Kavalkade 2014

Page 1

Kavalkade 2014 firdaposten.no


Regjeringa: Perman

22

kavalkade 2014

JANUAR: Den store hendinga i januar var stadfestinga på at 330-skvadronen sin base i Florø blir her på permanent basis.

Laurdag 20. desember 2014

Det betyr ei styrking av Flora som vertskapskommune for fylkets sterkaste beredskapsmiljø. Alarmsentralen for brann og redning og politiet har slått seg saman med felles vaktsentral. Slik sett har beredskapsmiljøet teke grep og organisert seg slik nasjonale ekspertutval

Firdaposten

ser for seg framtidas beredskapsorganisering. Utover året kjem det stadig nye signal om at styresmaktene sentralt ser for seg at både brann, redning og politi i framtida bør administrerast frå Bergen. Saka rullar og går og er enno ikkje avslutta.

Sørstrand folkepark: Ved Kystmuseet kan ein sjå over Austvika der den nye vegen til Sørstrand Folkepark kjem. Jan Henrik Nygård og Sigmund Frøyen lanserer Foto: Dag Nesbø Frøyen planane for å knyte saman og komplettere anlegga.

PLATELANSERING: Laila Beathe Førde reiste land og strand rundt på lanseringsturné for debutalbumen «Ein kjole av stål». Her ser vi bandet slappe av hos Foto: Heidi Hattestein Carolas Buaspa i Kalvåg.

permanent: Statssekretær Hans J. Røsjorde i Justisdepartementet slo fast at helikopterbasen i F under ei omvising. Den permanente basen betyr svært mykje for Florø som beredskapsby, men likevel

KOMMUNESAMANSLÅING?: Bengt Solheim-Olsen møtte ordførarane for HAFSkommunane for å diskutere den store prosessen med kommunesamanslåingar som er regjeringa sitt prestisjeprosjekt. Privat foto

RESERVASJON: Fastlege Helge Sårheim stod fram og forsvarte sitt syn på legar sin rett til reservasjon i abortspørsmål. Samstundes var det klart at Flora har mange nok legar til at det ikkje vil vere eit problem for kvinner å få konsultasjon hos andre. Arkiv


nent base Firdaposten

kavalkade 2014

Laurdag 20. desember 2014

Januar byr også på ein ende på Jacob Nødseth sin kamp for å halde på medlemskapen i Høgre. Men då saka kom inn for sentralstyret, kaste han korta. Ei anna vond sak for Høgre lokalt og nasjonalt var reservasjonsretten for fastlegar, som også blussa opp i Flora.

Sørstrand Folkepark-prosjektet går stødig framover og drivkreftene bak seg for seg at folkeparken no kan knytast saman med veg til Kystmuseet. Den største lokalpolitiske saka i Flora på mange år, Fjord Base sine utvidingsplanar, vart også landa i janu-

23

ar. Fjord Base ønskte å få utvide vestover og det fekk dei politisk fleirtal for. Samstundes slo Statoil og oljebransjen sine planar om kostnadskutt innover miljøet på basen. Det er uvisst kva endelege konsekvensar fet får for Florø-basen.

SENTRALSTYRESAK: Ekslusjonssaka til Jacob Nødseth vart løfta opp til sentralstyret i Høgre. Då valde Nødseth å trekke seg ut av partiet og med det miste han Foto: Olav Hatlemark moglegheita til å opptre på Stortinget for partiet.

Florø blir fast base. Her ser vi Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen og baseleiar Erland Karlsen i prat Foto: Eivind H. Kleiven l kan det sjå ut som om alarmsentral og politi-administrasjon forsvinn.

SYNFARING KLAVELANDET: Det vart rekonstruksjon av ulykka på Klavelandet, der ein rulleskiløpar miste livet. Dette bildet er teke på andre dag i rettssaka, der Foto: David E. dommen seinare slo fast at føraren ikkje opptredde aktlaust.

fekk viljen sin: Basegründerane Per Nødseth og Oddgeir Igland i INC kunne ta seg eit kjeks eller to ekstra, då det vart politisk klarert at Fjord Base fekk lov til å utvide Foto: Dag Nesbø Frøyen basen vestover.

urframføring: Det var komponist Eirik Molnes Husabø sin store dag i Florø kyrkje rett etter nyttår, då Florø Hornmusikk urframførte verket «The created» for Foto: Vilde Midtbø Ulsten fullsett kyrkje.


Stor stas med fiske-

24

Kavalkade 2014

Laurdag 20. desember 2014

februar: Det var stor stas og mykje folk då det var dåp og omvising på nye «Fiskebas» i starten av februar.

Båten kom til byen dagen før dagen og det var stor interesse, også nasjonalt for det nye flaggskipet i fiskeflåten i Flora. - Arbeidet med å få til eit nybygg starta allereie for 20 år sidan. Sluttresulatet er fantastisk, sa gudmor Siv Madsen.

Firdaposten

Elles var februar prega av debatten om skilting og trafikktrygging på fylkesvegen rundt Storeåsen i Florø og av debatten om dei nye reglane til utestaden Salto 56 i Florø, som hadde som mål å stenge ute framandarbeidarar som ikkje var ønskte fordi dei tafsa på unge

NØGD: Inge Ødegård, butikksjef for Kiwi i Florø, er nøgd med å få utvide kapasiteten

sin.

Foto: Dag Nesbø Frøyen

SKILT MANGLA: Køyrelærar Geir Gåsøy kan ikkje sjå noko skilt som fortel at her vert Foto:Olav Hatlemark det snart slutt på forkøyrsvegen rundt Havreneset.

Dåp av Fiskebas: Det skjedde på Fugleskjærskaia i februar 2014. Her ser vi Siv Madsen (gudmo

westcon: Ein optimistisk Anders Myklebust er prosjektleiar for den store utbygginga som snart er i gang ved verftet i Florø for å tilpasse seg riggjobbar.

førdeinvestor: Egil Melvær gav blomster til ny eigar Dag Jøran Hjelmeland i Efinor Gruppen som overtok Krokane Caming, t.v. dagleg leiar i Efinor i Florø, Arthyur Foto: Olav Hatlemark Szazai, til høgre Melvær si dotter Herborg.

Foto- Olav Hatlemark


e-flaggskip Firdaposten

Kavalkade 2014

Laurdag 20. desember 2014

lokale kvinner. Av glade nyheiter fekk vi vite at Westcon-verftet i Florø skal investere 75 millionar kroner i oppgradering av anlegget og at Inge Ødegård i Kiwi i Florø hadde fått klarsignal til å utvide til ein fullskala Kiwi-butikk på Evja. Førde-selskapet viste med opp-

kjøpet sitt av Krokane Camping at Førde-investorar ser ut til å ha større tru på eigedomsmarknaden i Flora enn Florø-folket sjølve. I Svelgen sett Svelgen oppvekst i gang med tiltak for å jobbe med utfordingane dei har som multikulturell

25

skule. Eit av tiltaka var å jobbe med musikalen «Stopp! Ikkje mobb!» som vart framført litt seinare på året. Februar hadde i seg ei stygg dødsulykke, der ei jente frå Eikefjord omkom. I same bussen sat Mikail Eldin frå Florø som hadde englevakt. Tre personar omkom.

JENTE OMKOM: Ei 16-år gammal jente frå Flora omkom då ein ekspressbuss kolliderte med trailer nær Hønefoss. Mikail Eldin frå Florø overlevde mirakuløst ulykka.

Foto: Ole Edvin Tangen

or) og skipper Geir Magne Madsen gå ombord på den store dagen. Foto: Maiken Aa. Solbakken

SVELGEN: Svelgen oppvekst tek tak i utfordringa som multikulturell skule og satsar Foto: Heidi Hattestein på musikalen «Stopp! Ikkje mobb.!

OVER 40? Salto 56 i Florø sette ei øvre aldersgrense på 40 for å få slutt på klåing og Foto: Heidi Hattestein tafsing på unge jenter i diskoteket.

INGEN RETT: Kommuneoverlege Jan Helge Dale, slo fast i legereservasjonsdebatten at det å arbeide som fastlege ikkje er noko rettigheit. Arkiv


14

Kavalkade 2014

Blei kåra til «åre

MARS: Med ein regularitet på 98,6 prosent og elles topp måling på dei aller fleste parameter, blir Florø lufthamn kåra til Årets flyplass.

Tysdag 23. desember 2014

Widerøe har maskiner på dei aller fleste flyplassane i Norge og det var Widerøe Ground Operations som kåra Florø til best i klassen i år. Sjef for bakketenestene i Widerøe, Frank Schau Olsen, var i Florø med diplom og ekte blome for å heidre

Firdaposten

dei tilsette i Florø Flyservice. Ei anna markant nyheit i Firdaposten var då basesjef Jim Haugland gjekk ut i avisa og slo fast at dei var uroa for økonomien i utvidinga av basen mot vest. Det var akkurat det alternativet dei bad om å få lov å bygge ut

SUNNFJORD MEDISINSKE SENTER: Helseminister Bent Høie (H) proklamerte at SMS-senteret er ein modell som regjeringa vil legge til grunn for framtidas Foto: Olav Hatlemark organisering av helsetenestene.

FOR DYRT FOR BASEN?: Basesjef Jim Haugland på Fjord Base uttrykte otte for at krava til utbygging vestover blir kostbare når dei må bygge tofelts veg med fortau og Foto: Heidi Hattestein teknisk infrastruktur.

Florø BLEI årets lufthamn: Leiar i Florø Flyservice, Johan Andreassen, og medarbeidara Widerøe Ground Service, som slår fast at Florø skårar høgt på alle måleparameter.

100 års erfaring: Ekteparet Svein og Anne Karin Vågene gir seg med butikken i Svelgen sentrum. Dette var rekna som den siste detaljhandelen i Svelgen. Lokala vart Foto: Heidi Hattestein kort tid etter overteke av ein lokal byggevarebutikk.

HØGOKTAN HANDELSMANN: Ruben Solheim (t.v.) , som driv Statoil-stasjonen i Florø, bestemmer seg for å opne klesbutikk for herrar på Amfisenteret. Det gjer at Foto: Liv Standal. Amfisenteret no har fulle alle lokale.


rets lufthamn» Firdaposten

Tysdag 23. desember 2014

og etter ein lang og ilter politisk strid, gjekk bystyret inn for dette. Men, INC er uroa for at vilkåra som er hefta ved utvidinga frå Flora kommune, kan bli for kostbare. Rekkefølgekrava er mellom anna at selskapet må bygge tofelts veg med fortau ut over til Rota-området.

Dei må også bygge ut ein del teknisk infrastruktur for kommunen. og i samband med utvidinga er det tre fornminne som må gravast ut og kartleggast. Dei ønsker seg ein dispensasjon frå vegkravet. Siste ord er ikkje sagt eller skrive i denne saka.

Kavalkade 2014

15

Også Florø Industri og Næringsforening (FIN) er uroa for at heile utbygginga kan renne ut i sanden. Industriforeininga har per i dag 70 medlemsbedrifter og har eit veldig aktivt og travelt år bak seg.

FEKK PAUSE: Justisdepartementet trykte på pause-knappen i hardkøyret til Direktoratet for samfunnsberedskap, som vil legge ned ei rekke alarmsentralar ut frå at dei ikkje er «robuste»nok. Arkiv

ane gler seg over regularitet på 98,6 prosent og kåringa til «Årets flyplass». Kåringa er gjort av Foto: Heidi Hattestein

LEILEGHEITSHOTELL: Sverre og Bente Kari Stenbakk har opna leilegheitshotell i Florø sentrum. Her ser vi dei saman med møbelhandlaren frå fjordstroka innanfor, Foto: David E. Antonsen. Anders Ole Sunnarvik.

KYSTVEGFORBANNA: Åge Senneset (V) er forbanna på partikollega og Eidordførar Alfred Bjørlo, som nektar å legge inn ferjeavløysing for Stårheim-Isane i finansieringa av Kystvegen.- Det er frekt av han, meiner Senneset. Arkiv

REKORD: Det vart rekordeltaking for Veslefrikk-turneringa. Heile 850 spelarar var involvert i heile 256 kampar i storhallen i Florø. Dei hadde med seg heile 123 lag. Arkiv


16

Kavalkade 2014

APRIL: 12 år gamle Aksel Hauge Vedvik vart plukka ut til finale i MGP Junior. Innsatsen i finalen seinare på året var på nippet til å føre han til topps.

Lokal helt i be Tysdag 23. desember 2014

Ei anna folkeleg nyheit i april var Eikefjord Basket sitt opprykk til 2. divisjon- ei skikkeleg bragd med primus motor Dag Nybø i spissen. April baud også på avslutninga av ei skikkeleg lidingshistorie med gangbrua ved Kystmuseet. Grunna

Firdaposten

påvising av pålemakk var brua stengd i fleire år. Etter mykje om og men og byråkratisk smørje, var brua ferdigstilt denne månaden. Innan næringsliv og politikk rulla sjølvsagt saka om oljebasen vidare. Det var kjent at Statoil vil legge om

HISTORISK OPPRYKK: Eikefjord Basket skreiv idrettshistorie då dei klarte å rykke opp til 2. divisjon. Primus motor og trenar Dag Nybø (15) er mannen bak suksessen med å samarbeide med Svelgen-spelarar og nokre innvandrarar med gode basket-genar.

keilevågbrua: Svein Book, Torgeir Sunnarvik, Jan Arve Solheim og Kristoffer Reksten la siste hand på den ferdig restaurerte Keilevågbrua, gangbrua ved Kystmuseet Foto: Arve Solbakken som var stengd i fleire år grunna påvising av pålemakk.

MGP Junior: Aksel Hauge Vedvik (12) frå Bremanger fekk vite at han var kommen til finalen i MGP at dei kallar meg «nerd», fortalde Aksel, som i finalen i MGP Junior nådde nesten heilt til topps. P

FOSSEKRAFT: Jan Fredrik og far Svein Inge Fosse investerte 50 millionar i nye bustader i Buvika i Kalvåg.

REVY: Ordførar Karl Vidar Førde demonstrerte saftig sjølvironi, då han stilte på revyscena i Bremanger som «prinsesse-vil-ikkje» i samband med debatten om kommunesamanslåingar. Privat

Foto: Kjell Aga Ulvestad


este sendetid Firdaposten

Tysdag 23. desember 2014

seglingsmønsteret sitt og skipe forsyningar ut til oljeinstallasjonane via Mongstad og ikkje Florø. Som plaster på såret vart det skipa til ein avtale kalla Petro-Flora-avtalen. Næringslivet i Flora gav opp å stole på at konsesjonsvilkåra ville sikre baseaktivitet i Flora og

freista å sy ein «goodie-bag» til Statoil, der målet var å tilby dei tenester som kan kutte kostnader og betre miljøprofilen. Dei såg for seg at ein kan få til samsegling og sjøtransport mellom basane. Det siste for å fjerne den store trailertrafikken på vegane, som er venta å

Kavalkade 2014

17

auke dersom Flora-verksemder må levere ut frå Mongstad. Næringslivsaktørane peikar på at Statoil har store pengar å tene på samsegling. Ideen om eit båtrute mellom basane vart lansert, men førebels hadde ingen teke eigarskap til ideen.

NÆRINGSLIVSSPORET: Agnar Strømsnes, Geir Johannessen og Harald Ynnesdal i Saga Fjord Base er optimistiske når det gjeld Fjord Base si framtid etter signering av Foto: Heidi Hattestein Petro-Flora-avtalen med Statoil.

Pressefoto

økomiddag PÅ DØRA: Ingebjørg Giil og Carl Fredrik Furset i Frisk Flora starta opp med å køyre råvarer med tilhøyrande oppskrift på døra til kundane sine. Verksemda var Foto: Eivind Haugstad Kleiven eit friskt pust i Strandgata.

MOTSTRAUMS: André Espeseth på Askrova satsar stort som bonde i øyane. Han hadde på dette tidspunktet 300 sauer og hadde nyleg investert i ny fjøs til 2,4 millionar Foto: Liv Standal kroner.

PRINSIPPSAK I STRANDA: Sunnfjord tingrett måtte behandle rettstvisten om strandeigedommar. Er det midtlinje-prinsippet eller nord-sør deling som skal gjelde? Spørsmålet har betydning for realisering av Panorama-prosjektet. Foto: Dag Frøyen

P Junior med ein sjølvlaga låt. – Det er mange fotballgutar på skulen. Eg driv med musikk. Det hender


20

kavalkade 2014

Fotballen steig m

MAI: Suksessen til Florø Fotball såg ut til gå heilt til himmels. I mai vart det snakka seriøst og høgt om at opprykk til 1. divisjon var innan rekkevidd.

Laurdag 27. desember 2014

Slik gjekk det ikkje. 2. divisjonslaget til Florø hadde ein strålande vårsesong, men møtte nesten veggen i andre halvdel av sesongen. Men det vart opprykk med både 5. og 4. divisjonslaget i herrar senior. Meir om det seinare i året.

Firdaposten

OL-dødaren personleg, Frank Willy Djuvik i Frp lokalt og på fylket, markerte seg skikkeleg på den rikspolitiske arenaen med sitt markante nei til Oslo-OL på landsmøtet til partiet. Safari Engros greidde å fornye sin leveringsavtale

FRÅ 6 til 9: Losstasjonen i Florø blir oppjustert med tre heile stillingar med bakgrunn i at trafikken har auka. Her ser vi Frank Roy Moltu på oppdrag. Florø si plassering midt Foto: David E. Antonsen mellom Bergen og Ålesund gir stasjonen god plassering.

DAVIK: Karstein Bakke konstaterte etter sitt første år som kjøpmann i Davik at det gav meirsmak. – Eg har ikkje tenkt å gje meg, seier idealisten, som også er i full stilling som Foto: Liv Standal. operatør ved Elkem Bremanger.

opprykk med tre seniorlag? Florø Fotball hadde ein strålande vårsesong og slik det såg Her ser Ålgård-keeperen fortvile etter ei skåring av Halvor Solheim-Olsen. Fotball-himmelen var tindra divisjonsmannskapet. Dei andre laga rykte opp med brask og bram på hausten. Kan hende like bra, si

OL-DØDAREN: Frank Willy Djuvik markerte seg sterkt som motstandar mot OL i Oslo og vann ein markant siger i dette spørsmålet på Frp sitt landsmøte. Arkiv

etterlyste ballar i politikken: FAU-leiar Julie Titlestad og nestleiar Hanne-Sølvi Rønnekleiv ved Eikefjord skule er heilt samde om ei sak: – Vi har venta lenge Foto: Olav Hatlemark. nok. No vil vi i ha skulen.


mot himmelen Firdaposten

Laurdag 27. desember 2014

med Statoil, etter at den nasjonale oljegiganten hadde varsla at dei ville slutte å forsyne oljeinstallasjonane ut frå Florø-basen. Skulesaka i Eikefjord rulla vidare jamt og trutt. FAUleiaren ved Eikefjord skule vekte merksemd med sitt

utspel om det no var det på tide at politikarane viste at dei har ballar og sørgar for å vedta eit utbygging av skulen i bygda. Solberg-regjeringa fekk tyn av bøndene, som la fram dokumentasjon på at ingen av dei faktisk dreiv garda-

kavalkaDe 2014

21

ne sine med plussresultat. Regjeringa sin politikk vart også på landbruksområdet tolka til å vere rein sentraliseringspolitikk og eit åtak på småbøndene langs kysten.

REGJERINGA VIL UTRYDDE bøndene: Jan Arve Midtø og andre vestlandsbønder var i harnisk over tilbodet til jordbruksoppgjer. Dei viste til at ingen bønder i Flora går i pluss på drifta- før regjeringa no ville gjere nye kutt. foto: Firda

g ut i slutten av mai låg det an til at dei kunne rykke opp med alle sine herrelag i seniorklassen. ande klar og lyseblå, men etter kvart utover i sesongen kom det ein del mørke skyer for 2. Foto: Dag N. Frøyen idan opprykk til 1. divisjon ville vere tungt å finansiere.

«pikene på broen»: Hanna Høidal og Ingrid Blancheflor Dyrli fekk æra av å klippe snora på Keilevågbrua, som vart opna etter tre års pålemakk-stenging. Dei Foto: Dag N. Frøyen. utmerka seg med kronerulling til prosjektet.

STATOIL-Avtale: Atle Hollevik i Safari Engros sikra seg ny leveringsavtale med Statoil med løpetid til 2016. Han takka særskilt sine dyktige tilsette for at avtalen med den nasjonale oljegiganten vart landa. Arkiv.

EWOS 35 år: Ei av Florøs viktigaste bedrifter feira 35 års jubileum og delte ut utmerkinga til mange tilsette. – Vi er stolte over det vi har fått til. Men det er mykje hardt arbeid som ligg bak, sa fabrikkdirektør Rune Ryland. Arkiv


22

Forlèt Florø-sjuk

kavalkade 2014

JUNI: I slutten av juni flytta alle Helse Førde sine tilsette frå gamle Florø sjukehus og inn i det hypermoderne Sunnfjord Medisinske Senter i Florø.

Laurdag 27. desember 2014

Med det kan ein sette eit endeleg punktum for sjukehusdrift på den tradisjonelle måten i Florø. Sunnfjord Medisinske Senter ei samlokalisering av fastelegetenesta, fysioterapi, Nav, blodbank, dagtilbod innan spesialisthelsetenester og ambulansestasjon. Solberg-re-

Firdaposten

gjeringa brukar SMS-senteret som eit døme på korleis ein kan bygge opp lokalmedisinske senter. No startar også jobben med å finne ut kva ein kan bruke sjukehusbygget og eller tomta ved Storevatnet til i framtida.

KYSTVEG-POTENSIALET: Ordførar Bengt Solheim-Olsen, Kristin Maurstad frå Vågsøy Ap og ordførar Karl Vidar Førde frå profilerte Kystvegen og potensialet til vekst. Foto: Dag N. Frøyen Dei vil satse på reisetid på ein time Florø- Måløy.

SIKRA GJESTEBRYGGE: God oppdrettsdrift hos Nils Tore og Geir Karstensen sikra finansiering av ny gjestebrygge på Fanøya i Batalden. Grunneigar Svein Langøy Foto: Anne Marit Seljeseth spanderte gratis tomt.

RØNTGEN: Dette er ei av tenestene som er flytta til SMS. Dei fekk heilt nytt kamera til sjellett og lun tilsette, avdelingsleiar Gro Christiansen og radiografane Solfrid L Opheim og Lillian S. Helland byter på som skal evaluerast. Drifta er redusert, men opningstida er stabil.

REKORD, MEN: Jays storma inn til 9,95 på 100 meter på det store friidrettsstemnet i Florø til stor begeistring for nestor Rune Osa og publikum. Men ein vindmålar som stod Foto: Roger Bareksten. feil vinkla, gjorde at rekorden ikkje vart godkjent.

BUTIKKDUGNAD: Dugnadsgjengen med Ronald Reksten i spissen malte den lokale butikken med religiøs effektivitet på Svanøy i sommar. Støypejobben med eit glasFoto: Arve Solbakken tilbygg vart også gjort på fellesen.


kehuset for godt Firdaposten

kavalkade 2014

Laurdag 27. desember 2014

Ei anna stor politisk sak rullar vidare. Kystvegen-saka blir høgt profilert av ordførar Bengt Solheim-Olsen i Florø og Bremanger-ordførar Karl Vidar Førde. Med vegsamband via Terøy kan ein køyre bil til Svelgen på 20 minutt og komme seg til Måløy i løpet av ein time.

Denne månaden er det også klart at regjeringa har gått inn for at ein kan rekne inn ferjeavløysingsmidlar i 40 år i slike prosjekt. Det gjer at til dømes Måløy-Oldeideferja kan forsvare eit låneopptak på over ein milliard kroner.

23

Bengt Solheim-Olsen er sikker på at Erna Solberg sin lovnad i valkampen på 200 millionar til Kystveg-prosjektet kjem til å komme på plass, men då etter at prosjektet er ferdig greidd ut.

Botnane: Sigrid Moldestad tok Botnane med storm og samla 400 menneske til konsert i Bruheimen. Ho har tonesett dikt av Jan Magnus Bruheim, som hadde Foto: Heidi Hattestein diktarstova si i grenda i mange år.

Foto: Olav Hatlemark.

HIMMEL OG HAV: Publikumsrekord på 12 000 menneske på arrangementa og ein fin gest til Øystein Hjertenes, som overraskande fekk delt ut Kongens fortenestemedalje Foto: Dag N. Frøyen direkte på scena under Sildebordet.

NYTT OPPDRAG: Halvard Hovland i Havlandet Marin Yngel fekk eit nytt oppdrag, å ale opp berggylte på vegner av lokale lakseoppdrettarar. Sidan torskeoppdrettsnæringa Foto: David E. Antonsen er utradert, var dette godt nytt.

RASKAST GJENNOM TIDENE: Ben Jeffrey Benert (13) parkerte landets raskaste jamaldringa i fleire stemne på rad på både 60 og 100 meter. 13-åringen nærmar seg 12 Foto: Tone Strømmen Kjerpeset sekund blank på 100 meteren.

ngefotografering. Men dei har siste året mista røntgenlege Hovland, Ct- og ultralydtilboda. Dei tre å å ha kvar sin dag åleine på jobb i Florø. Resten av veka går dei dagskift i Førde i ei prøveordning


24

kavalkade 2014

JULI: Konserthendinga med Tupelo i Vetvika i Bremanger var høgdepunktet på ein fantastisk festivalsommar. Arrangøren gambla og vann.

Eventyrleg fes Laurdag 27. desember 2014

Festivalen i regi av Opplev Bremanger vart ein suksess frå ende til anna. Dei satsa høgt på ei heil veke med festival og det heile vart møtt med entusiasme og begeistring. Vår Moro-festivalen kunne notere seg ei tredje og

Firdaposten

vellykka utgåve av festivalen både med friske aktivitetar på sjø og land, men også suksess med arrangement på kveldstid med beachparty og anna løye. Hendingar internasjonalt sette også sitt preg på det lokale nyheitsbildet. VM i fotball vekker alltid engasje-

VÅT MORO: Våt moro-festivalen i Florø gjentok suksessen sin for tredje året på rad. Festivalsjef av året, Fredrik Helland, rekna med at minst 1200 menneske deltok på Foto: Heidi Hattestein festivalen denne sommaren.

DRØYMEJOBBEN: Øyvind Alsaker (t.v.) frå Florø, opplevde å ha drøymejobben som reporter og kommentator under VM i fotball i Brasil i sommar. Foto: Olof Andersson

surrealistisk: Opplev Bremanger sitt konsertarrangement i veglause Vetvika nordvest på Bre store festivalsommar i Flora og Bremanger. Dei var populære på Himmel og Hav-helga i Florø i juni, m

GAZA-engasjement: Under den islamske id-feiringa i Florø var krigen i Gaza og terrorfrykt noko deltakarane var opptekne av. Dei gjekk også i demonstrasjonstog for å Foto: Olav Hatlemark støtte dei krigsråka i Gaza.

GAZA ER JØDISK: Israel-vennen Kjell Tonheim vedgjekk at krigen i Gaza er ei tragisk hending, men påpeika overfor Gaza-støttespelarane at dette landområdet er og har alltid vore ei jødisk landområde. Arkiv


stivalsommar Firdaposten

Laurdag 27. desember 2014

ment og denne gongen var tidlegare Firdaposten-journalist og florøværing Øyvind Alsaker ein av hovudpersonane i TV-ruta. Krigen i Gaza var eit heitt tema og muslimane i Florø markerte seg sterkt med demonstrasjonstog og støtte

til dei krigsråka palestinarane. Dette sette sitt preg på den store id-feiringa i slutten av fastemånaden ramadan. Gaza-konflikten sett også sitt preg på debattspaltene i lokalavisa. Særskilt markerte Israel-vennen Kjell Tonheim seg med å slå fast ein gong for alle at Gaza er

kavalkade 2014

25

og har alltid vore eit jødisk landområde. I kraftlinjebygginga i Ålfoten blei det full stopp etter at grunneigarane fekk medhald i Gulating lagmannsrett om at vedtak om linjeframføringa i Sørdalen naturreservat ikkje var gjort formelt korrekt.

PROFF: Sondre Løkkebø Nybø (19) frå Eikefjord Basket fekk tilbod om å spele for eliteserieklubben Frøya i basketball. Han takka ja til dette og fekk etter kvart også spele for klubben i sin første sesong. Privat

emanger-landet vart ein suksess utan sidestykke. Samstundes var dette det irske bandet Tupelo sin men konserten i Vetvika vart sommarens høgdepunkt på festivalfronten. Foto: Cecilie E. Nygård

GOD STATOIL-KONTAKT: Bengt Solheim-Olsen (H) avviser kritikk frå den politiske opposisjonen om at dei borgarlege ikkje kjempar for basen. – Vi har aldri før hatt så god Foto: Dag N. Frøyen kontakt med Statoil, påpeika han.

TIL SILICON VALLEY.: Den engasjerte Svelgen-jenta Alice Beate Holm fekk draumejobb hos gründer Silje Vallestad i Silicon Valley i California. Kontakten mellom dei to vart oppretta via samtale på Facebook. Privat

KRAFTLINJA I ÅLFOTEN: Gulating lagmannsrett gav grunneigarane i Myklebustdalen medhald og bygginga vart stoppa. Politikarane i Bremanger presiserer Foto: Anita Ingebrigtsen igjen at dei i utgangspunktet var i mot denne traseen.


26

kavalkade 2014

AUGUST: Alle dei nye studentane i det nye subseastudiet i Florø var innflyttarar. Det viser kor attraktivt studiet er for dei som ha jobb i oljeindustrien.

Attraktivt su Laurdag 27. desember 2014

I slutten av månaden var andre kull på plass og vart møtt av ordførar med kjede og folk frå næringslivet i Florø. I første kullet var det åtte lokale studentar som kom inn på studiet, men søkjartala har gått oppover. Det er

Firdaposten

framleis for tidleg å seie om staten vil ta større delar av rekninga for studiet, som per i dag er delfinansiert av det lokale næringslivet. Klimaet for å opprette nye studiestader er ikkje det beste. Det går føre seg utgreiingar for å organisere utdanningsinstitusjonane i større ei-

NEDTUR: Fokuset enda på dommaren då Florø gjekk på eit tap mot Egersund i 2. divisjon. Spelarane og trenar Terje Rognsø reiv seg i håret over dømminga og måtte ta til Foto: Maiken Aa. Solbakken takke med tap 1–2.

TERØY-LINJA: Ordførarane i Flora og Bremanger gjekk ut med felles utspel om å satse på veg over Terøy og bruer vidare direkte til Florø. Det kostar mykje, men Foto: Olav Hatlemark samfunnsvinsten skal vere så mykje større.

subsea KULL Nr. 2: Studentane på subseastudiet i Florø vart møtt av næringslivstoppar og ordf andre delar av landet og satsar på dette fordi framtidas oljeutvinning vil gå føre seg ved bruk av unde

INNVANDRARBUTIKK TILGRISA: Ebrahim Ebrahimi opplevde for andre gong at butikken hans vart grisa til. – Eg veit ikkje om dette er rasistisk motivert, understreka Foto: Svend Arne Vee kjøpmannen i Hesteneset i Florø.

sjokkstorm: Tor Mjåseth frå Svelgen vart overraska av sjokkstormen «Lena» og vart tvinga til å søke ly under breen ved Gjegnen. Då han til slutt vart berga tenkte han Foto: Privat likevel: – Dette var ein veldig fin tur.


ubseastudium Firdaposten

Laurdag 27. desember 2014

ningar i tråd med stor=robust-tankegangen som gjennomsyrar det aller meste i samfunnsutviklinga. Månaden blei elles prega av at nedturen til Florø Fotball kom. Fokuset enda meir på kva som var gale med dommaren og dei berømte marginane som ikkje var på

rett side lenger. Inne i Eikefjord var det stor åtgaum under bygdefestivalen med storinnrykk av folk og storsal av rømmegraut og andre lokale lekkerbiskenar. Firdaposten var også på gardsbesøk i Svarthumle og let oss imponere

kavalkade 2014

27

over kreativitet og pågangsmot hos Mariann Kvalvik Kvamme og Jørn Kåre Kvamme. Hundrevis av gjestar frå fjern og nær var innom og hadde ein fantastisk fin dag oppe på Listene gard.

KLATRAR TIL NR. 2: Den lokale Kiwi-sejfen Inge Ødegård har fått utvida butikken sin og er Florø andre største i vareutval og omfang. Som unge likte han å bygge med Foto: Svend Arne Vee lego, og noko han har sjansen til også no i yrkeslivet.

førar med kjede rundt halsen då dei tok til som studentar i Florø. Nesten alle studentane kjem frå Foto: Heidi Hattestein ervass-installasjonar.

VIL VARME ETTER KONKURS: Tor-Helge Husevåg og John Sigurd Solberg står bak nytt varmepumpefirma i byen, Klimetekk. Husevåg understrekar at dei skal ta vare på dei gamle kundane også etter konkurs i tidlegare firma. Foto: Heidi Hattestein

RØMMEGRAUTREKORD: Eikefjorddagane vart velsigna med godt vêr og svoltne festivalgjengarar. Arrangøren selde rømmegraut for 50 000 kroner og dei noterte seg Foto: Svend Arne Vee for 7500 besøkande i løpet av heile helga.

OPEN GARD: Marianne Kvalvik Kvamme og Jørn Kåre Kvamme i Svarthumle fekk kjemperespons på Open gard-arrangementet sitt. Bondelagsleiar Per Hilleren meiner Foto: Arve Solbakken dei er eit eksempel til etterfølging.


10

kavalkade 2014

Kyrahola blei h

SEPTEMBER: Enkelte hevdar at Storåsen og Kyrahola som rekreasjonsområde er like heilagt som Nordmarka er for folk i hovudstaden.

Tysdag 30. desember 2014

Dette kan bli ei heit politisk potet i Flora framover. Rett nok kan verneverdig kystfuruskog og ein raudlista lavart som veks på rogn stikke kjeppar i hjula for planane, men vanlegvis lett ikkje slike planar seg stoppe av det. Då er det sjansen større for at eit breitt folkeleg en-

Firdaposten

gasjement kan gjere veg i vellinga i denne saka. Det handlar om at Flora gard som grunneigar ønsker å realisere verdiane i nokon av eigedommane sine. No ønsker dei å få på plass ei regulering som legg til rette for bygging av 70 bustader i Storåsen. Ein annan utbyg-

TEATERSJEF: Den unge skodespelaren frå Flora, Oda Alisøy, overraskar med å vere ein av søkarane til stillinga som teatersjef for Sogn og Fjordane Teater. Ho har Foto: Dag N. Frøyen teaterutdanning frå USA og arbeider som skodespelar.

kveleleik: Å leike seg med nesten-kveling har blitt ein ganske utbreitt aktivitet blant barn og unge heilt ned i tiårsalderen i Florø. Då slo skulane alarm og engasjerte Foto: David E. Antonsen. foreldra for å stoppe den farlege trenden.

Tor Albrigtsen: Florøværingen, som bur i Auklandsvegen og har nytta Storåsen som rekreasjo bustadbygging i Storåsen. Bakgrunnen er at Flora Gard ønsker å realisere verdien i nokon av eigedom å legge til rette for ein reguleringsplan.

KINOOPPTUR: 390 nye sete kom på plass i kinosalen i Flora samfunnshus. Anlegget fekk også nytt sceneutstyr og lydsystem. Kultursjef Ingvar Hopland meiner investeringa Foto: Dag Nesbø Frøyen på ni millionar har gitt dei mykje att for pengane.

NEI TIL RÅDHUS I BANKBYGGET: Ola Teigen og Ap var med å blokkere planane om nytt rådhus i sparebankbygget i Florø sentrum, eit prestisjeprosjekt for FloraFoto: Olav Hatlemark ordførar Bengt Solheim-Olsen.


heit politisk potet Firdaposten

kavalkade 2014

Tysdag 30. desember 2014

gar, Jan Bauge, stiller spørjeteikn ved det han kallar hestehandelen mellom Flora Gard og Flora kommune. Flora Gard eig som kjent mange eigedommar i Florø sentrum, som ofte har skapt utfordringar for prosjekt der. Bauge ønsker å bygge ut på Tua i sentrum, men har

etter naboprotestar fått nei av plan- og utbyggingsutvalet. Det same utvalet sa ja til å lage reguleringsplan for Kyrahola. Leiar i plan og miljø, Hanne Husebø Kristensen (H) meiner at dei to sakene nemnt her ikkje kan samanlik-

11

nast. Men ho er klar på at utbygging av bustadområde i Kyrahola vil bli ei sak som blir utfordrande å handtere for dei lokale politikarane. – Vi tek stilling til utbyggingssaka når den kjem på vårt bord og den vil bli vurdert på lik linje med andre slike saker, seier ho.

kan og vil: Dei kan og dei vil og dei får det til i Eikefjord. I september kunne leiar i Eikefjord idrettslag, Lars Terje Standal, tromme lag og organisasjonar saman til Foto: Arve Solbakken markering av at stinettet i nordre del av bygda var ferdig.

Foto: Dag N. Frøyen

sjaman i ausevika: Olaug Høydal fekk realisert draumen om å vere sjaman for ein dag då det vart tromma saman til flott familiearrangement i steinaldersenteret i Foto: Dag N. Frøyen Ausevika i Flora kommune.

HAR FÅTT NOK: Bremanger-ordførar Karl Vidar Førde har fått nok av ordførargjerninga. Han har helseutfordringar i familien og dessutan har kraftlinjesaka i Foto: Heidi Hattestein heimbygda teke svært mykje energi.

KYSTVEG I FARE: Frank Willy Djuvik (Frp) meiner at eit kommunesamarbeid i Sunnfjord vil undergrave arbeidet for å realisere Kystvegen. Han meiner Flora må sjå Foto: Dag N. Frøyen mot kysten for kommunesamarbeid.

onsområde heile livet, er sjokka over at Flora kommune no vurderer å legge til rette for mmane sine, men bygging i sjølvaste Storåsen får mange lokale folk til å sjå raudt. Politikarane ønsker


12

kavalkade 2014

OKTOBER: Erlend Bjerck og Robin Madsen med Innovasjon Norge og Norsk Forskingsråd i ryggen utviklar ny teknologi for skipsindustrien.

Utviklar ny do Tysdag 30. desember 2014

Dette vart publisert i oktober, då dei fekk nasjonal merksemd for ei oppfinning mange meiner kan revolusjonere korleis ein tek fartøy inn og ut av ei skipsdokk. Dei har starta selskapet REMB Technologies. I oktober fekk vi også sjå det førebels einaste utsla-

Firdaposten

get av det såkalla næringslivssporet som skal sikre framtida til Fjord Base i Florø. Som kjent skal Statoil flytt forsyningsaktiviteten til installasjonane i Nordsjøen til Mongstad Base. Det lokale næringslivet samla seg då om ei rekkje forslag til Statoil, som samsegling

ØKONOM OG DIPLOMAT: 15 års fartstid som diplomat ved norske ambassadar i utlandet, kan kanskje komme godt med når Arne Olsen skal vere mannen som saman Foto:David E.Antonsen med Statoil ser på alternativ utvikling av basen i Florø.

mista 59 dyr: Aleksander Frøyen i Kalvåg har mista 59 sauer med stort og smått på beite i sommar og haust. - Å miste ein fjerdedel av flokken er meiningslaust, seier den Foto: Annbjørg Hauge-Nygård unge bonden.

gründerar: Erlend Bjerck og Robin Madsen med Innovasjon Norge og Norsk Forskingsråd i rygg konseptet går ut på er ikkje lett å få vite førebels, for dei to karane held korta tett ved brystet.

BETRE ØKONOMI ENN VENTA: Samfunnsvitar Håvard Moe overraska bystyret i Flora med at økonomien i kystkommunen er betre enn dei sjølv hadde inntrykk av. Flora Foto:Olav Hatlemark har større inntekter enn dei fleste.

KULTURTÅRNET: Der det er dugnad, der finn du som regel Aslak Holmen, som den eldsjela han er. Han er engasjert i arbeidet med å bygge opp Kulturtårnet i Storåsen av Foto: Olav Hatlemark den gamle vasstanken der.


okk-teknologi Firdaposten

Tysdag 30. desember 2014

ut frå basane og oppretting av ei båtrute mellom basane. Forslaga blei presentert som ein «goodie-bag» til Statoil skulle spare oljeselskapet for store kostnader. I oktober blei Arne Olsen tilsett i det Statoil-støtta Petro-Flora. Han er seniorrådgjevar og samstundes

knytt til utviklingsselskapet Fram Flora. Dei har fire satsingsområde: Ungdom og utdanning, utvikling av meir subsea-kompetanse, samsegling av gods frå Florø og andre petromaritime moglegheiter. – Petro-Flora- avtalen er eit verktøy for utvikling og

kavalkade 2014

13

gjennom denne avtalen så får vi tettare band til Statoil i det utviklingsarbeidet som vi jobbar med, seier Olsen, som ser på avtalen som eit god-viljeserklæring frå Statoil og ikkje som eit billeg plaster-på-såret.

biljardæren: Kim Ronny Nygård frå Kalvåg har ein sjeldan sjukdom og sit i rullestol. Han dyrkar biljardstporten for å meistre smertene som han må takle i Foto: David Bowen. kvardagen.

Foto:David E. Antonsen

BLIR HJORTEOPPDRETTAR: Karl Vidar Førde, ordføraren frå Ålfoten, har funne ut kva han skal gjere når han ikkje lenger er ordførar i Bremanger. Han ønskjer å starte ein hjortefarm i Ålfoten. Arkiv

BØR KUTTE BÅTRUTER: Johnny Jeppesen på Askrova fekk mykje motbør då han hevda at øybuarane før neste anbodsrunde. Han reiste spørsmål om ein eigentleg treng Foto; David E. Antonsen kveldsrute kvar einaste kveld eller føremiddagsrute.

katastrofe for sjømatnæringa: Ingvar Osland, er den ppdrettaren som bur nærmast det planlagde sjødeponiet for Nordic Mining i Vevring. Han fryktar Foto: Arve Solbakken sjødeponiet vil øydelegge heile næringsgrunnlaget.

gen jobbar med ny teknologi for dokking av skip. Dette skal prøvast ut ved Westcon Yard Florø. Kva


14

Her er framtidas

kavalkade 2014

NOVEMBER: For puslete, meiner Jan Helge Dale om dei planane som så langt er lagt frå for framtidig bruk av sjukehustomta. Han tenker stort.

Tysdag 30. desember 2014

Kommuneoverlege Jan Helge Dale meiner Flora sine folkevalde verkeleg må ta på dei langsiktige brillene når det gjeld framtidig utnytting av sjukehustomta i byen. – Alt eg har sett av tankar og planar så langt er puslete

Firdaposten

og manglar forståing for dei store utfordringane vi som samfunn snart står overfor. I 2030 vil vi ha fleire personar over åtti år enn det finst innbyggarar i Solund kommune. Å tru at det kommunale helseapparatet skal reise rundt i småbilar og tilby tenester og pleie til

Berleporten: Berleporten fekk sitt offisielle skilt i slutten av november til stor glede for lobbyist og sekretær Anne Kristoffersen i Berle Grendelag. Saka har brukt to år Foto: Privat gjennom ulike kommunale, fylkeskommunale og nasjonale instansar.

HELT 47 år etter: For 47 år sidan redda Arne Grotle (t.v.) den to år gamle dottera Aud Elin til Olav Igland frå å drukne. No i november var Firdaposten med då Olav takka Foto: Heidi Hattestein Arne for heltemodig innsats.

sjukehustomta: Slik ser kommunelege Jan Helge Dale for seg at omsorgstenestene i Flora kan gjere det offentlege i stand til å takle den eldrebølga som alle veit vil komme. – Sjukehuset tente oss i h Dale, som også er sentral i Flora Ap.

HANDLAR MEIR I FLORØ: Detaljhandelen i Flora har gått fram ti prosent dei siste fem åra, medan utviklinga har vore den motsette i Førde. Dette kom fram frå tal av Foto: David Bowen Statistisk sentralbyrå. (SSB)

KOKKETALENT FRÅ KALVÅG: Martine Fosse (20) representerte Norge i junior VM i kokkekunst i Luxembourg. Ho og laget fekk til slutt bronse samanlagt, men dei tok gullmedaljar i enkelte disiplinar. Pressefoto


s omsorgssenter Firdaposten

kavalkade 2014

Tysdag 30. desember 2014

kvar einskild i heimen er i beste fall naivt. Det har vi knapt ressursar til i dag, på høgda av oljerikdommen vår. Og vi vil definitivt ikkje ha det om 20 år, slår Dale fast. Difor lanserer han no planar som bokstaveleg talt er

høgtsvevande. – Vi må bygge stort, høgt og framtidsretta. Eit stort bygningskompleks, gjerne på 20 etasjar må til. Det blir som ein liten by i byen, med møteplassar, gjerne butikkar og tenestetilbod, med leilegheiter og med tilrette-

15

lagde leilegheiter der ein kan flytte inn når alderdom og helse krev det. Berre slik kan vi sikre eit kostnadseffektivt pleie- og omsorgstilbod om 20–30 år, meiner kommunelegen.

KRIPOS ÅTVARA: – Ikkje la dykk lure. Devils Choice- motorsykkelklubb i Florø er ein farleg gjeng, påpeika Kripos overfor politikarane i Flora. Som vanleg hadde ikkje medlemmene i den Hells Angels-assosierte klubben mandat til å uttale seg. Arkiv

n gjerast effektive i framtida. Alle tenester og funksjonar kan samlast under eit tak sentralt i Florø og hundre år, men med dette bygget kan vi få eit bygg som tener innbyggarane i hundre år til, påpeikar

START TIL JUL: BG Norge sitt produksjonsskip «Petrojarl Knarr» startar produksjon av olje og gass rett vest av Bremanger til jul. BG Norge har etablert 40–50 arbeidsplassar på oljebasen i Florø og er operatør nr. 3 på basen. Pressefoto

KAN NULLE ut TERRA: Med sal av kraftstasjonane Svelgen 1 og Svelgen 2, kan Bremanger nulle ut det akkumulerte Terra-tapet på 145 millionar og likevel sitte att med Foto: Heidi Hattestein 21 millionar kroner på eit fond.

elkem i svelgen: Som første industribygg i landet vart Elkem fargelagt ved hjelp av lys under Kulturnatt Nordfjord. Lyssettingsprosjektet er ein del av prosjektet Reiseliv i Foto: David Bowen industriens Vogge, eit europeisk reiselivsnettverk.


18

kavalkade 2014

Endeleg skuleju

DESEMBER: Etter det store bystyremøtet i desember kunne eikefjordingane endeleg sleppe jubelen laus. Det skal byggast ny skule i bygda.

Tysdag 30. desember 2014

Flora bystyre vedtok rett før jul å gi Skanska Florø oppdraget med å bygge nye Eikefjord skule. Skanska har levert inn eit såkalla «Design and build»-anbod, eit prosjekt dei har teikna, utforma, skal bygge og møblere. Planen er å rive dei gamle skulebygningane, og byg-

Firdaposten

ge heilt nytt på same tomt. – Det blir eit nøkkelferdig bygg, heilt komplett, med alle møblar og inventar, fortel prosjektleiar hos Skanska, Lars Osland. Eit lite atterhald er det endå. Eventuelle andre tilby-

tor med hammaren: I desember har det vore mykje lyn og torden, som har skaffa elektrobransjen gode tider. Her slo lynet ned i hagen hos Per Olav Frøyen i Foto: David E. Antonsen Svarthammaren i Florø.

flyplass i fare: Avinor greier ut ein framtidig flyplass-struktur med færre flyplassar. Då tok den fogderidrevne debatten i Sogn og Fjordane full fyr med ein gong og slo ein kile inn i Sunnfjord-samarbeidet. Arkiv

JUBEL: Eikefjordingane jubla for ny skule under bystyremøtet tysdag. F.v. Eikefjord-rektor Heidi H. A Unge Høgre), Ingvar T. Myrvollen (FAU), Nina H. Liseth (H), Ola Dagfinn Hovland (H) og Jarle Storevik

OPPTUR: Reiar Rune Nilsen og folket om bord i «Skjongholm» opplever ein skikkeleg opptur etter mange tunge driftsår med svært låge prisar på torsk og sei. Heile bransjen får no eit etterlengra løft. Arkiv

SAMANSLÅINGSPAUSE: Politikarane i Bremanger bestemte seg for å bruke tid på å greie ut om dei kan sleppe å slå seg saman med andre kommunar. - Dersom vi mister kraftinntektene våre på kring 50 mill. vil det vere eit ran, sa Per Helge Eikeland (Ap)


ubel i Eikefjord Firdaposten

Tysdag 30. desember 2014

darar har klagefrist på anbodet. Og politikarane har i vedtaket sagt at dei skal gå vidare med skuleprosjektet i ein «samspelsfase» med Skanska. Totalentrepriseavtalen skal inngåast om prosjektet etter «samspelsfasen» framleis er innanfor den økonomiske ramma po-

litikarane har sett. Bystyret har sett av totalt 100 millionar kroner til skuleprosjektet, inkludert planlegging og alt, mens ramma på sjølve byggeprosjektet er på 85 millionar kroner.

kavalkade 2014

19

– Dette blir ein kjempeskule. Prosjektet til Skanska ser utruleg spennande ut, og er fantastisk flott. Heile bygda blir nok veldig glade om dette blir ein realitet. Og Skanska har heldt seg innanfor ramma, så sjansane er jo store for at det blir realisert, seier Ola Teigen (Ap)

GALLERI 34: Gunnhild Bjelland frå Batalden opna profesjonelt galleri i Strandgata 34 . Ho har hatt eige galleri på Batalden Havbu i ei årrekke, men no opprettar ho rett og Foto:Mikail Eldin slett ein filial inne i byen.

Aasen, Trine Hovland (H), Solbjørg Tonheim (Ap), Anders Ole Sunnarvik (Ap), Bendik H. Liseth (U.by./ Foto: Linda R. Bruvik (Ap).

KOLSET SKULE: Gleda var stor blant foreldra då formannskapet snudde eit administrativt vedtak som kunne vere starten på slutten for Kolset skule i indre Foto:Arve Solbakken Bremanger. Elevtala er fallande, medan folketalet går opp.

BARNEVERNSKRISE: Gry Ommedal og barnevernet i Flora har aldri fått så mange uromeldingar og plasseringssaker som no. - Presset på tilsette er stort, understreka Foto: Olav Hatlemark leiaren for barnevernet. Politikarane vil kutte i tenesta.

BORTE VEKK: Skaflestad-huset (t.h.) blei rive og jamna med jorda no i desember for å gje tomteplass til nye bygg ved Amfisenteret i Florø. Det vart bygd av slaktar O. Skaflestad i 1936 og har vore eigd av Hollevik-brørne siste åra. Foto: David Bowen.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.