Tema jakt

Page 1

FIRDA TORSDAG 25. AUGUST 2011

13

TEMA Jakt

Ein villmann kjem til Florø

Side 18–19


14

FIRDA TORSDAG 25. AUGUST 2011

tema jakt

PÅ POST: Tomas Dubec fekk livet snudd på hovudet etter ei bilulukke. I dag betyr jakta meir enn nokosinne for han. Tomas har sjølv konstruert sole til krykkja – så slepp han sige ned i myra. På biletet under har Tomas komme seg på plass i skytebua. Herifrå fekk han si største hjorteoppleving natta i førevegen.

Tomas den ustoppelege GLOPPEN: Ein manglande fot hindrar ikkje Tomas Dubec frå å dra på hjortejakt i Nordfjord. Jakta har berre vorte viktigare for han etter at han blei handikappa.

PÅ JAKT Jeger: Tomas Dubec (55) Bustad: Fredrikstad Jaktar: Elg, rådyr, hjort Aktuell: Jeger trass i handikap Jaktutleigar: Knut Førde Jaktterreng: Byrkjelo i Gloppen kommune Info: www.hjortejakt.com

EGILL J. DANIELSEN redaksjon@firda.no

– Eg er så glad for å vere her! Det er fantastisk. Tenk at eg skulle få jakte att! Gleda over livet bobler i heile kroppen til Tomas Dubec (56) der han sit i sofaen i det gamle, tømra huset. Kveldens jakt er

under full planlegging. Tomas og venen Glenn Mathisen skal ut for å postere ved bøane på Byrkjelo. – Nei, jo, det er eigentleg utruleg. Eg vart hardt skadd i den trafikkulykka. Men eg har kjempa meg til-

bake. Og tenk at eg no skal få oppleve hjortejakt! Mot alle odds har han greidd det. Og på ein fot og krykkjer karar han seg til post. Tomas lar seg ikkje stoppe så lett. – Det spelar inga rolle om vi får fangst eller ikkje, seier østfoldingen. – Berre det å få lov til å ta turen til Vestlandet, oppleve naturen og spenninga ved å vente på hjorten er nok. Om eg berre får sjå ein hjort, så skal eg vere nøgd!

Bukkebaur Sjå hjort fekk Tomas allereie siste natta. Vel – «sjå og sjå». Det var nett fordi han ikkje såg dei godt nok at elgjegeren framleis ikkje

JAKTVEN: Gode kameratar er alltid kjekt på jakt. No er det sjeldan at Tomas treng hjelp frå Glenn Mathisen. Men som

har felt sin første hjort. Men at det var drama i den akkurat noko for mørke haustnatta, er sikkert. Lat oss skru klokka eit halvt døger tilbake: Natta er kald og klår. Tomas gir forsiktig gass opp traktorvegen. På grunn av handikapet sitt har han fått lov av jaktutleigar Knut Førde å køyre til post. Det vert lettare sånn. Med protese er det vanskeleg å gå dei lange turane. Eit par botnfrose kuruker ligg som steinar i vegen. Jegeren styrer utanom og svingar firehjulstrekkaren inn på ein eigna parkeringsplass i utkanten av bøen. I augneblinken mens

billyktene sveiper over marka ser han det: Dyr på bøen! Glimtet er kort, truleg er det fleire koller og ungdyr, men var der ikkje minst eit par med gevir òg? Med eitt startar hjartet å dunke. Tomas skrur av motoren og kjenner korleis spenninga stig i kroppen. No gjeld det å gjere som jaktutleigaren sa før han drog ut: – Bli sitjande i bilen i minst ein halv time før du går ut! Klokka er tre på natta. Det er mange timar til dagen kjem. Planen er at Tomas skal komme seg bort i skytebua og sitje der til det lysnar. Beste sjansen

er i grålysinga – om då dyra ikkje trekkjer av bøen medan det enno er svarte natta. I bilen er det heilt taust. Tomas høyrer berre sine eigne hjarteslag. Men der! Ein bur frå urtida bryt den stille natta; først som eit holt ul øvst på skalaen før det ender i djup og grov buldring som nærast vibrerer over bøen. Det går kaldt nedetter ryggen og Tomas kjenner at nakkehåra reiser seg.

Gevir i kamp Det er midten av november og bureaktiviteten er eigentleg på hell. Men her brøler bukken ikkje langt frå bilen til Tomas. Han


tema jakt

FIRDA TORSDAG 25. AUGUST 2011

nyoperert måtte venene bere han til post.

lurer på kva han skal gjere. Vil han greie å komme uoppdaga bort i skytebua? Dyra vil garantert forlate bøen om dei ser han stige ut. Men natta er lang, og dyra kjem kanskje utpå att? Tida går og jegeren vet at han må ta sjansen. Tomas opnar døra og grip krykkjene. Han finn balansen og lirkar rifla over skuldra. No får det bere eller breste. Han vel ruta han har sett ut i dagslys. Mest mogeleg i skjul bak ein steingard. Tomas har protese på venstrebeinet no. Det hjelper ein del når han skal ta seg fram. Berre femti meter til i mørkret no … Jegeren lukkar seg inn i

15

Alle foto: Egill J. Danielsen.

skytebua så stilt som han greier. Han har ikkje høyrt meir til bukken. Skremde han hjortane? Det går ein time. Brått flerrar ein ny bur gjennom lufta. Mykje lik lyd som tidlegare i natt. Er det same bukken? Tomas rekk ikkje spekulere før ein annan hjort svarer med eit minst like intenst brøl. Så høyrer han det: Gevir som smell mot einannan i kraftige klakk. Jegeren grip Zeiss-kikkerten som han har fått låne av jaktutleigaren. Utruleg kva 56 millimeters lysopning og godt glas kan bringe fram i svarte natta. Med god hjelp frå kvit, rimdekt mark som framhevar konturane av dyra, får Tomas

no sitt livs oppleving: To flotte bukkar kjempar vilt for å syne krafta si. Stadig vekk dundrar dei saman så det syng i gevirstengene. Somme tider ljomar tunge bur gjennom natta. I utkanten av bøen beiter fleire koller og kalvar rimfrose gras. I kikkerten ser

Eg har vore gjennom meir enn 25 operasjonar på snart åtte år. Men eg er framleis ein gladgut Tomas Dubec

jegeren dyra tydeleg nok til å vurdere skot som forsvarleg. Tomas grip jaktrifla. Skuffa må han konstatere at Karl Kaps-siktet i 1,5-6x42mm ikkje klarer å gi att dyra. Det vil seie; han ser figurane som skuggar på bøen, men det er ikkje råd å vite kva som er fram og bak på hjortane. Natta går og Tomas lever i håpet om at dyra skal halde seg på bøen til grålysninga startar. No og då kik han på dei gjennom handkikkerten. Stadig brøler bukkane og fleire gonger barkar dei i hop. Når morgonen nærmar seg, vert kollene urolege, og langsamt trekkjer dei mot skogkanten. Bukkane følgjer på

og når skytelyset er på plass, er bøen tom. Det blei med synsopplevinga denne natta. Men Tomas er nøgd. Såre nøgd.

Ny sjanse – Det var jo heilt fantastisk. Eg fekk sjå hjort første natta. Og for eit syn! No er det ettermiddag og Tomas skal ut att. Denne gongen er planen å sitje til det vert mørkt, og eg skal vere med som kameramann. Tomas startar bilen og vi køyrer mot den same bøen som han sat ved i natt. Undervegs pratar han nølande om den fatale ulykka som mest kosta han livet i 2003. – Nei, eg likar ikkje

snakke om det. Det er tragisk. Eg vart påkøyrd i sida på E18. Hadde det ikkje vore for at eg var i så god form, ville eg ikkje overlevd, sa dokteren til meg. Tomas er tydeleg bitter. Mykje av livet forsvann etter ulykka. Han hadde god stilling som formann på Jotun-fabrikken i Fredrikstad, men vart ufør. Amputasjonen av venstre beinet har skaffa han mykje problem. – Eg har vore gjennom fleire enn 25 operasjonar på snart åtte år. Men eg er framleis ein gladgut, seier han tappert. For Tomas har ikkje mist


16

FIRDA TORSDAG 25. AUGUST 2011

jaktlysta. Heller ikkje jaktevna. Mang ein gong har han sete nyoperert på stubben under elgjakt i Østfold. Gode kompisar har vore til stor hjelp. – Karane har bore meg på post! Det har vore glimrande, for eg har alltid likt å vere ute i «skauen». Jakta er den reine medisinen for meg, og noko særs viktig å sjå fram til slik livet har vorte no, seier mannen som har jakta elg og rådyr i 34 år.

Ulldottar i skumringa Vi parkerer bilen for å gå den siste biten til skytebua. Tomas har ikkje med protesen denne gongen, og eg står klar for å gi han ei hjelpande hand når han stig ut. Men Tomas veltar seg fram på sterke armar, grip krykkjene og rifla og humpar målbevisst av stad. Du blir kraftig i overkroppen av å ha berre éin fot. Vel på plass bak skyteskåret legg Tomas innpå ein pris General og set seg til rette. Han peikar og syner meg kvar bukkane kjempa siste natta. – Vert spennande å sjå om dei kjem utpå før mørkret i kveld! Tida går, og skumringa

tema jakt kjem. Vi lyttar etter bukkebrøl og speidar intenst mot skogkanten. Etter eit par timar får stubbane og steinane i bøkanten utydeleg, loden kontur, og vi veit kva som vil hende: Innan kort tid vil dei starte å bevege seg. Reint synsbedrag i mørkret. Med andre ord er det på tide å gje seg. – Då vart det ikkje noko i kveld. Men det gjer godt for sjela berre å vere ute, seier Tomas.

Epilog Tomas skaut ikkje hjort den veka han leigde jakt på Byrkjelo. Men kameraten, Glenn Mathisen, som også er frå Fredrikstad, felte ei flott kolle etter spennande smygjakt i bøkanten. Om ikkje jaktutbyttet var så stort, så fekk både Tomas og Glenn sjå hjort i hopetal. Med kraftig «hjortelykt» køyrde nemleg utleigar Knut Førde dei rundt for å syne kva som samlar seg på bøane i Breim om natta. – Eg sa på førehand at om eg fekk sjå ein hjort, ville eg vere nøgd. I løpet av veka såg vi sikkert hundre. Kan det verte betre? spør Tomas. – Jau då, sjølvsagt hadde det vore moro å felle eit dyr. Det gjer eg neste år. For hit kjem vi garantert tilbake!

Tilbake på «Høgs HJORTEFALL: Målet er ikkje alltid å felle dyr, men Tomas gler seg over at kameraten har fått første hjorten sin.

Jakt – også for rørslehemma – Ikkje gje opp jakta sjølv om du vert handikappa! Oppfordringa frå Tomas Dubec er soleklar. Sjølv har han opplevd det særleg meiningsfullt å jakte etter at han vart utsett for ei bilulukke og måtte amputere venstre foten. – Jakta er høgdepunktet i livet. Det er viktig å ha noko å gle seg til på tunge vinterdagar. Og, ja, det er mogeleg, sjølv om ein vert rørslehemma. Ifølgje Tomas hjelper det bra å ha kameratar som kan tre til med støtte. Sjølv er han blitt boren til post – heilt nyoperert. Sjølvsagt er det ofte naudsynt å bruke motordriven transport inne i jaktområdet for ein rørslehemma. Som til dømes bil med høg

bakkeklaring eller ein firehjuling. – Eg er veldig takksam for at utleigarar som Knut Førde på Byrkjelo legg til rette for oss med handikap. Slik livet har vorte, kan eg ikkje jakte alle plassar lenger. Det må vere mogeleg å køyre til ein plass i nærleiken av posten. Ifølgje Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF) er dei einaste formelle krava til storviltjakt at ein har bestått jegerprøva og den årlege skyteprøva. Greier ein skyteprøva, er ein skikka til jakt, uansett handikap. Anten jegeren manglar ein fot eller for den saks skuld eit auge. Mange handikap tilseier mogelegheit for vidare jakt – for den som vil.

BALESTRAND: Det skulle vere ein heilt vanleg kveld på bøjakt. Men skotet som fall i skumringa på Thue 13. november 2006, fekk uante konsekvensar for hjortejegeren Geir Hansen. SVEND ARNE VEE redaksjon@firda.no

13. NOVEMBER 2006. Det er tidleg på kvelden, ein mørk novemberaftan på Thue. Fullt så mørk ser bøen ikkje ut for hjortejegeren som ligg langflat på svanemadrass i det komfortabelt innreidde skytetårnet, eit steinkast frå der grasmarka møter nordsida av Sognefjorden ved Balestrand. Gjennom glasklår skyteoptikk og med godt nattsyn ser jegeren det han treng sjå, og han har full kontroll på dei fem dyra som beitar berre 20 meter ut på marka skrått nedunder fylkesvegen. Ein halvtime blir til ein time og bikkar over i halvannan. Endeleg stig den unge hjortekolla fri frå graskameratane sine, og Geir Hansen slepper røynd skotet mot bogen, slik han har gjort så mange gonger før. Dyret går rett ned i smellen, og registrerer ikkje at dei fire artsfrendane kastar seg av bøen og inn i den tette furuskogen med lange byks. SÅ LANGT HEILT NORMALT, og absolutt alt har skjedd etter boka.

Men herifrå og ut startar eit mareritt for jegeren, eit mareritt som ikkje ser sin ende før to og eit halvt år seinare. Då har Geir Hansen opplevd husrazzia av politiet, inndraging av våpen og hjorteskrott, blitt ilagt bot på 12.000 kroner, fått stempel som jeger utan etiske skruplar, stått skulerett i to rettsinstansar, og mykje, mykje meir. Tilbake på bøen. Geir klatrar ned frå skytetårnet, går bort til hjorten og stikk den to gonger i hals/brystregionen for å blø ut dyret. Planen er å gå heim og skifte sko og klede og hente naudsynt slakte- og transporteringsutstyr. Men så skjer det: – Dyret reiser seg att, og vaklar ustøtt nokre meter ned mot skogkanten. Der står kolla og svaiar, men eg ser at det er snakk om sekund før det heile er over. Eg vel å la dyret leggje seg i ro og fred og held meg til planen om å stikke heimom, fortel jegeren. Då han kjem tilbake, har scena endra seg brutalt. Den fredelege bøen er innteken av politi

Eg har sakte men sikkert fått tilbake jaktgleda. Men heilt som før blir det nok aldri. Geir Hanse

og viltnemnd og skarpe lyskastarar skjer gjennom mørkret. Jegeren blir forhøyrt, mistenkt for uforsvarleg jakt. Våpen blir kverrsett, slaktet likeins. Geir Hansen forstår raskt at han ikkje har fullført ei jakt – men heller starta på sin mest krevjande jakttur noko sinne. Og det skjer trass i at hjorten ligg daud mindre enn 20 meter frå der jegeren sist observerte dyret. – Eg veit mange hadde akseptert bota og gitt etter for trykket. Men eg visste at eg ikkje hadde gjort noko gale. Eg hadde ikkje brote noko lov. Eg hadde ikkje skote uforsvarleg. Skotet var dødeleg og forholda fullt forsvarlege, slår han fast. MEN VEGEN FRAM til å få det fastslått, blir lang. I Fjordane tingrett blir Geir dømd for å ha jakta uforsvarleg, det vil seie: Retten meiner han handla uforsvarleg fordi eit ettersøk kunne blitt vanskeleg dersom han hadde skadeskote. Bøtlegging på 12.000 kroner, jaktnekt og våpeninndraging, seier dommen. Men Geir ankar, sikker i trua på at tingretten må ha vurdert saka feil. Og nattjakta i Balestrand er plutseleg ikkje lenger hjortejegeren Geir Hansen mot påtalemakta. På bana kjem Norges Jeger og Fiskerforbund, rettshavarar, grunneigarar og andre hjortejegerar. Saka blir prinsipiell. Og det er lett å forstå kvifor:


tema jakt

FIRDA TORSDAG 25. AUGUST 2011

17

Bøker for jegeren! Ord pris 398,-

NO

99,-

Jakt og fiske på Vestlandet Rikt illustrert. Ei bok både til inspirasjon og praktisk bruk.

399,Alt om viltkjøtt - Behandling fra fall til fryseboks. Nyttig bok for alle jegerar og viltkjøtentusiastar.

129,-

20 gode matsopper Handboka for deg som vil plukke sopp og treng hjelp til å finne dei sikre matsoppane.

Vi har utvalet i turkart frå heile Norge!

sterettsmyra» – Eg skjønte raskt at om dommen mot meg blei ståande, ville skumringsjakt på hjort i praksis bli umogleg. Når meir enn kvar tredje hjort blir skoten på bøane, korleis skal ein då forvalte hjortebestanden og halde den på forsvarleg nivå om denne jaktforma blir ulovleg? Du kan jo sjå opp i dei attgrodde liene her. Trur du det er mogleg å jakte hjort oppi der, spør Geir, og peikar opp i grantetta over riksvegen, der irrgrøn fiberåker strekkjer seg heilt mot snaufjellet. Jamvel jämthunden Heidi ristar på hovudet, der ho følgjer i matfar sine spor over den berømte bøen. JAKTBØEN TIL GEIR har på dette tidspunktet fått nytt namn på folkemunne; «Høgsterettsmyra». Geir har sett solide advokatmusklar på saka og slått fast at han om naudsynt tek saka til Høgsterett for å bli frifunnen for uforsvarleg hjortejakt. Ei tid etter er det klart for lagmannsretten, og til jegeren si store glede blir tingrettsdomen sett til side. Men full frifinning blir ei kortvarig glede, då aktoratet bestemmer seg for å ta saka vidare til Høgsterett. Først 12. juni 2009 kan Hansen pusta letta ut. Høg-

sterett avviser saka, og frifinninga frå lagmannsretten vert ståande. Geir er frikjend – og det er også ein samla norsk hjortejegerstand, som kan halde fram med å jakte hjort i skumringa. Men domsutfallet i saka har inspirert Direktoratet for Naturforvaltning (DN). Til liks med politi og påtalemakt ønskjer dei også tydelegare reglar for når på døgnet ein kan jakte hjort, og under kva tilhøve. Skjønet som jegeren i dag må utøve, blir for tilfeldig, meiner DN. Eit utval blir sett ned, og i to år arbeider det såkalla nattjaktutvalet. Etter ei arbeidsøkt nesten like lang som den Geir Hansen hadde i retten, kom konklusjonane i vår: Nattjaktutvalet kunne ikkje semjast, og leverte ei delt innstilling til DN. Eit mindretal (DN sine eigne representantar) ønskte å styre nattjakta med start- og stopptidspunkt for jakta, ut frå klokka. Og måneskinsjakt skulle berre vere lovleg i visst mange dagar før og etter fullmåne. Tull, meinte fleirtalet i utvalet, som klart slo fast at dagens ordning var fullt forsvarleg og ikkje bør endrast. Og slik blir det truleg. I forslaget for nye jaktforskrifter som DN sende ut på forsommaren, blir det ikkje

MED BLANDA KJENSLER: I skytetårnet på denne enga har Geir Hansen hatt sine finaste jaktopplevingar – men også dei verste. Det er med blanda kjensler han no snart går laus på ein ny jaktsesong, etter at han har fått rundane i rettsapparatet noko på avstand. Foto:Svend Arne Vee

TIL JAKTA OPPDAL TUR- OG JAKTDRESS • Vasstett 10 000 mm Pustande Vindtett Str. S–XXL Ord. pris 2999,-

TILBOD

1499,torsdag fredag og laurdag

JAKTSKO

Bever Grip+ Bever Pro Grip+ M77

fremja forslag til endringar i regelverket, og bøjakta kan halde fram som no. TUNGA PÅ VEKTSKÅLA var neppe Høgsterett si avgjerd i Balestrandsaka. Men kanskje heller det faktum at jaktstatistikken talar sitt tydelege språk: Det er desidert minst skadeskyting av hjortevilt under nettopp bøjakt i skumringa. Til hausten er Geir Hansen tilbake att på madrassen si i skytetårnet på «Høgsterettsmyra», solid væpna med tilbakelevert jaktrifle og godt samvit. Men ein ting er ikkje heilt på plass. – Eg finn framleis glede i å jakte. Den kjensla har sakte, men sikkert komme tilbake etter høgsterettsavgjerda. Men det er ikkje heilt det same som før. Og det blir det kanskje aldri.

LED LENSER T7 LYKT

lita og lett, ekstremt kraftig lys

599,VI HAR

Super-thermo og Arctic – det beste å ha inni jaktdressen!

IMPREGNERING TIL BÅDE SKO OG KLE

MASSE GODE SOKKAR PÅ LAGER

OPNINGSTIDER: Mån–fre kl. 8–20 laurdag kl. 10–16

Førde Torg 3. et. – tlf. 57 82 04 71


18

FIRDA TORSDAG 25. AUGUST 2011

tema jakt

Jegerprøva ■ Motivator eller

hemsko for rekrutteringa? JAKT: Med dagens regelverk er det i praksis uråd å få ein smakebit av jegerlivet utan å gjennomgå omfattande kurs og ta eksamen. – Tvilsamt med omsyn til jegerrekrutteringa på lang sikt, meiner leiar av Norsk Hjortesenter, Johan Trygve Solheim. SVEND ARNE VEE redaksjon@firda.no

Under kontrollerte forhold og med god oppfølging, bør det vere mogleg å

FØREBUDD: Kristoffer Clausen samarbeidde både med legar og med overlevingsekspertar i Forsvaret då han planla eit heilt års uteliv frå august 2009 til august 2010. 30. august deler han opplevingane sine med publikum i Florø, dagen før seminaret Hjort 2011 startar. Foto: Kristoffer Clausen

prøve seg som jeger utan å ha teke jegerprøva, meiner Johan Trygve Solheim – vel vitande om at han kastar ein brannfakkel inn i debatten om korleis

framtidas jegerar skal rekrutterast og kvalitetssikrast. – Ein treng ikkje reise lenger enn over Nordsjøen og til Skottland for å finne heilt andre modellar. Der kan du jakte hjort om du på øvingsfeltet i praksis kan vise at du er ein dugande skyttar. Med guida jakt, slik skottane gjer det, meiner eg dette er fullt forsvarleg, seier leiaren ved Norsk Hjortesenter. Han driv sjølv jaktutlei-

ge og guida jakt på Svanøy, ein halvtimes båttur sør av Florø. Kvart einaste år besøkjer fleire tusen turistar øya, som kan by på mellom anna ærverdige Svanøy Hovedgård og Norsk Hjortesenter. – På hjortesenteret møter eg mange naturinteresserte, både frå inn- og utland. Blant desse finst det mange som er nysgjerrige på dette med jakt, men som av ulike årsaker ikkje har tatt steget og gitt seg i

kast med teoristudium, nettopplæring og eksamen. Eg meiner det burde byggjast eit meir fleksibelt system, der denne gruppa kunne få ein smakebit av det å jakte og vere jeger, seier Solheim.

Kritisk – Men er det ikkje rett, ut frå jakt-etiske prinsipp, at den som skal jakte og skyte dyr, faktisk har god grunnleggjande kunnskap? – Jau, men jaktetikken

er knytt til skotsituasjonen. Om ein skyt eller ikkje. Om ein har sikker bakgrunn for skotet eller ikkje. Om ein skyt rett dyr eller ikkje. Og om ein leverer eit godt skot eller ikkje. Alle desse momenta vil vere teke hand om gjennom skyteopplæring og guida jakt under kontrollerte former, meiner hjortesenter-leiaren. Solheim meiner ein heller kan stille spørsmål om det er nødvendig å kunne

Levde villmannslivet i eitt år på det han s Han budde eit heilt år ute i skogen, utan anna mat enn han sanka sjølv. Filmen om hjortejakta og villmannslivet på Frønningen er allereie ein klassikar, og 30. august, dagen før seminaret Hjort 2011, kjem landets framste jaktfilmprodusent til Florø og held føredrag om opplevingane sine.

Dei fleste med ei viss interesse for jakt og friluftsliv kjenner namnet Kristoffer Clausen. Trass i sin unge alder har 34-åringen ein imponerande produksjon av jaktfilmar bak seg – og av ein svært høg kvalitet. Likevel var det først i 2009 at Clausen for alvor blei rikskjendis utover jegerkretsar. Han hadde lenge ønskt å teste ut sine eigne grenser, og bestemte seg for å leve eit heilt år utandørs og prøve å livber-

ge seg på det naturen kunne gje av mat, ikkje ulikt eitt av sine store førebilete, fangstmannen og eventyraren Helge Ingstad. Valet av stad fall på idylliske Frønningen på sørsida av Sognefjorden, og i august var Clausen på plass med kamerautstyr, kano, fiskestong, hagle, rifle og den faste turkameraten sin, gordonsetteren Frøya. Det spesielle med prosjektet var likevel at folk kunne følgje prosjektet

«En vill mann» via ein nettblogg som Clausen oppdaterte frå ein berbar pc i lyset frå kveldsbåla sine. Bloggen fekk mykje merksemd og hamna raskt inn på lista over dei ti mest lesne bloggane i landet i fjor. Å skaffe mat til seg sjølv og hunden kvar einaste dag er utfordring stor nok, skreiv Clausen i bloggen sin. At han i tillegg til å blogge hadde energi til å lage film og skrive grunn-


tema jakt EIN MOTIVERANDE START: Fredrik Solheim var usikker pü om jakt var noko for han, trass i at han for lengst var ein habil skyttar. I fjor haust drog han til Skottland og jakta hjort, under kunnig rettleiing av skotske profesjonelle guidar. Suksessen var eit faktum og no har han teke den norske jegerprøva. Foto: Johan. T. Solheim

sjĂĽ forskjell pĂĽ 15 andesortar og 20 hunderasar for ĂĽ kunne jakte og skyte ein hjort. Han legg ikkje skjul pĂĽ at han er kritisk ogsĂĽ til delar av innhaldet i dagens jegerprøvepensum. – Det er ikkje lenge sidan sist revisjon og omlegging av Jegerprøva. At pensum framleis knapt inneheld eit ord om korleis jegeren skal handtere felt vilt og ta vare pĂĽ kjøtressursen, er nesten ein skandale, meiner han. Den fritalande jegeren,

hjorteoppdrettaren og kurshaldaren hevdar han ikkje kjem med utspelet for ĂĽ provosere, men for ĂĽ setje søkjelys pĂĽ det han trur kan bli eit alvorleg problem i framtida – nemleg rekrutteringa.

Fleksible modellar – Vi opplever urbanisering i ei takt vi aldri har sett før. Hausting av naturressursar blir meir og meir framand for stadig fleire unge. Rekrutteringa til jakt er sĂĽ

som sĂĽ. BĂĽde innan hjortejakta, men ikkje minst i reinsfjellet, der graden av forgubbinga er pĂĽfallande. Difor etterspør eg nytenking og meir smidige modellar som kan lokke jegeren ut av fleire gjennom ĂĽ la dei prøvesmake litt pĂĽ denne fantastiske hobbyen, i staden for ĂĽ møte dei med ein mengde formalkrav, seier Solheim. Han viser til sin eigen son som eit godt eksempel. Jegerprøvekurs, meir lesing og prøvar var ikkje det som freista mest for ein skuleungdom pĂĽ 17 ĂĽr. Men dĂĽ senior i fjor freista med bukkejakt i Skottland, takka junior til slutt ja. – Skyte kunne han, minst like godt som meg. Det tok det eit kvarter for dei skotske guidane ĂĽ fastslĂĽ dagen før vi drog pĂĽ jakt. Fredrik kom heim med to flotte hjortegevir i bagasjen, stolt som ein hane, fortel Solheim. I vinter tok sonen jegerprøva, motivert av dei store opplevingane i Skottland, og er dermed klar for norsk hjortejakt til hausten. – Han eksemplifiserer heile poenget mitt. Eg er overtydd om at Fredrik aldri hadde tatt prøva og blitt jeger utan jaktinga i Skottland. Og dĂĽ ville vi hatt ein jeger mindre, seier Solheim.

Skal vi oppretthalde rekrutteringa til jakt, mü vi tenkje nytt og late unge fü prøvesmake litt pü denne fantastiske hobbyen Johan Trygve Solheim

FIRDA TORSDAG 25. AUGUST 2011

Perfekt syn til jakta? Drøymer du du om om eit eitliv liv utan linser og briller? Nytt tilbod for Drøymer Vi opererer langsynte, nÌrsynte, skeive hornhinner, alderslangsynte! utan linser og briller? alderslangsynte, grü stÌr og deg med dürleg mørkesyn.

No kan dei med aldersVi opererer langsynte, nĂŚrsynte, Smertefri, rask behandling for skeive eit nytt liv! langsynthet kvitte seg med hornhinner, alderslangsynte, grĂĽ stĂŚr lesebriller/progressive og deg meddelbetaling dĂĽrleg mørkesyn. Smerte• Rentefri briller. • Uforpliktande forundersøkelse! fri, rask behandling for eit nytt liv! • Ein av Europas dyktigaste synskirurgar. Vi har den nye, t Rentefri delbetaling fokuserande ÂŤZeiss AcriLisaÂť, tVil Uforpliktande du viteforundersøkelse! meir? behandlinga som gjev godt tTaEinkonktakt av Europas synskirurgar fordyktigaste informasjon og referansar! syn pĂĽ avstand og nĂŚrt. Vi utfører ogsĂĽ privat grĂĽ stĂŚr-kirurgi. Kort ventetid. Vil du vite meir? Vi utfører ogsĂĽ privat grĂĽ

Ta kontakt for informasjon og referansar!

stĂŚr-kirurgi. Kort ventetid.

Tilknytta kirurgar: dr. Thilesen, dr. Plesner, dr. Meberg.

Sogn og Fjordane Synskirurgi SørstrandsvEGEN s Sandane Tlf www.synskirurgen.no

Jakta nÌrmar seg Vestnorsk TrofÊ-Montasje er totalleverandør innan utstopping av fuglar, dyr, fisk. Vi tek gjerne oppdraget med ü stoppe ut trofÊet ditt.

kaffa seg i naturen lag for ei bok medan han budde ute, har nok imponert mange jakt- og friluftsinteresserte. Men krevjande var det nok. For dei rundt 15 kiloane med ekstra reservar som Clausen hadde lagt seg opp i form av feitt pü kroppen før han starta, rasa av i eit utruleg tempo dü han sette kroppen pü steinalderkost og üt lite anna enn bÌr, kjøt og fisk. Men like fort som vekta rasa, sü stogga vekttapet.

Kroppen fann balansen sin, rundt 20 kilo lettare enn dĂĽ han drog, og denne vekta heldt han gjennom resten av villmannsprosjektet. For tida er Kristoffer Clausen ute og festar nye opplevingar til film, denne gongen i Afrika. Clausen har hatt fleire ĂĽr av oppveksten sin pĂĽ det afrikanske kontinentet. Kristoffer Clausen sin filmkveld 30. august blir ei oppvarming til seminaret

Hjort 2011, som startar dagen etter i Florø samfunnshus. Arrangementet er eit samarbeid med Flora Jeger og Fiskerforening, og etter føredraget i samfunnshuset blir det skipa til Hjortepub pĂĽ Hjørnevikhagen, der ein kan smake bĂĽde hjorteøl frĂĽ Kinn Bryggerier og smĂĽrettar laga av hjort – eller berre stikke innom for ein prat med andre jaktinteresserte.

19

Vi kan òg tilby: Kunstig fjell til deg som gür med hytteplanar og ønskjer den heilt spesielle peisen. Kontakt oss pü telefon 481 88 706 eller vidar@vest-trofe.no og be gjerne om brosjyren utstopping av fisk og kunstig fjell. Sjü vür nettbutikk pü www.vest-trofe.no Vidar Djupvik, utstopparen i Jølster.


20

FIRDA TORSDAG 25. AUGUST 2011

tema jakt

ULIKE FELLETYPAR: Det finst ei rekkje gode mårfeller på marknaden. Dei kan monterast rett på treleggen eller i ein trekasse. Her har ei felle av typen Conibear gjort jobben effektivt. Monterer ein feller på bakken, pliktar du å lage ein tilkomst til fella som hindrar større dyr som katt, rev og hund i å gå i fella.

FLOTT FANGST: Ein mår i full vinterpels er eit flott jaktbytte. Skinnet kan garvast og brukast til pynt, til lue eller berre ha på veggen. Eller dei kan stoppast ut. Even (9) er i sin andre sesong og har fått smak på fangstmannslivet.

Mårfangst – ein god start på jegerkarrieren MÅRJAKT: Å sitje timesvis på ein hjortepost eller traske heile dagen etter fåtalige ryper, er kanskje ikkje den beste strategien om ein ønskjer å trigge jaktinteressa hos dei yngste. Då kan fellefangst vere eit alternativ. SVEND ARNE VEE redaksjon@firda.no

– Jaaa! Der heng det ein, ropar Even (9), og brøyter seg fram i halvmeterhøg snø dei siste stega mot den grå bjørkeleggen. På stammen, halvannan meter over bakken, heng ein langhåra hale ut av ein trekasse, eit synleg bevis på at nok ein mår har late seg freiste av honning, sirup og hjortekjøt inne bak den dødbringande stålfella i opninga av kassen. Fella blir i fellesskap

måren beskattast betydeleg meir enn i dag, i alle fall om ein har ambisjonar om å ha gode bestandar av hønsefugl i skogar og lier, som storfugl, orrfugl, rype og jerpe. Desse artane står høgt på mårens matsetel, og uttak av mår kan lokalt gi ein merkbar gevinst i form av meir jaktbart matvilt.

hekta ned frå treet og dagens fangst kan studerast. Ein stor, flott hannmår på over 1,8 kg – slett ikkje kvardagskost. Nedslitne hjørnetenner vitnar om eit eldre dyr som truleg har mykje skogsfugl, ekorn og andre småviltartar på samvitet.

Mjuk introduksjon – Kom, vi må gå, det er ei felle igjen på runden, seier niåringen ivrig. Fella blir agna og gildra på nytt, det finst mykje mårspor i området, og har du først lurt ein av dei, er sjansane store for å få fleire i same felle. Fellefangst er spennande for store og små, og ein flott måte å introdusere jakt og fangst på for dei yngste. Dessutan treng ein ikkje gå musestille i skogen, ein ubetinga fordel når ein har ein yr og pratesjuk niåring som jaktkompis. Fråveret av farlege skytevåpen kan også vere greitt på slike turar, og alt du treng investere i som fangstmann er lovlege slagfeller som avlivar dyra

Mår-doublé

LEIT ETTER SPOR: Finn du spora til måren, så følg dei. Lær kvar dyret ferdast og set gjerne fleire feller i same område.

momentant, samt litt søtsaker til åte.

Godt viltstellstiltak Tidleg på 1900-talet var mårskinna svært ettertrakta og godt betalt, noko som nær utrydda måren. Men hattemotane endra seg og freding blei innført rundt 1930, og nokre tiår seinare

var bestanden igjen stor. Mårbestanden fekk også ein solid vekst på 1980talet, då reveskabb desimerte raudrevbestanden kraftig, noko som auka fødetilgangen for måren. I dag finst det mår over heile det skogkledde Norge, og jakt og fangst på arten er igjen tillate. Truleg kan

I snøen framfor oss finn vi på nytt heilt nattferske mårspor. – Sjå der! Her har han hoppa – og rett opp i treet, ropar den unge fangstmannen, som leitar rundt for å finne nedspranget og nye spor inne i skogbrynet, medan vi ruslar vidare mot neste felle. Spora er ikkje å sjå. Men der – ti meter lenger framme står igjen dei karakteristiske dobbeltspora i djupsnøen. No har dei retning ned i ei lita kløft. Akkurat der junior har siste fella. To minutt seinare lyder eit nytt jubelbrøl gjennom skogen, og sesongens første (og siste) mår-doublé er eit faktum.


tema jakt

FIRDA TORSDAG 25. AUGUST 2011

21

MÅR OG MÅRFANGST ■ Måren (Martes Martes) er eitt av sju mårdyr i norsk fauna. Den er vanlegvis nattaktiv og sjeldan å sjå for turgåarar. Måren jaktar både på bakken og i trea, og på menyen står alle slags fuglar, egg, ekorn og smågnagarar. Måren kan også oppsøkje fallvilt eller reveåte vinterstid. ■ Måren kan bli opp mot to kg og måle 90 cm frå snute til halespiss. Den er forholdsvis lett å fange i feller, og kombinert med at den føder få ungar til mårdyr å vere, er arten sårbar for høgt jakttrykk. Ein bør derfor variere områda ein fangstar i, og ikkje utrydde bestanden ein har lokalt. ■ Det finst fleire godt eigna feller til mårfangst. Nokre døme er Conibear 120/160, Aasebøfella, Syningfella og Kaniafella. Feller får ein kjøpt i velassorterte jakt/sportsbutikkar. ■ Måren er altetande og kan fangast med ulike typar agn. Både fisk og kjøt er eigna, men måren verkar å vere ekstra svak for søtsaker. Legg difor gjerne inn litt honning, sirup, fiken eller druer saman med agnet. ■ Gode fangsttider er mildvêrsperiodar etter kulde, eller klårversdagar etter fleire dagar med snøfall. ■ Ta deg tid til å studere terrenget før du set feller. Prøv å finne ut kvar måren har sine faste trekk- og jaktruter og sett fellene der. Ofte er dette i dalsøkk, under berghamrar, langs bekkefar eller inne i tette granholt. Har du mår i nærleiken av fella som ikkje har gått i, prøv å flytte fella nokre titals meter. Det kan ofte vere nok. ■ Fangsttida er 1. november til 15. mars, med unnatak av romjulsfredinga. For å fange mår åleine er aldersgrensa 16 år, og du må ha avlagt jegerprøve. For å ta jegerprøva må du vere 14 år, og du kan drive fangst som 14-åring dersom du har samtykke frå føresette og er saman med ein person eldre enn 20 år, som har løyst jegeravgift dei tre siste åra (opplæringsjakt). ■ Du må også ha løyve frå grunneigar og løyse jegeravgift om du har fylt 16 år, som under ordinær jakt. Du er også pliktig å merkje fellene dine med namn/telefonnummer. Fellene må plasserast slik at ikkje andre dyr som kattar, rev eller hundar kan skade seg i fellene. Fellene må ettersjåast minimum ein gong i veka, helst oftare dersom det er mildvêr. ■ Feller som fangar mår levande, er ikkje lovlege i Norge.

TENK VINDRETNING: Måren jaktar med nasen. Tenk over kva som er mest vanleg vindretning der du fangstar, og plasser fellene slik at agnet vitrar rett veg. Søtsaker som honning kan vere svært effektivt lokkemiddel. Alle foto: Svend Arne Vee


22

FIRDA TORSDAG 25. AUGUST 2011

tema jakt

På skulebenken for betre kjøtkvalitet FØRDE: Så langt i 2011 har fleire hundre hjortejegerar på Vestlandet benka seg i foredragssalar for å lære meir om hygiene, dyresjukdommar, virus og parasittar hos hjortevilt. Snart kan dei kalle seg feltkontrollørar – og kanskje kjem hjortekjøtet deira til ein butikk nær deg. SVEND ARNE VEE redaksjon@firda.no

Kor lenge kan ein felt hjort liggje før du må starte slakting? Må dyret stikkast eller ikkje? Kva gir best kjøtkvalitet, mørning med skinnet på eller av? Kor farleg er Listeriose? Kan hjortedyr få leverikte? Og kva i himmelens namn er Ante Mortem og Post Mortem?

Røynde jegerar Ut frå plansjar, faguttrykk

rantar, og ein kan jamvel selje slakta direkte til forbrukarar – utan at ein treng innom Mattilsynet for godkjenning av skrottane.

Hjort ut til folket

NYSKAPING: Ordninga med feltkontrollør blei køyrt som pilotprosjekt i Midt-Norge i fjor. Allereie etter første sesong melder viltmottaka i trøndelagsfylka at kvaliteten på kjøtet dei får inn, er merkbart høgare. No blir det også uteksaminert feltkontrollørar i Sogn og Fjordane, her frå det første kurset i Førde i mai, der Jim Sletten tek imot kursbevis frå Johan Trygve Solheim ved Norsk Hjortesenter. Foto: Stein Joar Hegland

og dei myndige føredragshaldarane, kan ein fort tru ein har forvilla seg inn på ei førelesing på eit naturvitskapleg universitet. Men universitetet er Amfisalen på Sunnfjord hotel. «Studentane» er noko gråare i manken enn normalt, og føredragshaldarane kjem frå Mattilsynet og Norsk Hjortesenter. I salen sit 107 karar og damer i alle aldrar,

men med ein ting felles: Dei er alle røynde hjortejegerar som ønskjer å bli flinkare til å handtere og godkjenne hjorteviltslakt for vidaresal. Gevinsten ved å høgne eigenkompetansen er lett å sjå: Ved å kurse seg som feltkontrollør, kan jegeren sjølv godkjenne jaktlagets kjøt for vidaresal til lokale butikkar, hotell og restau-

Sportsman 800 6x6

Jaktkampanje

EU traktor på hvite skilt for kjøring på vei. • Kraftigere motor • Høyere bakkeklaring • Større lastekapasitet • 6-hjuls kardangdrift og uavhengig fjæring

Mattilsynet er samarbeidspartnar for kursa, og har gjeve si tilslutning til det faglege innhaldet i feltkontrollørutdanninga. Dei deltek også som føredragshaldarar. No står det att å sjå om den nye ordninga faktisk fører til det som er ei viktig målsetjing for ordninga: Å få tilgjengeleggjort meir hjortekjøt ut til vanlege forbrukarar – anten dei handlar direkte hos jegeren, i lokalbutikken eller ønskjer at den lokale restauranten skal kunne ha kortreist, økologisk og sunt viltkjøt på menyen – hausta frå området sine eigne skogar og lier.

Fallitterklæring – Ikkje eit vondt ord om hjortekjøtet frå New Zealand, det held god kvalitet. Men å måtte ete hjortekjøt frå andre sida av kloden når ein bestiller hjort på til

dømes Sunnfjord Hotell i Førde, det er nesten ei fallitterklæring. Og særleg når hjortebestanden på Vestlandet er så stor at vi somme stader slit med å handtere den, seier Solheim.

Kurs om hausten I løpet av hausten vil det bli beramma fleire feltkontrollørkurs i Vestlandsfyl-

ka. For dei som ønskjer å sikre seg godkjenningsrett for viltkjøtet sitt, kan ein følgje med på www.hjortesenteret.no. – Eg vil tru det er greitt å arrangere kurs på hausten, sjølv om det er i jakttida. Hjortejakta er no så lang at dei fleste vil kunne avsjå ein dag til å kurse seg, trur Solheim.

Vi feirar snart vårt 20-års jubileum! Følg med i Firda neste veke for annonse med knallgode jubileumstilbod som gjeld fredag 2. og laurdag 3. september

2. et. Erdal Sport Elvegården – tlf. 57 72 29 40 www.vapenloftet.no Tlf. 8720 200000 jon@lars-kveen.no salg@lars-kveen.no Tlf. 57 57 87

www.polarisindustries.com

Firda Media as

Polaris katalog 2011 får du hos oss – Velkommen!


tema jakt

FIRDA TORSDAG 25. AUGUST 2011

23

STORE VERDIAR: Berre førstehandsverdien av hjortekjøtet som kjem til gards kvart år i vårt fylke, ligg på godt over 40 millionar kroner. Å sørgje for at fleire får sjansen til å sikre seg hjortekjøt er eitt av fleire mål med den nye feltkontrollørordninga. Foto: Johan T. Solheim

FELTKONTROLLØR ■ Med verknad frå 1. mars 2010 blei den nye matlova med tilhøyrande forskrifter for norsk matomsetning innført, også omtalt som Hygienepakken. Skogbrukets Kursinstitutt (SKI) og Norges Skogeigarforbund (NSF) utarbeidde ein bransjestandard for feltkontroll av hjorteviltkjøt basert på dei nye krava. Den utarbeidde standarden har fått Mattilsynet si tilslutning. I Vestlandsfylka er det Norsk Hjortesenter som held kursa, i samarbeid med Mattilsynet. ■ Ein kursa og godkjend feltkontrollør får retten til å kvalitetsgodkjenne og attestere jaktlaget sitt viltkjøt, slik at dette kan seljast og omsetjast til lokale detaljistar.

To sjansar til før jaktstart Pågangen for å bli feltkontrollør er stor. Hjortejegerane i Sogn og Fjordane har to sjansar til før jakta startar den 10. september. – Interessa for å bli feltkontrollør har så langt vore svært god. Vi har

hatt kurs både i Førde, i Alversund, i Kvinnherad, og på Nordfjordeid er kursdatoen 6. september. To dagar seinare, den 8. september er det Høyanger sin tur. Til saman vil vi ha kursa og uteksaminert godt over 300

feltkontrollørar på Vestlandet før jakta tek til, seier dagleg leiar av Norsk Hjortesenter, Johan Trygve Solheim. Fleire kommunar har også opna det kommunale viltfondet, for å delfinansiere kurs for jegerar

og grunneigarar i sine kommunar. – Dette er ei investering i å få sunn, kortreist mat ut i nærmiljøet vårt. Eg tykkjer ikkje om at vi må sitje på eit hotell i Hardanger å ete hjort frå New Zealand, attpåtil i

landets største hjortekommune Kvinnherad. Men då må vi også vere villige til å investere litt, sa Kvinnherad-ordførar Synnøve Solbakken då ho gjesta feltkontrollørkurset i Rosendal 9. august.

■ For å ta kurset må ein jeger ha minst fem års jakterfaring og ha delteke i slakting av minst 20 hjortevilt. ■ På kurset får ein kunnskap om lovverk, administrative reglar, hygiene, kva som påverkar kjøtkvalitet, miljøforureining og mykje meir. Kurset går over ein dag.


24

FIRDA TORSDAG 25. AUGUST 2011

tema jakt

Rømmebraisert hjortesteik

KONSENTRERT SMAK: Denne måten å tilberede vilt gir garantert mørt kjøt. Sjølv om det er ei seig bogsteik frå gamalbukken.

Heilnorsk jegermat. Dette treng du: hjorte-steik, seterrømme, kulturmjølk, smør, salt og pepar, mandelpotet, asparges, sopp, tytebær eller ripsgele. EGILL J. DANIELSEN tekst og foto

«Det enkle er ofte det beste». Dette slagordet frå daglegvarehandelen held kanskje på å verte utslite. Men det gjeld likevel til fulle for denne retten. For den er enkel! Retten består av berre to hovudingrediensar; rømme og kjøt. Og den er rett og slett best – i alle fall når viltsteik skal lagast slik at den verkeleg smakar av norsk natur og kultur. Retten stammar frå farmor mi, som var ein finsleg bergensar. Då skulle det nyttast «dyrestek» – eller reinsdyrsteik. Du kan fint bruke det hjorteviltet som er mest tilgjengeleg for deg. Eg nytter oftast hjort. Det viktigaste er at steika er omsorgsfullt modna, og godt rein-

skore for skjemmande hinner. Og hugs: sjølvskote er best! Bogsteik (om ho ikkje er skoten i filler) er godt eigna til denne retten. Den er noko seigare enn steikene frå låret. Men det gjer ingenting her, fordi tilverkingstida er lang. Ved lang nok koketid blir sjølv det seigaste kjøt mørt. Og her skal det smelte på tunga di.

se tinga kan du heller ha til. Då vert smakskontrastane større og festen i ganen endå meir lystig. Smaken vert faktisk endå betre om jerngryta med innhaldet blir sett kjølig natta over – dette kan altså gjerne lagast klart dagen før selskapet.

Krev syrleg drikke

Gjer slik: Gni kjøtet inn med nykverna pepar. Vent med saltet. Brun steika på alle kantar i smør i ei passe stor jerngryte. NB: Ikkje bruk olivenolje til bruninga. Særleg den kaldpressa typen gir ein smak som kjennest framand i rettar som inneheld mykje meieriprodukt, som denne. Og då kjem vi til det spesielle og geniale med denne retten: Rømme. Mykje rømme. Det må være ekte seterrømme, då lettutgåva skil seg og ikkje gir den same gode sausen. Bruk rundt 3 dl. pr. kilo kjøt. Eller sånn at om lag 1/3 av steika er dekt i ei jerngryte som greitt rommar kjøtet.

REIN NATUR: Seterrømme + vilt = supermat.

Tilsett 1 dl. kulturmjølk pr. 3 dl. rømme. Lat det heile putre under lok på svak varme – sånn at det berre såvidt kokar – i minst tre timar. Snu steika ein gong i timen.

Best dagen etter Rømmen, surmjølka og kjøtkrafta lagar saman ein saus som kan bringe jegrar og vener i ekstase. Det viktige er at det heile varmebehandlast så lenge at rømmen endrar farge til brun. Normalt trengs som sagt i

overkant av tre timar. Men her kan du gjerne eksperimentere litt. Om kjøtet held på å falle frå kvarandre mot slutten – ta det ut av og lat sausen koke vidare åleine – dess lenger dess betre. Mot slutten av koketida smakar du sausen til med salt. Eg tilrår at du ikkje leikar for mykje med krydder her. Det syrlege frå rømmen som no er vorten brun, gir meir enn nok særpreg. Tilsett heller ikkje ripsgele, raudvin eller noko anna i denne spesielle sausen. Des-

Til denne maten passer det bra med norske fjellmandelpoteter og ferske aspargestoppar som du koker i eitt minutt i godt salta vatn. Steikt sopp er også ypperleg til. Sausen er ordentleg feit og kraftig. Farmora mi serverte heimelaga ripssaft til. Om du likar raudvin bør den ha bra med syre og tanninar for å hamle opp med feittet frå rømmen. Ein Barolo eller Barbaresco frå det nordvestlege Italia er ein lukkeleg kombinasjon. Ein vellagra vin frå Rioja-distriktet i Spania duger også flott. Invitér venene dine til bords og et grådig til det nesten gjer ilt. Sørg for at ha rikeleg med sofaplass etterpå.


tema jakt

Truleg hjortejakt frå 1. september Direktoratet for Naturforvaltning (DN) sitt endelege framlegg til nye jakttider er no sendt ut på høyring. Om DN sitt framlegg blir ståande, kjem hjortejegerane til å få ein lang jaktsesong frå 2012 og fem år framover. Signal frå DN tidlegare i vår bar bod om tidlegare hjortejakt, men at tidlegjakta berre skulle gjelde ungbukk. No har DN falle ned på ei noko anna løysing, og gjer framlegg om generell jaktstart for alle typar dyr frå 1. september. I tillegg ønskjer

DN at den generelle jakttida går fram til 23. desember, slik det har vore praktisert i mange hjortekommunar i fleire år allereie. DN grunngjev tidlegare jaktstart med den store veksten i hjortebestanden, og at hjortemerkeprosjekt har vist at hausttrekka ofte startar så tidleg som rundt 10. september. Det har i praksis betydd at mange terreng har vore i ferd med å tømmast for dyr før jakta kjem i gang. Signala om å opne for fri avskyting av kalv er

FIRDA TORSDAG 25. AUGUST 2011

25

Kystvilt-mottak i Fjaler også med i DN sitt endelege framlegg. For store vald vil det bli høve til å søkje dei respektive fylkeskommunane om rett til fri avskyting av hjortekalv. Kommunar er blant dei som skal høyrast om dei nye jakttidsforslaga, og dei har frist fram til 15. september i år. Fylkeskommunane skal oppsummere kommunane sine svar og sende desse, samt eigne vurderingar til DN innan 15. oktober. Denne datoen gjeld også som frist for andre høyringsinstansar, t.d. organisasjonar.

Vi tilbyr: • Veterinærkontroll • Modning av kjøt • Utmaging og flåing • Grovpartering • Avskyting • Formidling av jakt • Kjøp og sal av heile dyr og kjøt • Oppstykking og vakuumpakking av kjøt

Foto: Johan Trygve Solheim/Norsk Hjortesenter

HANEN

UPÅLITELEG KAR: Lemen er ein nøkkelart når det gjeld rypebestand. I gode lemenår har rovviltet lett tilgjengeleg mat, noko som gir meir jaktbar hønsefugl i fjellet. Men talet på lemen i fjellet varierer ekstremt og er lite føreseieleg. Foto: Vidar Ruud, ANB

Blomstra opp – og forsvann RYPEJAKT: Ein svært så lemenrik vår i fjellet bar bod om ein god haust for rypejegerane. Men like fort som dei gulsvarte kledde fjellet – så forsvann dei. SVEND ARNE VEE redaksjon@firda.no

Det som såg ut til å bli eit kronår for lirype og fjellrype, er no langt meir usikkert. For første gong på mange år låg det an til eit solid lemenår. Frå påsketider og utover blei det meldt om store bestandar av lemen i høgfjellet i heile Sør-Norge, og somme plassar her i fylket var bestandane så store at den vesle gnaga-

ren vandra nedover i liene og heilt inn i tettbygde strøk. Men noko har skjedd i løpet av sommaren. Høgst truleg har ein kombinasjon av matmangel og sjukdomsutbrot ført til at lemenbestanden har brote saman mange stader. Det er dårleg nytt for rypejegerane. Store lemenoppblomstringar betyr at rovvilt som røyskatt, rev, fjellvåk, dvergfalk og jordugle hekkar og ynglar, fordi lemen er lett tilgjengeleg føde. Men når bestanden havarerer i forkant av at rypeegga klekkjer, kan det fort ende med katastrofe for fjellets hønsefuglar. Då er det nemleg dei som må ta lemenets plass på menysetelen til rovdyra. Biletet er likevel ikkje heilsvart. I enkelte område har lemenbestanden

stabilisert seg, og viste i juli ein svak tendens til å auke opp att. I andre område er det derimot like lementomt som det har vore dei siste åra. I august månad vil det fleire stader i fylket bli gjennomført rypetakseringar både med og utan fuglehundar, for å kartleggje bestanden. Først når dette er gjennomført, vil ein ha eit sikrare bilete av situasjonen. Lemen eller ikkje; det er eit faktum at det har blitt langt glisnare mellom rypene i fjellet det siste tiåret, med eit desidert botnår i sesongen 2009–2010. Då blei det felt berre 160.000 ryper, ein nedgang på heile 27 prosent frå året før, og det er langt opp til det siste gode året i 20012002, då det blei felt over 480.000 li- og fjellryper til saman.

Kurs i feltkontroll av hjorteviltkjøt

Bjarte M. Midtbø • tlf. 57 73 77 96 mob. 977 18 528 • www.kystvilt.no

Hugs Hjorte også semi Hjort 2 naret 011 i Florø

Som feltkontrollør kan du godkjenne jaktlagets hjortekjøt for direkte sal til sluttbrukar, lokal detaljist og hotell/restaurant. I samarbeid med Mattilsynet held Norsk Hjortesenter to kurs før jaktstart 10. september: Tysdag 6. september, Nordfjordeid (Nordfjord Hotell) Torsdag 8. september, Høyanger (Øren Hotell) Meir informasjon om kurset og påmelding finn du på www.hjortesenteret.no eller du kan ringe 908 47 465. Hugs også Hjorteseminaret Hjort 2011 i Florø 31. august – 1. september! Ta kontakt for påmelding.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.