Bolig og interiør september 2016

Page 1

12

tema

Firdaposten

Torsdag 8. september 2016

bolig&interiør tema

Har du tips eller idear om aktuelle temasaker? Kontakt oss på telefon, e-post, Facebook, Twitter eller Instagram. Du kan også tipse oss med video. Ferskaste nytt finn du på firdaposten.no. E-post: redaksjon@firdaposten.no SMS/MMS: fptips til 2470

Tips oss!

57 75 73 28

ATTRAKTIVT OMRÅDE: Østviktunet blir under 20 minuttars spasertur til sentrum, nokre hundre meter frå barnehage, 50 meter frå busstopp og fem minuttars spasertur til Foto: Dag Nesbø Frøyen Sørstrand folkepark. Her skal Arild Liseth og Vestlandsbygg bygge.

Vestlandsbygg Florø med nytt prosjekt nær Sørstrand folkepark:

Snart kan du få adresse Østviktunet

BOLIG: Vestlandsbygg sitt nyaste prosjekt blir å gjere Østvikmarka om til Østviktunet. Svend Arne Vee

svend.arne.vee@firdaposten.no 908 47 465

– Dette er eit prosjekt eg verkeleg gler meg til å gå laus på, for dette kjem til å blir noko av det finaste vi har laga. Det seier ein entusiastisk halvdel av Vestlandsbygg Florø, Arild Liseth. I lag med kompanjong Rune Ottesen går dei i desse dagar ut med anbod på grunnarbeida for prosjektet

som har fått namnet Østviktunet. Kort oppsummert er det snakk om 11 nye bueiningar, fordelt på to firemannsbustader, ein tomannsbustad og ein einebustad, der dei to sistnemnte bygga også får garasje med på kjøpet. Det skal også byggjast ein eigen leikeplass på Østviktunet.

Med kort veg til barnehage og til Sørstrand folkepark, er eg overtydd om at dette er eit attraktivt prosjekt.

"

Rune Ottesen Vestlandshus Florø AS

– Vi skal byggje etter same lest som på Solheim. Store, luftige funkishusvære, sydvendte og med mykje lys, luft, romkjensle og utsikt. Vi skal ta naturen inn med i husvera til folk, slik vi har gjort det på Solheim tidlegare, seier Liseth.

Kort veg til Sørstrand Vestlandsbygg Florø har kjøpt i overkant av tre mål tomt frå grunneigar Harry Østvik, i eit område som både er barnevenleg og attraktivt for godt vaksne. – Ein av byens nyaste barnehagar ligg i nærområdet, og det er svært kort veg til noko av det finaste friarealet Florø har,

nemleg Sørstrand Folkepark. Vi er overtydde om at dette blir eit attraktivt prosjekt, seier dei to røynde eigedomsutviklarane. Halvparten av bueiningane må seljast før arbeidet startar opp. Om alt går etter planen, blir det heile innflyttingsklart før jula 2017. – Vi meiner vi har ein finansieringsordning som er gunstig for mange yngre etablerarar. Innskotssummen er på beskjedne 15 prosent av kjøpesummen, og resten skal huseigarane betale ved overtaking. Då slepp ein byggjelån undervegs, ofte med høg rente. Og prisen ligg fast frå dag ein og fram til innflytting, forklarar

Liseth.

Bustad for livet Fire av husværa i første etasje på firemannsbustadane vil ha livsløpsstandard. Det same gjeld også einebustaden. – Prisane må vi kome tilbake til litt seinare, når vi har sett kva tilbod vi får inn når vi legg prosjektet ut på anbod, seier Liseth, som er godt nøgd med aktiviteten i lokalmarknaden for tida. – Eg opplever bustadmarknaden i Flora som god for tida. Vi har meir enn nok å gjere, og vil vere fullteikna gjennom heile 2017, slår han fast.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.