SOG N OG FJOR DA N
FLYKTNINGEGUIDAR
E
Side 8 og 9
Nr. 1 – 2013 – årgang 24 – INFORMASJONSAVIS
KJØNNSPERSPEKTIVET
PÅSKEBEREDSKAP
EIN EKTE RØDE-KORSAR
Kronikk side 18
Side 23
Side 11
Likeverd Xx Side
TEMA
Det humanitære perspektivet
2 RØDE KORS AVISA 2013
«Det humanitære perspektivet» DET ER 100 ÅR SIDAN KVINNER i Noreg fekk stemmerett. Dette har vi valt å markere i denne utgåva av Røde Korsavisa i eit humanitært perspektiv basert på likeverd. Det var ei sterk kvinne som tok initiativet til å starte Røde Kors her i fylket. Inger Yri – hotellvertinne på Yri Hotell i Olden, tok initiativet og vart første leiar for Olden krins av Norges Røde kors 11. april 1920. Det var ikkje berre starten på Røde Kors her i fylket, men òg starten på organiserte helsetenester. Olden Raude Kross tilsette fylket si første sjukesøster så tidleg som i 1924.
LEIAR
VI YNSKJER OG MINNAST JORUNN Norstrand som gikk bort i februar. Ho har lang historie i
Røke Kors og eg vil spesielt nemna hennar innsats som leirsjef for familieleiren på Haugland kvar sommar. Vi takkar familien for minnegåva som vart samla inn til denne leiren. DET ER IMPONERANDE å sjå den humanitære innsatsen mange frivillige legg ned for å gjera kvardagen litt lettare for andre. Vi finn fleire slike døme i denne avisa. Det er flott å kunne gi heider til frivillige ved å dele ut «Bry deg pris», heidersteikn og fortenestemedaljar. Det ligg betydeleg innsats bak disse utmerkingane, som vart delt ut under distriktsårsmøtet i Sogndal med nær 150 deltakarar tilstade. BEREDSKAP og samarbeidet med naudetatane er viktig for oss i Røde Kors. Dette var bakgrunnen for at vi engasjerte oss då framlegget om sentralisering av alarmsentralen i Florø vart kjent for oss. Vi har eit unikt og tett samspel mellom frivillige og dei profesjonel-
le gjennom alarmsentralen. Alarmsentralen er viktig å for oss og for fylket. KONFLIKTEN I SYRIA gir omfattande humanitære utfordringar og behov for internasjonal hjelp. Vårt bidrag er å kunne organisere innsamling og slik få fram hjelp gjennom Røde Kors sitt internasjonale apparat og lokalt via i Syria Røde Halvmåne. Eg nyttar høvet til å takke folk i Sogn og Fjordane for at dei stiller opp og gir pengar når det trengs. 8. MAI er den internasjonale Røde Korsdagen som mange vel å markere med å synleggjere Røde Kors rundt i fylket. Ta gjerne kontakt for å bli støttemedlem eller for å bli aktiv anten det er i hjelpekorps, omsorgs- eller i ungdomsaktivitetar.
Odd Erik Loftesnes Distriktsleiar Sogn og Fjordane Røde Kors
Lodd som skapar opplevingar for livet Reiselotteriet i Sogn og Fjordane Røde Kors går til å finansiere humanitære ferietilbod for barn, funksjonshemma og familiar. Barnekonvensjonen av 1989 seier at alle barn har rett til å delta i leik, til kvile og fritid. Denne retten inneber at barn som lever under vanskelege økonomiske tilhøve ikkje må tape retten til å vere barn, til å leike saman med andre barn gjennom ferie- og fritidsaktivitetar. Dei humanitære ferietilboda, Ferie for alle og leirane for barn og unge med særlege behov, gir barn og foreldre ein sjanse til å oppleve feriegleder, for mange den første og einaste gongen. Sogn og Fjordane Røde Kors gjennomfører alle sine humanitære ferietilbod på Haugland ved Flekke i Fjaler kommune. Staden er unik og gir oss høve til å lage tilbodet slik at alle får si spesielle oppleving.
RØDE KORS AVISA SOGN OG FJORDANE Ansvarleg utgjevar: Sogn og Fjordane Røde Kors, Langebruvegen 28, 6800 Førde. Tlf. 05003. I redaksjonen: Dag Hovland, Lis Maria Munkvold, Reidun Sørefjord, Henning Hellebust, Bente Halvorsen, Christian Vik, og Margunn Masdal. Annonsar: Faktureringsservice Sør AS. Layout/produksjon: Firda Media AS Sats, repro og trykk: Sogn og Fjordane Avistrykk. AS. Opplag: 42 000.
Tilsette ved distriktskontoret:
Dag Hovland Dagleg leiar 57 72 31 32 908 94 974 dag.hovland@ redcross.no
Lis Maria Munkvold Opplæring 57 72 31 33 904 74 445 lismun@ redcross.no
Reidun Sørefjord Lokalforeiningar 57 72 31 34 917 47 134 reidun.sorefjord@ redcross.no
Christian Vik Ungdom 57 72 31 35 906 19 405 christian.vik@ redcross.no
Bente Nilsen Halvorsen Omsorg 57 72 31 36 481 42 540 bente.halvorsen@ redcross.no
Henning Hellebust Beredskap/ Hjelpekorps 57 72 31 37 900 58 669 henning.hellebust@ redcross.no
Margunn Masdal Informasjon og kommunikasjon 57 72 31 38 952 07 409 margunn.masdal@ redcross.no
RØDE KORS AVISA 2013 3
Kvinne eller mann – ikkje like vilkår i katastrofar I år vert 100-årsjubileum for norske kvinner sin stemmerett feira. Politikarar, media og andre er ganske samstemte i at Noreg er eit førebilde på dei fleste samfunnsområde når det gjeld likestilling. Slik er det ikkje alle andre stadar. I dei fleste land ser vi stor kulturell og sosial ulikskap mellom kvinner og menn. Denne ulikskapen vert spegla òg i Røde Kors sine søsterforeiningar i Midt-Østen, Asia, Afrika og Europa. Ulikskap mellom kvinner og menn får noko å seie for korleis og om vi når fram til sårbare kvinner og barn i ei katastrofe. Det påverkar innhald og utforming av hjelpeprogram i søsterforeiningane våre. Framleis er det flest mannlege frivillige som deltek aktivt i redningsarbeid og gir førstehjelp under katastrofar. Årsaka er at frivillige kvinner som regel ikkje får opplæring i katastrofehjelp, og difor ikkje deltek aktivt i ein naudhjelpsoperasjon.
LIKESTILLING mellom kvinner og menn i Røde Kors/Røde Halvmåne har verknad på kva grad naudhjelp når fram til kvinner og jenter, gutar og menn. Graden av likestilling påverkar også den einskilde sin sjanse til å bli rekruttert som frivillig, få opplæring og velje arbeidsfelt i Røde Kors/Røde Halvmåne. Erfaring viser at dersom vi ikkje tek omsyn til kjønnsdimensjon og dei faktiske ulikskapane mellom kvinner, jenter, gutar og menn vil både naudhjelp og langsiktig assistanse få vidt forskjellig resultat, spesielt fordi behov ikkje blir møtt på ein god nok måte i Røde Kors sine hjelpeprogram. DET ER VIKTIG å sjå at innanfor kvar av hovudgruppene er det mange skiljeliner som kan gje konsekvensar i krise. Mellom kvinnene er det gravide, gifte, einslege mødrer og enker, mellom menn er det både gifte, einslege fedrar og enkemenn. Mellom både jenter og gutar finn vi foreldrelause og funksjonshemma. I tillegg ulike aldrar og familiesituasjon kombinert med ulikskap i sosial og økonomisk status, religion eller etnisitet. NATURKATASTROFAR, KONFLIKT, politisk og sosial ulikskap og ustabilitet, får ikkje dei same konsekvensane for alle innbyggarane. Innanfor kvart einskild land møter kvinner, jenter, gutar og menn ulik risiko. Dei har forskjellige behov og dei er sårbare på forskjellige måtar, dei har heller ikkje dei same evnene, ferdigheitene og mulegheitene til å hjelpe seg sjølv når ein situasjon oppstår. I HAITI OPPLEVDE HELSETEAM at det var overvekt av menn som søkte helsehjelp på feltsjukehus. Det viste seg at kvinner og barn ikkje kom seg til sjukehuset, anten fordi dei var åleine og mangla pengar til transport, eller fordi dei ikkje kunne reise frå barna sine. Røde Kors
EIT STYKKE ATT: I katastrofar blir eksisterande kjønnsulikskap forverra der det allereie er stor ulikskap frå før. lærte av dette og etablerte i staden eigne mobile helseteam som reiste ut til lokalmiljøa og kontakta kvinner og barn der dei var, anten i teltleirar eller i mellombels bustadar.
DET ER ENDÅ EIT STYKKE ATT før likestilling og mangfald er fullført i Røde Kors sine program nasjonalt og internasjonalt. Men Røde Kors rørsla har samla sett fått på plass viktige strategiske og overordna målsettingar for likestil-
Foto: Røde Kors/Haiti
ling og mangfald i nasjonalt og internasjonalt arbeid. Utfordringa er å dele informasjonen, skape engasjement og auka forståing for at dersom vi gjennomfører likestilling og mangfald i alle våre program, heime og ute, så fører dette til betre resultat. Gjennom utvikling av program og tiltak, basert på eit kjønnsperspektiv, kan Røde Kors hjelpe fleire sårbare menneske på ein betre måte. mette.buchholz@redcross.no
Fakta | Likestilling i Røde Kors ■ I 2006 fekk den Internasjonale Røde Kors Komiteen (ICRC) ein global likestillingsstrategi med eit overordna mål om 30/70 % kjønnsbalanse mellom kvinner og menn i heile organisasjonen i alle land, innan 2011. Endeleg mål er fordeling 40/60 % kjønnsbalanse innan 2015. ■ Røde Kors i Norge er ein av 54 nasjonalforeiningar som i dag har signert Forbundet si «Gender Pledge P2093». Denne pliktar kvar nasjonalforeining til å gjennomføre likestilling i organisasjon og program med klare mål for framdrift før 2015. Den siste tida har Austerrike, Australia og Mali Røde Kors, og Libya Røde Halvmåne signert. ■ I 2013 fekk Forbundet godkjent eit nytt strategisk rammeverk for likestilling og mang-
fald som viser veg frå teori til handling: IFRC Strategic Framework on Gender and Diversity Issues, med tre overordna mål. ■ Forbundet (IFRC) har utvikla gode verktøy som integrerer eit kjønnsperspektiv i opplæring av frivillige, i utvikling av førebyggingog naudhjelpsprogram. ■ I Honduras Røde Kors har foreininga gjennom sitt helseprogram invitert fedrar og menn til helseopplysning om familie, mor og barn si helse. Mange menn er no engasjert som frivillige i landsbyar og gir helseopplysning og helsehjelp til kvinner og menn. ■ I Rwanda Røde Kors kom det frå 2010 nye statuttar som krev heilt lik fordeling mellom kvinner og menn i alle valde verv og program.
■ I Norges Røde Kors er det i dag ein kjønnsbalanse rundt 40/60 % mellom dei tilsette. I sin internasjonale strategi har ein som delmål å integrere eit kjønnsperspektiv i internasjonale samarbeid, som omfattar både program og organisasjon. ■ I det internasjonale programarbeidet har Norges Røde Kors frå 2009 til 2014 ein handlingsplan som sikrar at vi saman med våre internasjonale samarbeidspartar integrerer eit kjønnsperspektiv i alle program. Dette betyr at kvinner, jenter, gutar og menn sine behov kjem inn i lokale behovs- og sårbarheitsanalysar, og at vi skal rapportere separat kvinner og menn for alle målgrupper anten vi samarbeider om naudhjelp, lokal beredskap eller helse.
4 RØDE KORS AVISA 2013
MORO: Kven bryr seg om at veret ikkje var strålande? Og om nokon lurer på om det kan stemme at det har vore sure dagar i vinter, så kan vi stadfeste det, 1. -3. februar var det ikkje heilt optimalt.
Foto: Behnam Gharaei
Vinterferie i huttetu vêr Har ein sett seg føre at no skal ein leike og lære med ski på beina, kan ein ikkje være kresen på vêret. Det var heller ikkje dei familiane som deltok på humanitær vinterferie, det vart moro frå første stavtak. Om lag 40 deltok på skihelga med base på Førde Gjestehus og camping og skiturar på Jølster Skisenter. Her skulle foreldre og barn prøve seg på nedoverski og typiske aktivitetar som høyrer norsk vinterferie til. – Fredagen, fortel leirsjef Berit Flæthe Arntsen, vart det vanskeleg å få gjestane våre til å slutte å gå på ski. – Alle skiinstruktørane har fortalt oss om sprudlande skiglede og pågangsmot hos utrente skigåarar, seier Arntsen. Gjestane fortel om kor moro og kor vanskeleg det er å stå på slalåmski. - Ungar tek teknikken fort, fortel skiinstruktørane, dei vaksne slit litt meir med balansen, men har ein pågangsvilje og humor så har alle det gøy, uan-
sett. At alle både foreldre og barn skal prøve seg er viktig for Røde Kors. Det å dele erfaringar med skileik og skimeistring er noko Røde Kors ønskjer for familiane. Vi greier det ganske bra, fortel pappa Rhamatullha Usbek til to. – Det er vanskeleg å bremse, tykkjer eg. Det går fort nedover, kanskje for fort. – Eg blir så glad når eg ser at barna mine er blitt så flinke. Ungane mine likar seg så godt på vinterferie, fortel Joyse Utero, mammaen til Micael og Jennifer. - Det var så moro å sjå guten min ta heisen heilt åleine til toppen av bakken og renne ned utan å falle. - Men skigåing er ikkje noko for meg nei, eg er rett og slett for gamal til å lære meg å gå på ski. -Det er heilt greitt å sitte i varmestua og følje med på ungane, seier Joyse. Eg kjenner det både her og der, seier 17 år gamle Bereket Esseyos, sjølv om eg har gått både på bortoverski og nedoverski tidlegare, så kjenner eg det på skuldrane. – Vi hadde sett for
oss, familien min og eg, at vi skulle på langrenn, men så vart det altså slalåmbakken på oss. – Skiskulen var veldig grei og det var overraskande moro å renne på ski, seier Bereket. Eg har lært meg teknikken med å svinge og bremse, sjølv om eg ikkje er så god endå. Det var fleire fedre som tok sjansen på ski enn mødrer. Har vi sett dette særtrekket før? Desse foreldra vil uansett lære korleis det er å stå nedst i bakken, å vente med kalde føter og klare til å assistere, med lommetørkle, drikkeflaske og formaningar om å ta det med ro og køyre med vit. Så kan ein ha det til felles med dei fleste andre, det er ikkje vêret ein nødvendigvis hugsar når ein etter nokre år hentar fram gode minne frå ei skihelg. Det var kjensla ein fekk då ein sjølv eller ungane, susa ned bakken på stødige bein og klarte å stogge med verdigheit og stil. Tekst/foto: margunn.masdal@redcross.no
RØDE KORS AVISA 2013 5
Jorunn Norstrand blir sakna og hugsa
Ingen som var på Ferie For Alle, desse fine junidagane sommaren 2012, kunne tenkje at dette skulle bli leirsjefen, Jorunn Norstrand sin siste ferieleir. Tidleg i februar kom meldinga frå Florø om at Jorunn var død etter at ho vart sjuk utpå hausten.
FRIVILLIGE: Abdulahi Osman Mohamud og Berit Flæthe Arntsen.
Saman får vi det til - Sjølve gjennomføringa gjekk stort sett som vi hadde planlagt, fortel Berit Flæte Arntsen, leiar i distriktsråd Omsorg. - Dei frivillige gjorde ein kjempeinnsats, og gav tilbakemelding om at det hadde vore kjekt, men travelt! Det er utfordrande å vere vertskap for familiar som lever i ein kvardag prega av usikkerheit. Likevel, det var stort sett berre smil å få etter kvart som timane og dagane gjekk, anten det var i skibakken eller på bingoen. Og som ein av ungane så ettertrykkjeleg bad om på søndagen: «Kan ikkje vi berre vere her ein dag til, please!» – Røde Kors hadde ikkje klart det utan skiinstruktørane til Jølster Skisenter, seier Arntsen. - Dei gjorde det muleg for dei
aller fleste barna å lære å stå på slalåmski. - Det er nesten ikkje til å tru at barn som berre sklir bakover den første timen fredagen, er dei same som siste timen søndagen har vore i det store skitrekket, som det mest naturlege i heile verda. - Den kjensla av mestring blir ikkje gløymt med det første. Eit opplegg som dette krev fleire gode samarbeidspartar, både i skisenteret, ved campingen, og med mat. - Den aller største blomen har vi sendt til Førde Gjestehus og Camping, seier Arntsen. - Dei sponsa overnattinga til gjestar og frivillige, som var ca. 50 personar i to netter. I tillegg stilte dei fellesareal til disposisjon for oss heile helga, så vi kunne arrangere fleire rettars middag, maling på lerret og Bingo på kveldane. Dei tilsette var superblide og hjelpsame heile helga, avsluttar Berit Flæthe Arntsen.
På vegne av Røde Kors heldt Rolf Endestad minneorda i gravferda hennar og dette var noko av det han sa. «Røde Kors har så uendeleg mykje å takke Jorunn for. Tvers igjennom har ho vore ein ekte Røde Korsar, og har i sum levert mange årsverk for det gode formål. Jorunn har gjennom mange ti-år vore engasjert innanfor så godt som alle aktivitetar i Røde Kors. Det var gjennom aktiviteten nattevandring at eg først fekk innsyn i Jorunn sitt store hjarte for Røde Kors og hennar evne til å stå på for den gode sak. Eg tek ikkje for sterkt i når eg seier at denne aktiviteten sto og fall med Jorunn. Eg er òg klar på at aktiviteten har redda liv. Personleg vil eg takke Jorunn for at ho på ein god måte vakte min interesse for omsorgsarbeidet i Røde Kors. Gjennom det som viste seg å vere ei tragisk dødsulukke for mange år sidan, var Hjelpekorpset engasjert i søk og leiting. Jorunn var med, og hennar evne til å ta vare på dei pårørande når den sakna vart funnen og utfallet var det verst tenkelege, ja det imponerte meg stort. Og det var faktisk dette som gjorde at eg i ettertid såg den store verdien av omsorgsarbeidet i Røde Kors. For Jorunn starta det med innsats for barnehjelpa, der ho var med i Distriktsrådet i ein periode på 6 år, også ein periode som leiar. Ho var vidare med i beredskapsutvalet i ein 7-års-periode og omsorgsutvalet på distriktsnivå i fleire år som nestleiar. Så skal vi merke oss at det ligg mange år med god og aktiv innsats på det lokale plan før dette kjem til uttrykk på distriktsnivå. Det er på lokalnivået starten ligg, og det er arbeidet der som er ryggrada i alt Røde Kors arbeid. I dei seinare år er det likevel Ferie for alle på Haugland som opptok Jorunn mest. Her har ho lagt ned eit formidabelt arbeid gjennom mange år, og var på mange måtar ryggraden i aktiviteten saman med gode medhjelparar. Jorunn sin store innsats på eit breitt område vart sjølvsagt lagt merke til, og som ei markering for dette vart ho i 2008 tildelt Røde Kors sin ”Bry deg pris”. Det er ei utmerking som heng høgt, og det ligg ei grundig vurdering opp mot Røde Kors sine grunnidear og prinsipp bak ei slik tildeling. Takk frå Røde Kors som var din organisasjon. Takk for din store innsats gjennom mange år på så mange felt.»
6 RØDE KORS AVISA 2013
Eg er ein som bryr meg Det handlar om at vi som menneske må lære oss å etablere godt vennskap med andre. Gode vener og vennskap for livet er viktigare for oss menneske enn ein kanskje tenkjer over til dagen. Litt for mange unge fortel at dei kjenner seg einsame. Det er eit paradoks i mylderet av sosiale møteplassar at nokon av oss har hundrevis av vener på Facebook, men saknar ein eller to nære vener - den eller dei ein kan fortelje alt til, som er 100 % lojal og som vil vere besteven med meg akkurat slik som ein er. Einsemd mellom unge har vore eit skjult problem. Ei undersøking gjennomført av Norges Røde Kors i 2012 fortalte at ungdom er dei som kjenner seg mest einsame samanlikna
med andre aldersgrupper. Éin av tre ungdommar mellom 18 og 29 år svarte at dei av og til eller ofte er plaga av einsemd. I tillegg er einsemd mellom ungdom eit tabulagde tema. I undersøkinga svarte 25 % av ungdomane at dei prøvde å skjule einsemda si. Det er vanleg å skulde seg sjølv for at ein er einsam, men det blir ei for enkel forklaring. Å bli inkludert sosialt er ikkje eit personleg ansvar åleine, det er eit felles ansvar som kviler på alle. «Eg er EINsom bryr meg» -kampanjen er Røde Kors Ungdom sitt prosjekt for å gjere det lettare å snakke om einsemd og auke inkludering. Det er krevjande å vere ven. Det går begge vegar. Respekt og lojalitet er viktig, og vi må tore å vere rause, gje av oss sjølve, gje støtte, stå opp for, forsvare. Vennskap treng næring.
Typisk for ungdom i vårt fylke er å flytte ut i verda, og då må ein klare å skape nye vennskap. Det kan kjennast både usikkert og vanskeleg. Redsla for å bli avvist og at ein kjenner seg utrygg, er ofte brukte forklaringar på at ein vegrar seg for å ta kontakt med andre, når det buttar mot og ein treng å få nye vener.
EINsom bryr meg – kampanjen Med «Eg er EINsom bryr meg» – kampanjen vil Røde Kors Ungdom at einsemd ikkje lenger skal vere eit usynleg problem. Å vere open om einsemd kan gjere at problemet kjennes mindre. I tillegg til å opne for å snakke om einsemd inviterer Røde Kors Ungdom alle unge mellom 13 og 30 til å vere med på aktivitetar for å møte nye menneske.
Det burde vere mogleg å slå Ragna!
Fakta | Ver den... ■ som helsar og smiler til alle som går i klassen din når de møtest, og gjerne til nokon i andre klassar som du vanlegvis ikkje smiler eller helsar på. ■ som set deg på midten av det store tomme kafébordet, heller enn den som set seg ved det vesle, bakarste med berre plass til to. ■ som ser om nokon i din vennegjeng ikkje er ordentleg inkludert i gjengen, han eller ho som kanskje kunne trenge ein som deg å vere ven med? ■ som tek ein telefon og spør om den eller dei vil vere med på kino eller kafé. ■ som helsar på andre i handa og fortel kva du heiter, og ver den som svarer på same måte ■ som passar på at alle i klassen får vere med og dele meldingar og invitasjonar på Facebook. ■ som stiller opp for klassekameratar dersom dei blir latterleggjort eller mobba. ■ som går på besøk utan å vere invitert
KONSENTRERT: Ragna Lillevik og Quasim.
RØDE KORS AVISA 2013 7
HELGEHYGGE MED MÅLARKOST: Sjukurullo, Rojina, Astrid og Adilem.
Å komme saman er ein start Barn og unge er forundrande like uansett kvar i verda ein møter dei. Men det er stor skilnad på å vekse opp i eit flyktningmottak, i forhold til eit alminneleg norsk bustadfelt. Røde Kors Ungdom har vore ein tydeleg talsperson for barn av asylsøkarar. I Førde har ungdommane gått eit steg vidare, dei vil bruke nokre timar annankvar søndag saman med barn og unge som bur på Bergum mottakssenter i Førde. - Eg har lenge og på ulike arenaer engasjert meg i asylbarn sin situasjon i Noreg, seier Astrid Underlid frå Vevring i Naustdal.. – Å vere her er å gjere meiningane mine om til handling. Mest av alt skal det handle om å vere saman.
,,
– Det betyr mykje for våre ungar at dei kan vere saman med andre unge vaksne, enn dei dei vanlegvis er saman med, seier Elisabeth Kløve ved mottaket.
Prate, spele brettspel, litt hobby og fotball, varme vaflar sjølvsagt. Det skal smake helgekos.
Å finne nye vener - Når du skal skaffe deg nye vener skal du stille to spørsmål, seier Rojina på 10 år. - Det første er om du og eg skal vere saman, og etterpå skal du spørje om vi skal vere vener. - Eg trur at den digitale kommunikasjonen gjer oss einsame seier Astrid Underlid. Når du kjem frå verdens minste bygd, Vevring i Naustdal, har det vore nyttig å kunne nokre gode knep for å bli kjent med nye menneske. - Det som eg har vore heldig med, er å by på litt positiv humor frå eige kvardagsliv, fortelje små og tullete episodar med smil og latter. – Det plar vere ein god og ufarleg start på ein samtale. Anne Hjellbrekke Frøyen trur at eit godt grep er å bli med på kjekke ting, ting som du sjølv likar. Og gjennom det bli kjent med nye. – Du må ikkje vere altfor sjenert og ikkje gje opp om du får nei. Slik er det berre, seier Asif Fazli. - Å få nye vener er akkurat det same i Afghanistan som i Norge.
Tekst/foto: margunn.masdal@redcross.no
Lurer på om Astrid likar raude eller rosa hjarte?
Astrid og Adilem er no vener!
8 RØDE KORS AVISA 2013
Begeistra guidar Eit raskt stemnemøte med halvparten av flyktningguidane plantar eit inntrykk av at det å vere guide er moro. Ein legg også fort merke til at guidane fortel med begeistring om dei nye venene sine. Å vere flyktningguide må ikkje vere eit vennskap, men det kan også bli det. Korleis ein set grensene er opp til guidane sjølve. Det er heilt greitt at ein held fram med å vere vener, sjølv om oppdraget er fullført. Menneske er no menneske, det blir gjerne mykje meir enn berre å guide nokon inn i skjema, NAV og norsk språk. - Det er vanskeleg å skulle vere guide utan å tenkje at vi også kan bli gode vener, seier flyktningguidane Vegard Tjørhom og Anne Brit Sande, og held fram; - Vi er to menneske, begge er opne for kva dette fører til. Varig vennskap eller kjenningar, det vil tida vise. - Min situasjon no, seier Sande, er at eg vil gjere noko konkret. Ikkje berre prate og ha haldningar, seier Sande. Vegard Tjørhom er guide for ein mann i 30 åra frå Darfur i Sudan. - Dette er ein kar som likar at vi snakkar norsk saman, seier Vegard. No driv eg og masar litt med desse vokalane. Du skjønar det er stor ulikskap på «du og do». - Eg har litt erfaring med Afrika, så det var ikkje lenge før vi er i god prat om hans erfaringar frå Afrika. Det tykkjer eg er interessant. Dessutan er det kjekt å vere saman, han snakkar om det meste, med eit godt smil om munnen. Asif Fazli er guide for ein palestinsk tenåring på 17 år. – Han er nett komen til byen, seier Asif. – Eg har kjent det som viktig å oppmuntre han til å finne seg til rette her hos oss.
– Endå kan vi ikkje snakke berre norsk saman, men han går på norsksentret og er godt i gong. – Det er ikkje fritt for at han lurer på korleis eg har greidd å finne meg til rette, så eg har tenkt å lære han nokre gode grep. Kva for grep då? – Vel, eg vil oppmuntre han til å vere både tolmodig og veldig sosial. – Han må ikkje gi opp om han blir avvist nokre gonger, til slutt går det seg til. Christian Vik er guide for ein mann i 20 åra frå Afghanistan. – Det er moro å vere saman med han, seier Christian. – Eg likar humoren hans og vi ler ganske ofte saman. I starten møttes vi ute på ulike stadar, no er vi meir og meir heime hos kvarandre. – Samtalane våre går ofte inn på korleis komme seg vidare, det kan vere om skulen, lekser, korleis ta sertifikat, korleis få seg jobb, alt som kan gjere han sjølvstendig. No etter snart eitt år går samtalen begge vegar, om kvarandre sine erfaringar. Anne Brit Sande er guide for ei mor med eitt barn frå Somalia. – Mødrer har alltid noko felles, seier Anne Brit. Sjølv om vi ikkje har eit optimalt felles språk å snakke med, er det ikkje vanskeleg å finne fram til det vi har felles. Etterkvart som ho har fått lært seg betre norsk kjem samtalane våre til å bli annleis. Neste gong vi møtes skal vi lage mat saman. Å lære av kvarandre er ein god måte å møtast på. – Ho er ein svært behageleg person å vere saman med, avsluttar Anne Brit.
Tekst/foto: margunn.masdal@redcross.no
ANNE BTIT SANDE
VEGARD TJØRHOM
ASIF FAZLI RAGNA LILLEVIK
CHRISTIAN VIK
RØDE KORS AVISA 2013 9
GODE SOM GULL: Den nyaste guiden er Ragna Lillevik, og derfor måtte ho få medalje!
Fleire guidar enn venta Vi hadde som mål å bli åtte guidar i løpet av året. No er vi ni og knapt halvvegs, seier Torun Lucassen, ansvarleg for flyktningguidane i Førde. Vi hadde også gjort oss tankar om kva for guidar vi kunne tenkje oss, vi trengde fleire menn, guidar frå andre kulturar, gjerne nokon som har vore flyktningar sjølv. Vi ønskte oss ungdommar og vi har fått det akkurat slik vi hadde sett for oss. Dei som treng oss er flyktningar som er busette i Førde. Målet med ordninga er at dei nye skal bli betre i å snakke norsk, få seg eit
nettverk, komme seg ut av huset og delta på fritidsaktivitetar. Det viktigaste vi gjer som flyktningguide er å snakke norsk og gjere dei nye kjende med norske forhold. I vår relasjon skal flyktningane kjenne seg så trygge at dei stiller dei spørsmåla dei ikkje tør å stille på Norsksenteret. Kulturkrasj er vanleg. Kva betyr det t.d. å bli kalla inn til konferansetime på skulen. For den som ikkje veit, kan ein slik avtale utløyse alt frå frykt for represaliar til likesæle. Å bli flyktningguide kjennes svært meiningsfullt når du forstår kva for mistydingar, uro og otte ein kan rydde av vegen for den som er ny i Noreg.
TORUN LUCASSEN
10 RØDE KORS AVISA 2013
ASKVOLL
EID
FJALER
Askvoll Veterinærkontor
Chatlet Sport
VVS Service Rune Berge AS
6980 ASKVOLL Tlf. 481 27 075
Moengården 6967 HELLEVIK I FJALER 6770 NORDFJORDEID Tlf. 57 73 64 10 - Mob. 959 46 164 Tlf. 57 86 13 71 www.rorlegger-runeberge.no
Rådhuset 5745 AURLAND Tlf. 57 63 29 00
Brødrene
Sønnerheim A/S
Hafstadv 34 6800 FØRDE Tlf. 57 72 13 80
RekneskapskontorA/S Øyane 12 6770 NORDFJORDEID 6963 DALE I SUNNFJORD Tlf. 57 86 47 60 Tlf. 57 73 99 00
FØRDE
Sanderpl. 14 6800 FØRDE Tlf. 57 72 51 30
Eid Servicesenter AS
ADCom FjordData
6770 NORDFJORDEID Tlf. 57 86 13 13
ØkonorHafsHope
FLORA
BB ServiceSystem Tannlege Eikås Jon-Reidar Sogn og Fjordane AS
5745 AURLAND Tlf. 57 63 34 74
6771 NORDFJORDEID Tlf. 57 86 06 71
Øyrane 1 6800 FLORØ Tlf. 971 67 000
Vatnahalsen Høyfjellshotell
Bjarne Espe Trevarefabrikk
Bygg Service A/S
Espe 6770 NORDFJORDEID Tlf. 57 86 23 11
Markeg. 63 6800 FLORØ Tlf. 57 74 07 30
5718 MYRDAL Tlf. 57 63 37 22
Østerbø Fjellstove 5745 AURLAND Tlf. 57 63 11 77
Hildenes Gartneri AS Eidsg. 14 6771 NORDFJORDEID Tlf. 57 86 08 44
Hulebyggaren AS BALESTRAND Balestrand kommune Helse og Sosial 6898 BALESTRAND Tlf. 57 65 12 00
Midtnes Hotel 6898 BALESTRAND Tlf. 57 69 42 40 post@midtnes.no www.midtnes.no
Eidsgata 34 6770 NORDFJORDEID Tlf. 57 86 07 88
Lenco Gulv og Maling A/S 6771 NORDFJORDEID Tlf. 57 86 20 70
Markg 51 6900 FLORØ Tlf. 57 75 60 00
Øyane 13 6770 NORDFJORDEID Tlf. 57 86 11 33
Tlf. 478 64 000 www.otenden.no
BREMANGER Bremanger kommune 6721 SVELGEN Tlf. 57 79 63 00
Spar Bremanger O. Håvardstun AS 6727 BREMANGER Tlf. 57 79 13 08
6903 FLORØ Tlf. 911 60 641
EID Byggeriet
Andor Hovden AS
Bygningsingeniør
Tlf. 57 72 22 50 www.arki.no
Storehagen 7 6800 FØRDE Tlf. 57 82 62 09
Firdav. 6 6800 FØRDE Tlf. 57 83 24 00
Øyrane, 6801 FØRDE Tlf. 57 82 30 00
Storehagen 4 6800 FØRDE Tlf. 57 72 50 80
6800 FØRDE Tlf. 57 83 07 00 Reparasjoner, Service og EU-kontroll
Førde kommune Hafstadv. 21 6800 FØRDE Tlf. 57 72 20 00
Halbrendsøyra 6 6800 FØRDE Tlf. 57 82 01 76
Quality Hotel Førde Hafstadvegen 26 6800 FØRDE Tlf. 57 82 81 10
Halbrendsøyra 2 6800 FØRDE Tlf. 57 82 17 55
Storehagen 3 6800 FØRDE Tlf. 57 82 10 54
BYGGMAKKER Førde Stål AS Bruland Bygg AS Steinav. 10
Anleggsgartnar
Baarøy
Pluscamp Krokane Camping
Coop Mega Førde
6900 FLORØ Tlf. 57 75 22 50
Langebruv. 22 6801 FØRDE Tlf. 57 83 07 40
Hamneg 3 6900 FLORØ Tlf. 57 75 88 00
6802 FØRDE Tlf. 57 83 44 00
6802 FØRDE Tlf. 57 82 26 30
Førde Vulk AS Halbrendsøyra 9 6800 FØRDE Tlf. 57 83 08 00
Hafstad 6800 FØRDE Tlf. 57 82 40 30
5960 DALSØYRA Tlf. 57 78 31 55 Mobil 416 73 699 6801 FØRDE Tlf. 57 72 38 50 post@aasen-overlid.no www.aase-overlid.no 5966 EIVINDVIK Tlf. 57 78 20 00
Ravndaltransport@gmail.com Transport av byggevarer, landbruksartikler, biler, båter, m.m.
Brødrene
Dahl A/S
John Holvik AS
Magnus Thingnæsg. 20 6900 FLORØ Tlf. 57 74 09 30
Flov 3 6800 FØRDE Tlf. 57 82 99 40
Halbrendsøyra 7 6800 FØRDE Tlf. 57 83 08 50
Glassmeister
Kontorsenteret AS Dale Rør AS Flovegen 4 6800 FØRDE Tlf. 57 72 55 90
Hafstadv 44 Fokusgården 6800 FØRDE Tlf. 57 82 67 00
Rica Sunnfjord Hotel 6800 FØRDE Tlf. 57 83 40 00
Rune Sund Bygg
Coop marked Hornindal
GAULAR
6761 HORNINDAL Tlf. 57 87 84 10
Kleiva 6975 SKILBREI Tlf. 57 82 62 50 www.caravanvest.com
Ekornes J. E. AS Gaular avd. Grodås kommune Vadheimsvegen 15 6973SANDEISUNNFJORD Tlf. 57 71 85 00
Murer
Tore Aarbergsbotten
6761 HORNINDAL Tlf. 70 25 52 00
Haugen Motor AS
Brendeholten 64 6800 FØRDE Tlf. 992 60 962
6973SANDEISUNNFJORD Tlf. 57 71 62 11
Grodås 6761 HORNINDAL Tlf. 57 87 95 00
Sunnfjord Betong A/S
Aase Landbruk AS
Hornes 6800 FØRDE Tlf. 57 82 25 00
Steia 3 6973SANDEISUNNFJORD Tlf. 57 71 64 40
Hornindal Rekneskapslag 6761 HORNINDAL Tlf. 57 87 84 40
Pe Be Klær A/S Steinav. 10 6800 FØRDE Tlf. 57 72 10 00
Hafstad Trevare A/S Kronborg 6800 FØRDE Tlf. 57 82 18 82
Trapp Ned Hafstadvegen 31 6800 FØRDE Tlf. 57 82 24 33
Advokatfirmaet
Gunnar Lunde Hafstadvegen 44 6800 FØRDE Tlf. 57 82 37 99
HORNINDAL
Caravan Vest AS
FØRDE www.herjedalskjokken.no Kenneth Elvebakk - mob. 970 53 162
Advokatene
Leirvågg. 1 6900 FLORØ Tlf. 57 75 20 70
Magnar Brosvik
Magne Hafstad AS
Atle og Arild Standal
Steinvik Fiskefarm AS
Tlf. 478 64 000 www.otenden.no
Førde Mekaniske Industri A/S
6800 FØRDE Tlf. 57 82 84 00 Rekneskap-Revisjon-Rådgjeving
Bruland 6800 FØRDE Tlf. 04 020
Åsavegen 159 6823 SANDANE Tlf. 57 86 84 00
GULEN
Regnskapssentralen AS
6801 FØRDE Tlf. 57 72 29 70
Krånavegen 15 6823 SANDANE Tlf. 57 86 56 66
Transportforretning
Hafstadv 32 a 6800 FØRDE Tlf. 57 82 11 28
Vestnes Ocean AS
6801 FØRDE Tlf. 57 82 86 00
ANONYM STØTTE
Professor Gjelsvikv. 6900 FLORØ Tlf. 57 75 66 60
Steinhovden 6940 EIKEFJORD Tlf. 57 75 25 90
ANONYM STØTTE
Førde Bilservice AS
Coop Dale BA
IPM Teknikk A/S
Mo, 6800 FØRDE Tlf. 57 65 64 40
Nils J. Nordang
Angedalen 6800 FØRDE Tlf. 57 82 63 10
6963 DALE I SUNNFJORD 6770 NORDFJORDEID Tlf. 57 73 61 05 Tlf. 57 86 20 90
Mo og Jølster vidaregåande skule
Tannlege
6914 SVANØYBUKT Tlf. 57 74 87 41
Håland 6963 DALE I SUNNFJORD Tlf. 57 73 66 06
Møbelringen Sandane AS
Terje Fjellestad
6964 KORSSUND Tlf. 480 31 025
Maskinentreprenør
6800 FØRDE Tlf. 57 82 22 42 www.zoo1.no
Statoil Førde Servicesenter A/S
Marø Havbruk AS
Kåre Haaland A/S
Storehagen 9 6800 FØRDE Tlf. 57 72 04 44
Innvandrarsenteret i Flora KF
Byggmester Nordnes AS
Fjalerhuset Tlf. 478 64 000 6961 DALE I SUNNFJORD Tlf. 57 73 80 00 www.otenden.no
Zoo Senteret Førde AS
Førde Motorsport AS
Strandgata 15 6900 FLORØ Tlf. 966 27 983
ANONYM STØTTE
Mestergull
Sunnfjord AS
arki
6900 FLORØ Tlf. 57 75 79 00 www.flora.vgs.no
FJALER
6963 DALE I SUNNFJORD Tlf. 57 73 99 30
GLOPPEN
Magne Aase A/S
Flora Vidaregåande Skule
Veganeset Camping Veganeset 6899 BALESTRAND Tlf. 57 69 16 12
FØRDE
Firdav. 12 6801 FØRDE Tlf. 57 83 33 00
Markeg 65 6900 FLORØ Tlf. 57 75 73 00
Flora kommune
FØRDE
6801 FØRDE Tlf. 57 72 35 00 www.adcomdata.no
Norsk Celluloseisolasjon A/S
Nessemaskin A/S 6899 BALESTRAND Tlf. 57 69 48 00
FØRDE
6917 BATALDEN Tlf. 57 74 55 20
Eid Elektro A/S
AURLAND
FLORA
Øyrane 12 6800 FØRDE Tlf. 483 01 900
GLOPPEN Industriv. 4 6823 SANDANE Tlf. 57 86 80 00
Byrkjelo Bygg og Snikkarverksemd 6826 BYRKJELO Tlf. 57 86 73 49
Evebø Blikkenslagerverksted 6823 SANDANE Tlf. 57 86 61 35
6763 HORNINDAL Tlf. 57 87 95 05
HØYANGER Egil Førde 6949 BJORDAL Tlf. 57 71 01 24
Høyanger kommune 6991 HØYANGER Tlf. 57 71 15 00
Gloppen Camping og Høyanger RørleggerFritidssenter A/S forretning AS 6823 SANDANE Tlf. 57 86 62 14
6993 HØYANGER Tlf. 57 71 29 11
RØDE KORS AVISA 2013 11
HØGDEPUNKT: Kjellaug arbeider raskt og snart er det ein haug med mjølkekaker på ristene. Den gode dufta lokkar både bebuarar og tilsette inn på kjøkenet. Gunnlaug Silden takkar for kakene og gir Kjellaug ein god klem.
90-åring i hundre - Det var Gudrun Farnes som fekk meg med i besøkstenesta i Førde Røde Kors, seier Kjellaug Ulltang. Den snart 90 år gamle Røde Korsaren har vore frivillig i 40 år, like aktiv i dag som på 70-talet. Kjellaug er på Helsetunet og steikjer mjølkekaker til bebuarane. Det har ho gjort i alle fall i 8 år. Aktivitørane Anna Hustveit og Åse Warvik kan ramse opp ei lang liste over Kjellaug sine gode gjerningar. Når nokon av bebuarane har runde- og halvrunde dagar er det Kjellaug som kjem med blomar til jubilantane. Ho hjelper til når vi har basarar, «Syng med oss» kveldar, juletrefestar, adventsmarkeringar, turar. Kjellaug er ei som står opp klokka fem om morgonen for å steike mjølkekaker, så vi får ta med på tur. Annakvar torsdag kjem Kjellaug på Helsetunet, og når dufta av kakene spreiar seg i korridorane kjem både bebuarar og tilsette strøymande. Borghild Holsen sit til bords med kaffi og mjølkekake. – Dei er så gode, seier Borghild, tynne og passe steikte. Når eg kjenner dufta, veit eg at Kjellaug er her. - Eg lagde ofte mjølkekaker før, seier Borghild. Så ho veit kva som skal til for lage gode kaker. - Kjellaug kjenner alle, seier Solbjørg Søhoel Flåm i besøkstenesta, ho hugsar alle slags folk
Solbjørg S. Flåm og Borghild Holsen set pris på mjølkekakene til Kjellaug.
Kjellaug Ulltang, 90 neste år, seier at du må helst ikkje sette deg ned på sofaen, då får du ikkje gjort noko. Fint å tenkje at denne fabelaktive dama er ein ekte Røde Korsar.
og slekter. Det er lett å hygge seg saman med henne. På årsmøtet til Førde Røde Kors fekk Kjellaug diplom og nål til for fortenestefullt arbeid i foreininga i 40 år. - Røde Kors er noko det beste vi har, seier Kjellaug. – Eg kan ikkje førestille meg korleis det hadde vore utan, det er utruleg kva Røde Kors får gjort for mange. Typisk for Kjellaug er at ho berre sit i ro berre ei lita stund. Ho arbeider fort, 70 mjølkekaker er laga i løpet av ein god halvtime, eit
kvarter seinare er kakene etne opp. – Eg er så ofte på Helsetunet no at folk har begynt å spørje om eg har flytta inn, ler Kjellaug. Ho fortel at ho ser ikkje mørkt på noko. Alt det frivillige er kjekt å halde på med. Kva er løyndommen for å få eit godt og langt liv? – Ein må halde seg langt unna sofaen, ler Kjellaug. Alderen har eg aldri vore redd for, den kjem til oss alle. Det er frå mor mi si slekt dette å bli gamal. Mor mi vart 100 år, og tantene mine vart gamle dei òg.
12 RØDE KORS AVISA 2013
MED PÅ NOTANE: Kåre og Ragnhild Bøthun, Steinvor og Bjarne Bøthun.
SYNG MED OSS: Lars Olav Brekke, Brit Brekke, Margit Helgås, Ragnar Hove, Pål Green, Borgny Stadheim, Olav Fimreite, Odd Skagen og Signy Tveit er på Vik bygde og sjukheim annankvar tysdag.
ONSDAGSKAFÈ: Ingvald Målsnes, Astrid Schrøder, Margit Sandvoll, Margit Helgås og Olga Stokkebø er spente på om loddkjøpa gir vinst.
SENIORDANS: Besøkstenesta byr på ytterlegare breidde i tilboda, biletet er frå den første økta sist onsdag.
Fyller tomrom med besøk Åsa Liv siktar seg inn på Vikøyri, Pål og Olav loddar ut premiar og Lars Olav dreg belgen på heimen. Det handlar om Vik Røde Kors si allsidige besøksteneste, som tok inn nok eit tilbod hin kvelden. BESØKSTENESTA I VIK har sett seg skikkeleg etter år med drift, styremøte og årsmøte som drog inn ny leiar på toppen sist veke. Aud BangOlsen seier takk for seg av private årsaker og lèt ansvaret kvila på Olav Fimreite som har lang rutine og innsats i organisasjonen Røde Kors. Åsa Liv Tenold held fram som nestleiar og har desse siste tre åra vore med i den aktive besøkstenesta. I mildvêrsperioden for ei vekes tid sidan med ufyseleg slaps etter vegane, var lite å bry seg om. – Eg køyrer ikkje bil, men kvir meg ikkje for spaserturen frå Tenold og ned på øyri, seier Åsa Liv – på veg til besøk i Tomtebu. Borgny Andersen har nytrekt kaffi på termosen, Liv Åsa har
med ei lita kakeoverrasking. – Eg har eit stort behov å ha nokon å snakka med etter at eg vart åleine og opplever besøka som eit stort lyspunkt i kvardagen, seier Borgny som vart enkje då skomakar-Johan gjekk bort før jul. SYNG MED OSS-ETTERMIDDAGEN frå halv fem er med og gir breidde i besøkstenesta. Aktiviteten er for alle avdelingane på Vik bygde og sjukeheim, likevel er det demensavdelinga som var spiren til songstunda med gode, gamle titlar som «Mari du bedåre», «Rosa på ball» og «Gryta hennar mor».
,,
Dans er toppen for heile kroppen og bidreg også til å trena hugset Erna Osvoll
– Det var mykje folk her i dag, seier Pål Green i velkomsten, reinskar stemma og er klar for songøkta. Repertoaret er godt kjent for publikum, der ein og annan er med på teksten, andre stikk innom songstunda kort og godt for å nyta atmosfæren som er god å ta med seg på sine gamle dagar. KAFEEN TREDJE ONSONSDAGEN i kvar månad er også eit innkøyrd tilbod som har sett seg i det som tidlegare var arbeidsstova sjukeheimen. Romsleg lyst og triveleg lokale med kaffi, nysteikte vaflar og kaker på menyen. Song, eitt og anna kulturelt innslag og utlodding er på programmet som Astrid Schrøder tykkjer om. – Eg er fast brukar og synest tilbod er heilt topp, seier Astrid og legg loddkjøpet utover bordet. Det er tid for trekning av vinstane og den butikken styrer Olav Fimreite og Pål Green. – Me trur onsdagskafeen har eit enno større potensial.. Mange kvir seg kanskje litt for å gjera alvor av tanken om å bli med oss. Her er god plass til fleire og interesserte kan trygt ta
RØDE KORS AVISA 2013 13
HEIMEBESØK: Borgny Andersen (t.h.) er glad Åsa Liv Tenold stikk innom heimen i Tomtebu ein gong i veka.
ksteneste
kontakt med meg så skal me syta for at det blir orden på transport om nokon skulle ønskja det, seier Olav Fimreite. – KOM OG BLI med på seniordansen, seier Oddbjørn Helgås med litt ungdomsfakter i skulekjellaren. Flott oppslutnad første kvelden og plass til enno fleire. Med instruktør frå Førde og rykferske midlar frå Helsedirektoratet. – Me fekk ein pott til å få sving på seniordansen som er eit helsefremjande tiltak, seier Helgås som i lag med resten av gjengen drilla inn Kalmarpolkaen. – Dans er toppen for heile kroppen og bidreg også til å trena hugset, seier Erna Osvoll, nordfjording busett i Jølster og kursansvarleg i regionen.
Tekst/foto: gunnar.kleven@sognavis.no
ÅRSMØTE: Her er gjengen som deltok i årsmøtet i besøkstenesta – Åsa Liv Tenold, Kari Hess Tistel, Borgny Stadheim, Signy Tveit, Pål Green, Ella Tvinde, Margot Sandvoll, Ragnar Hornnes, Ingebjørg Pedersen, Grethe Grønningen, Margit Helgås, Margit Aafedt Fjærestad og Olav Fimreite.
14 RØDE KORS AVISA 2013
Takk for det fine vêret – Dette blir kjekt, seier Espen Klepzvig, og ler hjarteleg. Han er i skibakken på Hodlekve og speidar mot parkeringsplassen for å sjå om det kjem fleire kjenningar. Og det gjer det. Mellom 20 og 30 personar er venta denne ettermiddagen og kaffien er klar. Sogndal Røde Kors Omsorg har droppa bingokvelden mot ein ettermiddagstur i bakken. Det er strålande sol, nokre få varmegrader i lufta og god varme på grillen. Under lok ligg bollar og sveler og ventar, og høgdepunktet blir ein tur med snøscooter, visst blir det kjekt. - Det er Ingunn som har baka, seier Solveig Bergheim, ein av dei tre frivillige i Røde Kors. Ho, Jon Sæterhaug og Ingunn Alfei har lagt til rette denne ettermiddagen. – Eg vart så glad i
dag tidleg då eg såg det gode vêret at eg sette i gong å bake, seier Ingunn Alfei, du må berre forsyna deg. Hovudgjestane kjem saman med pårørande og hjelparar. Dei fleste kjenner kvarandre godt tydlegvis, for bamseklemmar og muntre tilrop blir utveksla. - Denne aktiviteten til Røde Kors er den einaste tilrettelagde for våre, seier Anne Berit Bø, mor til Roland og leiar i NFU lokallag i Sogndal. – Røde Korsarane har laga eit fantastisk tilbod. – Ideen om ein ettermiddagstur ute fekk eg frå Gaular, dei hadde gjort noko liknande. Røde Kors tok poenget fort. - Det er berre nokre få veker sidan ideen kom opp, og tenk no er vi her. - Ja - vi treng tilrettelagde aktivitetar, seier Anne Berit Bø. Når ungane er små er det lettare å delta saman med funksjonsfriske i alm-
innelege fritidstilbod. - Etter kvart som dei blir eldre blir gapet mellom funksjonsfriske og funksjonshemma så veldig stort. - For mødre og fedre blir det tyngre og tyngre å finne god felles glede. I kveld skal det grillast pølse i solnedgang, nyte kaffi og saft, køyre snøscooter og kjenne det krible i magen og at blodet brusar. Eirik Patrik skjønar kva dette dreiar seg om når hjelpekorpset svingar snøscooteren inn på tunet. Han set seg på setet og er klar. Ein etter ein får dei seg ein tur og kveldens meste populære mann er sjåføren Vegard Orrestad.
Tekst/foto: margunn.masdal@redcross.no
RØDE KORS AVISA 2013 15
Tull og tøys og breie smil - Vil du ha Kvikklunsj? spør svensken Kit Norling, alle nordmenn et Kvikklunsj på tur. Kit og Marius Bøe er saman med Espen Klepzvig. Dei to miljøarbeidarane ved Melås i Leikanger tykkjer denne kvelden er strålande. – Måten vi er saman på, det å møte dei andre, den gode praten og forventningane til snøscooter-køyring, gjer denne kvelden så fin, seier dei. – Det sosiale er det viktigaste og at Espen tykkjer det er kjekt. – Kva er kjekt Espen, spør Kit. – Det er kjekt å treffe dei andre og bli kjent med nye, svarer Espen. – Ei ny oppleving, litt annleis enn det vanlege, det er kult. – Er det du som har fiksa den fine sola, spør Kit. – Neei, eller kanskje er det eg, svarer Espen og ler. – Då blir det jammen mange telefonar til deg framover, ler gjengen.
GODE KOMPISAR: Kit Norling, Espen Klepzvig og Marius Bøe.
Fakta | Arbeid for psykisk utviklingshemma ■ Grunnlaget for aktivitetar i Røde Kors har samanheng med at ein ser at nokre menneske er meir sårbare enn andre, og at det er muleg på eit frivillig og ueigennyttig grunnlag å gjere ein forskjell. ■ I Sogn og Fjordane Røde Kors sine historiebøker var arbeidet med å skape eit tilbod for psykisk utviklingshemma ein del av folkehelsearbeidet. Saman med oppretting av sjukestover og ambulansar var dette hovudarbeidet til organisasjonen etter oppstarten i 1946. Arbeidet for denne sårbare gruppa opptok organisasjonen sterk fram til Granlia var ein realitet i 1972.
POPULÆR: Alle fekk ein tur med snøscooter, og kveldens mest populære mann var sjåføren Vegard Orrestad.
■ Granlia var Røde Kors sin heim for psykisk utviklingshema i Sogn og Fjordane. Sanitetskvinnene hadde reist Solbakken i Florø. Sogn og Fjordane Røde Kors og Nasjonalforeininga var samde om at vi skulle bygge ein heim for psykisk utviklingshemma i Sogn og dei i Nordfjord. Årsmøtet i 1967 avgjorde at heimen skulle byggast i Midtre Sogn. Røde Kors fekk tomt i alle kommunar det vart søkt om, men valet falt til slutt på Balestand. Frivillige i Røde Kors greidde å samle inn 1,5 millionar kroner gjennom tiggarbrev til næringslivet, basarar og lotteri. Med lån og tilskot elles kom totalkostanden opp i 5, 7 millionar kroner og 10. juni 1972 vart «Granlia heim og skule» opna.
Granlia var distriktsheim for 40 utviklingshemma frå heile fylket. ■ Per Norddal (1919-2001) frå Dale og busett i Førde. Norddal arbeidde ved Fylkeslandbrukskontoret og som mangeårig medlem i styret Sogn og Fjordane Røde Kors var han ei drivkraft i arbeidet med Hauglandssenteret og reisinga av Granlia. Saman med Øyvind Galaasen frå Florø og dåverande leiar Oskar Gotteberg frå Måløy vart det sett synlege spor etter dette arbeidet. ■ Mykje har hendt i mellomtida. Etter kvart som lokale tilbod vart utbygde og brukarane kunne flytte nærmare heimstaden, vart aktiviteten på Granlia gradvis trappa ned frå 1983, og heilt avvikla i 1990. ■ HVPU (Helsevernet for psykisk utviklingshemmede)-reforma er ei ansvarsreform i helsevernet for psykisk utviklingshemma som kom i 1991. Ansvaret for dei psykisk utviklingshemma blei overført frå fylkeskommunane til kommunane. Institusjonar vart lagde ned og dei som budde der, blei etter kvart flytta over til bustader i sine heimkommunar. ■ Å legge til rette for møteplassar for psykisk funksjonshemma har såleis røter i ein Røde Korstradisjon.
16 RØDE KORS AVISA 2013
HØYANGER LEIKANGER Lavik Auto Senter A/S 6947 LAVIK Tlf. 57 70 75 00
Fylkeshuset 6863 LEIKANGER Tlf. 57 65 61 00
LÆRDAL
SELJE
Byggeriet Fretland Bygg A/S
Selje Auto DA
Monsemarki 2 6887 LÆRDAL Tlf. 57 66 79 10
LUSTER 6889 MARISTOVA
Kommunehuset 6740 SELJE Tlf. 57 85 85 00
Tlf. 57 66 87 11 www.maristuen.no
Tlf. 478 64 000 www.otenden.no
JØLSTER Årdal 6841 SKEI I JØLSTER Tlf. 57 72 68 90
Vitusapotek Lærdal
Jølster Rør A/S 6843 SKEI I JØLSTER Tlf. 57 72 83 50
Buene 3, 6869 HAFSLO Tlf. 57 68 06 00
PedagogiskPsykologisk Teneste Luster 6868 GAUPNE Tlf. 57 68 55 19
Øyrapl. 7 6887 LÆRDAL Tlf. 57 66 99 66
Løteigane 7 6879 SOLVORN Tlf. 57 68 42 72
Skei Omsorgssenter 6843 SKEI I JØLSTER Tlf. 57 72 61 62
Sogn Rekneskapskontor A/S 6868 GAUPNE Tlf. 57 68 10 18
Tang Hyttegrend 6869 HAFSLO Tlf. 57 68 66 19
Skei Servicenter 6843 SKEI I JØLSTER Tlf. 57 72 82 34
SOGNDAL
Leikanger Sjukeheim
NAUSTDAL Naustdal Elektro AS
Tannlege Pyramiden 6868 GAUPNE Tlf. 57 68 13 27
Ohnstadhaugen 15 6863 LEIKANGER Tlf. 57 65 56 54
Naustdal kommune Kommunehuset 6806 NAUSTDAL Tlf. 57 81 61 00
ANONYM STØTTE
VÅGSØY
Stryn Elektro A/S
Tistel Camping og Feriehytter
Måløy Smie & Mek Verksted ANS
Tonningsg. 24 6783 STRYN Tlf. 57 87 29 20
Stryn kommune
6854 KAUPANGER Tlf. 57 62 70 60 skadesenteretsogn.no
Tonningsgata 4 6783 STRYN Tlf. 57 87 47 00
Sogn Advokatkontor
Stryn Trelast A/S
6856 SOGNDAL Tlf. 57 67 50 60 Alminnelig praksis www.advokatkontor.no
Grandev. 4 6783 STRYN Tlf. 57 87 16 80
ANONYM STØTTE
Vipeveien 8 6783 STRYN Tlf. 57 87 28 00
Gate 1 nr 92 6700 MÅLØY Tlf. 57 85 15 40
6893 VIK I SOGN Tlf. 57 69 54 79
Vik Apotek 6891 VIK I SOGN Tlf. 57 69 83 83
Tlf. 478 64 000 www.otenden.no
U N U A/S
Vik Bil A/S
Gate 2 nr 1 6700 MÅLØY Tlf. 57 84 88 00
6891 VIK I SOGN Tlf. 57 69 84 00
Visma Services Norge AS
Vik Fengsel
avd. Nordfjord Tlf. 57 84 95 00
6893 VIK I SOGN Tlf. 57 69 65 00
Arkitektkkontoret 4 b AS Kyrkjev 6 6856 SOGNDAL Tlf. 57 62 77 50 post@arkitektkontoret4b.no
Fossetunet 4 6856 SOGNDAL Tlf. 57 68 14 77
Vågsøy kommune Tlf. 478 64 000 www.otenden.no
6891 VIK I SOGN Tlf. 57 69 80 70
Gate 1 nr 64 6700 MÅLØY Tlf. 57 84 50 00
Visnesv. 15 6783 STRYN Tlf. 57 87 69 00
6893 VIK I SOGN Tlf. 57 69 88 50
ÅRDAL
Sogn Kjøleservice AS Bordvegen 6 6854 KAUPANGER Tlf. 57 67 11 11
6851 SOGNDAL Tlf. 57 62 79 79
SOLUND
Eineteig Transport
Einar Losnegård
Haukåsv. 1 6854 KAUPANGER Tlf. 57 67 83 15
Losnegard 6926 KRAKHELLA Tlf. 57 78 79 28/42
Skyssbåter
Tonningsg. 33 6783 STRYN Tlf. 57 87 64 75
6789 LOEN Tlf. 57 87 60 40
Reiakvam 6817 NAUSTDAL Tlf. 57 81 95 70
Storebruv 7 6854 KAUPANGER Tlf. 57 67 83 00
STRYN
VIK
Maskinentreprenør
Nettbuss Sogn Bilag AS
Fjordingen AS
Nummedal Gravferdsbyrå AS
Dalavegen 1 6856 SOGNDAL Tlf. 57 67 66 00
Sunnfjord Golv og Maling 6817 NAUSTDAL Tlf. 57 81 91 40
Fjørev.4,6856SOGNDAL Tlf. 57 67 28 95
6893 VIK I SOGN Tlf. 57 69 86 50
Torget 2 6885 ÅRDALSTANGEN Tlf. 57 66 48 80
VÅGSØY
Meierig. 1 6885 ÅRDALSTANGEN Tlf. 57 64 85 00
Prosess-Elektro A/S
Yri Sand AS
Hjelmeland Byggforretning A/S
6817 NAUSTDAL Tlf. 57 81 85 88
Kleiven Sogn A/S
Termo Partner A/S
Byggsenteret
Audun Hundere A/S
Reiakvam Rørservice
Røyseth Maskin AS
Kjell Olav Ugulen
VIK
Sogn Gravferdshjelp AS
Øyrav. 3 6817 NAUSTDAL Tlf. 57 81 93 69
Røyrleggjarservice AS
6847 VASSENDEN Tlf. 57 72 75 50 Frivik jolsterskisenter.no
6856 SOGNDAL Tlf. 57 67 23 44
STRYN
Dinøkonomiskesamarbeidspartner
Jølster Rekneskapslag Årdal 6843 SKEI I JØLSTER Tlf. 57 72 78 50
Nordbohus Sogn AS
Selje Skadesenteret Sogn AS kommune
Sørsida Sag AS - Bygg og Anlegg 5962 BJORDAL Tlf. 958 98 084
6740 SELJE Tlf. 57 85 65 45
SOGNDAL
Bil Body A/S
Myrane 7 6783 STRYN Tlf. 57 87 45 00
6893 VIK I SOGN Tlf. 57 69 57 55
Hotel Loenfjord AS
Solvang Camping
6789 LOEN Tlf. 57 87 57 00
6894 VANGSNES Tlf. 57 69 66 20
Sitla Hotel A/S
Sæternes, 6700 MÅLØY Tlf. 57 85 05 34 Autorisert verksted. Biloppretting/Lakkering alle merker!
Tyinv 3 6884 ØVRE ÅRDAL Tlf. 57 66 58 80
Årdal Blikkenslagerservice AS Sandgota 9 6881 ÅRDALSTANGEN Tlf. 57 66 01 36
6713 ALMENNINGEN Tlf. 57 85 09 89
Måløy Sildoljefabrikk AS 6718 DEKNEPOLLEN Tlf. 57 85 35 00
Årdal Reinhaldsservice AS 6882 ØVRE ÅRDAL Tlf. 57 66 30 68
Hva er det gode liv? Bulandet -det vestligste fiskevær med 365 øyer, holmer og skjær. Fiske, sykkeltur, ro og fred, solnedgang.
Leikanger Sogn Bilskade AS...............mobil 975 88 888 Vik i Sogn..............................................mobil 952 73 291
BULANDSFERIE
• Galleri Plysen
tilbyr trivelige rorbu- og sjøhusleiligheter-2/6 pers. Båtutleie og servering av god lokal mat.
6797 UTVIK
Båt, krabbeteine, gjestebrygge, sykkelutleie Tlf. 57 73 21 72 / 916 47 196
www.bulandsferie.no
• Gamle innvik ullvarefabrikk
FØRDE TLF.: 57 82 85 00 - KAUPANGER TLF.: 57 82 85 01
RØDE KORS AVISA 2013 17
Til beste for barn og unge Rundt eit bord i den store konferansesalen på Alexandra Hotell sit ni Røde Korsarar som er godt over gjennomsnittet opptekne av barn og oppvekst. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har invitert Røde Kors inn i sitt embetsprosjekt «Sjumilssteget» og under konferansen 12. mars var nær 170 personar frå heile fylket samla for å sette fokus på oppvekst og barnekonvensjonen i praksis. - Eg har arbeidd med barn og oppvekst i 25 år, men aldri vore i ein forsamling med så mange ulike fag og etatsbakgrunn, sa Anders Moen, utviklingssjef i Flora kommune. Fylkesmann Anne Karin Hamre sa i sine velkomstord at god oppvekst krev at mange samhandlar om oppvekst. Med mange peikar Hamre på både offentlege og sivile aktørar i ein partnarskap. Partnarskap er krevjande for alle partar. Det krev av vi godkjenner kvarandre som likeverdige aktørar. Målet med konferansen var å gi deltakarane inspirasjon, mot og lyst til å praktisere barnekonvensjonen i det daglege arbeidet med barn og unge. Barneombod Anne Lindboe understreka at ho har eit spesielt ansvar for å følgje opp barnekonvensjonen. Den beste måten å bli kjent med barn og unge sine utfordringar og problem, er å snakke med dei. La barn få fortelje korleis dei har det. – Vi må utfordre gamle førestillingar om barn sine evne og kapasitet, seier Lindboe. – Barn treng ikkje å skånast for alt. – Vi må alle lytte til barn og barn ønskjer å bli høyrde. Ei sår sak for barneombodet og legen Anne Lindboe, er alle barn som opplever vald og overgrep. Kommunane må ha ein beredskapsplan for å møte saker som omhandlar barn som blir utsette for dette. Barneombodet peika på den plikta som alle har til å melde frå om ein trur at
SPENNANDE MØTE: Distriktsrådsleiar i omsorg, Berit Flæthe Arntsen fekk høve til å snakke med barneombod Anne Lindboe. barn blir utsette for vald og overgrep. – Det er nok at du har «grunn til å tru», seier Lindboe. Det er opp til barnevern og politi å finne ut om urett blir gjort. Mange barn opplever at dei som ser, ser bort, utan å ta nødvendige steg for å hjelpe barnet og familien.
Fakta | Livsmeistring ■ Barn og unge treng hjelp til å meistre viktige utviklingsoppgåver; å skaffe seg og halde på vener å følgje reglar å prestere i skulen
Tekst/foto: margunn.masdal@redcross.no
Sagt på sjumilsstegkonferansen
ANNE LINDBOE, Barneombod: «Barnekonvensjonen handlar om å gi barn rett til vern, rett til liv og utvikling, rett til å delta.» «Kommunane må ha beredskapsplanar for å møte saker som handlar om barn som blir utsette for vald og overgrep.» «Alle har meldeplikt når det er grunn til å tru at barn vert utsette for vald og overgrep.»
TERJE OGDEN, forskningsdirektør Unirand: «Meistring handlar om å oppleve å lukkast, om å mobilisere tenking, handling og åtferd i møte med motgang, nederlag og krise. Lær barn problemløysing, humor og optimisme.» «Nattevandring er ein uformell sosial kontroll og støtte, og så mykje meir viktig enn vektarar og politi.» «Ungar som er sinte, einsame, redde, urolege, nedstemte – lærer dårleg!»
DAG NORDANGER, forskar og spesialist i klinisk barne- og ungdomspsykiatri «Tidleg og god omsorg er nødvendig for utvikling av små barn sine hjernar, difor er vald i nære relasjonar svært alvorleg og skadeleg for barn og kan gi varige skadar i det nevrobiologiske systemet.» «Når vald og overgrep skjer i nære relasjonar får barnet eit ekstra problem. Den som skal gje tryggleik, er også eit trugsmål.» «Like vanleg er det at skadde barn blir passive som utagerande.»
18 RØDE KORS AVISA 2013
Det viktige KJØNNSPERSPEKT Likestilling som overordna prinsipp er ein integrert del av Røde Kors/Røde Halvmånerørsla sine humanitære verdiar og prinsipp. Dei sju prinsippa og verdiane gjev alle ein felles ståstad med respekt for mangfald og menneskeverd.
Kronikk | Mette Buchholz Det Internasjonale Røde Kors Forbundet sin Strategi 2020 har i sitt strategiske mål nummer 3 fokus på å redusere intoleranse. Diskriminering og sosial ekskludering er haldningar som vert fremja av underliggande ulikskap mellom kjønn, og som kan føre til seksualisert vald. Naturkatastrofar, konflikt, politisk og sosial ulikskap og ustabilitet, får ikkje dei same konsekvensane for kvinner, jenter gutar og menn. Innanfor kvart einskild land møter kvinner, jenter, gutar og menn ulik risiko. Dei har ikkje same behov og dei er sårbare på forskjellige måtar, dei har heller ikkje dei same evnene, ferdigheitene og sjansane til å hjelpe seg sjølv når ein situasjon oppstår. Under tsunamien i 2004 var det overveldande mange kvinner og barn som omkom i dei flaumråka kyststrøka i Indonesia og Sri Lanka. Det viste seg at kvinnene, som følgje av sosiale og kulturelle tilhøve, blei hardast råka. Dei var åleine heime saman med barna, dei kunne ikkje symje, dei var dårlege til å springe, dei hadde upraktiske klede som hemma dei i å komme seg raskt vekk. Mange mangla fysisk styrke til å bære barna sine og komme seg vekk i tide. Etter jordskjelvet i Haiti, og etter tørkekatastrofen i Somalia, auka talet på offer for seksualisert vold kraftig. Einslege kvinner og barn på flukt til overfylte teltleirar vart svært sårbare utan vern av familie eller sosiale nettverk. Erfaringar frå starten på Røde Kors sin naudhjelpsoperasjon viste at kvinner og barn som blei plasserte tilfeldig i teltleirar utan organisert vern vart spesielt utsette for valdtekt. Dette skjedde når dei måtte gå lange avstandar for å hente vatn, eller gå i mørkret til felles sanitæranlegg. I dag prøver Røde Kors, og andre organisasjonar som gir naudhjelp, å forme teltleirar, vatn og sanitær-anlegg med tanke på å gje betre vern for kvinner og barn. Ved å avklare kva for behov sårbare grupper har i slike leirar, og sikre at utforming av hjelpetiltak tek omsyn til ulike behov hos kvinner, jenter, gutar og menn. Seksualisert vald er blitt ein integrert del av krigføringa under den lange konflikten i Kivu provinsen i Kongo. Titusen kvinner er blitt valdtekne av dei stridande partane det siste tiåret. I den seinare tid er det kome fram at menn i aukande grad vert utsette for slik vald òg. Dette gjeld særleg i Kongo, men har også vore eit problem under konflikten i Sri Lanka. Auka seksualisert vald er òg dokumentert frå Pakistan, Republikken Kongo, Haiti, Libya, Mali og Syria. I desse landa tilbyr Røde Korsfrivillige dei valdsutsette kvinnene psykososial støtte og rehabilitering, kombinert med føre-
,,
Dei siste åra har Røde Kors erfart, både under og etter katastrofar, korleis eksisterande kjønnsulikskap er blitt forverra i land der det allereie er stor ulikskap frå før.
byggande helseinformasjon. Dette er program som skal motverke fordommar og sosial ulikskap mellom kjønn. På denne måten kan ein skape føresetnader for å vende tilbake til familie og til aksept i lokalmiljø.
Når menn ikkje får hjelpe kvinner I 1991 opplevde Bangladesh ein katastrofal flaumkatastrofe der fleire hundre tusen omkom. Det viste seg at meir enn 90 prosent av dei omkomne var kvinner og barn. Dette skjedde fordi naudhjelpsteam frå hjelpekorpsa i Bangladesh var menn. Kulturelle normer hindra dei i å gå heim til kvinner som var åleine for å åtvare dei mot flaumfaren. Av same grunn kunne ikkje kvinnene bli redda ut frå heimane sine av mannlege hjelpekorpsarar etter at flaumen var eit faktum. Flaumkatastrofen påverka Bangladesh Røde Halvmåne til å satse på ein ny strategi for lokal naudhjelp. Alle naudhjelpsteam i lokalmiljøet skulle ha ein tredjedel kvinner. Kvinnelege frivillige i lokalforeiningane skulle òg få same opplæring i første- og naudhjelp som menn. Kvinnelege offer skal få målretta støttetiltak i gjenbygginga på same nivå som menn. Dette radikale forslaget har teke mange år å
gjennomføre. Leiinga i Bangladesh Røde Halvmåne har dialog med lokale religiøse og andre leiarar for å skape forståing og aksept for endringane. I dag har dei fleste naudhjelpsteam i Bangladesh ein tredjedel kvinnelege frivillige, noko som fører til at kvinnelege flaumoffer i større grad får varsel før og hjelp etter ein flaum. Dette har resultert i mange færre liv tapt i dei årlege flaumkatastrofane i landet. I Pakistan var overvekt av menn i Røde Halvmåne sine naudhjelpsteam ein vesentleg faktor til at såra kvinner ikkje blei redda etter jordskjelvet i 2005. Etter dette endra Pakistan Røde Halvmåne sine statuttar for å satse på auka rekruttering og opplæring av kvinner som frivillige i helsearbeid på lokalplan. Denne prosessen går endå, talet kvinnelege frivillige i helseprogramma er framleis låg. Etter flaumen i Pakistan i 2011 var det menn som kom for å ta mot hjelpepakkar på utdelingsstasjonane, medan kvinner og barn måtte vere inne i telta. Som følgje av dette satsa Røde Kors på å gje naudhjelp frå mobile helseteam med både kvinner og menn. Denne strategien sikra at helsetilbodet nådde fram til isolerte kvinner der dei var.
RØDE KORS AVISA 2013 19
TIVET
I Afghanistan og Jemen arbeider Røde Halvmåne-foreiningane med å auke delen kvinnelege frivillige for å betre tilgangen til kvinner med både naudhjelp og førebyggande helsehjelp. Ein viktig strategi som disse foreiningane nyttar er å tilby opplæring som frivillige helsearbeidarar til både mann og kone, eller til søster og bror, som kan skipe felles team. Dette gjer det muleg for kvinnene å reise heimafrå for å delta på opplæringskurs og drive helseopplysning i eige lokalmiljø.
Fakta | Mette Buchholz ■ Er Programkoordinator for Vest og Sentral Afrika (Libe-
ria, Niger, Mali, DRC), og har ansvar som «Gender Mainstreaming Focal Point» i Programavdelinga i Norges Røde Kors og har arbeidd 12,5 år i Røde Kors si internasjonale avdeling. Mellom anna har ho som «gender» rådgjevar i Røde Kors si internasjonale avdeling bidrege til å utvikle og gjennomføre dei to første åra av Røde Kors sin internasjonale handlingsplan for kjønnsperspektiv i Norges Røde Kors sine internasjonale program (International Gender Plan of Action (2009-14). Då ho var SOL Gender Adviser i Forbundet si Principles and Values avdeling i Genève hadde ho ansvar for å støtte utvikling, framdrift og redigeringa av Forbundet sin «IFRC Strategic Framework on Gender and Diversity Issues».
Kjenner du deg einsam
- er du ikkje åleine Aldri har vi hatt fleire vi kan kalle vener. Likevel vert ein av fire nordmenn plaga av einsemd. Den nye einsemda er ikkje lett å få auge på. Men i eitkvart nabolag finnes det menneske som er åleine om problema sine og som blir sjuke av einsemd. Tusenvis av frivillige i Røde Kors står på for eit inkluderande samfunn. Det viktigaste dei gjer er å vere med-menneske for nokon som har falle utanfor, anten det er gjennom å gi leksehjelp, gå på besøk eller lage møtestedar for folk som kjem frå andre land. Røde Kors treng fleire frivillige.
20 RØDE KORS AVISA 2013
Sygna Transport AS 6973 SANDE I SUNNFJORD Tlf. 57 71 64 32 - Fax. 57 71 65 10 - Mobil 970 53 000
Gloppen Camping og Fritidssenter A/S
Steinav. 10, 6801 FØRDE - Tlf. 57 72 10 00
6823 SANDANE Tlf. 57 86 62 14 www.gloppen-camping.no
Naustdal Elektro AS Øyrav. 3 6817 NAUSTDAL Tlf. 57 81 93 69
- Alt innan kjøre- og rideutstyr - Ryttarklede, støvlar og sko -
PIAB ELDONOR HEIMER MOUNTAIN HORSE
- Alt innan hund- og katteutstyr - EUKANUBA - IAMS - ROYAL CANIN - Alt innan smågnagarutstyr - WITTE MOLEN - PRESTIGE - Alt innan fisk og akvarieutstyr -
AKVASTABIL RENA EHEIM JUWEL
Zoo Senteret Førde AS Handelshuset - Tlf. 57 82 22 42
RØDE KORS AVISA 2013 21
Aase Landbruk AS
Opus AS Førde Vulk AS
FØRDE Halbrendsøyra 7 6800 FØRDE Tlf. 57 82 99 00
Halbrendsøyra 9 6800 FØRDE
SOGNDAL Tlf. 57 83 08 00
Granden, Sogndal Tlf. 57 62 57 57 - 901 86 401
Enoro AS Fabrikkgata 6963 DALE I SUNNFJORD Tlf. 57 73 99 70
Steia 3 6973 SANDE I SUNNFJORD
Storehagen 4 6800 FØRDE Tlf. 57 72 50 80
www.opusas.no
Stryn Camping Bøav. 11 6783 STRYN Tlf. 57 87 11 36 Fax. 57 87 20 25
-RØRLEGGERFORRETNING-
Brandsøy - 6900 Florø Telefon 57 74 42 49 Faks 57 74 46 79 Mobil 911 60 641
Alt innen varmepumper Åpen: man.-fre. 08.00-16.00 avd. Høyanger avd. Florø avd. Førde
Vi holder kurs innen: Trucker - Kraner - Personlifter Masseforflytningsmaskiner
6871 JOSTEDAL Tlf. 57 68 31 11
www.bfl.no post@bfl.no
Innføring i sikkerhet, ansvar og kontroll
Mesta Verksted Bosch Car Service Leikanger Hagane 3 6863 LEIKANGER Tlf. 993 54 200
LOEN
-
Tlf. 57 71 64 40 Salg og service av traktorer og landbruksmaskiner siden 1974 Ta kontakt!
Nordfjord Psykiatrisenter
K. Strømmen Lakseoppdrett A/S
Sjukehusv. 9 6770 NORDFJORDEID Tlf. 57 86 43 30 Fax. 57 86 43 26
6734 RUGSUND Tlf. 57 79 60 40 Fax. 57 79 60 50
E-mail: alex@alexandra.no www.alexandra.no
Norsk Celluloseisolasjon A/S Øyane 13 6770 NORDFJORDEID Tlf. 57 86 11 33 Fax. 57 86 06 49
Sletteland 6963 DALE I SUNNFJORD tlf. 57 73 63 40 - fax. 57 73 63 80
www.skaar-vvs.no
6801 FØRDE Tlf. 57 72 50 70 Fax. 57 72 50 71 www.fjordanereisebyra.no 6852 SOGNDAL Tlf. 57 67 69 30
Blomdals Opelhøgg AS
Luster Rekneskapslag
STRYN
Tlf. 57 87 50 00
Tlf. 950 43 918 Tlf. 971 99 685 Tlf. 918 22 115
Låvi 2 5745 AURLAND Tlf. 57 63 20 80 www.aev.no
Pyramiden 6868 GAUPNE Tlf. 57 68 27 70 Fax. 57 68 27 71
Der kjentfolk møtast Kronborg Hafstadgården Elvegården Tlf. 57 72 41 40 - www.olefine.no post@dampbakeriet.no
Førde Bil og Rekvisita AS
Leikanger Sjukeheim
Naustdalvegen 6800 FØRDE
Ohnstadhaugen 15 6863 LEIKANGER
Tlf. 57 82 14 44
Gaular kommune Helse- og Sosialetaten Førdevegen 15 6973 SANDE I SUNNFJORD
Tlf. 57 71 82 00 Tlf. 57 65 56 54
Kjempeutvalg av Opel-deler! Tlf. 55 24 03 40 - 55 24 25 55 Storaneset Indre Område 5660 INDRE ARNA www.opelhugg.no
Maskinentreprenør
Kåre Haaland A/S Håland 6963 DALE I SUNNFJORD Tlf. 57 73 66 06
www.gaular.kommune.no
Sandane AS
Sogn og Fjordane Bryggja..........57 85 32 02
Førde..............950 49 800
Sogndal.............57 67 66 65
Krånavegen 15 6823 SANDANE
Byrkjelo .........957 06 000
Eikefjord........905 78 788
Stryn...................970 82 373
Tlf. 57 86 56 66 Fax. 57 86 59 95
Fortun............57 68 61 57
Lærdal ..........57 66 66 88
Stårheim ...........57 86 37 30
22 RØDE KORS AVISA 2013
Bruland Palle og Emballasjefabrikk 6800 FØRDE Tlf. 57 72 22 30 - Fax. 57 72 22 31 Mobil: 951 68 540 E-post: post@ovrebofargehandel.no www.ovrebofargehandel.no
Vik Fengsel 6893 VIK I SOGN Tlf. 57 69 65 00 Fax. 57 69 65 01
Fylkeshuset, 6863 LEIKANGER www.sfj.no
Sønnerheim, 5745 AURLAND Tlf. 57 63 11 41 - Mobil 908 84 683 www.osterbo-turisthytte.no - ingeos@online.no
Høyanger kommune 6991 HØYANGER Tlf. 57 71 15 00 www.hoyanger.kommune.no
Fylkets største og eldste museum ligg på Kaupanger. Velkommen til museumsbesøk året rundt! E-post: sogn.folkemuseum@dhs.museum.no - ww.dhs.museum.no
Byggtorget Stryn Trelast A/S Grandev. 4, 6783 STRYN Tlf. 57 87 16 80 Arkitektkontoret 4B AS Postboks 244 6852 Sogndal Telefon: 57 62 77 50 E-mail: post@arkitektkontoret4b.no
www.btkjeden.no
Førde Elektro og Rør AS Firdavegen 16, 6800 FØRDE Tlf. 57 72 39 90 - Fax. 57 72 39 99
- Din lokale elektrikar og rørleggar
Førde Mekaniske Industri Halbrendsøyra 2 6801 FØRDE Tlf. 57 82 17 55
Avd. Førde - tlf. 57 83 71 00 * Adv. Thomas Chr. Jarning * Adv. Øystein Ørjasæter * Adv. flm. Kristin Aspevik www.harris.no/forde
Stort utval av
PLANTER TIL HAGEN 10000 m2 planter: Prydtre 70 sortar, små tre til krukker 40 sortar, busker 260 sortar, roser 120 sortar, klatreplanter 35 sortar, frukttre 90 sortar, bærbusker 40 sortar, stauder Opningstider april - juni: mån.-fre. 09.00 - 18.00 laur. 09.00 - 15.00 juli - august: mån.-fre. 09.00 - 17.00 laur. 09.00 - 13.00
Ylvisåker, 6856 SOGNDAL, Tlf. 57 67 91 81 e-post: aaberge.plant@online.no Sjå www.aabergeplanteskule.no for sortiment og prisar.
HAFS Elektro AS 6953 LEIRVIK I SOGN Tlf. 57 78 89 00
Stiftinga KRISESENTERET i Sogn og Fjordane - Døgnopne bu- og støttetilbod til kvinner utsett for mishandling/voldtekt. - Du kan ta med barn på senteret. - Du kan nytte vår gratis advokatteneste - Råd og rettleiing på telefon heile døgnet tlf.
57 74 36 00 www.krisesenteret.sf.no
RØDE KORS AVISA 2013 23
UTVIKFJELLET: Sofie Amalie Heggdal, Ola Apalset, Kjetil Berge, Cato Reme og Mariell Årdal Solbu.
Påskeberedskap Strålande vêr og innbydande turområde lokka eit stort tal påsketuristar til fjellet. Det beste av alt var at den store dramatikken uteblei. – Heldigvis. Det vart ei roleg påske, fortel distriktsrådsleiar i hjelpekorpset Stian Antonsen. Til slutt rekna vi opp tjueto oppdrag. Tre assistanseoppdrag, ti henteoppdrag og resten var hjelp ute i terrenget.
Klare til å hjelpe Den største dramatikken knytte seg til snøskredet på Vikafjellet måndag, der ein 11 år gamal gut vart teken av eit snøskred ved Hestavatnet. Familien hadde med seg spade, noko som truleg var avgjerande for at det gjekk så bra. Guten kom fysisk uskadd frå skrekkopplevinga. – Ingenting er betre enn det. Det er slik vi
ynskjer det skal vere, men om noko skulle skje så er vi klare til å hjelpe, seier Antonsen.
60 frivillige på vakt Røde Kors Hjelpekorps hadde 15 vaktstasjonar fordelt på 16 hjelpekorps denne påska. Kring 60 frivillige mannskap var på vakt kvar dag og heile hjelpekorpsorganisasjonen var sett i beredskap. Sogn og Fjordane Røde Kors hjelpekorps har sin vaktsentral på Utvikfjellet. – Sjølv om dei ikkje har hatt mange oppdrag til no, seier Ola Apalset, så er vi tilstade i beredskap og følgjer med innafrå og utanfrå Røde Kors hytta. Hjelpekorpsarar frå Gloppen og Vikane Røde Kors har lange tradisjonar med å samarbeide om vaktene i påska.
Har det i blodet
rane som alltid er på vakt i påska. Han er ikkje åleine om det. Både Cato Reme og Kjetil Berge har lang fartstid som frivillig i påskefjellet, og då snakkar vi om påskeberedskap 5-6 påsker etter kvarandre. 16 år gamle Mariell Årdal Solbu er med i vaktordninga under opplæring. Mariell har gjennomført 30 timarskurset i førstehjelp og er klar til å ta steget vidare. – Berre må vere her, seier Sofie Amalie Heggdal. - Du kan gjerne seie at det er ein livsstil, men påskeveka er på mange måtar den vi førebur oss til gjennom heile året. Bonusen for å vere i beredskap er det sosiale, ved at ein treffer kjende, får positiv tilbakemelding og blir brukt når behov oppstår. Det stadfestar at det er meiningsfullt å vere tilstade i fjellet.
Ola Apaset er ein av dei mange hjelpekorpsa-
Oppsummert
CATO REME: Skjærtorsdag vart den tradisjonsrike «Even Hole Cup» gjennomført. Hjelpekorpset hadde mannskap oppe i og nede i bakken for å vere i nærleiken.
Skyer og litt snø gjorde at ikkje så mange var ute i fjellet 1. påskedag. Det vart ein merkbar nedgang i utfarten til skibakkar og fjellheimen. Likevel fekk Røde Kors Hjelpekorps fleire oppdrag søndag, enn laurdag. – Vi har hatt tre beinbrot og ein kuttskade. To av skadane i skibakkar, ein i langrennsløypa og ein skade i terrenget, fortel Geir Ove Optun i Luster Røde Kors Hjelpekorps. – Eg veit ikkje om folk er lei påskeferien, eller om det var det dårlege vêret, men tilbakemeldingane frå våre
korps er at det har vore lite utfart i dag. Unnataket er Indre Sogn der er det først no i ettermiddag at vêret er dårleg, la han til. Landsstatistikken til Røde Kors Hjelpekorps står i sterk kontrast til tala i Sogn og Fjordane. For dei frivillige hjelpekorpsa elles i landet har hatt uvanleg mange oppdrag. Over 1.000 i talet.
Tekst/foto: margunn.masdal@redcross.no
24 RØDE KORS AVISA 2013
Analogt krafttak Eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane Røde Kors og Sogn og Fjordane sivilforsvarsdistrikt vil i løpet av året kunne gi partane i sivil og offentleg beredskap eit redningssamband som verkar når mobilnettet er ute. - Både Røde Kors og Sivilforsvaret er svært positive til dei fordelar vi kan få av dette samarbeidet, seier Anne Catherine Fasmer Eide ved Sogn og Fjordane sivilforsvarsdistrikt. Dette nettet kan vere ein stor ressurs for fylket ved alvorlege hendingar. I skuggen av det nye naudnettet og den pågåande opprustinga av mobilnettet i Sogn og Fjordane, har Røde Kors og Sivilforsvaret valt å ruste opp det analoge radiosambandet VHF. Fleire nye stasjonære repeatarar blir fast installert på høgt liggande master og gjev etter kvart radiosamband som knyter fylket saman. Røde
NY KVARDAG: Luster Røde Kors har rusta opp og tilrettelagt lokala sine for ein fast rigga koordineringssentral der dei kan leie og styre aksjonane sine ut frå. Kors og Sivilforsvaret utvekslar frekvensar/radiokanalar med kvarandre, gjev tilgang til å nytte kvarandre sine stasjonære repeatarar og samarbeider om å vidareutvikle felles nett. Målet frå
begge partar er å få størst muleg dekning lokalt, ha eit samband mellom hjelpekorpsa og SF-avdelingane over heile fylket og å kunne opprette samband med samarbeidspartar ved behov.
- Når det meste av telekommunikasjon er ute av drift er det spesielt viktig med god kontakt mellom politiet sin operasjonssentral, den lokale innsatsleiing og dei lokale hjelpekorpsa, seier Geir Ove Optun i Luster Røde Kors Hjelpekorps. - Det nye redningssambandet vil auke effektiviteten og ikkje minst, auke tryggleiken til hjelpemannskap under aksjonar i fjellet. - Nye faste basestasjonar er komne på Hafstadfjellet i Førde og Nosi i Luster i regi av Røde Kors, seier Eide i Sivilforsvaret. Desse har vist seg å gje betre dekningsområde enn forventa,– I dag kan ein mellom anna kommunisere frå operasjonssentralen i Florø med Førde og Sogndal, ved hjelp av felles nett. Det vert no arbeidd med å få til liknande løysing mot Nordfjord. Frå Nosi i Luster har ein fått eit samband som dekkjer store delar av Sognefjellet, Breheimen og Jotunheimen.
RØDE KORS AVISA 2013 25
Kaffipause ved Turtagrø. Foto: Luster Røde Kors
Samøving i Jotunheimen No deler dei kunnskap og erfaring, Politiet, Norsk Folkehjelp i Årdal, Statens Naturoppsyn «SNO» og dei to hjelpekorpsa Hafslo og Luster i Luster Røde Kors.
Øving i mektige Jotunheimen. Foto: Luster Røde Kors
- Vi ser at dette samarbeidet om betre samband vil trygge eigne mannskap i felt, men òg styrke oss i våre roller som støtteaktør for lokale styresmakter i ein krisestasjon. Kombinert med den etter kvart gode beredskapen på satellittelefon i frivillig og offentleg sektor, meiner vi at ein ikkje er så langt vekke frå å ha to gode alternative sambandsløysingar i Sogn og fjordane, avsluttar Anne Catherine Fasmer Eide i Sivilforsvaret. Tekst: margunn.masdal@redcross.no
Fakta | Felles nettverk Samarbeidet mellom Røde Kors og Sivilforsvaret har som formål å etablere og utvikle felles nettverk av faste repeaterstasjonar (gjennomsnakkestasjon) i fylket som: ■ ein viktig sambandsressurs for alle våre mannskap/tenestpliktige internt og ved samvirke. ■ eit mogleg alternativt samband ved behov, for aktuelle aktørar i lokalområde/kommunar/regionar/fylke (og mot nabofylke).
Ei samøving med KO (base) i Luster med «gjennomsnakkestasjon» ved Turtagrø i Vest Jotunheimen i mars gav aktørane innsikt i kvarandre sine mulegheiter og utfordringar. Samling var vellukka og dei fekk den erfaringa og informasjonen dei trengde. - Me kom inn frå kvar vår side og møttes på Skogadalsbøen, seier øvingsleiar Geir Ove Optun. – Eg trur det er fyrste gongen Røde Kors og Folkehjelpen øver saman på denne måten i fjellområdet. Øvingshelga i mars var lagt opp til ein kombinasjon av kjentmannskjøring og øving for å kartleggje dekningsgrad i samband etter utplassering av ny stasjonær «gjennomsnakkestasjon» på Nosi ved Turtagrø. Partane skulle kjøre og gjere seg kjende langs ruta Turtagrø Sognefjellshytta - Sogadalsbøen og Tyin - Uradalen-Skogadalsbøen, eit område med mange DNT-ruter og som er eit populært utfartsom-
råde for turgåarar. Partane hadde eit ønskje om å bli betre kjende med kvarandre sine utfordringar i nasjonalparkområdet. Det vil lønne seg for beredskapen at dei blir trygge på korleis dei skal samarbeide. Folkehjelpen i Årdal treng også tilgang til eit sikkert samband. Samøvinga forsterkar samarbeidsevna og forståinga av kvarandre sine føresetnader. No deler dei kunnskap og erfaring som legg grunnlag for vidare planlegging og nye måtar å arbeide saman på. Statens Naturoppsyn «SNO» formidla kunnskap om kvar villreinen ferdast i verneområdet, samt utveksle erfaring om snøforhold og utfordringar ved ulike vêrtypar. Og for redningsmannskapet er dette viktig når dei legg opp rutene sine. Kjentmannskjøringa har alltid som mål å identifisere særlege utfordringar i naturområde kvart år. Slik kan ein redusere risiko for eigne mannskap, men også å legge sikrare operative planer. Gjennom kjøringa kartlegg ein snøforhold, alternative vegar ut og inn i dalar og andre forhold som må takast omsyn til i ein aksjon.
Alarmsentralen – viktig for fylket Den nære og gode organiseringa av det offentlege og det sivile hjelpearbeidet har vore nøkkel til suksess og redningsevne i fylket vårt. I eit debattinnlegg om nedlegging av alarmsentralen i Sogn og Fjordane seier Stian Antonsen, leiar i distriktsråd hjelpekorps og Sigurd Strand, leiar i beredskapsutvalet at det ikkje er uvesentleg for Røde Kors korleis ein vel å organisere redning og beredskap i framtida. Eit viktig prinsipp for Røde Kors er å sikre at hjelpa er nærast mogeleg der hendingane kan skje. Det er dette som gir folk flest tryggleik. Både nasjonalt og regionalt føregår ei omorganisering av samfunnstryggleik og beredskap, som får konsekvensar for det sivile redningsarbeidet. - Når endringar er varsla, er det Sogn og Fjordane Røde Kors si sterkast oppmoding at lokal og regional beredskapsevne ikkje må bli svekka, seier Antonsen og Strand.
Når tid betyr liv eller død Eit fylke som vårt har gjort Røde Kors og
Stian Antonsen
Sigurd Strand
andre frivillige organisasjonar til sentrale aktørar i den sivile beredskapen. Redningsevne skjer gjennom presis kunnskap og kompetanse om lokale forhold, oversikt over tilgjengelege ressursar og felles erfaringar gjennom øving og kunnskapsdeling.. Alarmsentralen representerer i seg sjølv eit miljø av livsviktig kompetanse. Verdien av regional beredskap vart òg tydeleg under Dagmar. Krisearbeid krev samordna innsats gjennom fleire kommunar. Ein slik operasjonen er eit komplisert samansett redningsarbeid og fortel kor viktig det er at redningsleiinga er lokalt forankra. Spørsmålet er sentralt; Korleis vil ei sentralisering av redningsleiinga auke vår redningsog beredskapsevne i Sogn og Fjordane?
26 RØDE KORS AVISA 2013
Distriktsstyret i Sogn og Fjordane Røde Kors Odd Erik Loftesnes 6858 Sogndal 951 91 754 oel@hisf.no
Jorunn Ringstad 6980 Askvoll 992 45 291 jorrings@online.no
Gerd Dvergsdal Dvergsdal 6743 Skei i Jølster 941 73 971 gerd.dvergsdal@ sensewave.com
Harald Engevik Revefaret 1, 6900 Florø 911 77 347 harald.engevik@ ewos.com
Kari Beheim Karlsen Kjosavegen 6869 Hafslo 977 91 821 karibeka@frisurf.no
Berge Bjørkedal Gjerdevegen 13 6770 Nordfjordeid 919 19 160 bergeb@online.no
Liv Anny Barsnes Sigurd Strand
Bryr seg Det var sogndølen Liv Anny Barsnes som fekk Sogn og Fjordane Røde Kors sin «Bry deg» pris. Prisen heng svært høgt i organisasjonen. Det er ein grundig evaluering ved kvar utdeling, og det er ein heider frå Det frivillige Røde Kors til ein frivillig som har vist at ho verkeleg bryr seg om sine medmenneske. «Bry deg» prisen er ei påskjønning til ein person som har utmerka seg gjennom si framferd, sine idear og/eller ved handling på ein måte som fell innanfor Røde Kors sine grunnidear og prinsipp. Prisen består av ein lysestake med inskripsjon og ein sjekk på 5 000 kroner. Pengane skal prisvinnaren nytte til eit humanitært føremål.
Frå grunngjevinga I tildelinga kan vi lese at Liv Anny Barsnes har vore aktiv i Røde Kors i mange år. Ho har eit brennande engasjement for Røde Kors, kven vi er og dei vi er til for. Ho har vore synleg og drivande kraft i Natte-
vandring, Stopp Vald aktivitetar, verving av blodgjevarar og har teke ansvar som tillitsvald. Ho er tydeleg, torer å ta standpunkt og bere dei fram. Gjerne til korleis Røde Korsaktiviteten skal gjennomførast, men ikkje minst i korleis vi skal opptre ovafor kvar andre – i våre møte med andre menneske og med andre Røde Korsarar. Her kjem engasjementet og interessa for medmenneske til syne. Liv Anny fekk prisen på Røde Kors sitt årsmøte i Sogndal i mars. Det er alltid like hyggeleg å vere publikum når nokon av våre eigne blir overraska med heider. - Eg er heilt målaus, sa Liv Anny då ho tok i mot prisen, men no skjønar eg i alle fall kvifor det var så om å gjere at eg var med på dette årsmøtet. Prispengane ønskjer Liv Anny å gje til pasientvelferd på Lærdal sjukehus. - No fekk eg ein sjanse til å gje noko attende til eit sjukehus som eg har eit nært forhold til, seier ho, eg arbeider der til dagleg og har vore pasient der. Aldri har så mange personar lese eit innlegg på Sogn og Fjordane Røde Kors sine Facebook side, som då Liv Anny fekk sin velfortente pris. Det fortel oss at ho er ein unik person også langt utanfor Røde Kors. Tekst/foto: margunn.masdal@redcross.no
6784 Olden 915 97 871 raude.kross.olden@ enivest.net
Berit Flæte Arntsen 6947 Lavik 481 28 842 berit.arntsen@ gmail.com
Stian Antonen Postboks 320 6901 Florø 915 89 866 sti.ant@frisurf.no
Sirianne Remme Tynningshog. 12 D, 6847 Vassenden 924 99 376 sirianne88@ gmail.com
RØDE KORS AVISA 2013 27
«Dronning av Haugland» Ho blir kalla det av ungdomane som er på leir på Haugland. Ein kan forstå kva dei meiner desse ungdomane som møter Kristi att år etter år på leir, denne høgreiste, vennleg og tvers gjennom trivelege dama. Dronningnamnet kler henne godt. Kristi Muldsvor fekk Røde Kors sin Fortenestdiplom med nål for den mangeårige innsatsen ho har lagt ned i samband med ungdomsleiren på Haugland. Ho var tillitsvald i dåverande distriktsråd for Ungdommens Røde Kors (URK) i siste halvdel av nittitalet. Kirsti Muldsvor er leiar av Hornindal Røde Kors og har vore lokal tillitsvald i mange år. Gjennom distriktsrådet kom ho med i drifta av ungdomsleiren som vart gjennomført av
ungdommar i URK, ein leir for funksjonshemma ungdom. Kristi Muldsvor har vore frivillig engasjert i denne leiren på femtande samanhengande året og minst åtte år som leirsjef. Det er for denne eineståande innsatsen ho får sin heider.
Ungdomsleir i 30 år Frå 1983 og fram til i dag har denne leiren for funksjonshemma ungdom vore arrangert på Haugland. Leiren inngår som ein av tre humanitære ferietilbod i Sogn og Fjordane Røde Kors. Vi veit at ungdomsleiren betyr mykje for mange. Fleire av gjestene kjem alt tidleg på hausten med spørsmål om ungdomsleiren neste år.
Kristi Muldsvor.
Vil du engasjere deg lokalt som aktiv eller støttemedlem – ta kontakt!
JOVEIG NORDEIDE Askvoll Røde Kors 6980 Askvoll 472 81 683 joveig.nordeide@enivest.net
STEINAR GRØNSBERG Aurland Røde Kors Hjelpekorps 5745 Aurland 959 79 926 ste-gr@online.no
OLEBJØRN ESE Balestrand Røde Kors 6899 Balestrand 958 33 333 balestrand.rodekors@live.no
INGER VALBERG Svelgen og Bremanger Røde Kors Skogvn. 3, 6723 Svelgen 915 72 927 svelgen.rk@enivest.net
JOFRED ÅSNES Fjaler Røde Kors 6969 Straumsnes 911 72 164 joaasnes@online.no
EDITH ÅREBROT MADSEN Flora Røde Kors Nonskarveien 1, 6901 Florø 915 99 896 florark@frisurf.no
ASBJØRN STEEN Førde Røde Kors Langebruvegen 28, 6801 Førde 90 99 33 93 forderk@frisurf.no
AUD JENSINE LUNDE Gaular Røde Kors Lunde, 6973 Sande 915 93 026 gaular.rkh.leiar@live.no
MERETE MINDRESUNDE Gloppen Røde Kors Nordåsen 78, 6823 Sandane 473 03 240 mmindresunde@gmail.com
MARGRETHE SKÅDEN Gulen Røde Kors Øvre Stølen 25, 5966 Eivindvik 481 20 586 rkhgulen@online.no
KRISTI MULDSVOR Hornindal Røde Kors 6763 Hornindal 991 68 595 kristi.muldsvor@hotmail.com
CHARLOTTE KVELLESTAD AKSE Hyllestad Røde Kors Hjelpekorps 6953 Leirvik 902 09 302 charlotte_akse@hotmail.com
RANDI RUSTI Høyanger Røde Kors Kyrre Grepp gt. 37, 6993 Høyanger 975 02 921 randirusti@hotmail.com
ELSE DRAGESET GJESDAL Jølster Røde Kors 6847 Vassenden 975 93 228 else.d.gjesdal@enivest.net
SVEIN RØYSUM Leikanger Røde Kors Silåta 3, 6863 Leikanger 901 26 884 sveinroysum@aol.com
BRITT OPTUN Luster Røde Kors Nondal, 6869 Hafslo 995 14 197 britt@optun.no
BJØRN SKALLE Lærdal Røde Kors Postboks 25, 6886 Lærdal 970 29 449 laerdalrk@sogn.no
GRO HAUGNES Naustdal Røde Kors Hjelpekorps Postbok 15, 6808 Naustdal 951 60 408 grohaugnes@hotmail.com
HILDEGUNN MÅGE Eid Røde Kors Postboks 246, 6772 Nordfjordeid 975 83 493 Ufo_977@hotmail.com
SIGURD STRAND Olden Raude Kross Postboks 39, 6784 Olden 915 97 871 raude.kross.olden@enivest.net
ARNE HELGE SELJEN Selje Røde Kors Hjelpekorps Postboks 94, 6741 Selje 975 41 398 ahseljen@broadpark.no
ODD RUNE VIKHEIM Sogndal Røde Kors Granden 43, 6856 Sogndal 908 91 217 odd.rune.vikheim@nortura.no
OLGA E. FRØHOLM Stryn Røde Kors Kiparvegen 35 b, 6783 Stryn 907 60 312 olgafroholm@gmail.com
DARIUSZ HAUDEROWICZ Vik Røde Kors 6893 Vik i Sogn 411 04 713 rkvik@online.no
OLAV RUNE MYKLEBUST Vikane Røde Kors 6797 Utvik 906 95 236 sny360@online.no
ELI BLÅLID Vågsøy Røde Kors Postboks 78, 6701 Måløy 996 14 481 elib69@online.no
ASTRID BRUHEIM Årdal Røde Kors 6885 Årdalstangen 970 82 432 astridbruheim@mail.ardalsnett.no
TAKK: På vegne av Norges Røde Kors Æresbevisningskomité, delte Karin Haugo frå Landsstyret ut heidersprisane til Asbjørn Sande, Svelgen, Lars Otto Sagvold, Førde, Britt Optun, Hafslo og Ola Aas, Aurland
Heidersteikn til frivillige Det er mange frivillige i Røde Kors som gjer ein imponerande innsats for andre. På årsmøtet til Sogn og Fjordane Røde Kors fekk organisasjonen høve til å takke nokre av desse med heidersteikn. Dei skil seg ut desse fire som dette året fekk ulike heidersteikn av Norges Røde Kors Æresbevisningskomité. Deira frivillige innsats er mangeårig. Dei har gjort ein forskjell for andre menneske og dei har betydd noko for Røde Kors som ein humanitær organisasjon. Ola Aas og Asbjørn Sande fekk Røde Kors Hjelpekorps Fortenestmedalje med diplom. Britt Optun og Lars Otto Sagvold fekk tildelt Norges Røde Kors Fortenestmedalje med diplom.
OLA AAS vart medlem i Røde Kors i 1968 og har hatt ulike tillitsverv i Røde Kors sidan 70 talet, og fram til i dag. Han har engasjert seg i alle disse årene med aktiv innsats, gjennom sitt engasjement i hjelpekorpset, lokalforeininga og omsorgsarbeid både lokalt og på distriktsplan. Spesielt framheva er Ola sin innsats for opplæring på område- og distriktsnivå. Han er Binstruktør, B-vinter, B operativ og A operativ. Han har halde mange ulike kurs opp gjennom åra og vore aktivt med i førstehjelpsundervisninga i Indre Sogn. Ola Aas vert skildra som ein person med mange positive eigenskapar og som ein å stole på. Han blir omtalt som ein omsorgsperson,
som er ansvarsmedviten og stiller opp enten det er i samband med hjelpekorps eller besøkstenesta.
ASBJØRN SANDE har vore aktiv i Røde Kors sidan 1980-talet, og vore leiar og hatt tillitsverv frå då og fram til i dag. Han blei vald til regionleiar vest og medlem av Landsråd for hjelpekorps på Landsmøtet i 2008. Frå Landsmøtet 2011 gjekk han over i rolla som varamedlem av Landsrådet. Asbjørn Sande er svært oppteken av at nye hjelpekorps-medlemer skal takast godt i mot, bli inkludert og få god opplæring. I det internasjonale distriktsprosjekt med Narva i Estland var han engasjert i førebuing og gjennomføring av sommarkurs der. Asbjørn har eit stort og langvarig engasjementet lokalt i Svelgen, gjennom verv og operativ aktivitet. Han har delt av erfaringar derifrå med både nye og drivne korpskollegaer i distriktet. Det er blitt lagt merke til at Asbjørn er ein sterk talsperson for «eitt Røde Kors» der alle frivillige, uansett bakgrunn og aktivitetsfelt, er like viktige. Han viser dette i si personlege framferd og i tale. Asbjørn Sande har tidlegare fått tildelt Fortenestdiplom med nål. BRITT OPTUN vart medlem i Hafslo Røde Kors Hjelpekorps i 1982 og har sidan dette vore aktiv i Røde Korsarbeid i Luster kommune i over 30 år. Ho har i alle desse åra hatt fleire tillitsverv både lokalt og på distriktsplan og er i dag leiar av Luster Røde Kors. Britt Optun er ei drivkraft i å skape lokal-
foreininga som er eit naturleg og samlande punkt. Ho er ein person som er flink til å involvere andre i det lokale arbeidet og i høve til samarbeidspartane. Britt Optun er skildra som ein ansvarsfull leiar med god oversikt og ein pådrivar i gjennomføringa av oppgåver, ei som er flink til å profilere Røde Kors og som har ein stor del av æra for Luster sin posisjon i Røde Kors og Røde Kors sin posisjon i Luster. Britt Optun vert oppfatta som ein «ekte Røde Korsar» som har respekt for medmenneske, og inviterer til innspel og dialog, medverknad og medansvar. Ho har tidlegare fått tildelt fortenestdiplom med nål.
LARS OTTO SAGVOLD har hatt mange tillitsverv sidan 1993. Han har vore både nestleiar og leiar av Førde Røde Kors lokalstyre, varamedlem, medlem og til slutt nestleiar i distriktsstyret i Sogn og Fjordane Røde Kors, leiar av besøkstenesta i Førde Røde Kors Omsorg og nestleiar av Distriktsråd omsorg i Sogn og Fjordane Røde Kors. Han har også mykje erfaring internasjonalt som delegat for Røde Kors i Thailand, Pakistan, Somalia og Kongo, og han var engasjert i det internasjonale distriktsprosjekt med den russiske enklaven Narva i Estland. Engasjementet til Lars Otto Sagvold starta då han vart medlem av Meldal Røde Kors Hjelpekorps i 1968 og han har såleis vore aktiv i Røde Kors i over 40 år. Mellom anna har han vore flyktningguide og er no besøksven i Førde Røde Kors. Lars Otto Sagvold har tidlegare fått tildelt fortenestediplom med nål.