2.
LAURDAG
SEPT.
• FOLKEFEST • MASSEMØNSTRING • MOTBAKKELØP
Velkommen til Førde Opp!
Arrangement nr. 14 av 20 Som i fjor har det vore eit storarta arrangementsår i Førde. Tour des Fjords, Førdefestivalen og ikkje minst Landsskyttarstemnet. Det fjerde LS i rekka sidan 1988 trekte tusenvis av skyttarar og familie frå heile Norge til den vakre byen vår. Men også nyskapinga Truck & Trøkk blei ein finfin suksess. I rekka av 20 offisielle arrangement i jubileumsåret for Førde er vi no komne til nr. 14. Førde Opp laurdag 2. september og Elvetorget Cup i handball same helga. Det er ei ære og eit privilegium å få vere ordførar i ein kommune der frivillige gong på gong stiller opp for å få gjennomført flotte arrangement. Det er til dømes ikkje sjølvsagt at Førde Skyttarlag gong på gong tek på seg Landssyttarstement, i lag med skyttarlag i fleire kommunar. Dei, og alle andre som har stilt opp på dei mange arrangementa våre, fortener ei stor takk frå oss alle. Den sjette utgåva av Førde Opp er eit høve til å samlast på ny. Gjennom skuleprosjektet til Førde Opp blir 1.-10.-klassingar i indre Sunnfjord inviterte til å delta gratis. I fjor var det imponerande 666 born og unge som deltok på denne måten, og dei sette sitt tydelege preg på arrangementet. Eg ønskjer Førde Opp og Elvetorget Cup lykke til i helga, og oppmodar innbyggjarane om å delta med liv og lyst. Lykke til! Olve Grotle, ordførar