2
Nyheiter
Onsdag 25. januar 2012
Go’ morgon, Nordhordland
Skjebnetime for snøggbåten Snøggbåten mellom Bergen og Knarvik har stampa i kraftig motvind sidan BNR starta opp igjen ruta 5. desember i fjor. Fylkesadministrasjonen er klar på at dei ikkje ønskjer vidare drift av båtruta. Dei meiner båttilbodet både er dårleg miljøpolitikk og eit altfor kostbart tiltak samanlikna med tilsvarande innsats på bussruter. Takka vera iherdig innsats frå pendlarlag og lokale politikarar, seier samfersleutvalet no at dei vil strekkja seg langt for å prøva berga båten. Snøggbåten til Nordhordland skal ut på anbod i lag med andre båtruter i fylket. Fylkesrådmannen vert beden om i lag med BNR å forsøka finna ei løysing for å halda oppe dagens båttilbod til dess. No spørs det kor langt BNR er villig til å strekkja seg for at båtruta skal vera liv laga dei neste åra. Selskapet kan ikkje fortsetja drifta med ein dagleg minus på titusen kroner, det seier seg sjølv. Eit kortsamarbeid med Skyss sitt busstilbod er heilt nødvendig for at det skal vera aktuelt for fleire å bruka båten. Men dette er neppe nok, også andre tiltak må på plass. Vi stiller og spørsmål ved om det ikkje hadde vore meir taktisk av BNR å setja billettprisen noko lågare i utgangspunktet, med bakgrunn i at dei som har busskort betalar under halve prisen. Argumentet om at det er dyrare å parkera i byen held ikkje heilt, etter vårt syn. Det er ingen tvil om at båten er den mest behagelege måten å koma seg til og frå byen på. Ikkje ein gong med personbil kjem ein seg kjappare fram. Så lenge det ikkje finst kollektivfelt på strekninga, vil bussane bli ståande i same køen som bilar med berre ein person i. Og det skal ingenting til før det dannar seg lange køar. Når det først skjer noko, ser ein den enorme mengda med bilar som skal fram og tilbake. For mange av desse vil båten vera eit mykje betre alternativ. Båtruta skulle ikkje blitt lagt ned då brua opna i 1994. Alt tyder på at trafikken på vegane berre vil auka i åra som kjem. Vi vågar knapt tenkja oss korleis det blir når først Eikåstunellen og så Nyborgtunellen skal byggjast. Når det pågår vil snøggbåten vera heilt avgjerande for ein smidig trafikk mellom byen og strilelandet.
RANDI BJØRLO
ATLE VAAGE
randi@nordhordland.no Tlf. 56 35 55 70
atle@nordhordland.no Tlf. 56 35 55 71
ARTHUR KLEIVELAND arthur@nordhordland.no Tlf. 56 35 55 74
Kvernhusmyrane 29, Knarvik senter - 5914 ISDALSTØ - TLF: 56 35 55 55 - FAX: 56 35 55 56 - avisa@nordhordland.no
Gevinsten gav Vetle d Tippelaget hans vann over 36 mill. MELAND: Kva skjer inni hovudet ditt når du vinn millionar? Og ikkje minst kva skjer rundt deg? For Vetle var gevinsten billetten inn i vinterparadiset. DAGRUN STOKKE dagrun@nordhordland.no
7.april 2010 får Vetle Wergeland telefonbeskjed frå Norsk Tipping om at han har vunne 36.479.848 kroner. I dag, nesten to år etterpå, står denne gevinsten oppført på rankingen som den fjerde største frå Norsk Tipping nokon sinne, etter kommunane Austrheim, Skedsmo og Fredrikstad. Vetle, som den gongen budde på Lindås, måtte dela med fem andre i tippelaget, slik at gevinsten for hans del vart redusert til litt over seks millionar.
For stort for nettbanken - Det var ikkje heilt enkelt å dela gevinsten, då eg ikkje kunne overføra så store beløp i nettbanken. Eg måtte derfor møta opp i banken personleg og få hjelp til å fordela pengane. Vetle, hadde nett pensjonert seg etter 23 års fartstid på raffineriet på Mongstad. Gevinsten sletta familien si gjeld, og saman med kona flytta han til ny leilegheit på Frekhaug. I tillegg kjøpte han seg høgfjellsleilegheit på Bergsjø i Ål i Hallingdal, slik at familien skulle ha ein plass å reisa til. - Når kona er på jobb, kan det verta einsamt å sitja åleine heime på Frekhaug. Difor har eg no vore her på Bergsjø i tre månader, seier Vetle på telefonen frå 1100 meters høgde med flott utsikt over Hallingskarvet i godt vêr. - Eg hadde lenge hatt lyst på hytte på fjellet. Gevinsten gav meg sjansen til å oppfylla den draumen, seier Vetle, som i tillegg til barna også har fem barnebarn.
Praten gjekk Då det vart kjent at nokon i Lindås kommune hadde vunne, valde Vetle å stå fram. Kona fekk mange spørsmål. Verken ho eller Vetle likte å lyga for folk. - Eg stod fram åleine, dermed skjerma eg dei andre fem, seier han som hadde namnet sitt på kupongen. Når vinnaren vert offentleg, er det alltid nokon som tek kontakt; mellom anna tok dei kontakt frå kyrkja i Knarvik for å be om pengar til noko inventar som skulle skaffast. - Men eg hadde ingen tilknyting til kyrkja i Knarvik. Skulle eg ha gitt til nokon, så ville det heilt sikkert blitt stilt spørsmål frå dei som ikkje fekk, seier Vetle.
UTSIKT FRÅ TERRASSEN: Vetle sitt vinterparadis sett frå Bergsjø mot vest- / sørvest. Her ser litt av innsjøen Rød ligg nedforbi skaret mellom Holsåsen og austre enden av Hallingskarvet. Mellom Holsåsen og Halligskarvet g
Bankar og finansielle rådgjevarar kontakta han for å plassera pengane for han. Men han takka ja til samtale med rådgjevaren til Norsk Tipping.
Den same mannen - Bortsett frå at vi har flytta og at eg endeleg fekk den leilegheita på fjellet som eg ønskte meg, så har pengane ikkje forandra livet mitt, seier Vetle.
- Eg går framleis i den same joggebuksa som eg arva etter far min som døydde i 1994. Og vi prøver alltid å nytta opp att restematen utan å kasta den, forklarar han. - Eg går ikkje rundt og tenkjer på at eg har vunne eller har pengar på konto. Det trur eg ikkje andre gjer heller, seier han. 63 millionar meiner han kan vera mykje pengar å vinna for ein person ålei-