To journalistar – fast stilling

Page 1

Firda held til i Førde og er lokalavis for 10 kommunar i Sogn og Fjordane. Samla når vi 50 000 lesarar kvar dag på avis, nett og mobil. Firda Media as er eit selskap i mediekonsernet Amedia.

To journalistar – fast stilling Firda har ledig to faste stillingar i redaksjonen med snarleg tilsetjing. Som journalist er du iderik og nysgjerrig. Du er i stand til å arbeide raskt og sjølvstendig, samtidig som du er nøyaktig i det du gjer. Journalistane i Firda leverer innhald på alle våre plattformer. Digital nyheitsformidling vert stadig viktigare for Firda, og vi ønskjer oss spesielt personar som har kompetanse og interesse innan dette området. Stillingane inneber turnusarbeid, med vakter på kveldstid og i helgar. For å rette på kjønnsbalansen i redaksjonen, oppfordrar vi kvinner til å søke. Vi tilbyr varierte arbeidsoppgåver i eit stort og spennande distrikt. Det er eit krav at du har førarkort for bil. Firda vert redigert på nynorsk. For fleire opplysningar, ta kontakt med ansvarleg redaktør Yngve Årdal, tlf. 911 49 805, eller klubbleiar i redaksjonen Svein Heggheim, tlf. 911 49 819. Søknad med arbeidsprøver, attestar og vitnemål sender du til: yngve.ardal@firda.no Søknadsfrist: 20. mai 2013.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.