framtidsretta - inkluderande - kvalitetsbevisst - tenestevillig
Annonseinformasjon
JUNI 2012
framtidsretta - inkluderande - kvalitetsbevisst - tenestevillig Frivilligsentralen informerer
Ledige stillingar For tida har vi følgjande ledige stillingar i Lindås kommune: Einingsleiar - Ostereidet ungdomsskulekrins Rektor - Ostereidet ungdomsskule Rektor - Lindås barneskule Rektor - Lindås ungdomsskule Rektor - Festo skule Inspektør - Knarvik ungdomsskule Pedagogisk leiar – Kolås barnehage - fast Logoped – PPT fast Hjelpepleiarar - fast Sjukepleiar – fast Dirigent - Lindås skulekorps-fast Dirigent – Alversund skulemusikkorps- fast Biletkunstlærar – fast Tromme- og slagverklærar – fast Vil du vita meir? -Gå inn på vår heimeside www.lindas.kommune.no.
Godkjent utbyggingsavtale I samsvar med plan- og bygningslova § 17-4, vert det med dette kunngjort at det er inngått utbyggingsavtale for Mangerbua II bustadområde, del av gnr 137 Alver. Partar i avtalen er Lindås kommune og Majo eigedom as/ Seim bygg as. Avtalen er godkjent i kommunestyre 26.april 2012 sak. 39/12.
Godkjent utbyggingsavtale I samsvar med plan- og bygningslova § 17-4, vert det med dette kunngjort at det er inngått utbyggingsavtale for Sjøkanten Eiendomsutvikling AS. Partar i avtalen er Lindås kommune og Sjøkanten Eiendomsutvikling AS. Avtalen er godkjent i kommunestyre 26. april 2012, sak nr. 38/12.
NYTT FRÅ LINDÅS KULTURSKULE: Elektronisk påmelding Frå 1. januar 2012 skal alle påmeldingar gjerast på det elektroniske påmeldingsskjemaet som du finn på kommunen si heimeside.
Sentralen held stengt frå 2. juli – t.o.m. 12. august 2012. Vi ønskjer alle ein riktig fin sommar.
Gjer slik: A) Du går inn på internett - finn heimesida til Lindås kommune B) Trykk på knappen ”Kultur og fritid” C) Trykk så på ” Lindås kulturskule” nede på høgre side. D) Finn skjema, fyll ut og send inn
Kan laget ditt søkje pengar? Er laget ditt oppdatert på Lindås kommune si web-side?
No kan du søkje heile året, når det måtte passe deg !!! Lukke til!!
Husk seniordagen onsdag 5. september 2012!!!
NY DATO FOR UTMELDING: Utmeldingsfrist for haustsemesteret 1. april Utmeldingsfrist for vårsemesteret 1. november Utmelding etter frist må betalast med full semesteravgift. Alle utmeldingar SKAL vere skriftleg på e-post eller brev til Kulturskulen. kulturskulen@lindas.kommune.no
1. gangs offentleg ettersyn av reguleringsplan Sundeheim på Nygård, gbnr 137/3, 120, 237, m.fl. Plan- og miljøutvalet gjorde i møte 09.05.2012, sak 80/12, vedtak om å leggje reguleringsplan for Sundeheim, gbnr 137/3, 120, 237 m.fl., ut til offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslova § 12-10. Hovudføremålet med reguleringsplanen er å etablere totalt 37 bustader, derav ein frittliggjande einebustad og 36 einingar i rekke/konsentrert småhusbusetnad. Dei 36 einingane er vidare delt opp i 6 bygg der det største er planlagd med 8 einingar. Det er lagt opp til gode grøntareal og leikeplassar innanfor planområdet. Ny vegtilkomst til eigedommane på sørsida av bustadfeltet er også regulert inn, og det er lagt opp til at grunneigarane knytt til vegen skal vurdere eventuell utbetring av denne. Reguleringsplanen ligg til offentleg ettersyn frå 13. juni 2012 til 25. juli 2012 på Lindås rådhus. Planen vil også verte å finne på Lindås kommune sine heimesider, www.lindas.kommune.no, med lenke til braPLAN. Søk på plan-id 1263-201103, dokumenter. Merknader til planframlegget skal sendast innan 25. juli 2012 til: Lindås kommune, plan- og miljøutvalet, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø eller til postmottak@lindas.kommune.no. Elektronisk merknadsskjema er å finna på Lindås kommune sine heimesider, og kommunen oppfordrar til å bruke dette ved innsending av merknader til reguleringsplanen.
Ta kontakt med Frivilligsentralen Tlf 56 37 51 46 – gro.sundal@lindas.kommune.no
Arbeid i og langs Kvassnesstemma frå 10. juni 2012. For å motverke at Kvassnesstemma gror igjen vil Lindås kommune ved eigedomseininga utføre klipp av siv. Det skal og utføres mindre gravearbeider langs med land, og noko mudringsarbeid i sjølve vatnet. Alle masser vert tatt opp av vatnet og deponert på land. Det skal ikkje utførast arbeid ute på holmane i vatnet.
Informasjon om bustøtte Bustøtte er ei statleg økonomisk støtteordning for dei som har høge buutgifter og låg inntekt. Kven kan søkje om bustøtte? Alle over 18 år kan søkje om bustøtte, med unntak av studentar utan barn og personar i førstegongsteneste. Desse har eigne ordningar. Bustaden du søkjer bustøtte for, må vera godkjent heilårsbustad. Du kan søkje bustøtte for buugifter enten leiger eller eig bustaden. Ver merksam på at du må vere registrert som busett i folkeregisteret i den bustaden du søkjer støtte til. Størrelsen på bustøtta er avhengig av buugifter og inntekta til husstanden. Søknad og fristar. Søknadsfristen er den 14. i kvar månad, og utbetaling er ca. 10. i månaden etter. Bustøtteskjema finn du på Lindås kommune si heimeside, lindas.kommune.no, eller i ekspedisjonen på rådhuset. Du når oss på telefon: 56375000. Søknaden med dokumentasjon kan sendast til: Lindås kommune, v/ Bestillarkontoret. Merk konvolutten ”Bustøtte”. Du finn meir informasjon om bustøtte på Husbanken sine nettsider, husbanken.no. Der kan du også laste ned søknadsskjema.
LINDÅS TENKJER FRAMTID
Senior –og aktivitetssenteret Knarvik Kafeen og Seniorsenteret med lokalar på Knarvik sjukeheim er ope måndag, onsdag og fredag frå 10.00-15.00.Ein kan kjøpe middag m/dessert desse dagane. Til tysdag og torsdag må ein bestille dagen før til kjøkenet på tlf. 56375710 eller Knarvik seniorsenter 56375718 og 56375730 Her kan du kome innom til ein prat, ein kopp kaffi og møte andre pensjonistar.. Middagsservering måndag., onsdag og fredag mellom kl.12. 0014.00.Vi ynskjer å skape ein god møteplass, der ein kan finne glede og utfordringar.Vi har variert aktivitetstilbod som byrjar kl.12.00.Senteret har også med frivillige som gjør ein stor innsats. Vi har bruk for fleire, så ta gjerne kontakt. I Galleri Utsyn er det ny utstilling kvar månad og denne månaden er det A.L.F. som har utstilling. Opningstida er alle kvardagar frå 08.00-15.30.
Senior- og aktivitetssenteret Ostereidet Med lokalar i Ostereidet senter har nye opningstider frå januar 2011, tysdag og torsdag frå kl.10.00-14.00. Her er kafe` tilbod med middagsservering. Middag må bestillast på førehand hos Aud Furdal tlf. 56375718 og 56375730 eller kjøkkenet på Knarvik sjukeheim tlf. 56375710. Torsdagane er det aktivitør og miljøarbeidar; Christel Bratshaug og Bjørg Irene Kleiven. Kom innom for ein kopp kaffi, ein prat og aktivitet. Frå programmet informerar vi fyljande:
Frå programmet i Knarvik informerer vi fyljande: JUNI: Måndag
Fredag LivOGLyst
Alle seniorar 65+ i Lindås kommune vert inviterte til :
DAGSKONFERANSE PÅ NORDHORDLAND FOLKEHØGSKULE onsdag 5. september kl 10 – 15 : Det er eit overordna mål på nasjonalt nivå at det skal tilretteleggast for at eldre kan være friske og sjølvhjelpne så lenge som mogleg. Satsing på sunn og aktiv aldring er blitt eit fokusområde i store delar av den vestlige verda. Definisjonane på kva sunn og aktiv aldring inneber kan variere, men ofte vert faktorar som god fysisk og psykisk helse, moglegheiter for aktiv deltaking i samfunnet og god livskvalitet nemnt. "Senior i Lindås" er eit prosjekt med målsetting om å fremje det gode liv. Gjennom å samle seniorar i kommunen ser vi for oss fleire positive effektar, blant anna å fremje nettverksbygging med andre. Tema for samlinga : Det gode liv • • • • •
Opning ved Ordførar i Lindås kommune Fysisk fostring/medisinering/ernæring Velferdsteknologi/bustadrådgjevning Psykisk helse og søvn Kultur/aktivitet/sosiale møteplassar i kommunen
Pris pr. pers : 100,- inkl.lunsj, kaffi/te m.m.
Legekontora er opne som vanleg i sommar, med unntak av
Bindande påmelding innan onsdag 15.august 2012 til : frivillig@lindas.kommune.no eller på tlf. 56 37 50 00 til Rådhuset i Lindås kommune.
Lindås Rådhus, Knarvik, 5914 Isdalstø. Tlf: 56 37 50 00 Faks: 56 37 50 01 Epost: postmottak@lindås.kommune.no www.lindås.kommune.no
Tysdag
Onsdag
LEGEKONTORA I SOMMAR
Knarvik allmennpraksis held stengt 28.06,03.07,05.07,12.07,17.07 og19.07 Lindås legekontor held stengt 29.06,09.07,11.07,17.07,20.07 og 24.07 Ostereidet legekontor held stengt veke 29,30 og 31 Knarvik legekontor held ope kvar dag, men med redusert kapasitet
SENIOR- OG AKTIVITETSSENTRA I LINDÅS KOMMUNE INFORMERAR:
Vel møtt til ein flott seniordag i Lindås kommune!
Måndag Onsdag Fredag Måndag Onsdag Fredag
11.06. Helsetrim ved Reidun Sæbdal kl.12.00 13.06. Strikkekafe og kortklubb kl.12.00 15.06. ”DANS PÅ LOKALET” med Trine og Ivan kr. 50.18.06. Helsetrim ved Reidun Sæbdal kl.12.00 20.06. Seniortreff kl.12.00 NB! Turen til Fedje er avlyst p.g.a. lite påmeldte 22.06. KONSERT med Else Iren Westervik og Borris Kuprianov kl.12.15 25.06. Helsetrim ved Reidun Sæbdal kl.12.00 27.06. Strikkekafe og kortklubb kl.12.00 29.06. KONSERT ved Ordførar Astrid Byrknes kl.12.00
Knarvik seniorsenter er SUMARSTENGT frå 02. JULI – 10.AUGUST Senior- og aktivitetssenteret Lindås Med lokalar i Lindås bu - og servicesenter har ope hus tysdagar frå kl.10.00. Kontaktperson er Eli Støldal tlf. 56375607 JUNI: Fredag Tysdag Torsdag
Fredag Tysdag Torsdag Fredag Tysdag Fredag Laurdag
01.06. Sal av dame og herreklede frå SILJES butikk frå kl.10.30 05.06. BINGO med mat og kaffi kl.10.30 07.06. SOMMARFEST med grillmat. KONSERT v/RAMONA SULEN og TARJEI VATN kl.11.00 08.06. ANDAKT v/ prest Harald Sundsbø og pianist Gunnar Hageberg kl.11.00 12.06. BINGO med mat og kaffi kl.10.30 14.06. Songstund med Wilhaven barnehage kl.11.00 15.06. FREDAGSKAFE kl.11.00 19.06. BINGO med mat og kaffi kl.10.30 22.06. ANDAKT v/ prest Harald Sundbø og pianist Gunnar Hageberg kl.11.00 23.06. JONSOKAFTA med song og musikkv/ Finn og Birger kl.16.00
26.06. BINGO med mat og kaffi kl.10.30
JUNI: Torsdag
07.06. Helsetrim ved Gunnar Hosøy kl.10.50 Bingo med Inger Marie Fyllingsnes kl.11.30 Torsdag 14.06. Syng med oss! med Ostereidet barnehage på besøk kl.10.30. Bingo med Inger Marie Fyllingsnes kl. 11.30 NB! Turen til FEDJE er avlyst p.g.a. for få påmeldte Torsdag 21.06. Helsetrim ved Gunnar Hosøy kl.10.50 Bingo med Inger Marie Fyllingsnes kl.11.30 Torsdag 28.06. Helsetrim med Gunnar Hosøy kl.10.50 Bingo med Inger Marie Fyllingsnes kl.11.30 OSTEREIDET SENIORSENTER er SOMMARSTENGT frå 05.07. -09.08. GOD SOMMAR til alle seniorane i Lindås kommune frå oss i seniorsenteret Aud Furdal, Astrid Paulsen, Christel Bratshaug, Randi Eikerol, Eli Støldal, Bjørg Irene Kleiven og Inger Fosse Dalland.
SUMAROPNING PÅ BIBLIOTEKET BIBLIOTEKET I KNARVIK 18. JUNI- 20. AUGUST 2012: Tysdag 11.00 - 15.00 Onsdag: 14.00 - 18.00 Torsdag: 11.00 - 15.00 Fredag: 14.00 - 18.00 LINDÅS FILIAL FILIALEN ER STENGD I TIDA 15. JUNI TIL 20. AUGUST 2012!
OPNE MØTE 13.06.2012 – 21.06.2012 Plan- og miljøutvalet 13.06.2012 12:30 Formannskapet 21.06.2012 08:30 Kommunestyret 21.06.2012 13:00
Rådhuset Statoil Mongstad Statoil Mongstad
Møta i dei kommunale organa er med få unnatak offentlege, d.v.s. at publikum og presse kan vera til stades. Sakspapira vert sendt ut elektronisk og publikum kan få tilgang til pc og lesa sakene i ekspedisjonen på rådhuset og folkeboksamlingane i Knarvik og Lindås minst 7 dagar før møtet. Sakspapira ligg og på heimesida til Lindås kommune.