Kom info august 2013

Page 1

framtidsretta - inkluderande - kvalitetsbevisst - tenestevillig

Annonseinformasjon

AUGUST 2013


framtidsretta - inkluderande - kvalitetsbevisst - tenestevillig

LEDIGE STILLINGAR For tida har vi følgjande ledige stillingar i Lindås kommune: Undervisningsinspektør – Alversund skule Vernepleiar – Eining for funksjonshemma Helsefagarbeidarar – Eining for funksjonshemma Vil du vita meir? -Gå inn på vår heimeside www.lindas.kommune.no.

”UTBYGGINGSAVTALE I LINDÅS KOMMUNE – OFFENTLEG ETTERSYN Plan- og miljøutvalet i Lindås kommune har i møte den 21.08.13, sak 133/13 vedteke å leggje ut til offentleg ettersyn framlegg til utbyggingsavtale for Galtaråsen industriområde, NKI 3/4. Det er framforhandla framlegg til utbyggingsavtale mellom Lindås kommune og Entreprenørparken as, i samband med planlagt utbygging for del av Galtaråsen industriområde. Framlegg til utbyggingsavtale er gjort i medhald av plan- og bygningslova sin § 17- 4, og skal vera styrande for feltutbygginga innanfor reguleringsplanen. Offentlege instansar, samt grunneigarar/ naboar som vert råka av tiltaka vil få særskilt varsel. Dokumenta ligg til offentleg ettersyn i perioden frå 28.08.13 – 01.10.13 på rådhuset i Knarvik, og på kommunen si heimeside. Merknader til avtalen må sendast Lindås kommune, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø, eller postmottak@lindas.kommune.no, innan 01.10.13.”

GODKJENT UTBYGGINGSAVTALE I samsvar med plan- og bygningslova § 17-4, vert det med dette kunngjort at det er inngått utbyggingsavtale for Helleåsen bustadområde, med bakgrunn i reguleringsplan for Helleåsen bustadområde på Apalen, gnr. 202, bnr. 3 mfl., vedtatt 10.02.2011, sak nr. 5/11.

torsdag kl. 11:00 – 15:00 fredag kl. 14:00 – 19:00 laurdag kl. 11:00 – 15:00 Lindås senter - torget torsdag kl. 14:00 – 17:00 laurdag kl. 11:00 – 14:00 Ta med valkortet du får tilsendt, veljarar som er ukjende for røystemottakar skal legitimere seg. Veljarar på helse- og sosialinstitusjonane i Lindås kommune kan førehandsrøyste her: Såta bu- og servicesenter tysdag 3. september kl. 09:00 – 10:15 Knarvik sjukeheim tysdag 3. september kl. 10:30 – 12:00 Lindåstunet tysdag 3. september kl. 14.00-15.00

Måndag 9.september skal det haldast stortingsval Du har røysterett dersom du er norsk statsborgar og vert 18 år seinast 31.desember 2013 Her kan du røysta: Idrettsbygget Ostereidet for Ostereidet krins (og tidlegare Romarheim/Urdal og Stranda krins) Kløvheim skule for Kløvheim krins Myking skule for Myking krins Eikanger skule for Eikanger krins Festo skule for Feste krins Skodvin skule for Skodvin krins Lindåshallen for Lindås krins (og tidlegare Åsheim og Natås krins) Leiknes skule for Leiknes krins Alversund skule for Alversund krins Strilatun for Seim krins Knarvik barneskule for Knarvik krins

Ein familie til eit søskenpar. Jente 9 år og gutt 6 år. Dei kan vere saman eller kvar for seg i ein eller to familiar. Ta gjerne kontakt sjølv om desse konkrete barna ikke synast å passa inn hjå dykk. Vi ofte kontakt med barn som har behov for besøksheim. Dersom dette høyrest interessant ut, ta kontakt med barneverntenesta v/ Ingvill Skage Nøttveit på e-post ingvill.skage.nottveit@lindas.kommune.no eller tlf: 56 37 50 82. Løn og utgiftsdekning etter kommunen sine satsar.

MEININGSFULL FRITID! Kan du tenkje deg å vera med å skaffe andre ei meiningsfull fritid? Har du tid til overs, er aktiv og har lyst til å gjera noko kjekt? Då kan du bli støttekontakt i Lindås kommune! Me treng kvinner og menn frå 18 år og oppover. Førarkort og bil er ei føremon.

INFORMASJON OM BUSTØTTE

Ta kontakt på telefon 56 37 54 85 eller send ein e-post til kristin.rongevaer@lindas.kommune.no

Bustøtte er ei statleg økonomisk støtteordning for dei som har høge buutgifter og låg inntekt.

Bustaden du søkjer bustøtte for, må vera godkjent heilårsbustad. Du kan søkje bustøtte for buugifter enten leiger eller eig bustaden. Ver merksam på at du må vere registrert som busett i folkeregisteret i den bustaden du søkjer støtte til. Størrelsen på bustøtta er avhengig av buugifter og inntekta til husstanden.

Er laget ditt oppdatert på Lindås kommune si web-side?

Bustøtteskjema finn du på Lindås kommune si heimeside, lindas.kommune.no, eller i ekspedisjonen på rådhuset. Du når oss på telefon: 56375000.

Me treng bøsseberarar til årets TV-aksjon i Lindås kommune. Meld deg på Frivilligsentralen: tlf. 56375146 eller gro.sundal@lindas.kommune.no

Veljarar som er ukjende for røystemottakar skal legitimere seg.

Søknaden med dokumentasjon kan sendast til: Lindås kommune, v/ Bestillarkontoret. Merk konvolutten ”Bustøtte”.

INGEN TID Å MISTE !

Manntala ligg ved fylgjande plassar: • Biblioteket i Knarvik • Ekspedisjonen på rådhuset • Kiwi, Lindås senter • Kiwi, Ikenberget • Rema 1000, Ostereidet Har du flytta til kommunen og folkeregisteret ikkje har fått melding før fristen 1. juli står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå. Du kan då røysta på valdagen i den kommunen du flytta frå, eller du kan førehandsrøyste.

Frå programmet i Knarvik innformerer vi om fyljande: Lindås Kulturskule har flytta hovudkontoret og all undervisning i frå Knarvik senter til Paviljongen, som ligg overfor Lindås Rådhus. Ledige plasser på Kulturskulen: • Dans • Drama • Biletkunst/visuell kunst Meld deg på snarast for å sikre deg plass. Elektronisk påmelding heile året! Frå 1. januar 2012 skal alle påmeldingar gjerast på det elektroniske påmeldingsskjemaet som du finn på kommunen si heimeside. Gjer slik: A) Du går inn på internett - finn heimesida til Lindås Kommune B) Trykk på knappen ”Kultur og Fritid” C) Klikk på ” Lindås Kulturskule” nede på høgre side. D) Finn skjema, fyll ut og send inn DATO FOR UTMELDING: Utmeldingsfrist for haustsemesteret 1. april Utmeldingsfrist for vårsemesteret 1. november Ved utmelding etter fristen må ein betale full semesteravgift. Alle utmeldingar SKAL vere skriftleg på e-post. kulturskulen@lindas.kommune.no

Du finn meir informasjon om bustøtte på Husbanken sine nettsider, husbanken.no. Der kan du også laste ned søknadsskjema.

BESØKSHEIM BARNEVERNTENESTA Barneverntenesta i Lindås søkjer etter familiar som kan tenkje seg å vere besøksheim for barn/ungdom. Dersom de har tid, overskot og lyst til å hjelpe andre er de kanskje den rette familien for barn som treng ein familie å reise til ein eller to helger i månaden. Vi treng ulike typar familiar – alt etter kva barnet har behov for. Vi søkjer spesielt etter familiar til: Tre familiar til tre brødre i alderen 4-8 år. Guttane er tre aktive og glade guttar som liker å vere ute

Lindås Rådhus, Knarvik, 5914 Isdalstø. Tlf: 56 37 50 00 Faks: 56 37 50 01 Epost: postmottak@lindås.kommune.no www.lindås.kommune.no

LINDÅS BIBLIOTEK PANG-OPNING: Lindås filial har flytta til Lindåshallen Det nye lokalet opnar fredag 6. september: PROGRAM: kl 18.00 Vilvite-showet «Pang!» kl 18.30: Opning ved Ordførar Astrid Aarhus Byrknes Alle velkomne! Opningstider Lindås bibliotek, Knarvik Tysdag 11-19 Onsdag 11-19 Torsdag 11-15 Fredag 14-19 Laurdag 11-15

Lindås filial, Lindås-hallen Personalet er tilstades: Måndag 14-19 Torsdag 13-16

NYTT: Filialen kan nyttast når hallen er open, sjølv om ikkje personalet er til stades. Måndag-torsdag 17-20. (Tidene kan variere, sjekk med Lindåshallen. Første opningsdag: Fredag 6. september kl 18.00)

SEPTEMBER: Mandag 02.09 Helsetrim ved Reidun Sæbdal kl.12.00 Onsdag 04.09 Seniortreff og kortklubb kl.12.00 Fredag 06.09 Syng med oss! med Otto Aksnes ved pianoet kl.12.00 Mandag 09.09 Helsetrim ved Reidun Sæbdal kl.12.00 Onsdag 11.09 Strikkekafe og kortklubb kl.12.00 Fredag 13.09 Seniordans ved Audhild Sagosen kl.12.00 Mandag 16.09 Helsetrim ved Reidun Sæbdal kl.12.00 Onsdag 18.09 Seniortreff og kortklubb kl.12.00 Fredag 20.09 Underhaldning og allsong ved MELAND PENSJONISTKOR kl.12.00 Mandag 23.09 Helsetrim ved Reidun Sæbdal kl.12.00 Tysdag 24.09 SENIORUNIVERSITETET: Den økonomiske krisa i Europa v/prfessor Ola Grytten Onsdag 25.09 Underhaldning og allsong ved RAMONA SULEN og LESLIE EGERER kl.12.00 Fredag 27.09 Seniordans ved Audhild Sagosen kl.12.00 Mandag 30.09 Helsetrim ved Reidun Sæbdal kl.1200 Senior og aktivitetssenteret Ostereidet har lokalar i Ostereidet senter tysdagar frå kl.10.0014.00. Her er kafe`tilbod med middagsservering. Middag må bestilles på førehand ( helst i veka før) til kjøkkenet på Knarvik sjukeheim tlf. 56375710 eller hos Aud Furdal tlf. 56375718. Kom innom for ein kopp kaffi, ein prat og aktivitet. Frå programmet informerar vi fyljande;

Er de registrert i Frivilligregisteret i Brønnøysund, kan de søkje om midlar på Tilskuddsportalen til Lindås kommune. Kulturmidlar er utanom og dei kan alle søkje på. Sjå kommunen si heimeside : www.lindas.kommune.no

På valdagen kan du røysta i ein annan krins enn der du er manntalsførd, men det må vera ein krins i Lindås kommune.

STÅR DU I MANNTALET I LINDÅS KOMMUNE?

laurdag 07.09 kl. 16.00.

Kven kan søkje om bustøtte? Alle over 18 år kan søkje om bustøtte, med unntak av studentar utan barn og personar i førstegongsteneste. Desse har eigne ordningar.

Ta kontakt med Frivilligsentralen Tlf 56 37 51 46 – gro.sundal@lindas.kommune.no

Manntala vert lagt ut til offentleg ettersyn så snart det let seg gjera etter 1.juli og fram til valdagen.

Biblioteket i Knarvik måndag stengt tysdag og onsdag kl. 11:00 – 19:00

og i fysisk aktivitet. Dei er både glade i og vande med dyr.

Søknad og fristar. Søknadsfristen er den 14. i kvar månad, og utbetaling er ca. 10. i månaden etter.

STORTINGS- OG SAMETINGSVALET 2013

Ekspedisjonen på rådhuset måndag – fredag kl. 08:00 – 15:30

Lindås kommune Astrid Aarhus Byrknes ordførar/leiar valstyret

Veljarar som på grunn av sjukdom eller uførleik ikkje kan røyste der det vert halde førehandsrøysting, kan søkje om å røysta heime. Søknad vert å sende til Valstyret i Lindås kommune, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø.

For å kunne røyste ved Stortingsvalet 2013 må du stå i manntalet. For å kunna røysta ved Sametingsvalet må du stå i Sametinget sitt manntal.

Du kan førehandsrøyste her:

Dersom du meiner du sjølve eller nokon annan uriktig er innførd eller utelete frå Sametinget sitt valmanntal i kommunen, kan krav om retting sendast Sametinget. Kravet skal vera skriftleg og grunngjeve og skal sendast til: Sámediggi – Sametinget, Ávjovárgeaidnu 50, 9730 Karasjok/Kárášjohka

Lindås bu- og servicesenter onsdag 4. september kl. 09:30 – 11:00 Ostertunet onsdag 4. september kl. 14:00 – 15:00

Partar i avtalen er Lindås kommune og Hjelmåsen AS. Avtalen er godkjent i kommunestyret 20. juni 2013, sak nr. 52/13.

FØREHANDSRØYSTER Veljarar som ynskjer det kan førehandsrøyste i tida 12. august til og med 6. september 2013

Dersom du ikkje er oppført i manntalet eller det er andre feil, kan krav om retting sendast valstyret. Kravet må vera skriftleg, og skal sendast til: Valstyret i Lindås kommune, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø

SENIOR OG AKTIVITETSSENTER I LINDÅS KOMMUNE INFORMERER: Kafeen og seniorsenteret med lokaler i Knarvik Sjukeheim har åpent mandag, onsdag og fredag fra 10.00 – 15.00. Ein kan kjøpe middag og dessert eller ta ein kopp kaffi desse dagane. Tysdag og torsdag må ein bestille dagen før til kjøkkenet på tlf. 56375710 eller Knarvik seniorsenter tlf. 56 37 5718. Aktivitetane byrjar kl.12.00. Senteret har også med frivillige som gjør ein stor innsats. Vi har bruk for fleire , SENIORAR + 55 år og FRIVILLIGE, så ta gjerne kontakt. I Galleri Utsyn er det ny utstilling kvar månad og opningstida er alle kvardagar frå kl.08.00- 15.30. Denne månaden er det Magna Eknes som har maleriutstilling med stor opning og underhaldning

OPNE MØTE

SEPTEMBER: Tysdag 03.09 Helsetrim ved Gunnar Hosøykl.10.30 Seniordans ved Aud Furdal Bingo med Inger Marie Fyllingsnes kl.11.00 Tysdag 10.09 Helsetrim ved Gunnar Hosøy kl.10.30 Syng med oss ved Inger Britt Holsen kl.11.00 Bingo med Inger Marie Fyllingsnes kl.12.00 Tysdag 17.09 Helsetrim ved Gunnar Hosøy kl.10.30. Ostereidet barnehage på besøkkl.11 Bingo med Inger Marie Fyllingsnes kl.12.00 Tysdag 24.09 Helsetrim ved Gunnar Hosøy kl.10.30 Bingo ved Inger Marie Fyllingsnes kl.12.00 Helsing frå oss i Senior- og aktivitetsenteret

28.08.2013 – 24.09.2013

Formannskapet – strategimøte Valstyre Valstyre Formannskapet Kommunestyret Kontrollutvalet

05.09.2013 09.09.2013 10.09.2013 12.09.2013 12.09.2013 24.09.2013

08:30 20:00 14:00 10:30 12:00 09:00

Alver hotell Rådhuset Rådhuset Knarvik sjukeheim Knarvik sjukeheim Rådhuset

Møta i dei kommunale organa er med få unnatak offentlege, d.v.s. at publikum og presse kan vera til stades. Sakspapira vert sendt ut elektronisk og publikum kan få tilgang til pc og lesa sakene i ekspedisjonen på rådhuset og folkeboksamlingane i Knarvik og Lindås minst 7 dagar før møtet. Sakspapira ligg og på heimesida til Lindås kommune.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.