Storehesten Opp

Page 1

LAURDAG 23.06.  2012

Stavang Naustdal

Svanøyna Til Ålesund

Førde

Stongfjorden

STOREHESTEN OPP

Førde lufthamn

Bygstad Holmedal

Dale

Askvoll

Sande

Flekke

Helle 607

E39

Til Bergen

0

10 km

© Kartagena / Statens kartverk

ANNONSAR 23


24 ANNONSAR

LAURDAG 23.06.  2012

Velkomen til Storehesten Opp 2012 Terese Myklebust

Audhild Hestad

Leiar i Gaular IL

Motbakkeløp som krydder i treninga!

Det er ei stor glede for meg å ynskje alle velkomne til motbakkeløpet Storehesten Opp 30. juni 2012 i Gaular. Dette er eit løp for alle! Dei sprekaste spring alle 1209 høgdemeterane på ein time eller tre, medan dei fleste av oss nyt den flotte turen saman med familie og venner. Stadig fleire ønskjer å delta i klassen «Mosjon på tid», som er ei fin mellomløysing.

Merete Espeland Gåsvær, Harald Gil Sætre frå Firda Media, Hel

Fysisk aktivitet er viktig for å fremme ei god helse. Like viktig er det å ha gode opplevingar, gjerne flotte naturopplevingar. Vi ønskjer å stimulere til at folk får god helse, både fysisk og psykisk. Det er då viktig at alle får delta utifrå eigne føresetnader, og at toppen ikkje er eit mål for alle. Undervegs er det fleire naturlege stoppeplassar der ein kan sette seg ned å slå av ein prat, nyte nista og følgje løpet. Alle håpar vi på godt vêr, men som arrangør håpar vi at alle støttar opp om arrangementet uansett vêr. Meld dykk på i dag og støtt opp om eit fantastisk arrangement. Vi er utruleg stolt over fjellet vårt og dugnadsinnsatsen som lagar ramma for denne minneverdige dagen. Velkommen til Storehesten!

Kva forhold har du til Storehesten? – Sjølv om eg vaks opp ved fjorden i Bygstad, gjekk vi alltid mykje i fjellet. Storehesten vert sett på som eit majestetisk fjell og eit landemerke i Bygstad, og for meg er det stor stas at det går eit så flott motbakkeløp på fjellet eg ser frå huset vårt på Espeland i Bygstad, seier Audhild og legg til at ho er veldig imponert over kva bygda har fått til med arrangementet. Audhild Hestad er eit kjent namn for løpsinteresserte i Sunnfjord. Gaularjenta har henta heim mange sigrar i halvmaratonløp i distriktet, og er sågar NM-meister på maratondistansen med sterke 2.57 som personleg rekord. Audhild spring òg motbakkeløp, og Storehesten Opp er eit av årets store mål. Satsar du både på landeveg- og motbakkeløp? – Eg satsar nok hovudsakleg på landevegsløp, men brukar springing i terrenget og motbakkeløp som variasjon og «krydder» i treninga. Eg trivast veldig godt med terrengløp, men eg har nok likevel min forse i starten av løypa på Storehesten, der det er asfalt og grus. Audhild har planar om å delta i fleire motbakkeløp i sommar, og legg nok fleire besøk til løp i Bergensområdet. I august vert Skåla Opp eit av dei store måla. I tillegg konkurrerer ho jamt på landevegen.

Kva tips har du til andre deltakarar på Storehesten Opp? – Først og fremst vil eg tipse om sko. Sjølv har eg bomma fleire gonger med å bruke «vanlege» joggesko, der solen ikkje er tilpassa tøft og variert fjellterreng, så bruk sko med god sole! Elles kan det vere lurt å legge opp løpstaktikken litt etter kva type løpar ein er. Sjølv er eg sterkast i starten og prøvar å gi mest på der, då eg veit at eg ofte tapar tid til dei beste når vi kjem over i terrenget. Vidare er det nyttig å sjå på løypetraseen, då Storehesten faktisk har ganske variert terreng, og ein kan hente seg inn igjen fleire stader. Så må ein ta høgde for at Storehesten Opp er eit langt løp, og sjølvsagt ha litt krefter på lager i dei siste seige motbakkane mot toppen, rådar Audhild.


LAURDAG 23.06.  2012

ANNONSAR 25

Hjelpekorps Gaular Røde Kors Hjelpekorps har i mange år vore sanitetsvakter på Storehesten Opp. Vi har ko-vogn som står ved Sveene og mannskap som står på ulike postar på vegen opp til Storehesten. Hjelpekorpset kan vere til hjelp ved overtrakk, gnagsår og større skadar der vi gjerne må tilkalle luftambulansen. Gaular RKH er eit lite korps og på dette arrangementet er vi avhengig av hjelp frå nabokorpsa, noko vi set stor pris på. Vi gler oss til Storehesten opp 30. juni!

lge Kårstad og Arne Øvrebø frå arrangementskomiteen.

Vi ønskjer deg og dine velkomen til Storehesten Opp 2012! Nytt høvet til å bestige ein av dei mest spesielle fjelltoppane i fylket, ja kanskje i heile landet! Ser deg på laurdag!

Om Storehesten Storehesten (også kalla Kvamshesten i nyare tid) er namnet på det mest markante og majestetiske fjellet i Sunnfjord. Fjellet ligg mellom Førdefjorden og Dalsfjorden, og saman med Lisjehesten lenger aust og Blegja i vest utgjer dette fjellmassivet ei 360 millionar år gammal devonavsetning av konglomerat og sandstein.

Om løpet – Storehesten Opp Storehesten Opp er eit motbakkeløp som vart arrangert for første gong i 2006. Gaular Idrettslag står som arrangør av løpet i nært samarbeid med grunneigarar i området. Ei mengd frivillige, kommunen, lag og organisasjonar legg til rette for arrangementet.

Frå toppen av Storehesten (1209 moh) kan ein sjå vest i havet, nord til Ålfotbreeen, austover til Jostedalsbreen og sørover til fjella kring Bergen. For Bygstad, bygda som ligg under Storehesten i sør, har fjellet alltid prega det daglege livet, ja, alt frå vardebrenning i vikingtid til beite, jakt, turgåing og fjellklatring i nyare tid.

Løpet og fjellturen er lagt opp både for konkurransedeltakarar og mosjonistar. Norges Friidrettsforbund har utarbeidt tekniske retningsliner for motbakkeløp i Norge. Konkurransetraséen i Storehesten Opp ligg innafor desse retningslinene.

Nemnast må òg at ein hestehandlar frå Bygstad ein gong selde Storehesten til ein kar ifrå Valdres på marknaden i Lærdal. Karen frå Valdres, som var av den snakksalige sorten, vart stum då han fekk sjå kva han hadde kjøpt.

Visjonen kring Storehesten Opp er å marknadsføre og gjere betre tilgjengeleg den fantastiske og heilt spesielle naturen i denne delen av Sunnfjord, like ved dørstokken til Førde by.

Overnatting/ andre aktivitetar i området Storehesten ligg i Bygstad – ei perle inst inne i den unike Dalsfjorden, to mil frå Førde i Sunnfjord. Bygstad ligg i Gaular kommune, som har mykje spennande å by på i sommarmånadene. Vikingfjorden, som er eit selskap for utvikling av kultur- og naturbasert næring i indre Dalsfjorden, har laga til eit kart over overnattingsstader i Bygstad. I tillegg finn de meir tradisjonell overnatting på Sande og i Førde. Overnatting: Bjørvikneset gard Tlf. Døskeland bruk Tlf. Hov hyttegrend Tlf. Kvamme Tlf. Leirvik gard Tlf. Nistad gard Tlf. Nysna gard Tlf. Osen gard Tlf. Rytna gard Tlf. Sande Kro og Hotell AS Tlf. Skilbrei Ungdomssenter Tlf. Åmot gard Tlf. Førde Vandrerhjem Tlf. Småbåthamn Tlf.

48 57 57 48 57 57 41 57 97 57 57 97 57 57

14 71 71 10 71 73 53 71 14 71 71 16 82 71

61 61 79 46 72 55 06 73 00 80 87 07 99 79

99 00 37 97 33 26 61 64 60 51 62 04 60 04

/ / / / /

46 91 91 95 99

41 37 72 25 16

31 59 40 39 25

37 79 59 26 52

/ 97 61 01 02


26 ANNONSAR

LAURDAG 23.06.  2012

Laurdag 30. juni kl. 19.00 Sveen, Bygstad:

Konsert og Bryggedans Vegard og Bård Leite Steinar Engelbrektson Band Laurdag 30. juni er for sjuande gong klart for StorehestenOpp, og tradisjon tru arrangerer Bygstad Samfunnshus bryggedans på Sveen same kveld. Nytt av året er at bryggedansen startar allereie 19.00. Då blir det konsert med Vegard og Bård Leite for store og små i alle aldrar. Dei to værlendingane blei begge landskjende etter deltaking i talentprogram på TV2, og har no slått seg saman til ein duo. Når både store og små har fått svinga seg til tonar frå Værlandet, kjem også Steinar Engelbrektson Band til Sveen. Sidan debuten i 2002 har Steinar Engelbrektson Band gitt ut 7 plater, spelt inn 14 videoar og hatt mange gode plasseringar både på Fylkestoppen i Sogn og Fjordane og på Norsktoppen. Steinar Engelbrektson Band har blitt ei ettertrakta band både på country- og dansescener og festivalar, og vil lage god dansestemning ut i dei seine nattetimar. Steinar Engelbrektson Band spelar vekselvis med Vegard og Bård Leite frå klokka 21.00 heilt fram til festslutt klokka 02.00. Det vil vere 18-års aldersgrense i dette tidsrommet. Som i fjor er det installert varme i dansehallen, og med utvida dansegolv ligg alt til rette for ein bryggedans med god stemning og mykje moro uansett vær. Dugnadsgjengen frå Bygstad Samfunnshus stiller som vanleg opp og serverer både mat og drikke for ein kvar smak. Dette blir ein kveld med god stemning både på og utanfor dansegolvet, så ta med vener, naboar og andre kjente for ein flott junikveld på bryggekanten.

«Katedralen» ved Storehesten

Bjugr

Som vi veit vart Storehesten laga for ca 350 millionar år sidan, – i eit basseng som etterkvart vart fylt med stein, grus og sand eller det vi i dag kallar konglomerat.

Har du sett ansiktet til Bjugr mellom Storehesten og Lisjehesten.

Professor Håkon Fossen ved Universitetet i Bergen kan fortelje til Storehesten Opp at desse knivskorne passasjane som bildet viser er danna medan Storehesten-bassenget var «inni jordskorpa» dvs. inntil 10 km frå overflata. Dette starta for ca 250 millionar år sidan og det var spenningar i jordskorpa som utløyste dette unike fenomenet (jfr. bildet) som samtidig skapte «Nordsjøriften» eller det oljerike Nordsjøbassenget som vi i denne samanhengen finn like vestanfor devonfeltet som Storehesten er ein del av. Retninga på denne spenningsbaserte oppsprekkinga er tilnærma N-S og tilsvarande fenomen i devonavsetningar fins heilt vest mot Norsjøbassenget (jfr. alle sunda i Solund) Bildet er teke 500 meter nordafor Bjugr, ca 1 km aust for Svelivatnet. Ta deg ein tur og du vil kanskje få ei kjensle som inne i ein «katedral», – eit mektig inntrykk.

Ta deg ein joggetur eller spasertur frå Kårstadskaret (Storehesten Opp løypa) og nordover mot Lisjehesten (ca 1 km) og du vil garantert treffe på Bjugr som er opphavet til namnet Bygstad. Han speidar ut over bygda den dag i dag, kring 350 millionar år gammal, sandsteinen er erodert bort og konglomeraten er igjen i fjeset den dag i dag.

Vi støttar Storehesten Opp 2012 Fauske Bygg

Gaular Rør Tlf. 951 28 797 Tlf. 57 72 37 90

Avd. Førde Tlf. 57 83 70 50

Maskinentreprenør

Arild Viken

M. M. Øvrebø AS Bygstad Tlf. 950 75 459

Signar Fauske Tlf. 57 71 64 40

Tlf. 991 65 366

Maskinentreprenør FØRDE

Tlf. 900 89 705

Joar Berg

Tlf. 57 71 71 12

Tlf. 917 63 785 FØRDE

FØRDE VULK

Etablert 1949

T. Haugsbø Byggservice

Bygstad Taxi

6977 Bygstad Tlf. 415 05 055

Tlf. 57 71 72 01

SYGNA

Sande Taxi

TRANSPORT AS

Tlf. 400 06 362

Tlf. 917 77 496 rune@transportfag-sfj.no

Jostein Skagen

Br. Haugsbø

Maskinentreprenør Tlf. 416 96 313

Tlf. 975 41 005

6977 Bygstad


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.