framtidsretta - inkluderande - kvalitetsbevisst - tenestevillig
Annonseinformasjon
DESEMBER 2012
framtidsretta - inkluderande - kvalitetsbevisst - tenestevillig
DELTIDSSTILLING SOM ALKOHOLKONTROLLØR
OPPSTART AV FORHANDLINGAR OM UTBYGGINGSAVTALE.
Deltidsstilling som alkoholkontrollør er ledig for snarleg tiltreding. Arbeidsområdet er primært å kontrollere skjenkestader. Også kontroll av salsstader alkohol må påreknast.
For: - Kløve bustadområde, Sveene del av gnr. 24, del av bnr. 3 mfl.
snart 2 år. Ynskjer å leige leilighet/husvære med minst to soverom i Knarvikområdet, helst gangavstand butikk og bussar. Ynskjer helst kvitevarer i leiligheta og evt. delvis møblert. Kan flytta inn frå 15. januar eller starten av februar. Tlf nr er 91736256, Ingrid Tangerås.
Arbeidstida for kontroll av skjenkestader er særleg helg – på kvelds- og nattestid. Kontroll av salsstader alkohol er innanfor butikkane si opningstid.
MEININGSFULL FRITID?
Deltidsstillinga utgjer årleg anslagsvis 70 – 100 timar. Alkoholkontrollørane arbeider etter oppsette turnusplanar innan samarbeidskommunane Lindås, Meland, Radøy, Austrheim, Masfjorden, Gulen og Fedje. Tilsetting i Lindås kommune, på vegne av samarbeidskommunane.
Har du: • Tid til overs • Lyst til å gjera noko meiningsfullt i fritida • Tålmod og godt humør • Førarkort og tilgang på bil
Relevant erfaring og interesse for arbeidet blir vektlagt. Naudsynt opplæring vil bli gitt. Timelønn. Utgiftsdekning etter nærare satsar. Reiseutgifter blir dekka etter kommunens sitt reiseregulativ. Nærare opplysningar om stillinga kan De få ved å kontakte Ingunn Øvretveit, tlf. 56 37 54 88 eller Terje Sætre, tlf. 56 37 51 34.
Me treng fleire støttekontaktar i Lindås kommune.
I medhald av § 17-4 i plan- og bygningslova vert det med dette kunngjort oppstart av forhandlingar mellom Lindås kommune og Lindås Tomteselskap AS, om utbyggingsavtale vedkomande gjennomføringa av reguleringsplan for Kløve bustadområde, Sveene del av gnr. 24, del av bnr. 3 mfl. Forhandlingane vil omfatte teknisk infrastruktur fram til planområdet og innanfor sjølve planområdet. Spørsmål om, eller innspel til forhandlingane kan rettast til: Lindås kommune, teknisk drift, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø, postmottak@lindas.kommune.no, Kontaktperson: Berit Karin Bruvoll tlf. 56375140.
INFORMASJON OM BUSTØNAD SØKJER BESØKSHEIMAR TIL BORN OG UNGE.
Bustønad er ei statleg økonomisk støtteordning for dei som har høge buutgifter og låg inntekt.
Eining for funksjonshemma søkjer besøksheimar til born og unge med ulike utfordringar. Me treng familiar som har overskot og tid til å opne heimen sin for eit barn ein gong for månaden.
Kven kan søkje om bustønad? Alle over 18 år kan få bustønad, med unntak av studentar utan barn og personar i førstegongsteneste. Desse har eigne ordningar.
For nokon av dei borna som treng ein besøksheim er det viktig at dei vert yngst i heimen, andre treng heimar med jamaldrande.
Bustaden du søkjer bustønad for, må vera godkjent heilårsbustad. Du kan søkje bustønad til bustad du leiger eller eig. Ver merksam på at du må vere registrert som busett i folkeregisteret i den bustaden du søkjer stønad til. Størrelsen på bustønaden er avhengig av buugiftene dine og inntektene til husstanden.
Så dersom de har overskot, tid og lyst til å bruke ei helg i månaden på noko meiningsfullt er dette kanskje noko for dykk. Me kan tilby godtgjerdsle etter kommunale satsar, rettleiing, kurs og opplæring. For meir informasjon kontakt koordinator Kristin Rongevær på telefon 56 37 54 85 eller på epost til kristin.rongevaer@lindas.kommune.no
BESØKSHEIM Til ein gut på 5 år søkjer me ein ressurssterk besøksheim for ei helg per månad. Han er ein aktiv, blid og glad gut med mange gode eigenskapar. De bør ikkje ha yngre born og det hadde vore fint om de har erfaring med born som treng ekstra tilsyn. For meir informasjon kontakt koordinator Kristin Rongevær ved eining for funksjonshemma på telefon 56 37 54 85 eller e-post kristin.rongevaer@lindas.kommune.no
Søknad og fristar. Søknadsfristen er den 14. i kvar månad, og utbetaling er ca. 10. i månaden etter. Bustønadsskjema finn du på Lindås kommune si heimeside, lindas.kommne.no, eller i ekspedisjonen på rådhuset. Du når oss på telefon: 56 37 50 00. Søknaden med dokumentasjon kan sendast til: Lindås kommune, v/ Bestillarkontoret. Merk konvolutten ”Bustønad”. Du finn meir informasjon om bustønad på Husbanken sine nettsider, husbanken.no. Der kan du også laste ned søknadsskjema.
TURNUSLEGE SØKJER LEILIGHET Me er ein familie på 4, med to søner på 3 og
Om du i tillegg er glad i menneske og er aktiv og initiativrik, då er det kanskje deg me søkjer. Me treng kvinner og menn i alle aldrar. Nett no er det stort behov for unge menn i alderen 18-25 år og kvinner frå 30-50 år.
OG NÆRMILJØ 2013-2023 vert lagt ut på høring. Høyringsfrist er sett til 31.12.12
FRIVILLIGSENTRALEN INFORMERER Nasjonal Frivilligpris 2012 Styret i Frivilligsentralen har nominert den lokale frivilligprisvinnaren Helge Brekke til den nasjonale frivilligprisen. Han er ein av 5 kandidatar i sluttspurten og dei vert presenterte på Tv2 siste veka i november. Avstemminga varer fram til 3. desember kl 10. Føl med på avgjerda og prisutdelinga i God Morgen Norge på TV2 onsdag 5. desember, FN sin internasjonale frivillighetsdag.
Du vil få: • Godtgjerdsle etter kommunale satsar • Kurs og rettleiing • Ei meiningsfull fritid
Er de registrert i Frivilligregisteret i Brønnøysund, kan de søkje om midlar på Tilskuddsportalen til Lindås kommune. Kulturmidlar er utanom og dei kan alle søkje på. Sjå kommunen si heimeside: www.lindas.kommune.no
For spørsmål og andre opplysningar kan du kontakte koordinator Kristin Rongevær på tlf 56 37 54 85 eller epost kristin.rongevaer@lindas.kommune.no
Hei! No er idrettsplanen ut på høyring. Kom med innspel. Sjå om idrettsplanen dekker din idrett, ditt område og dine interesser.
LINDÅS KULTURSKULE:
Merknader til planframlegget kan sendast innan 31. desember 2012. Lindås kommune oppfordrar til å bruke elektronisk skjema ved innsending av merknader til planen. Alternativt kan merknader sendast per epost til postmottak@lindas.kommune.no eller per brev til Lindås kommune, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø. Er laget ditt oppdatert på Lindås kommune si web-side?
Velkomen til: Julekonsert i Ostereidet Kyrkje Torsdag 6. desember kl.19.00 Ein stille konsert med elevar frå Kulturskulen Peparkakekonsert i Knarvik Senter Fredag 7. des. kl.15.30 – 17.00 Her møter du elevar på song , dans, fiolin, fløyte, gitarar og andrei eit uhøgtidleg miljø og gratis peparkaker ! Påmelding Frå 1. januar 2012 skal alle påmeldingar gjerast på det elektroniske påmeldingsskjemaet som du finn på kommunen si heimeside. No kan du søkje heile året, når det måtte passe deg !!! Gjer slik: A) Gå inn på internett - finn heimesida til Lindås Kommune B) Trykk på knappen ”Kultur og Fritid” C) Trykk så på ” Lindås Kulturskule” nede på høgre side. D) Finn skjema, fyll ut og send inn Utmelding: • Utmeldingsfrist for Haustsemesteret 1. april • Utmeldingsfrist for Vårsemesteret 1. november • Utmelding etter frist må betalast med full semesteravgift. • Utmelding SKAL vere skriftleg på eige utmeldingsskjema som ligg på heimesida Lindås Kulturskule følgjer skuleruta kulturskulen@lindas.kommune.no
Lindås Rådhus, Knarvik, 5914 Isdalstø. Tlf: 56 37 50 00 Faks: 56 37 50 01 Epost: postmottak@lindås.kommune.no www.lindås.kommune.no
Ta kontakt med Frivilligsentralen Tlf 56 37 51 46 gro.sundal@lindas.kommune.no
SAMLELEGAT FOR LINDÅS KOMMUNE Lindås kommune disponerer eit legat til desse føremåla: *Til familiar i Lindås kommune som på grunn av ulukke, sjukdom eller andre uheldige omstende har kome i ein vanskeleg økonomisk situasjon. *Til personar i kommunen som innan landbruk utviklar ny næring knytt til garden. *Til personar som arbeider med utgjeving av bygdebøker i kommunen. Styret i legatet kan dela ut til saman kr. 12.000,Utdeling kan gjevast til ein søkjar, delast mellom fleire søkjarar eller overførast til neste år etter vedtak i styret. Søknader kan sendast: Styret for samlelegat Lindås kommune v/ ordføraren 5914 Isdalstø innan 20.12. 2012
HØYRINGSUTKAST; KOMMUNEDELPLAN FOR IDRETT, FRILUFTSLIV OG NÆRMILJØ 2013-2023 Levekårsutvalet har vedteke at KOMMUNEDELPLAN FOR IDRETT, FRILUFTSLIV
Planen kan ein finne på www.lindas.kommune.no Innspel til planen skal sendast Lindås kommune, Postmottak, 5914 Isdalstø. Merk innspel med ”Idrettsplan”
UNGDOMMENS KULTURMØNSTRING Driv du med musikk, dans, tegning, forming, husflid, foto, video, teater, revy eller noko anna spannande, meld deg på UKM! UKM vert arrangert laurdag 02. februar på Sæbø skule i Austmarka i Radøy kommune. Ungdom mellom 10-19 år kan delta med sceneopptreden, video og/eller delta på utstillinga. Påmeldingsfrist er sett til 18. januar. Påmelding skjer på www.ukm.no Har du spørsmål, kontakt Kulturkontoret v/Eileen på tlf 56 37 51 37 eller epost eileen.feste@lindas.kommune.no
SENIOR OG AKTIVITETSSENTER I LINDÅS KOMMUNE INFORMERER: Kafeen og seniorsenteret med lokaler i Knarvik Sjukeheim har åpent mandag, onsdag og fredag fra 10.00 – 15.00. Ein kan kjøpe middag og dessert eller ta ein kopp kaffi desse dagane. Tysdag og torsdag må ein bestille dagen før til kjøkenet på tlf. 56375710 eller Knarvik seniorsenter tlf. 56 37 57 18. Aktivitetane byrjar kl.12.00. Senteret har også med frivillige som gjør ein stor innsats. Vi har bruk for fleire , SENIORAR + 55 år og FRIVILLIGE, så ta gjerne kontakt. I Galleri Utsyn er det ny utstilling kvar månad og denne månaden er det Åse Jørstad og Britt Eriksen som har utstilling. Opningstida er alle kvardagar frå 08.00-15.30. Frå programmet i Knarvik innformerer vi om fyljande: DESEMBER: Mandag 03.12. Helsetrim ved Reidun Sæbdal kl.12.00 Onsdag 05.12. Seniortreff og kortklubb kl.12.00 Fredag 07.12. Syng med oss! med Meland pensjonistkor Kl.12.00 Mandag 10.12. Helsetrim ved Reidun Sæbdal kl.12.00 Tysdag 11.12. SENIORUNIVERSITETE: Frå lyrikk til vise ved Kåre Håland kl.12.00 Onsdag 12.12. Strikkekafe og kortklubb kl.1200
Torsdag 13.12 Dataklubbavsluttning kl.11.00-13.00 Fredag 14.12 KONSERT ved Else Iren Westervik og Borris Kuprianov kl.12.00 og pinnekjøttmiddag (må bestilles), kl.13.00 Mandag 17.12 Helsetrim ved Reidun Sæbdal kl.12.00 Onsdag 19.12 Seniortreff og kortklubb kl.12.00 Fredag 21.12 Andakt v/ Åge Palmesen kl.11.30 JULE KONSERT ved ordførar Astrid Aarhus Byrknes og Trond Helland ved pianoetKl.12.00 Knarvik seniorsenter opnar igjen onsdag 02.01.13. etter juleferien.
Senior og aktivitetssenteret Ostereidet
Har lokalar i Ostereidet senter med nye opningstider frå oktober 2012; Tysdagar frå kl.10.00-14.00 Her er kafe`tilbod med middagsservering. Middag må bestillast på førehand (helst i veka før) hos kjøkenet på Knarvik sjukeheim tlf. 56375710 eller hos Aud Furdal tlf. 56375718. Kom innom for ein kopp kaffi, ein prat og aktivitet. Frå programmet informerar vi fyljande: DESEMBER: Tysdag 04.12. Helsetrim ved Gunnar Hosøy kl.10.30 Bingo med Inger Marie Fyllingsnes kl.11.00 Tysdag 11.12. Helsetrim ved Gunnar Hosøy kl.10.30 Besøk av Ostereidet barnehage kl.11.00 Bingo med Inger Marie Fyllingsnes kl.12.00 Tysdag 18.12. JULEKONSERT ved Else Iren Westervik og Borris Kuprianov kl.11.00 Pinnekjøttmiddag med bestilling Ostereidet seniorsenter opnar igjen tysdag 08.01.13. etter juleferien.
OPNE MØTE
12.12.2012 – 13.12.2012
Plan- og miljøutvalet Kommunestyret
12.12.2012 12.00 13.12.2012 10.00
Rådhuset Strilatun, Seim
Møta i dei kommunale organa er med få unnatak offentlege, d.v.s. at publikum og presse kan vera til stades. Sakspapira vert sendt ut elektronisk og publikum kan få tilgang til pc og lesa sakene i ekspedisjonen på rådhuset og folkeboksamlingane i Knarvik og Lindås minst 7 dagar før møtet. Sakspapira ligg og på heimesida til Lindås kommune.
)))
Senior -og aktivitetssenter Lindås Med lokalar i Lindås-bu og servicesenter har ope hus tysdagar frå kl.10.00 Kontaktperson er Eli Støldal tlf. 56375607. Søndag 02.12. Sanitetskvinnene stellar til kaffikos kl.16.00 Tysdag 04.12. BINGO med mat og kaffi kl.10.30. Torsdag 06.12. Julebord for bebuarane kl.12.30 Fredag 07.12. Fredagskafe kl.11.00 Tysdag 11.12. BAKEDAG Torsdag13.12. LUCIAframvisning ved Willhaven barnehage kl.11.00 Fredag 14.12. Julesong v/Håvard og Mary kl.11.00 Tysdag 18.12. Julebingo med mat og kaffi kl.10.30 Onsdag 19.12. Besøk av KULTURSKULEN kl.16.00 Torsdag 20.12. KONSERT ved ordførar Astrid Aarhus Byrknes og andakt ved Harald Sundsbø kl.11.00 Fredag 21.12. Vi pynter til jul! kl.11.00 Helsing og GOD JUL til alle seniorar i Lindås kommune fra oss i Seniorsenteret Aud Furdal, Astrid Paulsen, Christel Bratshaug, Bjørg Irene Kleiven og Eli Støldal.
ØKONOMIPLAN 2013 – 2016 ÅRSBUDSJETT 2012 Ligg til offentleg gjennomsyn på rådhuset og på folkeboksamlingane i Knarvik og Lindås. Eventuelle merknader må vera administrasjonen i hende innan 12. desember 2012. Saka skal handsamast i kommunestyret 13. desember 2012. Dokumenta kan og sjåast på vår internettside, www.lindas.kommune.no Astrid Aarhus Byrknes ordførar
MAMMOGRAFI FOR KVINNER I LINDÅS KOMMUNE Alle kvinner i Lindås kommune født 1943-1962 inviteres til mammografiundersøkelse fra 19.11.-14.3.2012. I alt 1720 kvinner vil få invitasjon til å undersøke brystene i mammografibussen på busstasjonen i Knarvik. Hvem: Kvinner i Lindås kommune født 1943-1962 Når: 19. november – 14. mars 2013
Hvor: på busstasjonen i Knarvik Dersom det er behov for tilleggsundersøkelser, vil kvinnene bli innkalt til Brystdiagnostisk senter på Haukeland universitetssykehus. Brystkreft Brystkreft er den hyppigste kreftformen blant kvinner i Norge, og utgjør i dag om lag 23 prosent av alle krefttilfeller hos kvinner. I år 2009 fikk 2745 kvinner diagnosen. Mammografiprogrammet oppdager om lag 1000 nye brustkrefttilfeller per år, de lfeste i et tidlig stadium. Mammografiprogrammet Mammografiprogrammet er det offentlige tilbudet til kvinner i alderen 50-69 år om mammografi annethvert år. Tilbudet gis i tråd med internasjonale anbefalinger. Regelmessig mammografi er i dag den viktigste metoden for å oppdate svulster i et tidlig stadium. Tidlig oppdagelse gir ofte bedre overlevelse, og øker sjansene for mer skånsom behandling. I Mammografiprogrammet kvalitetssikres tilbudet ved at alle bilder tydes av to røntgenleger. Dersom brystkreft oppdages, er rutinemessig oppfølging sikret ved det brystdiagnostiske senteret. Programmet er et samarbeid mellom Helse- og omsorgsdepartementet, Helsedirektoratet, Kreftregisteret, Statens strålevern, Nasjonalt folkehelseinstitutt og helseforetakene. Målsettingen for programmet er å redusere dødeligheten av brystkreft blant kvinnene som inviteres. Oppmøtet i Mammografiprogrammet er om lag 76 prosent på landsbasis. I forrige runde møtte 85% av kvinnene fra Lindås kommune. For mer informasjon: Leder Mammografiprogrammet, overlege Berit Damtjernhaug, tlf.: 22 45 13 00, mammografi@kreftregisteret.no www.kreftregisteret.no