Framtidsretta - Inkluderande - Kvalitetsbevisst - Tenestevillig
Annonseinformasjon
MARS 2012
Framtidsretta - Inkluderande - Kvalitetsbevisst - Tenestevillig Ledige stillingar Ved eining for tekniske driftstenester har vi for tida ledig to faste stillingar i 100%. VA-avdelinga: 1 Fagarbeidarstilling Vegavdelinga: 1 Fagarbeidarstilling Vil du vita meir? -Gå inn på vår heimeside www.lindas.kommune.no. HELSESEKRETÆR – SOMMARJOBB OG EKSTRAHJELP
RYDDING AV VINTERDEKKE PÅ GRAVPLASSANE I LINDÅS Frå i år vil det kun verta rydda vinterdekke frå graver som har avtale om gravstell med LKF. Me vonar at alle som brukar bosdunkane kan hjelpa oss med å sortera boset. Restavfall må ikkje kastast i biodunkane. For meir informasjon: Kontakt rådgjevar Mina K. Stevnebø, tlf.: 56375920.
Vi søkjer helsesekretær til sommarjobb og ekstrahjelp til legekontora i Lindås
Utlysing – Tilbod på utbetring av kommunal veg til Nappane, Lindås kommune
Er du interessert kan du ta kontakt med einingsleiar Reidun S. Sæbdal, e-post :reidun.sebdal@lindas.kommune.no tlf 56375721/91377514
Lindås kommune inviterer til tilbodskonkurranse på utbetring av kommunal veg til Nappane. Frist for å sende inn tilbod er 27.04.12 kl. 12.00. Syner til fullstendig utlysing på Doffin, www.doffin.no Tilbodsgrunnlag får ein ved å vende seg til Lindås kommune, teknisk drift, 56375140 eller på e-post v/ berit-karin.bruvoll@lindas.kommune.no Komplett tilbod basert på tilbodsgrunnlag må vere Lindås kommune i hende innan 27.04.2012 kl.12.00.
OPPSTART AV FORHANDLINGAR OM UTBYGGINGSAVTALE. For: Del av Galtaråsen industriområde, Isdalstø/ Alver, gnr. 137 bnr. 17. I medhald av § 17-4 i plan- og bygningslova vert det med dette kunngjort oppstart av forhandlingar mellom Lindås kommune og Entreprenørparken as, om utbyggingsavtale vedkomande gjennomføringa av reguleringsplan for del av Galtaråsen industriområde, Isdalstø/ Alver, gnr. 137 bnr.17. Forhandlingane vil omfatte teknisk infrastruktur fram til planområdet og innanfor sjølve planområdet. Spørsmål om, eller innspel til forhandlingane kan rettast til: Lindås kommune, teknisk drift, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø, postmottak@lindas.kommune.no, VIKE GRAVPLASS Kyrkjeleg fellesråd har vedteke å rusta opp Vike gravplass. Arbeidet vil starta i april 2012 og går ut på å fylla gravmasse på deler av gravfeltet langs sjøsida av gravplassen. Gravminne/gravstein som er over 60 år vil verta fjerna – jfr. § 18 i gravferdslova. Dersom festar (pårørande) ønskjer å ha gravminnet, må det meldast frå til kyrkjeleg fellesråd så snart som mogeleg. Gravminne kor festetida ikkje er gått ut (under 60 år) vil verta sett opp att når området er ferdigplanert. Har de spørsmål kan de kontakta f ellesrådskontoret : Telefon : 56 37 59 20 E-post: fellesradet@lindas.kyrkja.no, Adresse.: Lonsvegen 1, 5914 Isdalstø
Hjelmtveitvegen, Hjelmåsen, Hodneland, Hodnesdalsvegen, Holmåsvegen, Hopsdalsvegen, Hopsvågen, Hosøyvegen, Hundvinsvegen, Hønsedalen, Ikeland, Isdal, Kanalvegen, Kapperdalsvegen, Keilegavlsvegen, Keilevegen, Kleivdalsvegen, Klokkarstien, Kjenesvegen, Knarvikgarden, Kolåsvegen, Krokjen, Kvalvågnesvegen, Kvammavegen, Kvamsvågen, Ladberget, Li, Lindnesvegen, Litlåsvegen, Maråsvegen, Midtneset, Molvikavegen, Myking, Nedre Alver, Nedre Eikanger, Nesbrekka, Nordgardsvegen, Nævdal, Onesvegen, Reikeråsvegen, Remmo, Risøyvegen, Sauvågen, Seimsleitet, Sirsetvegen, Sjosidevegen, Skodvinsvegen, Skornesvegen, Soltveitvegen, Spjeldneset, Spjotøyvegen, Storbruhaugen, Storset, Stussdalen, Sundsbøvegen, Svindalsvegen, Titlandsvegen, Totland, Trælandsvegen, Tveitastø, Tveiten, Uglåsvegen, Vadbuvegen, Vefjell, Veland, Vikavegen, Votno, Åse, Åsgard,
AREAL- OG MILJØEININGA Byggesaksvakta i Lindås kommune vert stengt tysdag 3.april og torsdag 12.april grunna ferie/kurs.
Registrering av umatrikulert veggrunn for kommunale vegar etter matrikkellova av 17.juni 2005 iverksett 01.01.2010. Lindås kommune har matrikulert all kommunal veggrunn for å letta eigedomsforvaltninga i matrikkelen. Registreringa er heimla etter matrikkellova § 24, fjerde ledd og § 69 overgangsreglar etter same lov. Veggrunnen er ført i matrikkelen og gjeve registernummer med eit registernummer pr.gard som har kommunal veggrunn. Registreringa gjeld kommunale vegar som kommunen har det heile og fulle vedlikehaldsansvaret for og som tidlegare ikkje er tildelt registernummer.. Registreringane blir ikkje tinglyste. Det er ikkje gått opp og fastlagt grenser ved matrikuleringa. Jamf. Matrikkellova § 24 kan matrikkelføringa påklagast. Frist for klage er 3 veker etter annonseringa Eventuell klage blir å senda til: Lindås kommune, areal- og miljøeininga, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø. Spørsmål om registreringa kan stillast til fagleiar Tommy Veland eller rådgjevar Kåre Wiik, telef. 56 37 50 00. Følgjande kommunevegar er gitt registernummer i matrikkelen :Askelandsvågen, Berås, Bjørge, Bjørndalen, Bjørnevoll, Bjørsvikvegen, Dyrkollbotnen, Eikemovegen, Eknes, Elsåsvegen, Erstadvegen, Fisksetvegen, fjellsbøvegen, Fureberget, Fyllingsnesvegen, Gamle Prestavegen, Gangstøvegen, Gaulen, Gjervika,Grovavegen, Hakset, Haukåsvegen, Helklebrekkene, Hindenesvegen,
BESØKSHEIM BARNEVERNTENESTA Barneverntenesta i Lindås søkjer etter familiar som kan tenkje seg å vere besøksheim for barn/ungdom. Dersom de har tid, overskot og lyst til å hjelpe andre er de kanskje den rette familien for barn som treng ein familie å reise til ein eller to helger i månaden. Vi treng ulike typar familiar – alt etter kva barnet har behov for. Vi søkjer spesielt etter familiar til: • Jente på 10 år. Ho er lett å få kontakt med, likar aktivitetar som fotball, baking og kortspill. Ho treng gode voksenkontaktar. Ta også kontakt sjolv om disse konkrete barna ikkje synast å passa inn hjå dykk. Vi får ofte kontakt med barn som har behov for besøksheim. Dersom dette høyrest interessant ut, ta kontakt med barneverntenesta v/ Ingvill Skage Nøttveit på e-post ingvill.skage.nottveit@lindas.kommune.no eller tlf: 56 37 50 82. Løn og utgiftsdekning etter kommunen sine satsar. Informasjon om bustøtte Bustøtte er ei statleg økonomisk støtteordning for dei som har høge buutgifter og låg inntekt. Kven kan søkje om bustøtte? Alle over 18 år kan søkje om bustøtte, med unntak av studentar utan barn og personar i førstegongsteneste. Desse har eigne ordningar. Bustaden du søkjer bustøtte for, må vera godkjent heilårsbustad. Du kan søkje bustøtte for buugifter enten leiger eller eig bustaden. Ver merksam på at du må vere registrert som busett i folkeregisteret i den bustaden du søkjer støtte til. Størrelsen på bustøtta er avhengig av buugifter
Lindås Rådhus, Knarvik, 5914 Isdalstø. Tlf: 56 37 50 00 Faks: 56 37 50 01 Epost: postmottak@lindås.kommune.no www.lindås.kommune.no
og inntekta til husstanden.
VELKOMNE TIL BIBLIOTEKET
LEGEKONTORA I PÅSKEN
Søknad og fristar. Søknadsfristen er den 14. i kvar månad, og utbetaling er ca. 10. i månaden etter.
VERDAS BOKDAG, måndag 23. APRIL
Legekontora har åpent som vanlig i påsken, med unnatak av: Knarvik legekontor: Kontoret er stengt 04.04.12 Lindås legekontor: Kontoret er stengt 04.04.12 02.04 og 03.04 er kontoret åpent kun for akutt henvendelse og laboratoriet for akutte prøver. Knarvik allmennpraksis: Kontoret stenger kl 12.00 04.04.12
Bustøtteskjema finn du på Lindås kommune si heimeside, lindas.kommune.no, eller i ekspedisjonen på rådhuset. Du når oss på telefon: 56375000. Søknaden med dokumentasjon kan sendast til: Lindås kommune, v/ Bestillarkontoret. Merk konvolutten ”Bustøtte”. Du finn meir informasjon om bustøtte på Husbanken sine nettsider, husbanken.no. Der kan du også laste ned søknadsskjema. LÆRARUTDANNING? EG? Ja, kanskje er dette nettopp noko for deg! Hausten 2012 startar vi opp med desentralisert grunnskulelærarutdanning på deltid i region Nordhordland, studiestaden blir Breistein. Utdanninga går over 5 år, er samlingsbasert og det ligg godt til rette for å kombinere ei deltidsstilling, familie og studie viss ein ønskjer det. Utdanninga er eit samarbeid mellom Høgskulen i Sogn og Fjordane og NLA Høgskolen. Ta kontakt med prosjektansvarleg Bente Sollid e-post: bente.sollid@hisf.no, tlf. 57676194/99028769 Her kan du få svar på spørsmål om til dømes studiekompetanse og realkompetanse og om høve til å skaffa seg denne kompetansen, om innhald i studiet, tal samlingar og andre ting DU måtte lure på.
Biblioteket i Knarvik kl 11.30 -12.00: Bokkafé med presentasjon av bøker. Kaffi med noko attåt. Alle velkomne! Bokamnesti: Leverer du bøker 23. – eller 24. april i Knarvik eller på Lindås stryk vi overdagspengane! (Gjeld berre purregebyr) Sal av utrangerte bøker heile veka I Knarvik og på Lindås filial. Biblioteket i Knarvik Knarvik senter Telefon: 56 37 54 31 Opningstider: Måndag: STENGD Tysdag: 11.00 - 19.00 Onsdag: 11.00 – 19.00 Torsdag: 11.00 – 15.00 Fredag: 14.00 – 19.00 Laurdag: 11.00 – 15.00 Biblioteket – Lindås filial Lindås senter Telefon: 56 37 52 58
SENIOR- OG AKTIVITETSSENTRA I LINDÅS KOMMUNE INFORMERAR:
Opningstider: Tysdag 13.00 – 16.00 Torsdag: 14.00 – 19.00
Senior –og aktivitetssenteret Knarvik Kafeen og Seniorsenteret med lokalar på Knarvik sjukeheim er ope måndag, onsdag og fredag frå 10.00-15.00.Ein kan kjøpe middag m/dessert desse dagane. Til tysdag og torsdag må ein bestille dagen før til kjøkenet på tlf. 56375710 eller Knarvik seniorsenter 56375718 og 56375730 Her kan du kome innom til ein prat, ein kopp kaffi og møte andre pensjonistar.. Middagsservering måndag., onsdag og fredag mellom kl.12. 00-14.00.Vi ynskjer å skape ein god møteplass, der ein kan finne glede og utfordringar.Vi har variert aktivitetstilbod som byrjar kl.12.00.Senteret har også med frivillige som gjør ein stor innsats. Vi har bruk for fleire, så ta gjerne kontakt. I Galleri Utsyn er det ny utstilling kvar månad og opningstida er alle kvardagar frå 08.00-15.30.
Sjekk/forny låna dine her: www.lindasbibliotek.no
FRIVILLIGSENTRALEN INFORMERER
NYTT FRÅ LINDÅS KULTURSKULE: Elektronisk påmelding Frå 1. januar 2012 skal alle påmeldingar gjerast på det elektroniske påmeldingsskjemaet som du finn på kommunen si heimeside. Gjer slik: A) Du går inn på internett - finn heimesida til Lindås Kommune B) Trykk på knappen ”Kultur og Fritid” C) Trykk så på ” Lindås Kulturskule” nede på høgre side. D) Finn skjema, fyll ut og send inn No kan du søkje heile året, når det måtte passe deg !!! Lukke til !! NY DATO FOR UTMELDING: Utmeldingsfrist for Haustsemesteret 1. april Utmeldingsfrist for Vårsemesteret 1. november Utmelding etter frist må betalast med full semesteravgift. Alle utmeldingar SKAL vere skriftleg på e-post eller brev til Kulturskulen. kulturskulen@lindas.kommune.no
Styret for Frivilligsentralen i Lindås lyser med dette ut Frivilligprisen for 2011. Frivilligprisen vert gjeve til ein initiativrik person som har betra trivselen og livskvaliteten for andre. Med sine idear og sitt pågangsmot har han/ho medverka til eit meir ope og aktivt samfunn. Føremålet med prisen er å styrke samspelet mellom kultur, helse og frivillig sektor. Prisen skal: • Stimulere til innsats • Påskjøna godt frivillig arbeid • Peike på gode føredøme når det gjeld aktiv innsats innan frivillig arbeide i Lindås. Alle privatpersonar, styret for Frivilligsentralen, lag og organisasjonar som er heimehøyrande i Lindås kan koma med framlegg. Med kvart framlegg må det leggjast ved ei grunngjeving som kan stø opp under kandidaturet. Framlegg sendast til: Lindås kommune - dokumentsenteret Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø innan 20.april 2012 Konvolutten merkast ”Frivilligpris 2011”
Kan laget ditt søkje pengar? Er laget ditt oppdatert på Lindås kommune si web-side? Ta kontakt med Frivilligsentralen Tlf 56 37 51 46 – gro.sundal@lindas.kommune.no
Frå programmet i Knarvik informerer vi fyljande: APRIL: STENGT i PÅSKEVEKA frå 02.04.-09.04. Onsdag 11.04. Strikkekafe og kortklubb kl.12.00 Torsdag 12.04. Dataklubb kl.11.00-13.00 Fredag 13.04. Syng med oss! ved Else Iren Westervik og Otto Aksnes kl.12.00 Måndag 16.04. Helsetrim ved Reidun Sæbdal kl.12.00 Onsdag 18.04. Seniortreff og kortklubb kl.12.00 Torsdag 19.04 Dataklubb kl.11.00-13.00 Fredag 20.04. Seniordans ved Audhild Sagosen kl.12.00 Måndag 23.04. Helsetrim ved Reidun Sæbdal kl.12.00 Onsdag 25.04. Seniortreff og kortklubb kl.12.00 Torsdag 26.04. Dataklubb kl.11.00-13.00 Fredag 27.04. VÅRFEST med rømmegraut. OTTO AKSNES spiller opp til dans Påmelding innan 20.04. kl.12.00 Måndag 30.04. Helsetrim ved Reidun Sæbdal kl.12.00 >>>
Senior- og aktivitetssenteret Lindås Med lokalar i Lindås bu - og servicesenter har ope hus tysdagar frå kl.10.00. Kontaktperson er Eli Støldal tlf. 56375607 APRIL: Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Tysdag Onsdag Tordag Fredag
03.04. 11.04. 12.04. 13.04. 17.04. 18.04. 19.04. 20.04. 24.04. 25.04. 26.04.
BINGO med mat og kaffi kl.10.30 ”TASTEN ” dataklubb kl.11.00-13.00 Songstund med Wilhaven barnehage kl.11.00 FREDAGSKAFE kl.11.00 BINGO med mat og kaffi kl.10.30 ”TASTEN” dataklubb kl.11.00-13.00 Gudsteneste kl.11.00 FREDAGSKAFE kl.11.00 BINGO med mat og kaffi kl.10.30 ”TASTEN ”dataklubb kl.11.00-13.00 ”SYNG MED OSS!” v/ Håvard Fanebust og Mary Gjøsæter kl.11.00 27.04. FREDAGSKAFE kl.11.00
Senior- og aktivitetssenteret Ostereidet Med lokalar i Ostereidet senter har nye opningstider frå januar 2011, tysdag og torsdag frå kl.10.00-14.00. Her er kafe` tilbod med middagsservering. Middag må bestillast på førehand hos Aud Furdal tlf. 56375718 og 56375730 eller kjøkkenet på Knarvik sjukeheim tlf. 56375710. Torsdagane er det 3 aktivitørar /miljøarbeidarar; Bjørg Irene Kleiven ,Inger Fosse Dalland og Christel Bratshaug. Kom innom for ein kopp kaffi, ein prat og aktivitet. Frå programmet informerar vi fyljande: APRIL: Torsdag 05.04. STENGT p.g.a. SKJÆRTORSDAG Torsdag 12.04. Syng med oss! med Ostereidet barnehage på besøk kl.10.30. Bingo kl. 11.30 Torsdag 19.04. VÅRFEST med rømmegraut OTTO AKSNES spiller kl.11.00 Påmelding innan 12.04. Torsdag 26.04 Helsetrim ved Gunnar Hosøy kl.10.50 Bingo kl.11.00 VELKOMMEN! Vi i Seniorsenteret ynskjer GOD PÅSKE til alle seniorar i kommunen. Med helsing frå oss i seniorsenteret Aud Furdal, Astrid Paulsen, Christel Bratshaug, Randi Eikerol, Eli Støldal, Bjørg Irene Kleiven og Inger Fosse Dalland.
OPNE MØTE 28.03.2012 – 26.04.2012 Plan- og miljøutvalet 28.03.2012 12..30 Formannskapet 29.03.2012 10.00 Kommunestyret 26.04.2012 12.00
Rådhuset Rådhuset Knarvik sjukeheim
Møta i dei kommunale organa er med få unnatak offentlege, d.v.s. at publikum og presse kan vera til stades. Sakspapira vert sendt ut elektronisk og publikum kan få tilgang til pc og lesa sakene i ekspedisjonen på rådhuset og folkeboksamlingane i Knarvik og Lindås minst 7 dagar før møtet. Sakspapira ligg og på heimesida til Lindås kommune.
Lindås Rådhus, Knarvik, 5914 Isdalstø. Tlf: 56 37 50 00 Faks: 56 37 50 01 Epost: postmottak@lindås.kommune.no www.lindås.kommune.no