Personalhandbok

Page 1

PersonalService

Personalhandbok


Eigne notater

Innhald: Eigne notater Adresseinformasjon Velkommen! Tilsetting og arbeidsavtale Lønn Lønn under sjukdom Offentlege og bevegelege høgtidsdagar Velferdspermisjonar Teieplikt

Side 2 Side 2 Side 3 Side 4 Side 4 Side 5 Side 7 Side 7 Side 7

Besøksadresse: Hafstadvegen 34, 4. etg. Postadresse: Postboks 16 Postnr./stad: 6801 Førde Telefon: 57 82 40 88 Web: www.personalservice.no Epost: post@personalservice.no Rekneskapsførar/lønn Arne Birkeland AS Øyrane 2 Pb 223, 6802 Førde

SIDE 2


Velkommen! Vi håpar du vil trives og gjere ein jobb du kan vere stolt av. Du er PersonalService sin representant ute hos våre oppdragsgjevarar, og ved å vise ein serviceinnstilt og positiv haldning vil du auke di moglegheit for framtidige oppdrag hos oss og kundane. Har du spørsmål må du gjerne ta kontakt på tlf. eller stikke innom. Våre tenester skal tilfredsstille kunden sine krav og forventningar. Vi gjev kunden kvalitetsgaranti på alle våre tenester. Så langt som mogeleg er det viktig for oss at du gjev oss alle relevante opplysningar om dine interesser og kvalifikasjonar. Det er då enklare å skaffe deg interessante oppdrag. PersonalService as er eit bemanningsbyrå som skaffar private og offentlege selskap medarbeidarar for korte og lange periodar. I tillegg rekrutterer vi våre medarbeidarar til faste stillingar i næringslivet. Vi er lokaliserte i Førde i Sogn og Fjordane, og får størsteparten av våre oppdrag frå næringslivet her. Marit Milde Dagleg leiar Telefon: 57 82 40 88 E-post: post@personalservice.no

SIDE 3


Tilsetting og arbeidsavtale Ved alle arbeidsoppdrag er det Arbeidsmiljølova (aml) som gjeld for begge partar. Du er tilsett hos oss frå den dato du tek på deg ditt første oppdrag. Arbeidsavtalen i underskriven stand regulerer arbeidstilhøvet når du er i jobb. I alle arbeidsoppdrag er det PersonalService som er din ansvarlege arbeidsgjevar.

Prøvetid For arbeidstilhøvet gjeld ei avtalt prøvetid på 6 mnd. I prøvetida er den gjensidige oppseiingstida 14 dagar rekna frå oppseiingsdato.

Oppseiingsfristar Arbeidstilhøvet er mellombels og avgrensa til oppdraget si lengde. Når oppdraget er over, tek arbeidstilhøvet slutt utan forutgåande oppseiing. Etter prøvetida gjeld ein gjensidig oppseiingsfrist på ein månad, gjeldande frå den 1. i månaden etter at skriftleg oppseiing føreligg. Du kan ikkje ta tilsetting hos oppdragsgjevar før oppdraget gjennom PersonalService er avslutta, og minimum etter å ha jobba gjennom PersonalService i 3 månadar hos kunden du blir tilsett hos.

Lønn Timelønna blir avtalt med deg før kvart oppdrag. Lønna er avhengig av både type jobb og kvalifikasjonskrav. Dette betyr at lønna kan variere frå oppdrag til oppdrag.

Lønnsutbetaling skjer 1 gang pr. månad. Du må sørgje for å sende/levere korrekt utfylte og attesterte timelister til oss innan den 1. i kvar månad. Lønna vil då bli utbetalt den 5. i kvar månad. Sjukepengar frå arbeidsgjevar blir først betalt etter at du har vore i jobb i 4 veker. Lege må søkast og fråveret dokumenterast frå 4. sjukedag, eller første arbeidsdag dersom 4. sjukedag er ein fridag. Hugs følgjande når du skriv timelister: • Skriv korrekt namn og adresse på oppdragsgjevar/avdeling i tillegg til ditt eige namn. • Kontonummer når du sender første timeliste, eller dersom du skiftar kontonummer eller bank. • Sjukefråver skal visast på timelista. Skriv SJUK dei dagane det gjeld – ikkje tal timar du var sjuk. Har du krav på sjukelønn for heile eller deler av perioden må du levere eigenmelding eller sjukmelding i lag med timelista. • Hugs å påføre dato/dag for dei dagane du jobbar eller er fråverande. • Du sender skattekort første gong du sender timeliste. • Trekk frå lunsjpause og dessutan anna privat tid på timelistene. • Før på om oppdraget er avslutta. • Timelista skal underskrivast av din kontaktperson ute hos kunden. I veker med bevegelege helgedagar kan lønnstidspunktet bli endra. Første veke i januar kvart år blir det ikkje føreteke lønsavrekning.

Overtid Arbeidstid og overtid er regulert av arbeids-

SIDE 4


miljølova. All overtid skal avtalast og godkjennast med kunden du jobbar for på førehand. Overtid vert betalt etter 9 timars arbeidsdag eller etter 37,5 timars veke. 50% tillegg reknast fram til kl. 21:00, deretter 100%. 100% tillegg for laurdagar (ikkje varehandel), søndagar og helgedagar, og dessutan etter arbeidstidas slutt på dagar før helgedagar.

Feriepengar Feriepengar er regulert i arbeidsmiljølova. Feriepengar blir utbetalt som hovudregel i tidsrommet 1. mai til 1. juli, når du tek din hovudferie, eller når du sluttar som vikar.

Fråvær Alt fråvær (bortsett frå sjukefråver) skal avtalast med PersonalService. Dersom du ikkje gjev melding, kan retten til betaling falle bort.

Lønn under sjukdom Om du er sjuk må du melde frå snarast og seinast innan kl. 09:30 same dag og deretter kvar dag du er sjuk utan sjukmelding. Du melder frå til både PersonalService og kunden du jobbar for. Rett til sjukepengar oppstår først den dagen du melder frå om at du er sjuk, med mindre det har vore praktisk umogeleg for deg å gje melding tidlegare.

Fråvær med eigenmelding Eigenmelding kan brukast inntil 3 kalenderdagar i løpet av ein 16 dagars periode, enkeltvis eller samla. Retten er avgrensa til 4 eigenmeldingar i løpet av dei siste 12 månader (ikkje kalenderår). Ved bruk av enkeltdagar innanfor same periode, blir kvart fråvær rekna som ei eigenmelding. Ved evt. sjukefråver utover nemnda 4 fråvær, kan arbeidsgjevar kreve at sjukmelding frå lege skal leggast fram frå første fråværsdag. Du må ha vore i samanhangande arbeid hos oss i minimum 2 mnd. før eigenmelding kan brukast.

Fråvær med sjukmelding Sjukepengar frå arbeidsgjevar betalast først etter at du har vore i arbeid i 4 veker. Lege må søkast og fråveret dokumenterast med sjukmelding frå 4. sjukedag, eller første arbeidsdag dersom 4. sjukedag er ein fridag.

SIDE 5



Barns sjukdom

Velferdspermisjonar

Eigenmelding ved barns sjukdom kan brukast etter 4 vekers tilsetting. Den enkelte arbeidstakar får sjukepengar i inntil 10 dagar pr. kalenderår ved barns sjukdom (20 dagar om du er åleine om omsorga) t.o.m. det året barnet fyller 12 år.

Om du har behov for velferdspermisjon så ta kontakt med PersonalService. Har du jobba 750 timar siste 12 månader kan du få velferdspermisjon med lønn i følgjande tilfelle: - Permisjon ved dødsfall og for deltaking i gravferd når det gjeld den næraste familie (ektefelle, sambuar, barn, søsken, foreldre, svigerforeldre, besteforeldre eller barnebarn) i inntil 1 dag. - Permisjon for undersøking, behandling og kontroll av spesialist (tannlege- eller legespesialist) etter framsyning frå lege. Ordninga er avgrensa til 3 timar pr. gong inntil 8 timar i løpet av 12 månadars tilsetting. Dette gjeld berre om det er umogeleg å få time utanfor arbeidstida. Hugs at kopi av kvittering/framsyning til spesialist må leggast ved timelista.

Oppteningstid For både eigen og barns sjukdom startar ny oppteningstid om du er ute av arbeid i meir enn 14 dagar, bortsett frå avtalt ferie 3 el. 4 veker ein gong i året.

Offentlege og bevegelege høgtidsdagar PersonalService kan betale lønn dersom du har arbeidd minst 750 timar dei siste 12 månader. Du må vere i arbeid siste arbeidsdag før og første arbeidsdag etter den aktuelle dagen, og du har krav på lønn for den tida du normalt skulle vore i arbeid dei aktuelle dagane. Dersom du er ute av oppdrag i meir enn 14 dagar, bortsett frå evt. avtalt ferie (ref. over), startar ny oppteningstid. Medarbeidaren skal til ei kvar tid følgje den arbeidstida som gjeld i den bedrifta han/ho jobbar. Har bedrifta forkorta arbeidstid eller stengt enkelte dagar i samband med høgtids-/helgedagar, lønnast ikkje desse. For medarbeidar som har opptent fullt ferieår (jobba sammenhengande 12 mnd. inkl. ferie) kan ferie avtalast umiddelbart før eller etter bevegelege helgedagar, ein gong pr. år. Ferie må avtalast 14 dagar før ferien skal innvilgast. Elles gjeld ferielovas reglar.

Teieplikt Alle medarbeidarar er til ei kvar tid pålagde teieplikt om alle forretningsmessige tilhøve hos oss og hos våre kundar. Dette underteiknar du på i arbeidsavtalen. PersonalService ser fram til å jobbe i lag med deg! Velkommen til oss!

SIDE 7


Besøksadresse: Hafstadvegen 34, 4. etg. Postadresse: Postboks 16 Postnr./stad: 6801 Førde

Telefon: 57 82 40 88 Web: www.personalservice.no Epost: post@personalservice.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.