Annonseavis
6
februar 201
g i Fjaler
g nærin Handel o
Med tru på framtida!
Fjaler NO! Februar 2016 Utgjevar: Butikknemnda i Dale / Fjaler Næringsutvikling Marknadsansvarleg og redaksjon: Butikk-nemnda i Dale, Fjaler Næringsutvikling og Fjaler kulturkontor Framsidefoto: Sarah Thingnes/Design: Eva Meier Trykk: Sogn og Fjordane Avistrykk Grafisk utforming: findriv Annonsere i Fjaler NO! Kontakt: Oddleif Jarstad Tlf. 415 14 852 / blomstertorget@interflora.no Innspel til redaksjonelt stoff: Kontakt Frivilligsentralen, Margrete Reisæter mre@fjaler.kommune.no / Tlf. 57 73 80 20
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter
Dagopphald på Haugland
Har du behov for rehabilitering, men ynskjer å bu heime? Ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter har vi tilbod om dagopphald. Du får eit tilbod som er tilpassa deg, med undervisning og aktivitetar både ute og inne. Vi har òg erfaring og kompetanse innan tilbakeføring i arbeid, dersom det er aktuelt for deg.
Mangfald , motivasjon og meistring
Lengde på opphaldet vert bestemt ved innkomst. Du betaler eigendel på kr 128,- pr. dag. Fastlege må søkje for deg og merkje søknaden med «Dagopphald».
For meir informasjon, ta kontakt på tlf. 57 73 71 00 eller sjå www.rkhr.no Adresse: Haugland, 6968 Flekke i Fjaler. Følg oss på vår Facebookside: Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS
Vinter-
SIR JOHN
KARMØY
SENGESETT
KVIT GÅSEDUNSDYNE
TILBOD
140X200 cm. Før: 2890,140X220 cm. Før: 3190,-
GOLD KONTINENTALSENG
180x200 cm. Før: 11495,-
Eksklusiv sengeløysing, topp komfort og høg kvalitet
No
Rammemadrass med bonnel fjøring. Madrass med pocket fjøring og kantforsterking for auka stabilitet. Overmadrass med ventilerande skum- og fiberstopping, med gode pusteeigenskapar. Med hovudgavl og bein. Spesialmål kan bestillast.
50%
NO: 1295,NO: 1395,-
9990,-
Sofabord, 135x80 cm
3890,-
Kr MARATHON Sofabord og hjørnebord. Eik og kvitpigmert eik. Høgde 55 cm. Leverast òg i kvit og bjørk.
150x200 cm. Før: 10495,-
No
8990,-
GODT UT VAL I: Gardiner Gardinoppheng Duker • Voksduker Golvtepper Golvløparar Sofaputer Dyner og puter
Hjørnebord, 70x70cm
Kr
Laurdagar ope 10-15 • Følg oss på
l l l
Postboks 34 6961 Dale i Sunnfjord telefon 57 73 63 12 l
l
Kjære lesar
I desember samla over 100 unge frå nærliggande kommunar seg i ruskevêret på Dalsfjordbrua med ei felles målsetting om å vise omverda at vi har tru på framtida for regionen vår. Det er difor ei litt spesiell utgåve av Fjaler NO du sit med denne gongen. Vi har fått sjansen til å utforme det redaksjonelle innhaldet med bakgrunn i eit ynske om å understreke alt det positive som skjer i området. Vi kjem difor til å gå utanfor berre Fjaler og nytte spalteplassen til å omtale forhold som gjeld fleire kommunar. I høve biletet på brua vart det laga eit lesarinnlegg som var på trykk i Firda. Her peikte vi på saker som
2
1995,-
FJALER NO! Februar 2016
l
www.mobler-dale.no
l
Møblar Gardiner/gardinoppheng Teppe Sengeutstyr
vi meiner gjev grunn til optimisme og framtidstru. Tekstane i denne utgåva av Fjaler NO er produsert av nokon av oss som var på brua i sluddet 22. desember. Det er såleis denne «redaksjonen» som er ansvarleg og står bak innhaldet i denne utgjevinga, men felles for alle på biletet er at ein er stolte over regionen og ønskjer at vi skal stå samla for å kjempe for vidare felles utvikling av dette fantastiske området. God lesing! Tor Einar Erikstad, Leonora Laukeland Kleiven, Bjørn Klausen, Julie Vårdal Heggøy og Elise Risnes Eikevik.
Vi unge seier ikkje «dei på hi sida av fjorden» lenger. I staden snakkar vi om før og etter brua. Og vi er alle einige om at den nye tidsrekninga er mykje betre!
Brua førte dei saman
Foto: Oddmund Reisæter Haugen
Med tru på framtida!
Trafikktala illustrerer den nye tidsrekninga godt. Allereie andre året etter bruopninga er gjennomsnittstrafikken oppe i 643 bilar i døgnet, og som ein ser av grafen har det vore jamn stigning sidan opninga. Desse tala knuser kritikarane og motstandarane av brua sine prognosar på 45 (!) bilar per døgn og syner så inderleg vel at den 30 år lange kampen for brua var verdt det for alle i vår region. For Dalsfjordbrua er så mykje meir enn ei bru. Ho vert eit symbol på den nye tidsrekninga der samarbeid på tvers av tidlegare grenser gjev grobotn for vekst og positivitet.
Større jobbmarknad Konkret har Dalsfjordbrua betydd at arbeidsmarknaden er større, og attraktive jobbar som tidlegare var uaktuelle på grunn av lang reisetid er no aktuelle. Dette aukar sjansen for at unge i regionen finn interessante jobbar kor
Års- og månadsdøgntrafikk fv.609 Dalsfjordtunnelen/Dalsfjordbrua 2014-2015
800
751
770
703
700
499
500
539
524
562
672
664
657
627 630
601
600 KØYRETØY PER DØGN
I forkant av Fylkestinget som vedtok å bygge Dalsfjordbrua i 2009, stilte 67 ungdommar opp på den blå steinen i Bergen for å vise at vi bryr oss om framtida i HAFS. I dag har om lag 1/3 av desse flytta heim att til HAFS. Med sambuarar og barn er dette talet betydeleg høgare. Og fleire er på veg.
694
663
634
609
590
561
663
643
637 578
607
602 561
Før bru (ferjetrafikk)
400
2014
300
2015 200 100
45
45
45
45
45
45
45
45
45
45
45
45
45
0 Jan
Feb
Mar
Apr
Mai
Jun
Jul
Aug
Sep
Okt
Nov
Des
ÅDT
ein får nytta kompetansen sin. Brua er vice versa positiv for arbeidslivet, som har fått tilgang til eit større geografisk rekrutteringsområde. «Før brua hadde vi ikkje mange søkjarar til ledige stillingar frå området på nordsida, men etter brua har Enoro rekruttert mange nye arbeidstakarar frå Holmedal og Askvoll-området.» Johnny Haugsbakk, Enoro Norge.
auke i omsetnad dei siste to åra, noko dei gjev Dalsfjordbrua mykje av æra for. «Eg har eit klart inntrykk av at folk både i Fjaler, Askvoll og Hyllestad er flinke til å handle lokalt, og etter brua opna er det mange «framande» fjes innom butikken vår. Det synest vi er veldig kjekt.» Perly Merete Sognnes, Blomstertorget i Dale.
Ein enklare kvardag
20 minutt pendling
Vidare har brua hatt betydeleg effekt ved å auke tilboda i kvardagen – både sosialt og praktisk. Ein treng ikkje lenger planlegge utflukter med ferjer og taxibåt, og det er blitt enklare å oppretthalde gode venskap på tvers av Dalsfjorden. Med utfyllande tilbod på begge sider slepp ein reise til Førde for å «ordne seg». Dette er noko handelsstanden i regionen merkar godt. Herfinn Takle, dagleg leiar hos Expert Askvoll, viser til ein omsetnadsauke på heile 25% frå 2013 til 2014. Og den gode utviklinga ser ut til å halde fram. Handelsstanden i Dale har også hatt ein markant
Dei tydelege ringverknadane av Dalsfjordbrua viser kor viktig det er med god infrastruktur for å skape ein region kor det er godt å leve, og som gjev unge menneske lyst til å flytte heim att. Om ein buset seg i Askvoll eller Fjaler har ikkje lenger noko å seie for kvar ein skal arbeide. 20 minuttar med pendling den eine eller andre vegen er ikkje meir tid enn ein brukar i eit lyskryss og ei rundkøyring i rushtida i Bergen!
Sambuarparet Malene Solheim og Rasmus Høgalmen flytta til Dale i haust. Utruleg, men sant, var det Dalsfjordbrua som førte desse to saman! Rasmus, som opphavleg er frå Oldedalen, arbeidde på Dalsfjordsambandet, og ei helg Malene hadde handballfri møttest dei tilfeldig på den lokale puben i Dale. «Hadde det ikkje vore for Dalsfjordbrua, så hadde ikkje sonen vår, David kome til verda!» seier Malene med eit smil. Etter 7,5 år som keeper på øvste nivå i norsk handball, la Malene handballskoa på hylla i fjor vinter. Ho og Rasmus venta barn, og ynskte trygge og gode omgjevnadar for sonen i oppveksten. Vidare lokka nydeleg natur, fjord og fjell i umiddelbar nærleik, og i haust flytta dei frå Oslo til Dale. Her har dei har kjøpt hus som dei no pussar opp.
Lykkepille Malene ser fram til at sonen David skal få vekse opp i bygda ho har mange gode minne frå. Ho skildrar folk frå Fjaler som inkluderande, satsande og humørfylte. «I Jotun trudde folk at vi (frå Fjaler) gjekk på lykkepillen». Sjølv om Malene no ser fram til rolegare tider utan ein aktiv handballkarriere, klarer ho ikkje å la handballen ligge heilt og har alt engasjert seg på trenarsida. Elles nyt ho permisjonslivet, fram til ho i mai tek til som ergoterapeut i Fjaler kommune.
Saknar ikkje bylivet Enno er det ikkje noko sambuarparet saknar frå bylivet. Dei verdset roa, samstundes som dei set pris på at dei er komne til ei bygd med engasjement, varierte kulturtilbod, og at dei finn det aller meste dei treng heilt i nærleiken.
Symjehall i Bulandet OPNINGSTIDER: Måndag–fredag 08.00–16.00 TLF: Harald Norddal 995 68 893 TLF: Runar Kjøsnes 970 03 669 6963 Dale E-POST: post@norddalauto.no
I mai opnar den etterlengta symjeog aktivitetshallen i Bulandet lengst vest i Askvoll. Her kan ein symje i bassenget medan ein ser ut på bølgjene som slår over holmar og skjer rett utanfor vindauga. Berre å gle seg, folkens!
Utviklar og sel bransjeprogramvare for rehabilitering og attføringsbransjen www.avans.no tlf. 47 67 79 00
FJALER NO! Februar 2016
3
Ta turen til Blomstertorget i Dale Senter. Vi står klar for årets store blomsterhelg!
g o g a d s r Mo g a d s n i t n Vale
sundag 14. februar
Vi ynskjer deg velkomen inn til eit fantastisk utval av herlege bukettar, roser, tulipanar og flotte arrangement til mor eller din kjære, på den store dagen!
Kjempetilbod på blomster!
Tilbod
Orkidé
99,-
Vi har herleg Belgisk konfekt, hjartesjokolade i mange variantar og ikkje minst Interflora sin eigen Epledrøm!
Tilbod
10 stk. flotte rosa roser
149,-
Tilbod
Sukkulentar
49,-
Tilbod
3 stk. primula
59,-
Blomstertorget
Blomster · Binderi · Hagesenter · Gåve · Interiør
Sunnfjord Gravferdsbyrå - www.blomstertorget.no
Dale Senter, 6963 Dale i Sunnfjord - Tlf. 57 73 98 00 - Vakttlf. 975 21 569
Måndag tysdag og onsdag 9–17 Torsdag og fredag 9–18 Laurdag 9–15
4
FJALER NO! Februar 2016
Idyll i Bakkeneset Heidi Furevikstrand og Jøran Festervoll kjem begge frå Askvoll, og det var difor eit naturleg val for dei å flytte tilbake til kommunen. «I tillegg til at vi vaks opp her så har vi godt med boltreplass og kan halde på med fritidsaktivitetane vi likar», seier paret. Dei dreg fram fjellturar, båtliv og elles å skru på bilar og fly.
Saman om samferdsle
«Askvoll er faktisk ganske sentralt. Vi har kort veg til flyplassen, det er enkelt å reise til Bergen, og så er Førde berre ein liten time unna.» Faksimile Firda
Det gode liv Dei har sikra seg ei flott tomt ved sjøen i Holmedal og held i skrivande stund på å ferdigstille huset. Dei er også opptekne av at regionen har eit variert næringsliv. «Det viser seg mellom anna at ein kan finne alt ein treng for å bygge eit hus i området, og då har vi ikkje noko å klage på.» I tillegg ynskjer dei å trekke fram gode tilbod innanfor både helse, skule og fritidsaktivitetar. Dei opplever også at det er mange aktive lag og organisasjonar med ungt miljø kor ein kan vere med og bidra.
Med vakker og storslått natur som vi har i vår region, kjem også utfordringane knytt til samferdsle. Dalsfjordsambandet har vore eit viktig prosjekt i området, og har gjort kvardagen til mange menneske lettare. Det er framleis mange viktige prosjekt i regionen som bør realiserast, og no er det viktig at vi samlar oss om desse. Atløysambandet er eit av desse prosjekta. I fleire tiår har innbyggjarane på Atløy og fleire med dei, kjempa for bru og utbetring av veg. Per i dag er det to ferjesamband i Askvoll, eitt som går til Fure og Værlandet, og eitt som går til Fure og Atløy. Til tider er det ein del utfordringar med desse ferjene, til dømes motorproblem. Dette skaper stor frustrasjon og mykje fortviling for dei som får kvardagen sin prega. Med bru over til Atløy, utbetra veg til Vilnes, og ferje derfrå til Værlandet og Fure, vil mange få reduserte reisetider og transportkostnader samanlikna med dagens situasjon.
Folkerike øykommunar Atløy er den mest folkerike øya i Askvoll kommune med sine om lag 450 innbyggjarar, og har dei siste åra opplevd vekst i folketalet. Småbarnsfamiliar buset seg på øya, og barnehagen har utvida kapasiteten. Per i dag er om lag ¼ av dei fastbuande på Atløy mellom 0 og 18 år.
Også i Bulandet og Værlandet, som samla tel om lag 400 fastbuande, vil eit Atløysamband bety betydeleg redusert reisetid, oftare ferjeavgangar og ein enklare kvardag. I tillegg til forbetra bu- og arbeidsmarknad vil Atløysambandet gje positive ringverknader for utvikling av næringslivet. Det vil mellom anna gjere det enklare med tilgang til kysten og dei maritime næringane som er så viktige for vår region.
Samarbeid på tvers I fjor gjekk Askvoll og Solund saman om eit bruprosjekt i dei to kommunane, der ein skal jobbe for bru over Ytre Steinsund i Solund og Atløysambandet i Askvoll. Med ei ferjeavløysingsordning som legg til rette for investeringane, og lønsame brusamband som vil gje innsparingar over tid, er det positivt at dei to kystkommunane har samla seg om dette. Forslaget om ei arbeidsrute
mellom Askvoll, Lutelandet ytst i Fjaler og Leknessund i Solund, er også eit viktig tiltak for å utvide arbeidsmarknaden i regionen og å knyte regionen tettare saman.
Gode tilbod Ein viktig føresetnad for å flytte heim var at dei begge har tilgang på jobb. Det løyste seg raskt for begge to. Heidi jobbar i Dale, medan Jøran vekependlar til Florø. Det er ikkje noko problem å pendle hevdar han, men legg til at han kunne tenke seg ein litt betre vegstandard på Fylkesveg 57. Dei er svært positive til ei framtid i Holmedal, og håpar at den gode utviklinga held fram. «Vi håpar no at eit variert næringsliv, attraktive tomter og eit ungt miljø sikrar at endå fleire tek valet og flyttar til regionen.»
Fylkesveg 57 Innover i fjordane er det viktig med opprusting av Fylkesveg 57 mellom Dale og Storehaug, med bru over Svesundet. Fjaler og Gaular har allereie byrja med forskottering av vegen, som vil redusere reisetida til Førde og Bringeland betrakteleg. Første året etter Dalsfjordbrua auka trafikken på FV57 med 40 prosent, og auken held fram. Behovet for utbetring av vegen er difor stort. Vi ser det som svært avgjerande at innbyggjarane i regionen vår, anten dei bur i vest, nord, aust eller sør, kan ferdast på trygge vegar av god kvalitet. Difor er det viktig at vi framover står samla for å få til dette, anten det gjeld samband i øyane eller vegar langs fjordane våre.
Teaterfestivalen i Fjaler
Blomstertorget A/S
Dale Senter, 6963 Dale i Sunnfjord Telefon 57 73 98 00 Mobil 975 21 569 Telefax 57 73 98 01 sunnfjord.gravferdsbyraa@interflora.no www.blomstertorget.no
Vart arrangert første gong i 2013. Har i løpet av dei siste åra bygd seg opp til å bli ein kritikarrost festival som trekkjer folk frå heile landet. Miriam Prestøy Lie informerer om at dei også i år har mykje spennande på programmet, som blir sleppt seinare i vår. Festivalen går av stabelen 16.-18. september, så her er det berre å setje av dagane!
Jakob Sande -tunet i Dale Vi tilbyr omvising, program og konsertar. Løa kan leigast til møte, feiring og fest. Krambu med Jakob Sande-bøker, CD-ar og T-skjorter. Følg med på Facebook og www.jakobsande.no Tlf. 995 48 767 E-post: tunet@jakobsande.no
FJALER NO! Februar 2016
5
Arbeidskle til kalde dagar
Smykker
Treng håret ditt ein klipp eller ny farge? MJØLNER BUKSE 1124,-
VINTERDRESSAR FRÅ 1599,-
Kom innom, ring eller ting time på nett www.paharet.no
Øyre
pyn t
HALV PRIS!
FANSY ARBEIDSSKO 2024,-
HALVHØGE VINTERSKO 1599,-
Armband
HØGE VINTERSKO 2449,-
• GARN • UNDERTØY • ARBEIDSKLE • ARBEIDSSKO • BILDEKOR • BRODERING • TEKSTILTRYKK • LASERGRAVERING • GRAVERING • REKLAMEARTIKLAR • M.M.
Ringar
VELKOMEN TIL OSS PÅHÅRET I DALE! Følg oss på
Peder Tveit, 6982 Holmedal Mob: 91 51 36 29 Epost: kontakt@tveit-takst.no www.tveit-takst.no
6
www.paharet.no, Tlf. 57 73 62 22
Tlf. 57 02 40 24 / 918 11 210
Korssundet Dykkeklubb
Værlandet Havhotell
Ytst i Fjaler finn du Korssundet Dykkeklubb, som har som mål å auke dykkeaktiviteten i regionen. Det er mange flotte dykkemoglegheiter i nærområdet, både om ein vil sjå vrak eller oppleve det maritime mangfaldet i sjøen. Sjekk ut klubben si heimeside eller facebookside for meir spennande informasjon.
No er det mogleg å booke seg hotellrom på Værlandet Havhotell med spektakulær utsikt over himmel og hav. Med majestetiske Alden som næraste nabo i horisonten, og ulike interiørtema på kvart rom, ligg alt til rette for ei uforgløymeleg oppleving i havgapet. Hotellet opnar i mai!
FJALER NO! Februar 2016
Butikksalet er ope kvardagar kl. 08.00-15.30
Tlf. 940 16 071
6963 Dale i Sunnfjord Mob.: 906 21 968 post@hafsbetongbygg.no www.hafsbetongbygg.no
Brasiliansk Buffé 19. og 20. februar kl. 19.00 på KAIA Den Brasilianske Churrasco kjem på Kaia i Dale i samarbeid med Brazil Churrascaria frå Bergen! • «ALL YOU CAN EAT» BUFFÉ • 6 FORSKJELLIGE TYPAR KJØT • BRASILIANSK VELKOMSTDRINK • EKSOTISK SAMBA-SHOW • DANS MED «HONKY DORY»
Billett k r
650,-
pr. pers
on BESTILL BILLETT PÅ TLF. 91 55 70 73
FOKUS PÅ MÅLING!
16900
34900 pr. spann
pr. spann
Gjøco Interiør Vegg 10, 2,7 l – enkel å måle med og gjev eit vakkert sluttresultat.
Gjøco Supermatt ROM 01, 2,7 l – heilmatt akryl veggmåling som gjev eit vakkert, roleg resultat.
Hugs godt måleutstyr!
29900 pr. spann
Byggeriet Dale Byggsenter
Tilbodet gjeld t.o.m. 20.02.2016
Gjøco Veggmåling Bliss 10, 2,7 l – helsevenleg, silkematt interiørmåling. Tilrådd av Norges Astma- og Allergiforbund.
www.byggeriet.no
6963 DALE — Tlf. 57 73 86 39
Straumsnes Bygg A/S Straumsnes Straumsnes Bygg A/S
Mob: 908 76 214 Web: www.straumsnesbygg.com E-post: post@straumsnesbygg.com
Straumsnes Bygg AS v/ Svante Tømmerbakke 6969 Straumsnes
Mob: 908 76 214 Web: www.straumsnesbygg.com E-post: post@straumsnesbygg.com
Bygg A/S
Straumsnes Bygg AS v/ Svante Tømmerbakke 6969 Straumsnes
Mob: 908 76 214 Web: www.straumsnesbygg.com E-post: post@straumsnesbygg.com
Straumsnes Bygg AS v/ Svante Tømmerbakke 6969 Straumsnes
Indre ro og styrke Tlf. 57 73 34 10 Mob. 959 46 164 www.vvsserviceruneberge.no
8
E-post: ru-hb@online.no
FJALER NO! Februar 2016
Ynskjer du å bli flinkare til å fokusere og skape ro, eller treng du å bli litt sterkare i kroppen? Då bør du sjekke ut yoga eller pilates. Begge delar finst i regionen, og på begge sider av Dalsfjorden finn du driftige damer som tilbyr desse treningsformene.
Postboks 8, 6961 Dale
Dagleg leiar: Anny-Mari Holm Solheim anny@elvetunbarnehage.no Tlf 57 73 88 00 Mob: 95 90 45 06 elvetunbarnehage.no
Dale Servicesenter AS Autorisert bilverkstad
• Service på alle bilmerke • Reparasjonar • EU-kontroll • Sal av dekk • Dekkhotell • Bil- og hengarutleige
Lammeskank Dampepylser Sylteflesk Spekemat Sosekjøt Rull Lefser Julekaker Fiskelefser
Julemat frå Bakkebø gard
VINTERFERIE!
Gardsutsalet er ope kvar dag fram t il jul kl. 12-18
Lise Brandal og Jostein Bakkebø, 6969 Straumsnes www.matglede-bakkebo.no 91386193
92 06 08 04
Skipakkar: post@blikaas.no
Fischer Snowstar 90–140
m/binding og Fischer Snowstar sko 25–33. Rettl. kr 2100,-
Fischer Sprint 100–170
m/ Rotefella Dino og Fischer Sprint sko 28-40. Rettl. kr 2334,-
Åsnes Vikafjell
m/Rottefella BC Auto og Fischer BCX 5 sko. Rettl. kr 4594,-
1299 PAKKEPRIS
Kjærvin
41 47 70 00
kjaervin.rochlenge@enivest.net
Fischer Sporty wax/crown
m/ Rottefella Classic Auto NIS og Fischer Touring sko.
3299
m/ Rottefella Classic NIS og Fischer RC 3 Classic sko.
PAKKEPRIS
Rettl. kr 5499,-
Rettl. kr 6694,-
kort til morsdag og valentinsdag 57 73 66 20
Mange nyheiter
Vi byggjer Dalsfjordsambandet www.ncc.no
frå Name IT i butikken no!
Vil du annonsere her ta kontakt med Harald 91869769 Åsnes Cecilie/Nansen jahaja@start.no m/ Rottefella BC Auto og
PAKKEPRIS
Det er mogeleg å leige bassenga utanom desse tidene.
6963 Dale i Sunnfjord timebestilling og drop in
Fischer Superlite Wax Nis
Fischer BCX 5 sko.
Fredagar kl. 17:00 - 20:00 Søndagar kl. 11:00 - 17:00
Karens Frisør
57 73 80 00 www.fjaler.kommune.no post@fjaler.kommune.no Fjaler Kommune postboks 54 6961 Dale i Sunnfjord
3299
Hugs
Senteret har eit flott badeanlegg som er ope
PAKKEPRIS
Rettl.i kr 3345,6963 Dale Sunnfjord www.fnu.no post@fnu.no 57 73 76 76
PAKKEPRIS
www.bryggeripub.no fossen@bryggeripub.no telefon: 57 7
Tlf. 57 73 71 00
Har du ein idé? 1999 Vi hjelper deg i gang.
1399
onsdag og torsdag: 15 fredag og laurdag: 15 sundag: 13
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssen
6963 Dale i Sunnfjord
Tor Erik
Øl bryggja på Fossen Dagens middag Vestlandstapas Quiz Temakveldar Foredrag Prøvesmaking Fotball på storskjerm
4799 PAKKEPRIS
• Treprodukt • Tekstilprodukt • Firmaporselen • Lys OPE postboks 66 MÅNDAG - FR • Stålprodukt 8:00 - 15: Følg oss6961 på Dale i Sunnfjord • Premieartiklar • Pakkeoppdrag www.vevangproduksjon.no • Grøntarbeid post@vevangproduksjon.no • Vedlikehaldsarbeid Vi har butikkutsal i lokalet vårt i tillegg til nettbutikke
57 73 99 10
Logo05_dale_bokogleikar.pdf 1 2014-06-12 12:18:59
VI HAR DET DU TRENG TIL VINTERFERIEN! Stort utval av ski, skisko, stavar, hjelmar, briller, skitrekk, skismurning og mange gode skipakkar.
Dale
Jakob Sande-tunet
www.lutelandet.no
Dale • telefon 99 54 87 67 Tlf. 57 73 i68Sunnfjord 70 post@bokogleikar.no Dale Senter, 6963•Dale i Sunnfjord Facebook Jakob Sande-tunet www.jakobsande.no • tunet@jakobsande
Utleige av løa til møte, arrangement og fest Sal av Jakob Sande-bøker, CD`ar og T-skjorter i Kram Straumsnes
Bygg A/S
Fjaler Symjeklubb
ALVÆRVIK GRÅSTEINSMURING AS 6963 DALE I SUNNFJORD MOB. 920 50 322
www.natursteinsmuring.no
Mob: 908 76 214 Web: www.straumsnesbygg.com E-post: post@straumsnesbygg.com
Straumsnes Bygg AS v/ Svante Tømmerbakke 6969 Straumsnes
Det er klart ein må kunne symje når ein bur attmed verdas vakraste fjord! Fjaler Symjeklubb tilbyr kurs for born frå 4 år og oppover, og det har vore enorm interesse for tilbodet. Alle kursa for våren er no fulle. Borna startar som kvalar og endar opp som elegante selar. Kjekt for både born og vaksne!
Sunnfjord Gravferdsby
Blomstertorget A/S · Dale Senter · 6963 Dale i Sunnf
Telefon 57 73 98 00 · Mobil 975 21 569
sunnfjord.gravferdsbyraa@interflora.no · www.blomstertorget
Fjaler no! DESEMBER 2012
Tlf. 480 31 025 E-post: rs-nord@onlline.no byggmesternordnes.no/
FJALER NO! Februar 2016
9
BRITT
N
N AG
ER
DIS
LA AI
ID UR
B
E
T
K IS
L
R G EI
H
DD
G
EIN ST
O
JO
DE FRO
R
K
IM
JA
E LS
O
Ø E
RID
YF
IT ER
HILD
LE
EIT STERKT REKNESKAPSFØRARLAG
Accountor HAFS Hope Rekneskapskontor AS Dale Senter 6963 Dale i Sunnfjord ole.hope@accountor.no +47 57 73 99 00 Dale +47 57 78 83 00 Leirvik
Vi er 13 rekneskapsførarar i Accountor HAFS, med hovudkontor i Dale og avdelingskontor i Leirvik. www.accountor.no
www.accountor.no
Vi har ledige lokale for kontor og butikkar I Dale Senter har vi flotte kontor- og butikklokale frå 10 m2 til 100 m2 til leige.
DALE UTLEIGEBYGG AS For meir informasjon, – ta kontakt med: Ole Hope Tlf. 57 73 99 09 / 970 88 012 E-post: ole.hope@accountor.no
Testa i Vest! Sidan 1974 har VestlandsHus bygd tusenvis av bustader i det røffe kystklimaet. Gjennom alle desse åra har vi aldri tillete oss å ta snarvegar, verken med materiale eller byggemåte. Det kjem deg til gode når du skal skape ein heim.
KAMPANJEDAGAR HOS BYGGERIET!
Tlf. 57 73 72 60 www.vestbyggas.no
Autorisert kstad
Bilverkstad Vi er eit autorisert bilverkstad som tar service på alle bilmerke og EU-kontroll/PKK opp til 7,5 tonn.
Vi har òg:
• BILVASKEMASKIN • SJØLVVASK • BIL- OG HENGARUTLEIGE • DEKK • DEKKHOTELL • KIOSK • BILREKVISITA • MOBILUTSYR • MOBILLADARAR • PØLSER • BAGUETTAR • HAMBURGERAR • VISITOR POINT TURISTINFORMASJON
Dale Servicesenter AS Tlf. 57 73 62 75
10
FJALER NO! Februar 2016
Epost: post@daleservicesenter.no
Det gode liv
Foto: Oddmund Reisæter Haugen
Skaper tilhøyrsle for ein heil region Den vidaregåande skulen i Dale er av dei beste i heile landet på låge fråfallstal, noko som ifølgje Folkehelseinstituttet heng tett saman med sunne og friske lokalsamfunn. Dette viser at Dale vgs er med på å legge grunnlaget for framtidige generasjonar i HAFS. Dale vidaregåande er den einaste vidaregåande skulen i HAFSregionen. I dag er skulen arbeidsplass for heile 42 tilsette, og om lag 160 elevar har skulekvardagen sin her. Dette knyter området vår saman, og det knyter menneske til heimstadane sine. Ein rapport utarbeidd av PwC og Telemarksforskning i 2015, slår fast at folketalsutviklinga er ei stor utfordring for kommunane i HAFS. Regionen har sårt behov for fleire innbyggjarar som kan vere med på å skape verdiar og gode livsvilkår også i framtida. Det er klart at alle faktorar som gjer det attraktivt for nye krefter å flytte til regionen, stifte familie og finne seg arbeid her, er av stor betyding.
Ein stad å byggje det gode liv Størsteparten av elevane som går på Dale vidaregåande i dag, er så heldige at dei kan bu heime i sin eigen kommune og tettstad medan dei fullfører skulen. Dette betyr for dei fleste tre viktige og formative år, der ein får sjanse til å utvikle både engasjement for lokalsamfunnet og kjensle av tilhøyrsle og eigarskap. Det grunnlaget som vert lagt her, kan vere avgjerande når ein i ein seinare fase skal velje kvar ein vil etablere seg og setje kreftene sine inn. For det er ikkje sjølvsagt at dei som flyttar ut, vil ønskje å komme attende til regionen. I ei offentleg utgreiing frå 2011, om vilkår for vekst i heile landet, vert det vist til fleire forhold som er med på å bestemme kvar folk buset seg. Mellom desse er familietilknyting, tenestetilbod, fritidsinteresser, tilgang på
opplevingar, og kva som vert oppfatta som «det gode liv». For at unge vaksne skal sjå på det å flytte heim att som ein del av eit godt liv, treng ein å byggje opp ein identitet med band til regionen. I neste omgang vil det dessutan vere viktig for mange at eigne barn også får vekse opp med ein vidaregåande skule i nærområdet. Her er Dale vgs er ein særs viktig ressurs for HAFS.
Arbeidsplass og næringsliv Med 42 tilsette er Dale vidaregåande i seg sjølv ein betydeleg arbeidsplass. Utover dette står skulen for eit fagmiljø med attraktive stillingar for folk med høgare utdanning. Med tanke for framtida samarbeider Dale vgs dessutan tett med bedrifter og næringsliv i regionen. Slik kan skulen freiste å utdanne arbeidskraft som næringslivet har bruk for, og dei unge ser i praksis at det finst moglegheiter i regionen også etter skulegangen er over. Eit døme er det nye opplæringstilbodet i maritim produksjonsteknikk, der skulen samarbeider med Maritime Montering og Havyard Ship Technology. Denne linja er den einaste i sitt slag i landet, og elevane som går her, er sikra lærlingplass. Det er ikkje lett å spå korleis arbeidsmarknaden i regionen til kvar tid vil vere, men at skule og næringsliv jobbar saman for eit felles beste, er av stor betyding for åra som kjem. Dale vidaregåande skule er ein skule for framtida i HAFS.
Etter å ha studert økonomi og administrasjon i både Sogndal og Bergen, flytta Marie tilbake til Hyllestad sommaren 2010. No lever ho og familien det gode liv i Hyllestad, med nærleik til sjø, fjell og besteforeldre. I Hyllestad kjenner dei seg sett og inkludert, og veldig velkomne.
Kjøpe hus I jobben som Finance Controller hos Havyard Ship Technology får Marie nytta utdanninga si gjennom mange spanande og utfordrande arbeidsoppgåver. Men det var dei trygge og gode oppvekstvilkåra med nærleik til skule, fotballbane og barnehage som var avgjerande for at Marie og sambuaren valde å kjøpe hus i Myklebustfeltet og slå rot i Hyllestad. Det hadde dei ikkje gjort om Dale vidaregåande skule var nedlagd. Dei håpar at dottera skal sleppe å flytte på hybel når ho blir 15 år. «Kven ynskjer vel å tvinge 15-åringar ut av huset?» spør Marie.
Dale vgs Ho legg ikkje skjul på at ho meiner Dale vgs er det beste utgangspunktet for dei fleste ungdommane i vår region. «Ein skal ikkje undervurdere viktigheita av trygge og solide nærmiljø, og sterke, langvarige venskap som grunnlag på vegen til å bli vaksen.» Utan eit tilbod om vidaregåande skule i regionen, fryktar ho at færre vil ynskje å oppdra born her. «Og det er jo her vi vil bu!» For bortsett frå saknet av veninner som framleis er i Bergen, tilbyr Hyllestad i dag alt Marie treng.
Holmedal Ungdomslag Det er lys i Holmedal Bygdehus att! Nye eldsjeler har kome til, og aktiviteten blomstrar samstundes som bygget vert renovert og forbetra. Neste krumspring vert karneval og konsert med Ludoes laurdag 20. februar. Paven skal visstnok vere bartender.
Ønskjer du å annonsere i Fjaler NO! Kontakt: Oddleif Jarstad Tlf. 415 14 852 blomstertorget@interflora.no
Hyllestad IL Biljardgruppe Hyllestad hevdar seg både nasjonalt og internasjonalt i biljard. Dei siste 13 åra har Hyllestad hatt 10 juniorar på landslaget, og det ser lyst ut også for framtida. I slutten av februar sender klubben 13 spelarar til junior-NM. Før den tid arrangerer klubben elitestemne 20.–21. februar, kor det kjem spelarar frå heile Noreg.
Tel: 57 73 77 30 Fax: 57 73 77 11 Mob: 97 18 70 10 E.post: post@fristadelektro.no
Totalleverandør av elektro og automasjon til privat marknad, industri og fornybar energi.
DU FINN OSS I HYLLESTAD, FJALER OG FØRDE
Tlf. 957 83 000 • post@multivolt.no • www.multivolt.no
FJALER NO! Februar 2016 11
HJÅ OSS FINN DU
Blomstertorget
Blomster · Binderi · Hagesenter · Gåve · Interiør Sunnfjord Gravferdsbyrå
Dale Senter, 6963 Dale i Sunnfjord - Tlf. 57 73 98 00 - Vakttlf. 975 21 569 blomstertorget@interflora.no - www.interflora.no - www.hageland.no
VAKRE VÅRNYHEITER FRÅ BLACK DESIGN!
Blomstertorget
Blomster · Binderi · Hagesenter · Gåve · Interiør
Sunnfjord Gravferdsbyrå - www.blomstertorget.no
Dale Senter, 6963 Dale i Sunnfjord - Tlf. 57 73 98 00 - Vakttlf. 975 21 569
12
FJALER NO! Februar 2016