14
Næring
Onsdag 27. februar 2013
Næring
Onsdag 27. februar 2013
15
OPNAR KLESBUTIKK: Frøydis Nesse Foss opnar snart KBC Klær. – Dette vil vera ein butikk for både unge og eldre, seier ho.
Uteliv i nordhordland
Frøydis driv tre bedrifter under same tak KNARVIK: – Eg trur det finst ein liten gründer i oss alle, seier Frøydis Nesse Foss. No opnar ho si tredje bedrift på 13 år, og fleire trur ho det vil verta. IRENE BRATTENG JENSSEN
irene.jenssen@nordhordland.no
Det heile starta i år 2000. Frøydis Nesse Foss jobba som kunderådgjevar i Sparebanken i Knarvik, då ho bestemte seg for å kjøpa ein muskelstimulator til eiget bruk. – Ei venninne spurte meg om vi ikkje skulle prøve å få nokon kundar til å bruka maskina. Brått
var vi i eit lokale på 18 kvadrat, og kundane stod i kø for å prøva stimulatoren, fortel ein sprudlande og energisk gründer.
Reiste til Paris Deretter balla det på seg. Det gjekk fort i svingane. Berre nokon månadar seinare hadde Knarvik Body Clinic endå ein muskelstimulator, og kundane byrja å etterspørra hudprodukt. – Eg brukte vinterferien på å reisa til Paris, for å få opplæring i produkt som vi seinare selde. På det tidspunktet var vi tre som arbeidde på klinikken, minnast Frøydis.
Sov dårleg I 2003 dukka det opp ledige loka-
le i ICA-bygget. Frøydis bestemte seg for å ta eit val. No var det snakk om å satsa eller ikkje. – Eg gjer aldri noko visst eg ikkje skal gjera det 100 prosent skikkeleg, difor var eg oppteken av å ta eit riktig val. Eg sov svært lite den perioden, for å seia det mildt. Men ho tok ei avgjerd, og den prisar ho seg lukkeleg for i dag. Frøydis flytta klinikken frå 18 kvadrat i Foss-bygget, til dit ho er i dag. Her har ho 340 kvadrat til disposisjon. Same året som dei flytta, opna ho Hudpleieskulen Knarvik.
Skal opna klesbutikk Frøydis er sjef på Knarvik Body Clinic, rektor på Hudpleieskulen
og i tillegg lærar i bedriftslære. Det vert ikkje alltid så mykje fritid. – Eg jobbar mykje, men det er fordi eg synest det er så gøy. Eg gler meg til å gå på jobb kvar einaste dag. Eg lever hobbyen min, seier ho. Før påske skal Frøydis opna endå ei bedrift i same etasje som dei to andre held til. No kjem KBC Klær, og ho satsar hardt. – Eg er kjerringa mot straumen. Medan dei andre legg ned, opnar eg nytt, ler ho. Frøydis er ikkje redd for at det ikkje skal gå bra. – Mine tilsette står bak ryggen min heile tida. Utan dei, hadde eg ikkje våga noko som helst, seier ho.
GRÜNDER: Frøydis Nesse Foss starta som gründer i 2000. No driv ho Knarvik Body Clinic, eig og er rektor på Hudpleieskule i Knarvik og opnar klesbutikk før jul. – Eg lever hobbyen min, seier ho.
KJELSTRAUMEN VERTSHUS ONSDAG 13. MARS KL. 21.00 Bill. kr. 295,-
FRØYDISFAKTA: I Opna Knarvik Body Clinic i 2000 I Flytta til nye lokale i 2003 I Starta Hudpleieskulen i Knarvik i 2003 I Har så langt utdanna 107 hudterapautar og 45 spa-terapautar I Opnar snart KBC Klær
– Eg trur det finst ein liten gründer i oss alle. Eg såg ikkje først på meg sjølv som ein gründer, men det viste seg at det budde ein i meg. På spørsmålet om ho kjem til å opna meir, gliser ho lurt. –Det som skjer, det skjer. Eg trur det kjem meir!
Over 40 års erfaring i vårt fag
• Vi utfører alt innen grunn- og betongarbeid • Gravemaskiner fra 1,6 - 32 tonn • Kranbiler 47 t/m med båtkrybbe
• Boring, saging i armert betong • Levering av sand, singel, grus og dekkbark 5954 Mongstad Tlf: 56 16 76 80 e-post: ngb@ngb.no l www.grunnogbetong.no