Del 2
■ Bilsider ■ Synspunkt ■ Nært&Kjært
side 34-35 side 36-38 side 56-57
FIRDA TORSDAG 25. NOVEMBER 2010
OPPSVING: – Det er dei siste sju åra at det verkeleg har teke av, seier dagleg leiar ved Yndestad Mekaniske AS, Karstein Yndestad om korleis behovet for større verkstadhall har pressa seg fram.
Utvidar for 11 millionar GAULAR: – Vi vil satse på ny teknologi og utvide fagområda våre, seier dagleg leiar Karstein Yndestad. No har verkstaden fått ny sandblåseog lakkeringshall. SISSEL IREN SKJERDAL tekst og foto
Dagleg leiar og eigar av Yndestad Mekaniske AS, Karstein Yndestad har både fått utvida verkstadhallen med over det doble, og fått fleire bein å stå på. For inne i den nye hallen har verksemda fått plass til to nye framtidssatsingar. – Vi har bygd ny sandblåsehall og ny målehall. Sandblåsehall er eit behov vi har hatt lengje. No kan vi stå for overflatebehandlinga sjølve, seier Yndestad, som håper at dette vil gjere verksemda meir konkurransedyktig.
Tek til med sandblåsing For no slepp verksemda å sende delar til Florø for behandling der.
■ Yndestad Mekaniske doblar arealet til 1800 kvm FAKTA ■ Vart skipa i 1965 av Roald Yndestad, og slo seg opp på produksjon av traktorskuffer. I 1992 overtok sonen Karstein Yndestad. ■ Driv no med ein allsidig plate- og sveiseproduksjon. Dei støyper også ulike produkt i aluminium, og lager til dømes delar til kraftverk, traktorskuffer. ■ I dag er mellom anna Hydro, Eras og Brødrene Dahl viktige kundar for verksemda.
– Tidlegare måtte vi sende produkta til Florø for overflatebehandling. Det var både tungvint og kostbart, og tok i tillegg mykje tid. No kan vi gjere det sjølve med ein gong, seier Yndestad. Han trur at utvidinga også vil føre med seg positive effektar for arbeidsmiljøet, så vel som helsa. – Det blir lysare, trivelegare
og produksjonsmiljøet blir reinare, seier Yndestad, og forklarer dette med at dei vil halde sveiseavdelinga i den gamle delen av lokala.
Stort løft Utvidinga er ifølgje Yndestad eit stort løft for familieverksemda. – Totalt har vi investert mellom ti og elleve millionar kroner. Det er mykje pengar for eit lite firma, seier Yndestad. Eigaren gjev nettopp dei ti tilsette ein god del av æra for utviklinga av selskapet. – Det er lokale, stabile tilsette. Eg kunne aldri klart å byggje opp dette utan at dei tilsette, seier Yndestad om utvidinga. – Dei tilsette er ein av konkurransefordelane våre, seier Yndestad, som rosar dei tilsette for å vere fleksible i høve til arbeidstid og arbeidsmengd. Han legg ikkje skjul på at det er spennande å gjere så store investeringar i ein bransje der langsiktig ordretilgang nærast er eit framandord.
– Vi har aldri lange horisontar når det gjeld tilgang på arbeid. Vi veit ikkje om vi har arbeid om to månader. Men dette er noko vi
er vande med, og lever med, seier Yndestad, som har god von på at verksemda vil omsetje for kring 17 millionar i 2010.
– Det var no eller aldri – Skulle eg gjere noko med verksemda, var det no eller aldri, seier Karstein Yndestad. – Hadde ikkje utvidinga komme no, ville det nok ikkje blitt gjort i det heile, seier Yndestad. – Det blir spennande å sjå korleis det går med utvidinga og satsinga på sandblåsehall, seier Yndestad. Han fortel at verksemda også har satsa på heilt ny teknologi. – Vi får inn eit skjerebord med ein vasskjerar. Med den kan vi skjere alt mogeleg; jern, stål, stein, tre og glas, fortel Yndestad, om skjeremaskina som er kostnadsrekna til tre millionar kroner. – Den er veldig interessant tek-
nisk sett, seier Yndestad og forklarer dette med at vasskjeraren brukar ein vasstråle på ein millimeter med eit trykk på 4000 bar til å skjere gjennom ulike typar materiale. – Dette er den dyraste investeringa vi har gjort i utstyr, seier Yndestad som ser dette som ei framtidsretta investering. For sonen Martin Yndestad (19) er utvidingane og investeringane med å gjere det meir attraktivt for han å ta over ein gong i framtida. – Det er klart. Dette er ei familiebedrift, så det er viktig å drive den vidare, seier Martin Yndestad, som er innstilt på dette. sissel.iren.skjerdal@firda.no