Gravdalgruppa

Page 1

Nyheiter frü Gravdalgruppa – vi realiserer bustaddraumen din... GravdalNytt - haust 2011


Gravdalgruppa 50 år Det er i år 50 år sidan Magne Gravdal etablerte Gravdalgruppa i Førde. Det er vidare i år 30 år sidan selskapet blei omdanna frå privat selskap til aksjeselskap og Audun Kidøy kom inn som likeverdig eigar og drivar. I dag har vi også ein eigarstruktur der aksjane er eigd av nøkkelpersonar i Gravdalgruppa. Gravdalgruppa har gjennom desse 50 åra hatt ei rivande utvikling. Dei viktigaste endringane har vore at vi på midten av 1990 talet byrja å kjøpe tomteland og utvikle, selje og produsere nøkkelferdige bustader til våre kundar. Vi sit i dag med tomteområde som representerer ei muleg utbygging av over 1.000 bustader. Vidare etablerte Gravdalgruppa kontor i Bergen kring årtusen skiftet. Dette har medført at vi dag har tilnærma like stor aktivitet i Hordaland som i Sogn og Fjordane. I tillegg til sal av bustader på eigne tomtefelt tilbyr Gravdalgruppa bustader til kundar som har eiga tomt. Vi leverer også barnehagar, omsorgsbustader m.m. til offentleg sektor. Vi har vidare eigen kjøkkenbutikk i Førde. I jubileumsåret har Gravdalgruppa 65 tilsette og vi vil omsette for ca. kr 300 mill. I denne brosjyra presenterer vi bl.a. ein del av dei bustad- og fritidsbustadprosjekta som vi har i Sogn og Fjordane. God lesnad! Med venleg helsing John Helge Lunde Dagleg leiar, Gravdalgruppa AS

| www.gravdal.no

leiar


Solveggen av Førde sentrum... Falkenstein har vore ein kjempesuksess for Gravdalgruppa, og du har endå mogelegheit å sikre deg ei leilegheit i solveggen av Førde sentrum • Roleg og sentrumsnært område • Parkeringskjellar og heis – livsløpstandard • Flotte overbygde terrassar med god utsikt over Førde sentrum • Moderne leilegheiter med høg standard • Bygginga er komen godt i gong, ta kontakt for visning i blokkene!

førde


Fantastiske einebustadtomter i Naustdal Den nye vegen frå Naustdal sentrum og utover fjorden opnar opp eit nytt kapittel i utviklinga av Naustdal som buområde i Sunnfjord. Gravdalgruppa har gleda av å presentere Mallasvika – som ligg berre ein liten spasertur frå båthamna, badestranda på Sanden og Naustdal sentrum. • Einebustadstomtar, tomannsbustader, rekkehus og leilegheiter kjem for sal • Ny gang og sykkelveg til Naustdal sentrum • Mogelegheiter for å kjøpe båtplass • Solrikt med gode klimatiske forhold og med fjorden som næraste nabo.

| www.gravdal.no

naustdal


Vie Sør - Førdes mest solrike bustadområde Vi byggjer no den nest siste blokka vår på Vie Sør, og i denne blokka har vi opna opp for ekstra gode og fleksible løysingar. • Alle leilegheitene kan løysast med eit ekstra soverom ved behov • Eigen parkeringskjellar og heis • Feltet var med i Solgt på NRK og fekk skryt for god beliggenheit, gode og effektive løysingar – og ein av meklarane konkluderte med at her vil det verte god verdistigning når heile feltet står ferdig • Gåavstand til Sentralsjukehuset – største arbeidsplassen i fylket

førde


Viebakkane - Førdes tøffaste rekkehusprosjekt! Då Gravdalgruppa lanserte Viebakkane var det med ei viss spenning. Vi følte at vi hadde treft det unike, men samstundes var det moderne løysingar som alltid kan diskuterast. Magefølelsen vår stemde, og vi har selt so og seie heile feltet. Grunna produksjon bestemte vi oss for å halde 6 rekkehus ute av marknaden, men no er vi klare også med desse. Så her er det først til mølla! • Solrike leilegheiter med ei fantastisk utsikt frå Viefjellet i aust, Hafstadfjellet og vidare til sola går ned i vest over Førde sentrum • Moderne og vedlikehaldsvennlege bustader • Kort avstand til Sentralsjukehuset – største arbeidsplassen i fylket

| www.gravdal.no

førde


Hyttedraumen er nærare enn du trur... I Hellevika ved Kjøsnes i Fjaler, har vi fått fram eit fantastisk hyttefelt – drøym deg berre vekk i den fantastiske illustrasjonen.

Illustrasjon

Vika ligg lunt til og er godt eigna for badeleik og sjøaktivitetar i trygge omgjevnader, og like utanfor kjem ein ut i yste del av Dalsfjorden med kort avstand til Alden og Bulandet. • Barnevennleg og trygg vik • Fantastisk utsikt og soltilhøve • Mindre enn ein times køyring til Førde • Skjerma, men berre nokre åretak til ein er i Dalsfjorden og storhavet… • Vi sel tomtar og ferdige hytter

fjaler


Vi designar ditt draumekjøkken! Gravdal Byggsenter har gjennom fleire tiår levert kjøkken, bad og garderobeløysingar til større prosjekt i området, i tillegg til å vere ein av fylkets leiande leverandørar på privatmarknaden. Vi har erfarne og skulerte kjøkkenkonsulentar, som teiknar draumekjøkkenet slik du ynskjer det. Huseby tilbyr norske kvalitetskjøkken basert på gode handverkstradisjonar der mykje av arbeidet vert utført for hand og i henhold til tradisjonsrike overflateteknikkar. Ta turen innom butikken vår på Halbrendsøyra og sjå norsk handverk i praksis! Sigdals produktfilosifi er at ingen menneske er like – difor skal det heller ikkje finnast like kjøkken. Vi skreddarsyr ditt kjøkken slik at det passar for akkurat deg – og dine behov!

| www.gravdal.no

kjøkken


Bileta er frå Sørbø, heilt i sentrum, næraste nabo til båthamn og badestrand.

Eikefjord

Lyngneset – Illustrasjon over feltet: Med fantastisk nærleik til sjøen, båt og naustplassar.

Eikefjord ligg strategisk plassert mellom Førde og Florø, og Gravdalgruppa har her hand om tomtar med fantastisk vestvendt utsikt. Flora Kommune har planlagt ei plansmie i haust for Eikefjord, og med dette forventar vi rask framdrift på desse fantastiske tomteområda. Lyngneset er eit stort og viktig prosjekt for Eikefjord – men også i bustad utviklinga for heile Sunnfjord. Her får ein fantastisk sjøutsikt og mogelegheit for båtplassar – ein fredfull idyll heilt i sjøkanten… I sentrum av Eikefjord er vi no i gong med å planlegge den nedste delen av Sørbø, eit idyllisk område som ligg mellom barnehagen og sentrum – med båthamn og badestrand som næraste nabo. Studer bileta – dei talar for seg…

flora


Buvika i Kalvåg - eit ekte stykke kystkultur Kjøp deg ei «rorbu» i Kalvåg, og nyt fritida med bølgjeskvulp frå terrassen Ved sjøkanten i Kalvåg og berre nokre steinkast frå Knutholmen har vi gleda av å presentere Buvika. Her byggjer Gravdalgruppa i fyrste omgang 14 «rorbu»leilegheiter som er veleigna både som fritidsbustader eller bustad. Kalvåg er kystmiljø på sitt beste, og ligg i med nær avstand til perler som Grotlesanden og Hornelen. På Knutholmen kan ein også nyte den gode stemninga med fantastiske måltid.

| www.gravdal.no

bremanger


Naustdal Idrettsbarnehage

Skular, barnehagar og omsorgsbustader Gravdalgruppa har i alle år vore ein aktør innan offentleg sektor. Vi har mellom anna bygd Slåtten skule, Eikefjord omsorgssenter, Hatlehaugen Barnehage, Flatene Skule og fylkets største barnehage som ligg på Eid – Golvsengane Barnehage på 8 avd. Vi tilbyr i hovudsak totalentreprise. Dette gjev stor valfridom for byggherre og redusert byggetid – som igjen gjev eit forutsigbart kostnadsbilete. • Idrettsbarnehagen har fokus på bevegelsesglede og kosthald – les meir på www.idrettsbarnehage.no • Idrettsbarnehagen AS skal bygge ein den nye barnehagen i Naustdal som skal stå ferdig i august 2012. Gravdalgruppa har totalentreprise på denne jobben og arbeidet er godt i gang

| www.gravdal.no

offentleg sektor


Jakta på det gode liv? • nytt kjøkken... • hytte ved sjøen... • einebustad for deg og dine... • leilegheit for ein enklare kvardag...

Dagleg leiar Gravdal Bygg Håvard Lundekvam Tlf.: 57 72 17 14 / 932 56 711 hl@gravdal.no

Dagleg leiar Gravdal Byggsenter Heidi Ann Haaland Tlf.: 57 72 14 94 / 413 30 508 heidi-ann@gravdal.no

Kjøkkenkonsulent Gregers Kondrot Tlf.: 57 72 14 93 / 991 14 585 gregers@gravdal.no

Dagleg leiar Gravdal Bustadprosjekt Stian Grimseth Tlf.: 57 72 17 11 / 913 60 531 sg@gravdal.no

Kjøkkenkonsulent Margrethe V. Kalstad Tlf.: 57 72 17 27 / 982 66 105 mvk@gravdal.no

Kjøkkenkonsulent Anette Birkeland Tlf.: 57 72 17 18 / 415 77 146 ab@gravdal.no

Bustadprosjektseljar Bente Andenæs Tlf.: 57 72 17 28 / 908 21 417 ba@gravdal.no

| www.gravdal.no

kontaktinfo

Firda Media AS, 2011

Eller for deg som berre vil drøyme deg vekk...


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.