25. SEPTEMBER TIL 1. OKTOBER 2017
25 SEPTEMBER
Måndag 25. september kl. 16.00 ved Coop Extra
KICK-OFF Kick-off er eit samarbeid mellom Oikos og COOP, og vi vil dele ut ØKOVEKE-posar med grønsaker og oppskrift på suppe. Coop har fokus på økologisk mat og har eit stort utval. Ledestjerna er den økologiske Änglamark-serien, som er høgt verdsett av mat- og miljøbevisste forbrukarar. Oikos og medlemmer i Bonde- og Småbrukarlaget har stand. COOP Extra Kafe vil ha økologisk på menyen denne dagen.
ØKOVEKE-S
UPPE
I samarbe økologiske grøn id med COOP vil Oikos Sunnfjord gje sakene og vi deg desse god håpar vi kan og invitere e familie og ven inspirere deg er til å dele til å lage sup ei god stund pe Økoveke-sup rundt bordet. pe Finh akk løk, purr (til 4 persone r) kvitløk og skjæ e, ingefær og Ha i gulrøter r gulrøtene , ingefær, kvit i terningstore 1/2 kg gulrøtte løk, tomatpuré, bitar. Start med r linser og bulj surre løken å 1 gul løk ong. Rør saman og og purre på svak hell over 1 lit varme i min 2 fedd kvitløk er vatn. Kok opp st 10 minutt, og slik at den vert mju 2 cm fersk inge ca. 30 minutte lat småkoke i k og søt – om fær r. Kjør derette løken ikke får surr 1 purre med stavmik r e lenge, får s ser, hvis du uppa preg av rå løk og 1 l vatn vil. Smak til med det vert ikkj salt og pepar e godt! 1 ss grønsaks og topp det heil bulj e med skjørost 1 dl røde linse ong . r litt tomatpu ré skjørost
ØKOLOGISK MENY Pikant - tysdag 26. september Økologisk tallerken med grønsaker frå Vie Andelslandbruk og kjøt frå villsau
Kafé Sobra, Kunstmuseet onsdag 27. september Økologisk gulrotsuppe med foccaciabrød Økologisk gulrotkake og ostekake Økologisk øl og vin.
26 SEPTEMBER
Tysdag 26. september kl. 20.00 på Pikant
ATTGROING PÅ LAND – ØRKEN PÅ SJØBOTNEN
SIRI HELLE
KJERSTI SANDVIK
Medan bøndene vert færre vert oppdrettsanlegga fleire. Begge næringar lir under produksjonspress og auka fôrimport. Kva retning norsk matproduksjon går, gjeld oss alle. Journalistane Siri Helle og Kjersti Sandvik møtest på Pikant med kvar si bokbombe om framtida til landet vårt. Høyr dei fortelje og diskutere, og svare på det du lurer på. Programleiar: Marit Bendz «Under overflaten. En skitten historie om det norske lakseeventyret» av Kjersti Sandvik. «Kjersti Sandviks rapport fra norsk oppdrettsnæring bør leses høyt i NRK,
og utløse diskusjon i hver fjordarm fra Finnmark til innerst i Oslofjorden, spesielt det siste. Sjelden har en debattbok bedre levd opp til betegnelsen.» skriv Sven Egil Omdal, Stavanger Aftenblad. «Skal landet gro att? Korleis berge norsk jordbruk» av Siri Helle. «Norsk jordbrukspolitikk går i feil retning, men det er framleis mogleg å snu. Denne boka syner korleis det vi har i Noreg – fjell, gras og store variasjonar – gjev oss eit jordbruk som er både berekraftig, mettande, smakfullt og lønsamt. Skal landet gro att? engasjerer og er skrevet med overskudd og humor.» skriv Torgeir Mortensen, Universitas. Inngang kr. 100.-
27 SEPTEMBER
Onsdag 27. september kl. 19.30/20.00 Kafé Sobra, Kunstmuseet
AGRARIANISME – NATURVERN PÅ JORDET? Det er ikkje urørt villmark, men landbruket som lærer oss kor avhengige vi er av naturen, meiner førsteamanuensis Trine Antonsen ved UiT. I doktoravhandlinga om agrarianisme utfordrar ho det klassiske naturvernet. Vi kan leve urbane liv med mat frå heile verda, utan å slite for føda. Likevel er ordet ”småbruk” det mest nytta søkeordet på finn.no. Andelslandbruk er det jordbruksforma som veks raskast. Folk søkjer attende til jorda. Agrarianisme handlar om det gode liv og kor avhengige vi er av naturen. Men er det berre økofilosofi i moderne drakt eller faktisk noko heilt anna? Ved til dømes å dyrke noko av vår eigen mat vil vi lære om dei naturlege føresetnadene for liva våre. Dette er ei viktig erfaring som er med
TRINE ANTONSEN
på å forme vår moralske karakter og våre haldningar til naturen, meiner Antonsen. Dei nye trendane med kjøkenhagar og andelslandbruk kan difor vere ein god moralfilosofisk peikepinn på både kva som er rett og viktig for liva våre. Klokka 19.30 vert det omvising i Maia Birkeland sine verk Byløa/«Det vi har i lag» Inngang: Kr. 100
FOTO: ULF RUGUMAYO AMUNDSEN
28 SEPTEMBER
Torsdag 28. september kl. 20.00 på Jordbruksskulen på Mo
JORDBOKA – OM UNIVERSET UNDER FØTENE VÅRE Kan molda vera det aller mest effektive klimatiltaket? Kan ein ny, grøn revolusjon vise veg mot det høgproduktive og klimapositive framtidslandbruket? Professor Dag Jørund Lønning har samla den nyaste kunnskapen om kva mold eigentleg er i Jordboka, som vert lansert 16. oktober. Denne kunnskapen kan kome til å revolusjonere matproduksjonen i verda og endre forholdet mellom menneske og natur for all framtid. Ikkje noko mindre! Lønning er den første norske professoren i nyskaping og bygdeutvikling, og rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling på Bryne. Han kjem til Førde for å gje oss ein forsmak på revolusjonen og eit innblikk i det fantastiske universet under føtene våre. Inngang kr. 100.(Elevar ved jordbruksskulen går gratis)
DAG JØRUND LØNNING
30 SEPTEMBER
Laurdag 30. september kl. 17.30 Kinosalen i Førdehuset
EN UBEHAGELIG OPPFØLGER Am. dokumentar. 1t. 40 min. Al Gore sin dokumentar, EN UBEHAGELIG SANNHET sette klimaendringa på dagsordenen i 2006. Eit tiår seinare har det skjedd store nyvinningar innan bærekraftig utvikling. Men mange av dei menneskeskapte klimatruslane er blitt større enn nokon gong, og trugar sivilisasjonen på stadig fleire måtar. Kino Førde – Laurdag 30. september kl. 17.30 og søndag 1. oktober kl. 19.00
Laurdag 30. september kl. 12.00 på Vie Andelslandbruk
OPE ANDELSLANDBRUK Open gard på Vie Andelsbruk – ulike aktivitetar i regi av andelsbønder og småbrukar– laget.
Teaterkokken Arvid Oaland tryller og fortel, sal av smårettar med råvarer frå åkeren. Dei som kjem denne dagen får høve til å ta opp gulrot og potet som dei kan ta med heim.
30 SEPTEMBER
Laurdag 30. september Kl. 14.00 på Vie Andelslandbruk
SEMINAR OM ANDELSLANDBRUK Korleis kan Andelslandbruk vere inntekt for bonden. Det finns to hovudformer. Bondestyrt og andelsstyrt. Felles for begge er at andelshavarane betaler på førehand ein andel i andelslandbrukets produksjon, og deler dermed risikoen for årsvariasjonar. Andelseigarane betaler ikkje for ei bestemt mengd produkt, men for ein bestemt produksjon som blir eigd av og blir delt mellom andelseigarar. På Vie leiger andelslandbruket jord og lager hos Sjur Wie. Andelslandbruket har eigen gartnar. Driftar åker på dugnad. Maren Langsbakken er sjef for bondestyrt andelslandbruk. Ho fortel om korleis dei gjer det. I tillegg får du møte ein andelseigar Bondestyrt Driv andelsbruk som ein del av gardsdrifta
som vil fortelje om kva utbytte og glede dei har ved å vere med. Vurderer du å starte andelslandbruk eller ønskjer du å høyre meir om kva andelslandbruk er, er dette seminaret for deg. Inngang 100,Andelsstyrt Bonden leiger jord, lager m.m. til andelseigarane
Eit styre i andelsbruket avgjer kva som skal produserast. Grønsaker, bær, egg, kjøt m.m. Dialog om landbruksdrifta
Gjennomsiktig økonomi
Delt avling, delt risiko
Involvering av andelseigarane
Bærekraftig landbruksdrift
Andelslandbruk er et langsiktig samarbeid mellom forbrukar og dei som produserer mat- og andre landbruksprodukt. Ansvar, risiko og avling blir delt mellom partane. Les meir på andelslandbruk.no
01 OKTOBER
Søndag 1. oktober kl. 12.00 på Mo Jordbruksskule
UT Å PLUKKE SOPP Sopptur i regi av Soppog Nyttevekstforeininga.
Kortreist mat er i vinden og naturen er eit spiskammer som er tilgjengeleg for alle. Skogen bugnar av god matsopp, men ein del av dei fine soppane vi ser er særs giftige. Det kan difor vere lurt å gå saman med ein soppkjennar dei første gongane og lære kva sortar du kan plukke og korleis du best kan konservere dei. No har du sjansen til å bli med soppentusiast og leiar i Sopp- og nyttevekstforeininga, Harald Eriksen på sopptur, og lær meir om denne fantastiske råvara. Eriksen er også godkjent soppkontrollør. E SOPPSAMLING: Tommy Østhagens fylte opp stasjonsvogna med steinsopp. 2017 er eit fantastisk soppår. Han har plukka 207 kilo!
ØKOVEKA 2017 VE Andelslandbruk
Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag