Hus&heim Firda
tema
Fredag 2. oktober 2015
Har du tips eller idear om lokale tema vi bør ta tak i? Kontakt oss på telefon, e-post, Facebook, Twitter eller Instagram. Du kan også tipse oss med video. Ferskaste nytt finn du på firda.no. E-post: redaksjon@firda.no. SMS/MMS: fitips til 2005
tema
9
Tips oss!
57 83 33 33
BT Byggutvikling og grunneigarane har planar for Sylvdalen
Lagar nytt byggefelt
Sylvdalen: Frode Lundekvam (BT Byggutvikling) og Eiliv Erdal (ein av to grunneigarar) i øvste delen av det som skal bli eit nytt byggefelt.
Naustdal: I planane ligg det inne 46 tomter. Både rekkehus og einebustader.
ging og fleire nye bustadfelt i Naustdal dei siste åra. Mange hus er oppførte, andre byggefelt er på veg. Likevel trur ikkje Lundekam at det blir vanskeleg å få omsett tomtene. Utbygginga startar stegvis, etter kvart som kjøparane melder seg. – Det er bra med folk som spør etter både einebustader og rekkehus. Vi har tru på at Naustdal er klar for eit slikt prosjekt.
Frode Grimelid
frode.grimelid@firda.no 91615460
Innkøyrselen til det nye byggefeltet er planlagd i skogsområdet der det tidlegare var hoppbakke. Her skal det no bli nytt friområde for alle i nærleiken. Etter at den nye vegen har fått tatt seg over ein liten skrent blir det flatare. I terrenget bortover er det planlagt 46 tomter på ulike nivå. Det er lagt inn friområde og snarvegar for dei som skal komme seg til sentrum til fots. – Vi vil legge opp til varierte hustypar, slik at det skal vere noko for alle grupper, seier Fro-
Konstruktiv kommune Nytt felt: Sylvdalen ligg under Klettelia ved sida av eksisterande
byggefelt.
Kart: BT Byggutvikling/Kartverket
de Lundekvam i BT Byggutvikling.
Stor etterspurnad Han har vore inne i prosjektet i om lag eitt år. Planane er klarer-
te i formannskapet og er no ute på si andre høyring. Lundekvam og grunneigar Eiliv Erdal trur det er lite som står att før dei får endeleg godkjenning. Det har vore mykje husbyg-
Både Lundekvam og Erdal er godt nøgde med å snart vere i mål med reguleringsplanen etter eitt år. Erdal meiner det heile kunne tatt mykje lengre tid om kommunen var mindre offensiv. – Det kjem noko konkret ut av kvart møte. Vi får beskjed om kva dei vil ha og kva dei man-
Foto: Frode Grimelid
glar, då er det lettare å komme dei i møte, seier Erdal. – Kommunen er veldig positiv og ønsker aktivitet i nye felt for å få fleire innbyggarar, seier Lundekvam.
Jordvern Erdal og den andre grunneigaren, Elinor Friis, har arbeidd med å få området regulert i 4–5 år. Erdal meiner det er viktig å finne gode bustadområde utanfor dei flate jordbruksområda. – For meg som er opptatt av matjord, er det betre å ta skrinn skogsmark. Det gjeld heile Sunnfjord. Eg etterlyser meir heilskap. Det er ingen grunn til å bygge ned matjord i Førde når vi har slike prosjekt på «Førdes beste vestkant», seier han, og siterer tidlegare rådmann Anna Elise Tryti.