Krimfest Vest 2011

Page 1

annonsar

FIRDA LAURDAG 24. SEPTEMBER 2011

28. september –1. oktober 2011 BOKBAKKELØP I ANGEDALEN HÅPAR PÅ 600 TIL KRIMBOKFEST RITA ERIKSEN KJEM TIL OPNINGA KRIMVANDRING MED BORNAS TURLAG TOM ROGER AADLAND SPELAR I KRIMFJØSEN LES MEIR PÅ DEI NESTE SIDENE

Knut Faldbakken Jan Mehlum Rune Timberlid Ragnhild Kolden Jørgen Brekke Vigdis Kroken

www.krimfest.no Hovudsponsorar:

Støtta av:

Quality Hotel Førde

Andre sponsorar:

Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Førde Kommune

23


24

FIRDA LAURDAG 24. SEPTEMBER 2011

nyhende

28. september

Foto: Mona Nordøy

RITA ERIKSEN TRIO Opningskvelden gir i tillegg til bøker og bokbad også høve til å nyte ein fantastisk konsert med Rita Eriksen Trio. Rita Eriksen, stemma heile Noreg kjenner frå dei mange Eriksenhitane, kjem nemleg til Krimfesten! Eriksen har ei imponerande merittliste bak seg, mange kjenner henne nok frå duettar med andre norske toppartistar, med låtar som «Tir n'a Noir», «Sønnavindvalsen», «The Water Is Wide», «Coming Down In The Rain» og «Karl Johan». Denne kvelden skal vi nyte konserten i Quality Hotel Førde sine stemningsfulle lokale, medan dei tunge prismelysekronene kastar trolsk lys over artistar og publikum!

Opning av Krimfest Vest 2011 på Quality Hotel Førde torsdag 29. september kl. 20.00

Alle foto: Reidar Eide

BOKBAKKELØP

BARNAS TURLAG Krimfest Vest og Barnas Turlag inviterer til eit fellesarrangement onsdag 28. september. Krimfest Vest representerer ein del av mangfaldet som Førde har å by på. Barnas Turlag samarbeider med Krimfesten for å tilby ein tur litt utanom det vanlege. Ei Krimvandring som kan skape ei spanande kopling mellom natur og kultur, der friluftsliv og småskumle historier kan skape ei litt annleis oppleving, fortel Jorunn Kleiven, ein av turleiarane i Barnas Turlag. Vi tar på turskoa og hovudlykta og blir med på ei kriminelt spanande vandring til den idylliske fjellgarden Instehogen. Turen tenkjer vi høver best for barn og unge frå 7 år og oppover. Vel møtt, vi gler oss!

Korleis skape leselyst blant barn og unge er eit heitt til lesing. Dei yngre elevane ser jo at dei eldre elevane tema. Angedalen skule har funne si suksessoppskrift. kosar seg med bøker og lesinga, noko som kan gi ein Skulen har i fleire år arrangert «Bokbakkeløp» i samheldig smitteeffekt. arbeid med Krimfesten, med bøker og lesing i fokus. Aktivitetsdagen byr i tillegg på opplesing av elevI desse dagar gjer Angedelan skule seg klar til det tekstar, scrabble med bokstavkjeks, bygging av bokårlege Bokbakkeløpet. Heile skulen tek del, og som tårn og bering av bøker i motbakke. Kombinasjonen av vanleg ventar besøk av ein forfattar og ein spennande å få kroppen i rørsle ute i naturen og hjernetrim med ute-dag full av aktivitetar. morosame lagkonkurransar – Samarbeidet med Krimfesten «Det viktige er å ser ut til å fungere bra. Det er spennande, og gir oss sjanse få til noko som gir viktige er å få til noko som til å presentere elevane for forgir elevane gode opplevingar elevane gode oppfattarar. Når forfattarar kjem hit med bøker. Med leik som og tek seg tida til å prate med levingar med bøker. innfallsvinkel vert lesing og elevane og les høgt frå eigne bøker verken skummelt eller Med leik som innbøker, vert litteraturen formidla fallsvinkel vert kjedeleg. I staden byggjer ein på ein inspirerande måte som det viktige grunnlaget for lesing og bøker motiverer elevane for lesing og leseglede og lyst til å lese. verken skummelt skriving. Reidar Eide er ikkje i tvil. eller kjedeleg.» Reidar Eide er lærar ved – Dette arrangementet må vi Angedalen skule, og var den ha kvart år! som drog i gang Bokbakkeløpet for fire år sidan. Han Om knapt to veker er det ein lokal kjenning som får fortel at dette er ein kjekk dag som elevane ser fram ta del i arrangementet i Angedalen. Florøværingen til. Samveret rundt ei bok og den felles leseopplevinga Bjarte Sindre har gjeve ut bokserien Odins smykke, og betyr dessutan mykje for å skape positive haldningar i år er det hans tur til å stige opp på «Forfattarsteinen».


nyhende

FIRDA LAURDAG 24. SEPTEMBER 2011

25

– 1. oktober

SPAREBANKEN VEST

Foto: Marie Dombestein

TOM ROGER AADLAND TIL KRIMFJØSEN Under Krimfest Vest får vi i år besøk av Tom Roger Aadland, som til no har vore best kjend fordi han tolkar og presenterer Bob Dylan på nynorsk på cden «Blod på spora». I år kom ein ny cd, med tittelen «Det du aldri sa», og med den er han ute av Dylan og inne i sitt eige landskap. Aadland er 46 år og kjem frå Vikedal. Tekstane på den nye plata har lokal forankring og gir preg av eit levd liv i skjeringspunktet mellom sjø og land. Aadland har ei utruleg flott stemme, musikalsk og full av varme, og i tillegg er han ein dyktig gitarist. «Aadland har laget en versjon av dette vemodige, melodiøse og lidenskapelige albumet som er både vakker og rørende... Det nynorske språket blåser mildt rundt tekstene, formidlet med tilbakelent melankoli av vokalisten... Rent som en klar, luftig høstdag.» Terningkast 5/6 Dagbladet 20.10.2009 Kom til krimfjøsen fredag 30. september og få ei oppleving du kan leve lenge på!

Krimnatt i fjøsen på Hegrenes Bruk fredag 30. september kl. 19.30

Sparebanken Vest er kulturbanken i Sogn og Fjordane. Vi er hovudsponsor til mellom anna Førdefestivalen, Opera Nordfjord og Malakoff Rockfestival. Krimfest Vest er den siste samarbeidsavtalen Sparebanken Vest har inngått så langt. Og dette har til denne tid vore eit svært interessant samarbeid. Grunnen til at Sparebanken Vest sa ja til å bli hovudsponsor til Krimfest Vest er først og fremst at dette er ein ny type festival. Krimlitteratur er noko vi alle har lese. I tillegg er dette noko vi alle har ei meining og ei oppfatning om. God krim fengar oss. At vi no har mange lokale krimforfattarar som skriv spanande bøker med historier frå lokalmiljøet, er kjempemoro. Dette vil Sparebanken Vest vere med og støtte. Og at folk frå Sogn og Fjordane tykkjer dette er spanande, har me fått bekrefta på dei lokale litteraturkveldane vi har vore med og arrangert i lag med Krimfest Vest. Fulle hus med interesserte tilhøyrarar som har spurt krimforfattarane Rune Timberlid og Bjarte Sindre om det meste. Arrangementa har vore ein suksess, og slike arrangement er noko Sparebanken Vest vil engasjere seg endå meir i framover. Då gjenstår det berre for oss å ønskje både Krimfest Vest og lokale krimforfattarar lykke til framover.

Frå v. Leila Øvreseth, Judith Hegrenes og Liv Unni Aardal.

Foto Rune Timberlid

HÅPAR PÅ 600 TIL KRIMBOKFEST For sjette året på rad vert Krimfesten arrangert. Ti forfattarar vil i laupet av tre dagar gi publikum eit innblikk i spenningsforfattarar sin kvardag. Men arrangementet byr ikkje berre på litteratur, det er også musikk, mat og teater. – Vi ønskjer å nå flest mogleg, og difor er det viktig med breidd i arrangementa vi tilbyr. Ein god festival vert skapt i samspelet mellom eit godt program og ei god sosial oppleving. Det meiner vi at vi har klart å få til, men vi treng også å utvikle og fornye oss. Judith Hegrenes fortel ivrig at nytt av året er eit samarbeid med Barnas Turlag med «krimløype» til ein fjellgard i Angedalen. Det var Judith Hegrenes som gjorde at ein eigen litteraturfest med spenning og krim i fokus fekk sjå dagens lys i Sogn og Fjordane. Det velkjende «Trodalsmordet» frå 1839 ligg som eit bakteppe for arrangementet med hovudarena i Førde. Årets Krimfest vert arrangert den 28. september – 1. oktober.

TRUR PÅ VEKST Krimfesten har framleis plass til mange nye gjester. 600 besøkjande på dei sju arrangementa vil gi besøksrekord. Nordmenn les krim som aldri før, og arrangementet bør kunne fengje vidt. – Det er stor konkurranse om dei mest profilerte krimforfattarane. Initiativtakar Judith Hegrenes har i fleire år arbeidd med å plassere Førde som ein by å satse på for norske forlag og forfattarar. Det hittil største namnet på blokka er Jo Nesbø, som gjesta Krimfesten i 2008. – Det er nok enklare å få til litteraturarrangement i store byar og i hovudstaden der dei største forlaga held hus. Forfattarane slepp gjerne lange reiser og overnattingar, og det er meir pengar for forlaga å satse der det er størst publikum. – Men alle forfattarane som har tatt turen, har vore fulle av lovord, og vi trur at omdømet til Krimfesten er i ferd med å spreie seg, også utanfor fylket.

FRIVILLIG INNSATS OG VIKTIGE SPONSORKRONER – Den lokale forankringa er grunnleggjande for at vi skal lukkast. Vi er heilt avhengige av at folk møter opp og støttar oss. Det er klart at det går mykje tid og krefter på å få til eit slikt arrangement. I underkant av ti personar står for årets arrangement og gjer ein formidabel, frivillig innsats. Samarbeidet med forlaga og med Quality Hotel Førde som husar mange av arrangementa, er uvurderleg. Hovudsponsoren Sparebanken Vest, saman med lokalt næringsliv, kommune, fylke og Norsk kulturråd har alle synt si støtte til arrangementet. – Den travle tida i forkant av og medan det pågår, vert lønt ved at folk snakkar varmt om arrangementet. Då føler ein at innsatsen var verd kvar ein time, og det er det som skal til for at ein brettar opp ermene også neste år.


26

FIRDA LAURDAG 24. SEPTEMBER 2011

annonsar

Program: ONSDAG 28. SEPTEMBER

LAURDAG 1. OKTOBER

18.00 Kveldskrimvandring med Barnas Turlag

12.00 Bokslepp og bokkafé «I krig og kjærleik – hendingar i kjølvatnet av krig»

Turen går frå Eikeland i Angedalen til den gamle fjellgarden Instehaugen. Det vert natursti og forteljing ved bålet v/barnebokforfattar Hans Sande. Kr 30 pr. person. Betaling ved startpunkt.

21.00 Krim-quiz på Pikant Vinnarlaget får bokpremie og krimfestbillettar til opningskvelden!

På Quality Hotel Førde. Billett kr 75 vert seld i døra Under årets bokkafé vert det bokslepp og signering av Egil Ulateig si bok «To levende og to døde». Boka som teaterforstillinga «Brenningmysteriet» er bygd på, har vore utseld i fleire år, men kjem no i ny utgåve!

19.00 Mord & middagsmeny - «Døden på Førde Hotel»

TORSDAG 29. SEPTEMBER

Billett kr 550 inkludert 3-rettars middag. Førehandssal berre på Quality Hotel Førde, salet vert avslutta torsdag 29. september. Velkomen inn i ei gåte der du får vere med å oppklare mysteriet!

20.00 Offisiell opning av Krimfest Vest 2011 på Quality Hotel Førde Billett kr 250 ved førehandskjøp i Førdehuset eller på Servicetorget. Ledige billettar kr 300 vert selde i døra.

FREDAG 30. SEPTEMBER 10.00 Bokbakkeløp for elevar ved Angedalen skule Utandørs aktivitetsdag med forfattarbesøk, konkurranse og vitjing av eit lokalt kulturminne. I år deltek Bjarte Sindre som vil fortelje om bokserien sin «Odins smykke» og i tillegg vert Vassbrekkestemnet tema.

19.30 Krimnatt i fjøsen på Hegrenes Bruk Gratis buss frå Quality Hotel Førde kl. 19.00. Billett kr 250 ved førehandskjøp og kr 300 ved kjøp av overskotsbillettar i døra. Tom Roger Odland syng Bob Dylan på nynorsk.

Stanislav Jerzy Lec Billettinformasjon: Billettar kan bestillast på tlf. 57 72 19 00, kjøpast på Førdehuset, på Servicetorget til Førde kommune eller ved dørsal der dette er nemnt. Billettar til Mord & Middag vert kun seld på Quality Hotel Førde, frist 29. september. Følgje for funksjonshemma får gratis ved visning av gyldig følgjebevis. Firdakortet gir 20% rabatt. Gyldig til: 01.01.2012

OLA NORDMANN Kode til «Mi Firda»: 12345NOR Abonnentnr.: 12345

Kontakt Quality Hotel Førde på tlf. 57 82 81 10 for tilbod på overnatting og «Krimweekend».

Krimfest Vest v./ Sunnfjord Næringsutvikling. Hafstadvegen 34, P.b. 133, 6800 Førde. Tlf. 57 72 19 51

www.krimfest.no

Vi støttar Krimfest Vest 2011 FØRDE Kriminelt god service

FØRDE

Flatenhuset

MARKISER – PERSIENNER – TRAPPER

KIROPRAKTOR

Didriksen Alltid ei hjelpande hand

F

R

R

Firda Revisjon & Rådgivning

Anleggsgartner Baarøy


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.