FSK i hundre

Page 1

FSK i hundre


FSK 100 ÅR / SIDE

2

Florø Sportsklubb 100 år! Hurra for deg som fyller ditt år. Ja, deg vil vi gratulere!

Vi arrangerer årleg i overkant av ca 1500 kamper/arrangement i seriar og turneringar på heimebane innan fotball,handball og symjing.

12. JUNI 1912 blei Florø Fotballklubb stifta, som

FLORØ SPORTKLUBB fekk Flora kommune sin kulturpris i 1995, i tillegg har fleire av våre tillitsvalde fått denne utmerkinga. Magne SolheimOlsen, Øystein Hjertenes, og no sist Terje Rognsø, Geir Rindheim og Per Øyvind Sørbø (EIL, men no og trenar for damelaget i Florø Fotball) og Odd Arve Solvåg (ungdommens kulturpris). Det er kjekt å bli sett pris på, det er kjekt at Florø ser arbeidet våre folk legg ned. Idrett er kultur ! Florø Sportsklubb er ein 100 prosent frivillig dugadsbasert organisasjon. Ingen har lønn for arbeidet dei gjer i klubben. Alle bidrag går direkte til aktiviteten vår for barn og unge.

den første fotballklubben i fylket. I dag 100 år seinare er status ein høgst vital og oppegåande 100-åring, med aktivitetar innan symjing handball og fotball. Klubben har mange eldsjeler og ein sunn og god økonomi, eit medlemstal på ca 1400, der 800 av desse er under 19 år. KLUBBEN HAR STORE eigardeler i Florø idrettssenter, Furheim idrettspark,og klubbhus ved stadion. Vi har vore, og er ein viktig bidragsytar til utbygging av idrettsanlegg i byen, anlegg som har vore viktige og heilt naudsynte for utvikling av aktiviteten vår. Og som vi fortsatt må jobbe vidare med for å oppretthalde gode tilbod for barn og unge. KLUBBEN FORVALTAR store verdiar i lokalsam-

funnet og representerer den største dugnadsaktøren i Flora kommune, dugnadsinnsatsen kan synleggjerast ved at det kvart år vert lagt ned ca 42 årsverk i dugnadstimar på ulike nivå i organisasjonen vår.

«Det er kjekt å bli sett pris på, det er kjekt at Florø ser arbeidet våre folk legg ned. Idrett er kultur!» Vi driv ikke berre med idrett. For å finansiere aktiviteten vår, er vi involvert i mykje. For å nevne noko av dette: FSK har dei siste 18 åra aleine vore 17.mai-komité i Florø. Vi har i 21 år vore med på dugad for Sildebordet, vi er med å arrangere FotballFlora og Grand Prix. Vi byggjer tilbod for barn to veker i skuleferien, ei veke fotballskule og ei veke handballskule.

DUGNAD som vert utført av spelarar, trenarar, dommarar, leiarar, foreldre supportarar. Vi opplever eit heilt fantastisk engasjement og mange mange bruker mykje av fritida si til felles innsats for oss alle i Florø Sportsklubb. VI SNAKKAR OM idrettsglede. Eit arrangement i Florø Sportsklubb 2012 har vore ei fantastisk oppleving. Små og store let seg engasjere av sportsleg engasjement. Eg har vore fantastisk stolt over klubben min mange gonger, eg trur at mange med meg har kjent klumpen i halsen fleire gonger på stadion i vår. Flotte arrangement, idrettsglede på høgt nivå, enten det er på stadion der dei unge «seniorspelarane» boltrar seg på den flotte grasmatta. Storstova vår, Florø idrettssenter, første helga i juni der nesten 500 barn og unge storkoste seg på Vestkystcup i handball,eller bak den ærverdige FSK-fana den flotte store kontingenten i borgartoget 17. mai. Stolt og kry ! FLORØ SPORTSKLUBB har verkeleg markert seg i

jubileumsåret. Handballgruppa viser fram strålande nye talent og er fylkesmeistrar for fleire lag og aldersklassar. Symjegruppa som er i ferd med å bygge seg opp igjen, leverer og flotte resultat for symjarar som deltek på stemne. Florø Fotball har sett Florø på fotballkartet, spelt toppkampar for fulle tribuner og stormande jubel. Gjestande lag i NM-cupen, Førde, Sogndal og Brann gir arrangørklubben gode skussmål. Dette er stas,og det er med på å gje heile byen eit løft. Vel er vi patriotar i utgangspunktet, men Florø Fotball har verkeleg markert klubben og byen på ei heilt utruleg måte. Dette er identitetsbygging og profilering av Florø og av uvurderleg verdi for byen vår!

«Florø sportsklubb 100 år, stolt og kry!» Gratulerer med 100 årsdagen til alle som desse 100 åra har vore med å bidra til klubben sin aktivitet og virke. Gratulerer og takk til sponsorane våre som gjer aktiviteten vår mulig. Takk til Flora kommune, idrettskrins, særkrinsar og media. Takk til aktive, spelarar, dommarar, trenarar, oppmenn, styremedlemmar foreldre, supporterar, andre støttespelarar, alle som kjem på arrangementa våre. GRATULERER MED DAGEN og tusen takk til kvar

ein av dokke! Eg veit eg har dokke alle med meg på satsing vidare dei «neste 100 år»! For Florø Sportsklubb

Anne Leversund - leiar -


FSK 100 ÅR / SIDE

Norges beste totalbank, igjen.

HELSAR MED LITT SPIT: Eikefjord Idrettslag helsar storebror FSK - men nyttar sjølvsagt høvet til litt sjølvskryt når dei får spalteplass...

Helsing frå Eikefjord Gratulerer med dagen storebror! 100 år er ikkje alle forunt og vi inne i fjorden er berre 42 år! Som det siste stifta fotballaget i kommunen (28. desember 1970) er vi å rekne som vesle bror når det gjeld alder. Sjølv om dokke i dag er kledd opp i svart og litt blått er det dei brune vi hugsar best. Stort var det når vi endeleg møttest i same divisjon i 1979. Første seriekampen i 4. divisjon det året gjekk på gamle grusbana i Florø. FSK–Eikefjord trekte fulle tribunar. 1-0 til FSK ved Arild Lothe; ein corner som gjekk rett i mål. Så var det Tore’n som hogg til, 1–1 til pause. I 2. omgang vart det 1–2 ved Tore Agledal og så sjølvmålet ditt, Agnar... 1-3 – og vi var best i kommunen! Stort. Dei neste tiåret såg vi oss ikkje tilbake og fekk smake på det å vere best. No er det dokke som er sportsleg best. Gode resultat i serie og cup vert lagt merke til. Produksjon av landslagsspelarar på aldersbestemte lag vert lagt merke til langt utanom fylket. Akademiet og dei unge, gode spelarane vert klekt ut like kjapt som kyllingar. Flaggskipet Sogndal fekk bank i cupen – den beste jubileumspresangen som ein kunne ønskje seg? Kulturprisen til fotballen som prikken over i-en i feiringa. Ka meir ynskjer ein hundreåring seg? Inne i fjorden er vi ikkje så opptekne av når du vert god, berre du vert det. Vi er framleis den klubben i kommunen som har fått fram flest tippeligaspelarar og den einaste klubben i Sogn og Fjordane som har olympisk gull i fotball (Margunn Humlestøl Haugenes). Dette lever vi godt med og slik er det å vere veslebror. Det er alltid kjekt å terge storebroren. Så får vi sjå og lære av han og gjere det på vår måte. Gratulerer med dagen og lukke til vidare! EIL Fotball Leiar Per-Øyvind Sørbø

FSK jubileumsavis Tekstproduksjon: Jan Roar Hatlem Bilet/arkiv: Geir Martinsen, Firdaposten Grafisk utforming: Firda Media AS Trykk: Sogn og Fjordane Avistrykk Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee

Som kunde i Nordea skal du være trygg på at du får gode råd og gunstige betingelser over tid. Vi er derfor stolte over at vi er kåret til Norges beste totalbank for andre år på rad av Norsk Familieøkonomi. For oss er det helt avgjørende å ikke glemme hvor viktig vår daglig relasjon med hver enkelt kunde er, og at våre rådgivere skal være en dyktig diskusjonspartner for deg gjennom alle livets faser. Bank handler om trygghet, men til syvende og sist handler det enda mer om relasjoner mellom mennesker. Så vi feirer med brask, men ikke bram.

Kolkaia Florø Tlf.: 06001 nordea.no

Leverandør av sko, tekstiler og utstyr til alle grupper i FSK i samarbeid med adidas.

3


FSK 100 ÅR / SIDE

4

ATGEIR: Bak frå venstre: Knut Lothe, Kåre Holm, Leif Stavang, Jon Ophaug, Kåre Krokene, Monrad Gjøringbø, Leif Fjellestad, Sverre Stavang. Framme frå venstre: Andreas Gjøringbø, Sigfred Sandvik, Mathias Midtbø. Biletet er truleg frå 1936.

HISTORISK: Laget som i 1925 sikra det første kretsmeisterskapet. Framme frå venstre: Alfred Sunde, Magnus Krokenes, Alf Midtbø. Midten f.v : Per Sunde, Lars Sundal, Trygve Saxeide. Bak f.v: Arne Lothe, Kåre Krokene, Laurits Midtbø, Bjarne Sunde, Abr. Bjørnseth. Gustav Stavøstrand var ikke med på bildet. Heilt til høgre står Ber gensdommaren Jensen.

Fotballens vogge stod i Florø Når dommaren blæs i fløyta, er spelet i gang. Men det er ingen som veit nøyaktig når fotballen så smått tok å rulle i sildebyen Florø. Vi veit at det frå om lag 1910 blei utkjempa harde kampar om lærkula fleire stader i byen, men i eit skrift publisert av lokalhistorikaren Edvard Os frå Nordfjordeid meiner han å kunne tidfeste at eit lag frå Florø gjesta Eid allereie i 1902.

TILHALD PÅ MYRA Men rundt 1910 kom det skikkelege ballar, truleg tilsendt frå Bergen, og det blei utkjempa mangt eit slag på «Helmers-marka», på «Prestemarka» der folkeskulen i dag ligg og vest for sjukehuset. Men dyrka mark blei fort øydelagt av ivrige gutebein og nye slagmarker måtte finnast. Ei myr vest for Lilleåsen, der idrettsbana i dag ligg, blei ribba for lyng og store tuer og jamna ut med iherdig dugnadsinnsats. Fotballfeberen råka stadig fleire, og 12. juni blei Florø Fotballklubb stifta. Dette laget var det første i sitt slag i fylket, så det å finne motstandarar var ei vanskeleg oppgåve. Dette var nok ein av grunnane til at klubben året etter fødselen tok kontakt med Brann i Bergen. Kampdato blei avtalt, og spente Florø-gutar

reiste sørover til sin første fotballkamp. Etter nesten eit døgns ferd sørover i den 35 fot store skyssbåten «Florø», stilte dei opp på Møhlenpris leikeplass klare til kamp.

ALAGET VENTA Dei vart nok lett overraska då dei forstod at det var Brann sitt a-lag som stod på den andre banehalvdelen. Rykta om at det var eit farleg og veltrent Florø-lag hadde nådd Hansabyen, og Brann torde ikkje å sleppe til B-laget som Florø hadde forventa å møte. Det gjekk som det vel måtte gå, og Florøgutane blei sende heim igjen med 0–12 i bagasjen. Men som det blei presisert, uansett ei fin oppleving rikare. Etter kvart fekk dei andre større sentera i fylket også i gang fotballag, og i 1922 blei Sogn og Fjordane Fotballkrets skipa. Arbeidsutvalet blei lagt til Florø, med Bjarne Vassbotten og Alfred Edvardsen som dei første formenn. Same året starta seriefotballen opp. Det var to klassar, A-klasse og B-klasse. Høyanger-laget Falken blei den første kretsmeisteren, men Florø Fotballklubb vann A-klassen i 1925 og 1927, samt B-klassen fire gonger på 20-talet. Men ettersom det ikkje var verken gute- eller juniorlag blei det vanskeleg for dei unge å komme med på laget. Dei beste fekk nok spele, men med liten tilvekst blei miljøet etter kvart dårlegare. I 1929 blei så Florø-Varg stifta, og to år sei-

nare kom Sportsklubben Ready som seinare skifta namn til Atgeir.

BLEI MOTARBEIDDE Fotballkretsen som framleis hadde arbeidsutvalet i Florø, motarbeidde Florø-Varg. Oppfatninga var at to klubbar ville svekkje nivået. Dei fleste i arbeidsutvalet var dessutan medlemmer i Florø Fotballklubb og såg naturleg nok ikkje med blide auge på nykommaren og rivalen Florø-Varg. Men gutane gav ikkje opp, fleire og fleire gjekk over til den nye klubben og knapt 20 år gamle Florø Fotballklubb gjekk sin undergang i møte.

«Arbeidernes Idrettsopposisjons medlemmer har ikke anledning til å delta i stevner der hvor det starter borgerlige idrettsmenn.» Landsmøtevedtak frå Arbeidernes Idrettsforbund, 1926 Den gongen var motsetningane mellom borgar og arbeidar store, Florø-Varg blei dei borgarlege sin klubb medan Sportsklubben Ready blei stifta etter eit møte i Florø Arbeideridrettslag i


FSK 100 ÅR / SIDE

5

FSK: Bildet er teke i Høyanger i 1945, og er truleg etter ein kamp FSK vann 50. Frå venstre: Knut Lothe, Kjartan Lauvsnes, Erling Ophaug, Arthur Edvardsen, Harald Ophaug, Gunnar Haus, Kåre Krokene, Jostein Stafsnes, Rolf Seljeseth, Arnfinn Johannesen, Leif Fjellestad.

Florø Fotball-klub arrangerte dans for å finansiere Bergens-tur i 1913

Idrettsmiljøet og standarden var bra på denne tida. Men så kom krigen og den øydela mykje også for idretten. Mellom anna rømde den nye formannen i Florø-Varg, H.H. Sunde til England, og dei heimeverande nekta å godta «Nyordningen» som dei styrande forlangte. Miljøet smuldra opp og gode talent mista moglegheita til å utvikle seg. Tyskarane øydela også baneanlegget og det gjekk nokre år før dette igjen kunne nyttast. Men forholdet mellom borgar og arbeidar var allereie før krigen i betring, og etter fem år med ein felles fiende var motsetningane meir eller mindre viska vekk.

TID FOR SAMANSLÅING 1931. I april 1936 endra klubben namn til Atgeir. At motsetningane var store finn ein bevis på mellom anna i Gyldendals Konversasjonsleksikon frå 1935. Referert frå eit vedtak fatta på landsmøtet i 1926 står det under overskrifta «Arbeidernes Idrettsforbund» følgjande om forholdet til den borgarlege idrett: «AIs (Arbeidernes Idrettsopposisjon) medlemmer har ikke anledning til å delta i stevner og idrettsarrangement der hvor det starter borgerlige idrettsmenn.» Klubbane hadde derfor ingen idrettsleg kontakt før i 1938, då enda ein privatkamp 1–1 medan ein ny kamp året etter enda med 3–1 siger til Florø-Varg.

Vi veit lite om korleis Atgeir hevda seg i serien til Arbeidernes Idrettslag, men Florø-Varg bygde etter kvart opp eit godt lag som vann B-klassen i 1932 og A-klassen i 1936. På 30-talet var det stor dragning mellom klubbane når det gjaldt spelarar, og mange metodar blei tatt i bruk for å lokke spelarar over til konkurrenten. Dette var nok til stor skade for fotballen generelt. Men fotballinteressa var stor, noko E.M. Hole er inne på i si bok «Florø gjennom 75 år» frå 1935: «Før i tida drev man ofte med å slå ball. Det var en utmerket lek, men krevet nokså stor plass. Nu er det fotball og atter fotball. Det synest som om mange nu for tiden ikke interesser sig for annet enn kino, dans og fotball».

Medlemmene frå dei to klubbane vedtok å slå seg saman og 31. juli 1945 var Florø Sportsklubb eit faktum. Forutan fotballgruppe var det symje- og tennisgruppe og i 1946 blei det oppretta handball- og boksegruppe. Sistnemnde blei lagt ned allereie i 1949 grunna dårleg oppslutning, og også tennisen forsvann etter kvart ut av klubben. Den observante lesar vil kanskje undre seg over korleis FSK kan vere 100 år no, ettersom namnet ikkje kom til før i 1945. Dette har si forklaring i at Idrettskretsen i 1962 godkjende at stiftelses datoen for Florø Fotballklubb også skulle vere FSK sin.


FSK 100 ÅR / SIDE

6

FRAMTIDSKOMMUNEN

OPTIMISME SMITTAR Kystkommunen Florø er ein frisk og levande bykommune - med eit aktivt næringsliv og eit optimistisk folkeferd. Verdiskapinga er større enn elles i landet fordi næringslivet er internasjonalt retta.

Kommunen er kjend for å vere ein pådrivar for utvikling. Såleis kan vi trygt seie at kommunen vår er med og skapar ein smittande optimisme, som gjer at Flora skapar verdiar - som heile landet dreg nytte av.

Kystbyen har stolte tradisjonar å sjå tilbake på og etter 150 år er fiskerinæringa framleis viktig for byen – med ein omsetnad på over fem milliardar kroner. Det er mange næringar som er med og drar utviklinga framover. Næringar som er livsviktige for folket her på kysten. Havbruksnæringa står sterkt og vert omtala som ei komplett «nærings-klynge» med stor breidde. Oljebasen, som har eit vidt spekter av bedrifter som servar oljeindustrien, er avgjerande viktig for bykommunen.

Kystbyen Flora er eit viktig knutepunkt med gode kommunikasjonar både på land, på sjø og i lufta.

FLORA KOMMUNE www.flora.kommune.no

Kulturkommunen Flora kan vise til eit mangfald av lag, organisasjonar og ulike kulturtilbod. Godt oppvekstmiljø med full barnehagedekning, gode skular og ungdomstilbod.

Vi ser optimistisk på framtida!


FSK 100 ÅR / SIDE

7


FSK 100 ÅR / SIDE

8

MIDTPUNKTET: Rolf Tullen Seljeseth søkte aldri plassen som midtpunkt, men blei det i kraft av mennesket han var. Her blir Tullen heidra av lagkameratar for 50 års innsats på fotballbana i 1986. Foto: Firdaposten.

«Tullen» Om han har noregsrekorden skal vere usagt, men det er nok ikkje mange som har spelt fleire fotballkampar enn det Rolf «Tullen» Seljeseth fekk med seg gjennom karriera som strekte seg over 65 sesongar. Det var «Tullen» han var kjent som, fotballegenda Rolf Seljeseth. Etter seiande kom tilnamnet tidleg. I barndommen gjekk han og kneip på to små ballar, han skulle verte sterk i armane og minst like god roar som faren. Tullballen var det dei første åra, deretter berre «Tullen». Men har var godt kjent for tøys og fanteri både på og utanfor bana, og det var nok med på og halde kallenamnet ved like. Dei som møtte på han og ropte på Rolf kunne ikkje forvente

nokon reaksjon. «Tullen» var det og «Tullen» skulle det vere. Ingen veit kor mange fotballkampar det blei på «Tullen» før han gjekk bort i 2001, men at han runda 1000 kampar og vel så det er det nok ingen tvil om. Sikkert er det også at han var så god at det blei ti kampar for kretslaget. Han kom med som 13-åring i arbeidarklubben «Atgeir» i 1936, og debuten fekk han mot Høyanger-klubben «Falken». Seniordebuten kom to år seinare, enno ikkje fylt 15 år spelte han ytreløpar i ein kamp mot Dale og ungguten var ikkje verre på det enn at han scora vinnarmålet.

SPELTE HER, TRENA DER Etter krigen slo dei to klubbane «Atgeir» og «Varg» seg saman til Florø Sportsklubb, og berre avbrote av ein periode for Jotun medan han arbeidde i Årdal, blei «Tullen» i klubben fram til «Tempo» blei stifta i 1969. Då melde han

overgang dit og i ein periode hadde den noko pussige dobbeltrolla som spelar for Tempo og trenar for konkurrenten FSK. Etter nokre sesongar i Tempo vende han tilbake til old boysfotball i moderklubben, og der han blei verande resten av karriera. Ikkje berre som spelar, rollene han hadde i klubben opp gjennom åra var mange og viktige. Den største fotballopplevinga fekk han likevel då han spelte for Jotun, i 1954. – Vi kom oss til tredje runde i cupen der vi møtte Gjøvik/Lyn, sjølv om vi pressa og rundspelte dei i to gonger førtifem minutt tapte vi likevel 0-1, det var skikkeleg irriterande, fortalde han i eit intervju over 40 år seinare.

DEN ALLSIDIGE Dei fleste fotballaga i fylket fekk oppleve det å møte «Tullen» på bana. Den første tida spelte han framme på bana og hadde fleire periodar der han markerte seg i spissrolla. Eit år var han toppscorar for FSK. Men etter kvart trakk han nedover sidelinja og det var venstreback han først og fremst var kjent som. Men har var ikkje så nøye på det, og stod visstnok også i mål ved nokre høve. Han var kjend og respektert som ein hard motstandar med styrke og pågangsmot, og ein populær kar i alle kretsar. Eit synleg bevis på det er ei gedigen premie- og gåvesam-

Framhald side 10 ▶▶


FSK 100 Ă…R / SIDE

Toyota - Kompromisslaus kvalitet PRIUS i ny, oppgradert utgĂĽve!

Kampanjerente

1,95% Gjeld Prius

Nye Avensis – Touch & Go

Ny Prius.

Multimediaskjerm, ryggekamera og navigasjon utan tillegg i prisen. Verdi

Touch & Go utan tillegg i prisen. FrĂĽ kr 284 300,-

9 600,Gjeld Advance og Executive grad. Avensis Advance 4D frĂĽ 304 400,-

RAV4 executive frĂĽ kr 410 500,-. Touch & Go utan tillegg i prisen. Verdi

kr 9 600,-. I tillegg fritt val av utstyr for kr 15 000,- inkl. i prisen

RAV4 & Urban Cruiser. Gode tilbod pĂĽ firehjulstrekk.

Urban Cruiser AWD frĂĽ 279 200,Fritt val av utstyr for 10 000,- inkl. i prisen

Gjeld alle RAV-variantar.

Steinavegen 10, 6800 Førde – Tlf. 57 72 10 00 www.toyota-forde.no

Today Tomorrow Toyota

Energi for lokalsamfunnet!

'PUP +BO 3PBS )BUMFN

4'& TUÂśUUBS MBH PH PSHBOJTBTKPOBS J 4PHO PH 'KPSEBOF %FUUF HKFS WJ GPSEJ JESFUU PH LVMUVS TLBQBS USJWTFM PH CVMZTU 7J SFUUBS FJO TUPS UBLL UJM BMMF TPN FS NFE QÂŁ EVHOBEFO GPS ÂŁ HKFSF GKPSEGZMLFU WÂŁSU BUUSBLUJWU 4PHO PH 'KPSEBOF &OFSHJ Ĺ‘ XXX TGF OP Ĺ‘

9


FSK 100 ÅR / SIDE

10

MØTTE MANGE: Rolf Seljeseth møtte mange store fotballnamn. Her med «Mini» Jacobsen.

ling, alt frå medaljar og diplom til gedigne utmerkingar i sølv og krystall, gjeve av klubbar rundt om i fylket. Fleire lag synte han heider ved å be han inn til ymse jubileum, og det same gjaldt samlingane til fotballtinget. Så såg han heller ikkje småleg på tilhøvet til naboklubbane, ikkje sjeldan sette han opp pokalar til spelarar i andre lag. – Ein fotballspelar blir så altfor fort gløymt, og det er fint med ei oppmuntring, meinte han. Seljeseth var også særs oppteken av å leggje til rette for at også dei aller yngste skulle få kontakt med fotballen, og understreka ved fleire høve at dei første åra måtte vere ein leik med ballen og ikkje krav om poeng. Det var knappast noko stor overrasking at det var nettopp han som gjekk inn i garderoben og gav tusen kroner slik at gutane hadde noko å feire for etter KM-sigeren i 1981. Han ville gjerne at dei unge skulle engasjere seg. – Dei gjer ikkje noko gale den tida dei er på fotballbana, brukte han å seie. Helst på spøk, men det låg nok litt alvor i det

og. På spørsmål om kvifor han heldt det gåande i alle år svara han: – Det har vore moro, eg veit ikkje anna å seie. Fotballen har gjeve meg mykje, god fysisk fostring og godt kameratskap. Ikkje berre gjennom det å få spele, men å få preike skit med kameratane og diskutere engelsk fotball. Utan fotball ville livet vore keisamt, fastslo han i eit intervju etter ein old-boys kamp mot Førde i juni 2001. Då var han 78 år og alderen tyngja han ikkje meir enn at han utover hausten såg fram til to store årlege hendingar: Juletresal ved Amfisenteret til inntekt for FSK, og deltaking i old boys-turneringa i Årdal på nyåret. Men slik skulle det ikkje bli. I november, få dagar før han skulle til Feiringklinikken for ein reparasjon som han brukte og seie, døydde han. Hjartet ville ikkje meir. – Etter dette livet vil eg spele på dei evige jaktmarker, sa han ein gong. Og mest truleg er det den kanskje fremste legenda i FSK-historia gjer. Og uansett lever kallenamnet vidare. For i 1988 oppretta han eit fond til utdeling av stipend til

(Arkivfoto)

lovande fotballspelarar i fylket, der det i statuttane står at prisen skal delast ut til talentfulle spelarar som viser gode haldningar til idretten, har positiv framferd, viser trenings-iver og høg sportsleg dugleik. «Tullen» gav årleg 5000 kroner til fondet, og motivasjonsstipendet har sjølvsagt fått namnet «Tullenprisen».

«Etter dette livet vil eg spele på dei evige jaktmarker» Rolf «Tullen» Seljeseth

TULLENPRISEN

Peter Aase (17) blei i 2011 den første Florø-spelaren som fekk den prestisjetunge «Tullenprisen», saman med tvillingbroren Stefan er han av dei aller største fotballtalenta fostra i Florø. Begge sentrale på den lovande 95-genrasjonen, landslagsspelarar (G15, G16,G17) og klar for tippeligalaget Sogndal frå hausten av.


FSK 100 ÅR / SIDE

11

Betre seint enn aldri for Giil 35 år etter at Helge Giil spelte sin siste kamp for FSK, fekk han endeleg gullklokka som han etter over 250 spelte kampar rettmessig hadde krav på. Dei han spelte i lag med hadde for lengst fått utmerkinga, Giil meinte det var urettferdig men drygde lenge før han tok kontakt med klubben. Men i 2000 tok han kontakt, Øystein Hjertenes sjekka statistikkane og konstaterte at den gamle forsvarskjempa hadde nok kampar og vel så det. Dermed tok han saka i eigne hender, og på årsfesten fekk endeleg Giil utmerkinga han fortente etter lang og tro innsats for klubben.

Spiller Spille er på lag g med håndballen hånd dballen i Florø Florø Byen’s Bye By yen’s totalleverandør tot otallev eve vera rand dør av byggevarer. byg by ygg gge gev eva varer. Hos os oss osss får få du ikke ke b bare are gode go priser prise er men også og o gs gså gode gså go ode råd rrå åd og og tips tip pss med p på å veien! ve

Noregsrekord i bassenget

Vi lev leverer eve verer følgende: følge fø ge ende:

I 2006 blei den 16 år gamle Florø-symjaren Sturla Eikeset Olafsson den yngste i landet til å ta Havhest-statuetten. Han var symjedyktig då han var fem, tok den Lille Havhesten når han var 8 og den Store Havhesten når han var 10.

UÊÊ Trelast/Byggevarer UÊÊ Mur/Betongprodukter UÊÊ Takstein/Platetak UÊÊ Jernvarer UÊÊ Interiørprodukter UÊÊ Garderobeløsninger UÊÊ Kjøkken og Bad UÊÊ Parkett/Laminat/Furugulv UÊÊ Ovner og Peiser UÊÊ Maling

Smågutar med scoringsteft I 2004 vann FSK smågutar heile 58–0 i ein kamp mot Hyllestad, det er ein uoffisiell fylkesrekord, kanskje attpåtil noregsrekord. I kampen som blei spelt over 2 x 35 minutt var keeper Sondre Johannessen borti ballen ved to høve. Thomas Strømmen blei toppscorar med 18 mål. Bortsett frå keeperen kom alle FSK-gutane på scoringslista.

Dei gamle var eldst, også i 1965 Mange drog nok på smilebandet då dei fekk høyre at old boys hadde utfordra a-laget. Det var forventa ein bajaskamp med mykje moro for pengane, og det blei det. Men utviklinga blei nok litt annleis enn det dei fleste hadde trudd. Old Boys gjekk hardt ut og etter berre to minutt sendte Asbjørn «Abben» Hansen gamlekarane i front. Så i forsvar, der a-laget sleit med å bryte gjennom men Oddbjørn «Kleggen» Strømsøy fann ei opning og utlikna. Andre omgang, og taktikken med å gå hardt ut slo til igjen. John B. Jacobsen avslutta eit flott angrep med eit kanonskot som til ellevill jubel frå dei mange frammøtte enda opp i nettmaskene. Ungstutane klarte aldri å komme tilbake, og dermed var sensasjonen eit faktum.

Historisk siger gav kretsmeisterskap I 1976 vann Florø for første gong ein kamp i Øvre Årdal, og sikra seg samstundes klubbens første kretsmeisterskap på 40 år. – Nokre sonemeisterskap har det blitt, men det er første kretsmeisterskapen sidan Florø-Varg klarte det i 1936, kunne kaptein Dagfinn Hjertenes fortelje til Firdaposten. Jotun var store favorittar, men det stod 0–0 til pause. Florø tok leiinga ved Frode Kvammen, men Jotun utlikna og kampen gjekk til ekstraomgangar. Der sette Agnar Strømsnes inn vinnarmålet.

Vi gratulerer FSK med me Vi EVJA SØR 100-års jubileumet!

Mestersalg Florø as

Mestersalg Florø AS Postboks 266, 6902 Florø Tlf. 57 75 79 90 Fax 57 75 79 99


FSK 100 ÅR / SIDE

12

DUGNADSHJELPARANE: Hjørdis og Trond Rekdal. Kvardagsheltar med til saman over 60 års innsats for FSK.

Utan eldsjelene, ingen idre Med 1600 medlemmar er det eit stort apparat som skal til for å drive FSK-skuta framover. Og alt skjer på dugnad. I FSK er det for tida ingen som hevar lønn. Trond Hansen var heiltidstilsett som dagleg leiar nokre år, og periodevis har a-lagstrenar fått ei relativt beskjeden godtgjerdsle. Men i dag blir alt drive på dugnad. Kor mykje det dreiar seg om er vanskeleg å talfeste, men det er snakk om fleire titalls årsverk. Arbeid verd millionar av kroner som ikkje dukkar opp i noko rekneskap, men som dekkjer opp alle dei små og store oppgåvene som må til for å drive ein klubb med 1600 medlemmer. Det trengst trenarar, lagleiarar, oppmenn, vaktmannskap, billettseljarar, kiosken skal bemannast og så bortetter. Gjerne arbeid som kanskje ikkje viser så mykje igjen, men som er heilt nødvendig for at alt skal fungere som det skal og må.

MILLIONAR AV TIMAR Alt dette ville sjølvsagt vore total uråd utan ein massiv dugnadsinnsats. Kor mange som gjennom 100 års historie som har gjeve av si eiga fritid for at andre skal få høve til å drive med idrett er det ingen som veit, men det er mange, veldig mange. Og dei fortener alle ein

stor takk. Dei er kvardagsheltane, sjølve drivstoffet i eit dugnadsbasert idrettslag. Men kvifor gjer no dei frivillige dette? Kvifor vel nokre å ofre til dels store delar av si eiga verdfulle fritid for at andre skal få drive med idrett?

 GIR MEG MYKJE – Nei, det var det då, smilar Svein Bakke, ein av dei som har vore med i mange år. – Eg har vel eigentleg ikkje noko godt svar på det. Men eg har alltid vore særs interessert i idrett, og i ung alder var eg sjølv aktiv. Då er det jo greitt at ein som vaksen blir med for å gje eit tilbod til dagens unge. Og så er det jo det sosiale viktig, det er mange som har vore med i mange år, og det er ein flott gjeng som det er fantastisk kjekt å vere saman med. Det gir meg mykje, sjølv om det har vore mykje jobb, vedgår Bakke som i jubileumssesongen har trappa litt ned.

«Eg har vakse opp og vore med i FSK i alle år, og dei kosta no på oss ein del. Då er det berre kjekt å få vere med å gje noko tilbake.» Oddb jørn Strømsøy

– I år skal eg berre vere speaker. Men på tidleg 80-tal var eg lagleiar for eit gutelag, og eg var også med eit smågutelag ein periode. På 90talet var eg i mange år styremedlem og leiar for ungdomsgruppa, det var nesten ein heildagsjobb. Litt av eit puslespel har det også vore å lage til kampoppsettet til Veslefrikk-turneringane. Dei siste åra har eg mellom anna vore speaker samt laga til det som trengst til kampprogrammet. Mykje jobb, men også mykje moro, understrekar Bakke.

VIL GJE NOKO TILBAKE – Eg har vakse opp og vore med i FSK i alle år, og dei kosta no på oss ein del. Då er det berre kjekt å få vere med å gje noko tilbake, fortel Oddbjørn Strømsøy. Saman med kona Gerd har han bidrege aktivt med verdfull dugnadsinnsats mellom anna i samband med sildebord- og 17. mai-arrangementa i alle år. – Det har vore mykje moro, vi har vore ein fast gjeng som har hatt det kjekt medan vi har jobba og då går det som ein leik. Vi har meldt oss klare for sildebordet i år og, fortel han. Oddbjørn, eller «Kleggen» som blei tilnamnet, spelte sjølv fotball i mange år, og han trena seinare 1974-genrasjonen fram til kretsmeisterskap i 1990. På det laget spelte sonen Stig, som saman med broren Torstein blei nye FSK-profilar på fotballbana. Gerd var lagleiar på eit handballag


FSK 100 ÅR / SIDE

13

VI GRATULERER så masse med 100 år og ønskjer lukke til vidare!

EIL 1967

Eike

fjord Idrettslag

ettslag NØDVENDIG

– Vi er nøydde til å basere oss på at foreldra er med som trenarar, i alle fall til ungane er 12 år. Noko anna er heilt urealistisk, og heller ikkje ønskjeleg. Det er eit viktig poeng at foreldre som har lyst til og gjere noko bra for sine barn tek i eit tak og er med som trenar eller i støtteapparatet. Vi ønskjer at foreldre skal engasjere seg, det er noko dei vil ha stor glede av, både på kort og lang sikt. Vi ønskjer å formidle at alle skal få vere med, på eigne føresetnader og utan noko topping av lag og den slags i barneidretten, understrekar Arild Melvær.

STILLER OPP: Ekteparet Gerd og Oddbjørn Strømsøy har lagt ned tallause timar dugnadsinnsats for FSK, ikkje minst i samband med sildebords-arrangementet. Dei har meldt seg klare til innsats også i år.

SPEAKEREN:Svein Bakke i kjent stil. I tallause år har han lest lagoppstillingar og informert om det som skjer på bana frå sin faste plass i speakerboksen.

som også blei kretsmeister, mellom anna med dottera Gunn på laget.

Sønene Terje og Frode har begge spelt for FSK. – Eg vil støtte ungdommen, det gjev meg veldig mykje å vere med på dette, seier Hjørdis. -Idrettslaget er på ein måte byens største barnehage, og til tider har eg vore med så mykje at eg nesten har sett på ungdommen som mine eigne. Og det er kjekt at dei i vaksen alder hugsar meg, ikkje sjeldan får eg ein klem når dei skal inn på stadion, smilar ho. Ho har vore innom det meste, styremedlem, bingovertinne, kioskarbeidar på heimekampane, annonseseljar, bil-

OVER 60 ÅRS INNSATS

Ekteparet Hjørdis og Trond Rekdal er begge fotballentusiastar og har vore aktive i FSK-miljøet sidan slutten av 70-talet. – Vi var på Norway Cup ti år på rad, og også til Sverige og Danmark. Det kunne jo vere slitsamt til tider, men også utruleg mykje moro. Ikkje snakk om at det har vore noko vekkasta tid, understrekar Trond.

lettseljar og stadionvakt. Med på mange bortekampar har ho også vore. – Eg måtte nesten det om eg skulle få sjå ein kamp, for medan eg var i kiosken var det ofte vanskeleg å få med seg noko, ler ho. For nokre år sidan fekk ho den blå diplom frå fotballkretsen for mangeårig sterk innsats for klubben. – Eg har aldri forventa å få no noko for innsatsen, men det var kjekt å bli sett pris på, seier ho smilande.


FSK 100 ÅR / SIDE

14

Lukke til med Lukke sesongen! sesongen! Bak alle gode resultat ligg det mykje trening. Dei fleste og dei beste idrettsutøvarane i kommunen vår bruker treningslokala i Florø Idrettssenter. Det er vi stolte av. Idrettssenteret er bygd, eigd og vert driven av idretten – for idretten i Florø. Det er vi stolte av. Ved å spele på lag skapar vi dei gode resultata. Taakk for samarbeidet! Vi ynskjer alle i Flora-idretten lukke til med årets sesong.

Forbunde TRENG DU TOMT EL. LEILIGHEIT PÅ SOLHEIM I FLORØ? FLO MELD DI INTRESSE NO! For meir informasjon, kontakt Thor-Arne Ullaland, tlf. 906 22 996

Cup-suksessen har for lengst medført at jubileumssesongen kan skrivast inn i FSK-historia med gullskrift, og dei siste åra har generelt vore eventyrlege med mange sterke sportslege prestasjonar. Men sterke lag og generasjonar har det vore tidlegare også. A-laget anno 1953 blir framleis hugsa av dei som fekk glede av å oppleve det.

STOPPA AV FORBUNDET

www.ullaland.no

- Laget var trena av Jostein Stafsnes, ein av dei beste og mest solide trenarane klubben har hatt, fortel Bjarte Sindre, sjølv gammal FSKspelar. – Men dessverre var seriesystemet den gongen heilt umogleg for Sogn og Fjordane. Laga


FSK 100 ÅR / SIDE

15

LEGENDER: Hedehusene (ståande) og FSK etter 3–3- kampen. FSK-spelarane frå venstre: Reidar Stavang, Knut Stavang, Lars Bjerck, Malvin Osland, Per Solheim, Jostein Stafsnes, Leif Fjellestad, Kåre Berg, Rolf Seljeseth, Bjørn Atle Sunde og Harald Pedersen. Harald Notø var målvakt i første omgang, men var gått i dusjen før bildet blei teke. – Leif Fjellestad er etter mi meining den beste FSK-spelaren nokosinne. Eg er sikker på at han ville vore på landslaget om han hadde vore i ein større klubb, hevdar Bjarte Sindre.

et øydela for storlaget fekk ikkje vere med det ordinære seriesystemet, men måtte nøye seg med og spele for seg sjølv. Dei blei spelt i to seriar, Fjordane og Sogn, gruppevinnarane møttest deretter til kamp om KMtittelen og der stoppa det. Fotballforbundet meinte at kommunikasjonane til fylket var så dårlege at vi ikkje kunne vere med i det ordinære systemet. Det voks fram to særs sterke lag, FSK og Jotun. Eg er sikker på at begge kunne hevda seg skarp på det nasjonale planet om dei berre hadde fått sjansen, seier Sindre.

INTERNASJONAL MOTSTAND FSK sendte mellom anna Bergens-laget Laksevåg heim igjen med eit 0–8 tap etter ein treningskamp. FSK vann alle vårkampane, sett vekk frå bortekampen mot Eid. – Der var det grasbane og den var uråd å finne ut av for FSK-karane den eine gongen i året dei fekk spele der. I ferien fekk Florø vitjing av det danske topplaget Hedehusene, og då spelte FSK ein av dei beste kampane eg har sett av dei, fortel

Sindre. Danskane hadde tre landslagsspelarar men resultatet blei 3–3.

«Eg er sikker på at både FSK og Jotun kunne hevda seg skarpt på det nasjonale planet om dei berre hadde fått sjansen.» Bjarte Sindre

ENTUSIASME

Florø vann alle haustkampane i serien som elles bestod av Falken og HIF frå Høyanger, Eid og Sandane, og blei overlegen serievinnar. På dei åtte kampane scora laget 25 mål. Så kom finalekampen, og den gjekk mot Jotun som var like suveren i si avdeling. – Kampen blei spelt på nøytral grunn i Høyanger, og det var stor interesse i byen. Ein klarte å tinge opp tre bussar og dei blei raskt fulle av

oppglødde supporterar. Bilar var det ikkje så mange av den gongen men dei fleste av dei som var la også turen til Høyanger. Det var over 200 Florø-patriotar på tribunane, og dei fekk sjå at Jotun til dels blei heilt utspelt av det aggressive Florø-laget.

STONG UT Men i mål ville ballen ikkje, trass i at dei hadde 19 skot på og like utanfor stengene. I ekstraomgangane jamna spelet seg ut, Florø tok leiinga og la seg i forsvar. Men då gjekk det som ofte gjer, Jotun utlikna og det måtte omkamp til for å kåre vinnaren. Den blei spelt to veker seinare, og då hadde FSK ein dårleg dag. Dei mangla også eit par spelarar som blei skadde i det første oppgjeret, medan Jotun henta heim ein målmann og ein senterløpar frå militæret. FSK tok rett nok leiinga, men etter eit sjølvmål rakna det og Jotun vann 3–1. – Men sesongen 1953 må ha vore ein av laget sine beste nokosinne, avsluttar Sindre.


FSK 100 ÅR / SIDE

16

Då Florø herja i Danmark Florø-fotballen har verkeleg markert seg dei siste åra. Og den aller største prestasjonen kom kanskje under Dana Cup i 2011.

ring. Alle gutelaga gjekk vidare frå puljespelet, fire av fem som puljevinnarar. Både G12 og G15 rauk i 8delsfinalane i A-sluttspelet, medan G14 måtte gje tapt i 32-delsfinalen. Jentelaget imponerte også, og sikra seg sølv i B-sluttspelet. Men det var G16 og G19 som stal overskriftene. Begge laga gjekk heilt til finalane, og bidrog til at Florø til slutt blei kåra til den beste klubben i gigantturneringa. G19 spelte ein god kamp mot Mandalskameratane, men sørlendingane vann 2-0.

Det vekte oppsikt då G15-laget som første norske lag på 19 år gjekk til finalen under Gothia Cup i 2009, at det blei tap i finalen la ingen dempar på feiringa. Nokre dagar seinare leika G14 seg til siger i Norway Cup, på veg til finalen vann dei sju strake kampar med samla målforskjel 54-1. I finalen mot Høyang vann dei 9-2 til slutt. Det var klubbens første Norway Cup-triumf på gutesida.

SCORINGSVEGRING I 2011 tok G16 seg til semifinalen i NM. Etter kvalifiseringa sende laget Løv/Ham og Stabæk ut av turneringa, men mot Rosenborg blei det stopp. Dermed rauk draumen om ein finale på heimebane. Men før den tid imponerte Florø under Dana Cup i danske Hjør-

SUVERENE

VINNARLAGET: Bak frå venstre: Emil Aadland, Joachim Tunheim, Peter Aase, Kristian Rindheim, Runar Helland Åmot. Midten: Geir Rindheim (trenar), Erlend Hove, Aksel Bauge, Simen Hamre, Martin Hollevik, Runar Hove, Terje Rognsø (trenar). Framme: Patrick Magnussen, Anders Sørensen, Kristoffer Book, Kristoffer Ryland, Jacob Storevik, Stefan Aase, Bjørnar Ommedal, Erik Selaas. Foto: Eli K. Magnussen.

Men G16 var ustoppelege. Finalemotstandar Hjørring hadde fordelen av heimebane, men med fire landslagsspelarer på laget viste Florø-gutane seg som eit langt sterkare lag og vann fortent 4-0. Kristoffer Ryland opna med ei tidleg scoring, etter målgjevande pasning frå keeper Jacob Storevik. Stefan Aase auka til 2-0 som også blei pauseresultat. I andre omgang auka først Aksel Bauge, før Aase banka inn sitt andre frispark for dagen. Han fekk også prisen som banas beste spelar.

FSK har Slakteriet i ryggen

Vi er stolt av det! ….men vi er også svært stolt av våre 115 tilsette som årleg slaktar 2000 trailarlass med laks og aure frå gode kundar langs heile vestlandskysten!

Slakteriet AS, Postboks 393, 6901 Florø Tlf.: 57 74 98 00 – Fax: 57 74 79 36 – epost: post@slakteriet-as.no


FSK 100 ÅR / SIDE

17

Ei helsing til hundreårsjubilanten Sogn og Fjordane Fotballkrets gratulerer Florø Sportsklubb med 100-årsjubileum.

tatet for deres del aldrig blit saa daarligenskjønt de manglet ballbehandling og utholdenhet.» I JUBILEUMSÅRET 2012, 99 år etter første møte, spelte FSK mot Brann i 2. runde i cupen og denne gong var tapet om lag halvert (6-1). Det gledelege er at 3000 tilskodarar møtte for å oververe ein ny flott fotballgenerasjonen frå Florø. I 2011 vart Robert Endestad, Tempo FK, vald til nye kretsleiar i Sogn og Fjordane. Florø by fekk då sin første kretsleiar sidan Bjarne Sunde, som gjekk av i 1933.

DEN 12.06.1912 vart Florø Fotballklubb stifta,

som den første klubben i Sogn og Fjordane. Historikarar stridast om den første fotballaktiviteten var på Eid eller i Florø, uansett hadde byen i vest fotballaktivitet kring 1900-talet. Det første kjente biletet som er teke av eit fotballag i fylke er frå 1917, her står stramme spelarar stolt ikledd Florø Fotballklubb i sine nye klubbdrakter. Florø Fotball spelte ei aktiv rolle ved kretsskipinga, og kretsen sin første kretsleiar (formann) var Bjarne Vasbotten (18991990) frå Florø. Bjarne Vasbotten fortel i eit intervju med Agnar Heggen (1978) at han hadde god kontakt med O Chr. Andersen i Aftenposten, og fikk mange råd og tips om fotball, og at han etter kvart tykte det var naturleg å skipe ein krets også i Sogn og Fjordane. HAN ALLIERTE SEG med Angell-Jacobsen og

Alfred Edvardsen, og kalla inn dei aktive laga i Sogn og Fjordane til eit konstituerande møte på Victoria Hotell i Florø 30.04.1922. Sverre Jensen frå Bergen var NFF sin representant og kom for å leie møte. Dei tre viktigaste verva gjekk til Bjarne Vassbotten (Formann), Angell-Jacobsen og Alfred Edvardsen (seinare kretsleiar i to periodar). Slik sett har Florø Fotballklubb (no Sportsklubb) markert seg sterkt heilt frå skipinga.

Bjarne Vassbotten fortel at han kom i kontakt med fotballen gjennom ein mann frå Kinn, som hadde utvandra til England, fotballens «fødestad». Av alle ting spelte han på Hull City, og kvar sommar var han tilbake i heimbygda på ferie. Han hadde med seg sin private fotball, og «vi» unggutar følgde ivrig med denne tryllekunstnaren frå England. Alt i 1913, året etter skipinga, møtte Florø Fotballkubb Brann sitt B-lag. I Nordre Bergenhus Amtstidende kunne ein lese eit referat frå kampen, eg vel å ta med eit lite sitat frå ein kamp der Florø tapte 12-0. «Et er dog sikkert, hadde Florø hat en betre maalmand vilde resul-

RIVANDE anleggsutvikling, god rekruttering, jente og damefotball og akademi viser også litt av fotballutviklinga i kystbyen seinare år. Ja, så bra går det at klubben sin mangeårige toppscorar, Bengt Solheim Olsen også er ordførar.. I FSK kan ein altså bokstaveleg talt skyte seg til topps. Vi gratulerer klubbleiar Arild Melvær og Mister FSK, Øystein Hjertenes, og sjølvsagt alle andre ressurspersonar, som med stor entusiasme og arbeidsinnsats tek dei stolte tradisjonane vidare i Florø Sportsklubb.

Beste helsing Sogn og Fjordane Fotballkrets Svein Olav Myklebust Dagleg leiar

Au Auto A uttoF Fo orru rum u um m gratulerer grrrat atule lere rer AutoForum Flo lorrø S ports rttskl kllu ubb Florø Sportsklubb med e s in ne fførste ørste t med sine

0 år! år! 100

...s .s sjølv har har a v etttt ...sjølv vii n nett pa as ss ss se ert 40 4 år i F lorø! ø! passert Florø!

Åra går og går og det gjer Ford òg!


FSK 100 ÅR / SIDE

18

ORDFØRAR med klubbrekordar i fleng 18 sesongar, 429 kampar og godt over 200 scoringar. Bengt SolheimOlsen har eit stykke att i politikken før han når same rekordnivå som i FSK-drakta. Fotballkarriera er for lengst lagt på hylla, og no har han også teke seg ein pause frå skosalet. I dag er det ordførarvervet som teke tida til Bengt Solheim-Olsen. Men kjærleiken og omtanken for FSK, den ligg der i tjukke lag uansett kva han elles syslar med. Å spikre ei intervjuavtale med ein travel og framleis ganske så fersk ordførar er ikkje det lettaste, sjølv om det er FSK-historie som står på programmet. – Kor lang tid treng vi treng vi, spør han. – Om vi er effektive får vi gjort mykje på ein halv time, prøver eg meg på. – Det går fort meir enn ein halvtime med eit så ultra-interessant tema, er svaret. Og han hadde rett, bortimot tre gonger halvtimen for å vere nøyaktig.

ARVELEG BELASTA Spel og innsats for FSK er noko som gjerne går i arv, og familien Solheim-Olsen er ikkje noko unntak. – Far min Magne sat som leiar i hovudstyret i mange år og var også aktiv dommar. Mor mi spelte handball, og har alltid vore levande oppteken av FSK-miljøet. Vi var med på mang ein tur kring om i fylket når far skulle dømme. Eg var nok ikkje meir enn 10 år då eg hadde vore innom dei fleste banene eg seinare skulle besøkje som spelar, smilar han. Og at tribunespråket kan vere fargerikt fekk han tidleg erfare. – Eg trur det var i Høyanger. Nokre av dei som sat rundt oss på tribuna meinte at dommaren var så dårleg at dei skulle drepe han i pausen. Det er jo sånt som berre blir sagt, men som sjuåring tok eg det særs alvorleg og då pausen kom sprang eg ut på bana for å varsle far min. Eg trur ikkje han blei så veldig redd, ler han. Eldstebroren Atle spelte lenge for Tempo, medan yngstebroren Tor var innom både FSK og Tempo. I dag er nevøane Martin og Halvor begge i a-lagsbildet. «Nokre på tribuna ropte at dei skulle drepe dommaren. Då sprang eg ut på bana for å varsle far min.» – Som far til to små døtre så kjem du vel til å jobbe hardt for jentefotballen i framtida? – Hehe, ja det er mange som dreg den der. Eg

LEGENDE: Ingen tvil om kven som var den store helten for desse russegutane. «Bængten» viste seg gjerne frå si aller beste side i 16.maikampene mot Førde, og fekk tilnamnet «Førde-dødaren». Foto: Dag Nesbø Frøyen

tenkjer at dersom dei har lyst til og spele fotball, så skal eg sjølvsagt støtte opp, trene dei, lage eit miljø og alt som høyrer med. Men det må no bli opp til dei, og det dei vil. Men klart, vi dreg dei jo med på fotballkampar og ser ein del heime. Så har det nok allereie oppstått ein viss interesse, smilar han tilfreds. Bengt har 18 sesongar og 429 obligatoriske cup- og seriekampar å sjå attende på. Begge deler er klubbrekord og sjølv om han ikkje veit kor mange scoringar det blei gjer han også krav på å vere klubbens toppscorar. – Det må eg no vere, eg veit ikkje kven som skulle ha fleire i alle fall, seier han og reknar seg fram til at det må vere godt over 200 scoringar. I 1992 stoppa han på 29 seriemål, berre ei scoring bak ein 19 år gammal stryning ved namn Tore Andre Flo.

HALDNINGSENDRING At fotballen og haldningane til idretten har endra seg også her lokalt legg han ikkje skjul på. – Vi følte oss veldig seriøse, og var kanskje det samanlikna med dei som spelte på 70- og 80talet. Men samanlikna med dei som spelar på alaget i dag var vi nok kort og godt ekstremt useriøse. Vi trente kanskje tre, fire gonger i veka, i dag trenar dei kvar dag, og vi hadde nok eit litt anna forhold til ein viss type drikkevare. For oss var det ein skandale om vi måtte trene på ein søndag etter å ha spelt kamp på laurdagen. Ikkje berre hadde vi kampen i beina, men ofte også heilt andre ting i kroppen som skulle ut. Men vi dreiv på vårt vis, i dag blir det meir og meir slik det bør vere også i lokalidretten. Så verda går framover, i rett retning.

COMEBACK 1 I 2002 tok han over som ny a-lagstrenar. – Då var det meininga å leggje opp og berre

bli trenar, men så gjekk det jo heller dårleg den sesongen og utpå hausten måtte eg innpå som ei kriseløysing. Det blei eit par hat-trick og vi berga plassen. Dermed blei det eit par sesongar til, og det var eit par artige år. – Det var også nokre negative episodar i den tida, mellom anna på Refvika. Er det noko du angrar på? – Altså, sånn generelt, så går ikkje eg rundt og angrar på ting. Eg tek heller ansvar for det eg gjer, men i ettertid ser eg nok at enkelte ting burde vore ugjort. Men sånn er det, ting oppstår, og ofte blir det nok også blåst litt ut av proporsjonane. Det som irriterer meg litt er at den siste månaden som trenar blei litt turbulent. Allereie i august var det klart at eg skulle gje meg og det var nok ikkje det ideelt. Det blei lett å tenkje at konsekvensane av det eg gjorde ikkje spelte noka rolle, eg skulle jo slutte uansett. Då blei det nokre raude kort og bortvisningar, og det har nok skapt eit etterinntrykk av at det var det eg dreiv med. Men gjennom 429 offisielle cup- og seriekampar fekk eg berre eit raudt kort, minner han om.

KLUBBLEGENDE Som dei fleste i FSK, så hadde også Bengten eit forhold til «Tullen» – Han var med i miljøet på heile 90-talet og var ein fantastisk person å ha rundt seg. Vi hadde klubbkontor i Cubus-bygget på den tida, og der var han ein dagleg stamgjest. Han brukte den same kaffikoppen i lang tid, utan å vaske den sjølvsagt. Ein dag kom Anne Leversund innom, fekk sjå den skitne koppen og fann ut at denne måtte vaskast. Og Tullen likte slett ikkje det, her hadde han brukt to år på å byggje opp denne fantastiske koppen og den smaken som det blir i ein velbrukt kopp, og så kom ho og øydela heile greia.

MANGE MINNER Ei lang karriere gjev naturleg nok mange minner med på vegen. – Det er nok ingen tvil om at mange av historiene er av ein karakter som gjer at dei ikkje eignar seg på trykk. Men eg hugsar til dømes ein kamp vi hadde på 90-talet, og Frank Ove Giil var med. Under peptalken i pausen talte vi kjapt opp at det mangla ein mann, og det var jo då Frank Ove. Vi fann han i pølsebu-køen, han hadde funne ut at han var svolten og måtte ha litt påfyll. Og så er det jo nokre historier knytt til treningsleirane våre. Eg hugsar at eg og Posen (Per Øyvind Helle) blei vekas Fjogningar etter «Kielferje-episoden» på 90-talet. Det var same dagen Liverpool vann 4– 3 over Newcastle etter ei scoring på overtid, og


FSK 100 ÅR / SIDE

19

REKORDHALDAR: Tanksenter Bengt SolheimOlsen slik mange hugsar han. Med 429 obligatoriske kampar for FSK held han framleis rekorden. Foto: Firdaposten.

med ein stall beståande av minst 50 prosent Liverpool-fans tok den rolege festen vi hadde planlagt litt av, vedgår han.

FAVORITTSPELAR Sportslege høgdepunkt blir det også mange av i ei så lang karriere, men pussig nok er det ikkje scoringane mot Førde som gav han tilnamnet «Førde-dødaren» han trekkjer fram. – Som spelar på a-laget blir ein slags idol i lokalsamfunnet, eg hugsar at eg i mange år hadde Tor Albrigtsen som favorittspelar. Luftens konge, etter mi meining framleis ein av dei beste hovudspelarane som nokon gong har vore på stadion. Det var stort å få spele saman med han etter kvart. Og så hadde vi 99-sesongen. Vi hadde berre to poeng etter vårsesongen, var i praksis klare for nedrykk og starta haustsesongen med eit braktap. Men så samla vi oss i botn, tok 20 poeng på dei siste ti og berga plassen i siste liten. Etter at han gav seg som a-lagstrenar var han

vekke frå fotballen eit par år før han tok til å engasjere som trenar i aldersbestemt fotball.

«Som spelar på a-laget blir du eit slags idol i lokalsamfunnet.» – Det har vore fantastisk givande å få trene desse gutane, og det er kjekt og sjå at fleire av dei i dag er i a-lagsbildet. Høgdepunktet som trenar var utvilsamt då vi kom oss til finalen i GothiaCup i 2010, sjølv om det var surt å tape finalen på straffesparkkonkurranse. Men ein dag kjem vi vel over det og, smilar han.

TUNGT MINNE 18 sesongar med til dels store utskiftingar i troppen har resultert i mange lagkameratar og det å plukke ut super-elvaren blant dei er inga lett oppgåve. Nokre av namna kjem kjapt, andre grublar han meir over.

– Det er sikkert mange som blir sure på meg no, flirar han undervegs. – Han må med, Hansen kan eg bruke som venstrekant. Og eg må ha ein solid benk, med to keeperar. Kan ikkje skilje mellom Kallen og Tore, held han fram før han brått blir alvorleg og for ein gongs skuld famlar litt etter dei rette orda. – Den hausten då Svein Indrevær blei sjuk og døde. Det var det absolutt tyngste eg var med på som FSK-spelar.

SUPERELVAREN

Bjørn Henrik Knapstad, Per Øyvind Helle, Rune Hovland, Stig Strømsøy, Arne Petter Grindheim, Hans Erik Hansen, Terje Rognsø, Tore Reksten, Kjetil Søvik, Frode Nybø, Svein Indrevær. Trenar: Tore Reksten Benken: Karl-Erik Giil, Tore Svarstad, Arve Sunnarvik, Thomas Svardal, Edvin Førde, Johnny Langeland, Tor Albrigtsen.


FSK 100 ÅR / SIDE

20

TRENAR: Rognsø på si første trening etter at han tok over a-laget i 2001. Det var ein tung sesong for bruntrøyene og det enda med nedrykk frå 2. divisjon. Foto: Dag Nesbø Frøyen

HEIDRA: Terje Rognsø (t.v.) fekk saman med Geir Rindheim og Per Øyvind Sørbø kulturprisen for 2012. Rognsø og Rindheim har vore sentrale i den historisk gode fotballperioden dei siste åra. Per Øyvind Sørbø har nyleg teke over trenaransvaret for damelaget, og har ei fortid som spelar og trenar for herrelaget. Foto: Eivind Nordvik Hauge

Frå trelasthandel til tre

I dei aldersbestemte klassane har Florø-fotballen dei siste sesongane opplevd ein suksess som manglar sidestykke i klubbhistoria. Trenar Terje Rognsø får mykje av æra for framgangen.

Det var faktisk ganske tilfeldig at Terje Rognsø kom tilbake til fotballen etter mange år med trelasthandel og bankjobb. Dei som hugsar nokre år tilbake vil nok kanskje først og fremst forbinde Rognsø med Fotballklubben Tempo. Han var berre 17 år då han tok over som spelande trenar for «veslebror». – Eg spelte for FSK i andre divisjon som 16åring, men eg var ein del yngre enn dei andre og treivst ikkje spesielt bra. Samtidig var mange av kompisane i Tempo så det blei til at eg bytte klubb. Vi gjorde det også bra nokre sesongar, ein periode var vi i 3. divisjon saman med FSK og Eikefjord. Men fotball- og karriere messig

var det likevel berre tull og eit katastrofalt dårleg val, vedgår han i dag.

SKADEPROBLEM Som 19-åring fekk Rognsø ei alvorleg skade som heldt han på sidelinja i halvtanna år. – Etter det hadde eg nokre bra sesongar for FSK, inntil korsbandet rauk, og i ein alder av 24 var den aktive karrieren meir eller mindre over, fortel han. Det var trelasthandelen som fekk prioritert, først som tilsett og seinare som gründer i eiga verksemd. Sommaren 2001 sa han likevel ja til å ta over trenarvervet i FSK etter Benny Eriksson. Klubben låg då an til nedrykk frå 2. divisjon. – Den gongen var eg sjokkert over haldningane til mange i spelargruppa. Det enda med nedrykk og etter følte eg meg vel i grunn ferdig med fotballen.

MEIR TRENING Seinare selde han «Byggern» og gjekk over til banknæringa, og med på overgangen fekk han

meir fritid. Samstundes kom Idrettssenteret, og ideen om akademiet kom opp.

«Då eg tok over som a-lagstrenar i 2001, blei eg sjokkert over haldningane i spelargruppa.» – Eg var med og trena ei gruppe, og var då overraska over kor lite det eigentleg blei trent. Då vi starta akademiet var det ikkje meir tank bak det enn å tilby meir trening. Men det utvikla seg ganske raskt inn i ein klubbtanke, og akademiet har nok vore ein pådrivar for at vi er Florø Fotball i dag. Min tanke var at skulle vi få til noko her i Florø, så måtte vi samla alle krefter. Det er slett ikkje berre eg som har stått bak dette, under strekar han, og ramsar opp Geir Rindheim, Steinar Hopen, Gunnar Naustdal, Bengt Solheim-Olsen og Kent Lindgren som nokre av dei viktigaste støttespelarane. Den sportslege framgangen i dei yngre års-


FSK 100 ÅR / SIDE

21

VIKTIG: Jubelscener etter sigeren i den avgjerande kampen mot Sogndal II i 2010. At det unge FSK-laget heldt seg i 3. div. var særs viktig. Spel i 4. divisjon ville bremsa den vidare utviklinga, meiner Rognsø. Foto: Jan Roar Hatlem

enarsuksess klassane har vore markant dei siste åra. – Det vi sette i gang med akademiet, har vore heilt avgjerande for det vi har fått til. Det viser at det hjelper å øve mykje. Nokre var nok kritiske i starten, men det er ganske klassisk når nokon prøver på noko nytt, seier suksesstrenaren.

VIL UNDERHALDE Rognsø er også klar på at fotball skal vere ein underhaldningsidrett. – Sjølv på lilleputt-nivået er det altfor mykje rop om spel ballen, skyt og den slags. Generelt er det altfor mykje fokus på resultat, men der har vi også vore til tider. Det er eit dilemma der ein kjem i ein slags konflikt med seg sjølv, vi må få resultat for å skaffe merksemd og derav økonomien for klubben. Balansegangen mellom spelarutvikling og resultat er ofte vanskeleg, men min påstand er at vi er for tidleg opptekne av resultat i barnefotballen. Dei unge må få lov til å drible, dei må få lov til og gjere feil. Fotballen skal vere ein underhaldningsidrett der det må vere lov å vise fram ferdigheitene. Vi må vere meir opptekne av den individuelle delen av

fotballen og instruere mindre. Men eg har gjort akkurat dei same feila, og påstår ikkje at eg sit på nokon fasit, understrekar han.

HØGDEPUNKT I KØ Dei sportslege høgdepunkta har vore mange dei siste åra, og Rognsø trekk raskt fram finalen i Gothia-Cup i 2009 som ein av dei fremste. – Det var eit lag beståande av 94/95-genrasjonen, og vi var det første norske laget i ein finale der på 19 år trur eg det var. Dana-Cup i fjor var også veldig bra. Der gjorde vi det bra med fleire lag, hadde to lag i finalen og blei kåra til den beste klubben totalt sett. Det skal eigentleg ikkje vere mogleg når vi plukkar spelarar frå ei så lita befolkning. Men vel så stort var det at vi heldt oss i 3. divisjon for to sesongar sidan, det var ekstremt viktig for den vidare utviklinga og kanskje den største prestasjonen vår, inkludert cupsigeren mot Sogndal for nokre veker sidan, seier han.

SURT TAP I 2011 kom gutelaget til semifinalen i NM, der

det blei tap mot sjølvaste Rosenborg. – Som trenar er det etter eit tap naturleg og tenkje på kva vi kunne gjort annleis, men eg kan ikkje sjå kva meir vi kunne gjort. Vi rundspelte jo trønderane. Vi vann 18–3 i målsjansar, men det var berre ikkje dagen. Trur det er einaste gongen det laget ikkje har scora mål.

«Min påstand er at vi er for tidleg opptekne av resultat i barnefotballen.» Kor lenge Rognsø vil halde fram har ikkje tatt stilling til. – Så lenge vi har ei spelargruppe som vi ser har viljen til å bli betre, som ønskjer å utvikle seg, så vil det motivere meg til vidare innsats. Om det kjem ei spelargruppe som ikkje vil, då hoppar eg av.


FSK 100 ÅR / SIDE

22

Alle gode ting er tre... FSK har ikkje vore ein klubb der jentefotballen har dominert, men nokre av dei aller største prestasjonane i klubbhistoria er det likevel jentene som kan sjå tilbake på.

JUBEL: Marthe Standal og Mari Kalland Knapstad jublar etter at FSK gjekk opp til 2-0 i finalekampen på Ekebergsletta. Foto: Frode Aga

Fredag 30. juli 2004 er ein merkedag av dei heilt store i FSK-historia. For første gong gjekk eit Florø-lag heilt til topps under Norway Cup, verdas største fotballturnering. Og samtidig blei det sett sluttstrek for eit fantastisk hat-trick for jentelaget. Sølv i 2002, bronse i 2003 og endeleg – det etterlengta gullet. Tre års deltaking på Norway Cup gav altså gull, sølv og bronse. Ikkje lett å toppe. FSK har kanskje aldri hatt sterkare jenteårgangar enn 88/89-årgangane som danna basisen for premiehentinga under jubelsesongane i starten på det nye årtusenet. Godt hjulpe av trenarane Arild Melvær, Rune Eikevoll, Øyvind Knapstad og Arild Standal, alle med ein arving på laget, og stor treningsvilje var det enorm framgang i jentefotballen i denne perioden. Dei leverte feiande frisk angrepsfotball som det var ein fryd å sjå på.

SUVERENE

STOLTE: Vel heime i Florø kunne jentene stolt vise fram pokalen. Jentelaget var det første FSKlaget som gjekk heilt til topps i giganttuneringa. Foto: Dag Nesbø Frøyen

At eitkvart var på gang i jentefotballen kom som eit varsku med sølv i kretsmeisterskapen i 2001. Under innandørs-KM nokre månader seinare feide det som den gongen var småjenter all motstand til side. Utover sesongen var laget suverene på vegen mot eit sikkert sonemeisterskap, men Syril blei hakket for sterke i kretsfinalen. Men det var i Norway Cup at det store gjennombrotet kom. Dei reiste med ein ambisjon om å avansere til sluttspelet, og enda opp i finalen. Den tapte dei på bittert vis, det stod uavgjort før finalemotstandar Spangereid avgjorde 20 sekund før slutt.

TVYNDLINGAR TRENARGRUPPE - Vi var mange trenarar, det gjorde at vi kunne dele på oppgåvene og det blei ikkje for mykje belastning for nokon. Vi hadde overskot til å ha humøret på treningane, og det blei kjekt for begge partar. Og vi oppnådde gode resultat, og det heng saman, Ser vi på historia så vil vi sjå at alle FSK-lag som har gjort det bra i dei aldersbestemte klassane har hatt gode og engasjerte foreldregrupper bak seg. Det er folk som har køyrt til kampane, delteke på turneringar og teke eit tak, seier Arild Melvær.

ENGLANDSTUR – Grunnen til at eg inviterte dei over var enkel, når du vinn Norway Cup så fortener du litt ekstra, fortel Tage Herstad. – Eg trur at det kan ha vore ein liten «kickstart» for gutane som no gjer det veldig bra. «Jentene klarte det, då kan vi og». Det var utruleg stor stas å ha dei på besøk, det var ein fantastisk gjeng, både jentene og leiarane.

Året etter følgde TV2 Florø-jentene frå kamp til kamp under gigantturneringa. Stammen i laget var meir eller mindre intakt sjølv om nokre endringar måtte gjerast ettersom nokre av spelarane var blitt for gamle. Målsetjinga var klar, i år skal den aller største bøtta heim. Og det gjekk lenge bra, seks sigrar før dei overkøyrde motstandaren i semifinalen. Men dette var dagen då ballen ikkje ville inn i nettmaskene. Det small i tverrliggjar, det small i stenger og sjanse på sjanse blei brent. Hjelmeseth/Kleive var inne på Florøs halvdel tre gonger, og lukkast med å score to gonger. Dermed var Florø-jentene ute og måtte nøye seg med bronse. Det høyrer med til historia at Jahn Ivar «Mini» Jacobsen omtalte tapet som « eit internasjonalt ran» I heimleg serie var laget utan konkurranse, dei vann alle seriekampane og stod med den ufattelege målforskjellen 174-15, og sonemeisterskapen blei sikra med samanlagt 28–5 over to kampar mot Atløy. Kretsmeisterskapen blei sikra etter at dei vann miniserien mot dei andre sonemeistrane Sandane og Sogndal.

GULLJENTER Men det var i 2004 at jentene for alvor skreiv

seg inn i FSK-historia med gullskrift, og oppdrag Norway Cup blei endeleg fullført. Dei avanserte greitt frå gruppespelet og etter kvart fram til semifinalen der Skeid var motstandar. Det blei ein jamn og tett kamp der eit kanonfrispark frå lagkaptein Ann Kristin Skorpa blei det einaste målet. I finalen venta Rosendal, og det blei eit oppgjer prega av at mykje stod på spel. Begge laga gjekk ut i hundre, begge heiltente på å vinne. Men det var FSK som trekte det lengste strået etter mål av Marthe Standal og Mari Kalland Knapstad. – Det er det største eg opplevde som fotballspelar. Det var noko vi hadde jobba hardt og lenge for. Vi var så nære to år på rad, og det var kjempekjekt når vi endeleg lukkast, fortel lagkapteinen Ann Kristin Skorpa. I dag har ho med unntak av deltaking i ØyaCupen lagt fotballstøvlane på hylla men har mange gode minne og sjå tilbake på. Den mest overraskande premien etter triumfen fekk dei av Liverpool-entusiasten Tage Herstad. Han var ikkje snauare enn at han inviterte jentene til England der han ordna både kampbillettar og overnatting.


FSK 100 ÅR / SIDE

23

.

HISTORISK: Etter sølv og bronse, gjekk jentene endeleg heilt til topps under Norway Cup, verdas største fotballturnering. Og dermed skreiv dei seg for alvor inn i FSKhistoria med gullskrift. Foto: Frode Aga

Helsing frå FK Tempo FK Tempo gratulerer storebror Florø Sportsklubb med 100 årsjubileet. Florø Sportsklubb er en klubb med tradisjoner og som FK Tempo sine alderbestemte tropper er blitt en del av. Florø Fotball er navnet og er underlagt Florø Sportsklubb si fotballgruppe. FK Tempo har i dag kun sitt 6. divisjonslag igjen i klubben, dette for å kunne tilby og trygge den alderbestemte satsinga som fotballen i Florø er blitt så kjent for. FK Tempo ønsker at Florø Sportsklubb blir en brobygger og ivaretar alle som vil holde på med vår idrett på flott måte og det neste hundre årene.

TREKKJER FRAM SAMARBEIDET: Tempoleiar RolfArne Rognaldsen takkar for godt samarbeid på vegner av veslebror i Florø, FK Tempo.

Florø Sportsklubb har vist et stort engasjement for alle sine idretter og har tatt samfunnsansvar på godt og vondt i 100år for byen vi er så glad i. Det står det stor respekt av og FK Tempo ønsker de andre gruppene i klubben lykke til med satsinga og idretten en representer. Tusenvis av dugnadstimer har og er blitt lagt ned hvert år for å ivareta barn og unge og en må og rette en stor honnør til alle som har vært involvert i klubbarbeidet i Florø Sportsklubb. Dere har alle i høyeste grad bidratt til klubbens historie ,tradisjon og felleskap. Måtte vi stå sammen i det neste hundre år og skape en idrettsglede og en positivitet rundt vårt Arbeid til det beste for Florø Sportsklubb og byen vår Florø! Rolf-Arne Rognaldsen Leder, FK Tempo


FSK 100 ÅR / SIDE

24

KUNNE ENDELEG JUBLE: I 1981 kunne FSK juble som kretsmeistrar for første gong, etter 1-0 mot Eid på stadion. Bak frå venstre: Dag Rune Nygård, Terje Rekdal, Bjørnar Solheim, Tore Reksten, Stig Bredesen, Øyvind Alsaker, Inge Reksten, Kåre Ola Hukseth og Per Orheim. Framme frå venstre: Jon Kåre Krokene, Torstein Moe, Per Øyvind Helle, Kenneth Strømsøy, Karl Erik Giil, Tore Nygård, Jan Magne Berg og Endre Barstad.

Vann KM

i Sogn og Fjordane på den tida, var vegstandarden. Vi tapte nesten alle bortekampar som var meir enn to timar vekke, og det var jo dei fleste. Eg hugsar at vi på smågutelaget reiste saman med gutelaget til Eivindvik og sat i sigarettrøyk i fire timar på svingete vegar. Ramla ut av bilen og spydde, før vi tapte klart. Heime banka vi det same laget med 4–0. Og så var det jo alltid stas i Vadheim når ballen hamna i fjorden og nokon måtte ut i robåt for å hente. Det blei mange tunge køyreturar, men med Rolf Rognaldsen kom vi i alle fall alltid trygt fram. «Betre og komme 10 minuttar for seint, enn 60 år for tidleg», som han brukte å seie.

Med den sterke 1965-generasjonen som stamme i laget kunne FSK i 1981 for første gong endeleg juble over eit kretsmeisterskap i gutelags-klassen. Under trenar Rune Titlestad leverte denne gjengen mange imponerande resultat, og fleire av spelarane blei utover 80-talet profilar på a-laget.

Som fotballkommentator blir det mykje farting og det er ikkje så ofte at Alsaker er på heimelege trakter. Men han følgjer likevel godt med på utviklinga i Florø-fotballen. – Det er spanande å følgje den nye generasjonen. Eg håpar at minst ein av dei kan ta steget opp og bli tippeligaspelar. Det vil vere eit gjennombrot for Florø-fotballen og gje byen ei leiestjerne som unge talent kan ta etter. Det er litt pussig at ingen frå Florø har klart det før, eg hugsar at Dag Rune Nygård var i Fyllingen utan å lukkast heilt. Det er nok det næraste før Aasetvillingane, som no markerer seg. - Korleis trur du din generasjon ville klart seg mot 95-generasjonen? – Eg trur nok denne gjengen er endå betre enn det vi var, sjølv om vi mellom anna slo Brann i Vestkyst-cupen i 1981. Akkurat det året var vi sterke, men og samanlikne Messi og Maradona er ei umogleg oppgåve. - Kven meiner du er tidenes beste FSK-spelar? – Tore Reksten er nok ein klar kandidat, teknikken hans var eminent. Min helt då eg vaks opp var Øyvind Riste, ein venstrebeint elegant som også vil stille sterkt i ei slik kåring. Eg var sjølv på eit brukbart nivå inntil skaden, men å stemme på seg sjølv er jo ikkje særleg stilig, smiler Alsaker.

med «Tullen» på sidelinja

På 1960-talet blei FSK sonemeister fire år på rad, utan at dei generasjonane nokon gong lukkast med å sikre seg eit kretsmeisterskap. I 1966 gjekk finalen mot Jotun i Leikanger, og det blei sagt at epleslang med påfølgjande mageverk og mangel på søvn var den direkte årsaka til finaletapet.

REKDAL AVGJORDE Men i 1981 lukkast det omsider, finalen mot Eid gjekk på heimebane og framfor 350 entusiastiske tilskodarar blei Terje Rekdal matchvinnar med kampens einaste scoring eit snaut kvarter ut i andre omgang. Ein av dei sentrale på laget var Øyvind Alsaker, i dag tilsett i TV2 og rekna

som ein av landets fremste fotballkommentatorar. – Det var ein fantastisk gjeng, som etter kvart også blei stammen i a-laget, sjølv om vi berre var 16–17 år gamle. Til dømes var Inge Reksten ein nøkkelspelar som scora mange avgjerande mål for oss. Eg lurer på kor god han kunne blitt om ikkje trekkspelet hadde tatt han, seier Alsakerl.

BAKKEDUELL Alsaker var ein av dei som raskt etablerte seg på a-laget, men karrieren blei ikkje så lang for den lovande og allsidige spelaren. – Vi møtte Sogndal i ein treningskamp i mars 1984, like før pause landa eg forkjært på den harde grusen etter ein duell med Svein Bakke. Då rauk korsbandet i kneet, og sjølv om eg heldt fram litt etter var det nok det som stoppa karriera mi. I dag blir det innimellom litt innandørsfotball, men knea toler ikkje så mykje lenger dessverre. Men det er like morosamt som før, fotballen har gitt meg utruleg mykje glede og også ein jobb faktisk, fortel Alsaker som har mange minner frå tida som fotballspelar.

FØR RØYKJELOVA – Noko som gjorde det vanskeleg å spele fotball

GODT ORIENTERT


FSK 100 ÅR / SIDE

Om 30 år arbeider barnebarnet ditt hos oss. Langsiktighet kan være et ord å pynte seg med. Men det kan også være en vilje, en visjon – slik som hos oss i GDF SUEZ E&P Norge. Vi tror på å delta i olje- og gassproduksjonen på norsk sokkel. Det er positivt for både oss, våre ansatte og samfunnet. Vi har vært her i 10 år. Det er både et lite jubileum og en begynnelse på noe stort og varig. At vi nå har fått operatøransvaret på Gjøa-feltet, gjør oss enda sterkere motivert. Vi vil bidra – i dag, i morgen, i mange tiår framover. Og vi vil være i front. På helse, miljø og sikkerhet. På teknologiske løsninger. På det å tenke nytt, skape noe nytt, være en foretrukket arbeidsgiver og en solid, troverdig aktør i det store bildet. Vi gleder oss!

25


FSK 100 ÅR / SIDE

26

Spelte seg til Manchester Sjølv om det nok var meir folk på kampane «før i tida», så har Florøfolket tradisjonelt vore flinke til å støtte opp om laget. Frå tid til anna har det også vore godt liv i supporterklubben, ikkje minst på slutten av 70talet då Ove Semshaug var leiar. Dei gav fleire år utmerkingar til toppscoraren, og i 1978 kåra dei også årets spelar. I komiteen som vurderte innsatsen på bana sat det fire røynde personar. Petter Asp, Per Magnussen, Rolf «Tullen» Seljeseth og oppmann Knut Knapstad. Til slutt var det midtstopparen Ivar Magnussen som blei kåra til årets spelar, han blei rangert som lagets beste ved sju høve og vann kåringa fem poeng føre Rune Titlestad. Og premien var bra, sjølv for Tottenham-supporter Magnussen. For ikkje berre vanka det ein gedigen pokal, på årsfesten kunne Semshaug fortelje at dei hadde tatt kontakt med ein klubb nokre nivå over FSK skissert eit opplegg. Det kom positivt svar, så når det måtte passe kunne han berre ta kontakt med manager Dave Sexton i Manchester United. Reise var ordna og i Manchester skulle han få trene saman med dei store gutta og få sjå klubben frå innsida.

PRIORITERTE LIVERPOOL – Det var ei stor oppleving det, veldig interessant å få sjå ein storklubb på så nært hald, fortel Magnussen i dag. – Det var kjekt å få trene saman med Unitedspelarane, det var ein fin gjeng. Eg fekk også med meg kampen mot Leeds. Eg sat saman med Joe Jordan som då var ute med skade, og erstattaren Andy Ritchie scora tre mål. Jordan applauderte mindre for kvar scoring. Han såg vel føre seg at det ville bli tøft å komme tilbake på laget. Elles fekk eg vel litt pepar etter at eg reiste til Liverpool for og sjå testemonialen til Emlyn Hughes i staden for å reise med United til en cupkamp i Brighton, flirer han.

FIRE GENERASJONAR Magnussen-namnet er eit av dei som har gått igjen gjennom fleire FSK-generasjonar. Ivar spelte over 300 kampar for a-laget og har seinare trena fleire aldersbestemte lag. Mora Kjellaug spelte handball og faren Per var lenge med i styret. Sonen Per Tore og nevøen Kai Frode har begge spelt fotball, og dottera Eli har vore innom både fotball og handball. I dag er det barnebarnet Patrick som held familietradisjonane ved like på fotballbana. – Vi hadde mykje moro, og til dels kanskje meir sosialt enn i dag. Vi måtte ordne det meste sjølve, og på ein bortekamp mot Årdal reiste vi gjerne inn fredag og kom heim igjen søndag. Det var ikkje snakk om å få dekka noko økonomisk heller. Eg arbeidde på Fylkesbaatane heile karriera og måtte ta mange helgevakter etter sesongslutt for å ta inn igjen det eg hadde tatt fri, fortel han.

LØPSSTERKE Treningsfasilitetane var jo ikkje dei heilt store på den tida, men Magnussen trur dei likevel kunne ha hatt følgje med dagens generasjon kondisjonsmessig. – Det trur eg faktisk, for vi sprang utruleg mykje og var i god form. Vinterstid var det i

VINNAR: Ivar Magnussen med pokalen han mottok som årets spelar i 1978. Magnussen har etter at han la opp med suksess formidla kunnskapane til yngre rekkjer. Han trente 1974genrasjonen fram til kretsmeister skap i 1990, og seinare hadde han i fleire år treningsansvaret for 1995genrasjonen. FOTO: Jan Roar Hatlem

grunnen å springe treningane bestod av. Fast takst var det med intervalltrening mellom lyktestolpane utover Havrenesveien og bakketrening opp og ned kyrkjebakken. Men teknisk låg vi nok eit godt stykke bak, seier han i dag.

TIDLEG NABOMØTE – Då eg spelte på gutelaget hugsar eg godt ein tur til Stongfjorden, vi reiste inn med ei gammal sandskute ein fin sommardag. Vel framme blei kampen utsett i halvannan time fordi all kuskiten måtte skyflast vekk frå bana. Det stod ein kar med lommetørklede ved kvart mål og skulle vinke om det vart scoring. Målet var spikra saman av nokre fjøler og tverrliggjaren var i alle fall ikkje bein, Jens Herman Svardal som stod i mål vegra seg for å gå inn på streken då han frykta å få den i hovudet, ler han. Utan dramatikk blei ikkje heimeturen heller. – Det stod ei jerntralle som gjekk på skinner der. Vi oppå, og fekk god fart nedover bakken. Stoppe klarte vi derimot ikkje, og vi gjekk rett

gjennom ei lagerdør som blei knust i fillebetar før turen enda i ein jernstolpe inne i lagerbygget. Handelsmannen som åtte bygget var ikkje god på oss då nei, og det litt spesielle var at handelsmannen var Håkon Kirketeig. I vaksen alder fekk eg han som ein av dei næraste naboane i Florø...

SUPERELVAREN

Ivar spelte for a-laget i 12 sesongar, og frå dei mange lagkameratane har han plukka ut følgjande «superelvar». Hein Høyvik, Stein Strømsnes, Reidar Knapstad, Ivar Magnussen, Asgeir Knapstad, Oddvin Vatlestad, Jens Herman Svardal, Oddbjørn Strømsøy, Vidar Strømsøy, Frode Kvammen jr, Asbjørn Sjøtun. Benken: Jan Smedsrud, Kjell Ståle Orheim, Bjarne Strømsøy, Bengt Svardal, Øyvind Knapstad, Agnar Strømsnes, Steinar Arneson, Tore Agledal, Ingulf Slettevoll jr. Trenar: Ivar Magnussen. Eg kunne brukt alle saman, laget ville stått seg bra likevel. Eit godt lag, både fotballmessig og sosialt, kommenterer han.


Vi gratulerer FSK med Foto: Dag Frøyen

100år! Origod AS Industrivegen Postboks 274 6902 Florø Tlf. 57 75 21 40 post@origod.no www.origod.no

NCC leder utvikling av fredens miljø for arbeid, bolig og kommunikasjon. www.ncc.no tore.arberg@ncc.no NCC ANLEGG I FLORØ:

tlf. 57 74 93 65

KINN REGNSKAP AS, Hestenesgt. 4, Florø Næringshage, 6900 Florø – Tlf. 57 75 14 30


FSK 100 ÅR/SIDE

28

Opprykksthrilleren i Sunnfjord I 1985 blei ein fem år gammal plan fullført. For første gong rykka FSK for første gong opp til 3. divisjon, tilsvarande dagens andre divisjon.

også lik. Men FSK hadde scora 46 mål, Førde to mindre. Og dei to måla avgjorde opprykkskampen i favør FSK. Med til historia høyrer det at Førde like før slutt missa på eit straffespark.

Det var knappast nokon frå Florø som trudde på det. Førde leia tabellen og skulle berre henta alle poenga mot Dale for å sikre opprykket. Så sikre var dei at lokale til sigersfesten allereie var bestilt. Og det byrja også bra for Førde. Dei tok oppskriftsmessig leiinga, medan Jølster scora det første i regnværet på Skei. Men så kom meldinga om at Dale hadde utlikna, og like etter scora også FSK. Dag Rune Nygård fyrte av frå 20 meter, og ballen smalt tverrliggjar inn, utan sjanse for Jølster-keeperen. Dermed levde opprykkshåpet for bruntrøyene

SJEFEN SJØLV Dramaet rulla vidare, og det var sjefen sjølv som fekk æra av å avgjere det heile. I kamp med ikkje mindre enn fire Jølster-spelarar var det spelande trenar Rune Titlestad som fekk beinet på eit innlegg og sendte Florø i front. Og målet han scora var typisk nok for Titlestad i denne kampen. Han gav alt i alle duellar og stod på til tunga slepte ned på Skei-grusen.

DOMINANS FSK dominerte første omgang fullstendig, og hadde det ikkje vore for Vidar Halland i dei bakre Jølster-rekkjer ville det blitt fleire baklengs. I andre omgang kom heimelaget meir med, FSK sikra litt men hadde likevel taket på kampen og prøvde heile tida å pynte på målstatistikken, utan å lykkast. Men FSK kunne likevel juble for siger, og opprykk? Sekundane gjekk sakte. For vel hadde Dale tatt leiinga, men Førde hadde utlikna og då dommaren bles i fløyta på Skei var det enno nokre minuttar igjen på Sande Stadion.

MARGINAR Men etter hektisk telefonering kom meldinga. Dale–Førde, 2–2 og slutt. Og FSK-spelarane kunna saman med 100 tilreisande frå heimbyen sleppe jubelen laus. Bruntrøyene hadde same poengsum som Førde, målforskjellen var

FEMÅRSPLANEN KRUNA MED SIGER: Faksimile frå Firdaposten 1985.

ELLEVILT Ausande regnver la ingen dempar på dei elleville jubelscenene. Titlestad blei sent i vêret– minst fire meter. Hender og alt som var av meir lause lekamsdelar sveiva vilt og uhemma. Menn klemde menn, kjende fall om halsen på ukjende. Tårer pipla fram frå det ein skulle tru var tørre kjelder. Sigersongen runga frå garderoben, med ekstra styrke. På turen heim hadde også FSK-bussen eit kort stopp i Førde og let førdianarane høyre sigersongen midt i sitt eige sentrum. Ikkje mange fekk det med seg i regnveret, men likevel ...

Minnast opprykksfesten med glede – Eg hugsar godt den kampen på Jølster ja, det var fantastisk morosamt og det er gode minner å ha med seg, fortel Rune Titlestad som då var spelande trenar. Han blei tilsett i 1981, og allereie første året sikra ein gjeng talentfulle gutespelarar klubbens første kretsmeisterskap. – Første året jobba eg 70 prosent med gutelaget og dei yngre, resten med a-laget. Neste året

60/40 og deretter 50/50. Målet var å etter kvart skifte ut spelarane på a-laget og erstatte dei med unggutane. Då eg kom inn var FSK eit middels 5. divisjonslag, men vi meinte at med den planen ville vi i løpet av fem år kunne rykkje opp to divisjonar. Og vi lukkast! Eg fekk ein unik sjanse til å jobbe på heiltid med ei talentfull ungdomsgruppe, eg trur det er fleire der

som kunne hevda seg høgare oppe i divisjonane om dei hadde fått moglegheita. Vi jobba etter idear som det mange stader blir snakka om å innføre den dag i dag. Det var ein gjeng som syntest det var kjekt å trene mykje og hardt, vi hadde morgonøkter og trena kvar dag. Det viser at det nyttar å øve mykje, det vil alltid gje resultat.


FSK 100 Ă…R / SIDE

VOLVO V60

FRYDENBĂ˜ EDITION KAMPANJETILBUD

s DIESELVARMER M/TIDSUR s .avigasjon s 3KINNINTEriør s !KTIve Xenonlys s â€? skjerm s "LUETOOTH (ANDSFREE s 2YGGESENSOR s 2EGNSENSOR s #ruise control s !LArm s %L VINDU OG FJErnbetjent sentrallĂĽs s 2ADIO #$ 53" "LUETOOTH 3TREAMING s D!" s %L. oppvarmet baksete s SONET KLIMAANLEGG s #ITY 3AfETY s Vinterhjul pĂĽ alufelg

VOLVO V60 DRIVe KR

369 900,-*

VEIL. PRIS KR 413.282,-

Vi har kort leveringstid

Kan ogsĂĽ leveres m/automat, tillegg kr 19.900,-

VOLVO V60

* Veil. pris inkl. frakt-, leverings- og adm. kostnader levert forhandler. Gj.sn. forbruk 4.5 – 10.2 l/100 km. CO2-utslipp 119 – 237 g/km. Alle Volvos dieselmodeller har partikkelfilter som standard. Forbehold om trykkfeil. Avbildet bil kan ha ekstrautstyr. Treff Volvo pü facebook.com/volvocarsno og volvocars.no. For mer info skann QR-koden til venstre eller send SMS �VOLVO� til 2330.

LAST NED NORSK VOLVO APP

VOLVO V70

FRYDENBĂ˜ EDITION KAMPANJETILBUD s DIESELVARMER M/TIDSUR s Skinninteriør

s Aktive xenonlys s 7� skjerm, Bluetooth Handsfree s Ryggesensor s Regnsensor s Cruise Control s Alarm s El.vindu og fjernbetjent sentrallüs s Radio/CD/USB/Bluetooth Streaming s DAB + s El. oppvarmet baksete s 2 sonet klimaanlegg s City Safety s Vinterhjul pü alufelg

VOLVO V70 DRIVe KR

389 900,-*

VEIL. PRIS KR 415.282,-

Tillegg for Summum kr 10.000,Tillegg for R-Design kr 20.000,Kan ogsĂĽ leveres m/automat, tillegg kr 19.900,-

Vi har kort leveringstid

VOLVO V70 * Pris inkl. frakt-, leverings- og adm. kostnader levert forhandler. Gj.sn. forbruk 4,5 – 10,3 l /100 km. CO 2 -utslipp 119 – 237 g /km. Alle Volvos dieselmodeller har partikkelfilter som standard. Forbehold om trykkfeil. Avbildet bil kan ha ekstrautstyr. Treff Volvo pü facebook.com /volvocarsno og volvocars.no. For mer info skann QR-koden til venstre eller send SMS �VOLVO� til 2330.

LAST NED NORSK VOLVO APP

FĂ˜RDE: 57 83 72 00

SOGNDAL: 94 81 80 81

SANDANE: 57 86 84 00

Ă…SANE: 55 53 68 00

MINDE: 55 59 97 00

BERGEN VEST: www.frydenbo.no 55 50 15 42

29


FSK 100 ÅR / SIDE

30

Dei skapte ny gullalder i Ha Ein kombinasjon av gode anlegg, sjeldne talent og inspirerande trenarar la grunnlaget for den store oppturen som FSK-symjemiljøet opplevde på 2000-talet. Den første gullalderen stoppa på byrjinga av 80-talet, og dei neste åra var prega av heller laber aktivitet. Men realiseringa av Havhesten førte til ein ny symjeboom. På det meste hadde klubben 60–70 aktive konkurranse-symjarar. I ungdomsklassane var det mange som leverte prestasjonar heilt i landstoppen, og gamle kretsrekordar sat laust.

FØRST UT Christoffer Æsøy var av dei første som for alvor markerte seg, då han som 15-åring kvalifiserte seg for deltaking i junior-NM i 2003 var det 20 år sidan førre gong ein Florø-symjar var på det nivået. Året etter knuste han ein 20 år gammal kretsrekord på 200 meter bryst og var nær finaleplass i junior-NM.

SPRENGDE GRENSER For å ta nokre av dei vidare barrierebrytande prestasjonane, så blei Marius Karstad Nekkøy i 2004 den første Florø-symjaren med medalje i ÅM (NM for ungdom). Året etter kvalifiserte

bronsemedalje. Han var då den første frå fylket med gull i junior-NM. Mathias Sørstrand Æsøy tok sølv og bronse under den same meisterskapen, og året etter blei han historisk som den første Florø-symjaren med medalje i senior-NM. Han var då framleis junior, og blei berre slått av Gard Kvale og Alexander Dale Oen. Den siste som har markert seg på landsplan er Kristoffer Dolve Birkeland, som har vunne ÅM fleire gonger, har medalje i junior-NM og har delteke i nordisk ungdomsmeisterskap.

GODT SELSKAP I 2009: Gullmedaljevinnar Gard Kvale og sølvvinnar Alexander Dale Oen (t.v) var venta best på 100 medley, men det var junioren Mathias Æsøy ifrå Florø som tok den siste plassen på pallen. Ein medalje som vart den første i FSK si historie. Foto: Asbjørn Æsøy

heile fem Florø-utøvarar seg for ÅM, og dei kom heim igjen med to medaljar. Nekkøy forsvarte bronsemedalje frå året før, og Hans Kristian Andersen tok sølv på 200 meter bryst. Også Simen Andreassen, Skjalg Olafssen og Mathias Sørstrand Æsøy leverte sterke prestasjonar. Etter junior-NM i 2008 reiste Hans Kristian Andersen heim igjen med tre gull, ei sølv- og ei

«Det er mange unge i Florø som har stor glede av å symje. Eg vonar at det kan komme inn ein ny trenar som kan vere med for fullt.» Hilde Sørstrand

RUTINERT TRENAR

Hilde Sørstrand var ei av stjernene på 70-talet, med deltaking i tre NM, bronse i Vestlandsmeisterskapen og fleire kretsmeisterskap på merittlista. Fleire av klubbrekordane står seg framleis. – Vi hadde eit veldig godt miljø den gongen,

Idrettsgleda er sponsa av Sparebanken Sogn og Fjordane ssf.no


FSK 100 Ă…R / SIDE

31

avhesten og veldig mykje moro, fortel ho. Saman med mannen Asbjørn var ho trenar i den gylne Havhest-periode, og forutan imponerande trenareigenskapar mĂĽ dei ogsĂĽ ha gode genar. Dei er nemleg foreldra til Christoffer og Mathias samt tvillingsystrene Mari og Kristin, som alle gjorde det godt i symje- TRENAREN: Symjetrebassenget. Tvillings- nar Asbjørn Æsøy var ystrene har ogsĂĽ mar- sentral i oppbygginga kert seg pĂĽ fotballba- av mange utøvarar og na, Mari spelar i dag dei gode resultata som pĂĽ damelaget til FSK blei presentert pĂĽ 2000medan Kristin er den talet. einaste Florø-jenta som har spelt pĂĽ landslaget. – Det gjekk i symjing døgeret rundt den gongen, og det blei mykje farting rundt om pĂĽ stemner, fortel Hilde. Ho er framleis med som trenar, men har no trappa ned til ein dag i veka. – Det er mange unge i Florø som har stor glede av ĂĽ symje. Eg vonar at det kan komme inn ein ny trenar som kan vere med for fullt, avsluttar ho.

TĂ˜FFE TAK: Mathias Æsøy og lagkameratane i FSK la ned tusentals treningstimar i Havhesten pĂĽ 2000-talet. Det gav ogsĂĽ resultat. (Arkivfoto)

www.pwc.no

Revisjon, rĂĽdgjeving og rekneskap Din lokale kompetansepartner

Kompetansesenteret innen revisjon, rüdgjeving og rekneskap i Sogn og Fjordane. Vi arbeider mülretta med ü bygge lokal kompetanse og har eit tverrfagleg og hyggeleg miljø med over 40 revisorar, rüdgjevarar, autoriserte rekneskapsførar og advokatar. Vi har kontor i Førde, Florø, Müløy, Stryn og Sogndal. For nÌrmare informasjon sjü www.pwc.no eller ring vürt sentralbord pü telefon 02316.

!" # $ % AS, PricewaterhouseCoopers Accounting AS og PricewaterhouseCoopers SkatterĂĽdgivere AS som alle er separate juridiske enheter og uavhengige % &


FSK 100 ÅR / SIDE

32

To glansperiodar –kva no? Både på 70-talet og 2000-talet prega FSK-symjarane spaltene i lokalpressa og hevda seg nasjonalt. Finst det grunnlag for ei ny storheitstid? Fotballen og handballen har nok alltid hatt langt fleire aktive enn symjegruppa i FSK. Men når det gjeld å hente heime heider og ære, stiller symjarane langt sterkare i konkurransen. To glansperiodar peikar seg ut, den første var på 70-talet og den andre i åra etter at Havhesten stod ferdig.

LANGE TRADISJONAR Allereie før krigen oppretta Florø-Varg symjeog tennisgruppe, sjølv om det ikkje fanst verken tennisbane eller symjebasseng. På den opne plassen vest for dåverande Bjercks konfeksjonsfabrikk i Stranda blei det spelt tennis, og symjarane trente i sjøen like ved. På tidleg 50tal bygde medlemmer i Sportsklubben opp eit bade- og symjeanlegg ved Prestholmen. Alt arbeidet blei i god FSK-ånd utført på dugnad, og inkluderte mellom anna bygging av veg fram til området, planering av ei 30 meter brei steinkai, oppføring av eit badehus og ei 25 meters konkurransebane for symjing. Litt lenger ute blei eit stupetårn oppsett. Aktiviteten var ganske bra, og nivået tok seg også opp. Mellom

anna vann symjarar frå Florø fire av fem moglege gullmedaljar under kretsmeisterskapen i 1959. Anlegget har seinare blitt overført til kommunen etter eit makebytet der FSK overtok heimevernshuset ved stadion, det er som kjent seinare om bygd til klubbhus.

NY EPOKE Så kom bassenget på folkeskulen, i si tid ein revolusjon samanlikna med tilhøva i kald sjø. Aktiviteten tok seg opp, FSK symjeklubb blei for alvor aktiv midt på 60-talet og satsa mellom anna på utdanning av trenarar. På 70-talet var klubben for alvor inne i ein gullalder med mange imponerande resultat, også på landsbasis. – Vi hadde ein god periode den gongen, fortel Kolbjørn Nybø.

«Vi var stolte over prestasjonane våre, og mykje av årsaka til at vi lukkast så bra skuldast nok heilt klart Atle Trettevik.» Kolbjørn Nybø

Han var ein av dei fremste utøvarane, med ein 9. plass i junior-NM, gull i Vestlandsmeisterskapen og ein del av stafettlaget som tok ein sterk 8. plass i senior-NM i 1976 som nokre av dei fremste merittane. – Det var eit veldig godt miljø i gruppa, og vi trena veldig mykje, både morgon og kveld. Morgontreningane starta lenge før vaktmeister byrja sin arbeidsdag, men takka vere velvilje frå Kjartan Lauvsnes som var rektor på skulen den gongen fekk vi no likevel tilgang til hallen. Det var mange aktive og heller trongt om plassen, men vi organiserte oss bra og fekk likevel mykje ut av det. Sumde to og to i breidda og etter kvarandre.

ELDSJEL Atle Trettevik var trenar i den første gullalderen, og den kanskje fremste pådrivaren for realisering av ein ny symjehall. – Vi var stolte over prestasjonane våre, og mykje av årsaka til at vi lukkast så bra som vi gjorde skuldast nok heilt klart Trettevik. For å bli ein god symjar trengst det mykje trening, og det kan jo tidvis bli keisamt og berre symje fram og tilbake i eit lite basseng. Men Trettevik var flink til å finne på morosame øvingar og heldt gruppa samla. Han var utruleg dyktig med dei unge, pressa ingen og om det var behov for ein prat hadde han tid til det og, rosar Nybø.

Fin framgang for lita treningsgruppe Etter dei gylne Havhest-åra, har aktiviteten igjen dabba av. – Vi starta opp med ei ny gruppe symjarar i fjor, og har i dag ei treningsgruppe på om lag 12 aktive, fortel leiar i symjegruppa, Reidun Høyvik. – Det er unge symjarar, der fire av dei blei approbert i år. det vil sei at tidene dei symjar på blir teljande. Dei har hatt fin framgang, mellom anna tok Magnus Ulriksen sølvmedalje i sitt første stemne på Eid. Hilde Sørstrand har laga eit program til dei og ho er også inne på trenarsida. Art Veerhage er også med når det trengst, i tillegg til meg sjølv, Wenche Eikeset Olafsson og Kjartan Olafsson. Vi trenar to kveldar i veka, men ønskjer å få til meir. Det er å få folk til å stille opp, treningstider er ikkje noko problem. Er det nokon som har lyst til å vere med så er dei velkomne til hausten, vi trenar no fram til skulen sluttar og så er det ferie, avsluttar Høyvik.

AKTIVE: Dei er ikkje så mange i symjegruppa i dag, men dei likevel fin framgang. Bak frå venstre: Sivert Myrvoll Horne, Robin Salte, Magnus S. Ulriksen, Styrk Olafsson, Mikael Lillebjerka, Sivert S. Veerhage, Markus Bergli. Framme : Wenche Eikeset Olafsson (t.v) og Reidun Kristin Høyvik. Ikkje med på bilde: Kristin Leirvåg, Matias Swendsen. Sigyn N. Leversund


FSK 100 ÅR / SIDE

33

Helsing frå Førde Fotball Kjære gamle lillebror!

SENTRALE I MILJØET: Målfrid Ottesen og Atle Trettevik fortener mykje av æra for å ha bygt opp eit aktivt symjemiljø i FSK.

Historieberaren Målfrid Ottesen Målfrid Ottesen er historiebærar i både FT & IF og FSK, som tidlegare aktiv trenar og leiar for det meste. Først og fremst turn, handball, symjing og livredning. Ho hugsar godt anlegget ved Prestholmen. – Eg tok Havhesten sju gonger der oppe, først i bronse, så i sølv og så fem gonger i gull, fortel ho. – Eg hugsar at eg saman med Kristian Fredrik Myklebust jr sumde 2000 meter i den kalde sjøen, Olav Solheim var streng kontrollør. Det var vel eigentleg galskap når eg tenkjer tilbake på det, men det var no slik det var den gongen, fortel ho. Så kom bassenget på folkeskulen. Der tok ho Havhesten i gull 35 gonger til. – Etter at vi kom i bassenget var jo det som å gå ein tur rundt åsen, det var ein enorm forskjell. Men dykk og stup heldt nokre av oss fram med å ta i sjøen, det var ikkje utfordrande nok i bassenget, fortel ho. Ottesen var faktisk den første i landet som fekk Havhest-plaketten i sølv, og dermed også gull. – Det var eg no litt stolt over, men også litt flau. Men det gav meg vidare inspirasjon. Eg var jo også instruktør og måtte uansett halde kunnskapane ved like, understrekar ho. Ho starta livredningsklubben på 60-talet, og har arbeidd som symjeinstruktør i 50 år. Det er ikkje få floraværingar som kan takke ho for at dei meistrar symjekunsten. Ho har heldt det gåande heilt til nyleg, den siste tida trente ho revmatikarlaget og LHL i terapibassenget i Havhesten, men ho likte seg aldri spesielt godt der. – Eg sakna det gode miljøet og alle dei herlege ungane vi hadde med å gjere på barneskulen, avsluttar den spreke pensjonisten.

På vegner av Førde Fotball vil eg med dette gratulere FSK med 100 år! 100 år til trass, FSK er ein vital klubb som har fått fram mange spanande spelarar dei siste åra, og som det skal bli spanande å følgje vidare. Vi i Førde set pris på å ha ein naboklubb med eit særs sterkt engasjement rundt seg, og som ved fleire høve i årets sesong har invitert til fest på Florø Stadion. Lokaloppgjera mellom våre to klubbar har ei lang historie, og for oss i Førde er det få lag som er kjekkare å tukte enn nettopp årets hundreårsjubilant. Vi ser allereie fram til neste møte, og håpar også på eit godt samarbeid klubbane imellom i åra som kjem. Lykke til med dei 100 neste. Beste helsing den 20 år yngre og nesten dobbelt så store klubben knappe seks mil mot aust!

KJEKKASTE LAGET Å TUKTE: – Ingenting er som å slå FSK, skriv Førde IL-styreleiar Bård Eikeset i si helsing til jubilanten. Foto: Firda

Bård Eikeset Styreleiar Førde IL Fotball

«Dykk og stup heldt nokre av oss fram med å ta i sjøen, det var ikkje utfordrande nok i bassenget»

STRANDAGATA

Sport

Strandagata 20, 6900 Florø 5775 0100/900 55 960

VI GRATULERER

Målfrid Ottesen

20 0% 20% www.sykkelogsol.no

rabatt

Syklar på ramme alvor


FSK 100 ÅR / SIDE

34

Jentene som løfta handballen Handballen blei ein del av miljøet etter stiftinga av Florø Sportsklubb i 1945. Og det var jentene som viste veg.

Starten blei litt treg, men 1948-sesongen markerte framgang og blei opptakten til ein gullalder for denne gruppa. Handballjentene blei sonemeister i 1949, kretsmeister i 1950, 1951, 1952 og 1954. I 1954 stod laget for ein av dei største prestasjonane i klubbhistoria då dei spelte seg fram til 4. runde i NM. Fleire av jen-

tene var også innom kretslaget. Men deretter gjekk det nedover, og tok lang tid før det igjen blei gode tider i Florø-handballen.

PROFF TRENAR I 1986 kom den første heiltidstilsette trenaren, dansken Niels Søndergaard, og det blei starten på ein løfterik periode for jentehandballen i Florø. Line Ellingsund og Siri Giil var to av profilane som var med i store deler av perioden, først på jenter 14 og 16 og deretter damelaget. – Handballen var livet vårt, vi trente morgon og kveld. Sprang på Brandsøyåsen, sykla til Klavelandet, løfta vekter på Engen og hadde ei

solid grunntrening. Vi hadde Søndergaard som trenar i tre år frå vi var 14, og vi blei kretsmeistrar tre år på rad utan å tape ein einaste kamp. Mange av oss kom på kretslaget, ein periode var det vel nesten berre Florø-jenter på kretslaget, minnest ho.

LITEN BALL ØYDELA Jentene måtte ut av fylket for å finne motstand, mellom anna var dei med på den store Peter Wessel turneringa i Larvik. – Eine året kom vi til semifinalen og vann den, men motstandaren leverte inn protest sidan det blei nytta ein for liten ball i starten. Protesten blei tatt til følgje, og vi måtte spele semifinalen ein gong til på direkten. Vi vann den også, men fekk berre ein liten pause før finalen. Då var vi heilt utslitne og det enda med eit hårfint tap. Men det var likevel fantastisk moro, seier dei to.

«Vi var på kretslaget. Eg hugsar vi sprang rundt i gangane og flørta med Tore André Flo.» Siri Giil I starten lo dei andre litt av FSK-damene der dei kom i dei brune trøyene sine. – Vi var jo liksom ikkje så proffe. Men vi spelte god handball, og etter kvart som vi spelte kampar fekk vi meir og meir tilskodarar. I finalen var folk heilt ville, dei stod og heia på oss og trampe-klappa, dei fekk vel sympati for dette «bondelaget», ler dei.

FLØRTING Dei har mange gode minne frå det som var eit sunt og godt miljø. – Vi var dønn seriøse, det var faktisk ingen på laget som røykte og vi var seint ute med festinga. Alkohol var bannlyst i samband med kampar og treningsleirar. Men litt romantikk blei det jo tid til, fortel dei, og blir blanke i auga når dei mimrar om lag fulle av kjekke handballgutar. – Vi var på ei kretslagssamling for både gutar og jenter, og då hugsar eg at eg sprang i gangane og flørta litt med Tore Andre Flo, fortel Giil og skundar seg å leggje til at det blei med det. I denne perioden trekte handballen mykje folk til tribunane og godt med medieomtale. – Vi var så mykje i avisa at det faktisk blei lagt merke til om det ikkje var stod noko. Eg hugsar vi stod i Bistrokøa ein kveld då det kom ein kar bort og spurte: Kva er det Line, var det streik i Firdaposten på tysdag? Eg såg deg ikkje i avisa, ler ho.

ANGRAR IKKJE

HISTORISKE: FSK-damene som i 1950 vann klubbens første kretsmeisterskap på handballbana. Bak frå venstre: Arne Sunde jr (trenar), Bjørg Jeppesen, Audny Solheim-Olsen, Bjørg Slettevold. Midten frå venstre: Edel Marie Pettersen, Målfrid Kjørlaug, Ruth Helen Pettersen, Jorunn Fimland. Framme frå venstre: Gunvor Stavang, Halldis Nærøy, Turid Sundal

Men mange år med knallhard trening og tallause kampar har også sett sine spor og i dag slit dei med litt skavankar. – Eg klarar ikkje å kaste ein stein eller ein snøball, då får eg det vi kallar for «skotarm», fortel Siri. Line hinkar rundt på krykkjer, også det resultat av gamle handballskader. – Eg trur ikkje det er åra frå då vi var 15–16 som er årsaka, det er nok meir frå det vi kom tilbake i midten av 20-åra, og ikkje hadde den grunntreninga og kanskje slurva litt med oppvarminga, trur ho. Men angre på idrettsåra gjer dei ikkje av den grunn. – Aldri, vi hadde gjerne gjort det igjen, kjem det frå begge.


FSK 100 ÅR / SIDE

35

DAMELAGET 1978: Bak frå venstre : Rigmor Agate Kristiansen, Anita Æsøy, Grete Ulltang, Sigrun Larsen, Torunn Nygård, Heidi Larsen, Eldrid Owesen, Anne Ellingsund, Arne Hansen (trenar). Framme frå venstre: Ruth Sølvi Helland, Anne Kristin Wefring, Kari Haave, Idun Bøyum, Sølvi Godø, June Anne Nordnes.

Til Årdal i sovepose og varetaxi Ruth Sølvi Helland har lenge vore særs sentral i handballmiljøet. Ho debuterte tilbake i 1976 og fekk med seg mesteparten av den framgangsrike perioden inntil ho la opp i 1992. – Det var ei særs kjekk tid, vi var i lag nesten heile døgeret til tider og blei gode veninner som framleis heng mykje saman. Vi var på treningsleir fleire gonger, eg hugsar at vi vaska hus på dugnad for å skaffe reisepengar. Det var lenge stor entusiasme rundt laget, og vi spelte mange kampar for fulle tribuner i Florahallen. Det var noko Bergenslaga ikkje var vande med og det stressa dei nok litt, trur ho. Handball-veteranen rosar den danske trenaren Niels Søndergaard. – Han var veldig dyktig, og var nok litt forut for si tid. Vi hadde mellom anna oppvarming etter eit fast mønster med musikk til. I Askøy-

HANDBALLFEBER: Ruth Sølvi Helland kan vel med rette kallast handball-gal. Her er no (nærmast), saman med Anne Kristin Wefring, Bjørn Wefring og Per Tviberg under handball-VM for menn i Tunisia i 2005.

hallen måtte vi ein gong ned i garderoben og ta oppvarminga der, ettersom heimelaget sette på musikk som overdøyvde vår, ler ho. Fast i minnet sit også ein tur til industri- og idrettsbygda Årdal. – Det var jo turar som gjerne tok heile dagen, vi reiste mykje i ein varetaxi og ein gong var det eitkvart gale med sidedøra som gjorde at den ikkje gjekk heilt igjen. Vi sat med soveposar for og halde varmen, ler ho. «Eg vil heilt sikkert engasjere meg igjen. Men om det blir frå neste sesong veit eg enno ikkje.» Ruth-Sølvi har elles vore instruktør, dommar i 3. divisjon, trenar for dei yngre årsklassane og styremedlem i mange år, men i år har ho innvilga seg ein pause. – Det har i grunn vore godt det, men eg vil heilt sikkert engasjere meg igjen. Men om det blir frå neste sesong veit eg enno ikkje. Handballen gjev meg utruleg mykje, veldig kjekt å trene dei yngre, avsluttar Helland.


FSK 100 ÅR / SIDE

36

Aktivitetsauke i handballen Mykje tyder på at FSK-handballen kan vere på veg mot ei ny storheitstid. Etter ein liten downperiode er det mykje som tyder på at handballen er på veg mot ein ny god periode i Florø. Fleire unge FSK-lag hevda seg nyleg særs godt under fylkesturneringa i Stryn, og medlemstala viser vekst. – Vi har no om lag 350 medlemmer, og fleire kjem stadig til, fortel den ferske styreleiaren Trine Vokuhl.

JOBBE MEIR I LAG

vi no bra økonomi i klubben, og det gjer at vi har råd til å satse på dommar- og trenarutdanning, seier ho. Inntektene stammar primært frå Vestkyst-cupen som klubben etter nokre års pause i år arrangerte for tredje året på rad. Det er eit stort og krevjande arrangement men det gjev også litt inntekter.

«Vi har mange flinke folk i klubben, men har kanskje vore flinke litt kvar for oss.» Handball-leiar Trine Vokuhl

– Vi har mange flinke folk i klubben, men har kanskje vore flinke litt kvar for oss. Nyleg arrangerte vi difor årsfest slik at vi kunne samle oss og bli betre kjent med kvarandre. Vi jobbar no aktivt med trenar- og dommarutdanning, og til hausten skal vi arrangere dommar- og trenarkurs, seier Vokuhl. Ho meiner dette er heilt nødvendig for at ting skal fungere, og handballfolket ser no litt på ulike løysingar for korleis ein skal få det til. – Vi har sett litt på korleis dei gjer det i andre klubbar, i Bergen er det til dømes klubbar som har obligatoriske dommarkurs for alle 15åringar. Det er utan at dei er pålagt og halde fram med dømminga, men erfaringane viser at mange gjer det. Det gjev også ei moglegheit for at dei kan tene seg nokre kroner. Heldigvis har

Ho fortel vidare at dei framover ønskjer og gje eit betre tilbod til dei som er gode og vil trene mykje, samstundes som ho understrekar at dei også skal ha med seg breidda.

LÆRER AV AKADEMIET – Vi har skjelt litt til fotballakademiet, og vil satse litt i same sporet. Samstundes gjev det oss også eit lite dilemma. For vi har hatt ekspertise på plass og konkludert med at dekket i handballhallen ikkje held mål. Oppbygginga i dekket er for dårleg, og vi har som mål at det skal bytast ut neste sommar. Så lenge dekket er slik, blir det eit spørsmål om vi kan satse på mengdetrening sidan det gjev aukarisiko for belastningsskadar. Det gror godt i dei yngre rekkjene også i

EIENDOMS- OG NÆRINGSMEKLING

SKADE- OG LIVSFORSIKRING

|

JENTEJUNIORLAG – Vi har mange gode blant dei unge, fleire både på gute- og jentesida har vore inne til sone- og regionalsamlingar. Til den kommande sesongen har vi meldt på lag i mange årsklassar, både jente og gutelag. Vi har mellom anna eit jentejuniorlag som skal spele i Bergens-serien. Vi har jo ingen høgskule i Florø og reknar med at mange vil reise sørover når dei skal studere. Spel i denne serien håper vi skal gje jentene ein introduksjon inn i Bergens-klubbane, slik at dei kanskje kan trene og spele med dei under studieopphaldet. Det er viktig å ha eit aktivitetstilbod i fritida. Og så håper vi jo då at dei kjem tilbake til Florø og vil spele vidare om nokre år.

SPENNANDE TING PÅ GANG: Det gror betre enn på lenge i FSK-handballen. Her er FSK-jenter frå 2009, i lag med trenarane Trine Vokuhl, Tanja Smelvær og Kristoffer Endestad. Framme frå venstre: Anna F. Økland, Stine S. Berg, Karin Hårklau, Amalie Langedal og Alice Hugøy. Bak frå venstre: Ane Sofie Bareksten, Thea Sofie Vokuhl, Kine Smelvær og Lise Olsbø. Trenarane : Trine Vokuhl, Tanja Smelvær og Kristoffer Endestad står bak. Foto: Firdaposten

LEASING OG FINANSIERING

|

INVESTERING OG PLASSERING

Foto: Stig Roger Eide, Firda

VI STYRKJER IDRETTSMILJØET DER DU BUR

|

handballen. Nyleg gjekk tre unge FSK-lag heilt til topps under fylkesturneringa i Stryn.

Gratulerer, FSK! Sparebanken Vest gratulerer FSK 100 års jubileumet. De er til inspirasjon for oss som satser langsiktig på vestlandsk engasjement. For oss er det viktig å kunne bidra til eit allsidig idrettsmiljø med det vi er gode på: lokalkunnskap, økonomi og langsiktig tankegang. Sparebanken Vest – stolt generalsponsor for Florø Fotball – klubben i ditt hjerte.


FSK 100 ÅR / SIDE

EWOS - verde verdensleden e nde produssent avv fiske kefôr

Havbruk er utpekt som en av de viktigste globale satsingsområder for å skaffe mat til en økende befolkning i verden. I Norge produserer havbruksnæringen laks tilsvarende 200 kilo per innbygger per år, og har blitt en viktig eksportør av sunn og rimelig mat til millioner av mennesker over store deler av verden.

EWOS - knowledge makes the difference

37


FSK 100 ÅR / SIDE

38

Herrelaget fekk oppsving med sup Etter mange labre år fekk handballen i Florø seg eit oppsving på 80talet, både på herre- og damesida. – Eg hugsar at Vidar Andersen og ein gjeng frå friidrettsmiljøet tok til å spele handball i byrjinga av 1980-talet, fortel Ole Bernt Solheim. Han har sjølv vore ein sentral spelar og trenar i mange år, og spelte aktivt så seint som i fjor då herrelaget måtte trekkje laget midtvegs i sesongen. – Rolf Johannessen var også ei enorm drivkraft i starten, handballen har mykje å takke han for. Han var sentral då danske Niels Søndergaard blei henta inn som heiltidstilsett trenar. Niels systematiserte treningsarbeidet i heile klubben, det blei skap eit breitt sportsleg fundament som gjorde at vi stadig hadde yngre spelarar som rykka opp når dei eldre forsvann til studielivet, fortel han.

TØFF START Solheim var med då FSK spelte første kampen i 3. divisjon. – Det gløymer eg aldri. Vi møtte Bergenspolitiet og dei hadde eit godt lag, trur dei vann 52– 5. Det var jo uansett spennande å reise til Bergen, men seks timar i buss var nok ikkje den heilt optimale oppladinga, fortel han. Men stortapet skremde ikkje, og FSK utvikla eit lag som på 90-talet var mellom dei beste i fylket og henta heim mange fylkesmeisterskap. – Det har vore fantastisk kjekt å vere med i handballmiljøet, eg hadde jo aldri vore med så lenge utan, seier han. På 80-talet blei det arrangert nokre landskampar i Florahallen. – Det blei fart i sakene med Søndergaard og Johannessen som drivkrefter, og det var i den tida eg blei biten av basillen, fortel Bjørn Wefring som saman med Solheim i mange år har vore av dei fremste profilane i Flora-handballen på herresida. I tillegg til lange aktive karrierar har dei også vore trenarar, både for herrelaget og i dei yngre rekkjene. Wefring var også med på laget som trakk seg sist sesong, men vil halde fram som trenar. – Eg skal trene eit par gutelag og truleg også herrelaget, fortel Wefring som har storkost seg med handballen. – Det har vore veldig kjekt, eit fantastisk godt miljø. Dessutan greitt å ta ut aggresjon på handballbane, og heller vere snill på heimebane, ler den rutinerte venstrebacken.

NÆRE OPPRYKK FSK har aldri lukkast med å rykkje opp til 2. divisjon. Det nærmaste var nok då klubben i

OLE BERNT I SVEVET: Det er nokre hårstrå sidan, men Ole Bernt Solheim har saman med. m.a. Bjørn Wefring vore kontinuitetsbærarar sidan 1980-talet og fram til i dag. Arkivfoto: Firdaposten

«Vi var i angrep, men somla vekk ballen til strekspelaren. Han hadde ikkje heilt kontrollen, for han snur seg og dæljar ballen i eige mål.» Bjørn Wefring

2010/11 hadde eit felleslag med Førde og islendingen Kristjan Adelssteinson som trenar. Dei låg lenge høgt på tabellen, men midtvegs i sesongen mista ein mange spelarar.

MISTA HOVUDET Ei lang karriere resulterer i mange minner, og gjerne nokre av den litt spesielle sorten. – Eg hugsar ein kamp i Gloppen, det stod uavgjort like før slutt og det kokte på begge

Hevda seg godt i landsdekkjande serie Geir Giil arbeider i dag med talentutviklinga i Region Vest, og er lite engasjert i klubbhandballen. Men på 90-talet oppnådde som trenar stor suksess med gutelaget til FSK. – Eg såg tidleg at det var eit stort potensial i den gjengen. Vi var med på mykje, reiste rundt på mange turneringar og cupar, og klarte oss bra. Vi vann mellom anna B-finalen under den store

Rødspette-cupen i Danmark. Sesongen 95/96 melde vi oss på i Narvesen-serien. Den samla dei 15 beste gutelaga i landet, og det blei eit fantastisk år. Vi måtte først kvalifisere oss over to rundar. Den første gjekk her i Florø. Dei kampane trakk 6–700 tilskodarar til Florahallen og det var enorm entusiasme rundt laget. Vi klarte å kvalifisere oss, og starta serien bra. Men vi sleit litt meir etter kvart, vi var ikkje så mange og var sårbare for skader. Men eg meiner å hugse at vi blei nummer 11 til slutt, og det var vi godt

nøgde med. Det var ein krevjande serie som medførte mykje reising, men det gav oss mange fine opplevingar. Vi hadde ei god foreldregruppe i ryggen, og det var nok heilt avgjerande for at vi lykkast så bra. Mange av gutane var også med då herrelaget rykka opp igjen frå 4. divisjon. Men så blei dei 18 og ferdig med vidaregåande skule, og då reiste dei etter kvart vekk for å studere. Eg ventar på at vi skal få ein ny slik årgang, smiler Giil.


FSK 100 ÅR / SIDE

per-danske

Helsing til ein sprek hundreåring Flora kommune gratulerer Florø sportsklubb med 100 år. Vi gratulerer med sportsleg framgang og ønskjer lykke til med alle utfordringar og mulegheiter i jubileumsåret. Flora kommune vil på vegne av innbyggarane takke for innsatsen klubben gjennom frivillig arbeid har lagt ned til beste for oss alle. Fleire tusen har fått tatt del i fotball, handball, svømming, boksing og tennis. På eit individuelt nivå har sportsklubben gitt mange utøvarar mulegheiter, spenning og glede. I eit overordna perspektiv har klubben mønstra haldningar, folkehelse og trivsel. Gjennom initiativ og drivkraft har de tatt del i utbygging av aktivitetspark og anlegg. Såleis har Florø sportsklubb spelt ei sentral rolle i utviklinga av Florasamfunnet. Kommunen hadde vore fattigare utan Florø sportsklubb. Gratulerer med dei hundre! Terje Heggheim Rådmann

SPANANDE ● UTVAL ● KOMPETANSE ●

sider. Vi var i angrep, men somla vekk ballen til strekspelaren. Han hadde nok ikkje heilt kontrollen, for han snur seg og dæljar ballen i eige mål. Etterpå stod han berre og rista på hovudet og forstod nok minst like lite som oss andre, Men vi vann kampen, ler Wefring som har tilbrakt heile karrieren i FSK. – Eg hadde større ambisjonar ein periode, vurderte å reise ut for å prøve meg på eit høgare nivå. Men det blei no med planane, avsluttar han.

Besøk oss: Postboks 111, 6801 Førde – tlf. 57 72 18 00 – fax 57 72 18 10 – www.farsundbygg.no – post@farsundbygg.no

Bjørn Wefring.

Foto: Firdaposten

39


«Mister FSK» Få, om nokon, har over tid har lagt ned fleire arbeidstimar for Florø sportsklubb enn Øystein Hjertenes.

DEN VIKTIGE BAKSPELAREN: Øystein Hjertenes si merittliste i FSK er lang, og prosjekta han har vore med å lande er nærast tallause. Den smålåtne idrettsadministratoren peikar på gode nettverk inn mot lokalt næringsliv som eit viktig suksesskriterium. Foto: Firdaposten

Han har vore spelar, dommar og trenar. I fleire titals år sat Øystein Hjertenes i fotballstyret, mange av åra som leiar. Vidare sat han som formann i 17-mai-komiteen i ei årrekkje, han har vore sentral i arbeidet føre sildebordet, i produksjon av Flora-kalenderen og sal av juletre. Truleg er det lettare og fortelje om kva han ikkje har hatt ein finger med i, enn å ramse opp alt av små og store oppgåver. Men først og fremst er det verv knytt til økonomi han har sysla mest med.

BENKESLITAR – Eg har ein rekord i Florø Sportsklubb og det er å sitje på benken, smiler han. – Det beviser vel at eg i alle fall ikkje er nokon medgangssupporter. Vel var eg ikkje nokon guds gåve til fotballen, men så aller verst var eg no likevel ikkje. Då eg byrja på Firda-gymnaset gjekk eg rett inn på a-laget til Sandane og hadde to gode sesongar der inne. Eg likar å lage ein eigen vri på dei gamle historiene, og i dag er det jo mykje snakk om det å vere best utan ball. Så eg brukar og sei at eg var best utan ball før uttrykket blei oppfunne, flirer han. Men 120 seniorkampar blei det no likevel. Konkurranse har alltid vore ein «triggar», i ung alder dreiv han med både fotball, handball og friidrett.

«Vel var eg ikkje nokon guds gåve til fotballen, men så aller verst var eg no likevel ikkje.» Men det var bak sjakkbrettet han sanka heider. I 1976 blei han nummer to i mester elite, tilsvarande NM, og same året var han med på det norske OL-laget i Israelske Haifa. Laget enda på 11. plass, framleis den beste norske

laginnsatsen i eit OL. Sjakken driv han framleis på med, om enn på eit noko lågare nivå.

IKKJE BERRE MORO I kjølvatnet etter lang tids innsats for klubben ligg det flest gode minner, men også nokre såre historier. – Då vi i 1985 for første gong rykte opp til 3. divisjon (tilsvarande dagens 2. div) reiste eg i eigen bil inn til Jølster. Det var ulideleg spennande, ikkje berre måtte vi vinne men Førde måtte også avgje poeng. Det var så jamt og tett som det kunne bli, men resultata gjekk vår veg. Den kvelden blei det arrangert opprykksfest, og det fekk eg først vite då eg over helga såg bileta i avisa. Seinare på året blei det også arrangert til tur til og opprykksfest på Alexandra, utan at eg fekk nokon invitasjon. I 1986 gjekk så klubben med stort underskot, og då eg på eit ekstraordinært årsmøte i januar 1987 blei vald som fotballformann var det og betale for dei to festane noko av det første eg måtte ordne opp i. Rekneskapen var i stil med økonomien den gongen, ganske rufsete, fortel han.

GODT NETTVERK Men det er ikkje så mykje han dvelar ved det såre, for i kjent Hjertenes-stil dreg han historia vidare og endar opp i det positive. – Den gongen hadde vi Vestlandsbanken som hovudsponsor, og der var Tore Halvorsen banksjef. Då eg troppa opp på kontoret hans i slutten av januar 87 sa han til meg: «Eg er glad det var du som kom, hadde det vore ein annan hadde eg kasta han ut». Det eg har hatt som ein pluss heile vegen, er at eg har stor tillit i næringslivet og i bankane. Dei har vel kanskje sett at eg har hatt eit stort engasjement, seier Øystein. Sportslege høgdepunkt har det vore fleire av, då spesielt opprykka til 2. divisjon. – Det har alltid vore merkeår. Men inntrykka dei siste åra, med gutar på landslaget og sterke resultat i turneringar i inn- og utland er kanskje i ferd med å passere opprykka. At G16 vann Dana-Cup og vi blei kåra til den beste klubben total sett, det er enormt, understrekar Mr FSK.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.