Framtidsretta - Inkluderande - Kvalitetsbevisst - Tenestevillig
Annonseinformasjon
APRIL 2012
Framtidsretta - Inkluderande - Kvalitetsbevisst - Tenestevillig Oppstart av reforhandlingar av utbyggingsavtale. For: Galtaråsen industriområde, Isdalstø/ Alver, gnr. 137 bnr. 1 og del av bnr. 13. I medhald av § 17-4 i plan- og bygningslova vert det med dette kunngjort oppstart av reforhandlingar mellom Lindås kommune og Lindås tomteselskap as, om utbyggingsavtale vedkomande gjennomføringa av reguleringsplan for Galtaråsen industriområde, Isdalstø/ Alver, gnr. 137 bnr. 1 og del av bnr. 13. Forhandlingane vil omfatte teknisk infrastruktur innanfor sjølve planområdet. Spørsmål om, eller innspel til forhandlingane kan rettast til: Lindås kommune, teknisk drift, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø, postmottak@lindas.kommune.no, 1. gangs offentleg ettersyn - Reguleringsplan Nilshøyen bustadfelt, på Hopland ved Seim Plan- og miljøutvalet gjorde i møte 14.03.2012, sak 48/12, vedtak om å leggje reguleringsplan for Nilshøyen bustadfelt ut til offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslova § 12-10. Planframlegget gjeld eit område på om lag 19 dekar på gnr. 172 bnr. 10, 66 m.fl., og området er i kommuneplanen sin arealdel lagt ut til byggjeområde for bustader. Føremålet med reguleringsplanen er å leggje til rette for bygging av 14 nye einebustader innanfor planområdet, som ligg i området ved Seim barnehage. Reguleringsplanen ligg til offentleg ettersyn frå 23. april 2012 til 11.juni 2012 på Lindås rådhus. Planen vil også verte å finne på Lindås kommune sine heimesider, www.lindas.kommune.no, med lenke til braPLAN. Søk på plan-id 1263-201101, dokumenter. Naboar og grunneigarar til planområdet vil få brev direkte frå Lindås kommune. Merknader til planframlegget skal sendast innan 11. juni 2012 til: Lindås kommune, plan- og miljøutvalet, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø eller til postmottak@lindas.kommune.no. Elektronisk merknadsskjema er å finna på Lindås kommune sine heimesider, og kommunen oppfordrar til å bruke dette ved innsending av merknader til reguleringsplanen.
FRIVILLIGSENTRALEN INFORMERER Frivilligprisen 2011
Styret for Frivilligsentralen i Lindås lyser med dette ut Frivilligprisen for 2011. Frivilligprisen vert gjeve til ein initiativrik person som har betra trivselen og livskvaliteten for andre. Med sine idear og sitt pågangsmot har han/ho medverka til eit meir ope og aktivt samfunn. Føremålet med prisen er å styrke samspelet mellom kultur, helse og frivillig sektor. Prisen skal: • Stimulere til innsats • Påskjøna godt frivillig arbeid • Peike på gode føredøme når det gjeld aktiv innsats innan frivillig arbeide i Lindås. Alle privatpersonar, styret for Frivilligsentralen, lag og organisasjonar som er heimehøyrande i Lindås kan koma med framlegg. Med kvart framlegg må det leggjast ved ei grunngjeving som kan stø opp under kandidaturet. Framlegg sendast til: Lindås kommune - dokumentsenteret Kvernhusmyrane 20 5914 Isdalstø innan 20.april 2012 Konvolutten merkast ”Frivilligpris 2011”
Kan laget ditt søkje pengar? Er laget ditt oppdatert på Lindås kommune si web-side? Ta kontakt med Frivilligsentralen Tlf 56 37 51 46 – gro.sundal@lindas.kommune.no
TRENG DU LÆRE NORSK? Vi set i gang grupper for begynnarar i august 2012, men du kan gjerne melde di interesse alt no. Vi har kurs både på dag-og kveldstid. Vi underviser på fleire nivå slik at det er mogeleg å melde seg opp til norskprøve 2 eller norskprøve 3 etter endt undervisning. Treng du grunnskuleeksamen? Dersom det melder seg nok interesserte, set vi i gang grunnskuleopplæring for vaksne frå hausten 2012. Det blir undervisning i 5 fag, og målet med under-visninga er grunnskuleeksamen. Informasjon kan du få ved å koma til oss på Promenaden, 3 høgda, eller ta kontakt med inspektør Sally Solberg på 47 46 11 41, eller epost til sally.solberg@lindas.kommune.no
Gjer slik: A) Du går inn på internett - finn heimesida til Lindås Kommune B) Trykk på knappen ”Kultur og Fritid” C) Trykk så på ” Lindås Kulturskule” nede på høgre side. D) Finn skjema, fyll ut og send inn No kan du søkje heile året, når det måtte passe deg !!! Lukke til !! NY DATO FOR UTMELDING: Utmeldingsfrist for Haustsemesteret 1. april Utmeldingsfrist for Vårsemesteret 1. november Utmelding etter frist må betalast med full semesteravgift. Alle utmeldingar SKAL vere skriftleg . Bruk utmeldingsskjema på heimesida til Lindås Kulturskule eller brev til Kulturskulen. kulturskulen@lindas.kommune.no
VELKOMMEN TIL VÅRKONSERT Søndag 22.april Klokka 16.00 – 18.00 Amfiet, Knarvik Ungdomsskule (hovudinngangen) Det er ei stor glede å invitere foreldre, føresette, søsken, familie, venner og kjente til vårkonsert med elevar frå Knarvik Vidaregåande og vaksenopplæringa ved Læringssenteret. Det blir allsong og musikkinnslag. Kaffi og kaker i pausen.
Elektronisk påmelding Frå 1. januar 2012 skal alle påmeldingar gjerast på det elektroniske påmeldingsskjemaet som du finn på kommunen si heimeside.
Onsdag
Torsdag Fredag Måndag Onsdag Fredag Måndag Onsdag Onsdag
Fredag Onsdag
Senior- og aktivitetssenteret Lindås Med lokalar i Lindås bu - og servicesenter har ope hus tysdagar frå kl.10.00. Kontaktperson er Eli Støldal tlf. 56375607 MAI: Torsdag
SENIOR- OG AKTIVITETSSENTRA I LINDÅS KOMMUNE INFORMERAR:
kl.11.00 Fredag Tysdag
Senior –og aktivitetssenteret Knarvik Kafeen og Seniorsenteret med lokalar på Knarvik sjukeheim er ope måndag, onsdag og fredag frå 10.00-15.00.Ein kan kjøpe middag m/dessert desse dagane. Til tysdag og torsdag må ein bestille dagen før til kjøkenet på tlf. 56375710 eller Knarvik seniorsenter 56375718 og 56375730 Her kan du kome innom til ein prat, ein kopp kaffi og møte andre pensjonistar.. Middagsservering måndag., onsdag og fredag mellom kl.12. 0014.00.Vi ynskjer å skape ein god møteplass, der ein kan finne glede og utfordringar.Vi har variert aktivitetstilbod som byrjar kl.12.00.Senteret har også med frivillige som gjør ein stor innsats. Vi har bruk for fleire, så ta gjerne kontakt. I Galleri Utsyn er det ny utstilling kvar månad og denne månaden er det Elisabeth Tonheim som har utstilling. Opningstida er alle kvardagar frå 08.00-15.30.
MAI: Onsdag Torsdag Fredag
02.05. Strikkekafe og kortklubb kl.12.00 03.05. ”TASTEN ” dataklubb kl.11.00-13.00 04.05. Syng med oss! ved Else Iren Westervik og utloddning kl.12.00
Lindås Rådhus, Knarvik, 5914 Isdalstø. Tlf: 56 37 50 00 Faks: 56 37 50 01 Epost: postmottak@lindås.kommune.no www.lindås.kommune.no
07.05. Helsetrim ved Reidun Sæbdal kl.12.00 09.05. Seniortreff med Nordhordland hørselslag ved Jan Hovland Foredrag om bruk av hørapparat og tinus kl.12.00 10.05 ”TASTEN” dataklubb kl.11.00-13.00 11.05. Seniordans ved Audhild Sagosen kl.12.00 14.05. Helsetrim ved Reidun Sæbdal kl.12.00 16.05. Strikkekafe og kortklubb kl.12.00 18.05. STENGT 21.05. Helsetrim ved Reidun Sæbdal kl.12.00 23.05. Seniortreff og kortklubb kl.12.00 23.05. N B! ”TASTEN ” dataklubb, felles i Lindåshallen kl.11.00-13.00 25.05. ”DANS PÅ LOKALET” med TRINE og IVAN kl.12.00 30.05. Strikkekafe og kortklubb kl.12.00
Senior- og aktivitetssenteret Ostereidet Med lokalar i Ostereidet senter har nye opningstider frå januar 2011, tysdag og torsdag frå kl.10.00-14.00. Her er kafe` tilbod med middagsservering. Middag må bestillast på førehand hos Aud Furdal tlf. 56375718 og 56375730 eller kjøkkenet på Knarvik sjukeheim tlf. 56375710. Torsdagane er det 3 aktivitørar /miljøarbeidarar; Bjørg Irene Kleiven og Christel Bratshaug. Kom innom for ein kopp kaffi, ein prat og aktivitet. Frå programmet informerar vi fyljande: MAI: Torsdag
Torsdag
Torsdag Torsdag
03.05. Helsetrim ved Gunnar Hosøy kl.10.50 Bingo med Inger Marie Fyllingsnes kl.11.30 10.05. Syng med oss! med Ostereidet barnehage på besøk kl.10.30. Bingo med Inger Marie Fyllingsnes kl. 11.30 24.05. Syng med oss! med Else Iren Westervik kl.11.00 31.05. Helsetrim med Gunnar Hosøy kl.10.50 Bingo med Inger Marie Fyllingsnes kl.11.30
VELKOMMEN!
Velkomen!
Frå programmet i Knarvik informerer vi fyljande: NYTT FRÅ LINDÅS KULTURSKULE:
Måndag
Onsdag
Torsdag
Fredag Tysdag Onsdag Fredag Tysdag Onsdag
Tordag Fredag Tysdag Torsdag
Med helsing frå oss i seniorsenteret Aud Furdal, Astrid Paulsen, Christel Bratshaug, Randi Eikerol, Eli Støldal, Bjørg Irene Kleiven og Inger Fosse Dalland.
03.05. Sangstund saman med Wilhaven barnehage 04.05. FREDAGSKAE kl.11.00 08.05. BINGO med mat og kaffi kl.10.30 09.05. NB!”TASTEN ” dataklubb i LINDÅSHALLEN kl.11.00-13.00 10.05. ANDAKT v/ prest Harald Sundsbø, piano v/Gunnar Hageberg kl.11.00 11.05. FREDAGSKAFE kl.11.00 15.05. BINGO med mat og kaffi kl.10.30 16.05. ”TASTEN” dataklubb kl.11.00-13.00 18.05. FREDAGSKAFE kl.11.00 22.05. BINGO med mat og kaffi kl.10.30 23.05. NB! ”TASTEN ” dataklubb, felles i LINDÅSHALLEN kl.11.00-13.00 24.05. Helsetrim kl.11.00 25.05. FREDAGSKAFE kl.11.00 29.05. BINGO med mat og kaffi kl.10.30 31.05. ”UT PÅ TUR” kl.11.00
OPNE MØTE 18.04.2012 – 10.05.2012 Formannskapet 26.04.2012 09:00 Rådhuset Kommunestyret 26.04.2012 12:00 Knarvik sjukeheim Råd for menneske med nedsett funksjonsevne 07.05.2012 13:00 Rådhuset Eldrerådet 08.05.2012 10:00 Rådhuset Levekårsutvalet 08.05.2012 12:30 Rådhuset Plan- og miljøutvalet 09.05.2012 12:30 Rådhuset Administrasjonsutvalet 10.05.2012 10:30 Rådhuset Formannskapet 10.05.2012 12:30 Rådhuset Møta i dei kommunale organa er med få unnatak offentlege, d.v.s. at publikum og presse kan vera til stades. Sakspapira vert sendt ut elektronisk og publikum kan få tilgang til pc og lesa sakene i ekspedisjonen på rådhuset og folkeboksamlingane i Knarvik og Lindås minst 7 dagar før møtet. Sakspapira ligg og på heimesida til Lindås kommune.