2F - 23. februar 2012

Page 1

NÆRINGSLIVSMAGASIN FOR SOGN OG FJORDANE

Lykka er eit kraftverk Grete Janne Fossheim og mannen Pål flytta frå Lillestrøm til Breim og hamna midt i småkraft-eventyret.


Du har 1,9 born, ser 2,5 timar på TV kvar dag og skal på 1,7 ferieturar i år. Eller ikkje.

Du er ikkje gjennomsnittleg, og vil heller ikkje ha ein bil som er det. Nye Avensis, laga etter Toyota sine høgste kvalitetsstandarder.

Avensis Advance - Touch & Go

Avensis Advance - inBusiness pakke

Avensis 2.0 D-4D 124 hk stv. frå: 314 300,- ** Avensis 1.8 VVT-i aut. 147 hk stv. frå: 344 400,-**

Multimediaskjerm, ryggekamera og navigasjon utan tillegg i prisen***

• Bi-Xenon m/AFS • LED køyrelys • 17” aluminiumsfelgar • Mørke ruter

*TÜV report 2012.

Verdi 9 600,-

k un 9 900,-

NYE AVENSIS. KOMPROMISSLAUS KVALITET Vår streben etter å lage stadig betre bilar betaler seg, og vi har igjen komt best ut av ein av verdas mest etterrettelege biltestar, tyske TÜV *.

**Avensis frå: 283 400,- Inkl. frakt- lev. og reg.omk. Årsavgift kjem i tillegg. Forbruk blanda køyring, utslepp CO2 og NOx: Avensis 2.0 D-4D: frå 0,45 l/mil, fra 119 g/km, frå 164 mg/km. Avensis 1.6 VVT-i: fra 0,65 l/mil, frå 150 g/km, fra 9,7 mg/km. Med atterhald om trykkfeil. ***Gjeld Advance og Executive grad.

Toyota Nordfjord AS Toyota Førde AS Toyota Sogn AS 6718 Deknepollen. Tlf. 57 85 26 50

Steinavegen 10, 6800 Førde

Skarpeteigvegen 1, 6854 Kaupanger

Hegrevegen 16 - 6783 Stryn. Tlf. 57 87 60 00

Tlf. 57 72 10 00 www.toyota-forde.no

Tlf. 57 67 66 66 www.toyotasogn.no

www.toyotanordfjord.no


Den dyrebare og sårbare krafta ▶ Dette er andre utgåve av magasinet 2F, samarbeidsprosjektet mellom avisene Firda og Firdaposten. Med hovudbasar i Førde og Florø tek redaksjonane mål av seg å setje eit nytt og litt annleis søkjelys på næringslivet i verdiskapingsfylket i Sogn og Fjordane. ▶ Eit sceneskifte, to månader tilbake i tid: Rundtom i fylket går debattane gloheite, og fellesnemnaren er kraft. Kampen for å unngå den omdiskuterte 420 kilovolt linja gjennom Sogn og Fjordane skapar fortviling i små bygdesamfunn. Grend står mot grend og kjenslene er så sterke at det er skapt sår det kan ta generasjonar å lege.

Modernisering gir ny kraft i Årdal.

Side 21–28

▶ Samtidig blir det kjempa ein annan kraftkamp, der vindkraftmotstandarane frå Solund i sør til Bremanger i nord står på til siste slutt for å hindre at kommunar opnar opp for å rasere fugleliv, rekreasjonsområde og framtidig reiselivspotensial.

Utgjevar: Firda og Firdaposten Ansvarlege redaktørar: Yngve Årdal og Svend Arne Vee Opplag: 46.000

▶ I jula får debatten ein bråstopp. «Dagmar» kjem på julevitjing og fylket går i svart. Kraftdebattane stilnar, for krafta er borte. I løpet av dei neste par døgera får alle gode beredskapskrefter i kyst- og fjordfylket testa seg for kva dei er gode for. ▶ At kraft, telekommunikasjon og beredskap engasjerer, er ikkje så rart. Det handlar om grunnleggjande premissar for måten vi har valt å byggje samfunnsstruktur på. Det handlar om tryggleik. Men det handlar også om pengar, verdiar og politisk definisjonsmakt. Kva er gangbart og politisk korrekt når det gjeld framtidas kraftproduksjon? Kven skal eige? Kven skal tene pengar på at vi har sikker tilgang på energi og kommunikasjonsverkty? Kva krav kan vi som samfunn stille tilbake til desse aktørane? Og kva med miljøet og naturressursane? Kan dei verdiane målast med same verktøy?

Neste 2F kjem 26. april Har du tips til saker, ta kontakt med redaksjon@firdaposten.no eller redaksjon@firda.no

Grete Janne og Pål fann det gode liv under fossen. Side 4–8

▶ 2F har ikkje fasitsvara. Men vi håpar å bidra til at du kan gjere deg opp ei meining om eit tema som engasjerer stadig fleire, ikkje minst dei unge. Forklaringa er kanskje like enkel som den er komplisert: Til sjuande og sist handlar spørsmålet om korleis vi skaffar oss framtidas energi like mykje om å gjere eit verdival.


DRIVSTOFF • BRENSEL SMØREMIDDEL KJEMIPRODUKT Ta kontakt med oss for eit godt tilbod og avtale om utkøyring! www.farsundnaustheller.no

INVITASJON TIL

VIND-VINN Selskapet CCB Kollsnes AS, eid av Coast Center Base AS (CCB) og Naturgassparken Vest AS, åpner opp for at aktører som ønsker å satse innenfor vindkraft/fornybar energi nå kan utvikle seg i et felles kompetansesenter i Øygarden ved Bergen. CCB har 38 års solid kompetanse innenfor logistikk og basedrift. Dette aparatet står klar for det nye selskapet. CCB Kollsnes stiller en konkret arena til rådighet i Øygarden for at vindkraftmarkedet kan samle seg i et felles utviklingsmiljø for vindkraftsatsningen som nå vil skyte fart i årene fremover. Test- og demoanlegg, piloter samt mulighet for å bygge opp sammenstillingssite for produksjon av vindmøller står blant annet på selskapets liste i forretningsplanen. Norske bedrifter har en unik kompetanse fra energisektoren og vil ha mye å by på i forretnings- og teknologisammenheng innenfor vindkraft. Men, markedet trenger et felles utviklingssted. Det vil CCB Kollsnes nå etablere. Bli med og bestem hvordan vi skal utvikle Norges første vindkraftbase. Dere har mulighetene! Ta kontakt for befaring. ,OOXVWUDVMRQ -RKQ 5LQJVWDG CCB KOLLSNES AS

ZZZ FRDVWFHQWHUEDVH FRP 7OI LO#FRDVWFHQWHUEDVH QR

PÅKOSTA FURTEBU: Chevy Corvette 78-modell, henta frå Ariz Kona Grete Janne Fossheim var odelsjente og saman flytta de

Det god Dei flytta til gards utan å ane at krafta i elva skulle gi eit så godt liv på bygda. Fossheim i Myklebustdalen, Breim, Gloppen, Sogn og Fjordane. Småkraftas svar på Silicon Valley, er arbeidstittelen når journalist og fotograf legg ut på reportasje. Ein smule førearbeid har fortalt oss at innbyggjarane der er gode på småkraft, eller i alle fall har tenkt å bli det. Dessutan er det på tide å besøkje grenda under breen, for mange mest kjend som heimstaden til Nils R. Sandal, nyleg ex-fylkesordførar, køntri-elskar og småkraftaksjonær. Sistnemnde deler han med dei fleste sambygdingane.

Var forsøket verd. – De må snakke med


zona til Myklebustdalen i Breim, der kraftverkeigar Pål Lauritsen steller fint med den. Pål bygde stort reiskapshus og verkstad i 2008, der han brukar mykje tid til hobbyane sine. ei til Fossheim i 1995. Ni år seinare var dei med å starte eit lite kraftverk-eventyr.

de livet under fossen STRYN

Byrkjelo

GLOPPEN

Myklebustdalen

Briksdalsbreen

JØLSTER E39

LUSTER

Kart: Statens kartverk

mannen min også, seier Grete Janne Fossheim, oppvaksen på Skedsmo ved Oslo og odelsjente til gardsbruket med same namn i Myklebustdalen. Men først har ho vist oss tunet, gamlehuset og låven oppe i bakken og peika i retning av kraftverket skjult av nokre store grantre rett bak huset. Grete Janne er einebarn og følte at ho ikkje hadde noko val då det stramma seg til med bu og driveplikt på garden. Ho hadde jobba i Televerket og var støttekontakt. Mannen Pål Lauritsen var hamneekspeditør på kaia i Oslo og vaktmeister i burettslaget på Lillestrøm der dei budde. – Eg var her for første gong i 1990, på jakt

saman med svigerfar. Svigermor og svigerfar hadde nettopp bygt nytt hus på garden då vi flytta inn, så vi hadde eit godt utgangspunkt. Vi fann ut at det var forsøket verd. Ein slektsgard får du ikkje igjen, seier Pål. Årstalet var 1995, nesten 10 år før det første småkraftverket i dalen, Sandal & Fossheim Kraft AS, leverte sine første kilowatt.

Overskot frå første dag. Det er Myklebustbreen mellom Breim og Oldedalen som syter for det livgjevande vatnet til dalen og som no spreier optimisme i form av kraftpengar til denne og framtidige generasjonar. Det fine for oss


SMÅKRAFTVERK Side 6

LEVERER: Grunneigarane på Sandal og Fossheim har teke ut 6,5 millionar kroner i utbyte sidan starten i 2004.

Vi fann ut at det var forsøket verd. Ein slektsgard får du ikkje igjen Pål Lauritsen


TIL 600: Sandal & Fossheim Kraftverk leverer straum til over 600 husstandar. Dei sel krafta til Sogn og Fjordane Energiverk (SFE).

vestlendingar er at småkraftbransjen er totalt utrendy – for dess villare og meir avsides landskapet er, dess større er sjansen for at der er ei elv skapt for å hente ut kjærkomne kraftkroner. Kraftverket til 11 grunneigarar på Sandal og Fossheim stod ferdig i april 2004 og har tent pengar frå første dag. Årsproduksjonen er kring 12.500.000 kilowattimar (kWh), nok straum til over 600 husstandar. Utbyggingskostnaden var om lag ei krone per kWh, altså 12,5 millionar. Stabil, låg rente og lange periodar med høg kraftpris har gitt god avkasting på investeringa. – Vi var førespegla ein kraftpris på 12–13 øre, men den spratt opp i 20 øre over natta, fortel Grete Janne, styreleiar i kraftverket og største aksjonær saman med ektemannen, med nesten 35 prosent av aksjane, rekna ut fallrettane på gardsbruket. Grunneigarar på Sandal og Fossheim har fått konsesjon til to nye kraftverk; eitt lenger oppe i Sandalselva og eitt i sideelva Timbra, men førebels har dei ikkje bestemt seg for å byggje ut. Lenger inne i dalen har bruka på Myklebust også sikra seg to løyve (sjå eiga sak).

Avansert furtebu. – Eg har skifta alt elektrisk, og motor og gir, fortel Pål stolt og viser fram ein Chevrolet Corvette, 1978-modell, som hadde gått 29.000 miles på knusktørre vegar i Arizona før den vart henta til Breim. Pål sjølv kallar den kombinerte verkstaden og reiskapshuset for ei avansert furtebu for store gutar. Reist i 2008 takka vere utbyte frå Sandal & Fossheim Kraft AS, med klokketårn på taket som for å syne at her er ting på stell. – Kraftverket har gitt oss økonomisk tryggleik. Men så brukar vi heller ikkje pengane på fest og fjas, og då kan vi investere her, seier Grete Janne. Inntekta frå kraftverket har blitt enda viktigare etter at ho vart sjuk og hundre prosent uføretrygda og i fjor vinter måtte avslutte firmaet ho dreiv innan bedriftsprofilering. Pål har også helseproblem og brukar mykje av tida til hobbyane sine, i tillegg til å halde eigedommen ved like og ta sin del av vaktene i kraftverket.

▶ Sandal & Fossheim Kraft AS 2010 Driftsinntekt 3374 Driftsresultat 2145 Res. før skatt 1808 Eigenkapital 1436 Alle nøkkeltal i tusen kroner. Kjelde: Ravn føretaksinformasjon

2009 4092 2753 2323 1435

– Vi prøver så godt vi kan å halde gardsbruket i hevd, i respekt for dei som har vore her før, seier han. Rekneskapstala for selskapet viser at eigarane har teke ut nesten 6,5 millionar kroner i utbyte sidan opninga. For ekteparet på Fossheim betyr det ein gevinst på 2,2 millionar på sju år. I furtebua er det full orden. Plakatar og bilete på veggene avslører kjærleik til amerikanske bilar og motorsyklar. Dessutan er jakt og fiske ein viktig del av livet. I garasjen står ein Chevy Corvette til, innepakka, og ventar på fine vårdagar i Breim. – Dette er mor sin, seier Grete Janne med eit breitt glis og dreg vekk trekket som skjermar mot støv og skit. – Kraftverket har gjort nokre draumar til røyndom, fastslår Pål.

Førebur seg på klondyke. Grunneigarane vil ta seg tid før dei avgjer om dei skal byggje to nye kraftverk. Kostnadene har auka og det er venta klondyke blant utstyrsleverandørar og entreprenørar når kampen om dei grøne sertifikata fram til utgangen av 2020 no er i gang. Dessutan skal både hydrologi, økonomi og marknadsutsikter kvalitetssikrast før dei seier ja eller nei. Det har vore mindre kraftverk i Sandalselva både på 1920- og 1950-talet, men dette var ikkje tema då ekteparet Fossheim/Lauritsen bestemte seg for å flytte vestover.


SMÅKRAFTVERK Side 8

Trur du at det kjem folk frå Oslo i dress ut på bygda for å hjelpe deg? Grete Janne Fossheim

NYE PROSJEKT: Grete Janne og Pål på Fossheim fortel om nye planar for kraftutbygging i dalen. – Vi har sagt til borna våre at det regnar ikkje pengar frå himmelen, fortel Pål.

Ingeniør Hermod Seim og Sogn og Fjordane Energi AS (SFE) har vore gode rådgjevarar for mange småkraftutbyggjarar. Oppe på fjellet, i nedslagsfeltet til elva Timbra, har dei no sett opp ein målestasjon for vassføring, slik at dei kan få kunnskap som optimaliserer ei eventuell utbygging. – Vi brukar heller ekstra 200.000 kroner på ei utgreiing enn fleire millionar på ei feilvurdering, oppsummerer Grete Janne. Dei to har sterke meiningar om Sogn og Fjordane Turlag si rolle og NVEs sine vurderingar, men ser samstundes at dei ikkje treng byggje ut alt no. Kanskje vil neste generasjon vere med å bestemme korleis dei vil ha det i dalen.

– Er det aktuelt å samarbeide med Småkraft AS, som tek heile den økonomiske risikoen og krev halvparten av overskotet? – Trur du at det kjem folk frå Oslo i dress ut på bygda for å hjelpe deg, spør Grete Janne tilbake. Journalisten dreg på det. – Det trur i alle fall ikkje vi. Vi får god hjelp frå SFE og får låne pengar i banken. Der har dei stor forståing for den lokale verdiskapinga, slår ho fast.

– Når dei er på bøen eller i fjøset, så er eg i furtebua eller på jakt, spissformulerer Pål. Eller når dei kjøper ein Corvette frå USA, så investerer naboen i ein ny John Deere-traktor. Grete Janne set umåteleg pris på roa og freden i bygda, og køkøyringa i Oslo-gryta er sjølve symbolet på alt det ho ikkje saknar i byen. – Eg ville blitt sprø om eg skulle flytte i blokk igjen, understrekar ho. – Det har vore ei fantastisk reise så langt, seier Pål.

Ei fantastisk reise. Ekteparet er klar over at dei skil seg litt ut blant gardbrukarane i dalen med vel 100 innbyggjarar, men det som måtte vere av Jantelov er til å leve med.

Ivar Myklebust Longvastøl tekst Bent Are Iversen foto


Om 30 år arbeider barnebarnet ditt hos oss. Langsiktighet kan være et ord å pynte seg med. Men det kan også være en vilje, en visjon – slik som hos oss i GDF SUEZ E&P Norge. Vi tror på å delta i olje- og gassproduksjonen på norsk sokkel. Det er positivt for både oss, våre ansatte og samfunnet. Vi har vært her i 10 år. Det er både et lite jubileum og en begynnelse på noe stort og varig. At vi nå har fått operatøransvaret på Gjøa-feltet, gjør oss enda sterkere motivert. Vi vil bidra – i dag, i morgen, i mange tiår framover. Og vi vil være i front. På helse, miljø og sikkerhet. På teknologiske løsninger. På det å tenke nytt, skape noe nytt, være en foretrukket arbeidsgiver og en solid, troverdig aktør i det store bildet. Vi gleder oss!


SMÅKRAFTVERK Side 10

REIN NATURKRAFT: Sterke krefter i sving i Myklebustdalen, denne dagen var det vinden som tok tak på slettelandet under breen. Lars (f.v.), Per Jarle og Geir, alle Myklebust (som tyder den store garden) er tre av ni grunneigarar har like store fallrettar i denne delen av bygda. Bak til høgre ligg den isdekte fossen Strupen, der dei no har levert ein ny plan for utbygging.

Satsar stort ved hjelp av Småkraft Grunneigarane på Myklebust planlegg stort og har alliert seg med Småkraft AS. Dei ønskte å ta ut nok kraft til å forsyne 1350 hus frå elva Strupen som kjem frå breen og kastar seg nedover brattberget bak gardsbruka på Myklebust. – Dette var eit kostbart og komplisert prosjekt, og difor tok vi kontakt med Småkraft AS. Dei har lang erfaring og tek heile den økonomiske risikoen, seier Per Jarle Myklebust. Den opphavlege planen var ein årsproduksjon på 27 millionar kilowattimar (27 GWh), men omsynet til fossen og andre naturkvalitetar gjorde at Norges vassdrags- og energidirek-

torat (NVE) i 2010 gjekk med på ei langt mindre utbygging på 7,2 GWh. Det er ikkje grunneigarane fornøgde med. – No har vi sendt ein ny søknad med eit enklare inntak og der den mest synlege delen av fossen ikkje er råka. Vi har teke omsyn til merknadene frå NVE, seier Myklebust.

Tek halve overskotet. Bak namnet Småkraft AS står fire av dei store aktørane i energibransjen i Norge; Statkraft, BKK, Skagerak Kraft og Agder Energi. Frå fleire hald vert det åtvara mot å sleppe selskapet til i lokale prosjekt. Småkraft AS tek heile kostnaden, men skal også ha halvparten av overskotet i 40 år framover. Då kan grunneigarane få kjøpe kraftverket tilbake – til teknisk verdi. – Vi har skrive ein standardkontrakt, med

lokale tilpassingar, seier Myklebust med eit lurt smil. Grunneigarane på Myklebust fekk i januar konsesjon til å byggje ut Daleelva, som renn i stølsdalen mot Veiteberg i Stardalen i Jølster. Dette er eit prosjekt dei skal eige åleine. Når det gjeld Strupen, er det derimot fornuftig å ha ein alliert, meiner dei. – Vi har eit godt samarbeid og ein ryddig avtale med Småkraft AS, og vi veit at ein del har brent seg på å stå åleine. Det kan vere krevjande å sitje oppunder øyra i gjeld, og vi veit at banken set krav både til rente og kraftpris. Småkraft sel alt på spotmarknaden som over tid gir den beste prisen. Vi kan ikkje vere så navlebeskuande at vi seier at vi ikkje har litt å hente frå andre, argumenterer Per Jarle Myklebust.


Det fine er at utkantane har ein fordel. Der det er bratt og gale frå før, er det gjerne beste forholda for kraftproduksjon Per Jarle Myklebust Gir optimisme i bygda. Frå gammalt har alle gardsbruka på Myklebust like rettar til elva, noko som betyr at alle som vil vere med på utbygginga får ein like stor del av risiko og overskot. Det tradisjonelle landbruket er pressa og må omstille seg, og sjølv om breimningane er offensive også på det feltet, er det ingen tvil om at kraftprosjekta gir ny glød og optimisme.

– Det er med på at ungdommen kan busetje seg her, og vi kan halde på skule og butikkar, seier Lars Myklebust. Per Jarle og svigersonen Geir Myklebust har nyleg investert nærare ni millionar kroner i ny fjøs, lausdrift, mjølkerobot og siloar, og det er ingen tvil om at nokre kraftkroner ekstra vil gjere det greiare å forsvare investeringa. – Det fine er at utkantane har ein fordel. Der

det er bratt og gale frå før, er det gjerne beste forholda for kraftproduksjon. Sjå berre på Kandalen, seier Per Jarle.

Kamp om grøne sertifikat.

Då Småkraft AS fekk tommelen ned for ei stor utbygging i Strupen, var mellom anna grunngjevinga frå NVE at ved det først omsøkte inntaket vart ei fossesprøytsone av ein viss regional verdi berørt. Per Jarle Myklebust seier at han har respekt for den jobben som turlag og naturvernarar gjer, og han har ingen innvendingar mot grundige utgreiingar av prosjekta, men den lange tida det tek å behandle søknadene er eit problem.


SMÅKRAFTVERK Side 12

▶ Småkraft AS 2010 Driftsinntekt 53,8 Driftsresultat 17,4 Res. før skatt 2,5 Eigenkapital 385 Alle nøkkeltal i millionar kroner. Kjelde: Ravn føretaksinformasjon

2009 38,4 -2,8 -17,8 289

Ifølgje Henrik Glette, dagleg leiar i Småkraftforeininga som er interesseorganisasjonen til utbyggjarane, er behandlingstida ho NVE i dag 5–6 år. På toppen av dette kjem arbeidet med detaljplan, bestillingstid på utstyr og byggjetid. Fram til 31. desember 2020 skal det byggjast ut 26,4 milliardar kilowattimar (26,4 TWh) ny, fornybar energi i Norge og Sverige, der småkraftverka her i landet er venta å ta ein stor del. Dette gir grøne sertifikat til utbyggjarane, som sikrar dei 10–20 øre ekstra betalt per kilowattime. Her er det venta eit rotterace for å komme i mål innan nyårskvelden 2020. – Viss ikkje søknaden er klar i desse dagar, så kan ein berre gløyme å rekke det, meiner Per Jarle Myklebust.

OPTIMISTAR: Gardbrukarane på Myklebust fortel at kraftplanane gir tru på framtida, f.v. Lars, Per Jarle og Geir. Dei to sistnemnde har nyleg investert ni millionar kroner i ny fjøs og mjølkerobot.

Ivar Myklebust Longvastøl tekst Bent Are Iversen foto

SPV.NO | TLF. 05555

Manglar dine tilsette kraft og energi?

Er du på jakt etter ein finansiell leverandør med kompetanse på småkraftverk?

Gi dei eit gåvekort og ein dag fri!

Reklamebyrået Inform Media

Sparebanken Vest har lang erfaring med kraftverk og difor god kompetanse på småkraftfinansiering. Ta gjerne kontakt med ein av våre kontaktpersonar.

Vårt elektroniske gåvekort kan nyttast i våre 35 butikkar. Kjøp gåvekortet på Førde Libris i 1. etg. Opningstider:10–20 (10-16) Matvarebutikkane har eigne opningstider

Olav Hjelle Regionbanksjef Bedriftsmarknad Tlf.: 917 15 561 E-post: olav.hjelle@spv.no

Geir Flatjord Senior bedriftsrådgiver Tlf.: 57 82 81 55/971 56 568 E-post: geir.flatjord@spv.no

Vi set saman eit godt kundeteam for dykkar kraftverk!


Uansett hva slags jobb du har – vi har bilen. Transit Connect Kraftig, slitesterk og fleksibel – og med høy grad av komfort. Med kort akselavstand…

Transit Skapbil Med utgangspunkt i enkelt eller dobbelt førerhus, medium, lang eller ekstra lang utgave, kan du nær sagt få dekket ethvert, individuelt transportbehov...

Transit Connect …eller lang akselavstand.

Galaxy Kanskje den mest fleksible varebilen du kan tenke deg. God plass til fører og stort lasterom, med førsteklasses kjøreegenskaper.

FORD – 5 ÅRS NORGESGARANTI

Transit En klassiker blant nyttekjøretøy, med uendelige tilpasningsmuligheter. Pluss firehjulstrekk. Ranger A real man´s adventure…

(Forhandlerfelt)

Berre 3 plassar igjen

Bli med Firdaposten til Svalbard 13.–16. april 2012 Vi gjentar suksessen! Forrige tur opplevde vi fantastiske dagar, med til dels strålande vêr, lyse netter og eit rikt dyreliv med ryper, rein, sel, kvitungar og isbjørn. Bli med Firdaposten til Svalbard og sjå den arktiske naturen lysne opp i april. 19. april kjem midnattssola tilbake til Longyearbyen, og på denne turen lysnar det vinterkledde landskapet opp i eit fantastisk fargespel. FREDAG 13. APRIL: Kl. 09.55 Avreise frå Gardermoen. Kl. 14.00 Ankomst Longyearbyen. Kl. 15.00 Lunsj i hotellrestauranten. Kl. 16.00 HUNDESLEDETUR I BOLTERDALEN ELLER ADVENTDALEN 2 og 2 på kvar slede i scooterfritt område. Kl. 20.30

Trerettars middag inkl. kaffi vert servert i Funktionærmessa.

LAURDAG 14. APRIL: Kl. 07.00 Frukost Kl. 08.00 SNØSCOOTERSAFARI TIL PYRAMIDEN. Vi startar den 22 mil lange turen på kvar vår scooter i retning aust langs Adventdalen og Eskerdalen. Guidar held oss oppdaterte om dyreliv, historie og Svalbard sin geografi. Vi kryssar den mektige Sassendalen på tvers. Etter fangsthytta Fredheim køyrer vi på sjøisen over Tempelfjorden til Murdochdalen, og passerer "båten i isen". Etter 2-3 timar kjem vi nedover Nordenskiöldbreen, inst i Adolfbukta, i Billefjorden. Vi tar ein lang pause ved brefronten og kryssar Petuniabukta over isen i retning Pyramiden. På denne tida er det store sjansar for å sjå sel på isen. Framme i Pyramiden et vi varm, russisk lunsj på det gamle hotellet, og vi har litt tid til å kikke på det som i dag er ein spøkelsesby. Det vert kravd førarkort for bil eller motorsykkel og turen tar 10–12 timar. Kl. 18.00 AFTER SCOOTER i Barents Pub eller biljardrommet med øl, snaps og snacks. Kl. 21.00 Arktisk middag på legendariske HUSET, med vinar og kaffi.

SØNDAG 15. APRIL: Kl. 07.00 Frukost vert servert fram til kl. 10.00. Kl. 12.00 Torettars lunsj inkl. kaffi vert servert i hotellrestauranten. Tid på eiga hand og tid til å besøke Galleri Svalbard, Svalbard Museum, taxfree, shopping… Kl. 16.00 ISGROTTING – EI VANDRING I ISBREENS INDRE Med beltevogn reiser vi opp på Longyearbreen, og i lyset frå hovudlyktene tar vi oss innover smeltevasskanalane under breen. Kl. 20.30 Festmiddag med aperitiff, vinar, kaffi & avec vert servert i Funktionærmessa. MÅNDAG 16. APRIL: Kl. 08.00 Frukost vert servert fram til kl. 10.00. Utsjekking av romma før kl. 11.00. Kl. 12.00 Torettars lunsj på hotellet. Kl. 14.45 Avreise fra Svalbard Lufthamn Longyear. Ankomst Gardermoen kl. 19.00. Turpris 19.900,- inkludert fly t/r Oslo, 3 netter på «Funken» i dobbeltrom, mat, alle utflukter og program som over og reiseleiar frå Firdaposten. Enkeltromstillegg: 3.375,-, avslag i trippelrom 1.150,Flyskatt og miljøgebyr p.t. 354,- kjem i tillegg Ev. tilknyting kjem i tillegg, men korresponderer bra til Florø om rutene er som no. Meir informasjon og påmelding; Sander på 900 51 867 eller sander@firdaposten.no Påmelding snarast. Tidspunkta for aktivitetane kan bli endra.

kystavisa

Foto: Sander Ødelien

ford.no


SMÅKRAFTVERK Side 14


BETALER TO GONGER: Småkrafteigarane endar opp med å betale kraftverket to gonger dersom dei kjøper det igjen til teknisk verdi, konkluderer Johannes Idsø. Han slaktar kontrakten som Småkraft AS tilbyr grunneigarane. Foto: Bent Are Iversen

– Berre småpengar til grunneigar Grunneigarane sit igjen med berre ein tredel av kontantstraumen, og må kjøpe kraftverket tilbake til blodpris dersom dei slepp Småkraft AS til på eigarsida. Det viser ein fersk analyse som samfunnsøkonom Johannes Idsø på Høgskulen i Sogn og Fjordane presenterer i rapporten «Småkraft og regionaløkonomisk vekst», som Idsø har laga på oppdrag for næringsavdelinga i fylkeskommunen. – Det som har overraska meg mest, er kor einsidig kontrakten mellom Småkraft AS og grunneigarane favorisererer selskapet, seier Idsø.

Ein tredel til grunneigar. Småkraft AS har så langt vore mest på offensiven i høve til å byggje ut småkraftverk etter avtale med grunneigarane, men fleire liknande aktørar har komme på banen (sjå faktaboks). Mange har åtvara mot denne typen kontraktar, men analysen til Idsø kan tyde på at avtalane er enda dårlegare enn den ser ut. Ifølgje standardkontrakten tek Småkraft heile den økonomiske risikoen, medan partane deler overskotet likt mot at Småkraft AS får leige fallrettane i 40 år. Etter den tid kan grunneigarane kjøpe tilbake kraftverket til teknisk verdi. Idsøs reknestykke viser at grunneigarane i realiteten ikkje sit igjen med 50 prosent, men derimot berre 34 prosent av det dei ville hatt dersom dei finansierte, bygde og dermed eigde kraftverket sjølv. Økonomen har sett på eit kraftverk som sel straum for ein million kroner i året. Ifølgje Idsøs tal vil ein

grunneigar som inngår standardkontrakt med Småkraft AS site igjen med ein kontantstraum på 6,649 millionar kroner etter 40 år. Hadde han eigd kraftverket sjølv, ville han site igjen med 19,514 millionar. Kontantstraumen er skilnaden mellom kontantar som går inn og ut av ei bedrift i ein bestemt periode, noko som gir eit godt bilete av verdiskapinga. Kontantstraumane i dette dømet er det som grunneigar sit igjen med når alle kostnader, renter, avdrag, eigedomsskatt og selskapsskatt er betalt. Det er ikkje skilt mellom utbetaling av utbyte eller det å la vere å utbetale utbyte for å styrke eigenkapitalen i selskapet. – Den store skilnaden overraska meg, understrekar Idsø.

▶ KRAFTFYLKET

Betaler to gonger. Han har gått gjennom heile kontrakten med kritisk blikk og reagerer spesielt på vilkåra for å kjøpe tilbake kraftverket etter 40 år – til teknisk verdi. Med teknisk verdi «menes nyanskaffelsesverdien av et tilsvarende anlegg, fratrukket reinvesteringskostnadene ved å bringe anlegget opp til nødvendig tilstand for nye 40 års drift», går det fram av kontrakten. – Grunneigarane har altså rett til å kjøpe anlegget for den prisen det kostar å byggje eit nytt på det tidspunkt avtalen går ut, men her må ein merke seg at Småkraft allereie har fått tilbake den investerte kapitalen med rente gjennom avskrivingane, og ved å belaste rekneskapen med ein rentesats som er klart høgare enn dei vilkåra eit selskap som Småkraft får i marknaden, seier Idsø.

▶ SMÅKRAFT

Sogn og Fjordane er fylket med tredje størst kraftproduksjon i landet. I 2009 var produksjonen 14,7 milliardar kilowattimar (14,7 TWh). Marknadsprisen på denne energien var 5,9 milliardar kroner (reknar då 40 øre/kWh). Luster og Aurland er dei klart største kraftkommunane i fylket. Statkraft, E-CO (eigd 100 % av Oslo kommune) og BKK er dei største eigarane av dei store kraftverka. Det er så langt gitt 89 konsesjonar til utbygging av småkraftverk i fylket, og 88 søknader ligg i køen for behandling hos NVE Til saman 2,2 TWh (sjå kommunevis tabell). Eit småkraftverk vert til vanleg definert med ein årsproduksjon under 50 millionar kilowattimar (50 GWh). Frå 2008–2012 fekk Småkraft AS konsesjonar som svarar til 30 prosent av samla tildelt produksjon i perioden.

Småkraft AS vart skipa i 2002. Spesialist på småkraftverk. Eigd av Skagerak Energi, Agder Energi, BKK og Statkraft. Har til no fått 16 konsesjonar i Sogn og Fjordane. Det største av fleire eksterne selskap som ønskjer å byggje ut småkraftverk her i fylket.


SMÅKRAFTVERK Side 16

Han konkluderer med at grunneigarar som kjøper tilbake kraftverket, endar opp med å betale det to gonger. Difor bør avtalen endrast til at dei skal betale bokført verdi, noko som i mange høve vil seie at dei kan overta det gratis når 40 år har gått.

Regionen taper stort. Idsø har også analysert følgjene for den regionale økonomien ved å samanlikne lokalt eigarskap med dei vilkåra som Småkraft AS krev. Det einaste som er likt ved dei to alternativa, er eigedomsskatten, men på ei rekkje andre område taper lokalsamfunnet og regionen på at Småkraft eig og byggjer, ifølgje rapporten: Grunneigar sit igjen med ein tredjedel av pengestraumen, den lokale banken får ikkje rente, kommunen får berre ein tredel av inntektsskatten, inga lokal bedrift får vidaresal av kraft, og truleg vert det mindre lokale innkjøp, færre lokale leverandørar og grunneigarane får lite ny kompetanse. Tek risiko for deg. Økonomen konkluderer likevel med at Småkraft i nokre høve kan vere den rette partnaren. Selskapet har kunnskap og erfaring og står for verdiskaping nasjonalt, så lenge dei ikkje har utanlandske eigarar. Idsø trekkjer fram at Småkraft kan vere ei god medspelar ved marginale og risikable prosjekt. Den største faren ved slike prosjekt, er at utbygginga vert så krevjande at grunneigarar som står åleine får likviditetsproblem. Finansiell styrke ved større prosjekt kan vere fornuftig for grunneigarane. Ei utbygging i regi av Småkraft eller andre selskap kan også vere det rette alternativet for grunneigarar som ikkje ønskjer å engasjere seg. Sjølv om det er dårlegare økonomisk, kan det vere einaste alternativet for nokre. Idsø meiner likevel at det er mange gode grunnar til å byggje ut sjølv, eller samarbeide med lokale selskap dersom ein er oppteken av regional verdiskaping. – Når Småkraft vil innvende at det er risikabelt å byggje ut sjølv, så viser erfaringa her i fylket at risikoen er liten. Sparebanken Sogn og Fjordane har finansiert 50–60 kraftverk og meiner det er like sikkert som bustadfinansiering. Vi har også kompetente regionale utbyggjarar som Sognekraft, Sunnfjord Energi og Sogn og Fjordane Energi som kan tilby dei same løysingane som Småkraft, seier Johannes Idsø.

▶ Småkraftverk med eigarar utanfrå Utbyggjar Eksternt eigarskap Småkraft AS 100 % Luster Småkraft AS 50 % Marintech Energy AS 100 % (konkurs) BKK Produksjon AS 100 % Fjellkraft AS 100 % Norges Småkraftverk AS 100 % Norsk Grønnkraft AS 100 % Norsk Hydro AS 100 % Sogn og Fjordane Energiverk AS 38,5 % Sognekraft AS 44,40 % Totalt

Konsesjonar 16 4 2 0 1 0 0 0 0 0 23

Søknader 5 2 0 1 1 4 4 1 1 5 24

Kjelde: Rapporten «Småkraft og regionaløkonomisk vekst», Høgskulen i Sogn og Fjordane, 26. januar 2012.

▶ Småkraftfylket Kommune Gloppen Jølster Luster Sogndal Lærdal Førde Balestrand Flora Bremanger Stryn Gaular Gulen Årdal Høyanger Askvoll Vik Fjaler Eid Aurland Hyllestad Naustdal Vågsøy Hornindal Totalt

Konsesjonar 19 10 9 8 1 5 4 3 1 4 7 5 1 3 2 2 1 2 0 0 1 1 0 89

Søknader 8 7 7 4 12 5 3 7 8 4 0 2 3 3 3 3 4 1 1 2 0 0 1 88

Produksjon totalt* 419 278 267 202 178 116 107 75 74 72 67 64 52 52 51 45 28 23 20 11 9 5 3 2228

Salssum per år** 104 69 66 50 44 29 26 18 18 18 17 16 13 13 13 11 7 6 5 3 2 1 1 557

* Forventa produksjon i GWh per år dersom alle kraftverka vert utbygde som planlagt. Gjeld berre småkraftverk (under 50 GWh) ** Forventa salssum av straumen per år, i millionar kroner, avrunda til næraste heile tal. Kjede: Rapporten «Småkraft og regionaløkonomisk vekst», Høgskulen i Sogn og Fjordane, 26. januar 2012.

Ivar Myklebust Longvastøl tekst

Det som har overraska meg mest, er kor einsidig kontrakten mellom Småkraft AS og grunneigarane favorisererer selskapet Johannes Idsø, økonom


– Får det svaret han vil – Forskaren undervurderer grunneigarane og set opp eit reknestykke for å få det svaret han ønskjer. Det meiner Rein Husebø, administrerande direktør i Småkraft AS. Husebø seier at eit kraftverket i dømet som er brukt av forskaren, ikkje er representativt for dei prosjekta Småkraft AS går inn i. Det gjeld både storleiken (sel kraft for ein million kroner i året) og eigenkapitalen (600.000 kroner av ein totalkostnad på 6 millionar).

I eit dårleg lys. – Vi har nyleg ferdigstilt Tjøtaelva kraftverk i Hyen, til ein utbyggingspris på fire kroner per kilowattime, og det er ei mykje større utbygging. Der krevst det eigenkapitaldekking på 40 prosent, ikkje 10 prosent som i dømet til forskaren, seier Husebø. – Forskaren har nok lagt inn dei premissane han treng for å finne det svaret han og oppdragsgjevaren vil ha. Det er ingen kunst, viss formålet er å stille oss i eit dårleg lys, hevdar Husebø. Forskar Johannes Idsø skriv at han har spurt om å få ut kontraktane frå Småkraft og andre, men har fått nei. Han har difor skaffa seg ein

kontrakt frå grunneigarar, og det er denne han legg til grunn i sin analyse. Rein Husebø seier at han ikkje har blitt spurt om levere ut ein kontrakt, og han vil også vegre seg for gje den til «slike som han» når han får referert delar av konklusjonane. – Men eg er forundra over at han ikkje har spurt oss om innhald i avtalar og prosjekt, slik at han kan få sjå korleis vi jobbar. Han finn ikkje alle svara inne på forskingskontoret sitt, seier Husebø.

Har endra kontrakten. – Dersom grunneigar har kompetanse og like stor finansiell styrke som oss, så kan han like godt byggje ut sjølv. Poenget er at grunneigar må få velje sjølv, og det er uansett viktig med konkurranse, seier Husebø. Han seier at konkurranse har ført til at Småkraft har endra sine kontraktar til fordel for grunneigar. Det betyr at grunneigarar har fått avtalar med meir enn 50 prosent av overskotet, og at prisen ved gjenkjøp av kraftverket etter 40 år, er endra til halvparten av teknisk verdi. – Vi har valt ein modell for gjenkjøp der vi ikkje kan køyre anlegget på felgen dei siste åra før overtakinga. Samstundes såg vi at dei første

Rein Husebø er sjef i Småkraft AS.

kontraktane gav ei skeivfordeling i vår favør, seier Husebø. – Det verkar som forskaren eigentleg fremjar eit politisk syn og finn argumentasjon som passar til dette. Det er legitimt å meine at ein bør byggje ut sjølv som prinsipp, men kva som er lønsamt er ei anna sak og varierer med både risikovilje og kapital, legg han til.

HØGT og LÅGT

Variert kompetansemiljø

Ein aktiv støttespelar i lokalmiljøet

www.sunnfjordenergi.no


KOMMENTAR Side 18

Historia om fossespekulant Fredrik Hiorth bør ein ikkje fortelje til mørkredde ungar i Sogn og Fjordane.

Gode tider for fossespekulantar Vi køyrde på smale vegar opp til Myklebustdalen i Gloppen, som Firda like godt døyper om til småkraftas Silicon Valley, men vi ser ingen fareskilt som åtvarar mot skumle fossespekulantar. Kanskje er det på tide å setje dei opp?

LANGT FRÅ AKER BRYGGE.

Inst i dalen bur ein flokk driftige gardbrukarar, med Per Jarle Myklebust som talsmann. Saman med naboar har han satsa stort på garden og planlegg kraftutbygging for mange titals millionar. – Det fine er at utkantane har ein fordel. Der det er bratt og gale frå før, er det gjerne beste forholda for kraftproduksjon, seier Myklebust. Vind og snøbyer hyler rundt øyra og dokumenterer at her er sterke krefter i sving. Rein energi, velsigna langt frå jappane og pengeflyttarane på Aker Brygge. Endeleg ei næring som viser Oslo ræva og favoriserer utkantane. Eller? Historia fortel oss at det er nødvendig å følgje med i timen. For hundre år sidan reiste oslomannen Fredrik Hiorth (1851–1923) rundt i Norge og kjøpte opp fallrettar. Kring 1916 hadde han sikra seg kontroll over dei store vassfalla i Aurland, som seinare vart selde til Oslo kommune (Oslo Lysverker, i dag E-CO) og bygde ut. Grunneigarane vart lova svimlande 450.000 kroner, men fekk berre 30–40 kroner kvar per år.

STORE VERDIAR I SPEL.

Sogn og Fjordane er blant dei største kraftfylka i landet med ein årsproduksjon verd nesten seks milliardar kroner. Frå Aurland kommune hentar Oslo kommune ut over ein milliard i året i brutto inntekt, takka vere Hiorth og hans medhjelparar. Siste åra har småkraft-utbygginga skote fart. Dersom alle prosjekta får konsesjon og vert bygde ut, er det berre Solund av kommunane som ikkje vil ha vasskraftverk om nokre år. 177 småkraftverk er utbygde eller har søkt konsesjon, med ei venta verdiskaping på 557 millionar kroner årleg. Og ikkje minst, bekken bak huset har skapt optimisme og gir håp for at også neste generasjon vil bu på bygda. Innføring av grøne sertifikat frå årsskiftet gjer fossen og fallretten enda meir verdfull. Dei som klarer å få kraftverket i produksjon innan utgangen av 2020, kan truleg glede seg over 10–25 øre ekstra per kilowattime. Slikt vert det fort nye millionar av.

HUSMANNSKONTRAKT. Vår tids fossespekulantar har for lengst meldt seg. Bak det trivelege namnet Småkraft AS står fire av dei største aktørane i energibransjen, ingen av dei med adresse Sogn og Fjordane. Småkraft AS har sikra seg konsesjonar som utgjer nesten ein tredel (30 %) av venta småkraft-produksjon i perioden 2008–2012. For kort tid sidan kom meldinga om at Fjellkraft AS har sikra seg attraktive fallrettar i elva Jølstra, truleg verd mange hundre millionar kroner. Dei største eigarane er Narvik kommune og den danske energigiganten Dong Energy. Fjellkraft utkonkurrerte Sunnfjord Energi i kampen om fallrettane i elva som renn rett

SILICON VALLEY: Myklebustdalen i Breim, småkraftas svar på Silicon Valley, der datakraft er bytt ut med elektrisk kraft. Gloppen er småkraft-kommune nummer ein i Sogn og Fjordane. Foto: Bent Are Iversen

forbi kontoret til det lokale energiselskapet. I ein rykande fersk rapport slaktar forskar Johannes Idsø kontraktane til selskapet Småkraft AS. Omgrepet «husmannskontrakt» som vart brukt om fossespekulant Hiorth og hans samtidige, ligg nær å hente fram igjen, skal ein tru forskaren. Det er interessant å merke seg at Småkraft ser ut til å ha fått sterkare fotfeste i Sogndal og andre sognekommunar enn i to av dei store småkraftkommunane Gloppen og Jølster. Ei forklaring kan vere at glopparane har hatt eit sterkt lokalt rådgjevingsmiljø i Sogn og Fjordane Energiverk (SFE) og ein lokal bank som stiller opp. Eller motsett; sogningane har god erfaring med Småkraft. Oppegåande bønder på Myklebust er overtydde om at det er rett å ha Småkraft AS med på laget i den mest risikofylte utbygginga. Grete Janne Fossheim lenger ute i dalen er derimot nådelaus når ho stiller spørsmålet: Trur du at det kjem folk i dress frå Oslo ut på bygda for å hjelpe deg?

utgangspunktet er bra, på grunn av store ressursar og fordi fylket har tre store energiselskap med lokalt ankerfeste. Bransjen har gått i dialog med høgskulen og Vestlandsforsking og stiller opp med pengar for å få i gang studium i fornybar energi og elkraftline for ingeniørar, og det er lagt planar for å gje fylket status som nasjonal energiklyngje. Det er heilt avgjerande at dei tre store går i tet for at dei høge ambisjonane skal la seg realisere, og då er lokal eigarskap avgjerande. La etterkomarane våre sleppe å høyre nye skrekkhistorier om fossespekulantar som sikra seg verdiane frå elva bak huset.

NYE SKREKKHISTORIER.

I rapporten «Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane» som peikar ut kursen for næringslivet, er fornybar energi eit av seks område der fylket kan ta ein nasjonal posisjon. Det er ingen tvil om at

Ivar Myklebust Longvastøl


GJER EIT VINTERKUPP! LYST PÅ LITEN PC? SJEKK DENNE!

SVÆRT POPULÆRT!

APPLE IPAD2 & SAMSUNG GALAXY TAB 10.1

ACER ASPIRE ONE 722

Prisar frå

• AMD Fusion C-60 Dual Core Prosessor • 11,6" HD LED Skjerm • 4 GB DDR3 Ram • 320 GB Harddisk • AMD Radeon HD6290 Skjermkort • HDMI, 3 X USB 2.0 • Bluetooth 3.0, Webcam • Kortlesar, VGA • 6-Cellers Batteri / Inntil 7t Batteritid • Trådlaust nett (n) + 100/1000 LAN • Windows 7 Home Premium

3995,–

3495,–

Vi har godt utval av dei mest populære nettbretta på lager!

inkl. mva.

inkl. mva.

SUPER MASKIN TIL VANLEGE OPPGÅVER ACER ASPIRE X 1430 • AMD E-300 Dual-Core prosessor • 4 GB DDR3 RAM • 500 GB Harddisk • AMD Radeon HD6310 skjermkort • DVD-Brennar dual • 6x USB 2.-0 + HDMI • Kortlesar, VGA, PS2 • 100/1000 LAN • Acer tastatur og mus • Windows 7 home premium

KRAFTIG YTELSE TIL LÅG PRIS! ACER ASPIRE 5749Z Intel Dual Core B950 Prosessor • 15,6" HD LED Skjerm • 4GB DDR3 Ram • 500GB Harddisk • Intel HD Graphics Skjermkort • Webcam, 3 X USB 2.0, DVDBrennar Dual • HDMI, Kortlesar, VGA • Trådlaust nett (n) + 100/1000 LAN • Windows 7 Home Premium

3995,–

3750,–

inkl. mva.

inkl. mva.

BRA YTELSE OG STOR SKJERM TIL LÅG PRIS! ULV I FÅREKLÆR! ACER ASPIRE X3990 Intel Core i7-2600 Quad-Core Prosessor • 8GB DDR3 Ram • 2TB Harddisk • Nvidia Geforce GT 530 - 2GB Skjermkort • DVD-Brennar Dual, HDMI, DVI • 9 X USB 2.0, Kortlesar, PS2 • Trådlaust nett (n) + 100/1000 LAN • Acer Tastatur & Mus • Windows 7 Home Premium

7990,–

ACER ASPIRE 7750 Intel Core i3-2330M Prosessor • 17,3" HD+ (1600X900) LED Skjerm • 4GB DDR3 Ram • 500GB Harddisk • Intel HD Graphics 3000 Skjermkort • 1 X USB 3.0 • 1.3MP Webcam, HDMI, 2 X USB 2.0 • Kortlesar, VGA • Inntil 4-timer batteritid • Trådlaust nett (n) + 100/1000 LAN • Windows 7 Home Premium

4995,– inkl. mva.

inkl. mva.

KRAFTIG MASKIN, KLARER DET MESTE! SVÆRT POPULÆRT!

ACER ASPIRE 5755G

CANON PIXMA MG3150 Multimaskin (skrivar/skanner/kopi) med trådlaust nettverk og automatisk tosidig utskrift!

• Intel Core i5-2450M Prosessor • 15,6" HD LED Skjerm • 6GB DDR3 Ram • 750GB Harddisk • Nvidia Geforce GT 630M - 1GB Skjermkort • 1 X USB 3.0 • DVDBrennar Dual, HDMI, 1.3MP Webcam • 2 X USB 2.0, Kortleser • Trådlaust nett (n) + 100/1000 LAN • Inntil 4,5t batteritid • Windows 7 Home Premium.

895,–

6490,–

inkl. mva.

inkl. mva.

MYKJE FOR PENGANE! 51" PLASMA TV • Full-HD (1080p) oppløsning • 600Hz Subfield Motion • 2 X HDMI, Connect Share • Innebygd Riks-TV tuner • USB 2.0 • Scart, RCA, S-VHS • Vekt: 24,8 Kg • Størrelse (BxDxH): 118,7 x 5,3 x 78,8cm

ULTRA SLIM Full-HD 600hz Samsung 51" Plasma-TV - PS51D535

5990,– inkl. mva.

ULTRA LIGHT

ULTRA SMART

ACER ASPIRE S3-951 ULTRABOOK • Intel Core i5-2467M Prosessor • 13,3" HD LED Skjerm • 4GB DDR3 Ram • 320GB Harddisk m/20GB SSD (!) • Intel HD Graphics 3000 Skjermkort • Inntil 6t batteritid & 50dagars standby (!) • 2 X USB 2.0, HDMI • 1,3 MP Webcam • Bluetooth 4.0, Kortlesar • Trådlaust nett. (n) + 100/1000 LAN • Windows 7 Home Premium

6790,– inkl. mva.

BEST I TEST – TV2 HJELPER DEG!

EIN AV VÅRE ABSOLUTT KRAFTIGASTE BÆRBARE MASKINER

SAMSUNG 55" 3D LED SMART-TV - UE55D6505 Full-HD (1080p) oppløysing • 400Hz Clear Motion Rate teknologi • 4 X HDMI • Innebygd Riks-TV & Satelitt-tunar • Wi-FI, PVR, Nettverk • 3 X USB 2.0, • VGA, Scart, RCA, S-VHS • Svivel-fot

ACER ASPIRE 7750G • Intel Core i7-2670QM (Quad-Core) Prosessor • 17,3" HD+ (1600X900) LED Skjerm • 8 GB DDR3 Ram • 750 GB Harddisk • AMD Radeon HD6650M - 2GB Skjermkort • 1 X USB 3.0 • HDMI, 2 X USB 2.0, 1.3MP Webcam • DVD-Brennar Dual, Kortlesar, VGA • Trådlaust nett (n) + 100/1000 LAN • Windows 7 Home Premium .

13990,–

8490,–

inkl. mva.

inkl. mva.

Vi leverer gratis i Førde-området!

Fokusgården • 6800 Førde Tlf. 57 82 67 00 • post@kontorsenteret.com

www.kontorsenteret.com


Aktiv med vind 5. og 6. klassinger fra Bakkamyra skole på ski i Smøla vindpark, februar 2010.

Aktivitet med vind gir mer enn ren energi og bidrag til et bedre klima. Det skaper også økt aktivitet i lokalmiljøet og næringslivet, lokalt og nasjonalt. SAE Vind er Statkraft og Agder Energi sin felles satsing på landbasert vindkraft i Norge. Vi jobber aktivt med å bygge ut vindparker over hele landet og har mål om å realisere 1500 MW innen 2020, nok til å dekke strømforbruket til ca. 200.000 husstander. Med sterke eiere i ryggen har vi den erfaring, kompetanse og kapital som skal til for å lede an i utviklingen av vindkraft i Norge. Norges ledende selskap innen landbasert vindkraft

www.saevind.no


TYSKARSTÅLET: Stig Kvanli og Hydro Energi er i ferd med å fusjonere høgteknologi med 70 år gamle røyrgater og turbinar frå krigsåra. Nyskapinga heiter Holsbru kraftverk.

Gir nytt liv til gamle røyr


I NY DRAKT Side 22

FJELLETS HARRY POTTER: Den er som henta ut frå ein fantacy-film, den 70 år gamle regulatormaskina for generator 2 i Tyin kraftverk. Hammarlakka og skinande står den klar til å styre vass-straumen inn mot turbinhjula som snart skal snurre igjen.

DER SOGNEFJORDEN GÅR PÅ LAND: Høge fjell med bekkar og fossar har danna grunnlaget for over 70 års industriutvikling i Årdal. Med verdas nest lengste fjord som transportåre ut mot verda, har sognebygda mange naturgjevne premissar på si side.

Nye Holsbru kraftverk må vere eit av dei underlegaste vasskraftprosjekt i norsk historie. Vi står ved tunnelinnslaget til Holsbru kraftverk, vel 700 høgdemeter over kraft- og aluminiumsbygda Årdal. Framfor oss ligg 6094 meter nydriven vasstunnel i fjellsida Ljoteli, sprengd og bora ut på berre 18 månader. 23. februar skal tunnelen fyllast med vatn, den første store testen på eit svært så spesielt prosjekt. For i enden av tilførselstunnelen ligg ikkje eit hypermoderne røyrgatesystem. Vatnet skal i staden koplast inn på ein sovande gigant, det gamle Tyin kraftverk som blei bygt for 70 år sidan av den tyske okkupasjonsmakta, med russiske krigsfangar og franske tvangsarbeidarar som arbeidskraft.

– Anlegget blei fasa ut i 2004, då Hydro Energi investerte i heilt nytt Tyin kraftverk. Men for nokre år sidan kom kreative hovud på ideen å sjekke om det gamle anlegget var i ein slik forfatning at det kunne brukast, fortel prosjektansvarleg for anleggsdelen i fjellet, Ingvar Norevik.

Tysk presisjon.

Svaret frå ingeniørar og metallurgar overraska mange. Den 1800 meter lange røyrgata, smidd i Krupp-stål frå Wehrmacht var ikkje berre i bra forfatning. Den var av eksepsjonelt høg kvalitet. Hydro Energi endra difor planane for korleis den byggjeklare

restkrafta kunne realiserast. Røyra kunne brukast, det same gjaldt turbinane og ein av generatorane nede i den gamle kraftstasjonen. Arbeidet med å kombinere 70 års gammal ingeniørkunst med hypermoderne teknologi for tunneldrift var i gang. – Pass på, her er glatt. Har du skifta til vernestøvlar? Og ha lykta tent heile tida! HMS-tenkinga gjennomsyrar alt Norevik gjer seg der vi vaggar i veg inn i mørkret, polstra frå topp til tå. – Vi er i mål no. Vi enda med ein skade med fråvær. Ein kar ramla ned frå stigbrettet på anleggsmaskina si og slo seg i ryggen. Det

Når vi er ferdige med anlegget vil vi ha investert rundt 240 millionar kroner. Det vil vere tent inn att på seks års normal drift. Ingvar Norevik


gjekk heldigvis bra. Ein skade er ikkje ille på 120.000 arbeidstimar, men det er sjølvsagt ein for mykje – sjølv om den ikkje var alvorleg, legg Norevik til. Talet står i kontrast til korleis den tyske okkupasjonsmakta såg menneske som forbruksvare då det opphavlege kraftverket blei bygd under krigsåra. Den gong var bygda nedunder oss prega av høge gjerde, brakker og piggtråd. Fangeleirar fulle av unge menn. Mange såg aldri heimlanda sine att. I Årdals-målestokk er nye Holsbru kraftverk for ein pygmé å rekne. Årsproduksjonen vil liggje rundt 84 GWh, noko som tilsvarar to gong-

PUSSAR OPP: Gamle Tyin kraftverk har stått mørk og nedstengd dei siste åtte åra. Vedlikehaldsoperatør Helge Strid frå firmaet BIS er hyra inn for å friske opp og reingjere den sovande giganten.

er straumforbruket til bygda nede i dalbotnen som tel 5500 innbyggjarar. Til samanlikning produserer storebror Tyin kraftverk 1,4 Terrawatt-timar, nok straum til å dekkje årsforbruket til ein by på storleik med Drammen. – Det spennande med dette prosjektet er at vi har ikkje noko tradisjonelt vassmagasin. Vi har ikkje bygt demningar eller gjort store naturinngrep. Hovudvasskjelda Holsbruvatn vil ha same vasstand som før. I tillegg hentar vi inn nokre bekkar i nedslagsfeltet, gjennom å byggje såkalla takrennesystem som samlar vatnet og fører det inn i systemet. Det er ein skånsam måte å hente ny, miljøvennleg kraft på, seier driftsansvarleg Per Magne Gullaksen i Hydro Energi Årdal.

Vatn ikkje i vinden.

Holsbru blir eit såkalla start-stopp-anlegg, der hovudproduksjonen går om hausten når det regnar solid og om våren når store mengder snø blir til vatn



blir til kraft – blir til pengar. For det er store pengar i vasskraft. – Når vi er ferdige med anlegget vil vi ha investert rundt 240 millionar kroner. Den investeringa vil vere tent inn att på seks års normal drift, smiler Gullaksen. – Med slike driftsmarginar, kva tankar gjer du deg då om debatten rundt satsing på vindkraft? – Eg driftar kraftanlegg og driv ikkje med energipolitikk. Eg registrerer berre at dei leiande politikarane våre står fast på at tida for store vasskraftutbyggingar i Norge er over. Samtidig gjer eg meg sjølvsagt mine tankar om kva som bokstavleg tala er i vinden for tida – og kva som ikkje er det. Men ein ting kan eg seie: Modernisering og utviding av gamle vasskraftanlegg gir lønsam kraft og er skånsam mot miljøet, seier diplomaten Gullaksen. Tunnelvandringa er over, og vi sniglar forsiktig oss ned den stupbratte fjellsida mot Øvre Årdal. Vel inne på Hydro Aluminium sitt verksområde vitjar vi nullpunktet. Her er starten på det gigantiske tvillingrøyrsystemet som ligg i tunnel 1000 høgdemeter og 1800 røyrmeter oppover, i ein vinkel på 45 grader. Synet er smått utruleg. – Ja, det er dimensjonar over dette. Stålrøyra veg rundt eit tonn per meter, kvart røyr er åtte meter langt. Vi koplar oss på røyra på 700 meters høgd og brukar 1200 meter av dei. Utan den gamle trallebana som går inne i røyrgata ville det vore umogleg å få jobben gjort. Den blei også bygt under krigen og fungerer i beste velgåande, seier Gullaksen.

Inne i gamle Tyin kraftverk er aktiviteten høg. Montørar, sjåførar, reinhaldarar, ingeniørar og prosjektansvarlege jobbar for fullt. Tidsplanen må haldast; vatn i tunnelen 23. februar, testing, testing – og prøvekøyring i april. – Vi står midt oppi ein viktig fase no. Alt arbeidet som alle underleverandørar har gjort på kraftanlegget skal kvalitetssikrast og kvitterast ut, punkt for punkt. Alt må vere avklart og på stell til oppstart. Det er ikkje rom for store feil og avvik, konstaterer Gullaksen. Midt i den store fjellhallen står eit underleg stykkje ingeniørarbeid. Røyr, måleinstrument, koplingar vakre linjer i støypegods, og med eit

SEKS TUSEN METER TUNNEL: Prosjektleiar Ingvar Norevik og driftsansvarleg Per Magne Gullaksen inspiserer den nye vasstunnelen til Holsbru kraftverk. Snart står den heilt full av vatn, klar til å mate evig svoltne turbinar og generatorar 700 høgdemeter lengre nede i kraftbygda Årdal.


NØKKELEN TIL SUKSESS: Gjenbruk av den 1800 meter lange røyrgata, skrudd og smidd av høgkvalitets tysk stål for 70 år sidan, er nøkkelen til god økonomi i nye Holsbru kraftverk. Stig Kvanli i botnen av dei 7200 trappetrinna som leier mot toppen av røyrgata.


digert ror i enden som ville gjort ein kvar sjørøvarkaptein misunneleg. – Nei, det er ikkje ein museumsgjenstand. Det er ein fullt oppegåande regulator for den eine kraftgeneratoren som skal brukast i anlegget. Den har stått her i 70 år og skal bli med vidare. Med den skal vi styre generator nummer to. Den andre var utsliten og blir erstatta av moderne teknologi, eit stålskap full av elektronikk og ikkje på langt nær så flott som denne, forklarar den driftsansvarlege.

Vil heidre historia. Det går mot slutten av arbeidsdagen når vi ruslar ut av gamle Tyin kraftverk. – Ser du dei store betongflatene på veggene her, spør Gullaksen og peikar oppunder takkvelven i den store fjellhallen. – Vi tenkjer på å montere historiske bilete på veggene. Vi har eit rikhaldig arkiv med flotte bilete frå rallartida i fjella før krigen. Og ein del foto frå tvangsarbeidet under okkupasjonstida som gir grunn til ettertanke. Holsbru kraftverk kviler tungt på historia. Den historia må vi ha med oss inn i den nye tida. Svend Arne Vee tekst Bent Are Iversen foto


I NY DRAKT Side 28 Tyin kraftverk Øvre Årdal

ÅRDAL

Årdalstangen

Kart: Statens kartverk

STARTPUNKTET: Det nye pumpehuset ved Holsbruvatn tek form, som toppen av isfjellet som leier ned til det store eventyret. Om lag som Alice i Eventyrland som gjekk inn i eit lite hol i eit tre og datt ned i ei stor, ukjend verd.

KRAFTKAMERATANE: Ingvar Norevik (t.v.) og Per Magne Gullaksen har jobba tett saman siste halvtanna året med felles mål: Å gjere Holsbru kraftverk til eit mønsterbruk frå første driftsdag.

– Mykje å hente på modernisering ▶ HOLSBRU KRAFTVERK Planlagt 2006-2007, men sett på vent som følgje av finanskrisa i 2008. Anleggsstart i august 2010, ferdigstilt og i produksjon frå april 2012. Årsproduksjon: 84 GWh. Kan produsere 55 megawatt med full kapasitet, fordelt på to aggregat. Fallhøgd ca 700 meter. Ny tunnelproduksjon på 6094 meter, sprengt ut med cirka 1500 sprengladningar. Eit start-stopp-anlegg med forventa køyretid på cirka 2000 timar årleg. Korkje Holsbru eller Tyin kraftverk leverer kraft direkte til aluminiumsproduksjonen i Årdal. Krafta går inn i den kommersielle, opne marknaden. Hydro Energi har likevel som mål å levere fornybar energi tilsvarande energibehovet til Hydro sine metallverk. Hydro energi er i dag den største private eigaren av vasskraftanlegg i Norge. 90 prosent av norske vasskraftanlegg har offentleg eigarskap (kommunar, fylkeskommunar, stat).

– Hovudtyngda av store vasskraftanlegg blei bygt på 1960- og 1970-talet her til lands. Sidan den gong har teknologien kome langt. Det er ingen som tviler på at mange av dagens norske vasskraftanlegg kunne produsert mykje meir kraft om dei blei opprusta. – Kompetansen er annleis i dag, teknologien likeså. Men det viktigaste er nok at anlegga den gong vart dimensjonert og bygt ut frå dåtidas behov. Det ser ein til dømes i Bremanger og Årdal. Kraftanlegga blei laga for å produsere jamnt og til ein storkunde, gjerne eit smelteverk. No er marknaden open og det gjeld å produsere når prisane er gode, og spare på andre tidspunkt, konstaterer Kjell Erik Stensby i Norges Vassdrags og Energidirektorat (NVE).

På eit gjennomsnittsår produserer Norge 124 Terrawatt-timar rein, fornybar vasskraft. Kor mykje meir ein kunne hente ut ved å investere i nytt utstyr og i moderate utvidingar av dagens kraftanlegg, finst det berre usikre tal på.

Men at vasskraft-potensialet i Norge framleis er stort, det kan NVE stadfeste. – Vi har laga eit forenkla oppsett som vi populært kallar «kaka vår». Den syner eit totalt vasskraftpotensial på 204 TWh. Det inkluderer krafta som alt er utbygt, pluss det som ligg i samla plan og i tillegg det som politisk er verna. Men det syner uansett potensialet, seier Stensby.

Det faktum at dei aller fleste vasskraftanlegg er store pengemaskiner og viktige inntektskjelder for det offentlege, kan paradoksalt nok stå i vegen for store renoveringsprosjekt. I dei tilfella der anlegga må stoggast heilt eller delvis for å bli modernisert, vil tapte inntekter i byggjeperioden vere så store at eigarane vegrar seg for å gå i gang. – Sjølv om det akkurat no er meir fokus på andre typar fornybar kraftproduksjon, særleg i media, så er ikkje vasskrafta politisk gløymt. I regjeringa sin Soria Moria 2-erklæring, er nettopp renovering og mindre utvidingar av eksisterande vasskraftanlegg blinka ut som eit satsingsfelt, seier Stensby. Svend Arne Vee tekst


Audi Q5 quattro

2.0 TDI 170 TDI S-tronic (automatgir)

Følgende utstyr inkl. i prisen: v 5M\ITTQK TISS v 6I^QOI[RWV[a[\MU v @MVWV XT][ UML 4-, Ta[ v )]LQ ;W]VL[a[\MU m/ 10 aktive høytalere v [\S ;, UQVVMSWZ\TM[MZM NWZ I^[XQTTQVO I^ U][QSS v 8IZSMZQVO[[MV[WZMZ JIS v 3TQUII]\WUI\QSS v +Z]Q[MSWV\ZWTT v 1VV[^QVOJIZ\ \QTPMVOMZNM[\M v .Ă—ZMZQVNW[a[\MU Q NIZOMZ v 5]T\QN]VS[RWV[ZI\\ v -T ^QVL][PMQ[MZ NWZIV JIS v -T R][\MZJIZM ]\^MVLQOM [XMQT v *TIVSM \ISZIQT[ v 7ZOQVITM )]LQ TI[\MJĂ—aTMZ v )T]UQVQ]U[LMSWZ QVV^MVLQO v *ISSMJZMU[I[[Q[\MV\ v <Ă„SMTa[ NWZIV

Veil. pris kr 641.515.-

Du betaler kr 589.900.Alle priser er veiledende levert forhandler, inkl. frakt og leveringssomkostninger. Ă…rsavgift kommer i tillegg. Drivstofforbruk 0,65-0,93 l /mil ved blandet kjøring. CO2-utslipp 172-218 g/km. Tallene gjelder samtlige motorer som tilbys. Bildene kan avvike fra tilbudet.

5 ĂĽrs garanti/100 000 km

Møller Bil

ÂŽ

Minde

MVEFOTSFLMBNF OP Â… 'PUP 4WFJOVOH #SlUIFO

mollerbil.no/minde

Morgenstemning Morgen med stemning

Noen medier kan bringe deg i kontakt med hele verden. Og noen med kundene dine. Mediebildet er i utvikling, og det er spennende. Men det er ogsĂĽ greit at noe ligger fast. Lokalavisen har en unik posisjon i Norge. Den tas med inn i varmen hjemme og brukes aktivt til planlegging av hele familiens innkjøp. Det ďŹ nnes neppe noe annet medium der folk setter større pris pĂĽ ĂĽ ďŹ nne annonsen din! Gjennom vĂĽre 8 lokalaviser pĂĽ Vestlandet nĂĽr du ut til 198.100 kjøpeklare lesarar. Dersom du vil snakke til endĂĽ eire, kan dei 68 avisene i Folk, Norges største lokalavissamkøyring, gjere deg synleg for 1,4 millionar lesarar over heile landet, enkelt og greitt gjennom ein kontaktperson. Du kan lese meir pĂĽ www.folkinorge.no eller ringe oss pĂĽ 57833458. 'JSEB 'JSEBQPTUFO 4PHO "WJT /PSEIPSEMBOE )PSEBMBOE )BSEBOHFS 'PMLFCMBE ,WJOOIFSJOHFO #"

Kanalveien 3 Tlf. 24 03 13 00


KLIMA Side 30

Dårleg vêr – eller då – Den store skilnaden på nyttårsstormen i 1992 og «Dagmar» kan forklarast med eitt ord: grana. Forskingsleiar Carlo Aall har tre år på seg. Innan den tid skal han og kollegaer ved Vestlandsforsking finne svar på kvifor det går så gale når vinterstormane råkar Vestlandskysten. Har vêret verkeleg blitt så mykje dårlegare? Eller har vi blitt dårlegare planleggjarar når vi driv by- og bygdeutvikling? – Det er mykje å gripe tak i. Men enkelte ting ser vi tydeleg allereie no. Den store skilnaden på det som skjedde nyttårshelga i 1992 og sist jul med «Dagmar», handlar om at all grana vi planta ut dei siste 30–40 åra på Vestlandet no har vakse seg stor. Når stormen råkar oss, skapar dette naturleg nok vanskar, særleg når det gjeld linjenettet og dermed straumforsyninga, seier Carlo Aall.

Det nye forskingsprosjektet har fått namnet Arealklim og skal leiast av Halvor Dannevig. Prosjektet har samla fått ei løyving på 3,5 millionar kroner. Noko av det første ein startar med, er å sjå tilbake i tida og studere det som finst av informasjon rundt andre uvers-utløyste kriser og kva konsekvensar dei fekk. Forskarane legg også opp til ein litt uvanleg modell når det gjeld kunnskapen dei skaffar seg undervegs. – Vi skal ikkje «lukke oss inne», forske i tre år og deretter presentere resultata. Så fort vi finn ut av ting, vil vi gå i dialog med kommunar, orientere dei om funna våre og tilby oppfølgjing og rådgjeving i lokale planprosessar, til dømes når det gjeld regulering av nye område for bustadbygging, seier Aall. Prosjektet skal omfatte alle fire vestlandsfylka, og det vil bli plukka ut to kommunar frå kvart fylke som ein går nærmare etter i saumane. – Her blir det viktig også å granske kommunar som ikkje har blitt så hardt råka når naturkreftene tek laust. Kanskje har andre kommunar noko å lære av korleis desse har planlagt og rigga seg, seier forskingsleiaren. Når Arealklim er avslutta skal det også utarbeidast eit etterutdanningsprogram for dei som har arealplanlegging som ansvarsområde ute i kommunane. På den måten ønskjer ein å få langsiktig effekt ut av prosjektet og sikrar at kunnskapen blir ført vidare. Men uansett kor mykje ein sikrar seg gjennom førebyggjande tenking, åtvarar Aall mot å tru at ein kan planleggje seg bort frå alle katastrofar: – Vi bur på Vestlandet. Vi kan ikkje impregnere oss mot naturskadar. Men vi kan ta grep som gjer konsekvensane mindre enn i dag, trur han. Eit anna mål med Arealklim er å gjere kommunane meir sjølvhjelpne når det gjeld å kartleggje potensielt rasfarlege område: – Vi vil prøve å utarbeide ein metodikk der kommunar i eigen regi kan vurdere rasfare, og sleppe å kjøpe dyr geologkompetanse. Om vi lukkast med dette, står att å sjå, seier Aall. Svend Arne Vee tekst

STORM: Hengebrua på Soleide i Førde dekka av grantre etter at «Dagmar» tok affære natt til 2. juledag. Foto: Marie Havnen

▶ AREALKLIM Desse offentlege instansane er med i prosjektet: Fylkeskommunane i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Hordaland og Rogaland Naustdal, Stavanger og Sandnes kommune og Fylkesmannen si beredskapsavdeling i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Rogaland. Vidare er desse nasjonale aktørane med: Norges vassdrags- og energidirektorat, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, og Statens naturskadefond. Vestlandsforsking er fagleg ansvarleg og samarbeider med Bjerknessenteret, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Nettverk for miljølære, skolelaboratoriet i realfag ved Universitetet i Bergen.


årlege planar?

REKNESKAPSFØRING FOR FRAMTIDA BDO tilbyr no webbasert rekneskapsføring i samarbeid med XLEDGER.NET. Du godkjenner, systemet gjer jobben, alt du treng er ei datamaskin med internett-tilgang. Som BDO-kunde kan du via web få løpande informasjon om din oppdaterte rekneskap til konkurransedyktig pris. Ingen lokal installasjon hos deg med behov for drift og oppgraderingar. Gjennom BDO får du også tilgang til vår faglege kompetanse innan skatt, avgift, selskapsrett og økonomistyring. For meir informasjon om tenesta, ta kontakt med Reidun Åsen – mobil 971 05 110, e-post: reidun.asen@bdo.no, eller kom innom vårt kontor i Førde, Hafstadvegen 38.


QUIZ Side 32

Test dine energi-kunnskapar 1. Kor stor er den samla norske vasskraftproduksjonen årleg?

4. Kalori (cal) er ein eining for å måle energi. Men kva er definisjonen på ein kalori?

2.

A) 50 Terrawatt-timar B) 100 Terrwatt-timar C) 124 Terrawatt-timar

A) Energien ein vaksen person treng for å gå hundre meter B) Energien som går med til å halde kroppstemperaturen stabil i eit minutt C) Energien som trengs for å heve temperaturen i eitt gram vatn ein Kelvin-grad, ved havoverflata.

2. Ein moderne vedomn utnyttar cirka 80 prosent av energipotensialet i veden. Kor mykje utnyttar ein open peis? A) 60 prosent B) 35 prosent C) 15 prosent

5. Kor mange el-bilar blei det selt på verdsbasis i 2011? A) 15.000 B) 40.000 C) 120.000

3. Kor mykje brukar ein gjennomsnitts norsk husstand av straum i året?

6. Kva er start- og sluttpunkt for den mykje omdiskuterte nye 420 kilovoltslinja som skal krysse gjennom Sogn og Fjordane?

A) 10.000 Kilowatt-timar B) 20.000 Kilowatt-timar C) 35.000 Kilowatt-timar

Komplett digital avis

... frå kr Bestill digital abonnement her:

* Pris for papirabonnentar kr 57,- pr. mnd. Utan papirabonnement kr 190,-

A) Frå Ålfoten i Bremanger til Ørskog på Sunnmøre B) Frå Storebru i Flora kommune til Fardal (Sogndal) C) Frå Ørskog til Fardal 7. På det meste kor mange var utan straum i Sogn og Fjordane i døgret etter at orkanen «Dagmar» råka oss? A) 25.000 B) 52.000 C) 77.000 8. Finst det produksjon av atomkraft i Norge? A) Nei B) Ja, i Halden og på Kjeller C) Ja, på Kjeller 9. Kor mykje av kraftbehovet sitt dekkjer danskane med vindkraft?

Nyheiter spesialtilpassa for iPad og iPhone

57,- pr. mnd.


QUIZ Side 33

10. Kor stor del av verdas energiproduksjon kjem frå vindkraft?

9.

7.

A) To prosent B) 0,5 prosent C Åtte prosent 11. Vettisfossen blei freda allereie i 1924. Kor stort fritt fall har fossen? A) 180 meter B) 255 meter C) 275 meter 12. Kor mange norske heimar har installert varmepumpe? A) Over 250.000 B) Over 400.000 C) Nesten 600.000 A) Fem prosent B) 20 prosent C) 40 prosent

13. I 2001 selde fylket ein stor eigarpost i Sogn og Fjordane Energi. Kven var kjøpar?

A) Bergenhalvøens Kommunale Kraftselskap (BKK) B) Sognekraft C) Sunnfjord Energi

Ørjan Skåden Bransjeansvarleg

Spisskompetanse i næringslivsbanken Sparebanken Sogn og Fjordane er den leiande næringslivsbanken i Sogn og Fjordane. Vi er fylket sin største finansaktør innan mellom anna småkraftverk. Styrken vår er kvalifiserte og erfarne medarbeidarar med bransjekunnskap og spisskompetanse.

ssf.no

Arne Gravdal Bransjeansvarleg


QUIZ Side 34

Test dine energi-kunnskapar 14. Kvar har kraftselskapet Total Energi sin base?

15. Kven er hovudaksjonÌr i Kjøsnesfjorden kraftverk?

16. Kva mĂĽler du med mĂĽleeininga ampere?

A) Bergen B) Sogndal C) Florø

A) BKK B) Sogn og Fjordane Energi C) Sunnfjord Energi

A) Effekt B) Spenning C) Straumstyrke

19. Kva er namnet pĂĽ fylkesberedskapssjefen i Sogn og Fjordane? A) Haavard Stensvand B) Anne Karin Hamre C) Ole Schanke Eikum

17. Verksemda Elis er storleverandør av datastyringsverktøy for kraftbransjen. Kvar ligg verksemda? A) Flüm, Aurland kommune B) Førde C) Dale i Sunnfjord

20. Kva er størst av eit smükraftverk, eit mikrokraftverk og eit minikraftverk? A) Smükraftverk B) Minikraftverk C) Det er ulike namn pü same typen kraftverk

18. Kor mange husstandar kan fĂĽ dekt straumbehovet sitt frĂĽ eit vindkraftanlegg som produserer rundt 500 GWh i ĂĽret? A) Cirka 10.000 B) Cirka 25.000 C) Cirka 80.000

15.

.2$ 6RJQ RJ )MRUGDQH WLOE\U DYODVWQLQJVRSSKROG ERWLOEXG WLO EDUQ XQJH RJ YRNVQH 9L JLU HW IDJOLJ IRUVYDUOLJ WLO EXG RJ OHJJHU RSS WLO PHQLQJVI\OWH DNWLYLWHWHU WLO EDUQ RJ YRNVQH PHG $VSHUJHU DXWLVPH DGIHUGVSUREOHPHU $'+' VRVLDOH WLOSDVQLQJVSUREOHPHU I\VLVN RJ HOOHU SV\NLVN XWYLNOLQJVKHPPLQJ UHKDELOLWHULQJ DY VODJ UDPPHGH UHYPDWLVPH $O]KHLPHU RJ SV\NLDWUL

KOA Sogn og Fjordane ønsker ü gi et stabilt, trygt og godt tilbud til barn, unge og voksne. Vi tilbyr ogsü ferieavlastning for sommeren 2012.

7LOEXGHW HU GÂĄJQnSHQW GDJHU L nUHW RJ OHQJGHQ Sn RSSKROGHW HU IRUVNMHOOLJ IUD EUXNHU WLO EUXNHU GDJEDVHUW KHOJHRSSKROG XNHVRSSKROG HOOHU IRU OHQJUH SHULRGHU 9nU VNUHGGHUVÂĄP HU UHWW NRPSHWDQVH WLOEXG WLO KYHU HQNHOW bruker.

ZZZ NRD DV QR For nÌrmere informasjon eller tilbud; KOA hovedkontor: 770 93 003, eller Daglig leder Åse-Iren Korneliussen PRELO ‡ H SRVW DDVH LUHQ#NRD DV QR +RSHQ (,.()-25'


Løysingar

FAGMILJØ

– litt meir enn du trur – alt i varme og energi!

Vassboren varme

• Varmepumpe luft-vatn • Vedomn med vasskappe • Vedkjele

Inneklima

Bioenergi

• Vedomnar • Peisar • Pelletsomnar

• Ventilasjonsanlegg 90 % gjenvinning, best i test • Sentralstøvsugar • Varmepumpe luft-luft

Pipe med luftekanal syter ikkje berre for å få avgassen ut, men har kanalar i pipa som fører frisk luft inn i omnen. Blir då ikkje avhengig av kva trykk det er i rommet rundt eldstaden. Pipe og eldstad blir her eit lukka system.

Kavani stålpipe

÷ 15% Pipe med luftekanal Schiedel Solid vent

÷ 15%

- Vi har eigne montørar - Vi leverer og monterer alt av piper - spør oss om pristilbod

Rehabilitering av ny pipe? Be om pris! Ein av våre spesialitetar er rehabilitering av piper. Har du problem med den gamle pipa di, ta kontakt med Fagmiljø for ein kontroll. Vi har fargekamera og måleutstyr for sjekk/kontoll av pipe og eldstad.

Opningstider: Mån–ons 10.00–16.30 Torsdag 10.00–18.00 Fredag 10.00–16.30 Laurdag 10.00–14.00

Hafstadvegen 39 (ved Esso) 6800 Førde www.fagmiljo.no

KALDT KLIMA KREVER POLAR VARMEPUMPE Sparer

,

mest!* Fra kr. 22.990,-

NYE TOSHIBA DAISEIKAI POLAR Bestselgeren Toshiba Daiseikai Polar er nå lansert i ny nordisk versjon med en litt større utedel som gir betydelig mer varme på kalde dager. Polar-modellene passer spesielt godt for boliger i kaldt klima og med stort oppvarmingsbehov. *Den rimeligste av de tre nye Polar-modellene, Daiseikai Polar 25, er testet hos SP - Sveriges Tekniska Forskningsinstitut. Daiseikai Polar 25 gir den klart høyeste energibesparelsen i normalt til godt isolerte boliger i alle klimasoner, sammenlignet med konkurrentenes beste varmepumper i samme klasse. Se www.energimyndigheten.se

Kontakt oss for en gratis befaring! 577 43 010

#

www.svps post@svps.no

1. C) 124 Terrawatt-timar 2. C) 15 prosent 3. B) 20.000 Kilowatt-timar 4. C) Energien som trengs for å heve temperaturen i eitt gram vatn ein Kelvin-grad, ved havoverflata. 5. B) 40.000 6. C) Frå Ørskog til Fardal 7. B) 52.000 8. B) Ja, i Halden og på Kjeller 9. B) 20 prosent 10. A) To prosent 11. C) 275 meter 12. C) Nesten 600.000 13. A) Bergenhalvøens Kommunale Kraftselskap (BKK) 14. C) Florø 15. C) Sunnfjord Energi 16. C) Straumstyrke 17. C) Dale i Sunnfjord 18. B) Cirka 25.000 19. A) Haavard Stensvand 20. A) Småkraftverk


BEREDSKAP Side 36

Har vore gift med ÂŤ


Dagmar» sidan jul 25. desember kom ei ny dame feiande inn i livet til Haavard Stensvand. På kontoret til fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand går lyset stadig vekk. Med minuttars mellomrom må fylkets øvste tryggleikshøvding ut av stolen i det vesle kontoret sitt i Statens Hus på Leikanger, og stige rundt på golvet for å få taklyset til å virke. – Eit energisparesystem, forklarar han smilande. Men natt til første juledag gjekk straumen «overalt» i fylket. Og både Stensvand, Fylkesmannen, ordførarar, helsepersonell, beredskapsansvarlege og mange, mange innbyggjarar i Sogn og Fjordane skulle få erfare at det måtte langt meir enn ein spasertur over golvet til før ein var tilbake til normalen.

På det meste tok orkanen «Dagmar» straumen

frå 52.000 menneske i Sogn og Fjordane samstundes. Somme var utan straum så lenge som 96 timar. Med bortfall av straumen forsvann også telesambanda sakte men sikkert, etter kvart som batteria på teleselskapa sine basestasjonar gjekk tomme. Med mange stengde vegar og umoglege forhold for å fly helikopter, vart etter kvart berre eitt dekkjande ord: krise. – Vi har lært ein god del av korleis vi handterte «Dagmar», seier Stensvand, som nyleg leverte sin oppsummeringsrapport frå uversdøgera i romjula i fjor. Han er ikkje i tvil om at det finst forbetringspotensial: – I staben til Fylkesmannen jobba vi godt, men vi hadde ikkje nok kapasitet. Eg ser også at vi har basert oss i for stor grad på å nå ut til folk i krise med nettbasert informasjon. Dataverktøy er fantastiske hjelpemiddel når dei verkar. Men når dei ikkje gjer det, må vi ha ein plan B, konstaterer han.

Men mest av alt angrar Stensvand på at han ikkje lytta meir til magekjensla på julaftan, då ekstremvarsla frå Meteorologisk institutt rundt midnatt sprika om kva vi hadde i vente. – Vi skulle ikkje avgrensa ekstremvarselet til kysten, men meldt det for heile fylket. Når vi ser kor hardt orkanen råka indre strok, så var dette ei feil avgjerd, konstaterer han. Som medlem i Fylkesmannen sin stab har Stensvand eit samordningsansvar i lag med det såkalla fylkesberedskapsrådet når kriser er i emning. Men det operative ansvaret vil alltid liggje ute i kommunane. No er tida inne for å dele suksessar og feilslag. – «Dagmar» tvinga fram kreativ problemløysing i mange kommunar. Det er min jobb å sørgje for at kommunane deler erfaringane sine og lærer av kvarandre. Berre slik kan vi stå betre rusta neste gong. Uansett kor mykje ein kommune skor seg på krise, må kvar og ein av oss også påta oss ansvar, meiner Stensvand. – Bur du i Sogn og Fjordane er det kanskje lurt å ikkje byggje seg bustad med berre elektrisitet som oppvarming. Å kunne fyre opp ein primus er også lærdom ein ikkje bør hive på skraphaugen. Å ha litt boksemat i skapet, ei fungerande lommelykt og nok stearinlys – dette er også beredskapsarbeid, konstaterer han.

LITT SOM LUDVIK:– Eg er pessimist av natur, litt som han i Flåklypa. Slik sett passar eg vel godt i denne jobben innrømmer fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand.

Svend Arne Vee tekst


BEREDSKAP Side 38

Øvinga som berga dagen 16. november i fjor var ordførarar, rådmenn og andre med beredskapsansvar samla til fellesøving i Loen. – Timinga var fantastisk sett opp mot det som skulle komme, seier Haavard Stensvand. – Eg fekk tilbakemeldingar frå fleire ordførarar om at scenariet vi øvde på i Loen var heilt urealistisk. Så gale vil det aldri bli, var omkvedet. No har fleire av dei same ordførarane ringt meg

i etterkant av «Dagmar» og takka oss, seier fylkesberedskapssjefen. Når ein misser straumen, telesambandet og i tillegg blir fysisk isolert, blir spelereglane fort dramatisk annleis. Og det var nettopp ein slik situasjon ein utfordra dei lokalt beredskapsansvarlege på i Loen. Øvinga og «Dagmar» som kom få veker etterpå, har avslørt at det må øvast og terpast, meiner Stensvand. – No øver vi ein fjerdepart av kommunane kvart år. Men vi ser kor viktig det er å ha fellesøvingar for alle, legg han til.

I løpet av året kjem tre viktige stortingsmeldingar på bordet, den første om klimatilpassing, den andre om samfunnstryggleik og den tredje om flaum og skred. Alle desse vil bli viktige premissleverandørar for Stensvand og Fylkesmannen sitt arbeid vidare. – Folk og media har snart gløymt «Dagmar». Men vi må jobbe vidare, seier Stensvand.

Svend Arne Vee tekst


inform-media.no

▶ Dette seier rapporten: Vindstyrken under «Dagmar» blei målt til 54 m/sek i kasta på Kråkenes fyr. Orkangrensa er 32,7 m/sek. Store delar av hovudvegnettet blei stengt, verst råka var Nordfjord og Indre Sogn. Nesten alle ferjer blei tekne ut av trafikk. 24 av NRK P1 sine sendarar datt ut, noko som råka 1/3 av radiolyttarane i fylket. 200.000 kubikkmeter skog blei lagt flat. Utkommandering av HV og Sivilforsvaret fungerte dårleg, då dette var basert på telefon/SMS. Sjukehusa i fylket sleit med kommunikasjon seg imellom, og med ambulansetenestene. 1/3 av kommunale sjukheimar hadde ikkje naudstraum og blei lidande under dette. Berre tre av fire kommunar hadde etablert kriseberedskap då orkanen tok laust 25. desember. Fylkesberedskapsrådet fungerte godt, og tilbakemeldingane frå kommunar og organisasjonar fortel at koordineringsarbeidet er viktig. Behovet for å øve på krisesituasjonar er stort, og arbeidet med sårbarheitsanalysar er viktig. Uklare ansvarsforhold mellom politi/redningsteneste og kommunane blei avdekt. Her vil Fylkesmannen bidra i arbeidet framover.

Gi bedrifta løftet som gir effektiv kommunikasjon

Foto: Stig Roger Eide

Enivest tilbyr løysingar for å takle ei moderne tid med krav til effektiv kommunikasjon og kostnadskontroll. Vi har totalpakkar med fleksible løysingar som kan tilpassast den einskilde bedrift.

Ole Ingar Haaland

Øyvind Grytten

Salssjef Bedrift ole.haaland@enivest.no Tlf. 970 54 373

Kunderådgjevar bedrift oyvind.grytten@enivest.no Tlf. 913 34 480

Kai Helge Ålhus

Sjur Gimmestad

Kunderådgjevar bedrift kai.helge.alhus@enivest.no Tlf. 934 18 374

Kunderådgjevar bedrift sjur.gimmestad@enivest.no Tlf. 414 12 521

enivest.no | 57 00 91 00


Kraft til ĂĽ pĂĽverke framtida

Med rein fornybar energi og mennesker med kunnskap og engasjement har vi kraft til skape ei berekraftig framtid

SFE er IA-bedrift og har høg medarbeidartilfredsheit og lĂĽgt VMXNHIUnYHU 9L DUEHLGHU DNWLYW IRU n LQNOXGHUH Ă€HLUH L DUEHLGVOLYHW og ĂĽ legge til rette for at eldre kan vere lenger i arbeid.

Sogn og Fjordane Energi AS Bukta 6823 Sandane, tlf: 57 88 47 00 e-post: post@sfe.no

www.sfe.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.