Lindås kommune

Page 1

Framtidsretta - Inkluderande - Kvalitetsbevisst - Tenestevillig Ledige stillingar For tida har vi følgjande ledige stillingar i Lindås kommune: Barnevernkonsulent – vikariat Miljøterapeut Saksbehandlar NAV Spesialpedagog – vikariat Ferievikarar Vil du vita meir? -Gå inn på vår heimeside www.lindas.kommune.no. Undervisningstillingar Lindås kommune har 14 skular, av desse er 3 ungdomsskular. Skulane er spreidd over heile kommunen og har ulik storleik. Alversund skule er størst med 392 elevar og Festo skule er minst med 32 elevar. Frå 01.08.12 er det ledig eit tal lærarstillingar, heile stillingar og timelærarstillingar. Det vil bli tilsetjing i både faste stillingar og i vikariat. Dersom du har undervisningskompetanse i grunnskulen og vil jobbe i eit engasjert og kvalitetsbevisst fagmiljø ved ein av våre skular ønskjer vi å høyre frå deg. Gå i så fall inn på heimesida vår www.lindas.kommune.no. Her vil du finna fullstendig utlysing, detaljerte opplysningar om skulane, organisasjonen og kommunen vår. Du vil vidare kunna fylle ut og levere søknad på stillingar. Søknadsfrist: 01.03.12 Kontaktperson: personalrådgjevar Hilde B. Kleivdal, tlf 56 37 51 85 Norskundervisning - kveld Vi har nokre ledige plassar på norskkurs for begynnarar. Undervisninga føregår frå kl 17.15 kl 20.00 måndag og onsdag. Er du interessert, ta kontakt med Sally Solberg, epost: sally.solberg@lindas.kommune.no, tlf 56375413/47461141 Grunnskuleundervisning – vaksne Frå august 2012 startar vi med ny gruppe for elevar som treng grunnskule-eksamen for å koma vidare i utdanningsløpet sitt. Er du interessert, ta kontakt med Sally Solberg, epost: sally.solberg@lindas.kommune.no, tlf 56375413/47461141 PERSONLEG ASSISTENT Lindås kommune søkjer etter vikar for personleg assistent for kvinne i 50-årsalderen. Grunna redusert funksjonsevne er det behov for ein del personleg og praktisk hjelp i heimen. Stillinga utgjer 7 timar pr. veke, og er ledig for tiltreding snarast. Arbeidstid tysdag og fredag på dagtid. Lønnsvilkår som assisent/heimehjelp. Den som søkjer bør disponere bil. Kontaktperson: Rådgjevar Vidar Rydland – tlf. 56 37 51 53. Søknadsfrist: 20.02.2012.

Barn og unge treng hjelp – du kan gjere ein forskjell. Informasjonsmøte om fosterheimsarbeid og andre oppdrag i barnevernet 16. februar kl. 1800 – 20.30 på Knarvik Sjukeheim, hovudinngang seniorsenter. Fosterheim Behovet er stort for fosterheimar til barn i alle aldre. I dag bur det ca 600 barn og unge i fosterheim i Bergens området. I 2012 er det ei målsetting å rekruttere 150 nye heimar. Det fins ulike fosterheims oppdrag. • Fosterheim • Familieheim (forsterka fosterheim) • Beredskapsheim (kortvarige kriseplasseringar) Andre oppdrag i barnevernet: Det lokale barnevernet treng å rekruttere hjelparar for meir avgrensa oppdrag. • Besøksheim (helgeavlastning ) • Tilsynsførar • Støttekontakt • Anna Barne- familie og ungdomsetaten (Bufetat) og barneverntenesta i Lindås kommune vil informere om alle desse ulike oppgåvene. Vi har f.t. eit særskilt behov for ulike typar fosterheimar til ungdom- og vil difor fokusere ekstra på det.

BESØKSHEIM BARNEVERNTENESTA Barneverntenesta i Lindås søkjer etter familiar som kan tenkje seg å vere besøksheim for barn/ungdom. Dersom de har tid, overskot og lyst til å hjelpe andre er de kanskje den rette familien for barn som treng ein familie å reise til ein eller to helger i månaden. Vi treng ulike typar familiar – alt etter kva barnet har behov for. Vi søkjer spesielt etter familiar til: • Gutt på seks år. Han liker seg ute, glad i å spille fotball og trives med dyr. Er en aktiv og sjarmerende gutt. • To brør på 6 og 7 år. Dei er aktive og robuste ”utegutar”, likar å hjelpa til og er veldig glade i dyr. Ta også kontakt sjolv om disse konkrete barna ikkje synast å passa inn hjå dykk. Vi får ofte kontakt med barn som har behov for besøksheim. Dersom dette høyrest interessant ut, ta kontakt med barneverntenesta v/ Ingvill Skage Nøttveit på e-post ingvill.skage.nottveit@lindas.kommune.no eller tlf: 56 37 50 82. Løn og utgiftsdekning etter kommunen sine satsar.

Kven er de/du? Vi vender oss til deg som er vaksen og som har lyst, tid og anledning til gjere ein innsats for barnevernet. Kan hende er du ekstra godt eigna til å hjelpe ein ungdom eller eit barn på rett kjøl? Kan hende kan du tenkje deg å ha arbeidsplassen i din eigen heim? Kan hende vil du starte opp med litt meir avgrensa oppdrag? Vi kan tilby opplæring på førehand og rettleiing undervegs. Informasjon om bustøtte Arbeidsgodtgjering og utgiftsdekning etter gjeldande satsar. Dette varierer i høve til omfang av oppgåva. Er du ordinær fosterheim, besøksheim, støttekontakt eller tilsynsførar kan du ha jobben din utanom. Er du familieheim eller beredskapsheim må oppdragstakar (den eine vaksne i familien) ha dette som sitt arbeid. Kven er borna som treng hjelp? Borna er ulike både når det gjeld personlegdom, alder og behov. Dette vil vi bruke tid på å presentere. I tillegg har vi med erfarne fosterforeldre og ungdommar som vil utfylle biletet. Informasjonsmøtet er uforpliktande for deg som møter opp. Bruk sjansen til å få grundig informasjon og svar på dine spørsmål - om dei mange spanande oppgåver der DU kan gjere ein forskjell. På grunn av serveringa ville det vore fint å få ei påmelding til møtet. Kontakt Ingvild eller Helge på tlf. 56 37 50 82 eller e-mail: ingvill.skage.nottveit@lindas.kommune.no For meir info om fosterheimsarbeid: www.fosterhjem.no/bergen

Bustøtte er ei statleg økonomisk støtteordning for dei som har høge buutgifter og låg inntekt. Kven kan søkje om bustøtte? Alle over 18 år kan søkje om bustøtte, med unntak av studentar utan barn og personar i førstegongsteneste. Desse har eigne ordningar. Bustaden du søkjer bustøtte for, må vera godkjent heilårsbustad. Du kan søkje bustøtte for buugifter enten leiger eller eig bustaden. Ver merksam på at du må vere registrert som busett i folkeregisteret i den bustaden du søkjer støtte til. Størrelsen på bustøtta er avhengig av buugifter og inntekta til husstanden. Søknad og fristar. Søknadsfristen er den 14. i kvar månad, og utbetaling er ca. 10. i månaden etter. Bustøtteskjema finn du på Lindås kommune si heimeside, lindas.kommune.no, eller i ekspedisjonen på rådhuset. Du når oss på telefon: 56375000. Søknaden med dokumentasjon kan sendast til: Lindås kommune, v/ Bestillarkontoret. Merk konvolutten ”Bustøtte”. Du finn meir informasjon om bustøtte på Husbanken sine nettsider, husbanken.no. Der kan du også laste ned søknadsskjema.

Lindås Rådhus, Knarvik, 5914 Isdalstø. Tlf: 56 37 50 00 Faks: 56 37 50 01 Epost: postmottak@lindås.kommune.no www.lindås.kommune.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.