MEIR ENN BANK 110 000 000 kroner til idrett og kultur dei siste fem 책ra.
ssf.no meirennbank.no
TAKK KJÆRE KUNDE «Bank er bank. Alle tilbyr lån, innskot, nettbank og litt ulike renter,» seier du kanskje? Det er rett, men også litt feil. I Norge har vi to typar bankar, forretningsbankar og sparebankar. Mens forretningsbankane er eigde av aksjonærar som får utbytte på aksjane sine, er sparebankane først og fremst eigd av kundane som får utbytte gjennom gåver til kultur, idrett, lag og organisasjonar. Ekte sparebank Sparebanken Sogn og Fjordane er som namnet seier ein ekte sparebank. Det er kundane rundt i heile fylket som i dag eig denne banken. Rett nok har banken to formelle eigarar som heiter Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Fjaler, men det handlar først og fremst om ei formell organisering. Formålet til stiftingane er å ivareta banken og syte for at utbyttet dei får frå resultatet blir delt ut som allmennyttige gåver rundt i fylket. Sparebanken kan på mange måtar samanliknast med Samvirkelaget. Vi har gått saman om ein “pengebutikk” for å skaffe pengar og ha eit effektivt betalingssystem. Overskotet av denne aktiviteten er litt ditt og litt mitt. Eg kunne også seie mykje om verdien av 22 bankontor, 270 arbeidsplassar, hundrevis av millionar i skatt og masse økonomisk kompetanse i eige fylke. Det trur eg på mange måtar er vel så viktig som utbyttet frå banken til mange gode formål. 110 millionar Poenget i dag med desse orda og dette bilaget i Firda er å fortelje at Sparebanken Sogn og Fjordane er levande opptatt av utviklinga i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Takka vere alle som brukar oss som bank, klarer vi å levere rundt 20 millionar kroner i året tilbake som utbytte til idrett, kultur og frivillig sektor. Dei fem siste åra har banken klart å bidra med 110 millionar kroner til gode formål i fylket. Det gjer meg glad og stolt.
Prosjektleiar Kristin Maurstad er sikker på at subsea-utdanninga i Florø kjem i gang. Ho meiner to millionar kroner i gåve frå banken og stiftinga utløyste gjevargleda til oljeselskapa.
JUBELEN STOD I TAKET Eit magisk øyeblikk for ny giv og gule boksar i Florø
Aktiv medpelar Vi er ikkje ute etter applaus og skulderklapp for millionar til ei ny høgskuleutdanning i Florø, ein stor idrettspark i Førde, ein ny gründerpris i fylket, eit norsk elitelag i volleyball eller dei framtidsretta elevbedriftene. Vi er ute etter å vise samanhengen mellom at du brukar oss som bank og at vi dermed kan vere ein aktiv medspelar og bidragsytar til eit spennande liv i Sogn og Fjordane. Bank treng ikkje vere berre bank. Sparebanken Sogn og Fjordane tek mål av seg til å vere meir enn bank. Takka vere 4500 bedriftskundar og 50.000 personkundar er det mogleg. Takk, kjære kunde.
25. september i år gjekk prosjektleiar Kristin Maurstad på talarstolen i Flora samfunnshus. For 250 politikarar og næringslivsfolk skisserte ho planane for ei ny ingeniørutdanning i undervassteknologi. Ho kunne stolt fortelje at Høgskulen i Bergen garanterte for det faglege, at lærarkrefter, praksisplassar og lokale var på plass. Ho sa at alle var positive til ei ny bacherlor-utdanning i Florø og at den kunne bli avgjerande viktig for vidareutvikling av petroleumsnæringa i byen og fylket. Det var berre ei stor rift i glansbiletet, ho mangla nesten 12 millionar kroner til realisering av draumen.
Unik sjanse -Kristin Maurstad i Fram Flora og Trond Strømgren i Folkeuniversitetet har gjort ein imponerande planleggingsjobb. Ei subsea-utdanning i Florø vil gjere oljemiljøet i byen meir attraktivt. Det er skrikande mangel på denne typen ingeniørar. Her har fylket ein unik sjanse til å få sterkare innpass i den ekspansive oljenæringa. Sparebanken Sogn og Fjordane meiner at vi må nytte denne sjansen. Banken og eigaren vår, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, har bestemt seg for å støtte det nye bachelor-studiet i Florø med to millionar kroner, sa Arvid Andenæs.
Arvid Andenæs Administrerande direktør Sparebanken Sogn og Fjordane
-Tre oljeselskap har velvillig støtta forprosjektet, men førebels har vi berre fått lovnad om 450.000 kr til hovudprosjektet. Vi treng 12 millionar kroner for å setje i gong det treårige studiet, sa ein litt skuffa prosjektleiar i Fram Flora før adm. direktør Arvid Andenæs gjekk på talarstolen.
Forløysing Jubelen stod i taket. Lovnaden frå bankdirektøren forløyste ei ny tru og ein ny giv i prosjektet. -Så kraftige jubelrop og så lang applaus har eg aldri høyrt i ein konferansesal før. Det var eit magisk øyeblikk. Sjølv om eg hadde fått nyss om
gåva frå banken på førehand, kjende eg ei enorm lette og stor glede inn i meg, strålar Kristin Maurstad. Prosjektleiaren meiner gåva frå banken på to millionar kroner utløyste gjevargleda til andre sentrale aktørar. Nokre dagar etterpå trilla det inn to millionar kroner frå Statoil, ein million frå GDF SUEZ, ein million frå INC-Gruppen som mellom anna driftar Fjordbase, 500.000 kroner frå BG og 450.000 frå selskapet Underwater Technology Foundation som var aller først med rause pengar til hovudprosjektet. Prosjektleiaren har også andre, glade gjevarar på hand og er temmeleg trygg på at subsea-utdanninga i Florø kjem i gang med 30 elevar neste haust. Meir attraktiv -Vi treng ei høgskuleutdanning på kysten for å knyte sterkare band mellom næringslivet og dei unge. Vi treng pulsen og omdømet som eit bachelor-studium i Florø kan
gje, og ikkje minst treng vi vere budde på at avanserte, gule boksar på havbotnen blir drivaren i oljenæringa dei komande åra. Med denne utdanninga på plass, blir Florø og Sogn og Fjordane meir attraktiv for framtidas oljeog gassprodusentar, smiler Kristin Maurstad.
Subsea-utdanning • Det er duka for bachelorutdanning i undervass-teknologi i Florø frå hausten 2013 • Folkeuniversitetet og Høgskulen i Bergen skal ha drifts- og fagansvar • Startar med 30 studentar og aukar på sikt til 90 • Subsea-teknologien er den nye drivaren i oljeindustrien • Få studieplassar, men sterk etterspørsel etter subseaingeniørar
- STARTAR BEDRIFT SÅ SNART EG BLIR 18 Rikard Kirkeeide Bøe irriterte seg over papir som flaut i sekkar og klasserom. Slik oppstod ein gründeride og eit ungt entreprenørskap i Stryn. Rikard står bak etableringa av merkevaren Binderpunch – holes at once, ei lita flat holmaskin til å henge rett i bøylesystemet til permar. Maskina har slått an fordi den tradisjonelle holmaskina har ei merkeleg evne til “lure seg vekk” når du treng den. Gjennom ungdomsbedrifta Binderpunch Outlet driv han i dag delar av verksemda, og har allereie rokke å få 50 utsalsstadar. Eg kan, eg vil, då får eg det til - Ideen om holmaskina var utgangspunktet for ei elevbedrift på
ungdomsskulen i 2010. Då vi vart kåra til beste bedrift på fylkesmessa for Ungt Entreprenørskap same året, fekk eg auga opp for at produktet kunne utviklast vidare. Eg lever etter mottoet eg kan, eg vil, då får eg det til, fortel Rikard (17) entusiastisk. Gründeren fekk raskt erfare den velviljen og gründerånda som kjenneteiknar designbygda Stryn, der han fekk hjelp med utvikling av ein prototyp i Kina. I dag har elevbedrifta blitt til ung-domsbedrift som driv delar
av salet og marknadsføringa av produktet. Til no er det selt over 4000 holmaskiner. Han legg ikkje skjul på at det var ein krevjande prosess som tok mykje tid, men han understrekar samstundes at det var ein spennande og lærerik prosess. Det å jobbe med noko som ein ser gir resultat er givande, seier han og smiler. - Når eg blir 18, startar eg mi eiga bedrift, seier Rikard som har kremmarånd i blodet. Som smågut laga han butikk i gata der han vaks opp og selde blomster og heimelaga ripsbærsyltetøy til naboane. I dag tek han entreprenørskapsfaget som han var pådrivar for å få i gang på Stryn vidaregåande skule. Han rosar både læraren, leiinga ved skulen og næringslivet som gjer ein flott innsats for å legge til rette for faget. Ungt Entreprenørskap - Bedrifta til Rikard er eit godt døme på effekten av Ungt Entreprenørskap som no har slått rot i alle kommunane i fylket, meiner Holger Aasen som er dagleg leiar for Ungt Entreprenørskap i Sogn og Fjordane. Organisasjonen legg til rette for at grupper med elevar kan opprette midlertidige bedrifter og prøve seg som leiarar, utviklarar, salsfolk og økonomar. Dei som deltek i slike bedrifter er ofte med på verkelege bedriftsetableringar i sitt vaksne liv. Fylket har for tida 70 ungdomsbedrifter i sving i eit ideelt samarbeid mellom skulane og næringslivet. I Norgestoppen - Sogn og Fjordane har utmerka seg som eit av dei aller beste fylka i Ungt Entreprenørskap. Det
Rikard Kirkeeide Bøe viser fram produktet sitt, Binderpunch.
hadde vi ikkje fått til utan det nære og systematiske samarbeidet med Sparebanken Sogn og Fjordane. Banken har vore med heilt frå starten i 2000 med solide bidrag til drifta, gode mentorar for elevbedriftene og dommarar på fylkesmessene. I tillegg har banken køyrt ei rekke kurs for elevane i økonomi og karriereplanlegging, fortel Holger Aasen.
litt galskap og ein god porsjon vilje kan prøve seg. For meg har det vore ein stor opptur. Eg har lært masse, blitt kjent med mange og fått tru på at eg skal klare å etablere mi eiga bedrift, seier 17-årige Rikard Kirkeeide Bøe.
Stor opptur -Ungt Entreprenørskap er eit så godt opplegg at alle med litt guts,
FØRSTE GRÜNDERPRIS TIL PENGEMASKIN Som ivrig fjellmann målte Torstein Hønsi snømengdene på Vikafjellet. Tala illustrerte han i eit sjølvlaga grafikkprogram på si eiga internettside for Vik. Ideen var starten på eit nytt bedriftseventyr i Sogn og Fjordane. På Temposeminaret i Florø førre torsdag stakk Hønsi av med den første gründerprisen på 100.000 kroner frå Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. -Prisen er ei stor ære og ein stor inspirasjon for oss i Highsoft Solutions til å utvikle oss vidare med nye produkt og nye arbeidsplassar, seier gründer, hovudaksjonær og styreleiar Torstein Hønsi i den prisløna verksemda. På kort tid har han fått fem kollegaer i selskapet sitt og ser at millionane rullar inn.
-Highsoft Solutions er ein perfekt vinnar av vår første gründerpris, seier administrerande direktør Arvid Andenæs i Sparebanken Sogn og Fjordane. Andenæs er imponert over at gründeren i Vik har klart å slå gjennom i ein knallhard, internasjonal bransje og kommersialisere forretningsideen på kort tid.
Eventyrleg Frå kring 20.000 kroner i 2006, auka inntektene til 1,2 millionar kr i 2009, 3 mill. i 2010, 12 mill. i 2011 og passerer truleg 21 millionar kroner i 2012. Resultatet i 2011 var på vel 8 millionar kroner. Gründerselskapet i Vik har alt rukke å bli eit eventyr av ein pengemaskin med 23.000 kundar over heile kloden. Lisensbaserte dataprogram som gjer det lett å illustrere tal og fakta på internett er den ettertrakta vara.
Enormt potensiale Eventyret i Vik er kanskje berre så vidt i gang. Sjølv om bedrifta har 23.000 kundar, eksisterer det 100 millionar nettstader i verda. Dei aller fleste har trong for å illustrere talmateriale med grafikk. -Vi trur potensialet er enormt og må berre passe på å vidareutvikle kompetansen og produkta våre vidare, seier dagleg leiar i Highsoft Solutions, Grethe Hjetland. Ho gler seg over hyppige pling på
kontoret kvar gong ein ny kunde loggar på og kjøper lisensen. Det kan bli reine bjelleklangen når eit nytt og vidareutvikla produkt blir lansert med det første. Ny pris neste år -Vi håpar dei fem finalistane i årets gründerkonkurranse stimulerer fleire kreative sjeler til å prøve seg. Fylket har stor trong for nye bedrifter og nye arbeidsplassar. Vi skal gjere vårt og stille opp for gründerane også i åra framover, seier kultursjef Pål Fidjestøl i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.
Pilene peikar rett til vers for Highsoft Solutions i Vik. Databedrifta med dagleg leiar Grethe Hjetland og gründer Torstein Hønsi i spissen kapra den første gründerprisen i fylket.
Årets Gründerpris • Blir delt ut av Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. • Bedrifta skal vere utvikla i fylket eller av personar frå fylket. • Gründerideen må ha nådd kommersialisering og vere berekraftig. • Ein jury plukkar ut fem finalistar. • Lyttarane til NRK Sogn og Fjordane er med og stemmer fram ein vinnar. • Prisen er på 100 000 kr.
SPAREBANKSTIFTINGA SOGN OG FJORDANE Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er ei av dei største private stiftingane i landet, og hovudeigar av Sparebanken Sogn og Fjordane. Sparebankstiftinga sitt føremål er å vere ein langsiktig og ansvarleg eigar av Sparebanken, samt å gi overskot frå bankdrifta tilbake til samfunnet som skapte det gjennom gåver til allmennyttige føremål i Sogn og Fjordane. Sparebankstiftinga har to søknadsfristar i året; 1. mars og 1. september. I tillegg kan ein sende «forenkla søknad» på beløp inntil 10.000 kroner, heile året – og få svar på søknaden innan fire veker. Les meir om oss på www.sparebankstiftinga.no.
Lars Fredrik Tvinde under Europacup-kamp i Førdehuset i haust.
- VI ER SOM UNITED I ENGLAND BARN PYNTAR FØRDE
Forslag teikna av Stine Rotnes.
I haust inviterte Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Firda og Førde kommune alle barn til å teikne det dei synst ville gjere parken ved Festplassen trivelegare. Det kom inn heile 233 forslag, og no skal publikum stemme fram vinnaren blant ei handfull finalistar. Sparebankstiftinga har ansvaret for å realisere den ferdige installasjonen frå vinnarteikninga saman med lokale handverkarar. Eit artig og engasjerande prosjekt, som kanskje òg kan gi Førde eit nytt landemerke for dei yngste..? Prosjektet stiller òg eit litt seriøst spørsmål: er vi flinke nok til å involvere dei som skal ta over etter oss i byutviklinga? Stem fram din favoritt på www.firda.no
Det vekte låtten hos mange, når Førde Volleyballklubb kring 2005 satte seg høge mål: vinne ein norsk tittel, og ein teljande internasjonal kamp i Førdehuset innan fem år. - Vi visste vi kunne greie det, seier dagleg leiar Tor Kristian Kvammen. Laget har spelt fem cupfinalar og vart norgesmeister i 2007. I 2011 vann laget frå Førde Nordic League. Hånlåtten stilna, og Førde har ein nærast sjølvsagt status som norsk hovudstad for volleyball i ein av verdas største idrettar. Lars Fredrik Tvinde er ein av spissane på laget og fekk talentstipendet Furore frå Sparebanken Sogn og Fjordane i
2010. Tvinde seier rett ut at du kan samanlikne Førde med Manchester United i England. -Vi har same presset som United om at vi skal vinne mot alle, utanom Nyborg. Ein jamn kamp mot Nyborg er greitt, men taper vi mot Tromsø blir det som om United taper mot Wigan. Uhøyrt. Kvammen og Tvinde meiner klare mål og vilje til hard, systematisk jobbing er det som har gjort Førde Volleyballklubb til eit av dei beste laga i Norden. Ikkje minst treningskulturen for å sikre både kvalitet og mengde i treninga har vore avgjerande. Det nære samarbeidet mellom volleyballmiljøet og Hafstad vidaregåande
skule har sikra god rekruttering heilt sidan tidleg på 90-talet. I tillegg har klubben klart å sikre seg langsiktige og lojale sponsorar som Sparebanken Sogn og Fjordane. Banken har som generalsponsor for Førde Volleyballklubb stilt opp med store midlar til drift og utvikling dei siste åra. -Klubben er eit stort spleiselag og drifta på dugnad. Eldsjelene gjer alt arbeidet rundt kampane for at vi spelarane skal kunne konsentrere oss om å spele volleyball. Eg trur vi har Norges beste publikum innan volleyball, takka vere eldsjelene og profesjonelle arrangement, seier Tvinde.
Og når vi spør om framtida, ser vi at lysta på høge mål tydelegvis har smitta over på den nye generasjonen: -Eg vil spele OL i sandvolleyball, slår Lars Fredrik Tvinde fast utan å blunke.
Furorestipend Årlege stipend til talentfull ungdom i Sogn og Fjordane innan idrett, kultur og «open klasse». Sjå meir info på www.sparebankstiftinga.no
HAFSTAD IDRETTSPARK Sparebanken Sogn og Fjordane var første bidragsytar med 8 000 000 kroner til Hafstad idrettspark. To kunstgrasbaner blir opna i november. Neste år blir skatepark, volleyballbane, hoppbakke, klatretårn, joggesti og rulleskibane truleg realisert.