosjonssikring, reinsking ved hjelp av tilkomstteknikk, og anna sikringsarbeid.
24 timar i døgeret Alle avtalar med maskinentreprenørar har den nye bedrifta på plass, for jobbkvardagen vil truleg bestå av mykje samarbeid på større prosjekt saman med andre bedrifter. Men det er deira kompetanse på tilkomstteknikk og fjellsikring som skal gjere dei unike. – Vi har også avtale med klatrarar, slik at dei skal vere klare ved behov, seier Ove Nordbø. Det nyetablerte fjellsikringsselskapet tek også sikte på å tilby 24 timars beredskap dersom uhellet skulle vere ute. – Vi vil ha eit lag i beredskap, hovudsakleg med tanke på ras, seier Nordbø. For Nordbø understrekar at i slike situasjonar tel timar og minutt. Og når steinane ligg i vegbana, vegen er stengd, og rasfaren er stor, vil behovet for å få sikra for nye ras vere der. Og der håper bedrifta at deira tenester kan bli nytta framover.
«At det er ein marknad for fjellsikring i Sogn og Fjordane er det liten tvil om.» Roy Sævik
TYSDAG 19.03. 2013
TEMA NÆRINGSLIV
KLARE: Styreleiar Roy Sævik (t.v.) og dagleg leiar Ove Nordbø (t.h.) i Norsk Bergsikring AS, reknar med at bedrifta vil vere i gang rundt etter påske. Foto: Idar Stadheim
TEMA NÆRINGSLIV
TYSDAG 19.03. 2013
Nye bedrifter 2B BYGGSERVICE AS ▶ Sogndal Tømrarverksemd og det som naturleg høyrer inn under dette. Aksjekapital: 30.000 kr Johnny Hjelleflat Barsnes, dagleg leiar
best mogleg utnytting av utmarksbeite. Malvin Torleiv Færøy, dagleg leiar BREKKE VASSVERK SA ▶ Gulen Organisasjonsform: Samvirkeføretak Sørge for vassforsyning til Brekkebygda og Sætre ved utbygging og drift av vassverk. Bjarne Tveit, dagleg leiar
ANNE-LISE BUNADSTOVE AS ▶ Sogndal Produksjon av bunader. Sal av utstyr/tenester som fell saman med dette. Aksjekapital: 30.000 kr Anne-Lise Eiken, dagleg leiar BICOS AS ▶ Eid Selskapet skal sjølv, gjennom heil- eller deleigde selskap eller ved samarbeid med andre verksemder gjere investering i og forvaltning av eigedommar. Aksjekapital: 100.000 kr Bjørn Kåre Moen, dagleg leiar BJØRN STÅLE VIKE AS ▶ Aurland Entreprenørverksemd med oppføring og
Arthur Fauske - Dignita Alcontrol avd Vest DA
reparasjon av hus og hytter. Aksjekapital 100.000 kr Bjørn Ståle Vike, dagleg leiar BREKKE BEITELAG SA ▶ Gulen Organisasjonsform: Samvirkeføretak Samle beitebrukarane innan området for i fellesskap å legge forholda til rette for ein
BUDSERVICE MONIKA HOFF AS ▶ Årdal Bodservice og anna verksemd knytt til dette. Aksjekapital: 30.000 kr Monika Hoff, dagleg leiar DAG HENNING REKSNES (ENK) ▶ Eid Analyse, rådgjeving og generell konsulentbistand. Bistand til mål- og strategiutforming og organisasjonsutvikling for bedrifter og organisasjonar medrekna innsamling av grunnlagsmateriale og gjennomføring av naudsynte analyser. Bistand til kompetanseheving og utdanning av tilsette i
bedrifter og organisasjonar. Rådgjeving til bedrifter og organisasjonar medrekna analyser, strategiarbeid og tiltaksutforming knytt til strategisk kommunikasjon, PR og omdømme. Innehavar: Dag Henning Reksnes DIGNITA ALCONTROL AVD VEST DA ▶ Gaular Organisasjonsform: Ansvarleg selskap, delt ansvar Kjøp og sal av el-produkt. Arthur Fauske, dagleg leiar EID INDUSTRIHUS KF ▶ Eid Organisasjonsform: Kommunalt føretak Føretaket sitt hovudformål er å vere Eid kommune sitt organ for tilrettelegging, marknadsføring og sal av kommunalt næringsareal. Vidare skal selskapet kjøpe og selje næringsareal, oppføre/kjøpe/leige næringsbygg og drive utleige/framleige av desse. Roger Bergset, dagleg leiar
Det er vanskelig å spå fremtiden, men noen ting vet vi. For eksempel at vi med andeler i feltene Snøhvit, Njord, Fram og Gudrun – og som operatør på Gjøa – har sikret oss et langt og godt liv på norsk sokkel. Samtidig gleder vi oss til alt vi ikke vet om fremtiden. Mulige funn. Ny teknologi. Nye lisenser og operatørskap. Kort sagt: Alle mulighetene. Hva enn fremtiden på norsk sokkel måtte by på, med dagens portefølje, bransjens beste hoder og et av verdens største energiselskap i ryggen, er vi i GDF SUEZ E&P Norge klare til å gyve løs på den. Og er vi riktig heldige, får vi ditt barnebarn med på laget om noen år.
Foto: Annelise Norheim
Kanskje ditt barnebarn vil leke med oss en dag?
TYSDAG 19.03. 2013
EIMAR AS ▶ Høyanger Konsulentverksemd retta mot oljeindustrien, investering i eigedom. Aksjekapital: 30.000 kr Eirik Markeset, dagleg leiar
TEMA NÆRINGSLIV
FØRDE BLOMSTER AS ▶ Leikanger Sal av blomster via nett. Aksjekapital: 30.000 kr Christel Jensen Dyrdal, dagleg leiar
Styreleiar: Gudmund Helge Solheim
EM DISTRIBUSJON AS ▶ Gaular Drift av bodbilar og transporttenester. Aksjekapital: 30.000 kr Pål-Arthur N. Johannesen, dagleg leiar
FØRDE BYGGSENTER FASADE AS ▶ Jølster Eigedomsverksemd, sal og oppføring av hus og fasadeprodukt. Aksjekapital: 500.000 kr Trude Helen Sandvik, dagleg leiar
EMSON AS ▶ Høyanger Kurs- og føredragsverksemd innan førstehjelp samt sal av varer og utstyr. Aksjekapital: 100.000 kr Jan-Norvald Jansen Engelsen, dagleg leiar
FØRDE GRANITT HOLDING AS ▶ Førde Ved aksjeeige, aksjeteikning eller på annan måte delta i andre verksemder. Aksjekapital: 72.000 kr Øystein Menes, dagleg leiar
FRAKTEN BÅRD ERIKSEN (ENK) ▶ Flora Varetaxi og transporttenester. Innehavar og dagleg leiar: Bård Hillersøy Eriksen
GJENGEDAL INNKJØPSLAG SA ▶ Gloppen Organisasjonsform: Samvirkeføretak Drive kjøp og sal av kraftfôr, gjødsel og andre landbruksprodukt.
Øystein Menes - Førde Granitt Holding AS
GLOPPEN LAGERHALL AS ▶ Flora Utleige av lagerområde til private og bedrifter. Aksjekapital: 30.000 kr Styreleiar: Terje Ryssdal Sæther GOSIAME MASILO (ENK) ▶ Vik i Sogn Legevaktslege. Jobbar privat i legevakt. Innehavar: Gosiame Masilo HAGEMILJØ FØRDE AS ▶ Førde Hagesenter med kjøp og sal av blomster, varer og tenester knytt til hus, heim og hage. Aksjekapital: 30.000 kr Solveig Andersen, dagleg leiar
Framhald neste side
DEN HELT NYE FORD KUGA 4X4 En bil du kan snakke til? Som ringer opp dine kontakter, spiller din yndlingslåt og dirigerer deg til riktig sted – når du ber om det? Med en hands-free bakluke som åpner seg bare du beveger foten? Det er den helt nye Kuga. Høres ikke det ut som en SUV som nettopp har blitt til…
SMART UTILITY VEHICLE ford.no
Velkommen til prøvekjøring!
Nye Ford KUGA fra kr 396.600,-* inkl. Tectyl * Levert Florø/Førde. Årsavgift kommer i tillegg. CO2 utslipp ved kombinert kjøring 154- 179 g/km.
www.autoforum.sf.no
»
TEMA NÆRINGSLIV
TYSDAG 19.03. 2013
Nye bedrifter HESTENES SKOGSVEGLAG SA ▶ Gloppen Organisasjonsform: Samvirkeføretak Bygge skogsbilveg for grunneigarane på Hestnes, samt å fremje medlemmene sine økonomiske interesser gjennom at dei får tilkomst til skogareal som kan drivast med økonomisk utbytte. Styreleiar: Matias Hestenes HUSETUFT KRAFTVERK AS ▶ Førde Bygge og drive kraftverk, produksjon og sal av straum. Sal av tømmer, utleige av utstyr og konsulenttenester innan bygg og anlegg. Aksjekapital: 70.000 kr Styreleiar: Øystein Menes ISOVENT AS ▶ Vågsøy Eige og drive industriverksemd, basert på blikkenslagar og isolasjon/ventilasjonsfag. Aksjekapital: 200.000 kr Styreleiar: Arvid Fagerlid JOHNSEN LANDBRUK AS ▶ Førde Innkjøp og sal av produkt til landbruk og industri. Aksjekapital: 30.000 kr Ronny Johnsen, dagleg leiar Styreleiar: Ronny Johnsen K STRØMMEN HOLDING AS ▶ Bremanger Stå føre utklekking, oppdrett, vidareforedling og omsetjing av fisk, sjølv eller gjennom investering i andre selskap. Aksjekapital: 30.000 kr Sven-Jørgen Strømmen, dagleg leiar K STRØMMEN LAKSEOPPDRETT AS ▶ Bremanger Utklekking, oppdrett, vidareforedling og omsetjing av fisk. I tillegg kan selskapet drive handel- og reparasjonsverksemd. Aksjekapital: 30.000 kr Sven-Jørgen Strømmen, dagleg leiar KAFFISENTERET FJORDANE AS ▶ Førde Sal og service av kaffimaskiner og andre produkt. Aksjekapital: 200.000 kr Knut Arne Nistad, dagleg leiar KK CONSULT AS ▶ Fjaler Konsulentverksemd og aktivitetar som står i samband med dette. Aksjekapital: 30.000 kr Knut Kjosaas, dagleg leiar KPK MALERMESTER/KLAUS-PETER KNOTH (ENK) ▶ Naustdal Målarverksemd: renovasjon, nybygg og golv. Innehavar: Klaus-Peter Knoth, Horstad, 6817 NAUSTDAL LENDING FISKERI AS ▶ Solund Fiske. Aksjekapital: 500.000 kr Magnar Egil Lending, dagleg leiar
Magnar Egil Lending - Lending fiskeri AS
Per Andreas Øren - Skogtrans AS
Matias Hestenes - Hestenes Skogsveglag SA
MAGNAR LUNDE AS ▶ Gaular Sal, montering og vedlikehald av VVS innanfor bygg og anlegg. Aksjekapital: 30.000 kr Magnar Lunde, dagleg leiar
betongarbeid. Aksjekapital: 150.000 kr Ove Nordbø, dagleg leiar
Utføre transporttenester. Aksjekapital: 200.000 kr Per Andreas Øren, dagleg leiar
NYDAL INVEST AS ▶ Vågsøy Eige og drive eigendommar. Aksjekapital: 150.000 kr Kristian Nydal, dagleg leiar
SKOGSVEG MIDTRE DAVIK SA ▶ Bremanger Organisasjonsform: Samvirkeføretak Bygge og halde ved like tre skogsbilvegar. Veglaget har som formål å redusere eigarane sine kostnader til transport av tømmer og å gjere skog i vegens nytteområde tilgjengeleg for aktiv skogsforvaltning. Svein Bakke, dagleg leiar
MALIN RESTAURANT & SUSHIBAR AS ▶ Sogndal Restaurant og Sushibar. Aksjekapital: 100.000 kr Wuyong Xu, dagleg leiar MEDISINSKO DA ▶ Hornindal Organisasjonsform: Ansvarleg selskap, delt ansvar Sal av Hoka sko og andre medisinske produkt for behandling og førebygging av belastningsskade. Kjetil Grodås, dagleg leiar MENKER AS ▶ Vågsøy Sal av tenester og varer til ulike mottakarar. Aksjekapital: 32.000 kr Johan Einar Wåge, dagleg leiar MIRJAM VESTBY SOLBERG (ENK) ▶ Flora Allmenn Legeteneste. Innehavar: Mirjam Vestby Solberg MUNDAL VASSVERK SA ▶ Sogndal Organisasjonsform: Samvirkeføretak Skaffe vatn til husbruk, jordbruk, industritiltak og anna så langt det er rimeleg innan vassverket sitt område. Styreleiar: Aamund Mundal NESHOLMEN DRIFT AS ▶ Gloppen Drive Nesholmen som ein trygg og god leirstad for born og unge i alle aldrar, med hovudvekt på tilbod gjennom Sogn og Fjordane krins av Norges KFUK-KFUM. Aksjekapital: 200.000 kr Ingunn Solheim, dagleg leiar NORSK BERGSIKRING AS ▶ Askvoll Tenester innan fjellsikring, rassikring og
PINGEL AS ▶ Stryn Investeringsverksemd, samt eigarskap og utleige av immaterielle rettar. Aksjekapital: 30.000 kr Inge Arne Bøe, dagleg leiar PRO OCEAN CREW AS ▶ Bremanger Videreformidling av spesialpersonell. Aksjekapital: 30.000 kr Jannike Brenden Frøyen, dagleg leiar REED VASSVERK SA ▶ Gloppen Organisasjonsform: Samvirkeføretak Produsere vatn til og for medlemene, som skal tilfredsstille drikkevassforskrifta sine krav. Vassverket sitt forsyningsområde er Reed og naturleg tilgrensa område. I tillegg leverer vassverket vatn til brannvesenet ved brann. Styreleiar: Kjell Reed RENHOLD24 MAGDALENA KIRCHHOFF (ENK) ▶ Stryn Reingjering av bygningar. Innehavar: Magdalena Kirchhoff SKADAL TRANSPORT AS ▶ Fjaler Transportverksemd, distribusjon. Persontransport. Aksjekapital: 30.000 kr Bjarte Skadal, dagleg leiar SKOGSTAD DYREHOTELL AS ▶ Førde Dyrehotell. Aksjekapital: 30.000 kr Solveig Andersen, dagleg leiar SKOGSTRANS AS ▶ Høyanger
SNEKKERHJELPEN AS ▶ Flora Framstilling/sal av snikkararbeid. Aksjekapital: 30.000 kr Andrejs Pasecniks, dagleg leiar SPIREN GARDSBARNEHAGE SA ▶ Aurland Organisasjonsform: Samvirkeføretak Eige og drive barnehage til det beste for medlemmene og deira barn. Føretaket skal fremje medlemmene sine økonomiske interesser gjennom deira deltaking i verksemda som kjøparar av barnehagetenester frå føretaket. Audhild Bjune, dagleg leiar STIFTELSEN LOTUS ARTS ▶ Stryn Organisasjonsform: Stiftelse Sikre kunstnarane sine utgitte verk og måleri til ettertida, og å bringe kunstnarane sitt arbeid ut, spesielt album, bøker, foldar, reproduksjonar, dikt, glaskunst, atmakunst, undervising, musikk, song, DVD-ar, videoar m.m. Denne kunsten sitt innhald og formål er å grunnlegge ein ny kultur, der grunnlaget er det evige flammande liv og kjærleik, som er alt liv sin føderett alle stader. Aksjekapital: 200.000 kr Jørgen Bromer Jensen, dagleg leiar STORØIEN AS ▶ Flora Import og sal av varer, produksjon og gravering. Aksjekapital: 30.000 kr Bjørn Hegranes Storøien, dagleg leiar
TYSDAG 19.03. 2013
Industri og næring Øyrane Førde
Jostein Bjarte Kråkås - Sulefisk AS.
SULEFISK AS ▶ Solund Matproduksjon ved oppdrett av akvatiske artar. Selskapet skal bidra aktivt for å fremje næringsutvikling i Solund. Aksjekapital: 30.000 kr Jostein Bjarte Kråkås, dagleg leiar SULEFISK HOLDING AS ▶ Solund Å stå føre matproduksjon ved oppdrett av akvatiske artar, sjølv eller gjennom investeringar i andre selskap. Selskapet skal bidra aktivt for å fremje næringsutvikling i Solund. Aksjekapital: 30.000 kr Jostein Bjarte Kråkås, dagleg leiar SUNN MILJØ AS ▶ Askvoll Kjøp/sal/produksjon av solskjermingsutstyr og anna fasadeutstyr til hus og heim. Aksjekapital: 100.000 kr Tor Erling Skarstein, dagleg leiar TJUGUMS LYTTETRENINGSSENTER (ENK) ▶ Balestrand Trening av lytteevne gjennom Tomatis app (audiopsykofonologisk) metoden. Sjølvutviklingskurs og språkkurs. Innehavar: Tirza Chasse Pinto Ribeiro Alves Barradas Tjugum TØMRAR TORGEIR ORRESTAD AS ▶ Sogndal Oppføring og vedlikehald av bygg. Aksjekapital: 30.000 kr Dagleg leiar: Torgeir Orrestad TØMRER GEIR ARNE GURVIN (ENK) ▶ SOGNDAL Tømrer/snikkar arbeid våtroms arbeid før tømrar. Innehavar og dagleg leiar: Geir Arne Gurvin VI: KI AS ▶ Flora Organisasjonsform: Aksjeselskap Sal av moteklede og andre produkt. Aksjekapital: 400.000 kr Vibeke Slettevold Kildal, dagleg leiar
TEMA NÆRINGSLIV
VICTORIA MAY AS ▶ Vågsøy Fiskeriverksemd, samt tilhøyrande verksemd. Aksjekapital: 100.000 kr Agnar Johan Lyng, dagleg leiar VORGAARD INVEST AS ▶ Sogndal Drive kjøp og sal av verdipapir, aksjar, eigedommar, kompetanse og drifte eigendelar og selskap. Aksjekapital: 250.000 kr Styreleiar: Johan Vorgaard
Profesjonell leverandør av Shell Industriog Smøreoljar frå eige lager i Førde
WANGEN-INVEST AS ▶ Stryn Butikkdrift med blant anna bakeriutsal og kafedrift. Aksjekapital: 80.000 kr Malin Wangen Lundebrekke, dagleg leiar WESTGAARD-NORWAY KIRCHHOFF (ENK) ▶ Stryn Næringsmiddelproduksjon, import, eksport og handel Innehavar: Jens Kirchhoff WHITE MONO VINCENT YNDESTAD (ENK) ▶ Askvoll Konsulenttenester innan IT, kontor og media samt vedlikehald av bygg og landbruk. Verksemda driv også med kjøp/sal av varer innan verksemder, samt klede og tilhøyrande kledning. Innehavar og dagleg leiar: Vincent Yndestad
Øyrane, 6800 Førde, tlf. 57 83 43 83
AUTOTEKNIKK AS Flovegen 12, 6800 Førde, tlf. 57 83 70 20
ÅLFOTEN UTVIKLING AS ▶ Bremanger Drive med utviklingsarbeid i Ålfoten, samt drive utleige av lokale. Aksjekapital: 30.000 kr Styreleiar: Egil Hunvik ÅRDAL CATERING AS ▶ Årdal Drive catering og det som høyrer inn under dette. Aksjekapital: 30.000 kr Åshild Olaug Borlaug, dagleg leiar Øyrane 10, 6800 Førde. Døgnvakt 900 68 123