framtidsretta - inkluderande - kvalitetsbevisst - tenestevillig
Annonseinformasjon
JANUAR 2013
framtidsretta - inkluderande - kvalitetsbevisst - tenestevillig
HELSESEKRETÆR – RINGEVIKAR/EKSTRAHJELP Vi søkjer etter helsesekretær som kan arbeida som ringevikar/ekstrahjelp ved legekontora i Lindås Er du interessert kan du ta kontakt med einingsleiar Reidun S. Sæbdal, e-post: reidun.sebdal@lindas.kommune.no tlf 56 37 57 21 / 913 77 514
HØYRING – KUNNGJERING Kommunedelplan skule – rullering 2012-2013 Levekårsutvalet i Lindås gjorde 03.01.13 følgjande vedtak: Kommunedelplan skule 2010-2020 – rullering 2012-2013” vert lagt ut på høyring. Plandokumentet med vedlegg ligg ute til høyring i perioden 7.januar – 14.februar 2013 på Lindås rådhus (kommuneekspedisjonen). Planen ligg også på www.lindas.kommune.no Merknader til plandokumentet kan sendast innan 14.februar 2013 til Lindås kommune, Kvernhusmyrane 20, 5914 ISDALSTØ eller til postmottak@lindas.kommune.no
Frist for å søkje barnehageplass i hovudopptaket er 1.mars 2013. Opptaket vil verte gjort i mars / april, og skriftleg melding vil verte sendt den enkelte etter at vedtak er fatta. Rådmannen
INNSKRIVING AV NYE ELEVAR I GRUNNSKULEN FRÅ HAUSTEN 2013 I § 2-1 i ”Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa” står det mellom anna: ”Grunnskoleopplæringa skal til vanleg ta til det kalenderåret barnet fyller 6 år.” For elevar som skal ta til på 1.årssteget i grunnskulen i Lindås kommune hausten 2013, vert det innskriving på skulane i veke 6 (ev veke 5). Alle barn som fyller 6 år i 2013, vil få skriftleg melding om tid og stad for innskriving. Barn/foreldre som har flytta til kommunen eller inne i kommunen siste halvår 2012, må ta kontakt med næraste skule for å sjekka om dei er registret i skulen sitt elevgrunnlag. Alternativ skulestart: Foreldre/føresette har høve til å søkja om utsett skulestart, og det er også høve til å søkja skulestart for barn som fyller 5 år før 1. april 2013. Søknad skal sendast til skulen. Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) gjev ei vurdering av barnet og gjev råd til rådmannen som tek avgjerd. Er det spørsmål i samband med innskrivinga, kan de ta kontakt med heimeskulen eller fagsjef for skule på Rådhuset, tlf. 5637 5141
Det er utarbeidd to elektroniske søknadsskjema til barnehageopptak, eit for 2012/2013 og eit for 2013/2014. I samband med søknad til hovudopptaket, søknadsfrist 01.03.2013, skal ein bruke skjemaet for 2013/2014. Søknadsskjema finn ein på Lindås kommune si heimeside, adresse: www.lindas.kommune.no Dokumentasjon til søknad skal sendast til Lindås kommune, Dokumentsenteret, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø. Dersom nokon ikkje har tilgang til internett kan dei ta kontakt med ekspedisjonen på rådhuset og få hjelp.
Er laget ditt registrert i Frivilligregisteret og har adresse i Lindås, kan de søkje om midlar på Tilskuddsportalen. Kulturmidlar er utanom og dei kan alle søkje på. Sjå kommunen si heimeside: www.lindas.kommune.no Tasten dataklubbar for seniorar – vårsesongen Sosialrommet i Lindåshallen onsd. start 13. februar kl 11 - 13 Knarvik senior- og aktivitetssenter torsd. start 07. februar kl 11 - 13
KULTURMIDLAR 2013 UNGDOMMENS KULTURMØNSTRING Driv du med musikk, dans, tegning, forming, husflid, foto, video, teater, revy eller noko anna spannande, meld deg på UKM!
NB! Søknadsfristane er absolutte!
UKM vert arrangert laurdag 02. februar på Sæbø skule i Austmarka i Radøy kommune.
Elektroniske søknadsskjema finn du på: www.lindas.kommune.no
Ungdom mellom 10-19 år kan delta med sceneopptreden, video og/eller delta på utstillinga.
Har du ikkje tilgong til internett, ta kontakt med kulturkontoret, så får du hjelp - tlf 56 37 50 00
Påmeldingsfrist er sett til 18. januar. Påmelding skjer på www.ukm.no
FOLKEMØTE - søknad om utslepp av radioaktivt spylevatn til Fensfjorden, m.m. Norsk Gjenvinning Industri AS har i forbindelse med at dei ynskjer å vidareutvikle sitt anlegg på Mongstad Miljøpark søkt om løyve til mottak og mellomlagring av radioaktivt avfall over og under deponeringsgrensa, samt spyling av NORM-kontaminert utstyr og utslepp av radioaktivt spylevann til
Senior -og aktivitetssenter Lindås
Har du spørsmål, kontakt Kulturkontoret v/Eileen på tlf 56 37 51 37 eller epost eileen.feste@lindas.kommune.no
Frå programmet i Knarvik innformerer vi om fyljande:
LINDÅS KULTURSKULE: NOKRE FÅ LEDIGE PLASSAR PÅ DANS Stad: Knarvik på LOAS Dag: Onsdagar Dansepedagog: Torill Mjelde Siste dag for opptak i gruppa onsdag 23.januar! Etter ”først til mølla” prinsippet Dans gruppe 1. Alder: Dans gruppe 2. Alder: Dans gruppe 3. Alder: Dans gruppe 4. Alder:
kl.17:00 – 17:45 1 – 3 klasse kl.17:45 – 18:45 3 – 4 klasse kl.18:45 – 19:45 4 – 6 klasse kl.19:45 – 20:45 7 – 10 klasse
Elektronisk påmelding!! Frå 1. januar 2012 skal alle påmeldingar gjerast på det elektroniske påmeldingsskjemaet som du finn på kommunen si heimeside. Gjer slik: A) Du går inn på internett - finn heimesida til Lindås Kommune B) Trykk på knappen ”Kultur og Fritid” C) Klikk på ”Lindås Kulturskule” nede på høgre side. D) Finn skjema, fyll ut og send inn No kan du søkje heile året, når det måtte passe deg! Lukke til! DATO FOR UTMELDING: Utmeldingsfrist for haustsemesteret 1. april Utmeldingsfrist for vårsemesteret 1. november Ved utmelding etter fristen må ein betale full semesteravgift. Alle utmeldingar SKAL vere skriftleg på elektronisk utmeldingsskjema på kommunen si heimeside. kulturskulen@lindas.kommune.no
LEIF ØKSNES MINNEFOND
SENIOR OG AKTIVITETSSENTER I LINDÅS KOMMUNE INFORMERER:
Stiftinga er oppretta av foreldre og søster til Leif Øksnes, Nordhordland ballklubb (NBK) og Lindås kommune for å medverka til å heidra minnet etter Leif Øksnes. Stiftinga samlar inn og forvaltar midlar
Kafeen og seniorsenteret med lokaler i Knarvik Sjukeheim har åpent mandag, onsdag og fredag fra 10.00 – 15.00. Ein kan kjøpe middag og dessert eller ta ein kopp
Lindås Rådhus, Knarvik, 5914 Isdalstø. Tlf: 56 37 50 00 Faks: 56 37 50 01 Epost: postmottak@lindås.kommune.no www.lindås.kommune.no
JANUAR: Tysdag 08.01. Helsetrim ved Gunnar Hosøy kl.10.30 Bingo med Inger Marie Fyllingsnes kl.11.00 Tysdag 15.01. Helsetrim ved Gunnar Hosøy kl.10.30 Bingo med Inger Marie Fyllingsnes kl.11.00 Tysdag 22.01. Helsetrim ved Gunnar Hosøy kl.10.30 Syng med oss! ved Else Iren Westervik kl.11.00 Bingo med Inger Marie Fyllingsnes kl.12.00 Tysdag 29.01 Helsetrim ved Gunnar Hosøy kl.10.30 Bingo med Inger Marie Fyllingsnes kl.11.00 Med lokalar i Lindås-bu og servicesenter har ope hus tysdagar frå kl.10.00 Kontaktperson er Eli Støldal tlf. 56 37 56 07.
FRIVILLIGSENTRALEN INFORMERER
Ta kontakt med Frivilligsentralen Tlf 56 37 51 46 – gro.sundal@lindas.kommune.no
Med kulturmidlar meinar vi 1. Driftstilskot (søknadsfrist 01. mars) 2. Tilskot til drift/mindre investeringar i bygg/anlegg og til utstyr (søknadsfrist 01. mars) 3. Aktivitets- og prosjekttilskot (innan 01. oktober) 4. Ungdomsmidlar. NB! Dette er midlar som kun ungdom 13-25 år kan søkje.
kaffi desse dagane. Tysdag og torsdag må ein bestille dagen før til kjøkenet på tlf. 56 37 57 10 eller Knarvik seniorsenter tlf. 56 37 57 18. Aktivitetane byrjar kl.12.00. Senteret har også med frivillige som gjør ein stor innsats. Vi har bruk for fleire , SENIORAR + 55 år og FRIVILLIGE, så ta gjerne kontakt. I Galleri Utsyn er det ny utstilling kvar månad og denne månaden er det Elin Gaulen som har utstilling. Opningstida er alle kvardagar frå 08.00-15.30.
Astrid Aarhus Byrknes ordførar
Er laget ditt oppdatert på Lindås kommune si web-side?
Søknadsfrist 01.03.13. NB: Dei som står på venteliste må sende ny søknad !
som skal nyttast slik: Av fondet si avkastning skal styret kvart år dela ut stipend til ei eller fleire eldsjeler som jobbar gratis for å ta vare på barn og ungdom i deira fritid for å førebyggja samfunnsproblem – mellom anna førebyggja bruk av narkotika. Med eldskjeler meiner ein personar innan alle typar barne- og ungdomsarbeid som er positive for barn og ungdom sine oppvekstvilkår i Lindås kommune. Pengegåver kan setjast inn på konto nr. 3632.71.57161 Sparebanken Vest. Styret i fondet ber om å få framlegg til kandidatar til eit stipend som fondet skal dela ut i forbindelse med eit arrangement i Nordhordlandshallen. Søknadane vert handsama konfidensielt og vert ikkje offentlege. Søknad kan sendast til: Leif Øksnes Minnefond v/ ordføraren i Lindås, rådhuset, 5914 Isdalstø innan 01.02.2013.
For nybegynnarar og vidarekomne. Ta med din bærbare pc og kom på klubb. Stikk innom for å sjå og høyre på, kanskje er det noko interessant. Velkomne
SØKNAD OM BARNEHAGEPLASS I LINDÅS SAMORDNA OPPTAK 2013/2014
Barnehageopptaket våren 2013 skal gjennomførast som samordna opptak i samsvar med barnehagelova. Dette inneber at søknader til alle barnehagar i Lindås blir vurderte av ei sentral opptaksnemnd som føretek prioriterte opptak ( jfr. fortrinn etter lov og forskrifter), og samordnar opptaket til ledige plassar i kommunale og private barnehagar. Frå 01.01.09 er det lovfesta rett til barnehageplass jfr. Lov om barnehage. ”Barn som fyller eitt år seinast innan utgangen av august det året det vert søkt om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage frå august i samsvar med denne lova med forskrifter. Barnet har rett til plass i barnehage i den kommunen der det er busett.”
Fensfjorden. Lindås kommune vil i samarbeid med Klima- og forurensningsdirektoratet og Statens Strålevern halde folkemøte der det vert informert om søknaden onsdag 23. januar klokka 17.00 i Lindåshallen (store møterommet). Representantar frå Klif, Statens Strålevern og Lindås kommune vil vere til stades på møtet, og det vert høve til å stille spørsmål knytt til søknaden. Meir informasjon om søknaden er tilgjengeleg på Lindås kommune sine heimesider www.lindas.kommune.no, og Statens Strålevern sine sider http://www.nrpa.no/ under ”høyringar”.
JANUAR: Onsdag 02.01 Seniortreff og kortklubb kl.12.00 Fredag 04.01 Syng med oss! Ønskekonsert på Spottify kl.12.00 Mandag 07.01 Helsetrim ved Reidun Sæbdal kl.12.00 Onsdag 09.01 Strikkekafe og kortklubb kl.1200 Fredag 11.01 Seniordans med Audhild Sagosen kl.12.00 Mandag 14.01 Helsetrim ved Reidun Sæbdal kl.12.00 Onsdag 16.01 Strikkekafe og kortklubb kl.12.00 Fredag 18.01 Syng med oss! med KONSERT av Birger Rognved og Finn Stedal kl.12.00 Mandag 21.01 Helsetrim ved Reidun Sæbdal kl.12.00 Onsdag 23.01 Seniortreff og kortklubb kl.12.00 Fredag 25.01 Seniordans med Audhild Sagosen kl.12.00 Mandag 28.01 Helsetrim ved Reidun Sæbdal kl.12.00 Onsdag 30.01 Strikkekafe og kortklubb kl.12.00
Senior og aktivitetssenteret Ostereidet
Har lokalar i Ostereidet senter med nye opningstider frå oktober 2012; Tysdagar frå kl.10.00-14.00 Her er kafe`tilbod med middagsservering. Middag må bestillast på førehand ( helst i veka før) hos kjøkenet på Knarvik sjukeheim tlf. 56375710 eller hos Aud Furdal tlf. 56 37 57 18. Kom innom for ein kopp kaffi, ein prat og aktivitet. Frå programmet informerar vi fyljande:
OPNE MØTE Kontrollutvalet Råd for menneske med nedsett funksjonsevne Eldrerådet Levekårsutvalet Plan- og miljøutvalet Formannskapet Kommunestyret
Tysdag 05.01. BINGO med mat og kaffi kl.10.30. Torsdag 07.01. Sangstund med Wilhaven barnehage kl.11.00 Fredag 08.01. ”Fredagskafe” kl.11.00 Tysdag 12.01. BINGO med mat og kaffi kl.10.30 Torsdag 14.01. ANDAKT V/ PREST Harald Sundsbø, piano Gunnar Hageberg kl.11.00 Fredag 15.01. ”Fredagskafe”kl.11.00 Tysdag 19.01. Bingo med mat og kaffi kl.10.30 Torsdag 21.01. LEFSEBAKING kl.10.30 Fredag 22.01. ”Fredagskafe” kl.11.00 Tirsdag 26.01. BINGO med mat og kaffi kl.10.30 Torsdag 28.01. HELSETRIM kl.11.00 Helsing fra oss i Seniorsenteret Aud Furdal, Astrid Paulsen, Christel Bratshaug, Monica Østereng, Bjørg Irene Kleiven og Eli Støldal. Lokalhistorie på biblioteket i Knarvik denne våren: BOKBITEN Velkomne til servering av kaffi og miniforedrag ( ta med matpakke): Tysdag 5. februar kl 11.30: Den historiske sandfarten i Osterfjorden / ved Odd Helland Tysdag 5. mars kl 11.30: Langs med vegen / Magnhild Marie Haugen presenterer den nye boka si, med mellom anna kvardagsforteljingar frå vår nære fortid. Tysdag 4. april kl 11.30: Dar kjem dampen – med post. Om Indre Nordhordland postekspedisjon / møte Audun Hanstveit, ein av forfattarane. Alle velkomne – gratis inngang!
16.01.2013 – 14.02.2013 23.01.2013
09.00
Rådhuset
28.01.2013 29.01.2013 29.01.2013 30.01.2013 31.01.2013 14.02.2013
13.00 10.00 12.00 12.00 12.00 12.00
Rådhuset Rådhuset Rådhuset Rådhuset Rådhuset Knarvik sjukeheim
Møta i dei kommunale organa er med få unnatak offentlege, d.v.s. at publikum og presse kan vera til stades. Sakspapira vert sendt ut elektronisk og publikum kan få tilgang til pc og lesa sakene i ekspedisjonen på rådhuset og folkeboksamlingane i Knarvik og Lindås minst 7 dagar før møtet. Sakspapira ligg og på heimesida til Lindås kommune.