Himmel&Hav Juni 2016

Page 1

Firdaposten

tema

Torsdag 16. juni 2016

Bergstrøms Tivoli på Jens Helmers plass har ope heile helga!

FlORØ 17. – 19. JUNI FREDAG 17. JUNI

lAURDAG 18. JUNI

SUNDAG 19. JUNI

PROGRAM SIlDEBORDET:

PROGRAM KINNASPElET:

PROGRAM KINNASPElET:

18.30: Opning av det 25. SILDEBORDET Servering av velsmakande silderettar, brød og godt drikke. Vi sel tørka sild med noko attåt i eige telt, og små spann med silderettar for å ta med heim. 18.45: Drops of Green spelar irsk musikk. Kåring av årets Sildekonge/-dronning. Anna underhaldning. 21.00: Sildedans i Flora Samfunnshus med Vi3.

09.00: Båtane til Kinn tek til å gå. 13.00: Avreise Florø Barnas Turlag 13.00: Premiere Kinnaspelet. Opning v/Jørn Holme 15.15: Konsert i kyrkja v/ Navy Vocalis og Marianne Juvik Sæbø. 16.00: Historisk vandring 16.30: Framsyning Kinnaspelet 18.00: Keltisk kveldsbøn i kyrkja.

09.00: Båtane til Kinn tek til å gå. 11.00: Gudsteneste v/biskop em. Tor Berger Jørgensen 13.00: Framsyning Kinnaspelet 13.00: Avreise Florø for vikingaktivitetar for born. 15.15: Konsert v/ Førde internasjonale kor 16.00: Historisk vandring 16.30: Framsyning Kinnaspelet 18.00: Keltisk kveldsbøn

PROGRAM FOR lAKSENS DAG: 11.30: Opning v/ Pål Anders Ullevålseter 11.30: Byakvariet opnar, gratis inngang, is og moro. 12.00: Barnas kjøkken 12.15: Konsert utescene med Drops of Green. 13.30: Barnas kjøkken 14.00: Konsert utescene med LEGEND 15.00: Dåp av verdens største brønnbåt: MS RoServ rver!

21.30: ROCKEKlUBBEN OPNAR DØRENE PÅ HAA AAVEBUA TIl: irske DROPS OF GREEN og reggae med lEGEND

Billettar: www.kinnaspelet.no

KINNASPELE T

G

21.30: ROCKEKlUBBEN OPNAR DØRENE PÅ HAA AAVEBUA A TIl: CUJON GUMBO og lEGEND

LAKSENS DA

lAKSENS DAG Det er 6. året Laksens Dag vert arrangert. Stands, Røde Kors sin grillstasjon, sal av mat, konsertar i gata, barnas kjøkken, moro på byakvariet, åpen båt, er noko av aktivitetane heile familien kan oppleve.

OPS O G GRE

ND

T

DR

lEGE

SILDEBO RD

E

EN

Kokkenes Mesterlaug serverer smaksprøver. Havbruksnæringa er sjølv tilstades og klare for å ta ein prat med deg!

Billettar: Narvesen, Quality eller www.billettservice.no

SILD BORDET - KINNASPELET – ww w.sildebordet.no

www.kinnaspelet.no

S

KFEST K I S U – M w.rockeklubben.no

S sens Dag

a m/l o c . k o facebo

ww

k

Vi gir deg Laksens Dag

Med støtte frå Hyen Settefisk AS, Sande Settefisk AS, Nordfjord Laks AS, Biomar AS, Barlindbotn Settefisk AS, E. Karstensen Fiskeoppdrett AS, Flokenes Fiskefarm AS, Landøy Fiskeoppdrett AS, Marø Havbruk, Steinsvik AS, Osland Havbruk AS, Rostein AS, Sandnes Fiskeoppdrett AS, Seaborn AS, Selstad AS, Steinvik Fiskefarm AS, Sulefisk AS, Svanøy Havbruk AS, Sekkingstad AS, Skretting, Erko Seafood AS, Europharma AS, Fishguard AS

13


14

tema

Firdaposten

Torsdag 16. juni 2016

PUBVERTAR: Svanhilds Venner arrangerer pub på kaia og ombord i Galeasen i helga. f.v. Liv Standal, Ove Henning Smelvær, Benedicte Ulriksen Darski.

Foto: Andreas Hopen

Ankrar opp til pubdrift HIMMEL & HAV: Du skal slite med å finne ein pub med meir maritimt preg. Andreas Hopen

andreas@firdaposten.no

I anledning Himmel og Hav festivalen til helga stiller seglskuta Svanhild med skipspub. I tillegg til alkoholservering på dekk vert det sett opp telt på fylkeskaia for å huse folkemassane, der seglskuta ligg for-

tøydd. Puben opnar klokka fredag og held det gåande utover natta før den opnar igjen på føremiddagen laurdag. Dette er andre gong det vert opna for servering på Svanhild. I 2010 starta den tradisjonsrike seglskuta for pubdrift i anledning 150-års jubileet til Florø by.

Mykje aktivitet – Det er mykje som skjer i Florø denne helga, så då er det artig med slike tilstellingar. I tillegg treng Svanhild sårt pengar, fortel styremedlem Siri Sande.

Alt ligg til rette for eit lystig lag og det kan virke som at vêrgudane er på arrangørane si side då det ikkje er meld ein drope regn så lenge puben er open. Svanhild er ein del av Florøsjela og det har i år vert mykje aktivitet rundt den 127-år gamle galeasen. Sesongen startar på våren og strekk seg til slutten av august, då vert det ærverdige skipet nytta til utleige og forskjellige kurs. Så langt har det vore mykje aktivitet. I år har det blant anna vert arrangert pinsetur til Shetland og mannskaps-

kurs. I tillegg har Krokane skule, samt ein klasse frå Selje, fått oppleve havet på gamle måten. Men før Svanhild vert klar til slik bruk er det mykje jobb.

På dugnad Alt som skal til for å få skipet klar til sesong vert gjort på dugnad. Kvar laurdag samlast pådrivarane «Svanhilds vener» for å ta del i dugnadsarbeidet. Mykje av arbeidet vert gjort på vinterstid, men det er sjølvsagt ting som må vente til «vinterklea».

Den store aktiviteten merkast på det økonomiske. – Til no ser det ut som at det blir bra omsetting, fortel styreleiar Liv Standal.

Galeasen svanhild ■■ Bygd på Nordvik i Møre og

Romsdal i 1889

■■ Vart bygd som båttypen

Hardanger-jakt

■■ Heimehavn i Florø ■■ Har vore nytta til innspeling

av Knut Hamsuns «Landstrykere»

Ta kontakt for en hyggelig handel

100YEARS 1915-2015

Skaar Norway AS Kolkaia 3 • 6900 Florø • Telefon 57757780 • Fax 57757781 E-post: pit@skaar-norway.com

www.skaarint.com


Firdaposten

tema

Torsdag 16. juni 2016

JUBILEUM!

20 ÅR

Fagmøbler Florø Besøksadresse Markegata 31 | 6900 Florø Tlf.: 57 74 92 20 | E-post: floro@fagmobler.no

SALG

CHOICE oppsett A soft

18.595,– SPAR 8.000

Vi har startet! Sommersalget BIRK hvilestol

3.995,– SPAR 700

Jubileumsfeiring! LIMA sovesofa

LONDON oppsett 18

4.995,–

17.995,–

SPAR 1.000

SPAR 7.800

CHATEAUX spisebord

ODEL Eng 150 x 200 cm

SPAR 2.000

SPAR 1.000

-30% stoff Orleans

5.995,–

13.995,–

ÅRS 15 GARANTI FJÆRER & RAMME

KATE stol

1.895,– SPAR 300

Velkommen til en hyggelig møbelhandel!

Se hele utvalget på fagmobler.no

BLI MEDLEM! Send KUNDEKLUBB og epostadressen din på SMS til 2065

15


16

tema

Torsdag 16. juni 2016

Firdaposten

fysisk: I ein frukostprat fortel Jeff Pedersen at han kjenner ansvar for oppgåva som regissør for det eldste sogespelet i Norge. Det same gjer skodespelarane. – Alle som er med tek jobben på høgste alvor, så eg håpar folk kjem og ser kva dei har jobba så hardt for, seier han. foto: liv Standal

Jeff Pedersen er ny regissør for Kinnaspelet

– Eg kjenner på ansvaret KINN: Sidan laurdag har han vore i byen og jobba med Kinnaspelet, men idear har han samla i mange år.

sjølv. Men det er spesielt for meg at eg som innvandrar får vere med på noko som er så viktig for området, så eg kjenner ansvar.

Liv Standal

Første gong eg såg Kinnaspelet forstod eg ikkje noko, då opplevde eg alt visuelt. Men du treng ikkje kunne italiensk for å like Don Giovanni».

liv.standal@firdaposten.no 992 94 623

Jeff Pedersen gifta seg på Kinn for 15 år sidan. Det var før han hadde sett Kinnaspelet - eller noko som helst anna spel, for den del. – Kona mi var heilt overbevist om at det var den mest spesielle plassen i verda. Så om vi skulle velje, måtte det bli Kinn, smiler han.

– Eg er ein innvandrar Etter kvart har han også sett Kinnaspelet ein del gongar. Trass alt er det svigerfaren hans (Rolf Losnegård) som har skrive det, og kona Idun Losnegård har hatt rolla som prestefrilla Margrete dei siste åra. – Og no kjem du. Kor viktig er det for deg å sette ditt preg på stykket? – Det er eit vanskeleg spørsmål. Eg skjønar kva du meiner og skal ikkje late som eg ikkje har tenkt på det. Men eg tenker ikkje på det når eg jobbar som regissør. Då ser eg på kva som er viktig for historia, ikkje for meg

"

Jeff pedersen ny regissør for Kinnaspelet

– Trur du at du som innvandrar har eit anna blikk på spelet? – Første gong eg såg det, forstod eg ikkje noko, då opplevde eg alt visuelt og forstod ikkje kva som vart sagt. Men eg synes det skulle vere mogleg å forstå alt saman visuelt - som med opera! Du treng ikkje kunne italiensk for å like Don Giovanni. Så mine idear hadde først med dette å gjere, før det vart meir fokus på teksten. Men eg har alltid sagt at alle som er på scenen må vere engasjerte fysisk. Jeff har mellom anna bakgrunn som scenekamp-instruktør, og det har nok gjort at enkelte har forventningar til at kampscenene med vikingane skal gjennomgå ei utvikling.

Men det synes ikkje Jeff er så det viktigaste. – For meg er det mykje viktigare å etablere fare på scenen. Eg har forsøkt å gjere scenen farleg, for kvar person som er der. Kvart steg dei tek, må dei fortene. Om Borni berre får fridom, til dømes, og får snakke som ho vil til futen, er det mindre modig enn om ho får spydet mot halsen og gjer det likevel, forklarar han.

Sirkus på Kinn? Han gjer merksam på at alle karakterane på scenen må ta eit val.

«Først er det heilt nært, så går ein vidt ut når ein leitar etter Borni. Det er nesten som filmteknikk» – Presten seier at han ikkje kan vere både far og prest, men alle i stykket, inkludert Borni, er i same situasjon. Borni må velje mellom tru og kjærleik, mellom far og mor, prestefrilla må velje mellom det ho ønskjer og lojalitet, futen må velje mellom to prestar og så vidare. Ein anna ting Jeff synes om på Kinn, er måten ein tek i bru-

ke heile landskapet som scene. – Noko av det første eg la merke til var at spelet vart vist på ein episk måte - nesten som filmteknikk; først heilt nært, og når dei leitar etter Borni går dei vidt ut. Då lener ein seg tilbake og tek inn heile området.

«Eg har brukt Reidun fleire gongar; ikkje for å vere snill, men fordi eg synes ho er fantastisk» Ny av året, eller iallfall ny i rolla som Borni, er også Reidun Melvær Berge. Ho har vore med i Kinnaspelet i mange år tidlegare, og spelte også Sygni som lita. Men spelet på Kinn er langt frå første gong Jeff og Reidun arbeider saman. – Eg har brukt Reidun fleire gongar. Det har eg ikkje gjort for å vere snill, men fordi eg synes ho er fantastisk, skryt Jeff. Det er slett ikkje alt han vil røpe om helgas framsyningar på Kinn. Men noko, med potensiale til å bli ganske spektakulært opnar han opp om: – Eg har ein sirkuskunstnar med meg, så det blir litt sirkus i stykket...

Kanskje ser han antydingar til vantru og sensasjon i journalistens auge, for han kunngjer kjapt: – Ingen elefantar, altså! Men teater er ei blanding mellom det realistiske og det magiske, og Jeff trur på å utvikle begge sider slik at dei forsterkar kvarandre. – Og sirkus har jo ein slags fysisk magi, så det er på den måten eg brukar det her. Så må ein altså til Kinn for å sjå kva Jeff legg i det. Han ønskjer velkommen: – Alle som er med tek jobben på høgste alvor, så eg håpar så mange som mogleg kjem for å sjå kva dei har jobba så hardt for!

jeff pedersen ■■ Amerikansk skodespelar,

regissør og kampinstruktør, utdanning frå Guildford School of Acting ■■ Driv eige produksjonsselskap ■■ Mange års erfaring innan film, TV og teater ■■ Har arbeidd som lærar i skodespelarteknikk på Arts Educational School i London, no på Bårdar Akademiet ■■ Har regissert mellom anna Gaularspelet og Losnaspelet og framsyninga «Staveneset. Krig» i fjor


Firdaposten

tema

Torsdag 16. juni 2016

17

Alle varer

DAME: FREDAG

HERRE: FRE OG LØR

ALLE VARER

JEAN PAUL: SKJORTER OG T-SKJORTER

-20%

-30%

20%

F R E D A G 17 J U N I Å P E N T 9 - 2 2

VIC ELIASSEN BYENS LILLE KJØPESENTER I FLORØ TLF: 57 74 6 0 10 FREDAG ÅPENT 9-22, LØRDAG 10-17 byoung.com / b.young Florø Byens lille kjøpesenter i Strandgata / Tlf. 971 14 349 Følg oss på facebook.com/ b.young Florø og instagram @byoungflora

GANT, JEAN PAUL, RICCO VERO, HANSEN&JACOB, BLU, INWEAR, LEE, FRISLID, MARIO CON NTI, SAND

20%

Kun fredag 17. juni

PÅ S KO – V ES K ER – TR EN I N GSTØY GJ EL D ER K U N FR EDAG

ECCO FREJA SANDAL

ECCO FREJA SANDAL

ECCO TILDA

FREDAG ÅPENT TIL KL 22.00 ECCO EYOTA

Det lille kjøpesenter i Strandgata Tlf 57746013 barebarnfloro.no Følg oss på facebook.com/BareBarnFloro

ECCO EYOTA

ECCO HANDA

ECCO SP

SKO OLSEN est. 1897

Strandgata 48 · Tlf. 5774 1103

Barneklær 0-12år


18

tema

Torsdag 16. juni 2016

Firdaposten

Musikk frå alle scener under Himmel & Hav

– Dette blir ei førsteklasses FLORØ: Og alt startar med dei irske tonane Florø elskar så høgt. Liv Standal

liv.standal@firdaposten.no 992 94 623

Med tre svært ulike band, godt planta i kvar sin musikalske tradisjon, kan Florø gle seg til ei variert musikalsk Himmel og Hav-helg. Og det blir fleire moglegheiter til å høyre dei. Irske Drops of Green kan, forutan på sjølve konserten, høy-

i front: Arve Håland frå Cajun Gumbo. pressefoto

rast frå Sildebord-scena fredag kveld like etter opninga, og laurdag føremiddag under Laksens Dag. Reggaebandet Legend frå Birmingham kan høyrast laurdag ettermiddag same stad. Per Vidar går også langt i å antyde samspel mellom alle tre på scenen på Haavebua laurdag kveld. – Eg veit dei er veldig klare for å spele og gler seg, alle saman. Cajun Gumbo kjem frå Bergen, og bandleiar Arve Håland skriv mykje av bandet sitt repertoar og traktererer det karakteristiske 10-knappars cajun-trekkspelet. Cajun Gumbo kjem frå Bergen, og bandleiar Arve Håland skriv mykje av bandet sitt repertoar. Det er han som traktererer det karakteristiske 10-knappars cajun-trekkspelet. (Foto: pressefoto) Drops of Green vert rekna som eit «up and coming» band i heimlandet. Per Vidar fortel at det er via High Kings, som spelte på Himmel og Hav i 2012 og 2013, at han har fått nyss om bandet. – Det er ofte slik ein høyrer om band som er på veg opp. Dei har turnert mykje både i USA og

Europa, men dei har faktisk ikkje spelt i Norge før. Trass i at det er reggaen som ligg Per Vidar sitt hjarte nærast, har han også høge forventningar til cajun/zyceco-bandet Cajun Gumbo. – Eg har høyrt at dei skal vere jækla gode live. Dette blir ei helg med verdsmusikk, det er gladmusikk alt saman, og band med førsteklasses kvalitet, seier Per Vidar: – Vi er klare! erklærer han på vegne av Rockeklubben.

legend: Tilbake etter to år, her frå 2014. arkivfoto

drops of green: Eitt av dei nye, hotte banda på den irske musikkscena, i fø Haavebua seinare på kvelden.

I 2015 produserte vi 495 millionar middagsporsjonar med laks og aure i Sogn og Fjordane. Godt måltid! (


Firdaposten

tema

Torsdag 16. juni 2016

s helg!

BÆREKRAFTIG LAKS STARTER MED BÆREKRAFTIG FÔR

ølgje Per Vidar Ottesen sine kjelder. Dei kan nytast fredag like etter opninga av Sildebordet, og på

pressefoto

FREDAG OG LA LAURDAG A i Strandagata Masse godsaker – ferskt frå havet Assortert utval av fersk fisk, skalldyr og fiskemat frå eigen fiskedisk i «gata»

WWW.EWOS.NO

KNOWLEDGE MAKES THE DIFFERENCE

DEN STORE FLORØ FESTIVALEN

R E T R A ST TORSDAg TIL LØRDAg mED mASSE AV gODE TILbuD!!! Klær for henne

Alle sesongens klær

-25% TIlBUD Torg oPPTIl

-75% ØNSkER

ALLE

VELkOmmEN TIL EN gOD hANDEL

19


20

tema

Torsdag 16. juni 2016

Firdaposten

står på: Å kutte 130 kilo løk er ingen spøk, men det er ingen tårer å spore hos desse damene. foto: sildebordet

Den årlege silde-innovasjonen

Sild i (veldig) stor skala festival tilbud! ALLE YTTERJAKKER

÷40% GO’BIT STATIVER

÷50% SISSELS MOTE Det lille motehus Strandgt. 31, Florø - tlf. 57 74 19 00

FLORØ: Og innovasjonen kviler alltid på kokkane sin fantasi. jan roar hatlem

redaksjon@firdaposten.no

Den mest ansvarsfulle og krevjande jobben under Sildebordet, er det kokkane som har. Dei siste åra har sambuarparet Tore Skarstein og Line Træen vore sildekokkane. – Det starta på eit nachspiel. Harry Ertresvåg hinta om at eg burde bli med i sildekomiteen. Så det kan hende komiteen hadde nokre skumle hensikter då dei inviterte oss på nachspiel etter sildebordet i 2004, flirer Skarstein. – Eg har aldri angra på at eg sa ja. Det har vore mykje moro, faktisk berre gode opplevingar og eg er absolutt motivert for å bli med vidare.

Fornying – Vi skal komme med minst ei ny oppskrift kvart år, seier Line Træen. No er det berre nøttesilda att av oppskriftene frå då dei tok over. – Vi kunne vel arrangert sildebord med berre nøttesild, ler ho, og fortel at det er mykje arbeid som ligg bak.

– Oppskrifter skal prøvast ut og alle råvarene bestillast. Spesielt siste veka er det fullt køyr. Frå måndag går det slag i slag kvar kveld heile veka. Og når det skal kombinerast med jobb og små ungar er det ikkje alltid like lett å finne motivasjonen, vedgår ho.

tidvis, men det går stort sett greitt. Samhaldet i sildekomiteen blir understreka som godt. Line Træen seier seg einig i det, men avslørar at det også kan bli litt temperatur. – Det er mange sterke personligheiter i komiteen, med sterke

sildetype: I år er det Eurospars Jubelsild som er nyskapinga, laga akkurat med 25-årsjubileet i tankane. Jubelsilda har smak frå austen, med spennande ingrediensar som kokos, ingefær, lime, chili og koriander. Dei andre typane vert, som før, Nøttesild (nøtter

Utfordringar Det er krevjande å lage silderettar til tusenvis av menneske. – Det skjer nesten alltid eit kvart uventa. Det lett å bomme på utvatninga, slik at silda blir for salt. Og ved eit par høve har vi fått eddikmarinert sild i staden for kryddersilda vi tek utgangspunkt i. Men vi har no greidd å jukse det til på eit vis og tilbakemeldingane vi får er stort sett berre gode, fortel Skarstein og legg til at det alltid er god kvalitet på råstoffet dei får frå Pelagia-fabrikken i Kalvåg. – Mange ville blitt overraska om dei såg kor mykje tid som går med, vi hadde jo sjølvsagt aldri klart det utan god hjelp, understrekar han, og er raus med godorda om gjengen frå innvandrarsenteret. – Dei kjem med 12-14 personar, og saman med dei andre frivillige gjer dei ein god jobb. Litt kommunikasjons-utfordringar er det

vel forlikte: Tore Skarstein og no avdøde kokke-kollega Harry Ertresvåg har eksperimentert mykje med havets sølv gjennom 25 sildebordssesongar. Prøvesmakinga av ferdig produkt kunne gi alt frå nikkande bifall til hovudrysting og latter. Arkiv meiningar. Så ein må kunne bite litt frå seg, men det går heilt greitt, smiler ho. Og intet Sildebord utan ein ny

og druer), Sild i solnedgang (tomatsild), Sild for dei sure (sursild), Pelagiasild (med rogn), og tørkasild.


Firdaposten

tema

Torsdag 16. juni 2016

21

Der

kunnskapen p

grro orr o

Steinbedplanter

100

FOR

3

Sedum, Sempervivum, Thymus

Surfina Hengepetunia

Løvemunn

39

39

90

90

12 cm potte

Hageland Florø - Professor Gjelsvik vei 6A. Tlf. 57 74 22 94

Vi tar forbehold om trykkfeil, forsinket levering eller at enkelte produkter raskt kan bli utsolgt.

11 cm potte

Kvardagar

9–20 Laurdagar 9–16 Sundagar 12–18 Besøk oss på hageland.no


22

tema

Firdaposten

Torsdag 16. juni 2016

FELLES ØVING: Reidun Melvær Berge og Kyrre Eikås Ottersen i gang med første fellesøving i det snart reviderte historiske spelet. All

– Utan Kinnaspelet, inge KINNASPELET: Kinnaspel-familien gjer seg klar til spel nummer 32 i rekka. – Kinnaspelet opnar sommaren for meg, seier Tor Totland. malin askevold helle redaksjon@firdaposten.no 906 33 023

I helga starta oppkøyringa til nytt Kinnaspel. Med ny regissør på plass held det ikkje med å blåkopiere fjorårets innsats. Det er kinnaspelfamilien vande med.

Familien og koret Tor Totland kjenner seg som ein del av den store Kinnaspelfamilien. – Kinnaspelet har blitt som ein rite, noko eg ikkje stiller

SONGAR: Tor Totland har starta oppkøyringa til sommaren med øving på Kinnaspelet. spørsmål til om eg skal vere med på eller ikkje, forklarer Totland, som har vore med i

Kinnaspel-koret dei siste 18 åra. Det lokale sogespelet har sidan 1985 gledd eit stort publikum. Men korleis er det eigentleg å vere med på dette spelet som har vore og er så viktig for kulturhistoria til Flora? Sjølv om Totland har vore med lenge, meiner han framleis at det å vere med på Kinnaspelet gjev han ein livsglede utanom det vanlege.

Kinnakjensla

Då Totland blei utfordra på å beskrive det å delta på Kinnaspelet med berre til eitt ord, lag-

de han like godt eit heilt nytt eitt. Ordet vart «kinnakjensla». - Folk møter kvarandre på Kinn, der lokale historiske forhold møter storpolitikken, amatørar møter profesjonelle gjennom kunsten i å vise tidlause mellommenneskelege konfliktar. Alle møter naturen i eit storslått kystlandskap, noko som samla gir ei oppleving av å vere med på noko stort, og som kvart år gir meg kinnakjensla.

Kinnsapelet har blitt som ein rite, noko eg ikkje stiller spørsmål ved om eg skal vere med på eller ikkje.

"

Tor Totland Kinnaspelfamilien

– Kva er det kjekkaste med Kinnaspelet?

-Det må vere samhaldet, opplevinga og at ein er med på å skape noko. Kvart år møter eg gamle vener og vert alltid kjent med nye menneske. Eg hadde sett det som publikum i mange år og var interessert i korleis det var å vere med, samtidig som eg hadde vore med i kor i mange år.

I helga Laurdag 11 juni starta første fellesøvinga i Florahallen. Regissøren Jeff Pedersen var på plass for å sette sitt preg på regien. I hallen starta dei som alltid med å samle amatørane, dei profesjonelle, koret og orkesteret. Onsdag bar det ut til Kinn for å sette ut i livet det dei har øvd på. Førestillingane er på laurdag 17 og søndag 18 juni.


Firdaposten

tema

Torsdag 16. juni 2016

Sommarsalet m a er i gang!

30-70%

rabatt på Kari Traa, Helly Hansen og Salomon

– en del av NorTekstil

Evja, 6900 Florø tlf. 57 75 00 75

Fredag og laurdag: Alt fra

en sommar

Alle foto: Malin Askevold Helle

÷20% NYTT!

Flotte shortser, T-skjorter og fleecejakker til born.

Sykkelbekledning

TeSTviNNar!

÷30%

÷20%

NB! Stengt tors. 16. juni

OPE 10-16.30 Torsdag: 10-19 Laurdag: 10-15 KORET: Koret samla til første fellesøving. Då trengst godt humør og tolmod,

Strandgata 22 I 6900 Florø I 900 55 960

23


24

tema

Firdaposten

Torsdag 16. juni 2016

Himmel & Hav!

Dette er goDe tilbuD! 198,Kjetil

tJÆrAliN treolJe pr. 3 ltr. Kun fredag

Fredag:

gleD Deg! MalerMester Mester Kjetil fra tjær tjæralin er i butiKKen. Han fargesetter huset ditt og kan komme på hjemmebesøk.

bergoplattan universal gulv av plast som er fantastisk og enkelt frisker opp terrasser, garasjer, boder mm. farge: antrasile og lysgrå.

DeltA i treKNiNg! alle handlende kunder er med i trekning av 20 ltr. tjæralin treolje!

FørSteMANN til MøllA! Keramisk flis Gulvflis 20x20 kr

49,- pr. m2 Veggflis 20x25 kr 49,- pr. m2 Keramisk ute-/inneflis 30x60

198,- pr. m2

før 398,-

Kom inn og få goDe rÅD og tiPS om VASK og MAliNg av huset ditt!

Jostein

Anne-Marie

Knut

Synnøve

Velkommen! Hilsen oss på Fargerike

maling | tapet | gulvbelegg | fliser | gardiner | interiør

FLORØ INTERIØR A.S Hjellegata 6900 Florø Florø • Tlf. 57 74 03 66 Hjellegata6A 6 •• 6900 66


Firdaposten

tema

Torsdag 16. juni 2016

Kysten si viktigaste vekstnæring har bruk for din kunnskap! Veterinær, fiskemeklar, marknadsførar, ernæringsfysiolog, røktar, skipsførar, ingeniør eller programmerar? Norsk laksenæring er full av viktige oppgåver for kompetente menneske. Saman legg vi grunnlaget for vekst i norsk sjømatproduksjon.

Salmon Group representerar gjennom 46 lokaleigde oppdrettsselskap om lag 10 % av norsk lakseproduksjon. Dette gjere oss til landets tredje største havbruksaktør. Vi ynskjer å bidra til at ungdom vel ei karriere i vår næring. Kontakt oss gjerne med spørsmål eller førespurnader. Lær meir om Salmon Group og laksenæringa på www.salmongroup.no Salmon Blog- aktuelle kommentarar på www.salmongroup.no Salmon Group samarbeider med Linjeforeningen for fiskehelse- og havbruksbiologi ved Universitetet i Bergen.

25


26

tema

Torsdag 16. juni 2016

Firdaposten

E. Karstensen invester Oppdrett: Brørne i E. Karstensen har valt å bruke inntektene frå dei gode tidene i laksenæringa om dagen, til å satse på framtida. David E. Antonsen

david.antonsen@firdaposten.no 947 80 313

Den framtida heiter Harald Johan (21) og Kristoffer Karstensen (18). Harald Johan er for tida lærling ved oppdrettsanlegget. Kristoffer skal snart ta læretida si her, når han er ferdig med teorien ved den akvakultur-orienterte TAF-linja ved Måløy vidaregåande skule. Med tida vil dei to søskenbarna gå inn i drifta av oppdrettsanlegget til foreldra deira her på Langeråa nordvest av Florø.

Annleis kvardag For kvardagane ved merderingane har forandra seg mykje sidan selskapet vart starta opp i 1971, også kva som må til for å sikre at dei unge vel seg ei framtid i oppdrettsnæringa. Hardt fysisk arbeid er redusert til det minimale, samanlikna med korleis det var tidlegare. – Før stod vi ved merdane og kasta ut fôret med ausekar. No er dette heilt automatisert frå fôrflåten. Einaste gongen eg er ute med ausekaret er når smolten skal lære seg å ete fôr, seier Nils Tore Karstensen, som eig E. Karstensen saman med broren Geir. For å komme denne framtida i møte har dei to investert 17 millionar kroner i ein splitter ny, teknologisk avansert fôrflåte frå Akva Group. Flåten er kalla opp etter mor deira, Borghild, som fram til sønene tok over dreiv E. Karstensen.

Før stod vi ved merdane og kasta ut fôret med ausekar. No er dette heilt automatisert frå fôrflåten.

"

Nils Tore Karstensen E. Karstensen

Framtidas arbeidsplass Tysdag hadde leiinga ved Akva Group, med direktør Per Andreas Hjetland i Akva Group i spissen, komme heile vegen frå hovudkontoret i Bryne for å formelt overlevere fôrflåten «Borghild». Flåten kom nemleg til Florø førre måndag, og vart ankra opp ved oppdrettsanlegget, rett bak den gamle fôrflåten til Karstensen-brørne, måndag. Brørne var så vidt i gang med å ta av innpakkingsplasten på interiøret, då vi besøkte den. Hjetland er overtydd om at moderne, automatiserte fasilitetar har alt å seie for å rekruttere nye generasjonar opp-

drettarar. – Dette er ein av dei mest moderne fôrflåtene vi har levert. Dette kjem til å bli framtida, dei unge treng komfort i tillegg til at alt må vere ordentleg og på stell, seier Hjetland. – Dette blir ein flott arbeidsplass. Det er nesten som eg kunne tenke å flytte inn, legg Kristoffer Karstensen til.

Høgteknologisk Men det å kalle «Borghild» ein «fôrflåte», blir kanskje litt ukorrekt, for dette er nesten som å komme inn i eit splitter nytt skip. Før åt dei kanskje lunsjen sin mellom fôrsekkar og vedlikehaldsutstyr i den gamle fôrflåten. Den splitter nye fôrflåten deira har to dusjar, tre flotte og moderne lugarar, stort kjøkken og sist men ikkje minst eit kontrollsenter forma ut som brua på eit skip – med skinnsofaer og lenestolar, der ein kan nyte den fantastiske utsikta over oppdrettsanlegget og fjorden bakom.

«Dette er ein av dei mest moderne fôrflåtene vi har levert. Dette kjem til å bli framtida.»

Det meste er også heilautomatisert, inkludert dei åtte store siloane, som fôrbåten kan opne med ein fjernkontroll, utan at nokon i det heile treng å gå om bord i flåten. Den gamle fôrflåten hadde dessutan for små fôrsiloar. Og når det er sagt, er det faktisk muleg å fjernstyre og overvake alle systema på flåten, utan å faktisk vere om bord. Dette kan dei gjere heimanfrå, om dei vil.

Vidareutviklar seg – Dette er den største individuelle investeringa vi har gjort i E. Karstensen nokon gong, seier Nils Tore Karstensen. Det er dei gode tidene i laksebransjen som er hovudgrunnen til at dei kan investere som dei gjer. – Det hjelper på å investere i nytt utstyr. Vi har alltid vore kjende for å investere i det beste utstyret, og vi satsar verkeleg mot framtida, seier Nils Tore, men strekar under at dei ikkje utvidar selskapet nemneverdig i desse gode tidene. Dei er per dags dato tre fast tilsette pluss Harald Johan, som er lærling. Kristoffer startar som lærling no. – Vi hadde gjerne vekse endå meir, hadde regjeringa opna opp for vekst i næringa. Marknaden skrik etter meir fisk, avsluttar Nils Tore.

Nye generasjonar: Tysdag vart E. Karstensen sin splitter nye fôrflåte formelt innvia på Langeråa. Snart vil nest ha sin arbeidsplass her, attmed fedrane Geir og Nils Johan. A

BESØK: Direktør Per Andreas Hjetland i Akva Group blir teken imot av Nils Tore Karstensen.


Firdaposten

tema

Torsdag 16. juni 2016

27

rer i neste generasjon

Utsikt: Frå «styrhuset» om bord i den nye fôrflåten, har dei god utsikt over oppdrettsanlegget og fjorden frå skinnstolane. F.v.: Direktør Per Andreas Hjetland i Akva Group og Nils Tore Karstensen.

te generasjon Karstensen, her ved søskenbarna Harald Johan (21) og Kristoffer (18)

Alle foto: David E. Antonsen

«Borghild»: Den ser nesten ut som styrhusmodulen på eit skip, den nye fôrflåten til E. Karstensen.

Fakta E. Karstensen ■■ Stifta i 1971, eigd av brørne Geir og Nils Tore Karstensen. ■■ Driv oppdrettsanlegget på Langeråa saman med Marø Havbruk, der dei produserer om lag 4500 tonn oppdrettslaks totalt på fire konsesjonar. ■■ Omsette i 2015 for 65 millionar kroner. ■■ Driftsresultat i 2015 var på 17,9 millionar kroner. ■■ Årsresultat 2015 på 14,4 millionar kroner.

«Borghild» ■■ Fôrflåte levert av Akva Group. ■■ Bygd i Polen. ■■ Åttelinjers fôringsanlegg, som kan fôre åtte merdar samstundes. ■■ 250 tonn tung utan fôr. ■■ Kapasitet: 450 tonn fôr. ■■ Breidde: 12 meter. ■■ Skroglengd: 22 meter. ■■ Høgd: 10,74 meter. ■■ Tilrettelagt med dieselaggregat men også opning for landstraum.

gammal og ny: «Borghild» framføre den gamle fôrflåten til E. Karstensen.


28

tema

Firdaposten

Torsdag 16. juni 2016

INGEN TEIKN TIL Å LANDE: Mange faktorar spelar inn når oppdrettslaksen no kostar ei lita formue å kjøpe. Lægre produksjon i Norge, større etterspurnad internasjonalt og manglande ev denne veka har kosta 75 kroner kiloet å kjøpe hjå oppdrettarane.

Norsk laks har aldri vore Laksen heilt i vilden sky:

FLORØ: Og dyrare skal han bli, spår lakseseljarane i Norwell. Svend Arne Vee

svend.arne.vee@firdaposten.no 908 47 465

Du går på butikken og plukkar med deg ein laksefilet, eller eit stykke røykjelaks. Prisen er omlag som før – og i alle fall ikkje så mykje dyrare at du reagerer på det. Det kan det snart bli ei endring på, spår dagleg leiar hjå lakseseljarane i Norwell i Florø, Ingrid Kassen. – Så langt i år har mykje laks blitt seld på tidlegare inngåtte kontraktar. Dermed har ikkje den kraftige prisveksten nådd forbrukarane. Det er industrien som lagar ferdigprodukta som har blødd og tidvis drive med tap. Slik kan det ikkje halde fram, og til hausten vil merke at lakseprisane også ut til for-

brukar vil auke, spår Kassen. Denne veka er historisk for lakseseljarane i Florø. Aldri før har norsk laks over ei veke hatt ein høgare pris. I veke 24 får norske oppdrettarar betalt 75 kroner kiloet for laksen dei produserer. Det er svimlande høgt og godt for oppdrettsselskapa – men ikkje nødvendigvis for heile verdiskapingskjeda.

Industrien slit – Det er beintøft for oss. Vi ser marknader som vi møysommeleg har jobba opp, smuldre bort fordi prisane blir for høge for STORE VERDIAR: Per Vidar Ottesen, Ingrid Kassen og resten av dei. Asia og USA heng bra Norwell-gjengen kjem til å selje laks for ca 1,4 milliardar i år. med, men ein del av foredlingsindustrien i Europa slit, etterspurnad etter laks. Men slakte fisken når den når ei vekt seier senior-seljar Per Vidar Ot- viktigast er styremaktene sine på tre-fire kilo. Blir laksen større, aukar luseproblemet. Det krav til næringa. tesen. – På grunn av luseproblema, betyr at meir laks enn før blir Årsaka til dei høge prisane er todelt: Det er generelt aukande har oppdrettarar siste åra valt å slakta som smålaks, som igjen

betyr at produksjonen av laks har gått ned i Norge med sekssju prosent i volum. Når etterspurnaden blir større enn tilbodet, veit vi kva som skjer med prisane, seier Ottesen.

All honnør til dei lokale oppdrettsselskapa våre. Dei gjer ein fantastisk jobb og har gjort det lenge.

"

Per Vidar Ottesen Norwell

Så langt i år har laksenprisen i snitt ligge på 60 kroner kiloet. I fjor var den 42 kroner. Og med omlag same produksjonskostnad for oppdrettarane, betyr det formidable inntekter.

Brukar pengane lokalt – Det kostar 30 kroner å produsere ein kilo laks, som du får betalt 60 kroner for. Og eg må seie eg unnar oppdrettarane her i


Firdaposten

tema

Torsdag 16. juni 2016

vne hjå andre produksjonsland til å auke kapasiteten sin, er nokre av grunnane til at norsk laks Foto: Liv Standal

e verd meir Florø kvar krone, og årsaka til det er enkel: Dei er små selskap som har evna å samarbeide på ein forbilledleg måte, dei er miljøbevisste i produksjonen sin, og kanskje viktigast: Dei

reinvesterer mykje av fortenesta si lokalt, i nytt utstyr, innovative løysingar og skapar lokale arbeidsplassar. Og det treng vi, slår fiskeseljaren fast.

Dei smått utrulege laksetala: Snittpris på norsk laks i 2016 er 60 kroner kiloet til oppdrettar. Prisen i veke 24 er 75 kroner. ■■ I 2016 vil salsverksemdene i Florø (Norwell, Bravo Seafood og Skaar Norway) selje laks for rundt tre milliardar kroner. ■■ Havbruksnæringa skaper 360 arbeidsplassar i Flora, inkludert fôrverksemda Ewos og Slakteriet AS. I tillegg skapar kvar havbruksarbeidsplass to arbeidsplassar i leverandørnæringa. ■■ Oppdrettsselskapa i Flora kommune vil i 2016 stå for ei verdiskaping (lønskostnader pluss driftsresultat) på mellom 800 millionar og ein milliard kroner. ■■ Flora har 20 prosent av oppdrettsnæringa i fylket, med rundt 25 konsesjonar. ■■ Norge står for mellom 55 og 60 prosent av all produksjon av oppdrettslaks i verda. Dei andre aktørane er Chile (25 prosent), samt Canada og Skottland (ca 15-20 prosent). ■■ Berre frå Norwell sitt system vil det i 2016 trille ut 1500 fullasta laksevogntog til kontinentet, med 20 tonn laks i kvar. Kvar last har ein verdi av 1,5 millionar kroner. ■■

Våre 115 tilsette slaktar i år 2000 trailerlass prima laks og aure frå gode kundar langs heile vestlandskysten.

Vi er stolt av det! Slakteriet AS Postboks 393 6901 Florø Tlf.: 57 74 98 00 epost: post@slakteriet-as.no

29


30

tema

Firdaposten

Torsdag 16. juni 2016

Tettpakka Laksens Dag på laurdag:

Han skal gje gata eit løft

FLORØ: Kor sterk blir du eigentleg av å ete laks? Det får du svar på i Strandgata laurdag. Svend Arne Vee

svend.arne.vee@firdaposten.no 908 47 465

Laurdag er det klart for ny utgåve av Laksens Dag i Florø, det store spleiselaget som heile havbruksnæringa i fylket står bak. I år får laksefesten i Strandgata eit noko uventa besøk frå nabokommunen i aust.

Rå styrke og teknikk – Salmon Group var ein av sponsorane av vektløftar-EM i Førde i mai. Då sa vi spøkefullt til Tambarskjelvar-profilane at dei fekk ta turen ut til Florø i juni og vise kor sterke dei er. Og den utfordringa har dei visst ikkje gløymt, for laurdag kjem dei og løfter vekter i Strandgata

og viser fram rå styrke og teknikk, seier ein av arrangørane, Solveig Willis. Ein annan sportsprofil skal stå for opninga av laksens dag, nemleg ørkenryttaren på to hjul, Pål Anders Ullevålseter. Som vanleg skal eit stort kokkelaug i sving for å lage både tradisjonelle og innovative lakserettar, og 5000 smaksprøvar skal produserast og delast ut.

Båtdåp – For dei teknisk interesserte har vi også ei anna storhending laurdag. Den nye brønnbåten RoServer er verdas største og mest moderne i sitt slag. Båten, som som lokale oppdrettarar har gått saman om å investere i, til over 350 millionar kroner, skal døypast ved kaia utpå ettermiddagen, fortel Solveig Willis frå Salmon Group. Hjå Byakvariet har dei sett fokus på eit av verkemidla som havbruksnæringa nyttar i kam-

pen mot lakselusproblemet, nemleg leppefisk. Her kan du studere på nært hald og få vite meir om dei små og miljøvenlege hjelparane til lakseprodusentane.

Irsk og engelsk Musikk vert det også i Strandgata. Både irske Drops of Green og reggae-yndlingane Legend frå Birmingham held konsertar i løpet av ettermiddagen.

laksens dag ■■ Går av stabelen i Florø

laurdag 18. juni.

■■ Er eit spleiselag finansiert

av oppdrettarar og andre havbruksretta verksemder i heile Sogn og Fjordane ■■ Bidragsytarar i år er havbruksverksemdene, Røde Kors, Tambarskjelvar, Byakvariet, Kokkanes Meisterlaug i Sogn og Fjordane, Flora-handballen og andre gode hjelparar.

«Raske på labben»

blytunge løft: Tambarskjelvar-profil Sindre Rørstadbotnen er ein av fleire vektløftarar som kjem og viser styrke i Florø laurdag.

Foto: Firda

Innsikt blir mer verdifull når den deles Veronica Sandnes, Sandnes Fiskeoppdrett AS

Vi liker å prate med folk, og er opptatt av å lære av våre kollegaer i oppdrettsbransjen. Mange tiårs samarbeid med våre partnere i næringen og kunder over hele verden har gitt oss kunnskap som andre kan ha nytte av. Vi vil være med på å utvikle kompetansen til alle som jobber med oppdrett, salg og videreforedling av laks og ørret. Prat med oss på telefon 57 75 00 00, kom innom Fugleskjærgt. 8 i Florø, eller besøk oss på www.norwell.no Your source of seafood value

Kyllervegen 6, 6900 Florø. NORSK AKKREDITERING TEST 184

Foto: Aardal/Andersen


FIRDAPOSTEN

annonsAR

Torsdag 16. juni 2016

HIMMEL OG HAV 17.-18. JUNI

LANGOPE! FREDAG 10-22

SJå VårE fLOttE tILbOd! bOd! torsdag kl 18 får alle medlemmar av kundeklubben tilsendt a kuponghefte med ekstr inn gode tilbod! Meld deg d ved å sende sms me kodeord «floro» til 2070

Vi på senteret ynskjer deg velkommen til triveleg handel!

AMFI Mykje å gle seg til. Alltid.

Laur kan d dag u Amfe møte lia Oska og r!

31


annonsAR

Torsdag 16. juni 2016

FIRDAPOSTEN

HIMMEL OG HAV 17.-18. JUNI

LANGOPE! Fredag kl. 10-22

Kandis

Kafe

32

Hamburger 180gr!

Med pommes frites og 0,5l mineralvann

, 5 5 1 . r

K

KOZMOS AMFI Florø Tlf: 57 74 06 06

BADeMADrASS Før 79,90 KAMpAnjeprIS

CArenA eASy. Før 1399,KAMpAnjeprIS

699,-

2990

MOunTAIn Buggy BIlSTOl før 1290,-

KAMpAnjeprIS

KAMpAnjeprIS

990,-

TrAMpOlIne med nett

2799,-

Gullfunn Amfi Florø 17. - 18. juni

SALG 25%

PÅ HELE BUTIKKEN! OG 50% PÅ EN REKKE VARER

princessbutikken.no Følg oss på sosiale medier! Facebook.com/princessinterior Instagram.com/princess_interior

ALLE SATENGSENGESETT

Satengsengesett Oxford 140x200 cm før 59990 nå 29995 140x220 cm før 64990 nå 32495

140x200 og 140x220 cm

50

%

Gjelder t.o.m. 03.07

Gullfunn Amfi Florø, 57 74 10 55, floro@gullfunn.no Kampanjen gjelder kun ordinære varer i perioden18 - 20 juni hos Gullfunn Amfi Florø

Kan ikke kombineres med andre tilbud.Tilbudet gjelder så langt beholdningen rekker,innenfor tilbudsperioden.Forbehold om trykkfeil og at varer kan bli utsolgt.

AMFI Mykje å gle seg til. Alltid.


FIRDAPOSTEN

annonsAR

Torsdag 16. juni 2016

HIMMEL OG HAV 17.-18. JUNI

LANGOPE! Fredag kl. 10-22

N Å FÅ R D U

39

90 PR.PK

strynskinke

D E T R I M E L I G S T E PA R E T FÅ R D U PÅ K J Ø P E T !

Nordfjord, 150 g, 266,00 pr. kg

KJØP NÅ!

Tilbodet v ar er t.o.m. 18.06.16

www.eurosko.com

Florø • tlf. 994 86 083

Gjelder REMA 1000 Amfi 23-25

Kjøp din neste mobil med SWAP hos Telenorbutikken Florø

Summer ELIZABETH

Sunflowers Bo ARDEN dy Lotion 500 ml

99,-

339,Pr. mnd. m/SWAP i 24 mnd. + FRIHET 5 GB i 1 mnd. Totalpris 8535,Gjelder 16 GB.

SWAP forutsetter FRIHET/UNG abonnement. Ved bytte av mobil må du inngå ny SWAP-avtale og innlevere din gamle mobil. Ved innbytte slettes utestående krav opptil 12 mnd. Se vilkår på telenor.no/ swap og forsikringsvilkår på telenor. no. Tilbudene/totalpris gjelder alle Telenorbutikker fra 08.06.16 – 13.08.16. Vi tar forbehold om utsolgte varer, leveringsvansker og trykkfeil.

ELIZABETH ARDEN

ARDEN ELIZABETH Shower gel

99,-

Sunflowers 500 ml

Wipped Body Cream 500 ml

179,-

vitaexclusive.no • 2. et. AMFI. • Tlf: 57 74 01 98

AMFI Mykje å gle seg til. Alltid.

33


34

annonsAR

FIRDAPOSTEN

Torsdag 16. juni 2016

HIMMEL OG HAV 17.-18. JUNI

LANGOPE! Fredag kl. 10-22

MEDLEMSTILBUD

ALLE ORDINÆRE VARER -20% (gjelder ikke Kähler, Georg Jensen og avlagte/bestilte varer)

MELD DEG INN NÅ!

Medlemspris

199,-

Kitchen essentials Professional Plus Stekepanne belagt Ø: 20 cm 199,-

(Pris ikke-medlem: 785,-)

Send SMS "Tilbords" til 2210, eller på tilbords.no/kundeklubb eller kom innom oss.

Medlemspris

399,-

Stekepanne belagt Ø: 28 cm 399,-

(Pris ikke-medlem: 1155,-)

Kähler Omaggio

Utv. farger

MIX&MAT CH

-25%

Bikini

99.-

FRA

369

per del

ROSENDAHL Tilbudspakker:

4 pk. 4 pk. 4 pk. 4 pk. 4 pk.

frokosttallerken middagstallerken krus kaffekopp m/ asjett pastatallerken

SmoGO blender

199 Før 299,-

Tilbords Florø Tlf. 577 50 010 www.tilbords.no

KJØP 2 VALGFRIE PRODUKTER FRA RA A PAUL MITCHELL BLA LACK A & WHITE

ALT TIL

SOMMERFESTEN! Tallerken

- FÅ GRA RATIS A SOLKREM!

10,-

i papp, 20pk, Ø: 23cm

ord. pris 24,90

Glassbeholder

79

med tappekran, 3,5 liter

90

ord. pris 169,-

! PP KU

Piknikpledd nikpledd

130x170, med håndtak ord. pris 99,90

PERFEKT REISEFØLGE Travel Kit med shampo, balsam og spray til følgende hårty typer: y • Color Perfect • Instant moisture • Extra-body

6990 6

Victoria Secrets

3 varianter, 250ml, bodymist ord. pris 149,-

Tilbudene varer så langt beholdningen rekker fra 6. juni - 19. juni 2016. Utvalget varier fra butikk til butikk.

9990

Bestill klippetime på FIXIT app eller på www.toppenfrisør.no Opningstider: 09.00-18.00 (10.00 -16.00)

AMFI Mykje å gle seg til. Alltid.

Kun kr

199,-


FIRDAPOSTEN

annonsAR

Torsdag 16. juni 2016

HIMMEL OG HAV 17.-18. JUNI

LANGOPE! Fredag kl. 10-22

Sommer og KOS... WEBER Q 2200

NYTT HOS OSS! Hud, kropp og hårpleie fra

gassgrill

499,-

3499,-

Fladen fisjon

Storbritannias nr.1 merkevare innen hudpleie og skjønnhetsprodukter. Alle No7 produktene er dermatologisk testet, hypoallergene, utprøvd på sensitiv hud.

Plantebasert hudpleieserie til gunstig pris. Inneholder ikke parabener, mineraloljer eller animalske ingredienser.

havfiskestang 180 cm

Marinor Austevoll

Marinor Alden

Veil.pris 599,,-

Veil.pris 599,-

Krabbe/hummerteine

Sammenleggbar krabbeteine

-30%

49 99,,Snorre Jernvare 1. etg. AMFI Florø tlf. 57 74 28 08

Solpleieserie. Alle Soltans produkter har 5-stjerners UVA-beskyttelse.

Deilige dufter til hår og hender, til gunstige priser.

Her finner du garantert noen favoritter! Velkommen inn!

49 99,,-

Lik oss på Facebook

AMFI Florø • Telefon 57 74 33 00 • Ope 9-19 (10-16)

Skikkelig varer. Bra folk

Lepo solprodukter

Sommer-

KUPP

50% Gjelder kun t.o.m. 18.6.

POCKET

69

-20%

Alle spill

fra

på å heile serien

Eco solkrem faktor 50

302,-

Eco solkrem faktor 30

242,-

TIL KJØP 1 - FÅ 1

HALV PRIS

Betakaroten

-20%

Vi gir deg halv pris på den billigste, når du kjøper to!

Rosmarin as, 2. et. AMFI Florø

AMFI Mykje å gle seg til. Alltid.

tlf. 57 74 04 43

35


36

annonsAR

Torsdag 16. juni 2016

FIRDAPOSTEN

HIMMEL OG HAV 17.-18. JUNI

LANGOPE!

Fredag kl. 10-22 GODE TILBUD

FredaG: Åpent til kl. 22

HOS KITCH’N FLORØ

ALLE KLÆR BARn-DAmE-HERRE

Le Creuset støpejernsgryte 4,2 l i rød eller sort veil. 2 079,- nå 1 559,-

÷25%

-25%

på alle ordinære varer

Se ett tter t DM i postkass ssa s

Modern House tacosett 9 deler veil. 399,- nå 199,-

-50%

G-sport Florø

KITCH’N FLORØ 51 11 71 34 TILBUDENE GJELDER T.O.M. 21. JUNI HOS KITCH’N FLORØ SÅ LANGT LAGERET REKKER. WWW.KITCHN.NO

Florø. Amfi senteret 2.etg. Tlf. 57 74 44 00

BLI MEDLEM I AMFI KUNDEKLUBB! Få tilgang til dei eksklusive fordelane du og!

Send “FLORO” til 2070

Alle varer*

-20% *Gjelder ikke Jean Paul herre Tilbudet gjelder 17. juni

AMFI Florø

AMFI Mykje å gle seg til. Alltid.

AMFI Mykje å gle seg til. Alltid.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.