Firda
annonsar
Torsdag 25. august 2016
27.
LAURDAG
AUGUST
• FOLKEFEST • MASSEMØNSTRING • MOTBAKKELØP
Velkommen til Førde Opp!
Eit storarta arrangementsår Det har vore eit makalaust år for gode arrangement i Førde. EM vektløfting sende idrett av høg kvalitet og flott bilete frå Sunnfjord ut i heile Europa. Brann blei s lått ut av cupen med 3000 vitne på tribunene. Førdefestivalen imponerer igjen med sin kvalitet, slik vi nærast har fått for vane. Og så VG-lista, der Førde vann bykampen med ein kreativ galskap ein ofte ikkje forbind med trauste sunnfjordingar. 10.000 publikum frå heile fylket trassa regnvær og laga folkefest. Den femte utgåva av Førde Opp er eit høve til å samlast på ny. Gjennom skuleprosjektet til Førde Opp vert 1.-10.klassingar i indre Sunnfjord invitert til å delta gratis. I fjor var det imponerande 631 barn og unge som deltok på denne måten, og sette sitt tydelege preg på arrangementet. Førde Opp og dei andre arrangementa er med og fargelegg byen vår. Dei gir oss grunn til å vere stolte av alt vi får til. Finn ditt nivå på laurdag og delta! Lykke til! Olve Grotle - ordførar
15