Ete

Page 1

Annonse

Førde 28. til 30. januar 2011

Kortreist

KOSEMAT

Kva mat skal ein ete før elskoven? Vi har funne to lokale fulltreffarar. - Dersom eg skal velge berre ei råvare frå Sogn og Fjordane, må det vere sjøkreps. Denne kjem frå Brufjorden og er steikt i omnen med smør og kvitløk. Toasten er dekt av soltørka tomat. På 220 grader tek det berre eit partre minutt før krepsen er ferdig. Har du grillelement, kan dette med fordel brukast. For å ta det heilt ut, har vi valt å pare denne med ein champagne, ein Turgy Millesime blanc de blancs (kring 320 kroner på Vinmonopolet). HummaHåkon Bjåstad. ren er også lokal, og her har vi laga hummar naturell - den er med andre ord berre kokt. Med godt brød, smør, majones og sitron ved sidan, er dette mat for både Mons og kjerringa, ler Håkon Bjåstad, som er herre over kjøkenet på Øyrane vidaregåande skule. Også kråkebollar skal vere godt for samlivet, seier ekspertisen. Av andre gode vintips til sjømat, nemner Bjåstad Breuer Rüdesheim Riesling 2008 (kr. 168,-) og musserande vinar frå Cremany de Bourgogne (kr. 130 160 på Vinmonopolet). Andre afrodisiakum som skal ha positiv effekt på sexlivet, er klassiDesse godbitane er henta frå karen østers, vann- botnen av Brufjorden. Sjøkreps er melon, asparges ein av favorittane til sjefen på og sjokolade. Tid- kokkelinja, Håkon Bjåstad. legare var gulrøter, agurk og andre matvarer som kunne minne om kjønnsorgan også rekna som afrodisiakum, men verknaden av desse har ikkje blitt dokumentert.

Djupdykkar: Hummaren er henta i Sognefjorden, og Bjåstad og elevane har valt å gjere som dei fleste andre berre trekkje den i vatn og salt. Alle foto: Bent Are Iversen


Annonse

Førde 28. til 30. januar 2011

Oppe frå venstre: Kyllingsuppe med kinakål, laks på krema pasta og kortreist torsk i tomatsalsa. Nede frå venstre: Saltfisk med olivenolje, steikt torsk med portvinslinser og blomkålsuppe med bacon. Alle foto: Bent Are Iversen

SVINEKALDT kjøkken Den grå kvardagen er historie. No er den rosa i midten. - Det har skjedd mykje på kjøkkenet dei siste åra. Mange gode råvarer har blitt øydelagt i norske omnar, meiner Håkon Bjåstad. Temperaturmessig er det atskilleg kaldare på kjøkkenet i dag enn før. - Tidlegare var vi mykje hardare på varmebehandling av mat. Mange gode råvarer har blitt øydelagt i for varme omnar. Tidlegare var svinesteika ferdig når den hadde ein kjernetemperatur på 82 grader. Den måtte dynkast i brun saus for ikkje å bli for tørr. I tillegg flomma ei rosa elv over landet gjennom 80-talet (Bjåstad viser til Thousand Island-epoken i norsk kjøken).

No langtidsbakar vi fisk på 55 grader og har ekte vaniljestenger i butikken. Kopien vanilin er laga av roten gran, opplyser matfantasten. Bygdebladet har ingenting mot å få ei innføring i tradisjonskost - spesielt ikkje når det heile endar i elleve sunne og velsmakande rettar - stort sett med råvarer frå eige fylke. - Vi dreg til Italia og blir imponerte over parmaskinkene deira. Det mange ikkje er klar over, er at vi har t.d. lammekjøt i verdsklasse, og at det etterkvart har poppa opp mange lokale produsentar som kan levere kvalitetsprodukt frå øvste hylle, seier Håkon Bjåstad. Når han blir tvungen til å velge ei råvare frå

fylket, må det bli sjøkreps, seier Bjåstad. Men utvalet er stort, både når det gjeld kjøt, fisk, ost og diverse drikkevarer. - Torsken vi serverer i dag, kjem frå Stad, makrellen og laksen frå Florø, sjøkrepsen er henta frå botnen av Brufjorden, hummaren frå Sognefjorden. Det er mange gode grunnar til å vere stolte både over råvarene våre og maten vi tradisjonelt sett har servert. Det er på tide å få sosekjøt på menyen att. Tidlegare var dette festmat - no er det nesten gløymt. Menyen for dagen er bakt laks i karrikrema pasta, makrell i tomatsalsa på toast, steikt torsk på krema selleripurè, steikt torsk på

blomkål- erter- og gulrotpurè med linser i sjysaus av kjøtkraft og portvin, kokt laks med agurksalat og rømme, blomkålsuppe med steikt blomkål og sprøsteikt spekeskinke, saltfisk (bruk gjerne klippfisk) kokt i mjølk med timian, kvitlauk, fløyte og olivenolje, sjøkreps grilla i omn med smør, kvitlauk, rosmarin og timian, hummer naturell, thaisuppe med kylling og chili con carne. - Alle rettane er enkle, gode og sunne, seier Bjåstad.

START NO! IRENE DJUPEVIK SØREIDE Bailine-terapeut

itt! Hald nyttårsløftet d Anita Vie, apeut hud- og spater

leiar Laila Tefre, sjukep opath og biopat/natur

itsanalyse Biopati – Heilhe e. Effektiv feittforbrenning! asj LPG – Lipomass IT: Medisinske behandlingar HE Enerpeel – NY

Heidi Ulvestad, Vest Velvære as, sjukepleiar og spaterapeut

NYHEIT! Negledesign

VI TILBYR OGSÅ HÅRFJERNING, HUDPLEIE OG MASSASJE Storehagen 5, 6800 Førde • Telefon 57 82 33 11

www.helseogvelvaere.net

RING FOR GRATIS PRØVETIME

Møt meg på stand i helga, Rica Sunnfjord Hotell

57 72 07 40 / 909 41 707

www.bailine.no


Førde 28. til 30. januar 2011

Det er orden i rekkene bak KariAnn Bruland. Her er det Malin Gjøringbø, Helene Westervik Dvergsdal og Martine Fosse som ventar på ordre. Foto: Bent Are Iversen

Meny

Fredag 28. og laurdag 29. januar

I samband med et-tren-elsk arrangementet som skal vere i Førde har vi ekstra sunne dagar på Handelshuset - Prøv vår meny:

Mat for

TRENINGSLYSTNE

At trening er bra, veit alle. Men kva skal ein ete før og etter treninga? - Dersom du er svolten rett før treningsøkta, er frukt eit godt alternativ. Det får opp blodsukkeret raskt. Ein smoothie er lett å lage. Eit tips er å bruke yoghurt naturell som basis, sidan den ikkje inneheld sukker. Frosne skogsbær (då slepp du å bruke isbitar i smoothien), banan og havregryn er sikre vinnarar i fruktdrikken. Dette er også ein flott start på dagen for dei som har vanskar med å få i seg frukost. Det seier Kari-Ann Bruland som er instruktør på eit av treningssentra i Førde og avdelingsleiar i restaurantog matfag på Øyrane vidaregåande skule. Er det ei stund (eit par timar) til ein skal på trening, gjer ei skive med pålegg gjerne makrell i tomat eller kvitost - jobben. Av drikke er mjølk, vatn eller sportsdrikkar greitt. Brus bør ein halde seg unna. Må ein ha

påfyll undervegs i treninga, kan ein t.d. ete ein banan. Eigentleg bør alle ete som om dei var diabetikarar, meiner Bruland. - Sidan ein ofte blir oppgira etter at ein har vore på trening, kan det også vere lurt å trene litt tidleg på kvelden. Dersom du skal trene neste dag, bør du fylle på med protein som finst i alle typar kjøt. Proteinpulver er dyrt og berre tull dersom ein trenar normalt og har eit variert kosthald. Proteinmangel er svært uvanleg i Norge, og derfor inga problemstilling, seier ho. Raske eller trege? Dersom det er tale om karbohydrat, bør du stort sett satse knallhardt på dei trege. Med slike karbohydrat blir blodsukkernivået jamt over lang tid. - Heilkornbrød, naturris, frukt (t.d. plommer, epler eller pærer), bønner, pasta,

mjølk og yoghurt er bra for dei som trenar. På nei-lista står blant anna kvitt brød, kvit ris og sjølvsagt snop, opplyser Bruland. Eit sunt kosthald skal også innehalde feitt - av det sunne slaget. - Kring 30 prosent av det du et i løpet av dagen, skal vere feitt, seier Kari-Ann Bruland. Umetta feitt er sunt. Det finn du i feite fiskeslag (makrell, sild, laks, aure og tunfisk), nøtter og mandlar, planteoljar (m.a. olivenolje, rapsolje, solsikkeolje, valnøttolje og linolje) og plantefeitt frå avocado og oliven. Metta fett er ikkje bra for kroppen. Det finst i mjølkeprodukt, raudt kjøt, farseprodukt, potetgull og frityrmat - blant anna. Dermed står berre ein ting att - å kome i gang med treninga...

Kylling m/villris

Kyllingsalat

og fem typar grønsaker

m/ferskpressa appelsinjuice

Kr 99,-

Kr 99,-

Ma po To Fu

Chef´s salat

Oksekjøt, asparges, purre og soyabønner m/ris. 20 typar aminosyrer, ingen kolestrol, lite fett.

Blanda salat med ost, cherrytomater, mais, sprø paprika, oliven og fersk champingnon. Velj mellom skinke, reker eller kylling. Blir servert med grovt rundstykke.

Kr 159,-

Kr 117,– sunt året rundt!

Laurdag 29. januar

Besøk vår stand

på «Et-Tren-Elsk» messa laurdag! DEMONSTRASJON AV

iPULSE-maskin med 5 ulike funksjonar: • Slanking • Cellulittebekjempelse • Oppstramming • Forbedring av hudstruktur • Lymfedrenasje Spalter og drenerer fettceller, strammar opp huda og byggjer musklar. Tlf. 57 83 40 50 Mån–fre 10–20 Laur 12–18

Vår nye ikar negletekn rer gele- og re demonst r. Bestill deg le yr akrylneg essa der vi tilb m å p time

d! essetilbo gode m

Møt Yngvar Andersen på Skywalken kl. 12. Der blir det også salsa-dans og magedans ved Happyhips og stand med MX-sport og Din Sport. Nyopning på Ringo 27. januar! Butikken er nyoppussa og fornya! Knalltilbod og aktivitetar. Alle som besøker butikken i helga er med i trekkinga av kjempestor bamse 90cm og gåvekort. Velkommen store og små Opningstider: Kvardagar: 10-20 (21) Laurdag : 10-16 (20) Enkelte butikkar har andre opningstider.

Sjå vår meny på: www.sunnfjordspa.no www.handelshuset.no

Det Gode Vertskapet

inform-media.no

Annonse


9HONRPPHQ WLO

PROGRAM

Nyttårsfest og stordans!

FREDAG 28. JANUAR Spenst – gratis trening heile dagen Puls – ordinær trening Friskis & Svettis – ordinær trening

29. januar spelar både Vagabond, Contrazt og Gilbeys til dans.

LAURDAG 29. JANUAR Kl. 12.00 Kl. 13.00 Kl. 14.00

Kl. 14.00 Kl. 14.30 Kl. 15.00 Kl. 16.00 Kl. 20.00 Kl. 20.00 Kl. 21.00 Kl. 22.00

Yngvar Andersen . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Handelshuset Salsadans og magedans ved Happyhips . . . . . . . Handelshuset Magedans ved Happyhips . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Førde Torg og Elvegård Messeområde opnar . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Rica Sunnfjord Hotel & Spa Stand innan trening, kosthald og velvære Gode matretter frå Erin Selsvold og kokkeelevar frå Øyrane vg. skule Sterkast i Sunnfjord (Til ca 16.30) . . . . . . . . . . . . Rica Sunnfjord Hotel & Spa Moteshow MXDC frå Spenst Foredrag v/Yngvar Andersen «Løysinga – slik får me eit sunt og sprekt liv» Treningstime v/Yngvar Andersen Yngvar Andersen «Sirkeltrening kan du gjere over alt» EtTrenElsk quiz . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Pikant Sunn Thai-aften . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Pikant Nyttårsbuffe . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Rica Sunnfjord Hotel & Spa EtTrenElsk-meny . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Rica Sunnfjord Hotel & Spa Nyttårsdans med Vagabond, Contrazt, Gilbeys . . . Rica Sunnfjord Hotel & Spa

SØNDAG 30. JANUAR Kl. 10.30 Jølster skisenter Kl. 12.00 Sunnfjord skisenter Førde Kino: Spis Elsk Lev

- så her vert det noko for ein kvar smak. Restaurant Laxens Nyttårsbuffet inkl dans: Kr 690 - for bestilling - tlf: 57 83 40 00 Berre billett til stordans: Kr 375 - kan kjøpast i resepsjonen på hotellet

Prisar: Foredrag med Yngvar Andersen + messeområde kr 200,– Trening med Yngvar Andersen + messeområde kr 200,– Begge deler kr 350,– Berre messeområde vaksne 50,–, barn 25,– Kjøp av billett på Førdehuset, spenst eller Puls. www.fordehuset.no

Arbeidsgruppa

Tlf: 57 83 40 00 Fax: 57 83 40 01 - rica.sunnfjord.hotel@rica.no

Fem treningstips Personleg trenar Kent Roger Engdal ved Spenst Førde gir deg 5 treningstips.

Terese Hafstad Sunnfjord Næringsutvikling AS

May Britt Torsnes Sunnfjord Næringsutvikling AS

Fred Reiersen Rica Sunnfjord hotell & Spa

Kent Roger Engdal Spenst Førde

Håvard Røneid Puls Førde

Jo Inge Gåsvær Førde IL

Mariann Njøsen Handelshuset

Tore Solbakken Medeigar Førde hotell og Pikant

1. Styr unna «diettar». Når du går på ein diett ligg det i underbevistheita at du på eit eller anna tidspunkt skal «gå av» den. Dette er ikkje berre eit ordspel, men ein av dei viktigaste årsakene til at dei fleste diettar mislykkast. Dersom målet ditt er å bli ferdig med dietten, er du tilbake fortare en du veit ordet av det til der du starta. Fysisk aktivitet og kostholdsendring er ikkje midlertidig, det er noko du må gjere jevnlig igjennom livet ditt. Med mindre du tilnærmar deg fysisk aktivitet og kosthold frå eit livsstilperspektiv, er du dømt til å mislykkast. 2. Ha fokus på kva du puttar i deg. Som til dømes bilen din, treng den riktige type drivstoff for å fungere. Til dømes ved vektreduskssjon treng det ikkje vere dramatiske endringar. Redusere karbohydrat, et meir proteinar og bevegelse vil sammen føre til effekten ein er ute etter. Ta kontakt med til dømes ein Personleg Trenar for å få enkle føringar om kostholds rutiner. Dette lønnar seg! 3. Finn ei treningsform du synest er gøy! Ikkje kjed deg. All aktivitet er god aktivitet. Om du synest trening er kjedlig, skaff deg eit treningspartnar. 4. Ha fokus på helse og ikkje kropp. Tren for betre helse og ha det som fouks. Betre kropp kjem automatisk med. Tenk på ein amerikansk “monster truck”, uten hjul kjem den ingen vei sjølv med ein fantastisk motor. Det samme gjeld oss menneske. Vi kjem ikkje langt med store og flotte musklar, om det “indre” ikkje fungerar.

5. Er du utrent, start realistisk. Å starte meg 4-5 økter pr.uke vil igjen lett føre til “jojo” trening. Mange blir leie, og kroppen er ikkje klar for å gjere alle forandringane på kort tid. Start gjerne med 2 økter pr uke. Etter 6-7 veker, kan du legge til ei 3 økt. Slik får kroppen ein fin progresjon, og den får tilvenne seg gradvis. Kom gjerne innom Spenst. Der får du tilrettelagt program, med oppfølging kvar 6 veke inkludert i prisen. Oppfølging gjere til at du får vurdert korleis programmet fungerar. Ikkje minst får du ny motivasjon i forhold til nye øvelsar, og følelsen av å bli tatt vare på.

DET GODE LIV FRISK LIVET SUNT STYRKE LIDENSKAPLEG GLEDE TRENING SHOPPING KONDIS BALANSE FIBER KVARANDRE LUKSUS OVERSKUDD SEX KOSTHALD IMPULSIV ENERGI LIDENSKAP HARMONI


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.